-
Innlegg
44 612 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Eg meinte lik pris uavhenging av kva bil du har, men forskjellar mellom stasjonane er greit nok. Konkurranse er forhåpentlegvis bra for prisane.
-
Eg har hatt Enyaq med Suite eit år snart og aldri opplevd noko ubehag. Eg var litt skeptisk sjølv då eg bestilte sidan eg har opplevd å bli klam i skinnseter før, men det har aldri vore eit tema. Setene er perforert, så det har kanskje ein god effekt. Seter som har stått i sola har heller ikkje vore noko problem. Det blir sjølvsagt varme av sola, men det går fort over og klimaanlegget kjøler raskt ned heile kupéen. På vinteren blir den raskt varm om den ikkje er forvarma. Alt i alt er eg nøgd med Suite og kunne valgt det igjen. Eg trur det er snakk om at Enyaq skal få ventilerte seter, men veit ikkje når. Kanskje det blir med 24-modellen. Meiner eg har sett det nevnt på ein L&K-modell.
-
Det beste er om alle stasjonar er tilgjengeleg for alle til lik pris.
-
Med unntak av bilar som har LFP-batteri.
-
Eg forstår ikkje kvifor ikkje alt av mobiltelefonar og andre smarte ting med batteri (Airpods) ikkje har eit val for å stoppe ladinga på ein sjølvvalgt prosent, td. 80%. Ein knapp for å aktivere det så kan du enkelt trykke på den om du vil ha 100%. Ev. med eit tilsvarande system som på enkelte elbilar at det automatisk går tilbake til 80% om du har aktivert 100% ei gang. Det er noko EU kunne pusha på, for det er ikkje mykje bra for kloden at det er så kort levetid på saker og ting. Ein telefon som blir treigare blir gjerne det fordi batteriet blir dårlegare og produsenten kjører ned ytinga på telefonen for at brukaren ikkje skal merke så stor forskjell på batterilevetida. Konsekvensen er at telefonen blir treigare og du blir endå meir interessert i å skifte den ut. Det går kanskje mot insentivene til produsentane som vil selge mest mogleg, og ein telefon som varer nokre år lengre kan føre til mindre salg. Om eg ladar telefonen til 100% (iPhone) så er det fordi eg gløymer å dra ut ladaren. Den blir stort sett brukt mellom 30-80%.
-
Er det så stort problem med at batteriet er 100% nokre timar før ein tur av og til eller blir det overdramatisert?
-
Når ting skal lagast veldig billig så er kanskje ikkje utfordringar med salt i Norge det som står høgast på lista til designerene i California. For veldig mange i verda er ikkje litt sand og skit her og der noko stort problem, men dei som bur nær kyst eller der veier blir salta får du eit nytt element som kan føre til store skader. Kvalitet er det som har haldt meg vekke frå Tesla fram til no. Eg er framleis ikkje så begeistra og hadde nok gjerne valgt Toyota eller nokon andre om dei hadde hatt litt meir attraktive elbilar, men det går vel framover med Tesla òg. Om ikkje så går det forhåpentlegvis framover med Toyota og dei andre på områdene der Tesla er best. Det er negativt for både forbrukar og samfunn/klima at ting ikkje er godt nok bygd og blir skrota ved mindre skader. No når bilane har store batteripakkar med sjeldne materialer i blir ikkje saken betre.
-
Harman må gjerne ta turen innom ein bunker eller fem på veien inn i dag.
- 1 061 svar
-
Spurte ein i chatten på nett som sa det ikkje gjekk. Kan kanskje i teorien få den 10-15k billegare om eg tar ein ferdigbygd bil no, men då må det koma ein med riktig konfigurasjon, og risikerer då lengre leveringstid. Lite SR i butikken for tida, men det er greit nok. Å bestille ny for 5000 er ikkje aktuelt. Du får vel ikkje igjen dei 2500 du betalte heller?
-
Kan du få lagt til referral i etterkant av ei bestilling, før bilen er henta ut? Visste ikkje om det før etterpå.
-
Me har ikkje Viaplay eller kanalen, men har foreldre med Altibox der eg kan velge V Sport-pakke med golfkanalen, så ser eg på eller frå telefonen.
- 1 061 svar
-
Er det vanleg med kontrollar i 100-110-soner? Korleis vinkar dei seg inn i så fall? Kjem det bil etter deg eller står dei nær enden av så høg sone og tar deg inn i lågare hastigheiter? Du skal vere glad for at det av og til står “troll” og utfører kontroll. Det kan redde ditt eller nokon i familien din sitt liv ein dag.
- 29 svar
-
- 4
-
-
-
BMW og dei andre dyrare merkene leverer nok betre på den delen der enn gjennomsnittet.
-
Forstår ikkje heilt spørsmålet. Du får vel ikkje FSD i det heile tatt her i landet? Uansett måtte du kjøpt pakken for det i alle fall.
-
Ein detalj eg gjerne skulle sett at det vart gjort noko med. Dette er eit problem eg ofte møter på med mobiltelefonen. Når forumet lastar inn så er det eit tomt felt under menylinja der reklamen skal dukke opp. Om du då scroller ned for å trykke på ei lenke til ein tråd, så kan alt innhaldet forskyvd nedover i den augneblinken reklamen blir lasta inn i det tomme feltet, fordi innhaldet tar større plass vertikalt enn feltet i utgangspunktet tar opp. Eg ser at ulike reklamar tar ulik plass vertikalt, men er det ikkje mogleg å løyse dette på eit vis? Kanskje feltet må vere stort nok til å dekke dei reklamane som tar mest plass vertikalt? Sidan reklamane har ulike dimensjonar så veit du aldri når dette skjer eller ei.
-
Trådløs bredbåndsløsning som erstatning for fiber
Zeph svarte på OddZen sitt emne i Internett og nettverk
Ah, det er sjølvsagt riktig. Det blir fort like dyrt som fiber der òg. Skal du spare noko på internett over 4/5G så må du ha så lite forbruk at du kan ha eit abonnement med nokre titals GB data. -
Trådløs bredbåndsløsning som erstatning for fiber
Zeph svarte på OddZen sitt emne i Internett og nettverk
Pris blir fort eit tema med mobilt breidband òg om du skal ha litt datamengde. Er behovet lite så finnes det abonnement frå 299,- og oppover. 50 GB startar på 399,-. Du skal ikkje strøyme mange timane i litt kvalitet før 50 GB er oppbrukt, og skal du ha meir data så nærmar du deg prisen for fiber. Me har kun internett (fiber) og rullerer på strøymetenester for å sleppe betale for alt kvar månad. Når me har sett på HBO ein periode så deaktiverer med det abonnementet og etablerer på Netflix td. Ein fordel med strøymeopplegget til bla. Altibox er at du kan flytte poeng mellom fleire ulike, men om du betalar 5-600 ekstra for TV-pakken så kan du ha nokre samtidige strøymeabonnement til den prisen. Lineær-TV har me ikkje behov for lengre, så det var lett å velge vekk TV-pakken. Her kan me få Nextgentel og Altibox. Altibox leverer nok eit betre produkt, men me kan bruka NGT som pressmiddel for å få lågare pris frå Altibox. Tek har ein oversikt her: https://www.tek.no/mobilt-bredbaand?data=40000&network=-1&features= -
https://www.tesla.com/no_NO/inventory/new/m3?arrangeby=mlh&zip=3154&range=0 50-60k avslag på M3. Dei to MY som ligg ute har 20k avslag.
-
Rentehevingane i Norge har ikkje begynt? Kva meiner du med det?
-
Eg er i einig med The Avatar. Skal du først drikke små mengder brus så er sukkerinnhaldet utan betydning. Det er typisk 10-15% sukker i brus, og ein halvliter betyr ingenting. Det er like store mengde sukker i juice. Ikkje at eg trur mengda aspartam i ein halvliter er eit problem heller, men det har kortare historikk. Det blir for øvrig putta aspartam i veldig mykje i dag, så for mange er nok ikkje brus den største kjelda.
- 87 svar
-
- 1
-
-
Aspartam er i same kategori som ein mobiltelefon, 2B Mogleg kreftframkallande. Raudt kjøt er i kategori 2A, sannsynleg kreftframkallande.
- 87 svar
-
- 2
-
-
BMW, Audi, VW, Mercedes og mange fleire produserer bilar i Kina òg forresten. No har Tesla fått i gang produksjon i Europa, så dei kan produsere for Europa i Europa, mens dei produsert i Kina kan gå til den asiatiske marknaden.