Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 242
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Tenker minst mulig sentrisk i huset, gjerne mot yttervegg. Eit anna alternativ er å montere safen nært andre ting som er lett å finne igjen etter ein omfattande brann, som til dømes skorsteinen, ei murt trapp, eller som du seier eit av hjørna. Dette vil gjere det mykje lettare å definere kva område som det er aktuelt å leite i. Med tanke på varmepåvirking så bør den også plasserast i fyrste etasje lavt nede, men ikkje i kjellaren. I støpt kjellar er det større fare for at safen blir begravd av anna nedfall. Det er også ein fare for at safen blir drukna i sløkkevatn som etterkvart vil fylle kjellaren, og vatn er nok største trusselen for ein brannsikker safe.
  2. Spørs kva du meiner med "de". Brannvesenet slukker brannen, deretter tar politiet over for å etterforske, då etterforsker politiet i det området der det ser ut til at brannen har starta og er ikkje nødvendigvis i det området der safen er. Når branntomta er frigjort av politiet så kan huseigar gå inn i tomta, men det er ikkje alltid det er trygt og forsvarleg. Det er ikkje uvanleg at branntomta blir rydda maskinelt med gravemaskin. Om safen er lett å finne kan være litt både og. Jo større den er jo lettare er den å finne, det er tross alt ein av få firkanta ting som ligg igjen i branntomta, men safen kan være godt skjult under nedfall. Det sagt så er det jo slik at dersom safen inneheld viktige eller verdifulle gjenstandar så er det meir aktuelt å bruke tid og pengar på å rydde branntomta sakte og sikkert for å leite etter safen.
  3. 1000 grader er meir enn det som er vanleg i ein vanleg husbrann, sjølv om temperaturen kan kome opp mot 1000 grader så er 600 til 800 grader meir realistisk. Innan ein time så er brannvesenet framme og vil ytterlegare redusere temperaturen via sløkking. Sjølv om safen er testa i ovn på 1000 grader i 1 time så vill den nok holde lenger enn dette i dei fleste tilfeller. Plassering av safen har også stor betydning for temperaturar (og på kor lett den er å finne igjen etter ein brann). Står safen inne i eit skap med massivt treverk tett inntil på alle sidet så gir det ekstra isolasjon.
  4. Eit slikt trekk veg mykje mindre enn 9 kg så der har du god margin. Ja dette kan du ta på garantien men sidan det er ei såpass ny maskin så ville eg ha reklamert. Om det luktar brent så bør du ikkje feilsøke sjølv, du bør slå av maskina og trekke ut støpselet. Lukta kan vere alt frå varmgang i komponentar til at reima har hoppa av.
  5. Fotografar har nok litt lettare for å sette seg i posisjonar der det kan være grunnlag for å hevde at fotograferinga er ulovleg på grunn av krenking av privatlivet fred eller hensynslaus oppførsel, samt uberettiga opphold på privat område. I eit slikt tilfelle kan hindring av fotografen være lovleg etter sjølvtektsteglane som gjer det lovleg å gjenoppette ei ulovleg handling (om det også er urimeleg å vente på politiet og maktbruken er forsvarleg). Det betyr at dersom ein fotograf går inn i huset ditt og fotograferere dine private forhold så kan det være lovleg å skyve fotografen ut. Men berre dersom forografen utøver ei ulovleg handling. At fotografen fotograferer til dømes huset ditt frå offentleg veg vil være lovleg sjølv om at enkelte kan kjenne på at det er ubehageleg å få huset sitt fotografert.
  6. Ikkje i seg sjølv, men enkelte yrkesgrupper har eit særskilt vern som gjer det ulovleg å til dømes hindre offentleg tenesteperson. For andre yrkesgrupper kjem det ann på måten det blir gjort på, for det er ulovelg med truande og plagsom oppførsel. Og sjølv om det ikkje er eit lovbrot så vil det fort være veldig aktuelt ned erstatningssøksmål for konsekvensane av at ein person ikkje har fått gjere jobben sin.
  7. Når du tek slike bilder så savner eg ein målestokk. Helst på ein modell slik at ein ser kor langt ned smykket går når du har det på, men som minimum eit eller anna i bakgrunnen som gir meg ein målestokk. Ein slik målestokk treng ikkje å være linjal eller fyrstikkeske, det kan også være ei hand, blomster eller anna som gjer at ein får eit inntrykk av størrelsen.
  8. Ser at appen støtter Carplay, så det er nok meininga bruke bilens innebygde skjerm og ikkje telefonskjermen.
  9. Jobbmuligheitene vil variere, ettersom det er relativt få som jobbar i ambulansetenesten så kan det gå litt tid mellom kvar gong nokon har slutta slik at det er ei ledig stilling, særleg om det er ein spesiell plass du ønsker å jobbe. Som paramedisiner så skal du normalt stille sterkt i søknadsprosessen. Mesteparten av jobbane ligg i ambulansetenesta, men også legevakt og AMK sentral er høgaktuelle arbeidsplassar. I tillegg er det nok også mulig å få seg jobb offshore og andre stadar der det er nehov for helsepersonell. I tillegg så er det jo ein nyttig kompetanse i mange andre jobbar også alt frå selgar av medisinsk utstyr til undervisning. Det er nok lettast å få jobb ute i distrikta ettersom det der er vanskelegast å skaffe rett kompetanse, det å jobbe i distrikta er ikkje nødvendigvis sett på som det mest attraktive arbeidsplassen for mange ettersom det også er færre oppdrag på små plassar. Utrykningskurset er eit tovekers kurs, enkelte stadar komprimert til ca ei veke med lange dagar. Det er nokre dagar med teori og deretter mykje køyring der det er fleire i bilen slik at ein veksler mellom å køyre sjølv og sitte i baksetet og observere. Mykje av læringa ligg i å sjå kva andre gjer utan å også være opptatt med sjølve køyringa.
  10. I bynære områder så er det ikkje eit veldig stort problem med overfiske, så det bør være rikeleg med mat til måsane utan at dei treng å trekke heilt inn i sentrum for å forsyne seg av søppelet. Eg har ingen tru på at måsen blir utrydda om den ikkje får slå seg ned i bymiljø. Vi skal sjølvsagt ikkje jage måsen vekk frå kvart einaste skjær, men det er heller ikkje bra for måsebestanden om vi avlar opp urbane måsar som ikkje lenger klarer å fiske etter den maten som er naturleg tilgjengeleg for måsar.
  11. Synes det må være heilt innafor å fjerne dyreartar som er uønska i områder som vi har lagt krav på. Det er ikkje som at restaurantane og butikkane har gir fri tilgang til rotter og mus sjølv om dette også er artar som trives der det bur folk. Det er på ingen måte naturleg at måker skal leve av softis og pommes-frites, så det handlar også om å hindre måser i å finne nye og unaturlige stadar å bu.
  12. Her synes eg faktisk at journalistane gjer heilt rett. Det et nettopp når det er snakk om kjendisar som eg ikkje aner kven er at det er nyttig at det blir presisert at det dreier seg om ein person som er kjent for andre og ikkje berre ein random person frå gata. Når journalistane skriv "verdenskjent kjendis" så er vel poenget at det dreier seg om ein person som veldig mange veit kven er, til tross for at vedkommande ikkje er spesielt kjent i Norge. Finnes mange slike superstorekjendisar som vi i Norge i liten grad kjenner til, alt frå cricket-spelarar til Bollywood skodespelarar kan fort være kjendisar for 1 milliard mennesker utan at vi i Norge veit kven det er.
  13. Er vel ikkje uventa. JHA har lite å tape på å anke. Samtidig ser eg heller ikkje kva han har å tene. Sjølv om han skulle bli trudd så blir han vel dømt for medvirkning til drap (for det trur eg ikkje lå inne i den opprinnelege dommen). Uansett så skal det mykje til for at han får mindre enn 2 års fengsel.
  14. Sikkert mange grunnar, men den viktigaste er at det er vanskeleg å finne personar som vil gjere butikkmedarbeidar til yrke, dermed blir rekrutteringsgrunnlaget for studentar som berre vil ha ein deltidsjobb, som igjen betyr at dei fleste er ganske unge. I tillegg så er det vel også eit moment av steriotypi der ein tenker at unge og spreke passar betre til å selge sportsutstyr.
  15. Om du kjøpte heile huset med tomt for 40 000 kr som i tillegg var oppgitt som mulig saneringsobjekt så trur eg ikkje du kjem så langt med at bustaden ikkje står i forhold til kjøpers berettiga forventning. Du stiller nok også litt svakt opp mot at du ikkje har fått nødvendige opplysningar frå selgar. Litt av risikoen med å kjøpe dødsbo er at den personen som har budd i huset og som kjenner huset best ikkje er der for å gi opplysningar.
  16. Er det eit alternativ for deg å kjøpe ei slik boks og sjølv porsjonere opp i små ziplockposer som f.eks. https://hobbyhimmelen.no/products/ziplock-poser-160stk-5x5cm-1 når du drar ut på tur? Da har du også muligheita til å ha i litt ekstra rein kakao for å spe ut sukkerinnholdet.
  17. Har ingen konkrete råd og rekner med at du var prøvd dei typane som er på vanlege butikkar? Instant kakao er berre kakaopulver, melkepulver og sukker, kan det være eit alternativ å blande sjølv? Då kan du basere deg på mørk kakao, lite sukker, og passeleg med melkepulver. Melkepulver er ikkje vanleg hyllevare men du får kjøpt i fornuftig størrelse på nett, er berre å google melkepulver.
  18. Er det så overraskande? Så vidt eg har fått med meg så er det ingenting som tilseier at dette ikkje kunne blitt utført av berre ein person. Da er det ingen grunn til å skulle spelulerie i om det kan ha vært to eller femten gjerningspersonar der ingen av dei andre har lagt igjen fysiske bevis. Det andre momentet er at det også handlar om å kunne få avslutta saka på ein fornuftig måte. Ein dom mot JHA som også hadde sagt at det ikkje kan utelukkast ein andre gjerningsmann som ikkje er VK, hadde vært ei katastofe for dei etterlatte som då ville måtte leve i uvisse om at det går ein ukjent barnemorder rundt i lokalsamfunnet som aldri har blitt straffa.
  19. Den praktiske utfordringa er at dei fleste voldtekter skjer utan særleg med anna vold som etterlater merker, særleg sovevoldtekter og voldtekter i etablerte forhold er derfor vanskelege å bevise. Eg trur nok at det er liten vilje til å vesentleg auke straffene utan å også auke beviskravet, noko som vil føre til færre dommar og at fleire voldteltsmenn går fri ettersom det ikkje kan bevisast utover ein kvar rimeleg tvil at vedkommande er skuldig og ka æn dømmast til lange fengselsstraffer.
  20. Det enklaste er å formidle ditt syn til politilarane for å sjå om dei tar saka vidare. Det finnes nok interesseorganisasjonar som har ditt syn, om ikkje så får du bidra til å danne ein slik organisasjon. Sjølv om du skriv at du ikkje klarer dette så handlar det ikkje om å drifte ein organisasjon, men meir om å samle fleire med same meining slik at når du skriv til politikarane så er det ikkje berre din signatur som står der. Eit brev som kjem frå mange har langt meir tyngde bak seg. Eit tips på vegen er at det kan lønne seg å fokusere på strafferammer samla sett, det er nok langt meir krevjande å endre berre eit område ettersom det er meininga at strafferammene for ulike lovbrot skal ha ei viss form for samanheng. Typisk då at det er mildare straff for vanleg vold enn det er for seksuell vold, som igjen blir straffa mildare enn drap. Vi kan ikkje ha eit straffesystem der det "lønner seg" å begå meir alvorlege lovbrot for å få mildare straff.
  21. Kanskje litt off-topic men er ikkje strafferabatten litt liten om målet er å få flest mogleg tilståingssaker eller få alle fakta på bordet? Etter forarbeida er det lagt opp til at ein kan få opptil 30% strafferabatt, men i praksis ser det ut til å være mykje mindre. I denne saka fekk JHA 10% i rabatt. Med utgangspunkt i at VK aldri hadde blitt dømt utan at JHA samarbeida med politiet så synes eg at 10% høyres ut som "dårleg betalt" sett opp mot forutsetningane i den opprinnelege dommen. VK vart vurdert som så farleg at samfunnet måtte vernast og det var JHA som muliggjorde at ein kunne dømme VK til forvaring. Ikkje at eg nødvendigvis meinar at JHA burde fått meir i strafferabatt, han vart tross alt dømt for drap og barnevoldtekt. Eg stiller likevel spørsmål ved om rabatten er stor nok til å oppnå formålet? I dette tilfellet var tydelegvis strafferabatten nok til at JHA ville legge skulda på det som skulle være ein venn, men sett opp mot kor avgjerande JHA sin forklaring var, så er eg usikker på om det er slik at også andre kriminelle vil uoppfordra legge alle korta på bordet i håp om å oppnå ein veldig liten strafferabatt? Fordelen med at JHA no er dømt til 2 nye år er at den straffa vil nok opplevast langt tyngre når han nok ein gong må sette sitt private liv på pause for å sone dommen. Det hadde nok ikkje vært like belastande å sone litt lengre som ei periode. Denne nye dommen vil få ein del tilleggskonsekvensar for både samliv og jobb. Det er nok ikkje mange arbeidsgivarar som innvilger 2 års med permisjon for å sone drapsdom.
  22. Kva paragrafar er det du har fått bot for å bryte? Det vil framgå av bota kva heimelsgrunnlag som har blitt brukt. Er du sikker på at bota ikkje berre var for offentleg urinering? Det er forskjell på om du har blitt straffa for misbruk av identitetsbevis etter straffelova eller om at det at du ikkje oppga rett namn med ein gong vart brukt som grunnlag for å utføre visitasjon etter politiloven. Identitetsbrudd er det ingenting som heiter. Det er paragrafen og strafferamma som er av betydning for vandelsvurderinga. Sidan du berre oppga feil namn fyrst for deretter å oppgi ditt ekte namn så er det også mulig at du har fåtr bot for å hindre offentleg tenestemann (særleg om du var full og kranglete). Uansett så har du fått svar, det er arbeidsgivar som vurderer om vandelen din er tilfredsstillande eller ikkje. Den vurderinga blir gjort utifrå vanlege kriterier men det er også eit stort moment av subjektiv vurdering som ligg til grunn, herunder om du prøver å skjule eller bortforklare straffereaksjonen, eller om du er open om det og viser til kva du har lært av episoden.
  23. Ser ut som at stillingstittelen blir oppfatta veldig ulikt, fellestrekka er likevel at ein trafikkleiar jobbar med logistikk, enkelte stadar som ei rein kontorstilling og andre stadar kombinert med andre arbeidsoppgåver. Stillingstittelen seier nok veldig lite om arbeidsoppgåver, lønn og arbeidsforhold. Her er det nok store forskjellar frå arbeidsplass til arbeidsplass, utfrå stillingsutlysningar alt frå bussjåfør med tilleggsoppgåver til å jobbe på ein sentral med regionale oppgåver.
  24. Mitt klare inntrykk er at det er motsatt. Sjølv om det ikkje er 100% akseptert av absolutt alle med ekstreme aldersforskjellar i forhold, så har det vel berre blitt betre og betre takhøgde? At DiCaprio blir erta på nett er meir ein meme enn noko anna. Han blir erta fordi det framstår som at han har ei øvre alsergrense for kjærastar, men det skiller seg ikkje så mykje frå memen om at Brad Pitt alltid kopierte utsjåanden til sine kjærestar. Så dette er meir kjendissladder enn uttrykk for folks faktiske meiningar.
  25. Det følgjer av kommuneloven. Kommunestyret med ordfører i spissen er rettsleg representant for kommunen. Det betyr at det fort er ordføraren som må stille i retten om kommunen blir anmeldt for lovbrot.
×
×
  • Opprett ny...