
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Poenget mitt er at sjølv om eg forstår at eit karakterkrav er ein enkel og objektiv måte å sile ut kandidatane på, så har karaktersettinga sin store svakheit av at karakteren gjenspeiler kunnskapsnivået for all matematikk på vidaregåandenivå, og den matematikken som trengs for medikamentrekninga er som påpeikt ganske elementær matematikk på ungdomsskulenivå. Mitt forslag til å endre opptakskravet slik at fleire får moglegheita til å ta utdanninga utan at kvaliteten blir redusert er å innføre eksamenen i medikamentrekning som opptakskrav i staden for. Rekninga er ikkje meir komplisert enn at ein med grunnleggande matematisk forståing bør kunne avlegge ein slik eksamen før studieoppstart. Den dele av matematikkfaget som faktisk er viktig utgjer ein veldig liten del av heile mattepensumet. Edit: om nokon vil prøve seg på kva medikamentrekninga går ut på så har Helse Vest laga eit spel for å øve seg på medikamentrekning som du kan prøve her: https://rettdose.no -
Det er heller ingenting i videoen som underbygger ein påstand om det vart forsøkt å ta kontroll på situasjonen ved å foreta ein arrestasjon. Ein ser jo heilt tydeleg at politimannen dytter Simensen frå seg i sekunda før han blir lagt i bakken, det kroppsspråket og handlinga tyder på at dersom det vart sagt noko så var det i retning av "gå vekk" eller liknande. Om ein er redd for at ein person skal bli voldeleg så startar ein ikkje med knuffing, det er slik ein gjer når ein vil få den andre til å slå fyrst for å starte ein slosskamp. Ja og nei. Det som eg spesielt reagerer på i denne videoen er at dersom eg sjølv hadde vært i Simensens posisjon så klarer eg ikkje å sjå at eg hadde hatt tid eller situasjonsforståing nok til å la meg kontrollere utan å bli utsatt for vold. I dei aller aller fleste tilfeller så bruker politiet maktpyramiden slik at det er fyrst når ein ikkje lyder ordre at ein risikerer å få smake pisken. Eg klarer ikkje å sjå at det hadde vært mogleg for nokon som helst å på den korte tida både forstå situasjonen og samarbeide med politiet på ein slik måte at ein ikkje kasta i bakken og slått. Eg vil at mine uheldige møter med politiet skal være av typen: "hei, stopp", "har du ID", "takk", "du er ikkje den vi ser etter, beklager bryderiet", og ikkje av typen: "plutseleg bli kasta i bakken", "prøve å reise seg for å finne ut kva som skjer", "motta mange slag fordi eg ikkje spelte daud og lot meg utsettast for vold", og deretter få ei beklaging i det eg haltar derifrå med blåauge.
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Skjønner poenget ditt, men karakteren ein fekk i mattefaget generelt sett treng ikkje å ha betydning for medisinrekninga. Ein viss samanheng er det nok, men så lenge sjukepleiaren har stålkontroll på måleeiningar og prosengrekming så det er det ikkje så nøye for meg om sjulepleiaren blandar saman katet og hypotenus då geometri ikkje er spesielt viktig for ein sjukepleiar. Tilsvarande med karakter i norskfaget, vi treng sjukepleiarar som behersker norsk munnleg og skriftleg, det hjelp lite å være god i diktanalyse og litteraturhistorie sjølv om det kanskje var akkurat dette som gjorde at totalkarakteren i norskfaget bikket opp på ein svak 3'er.- 42 svar
-
- 1
-
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Det er både kipt for studenten og samfunnet som betalar for utdanninga om ein slepp til studentar som ikkje klarer å fullføre. Det sagt så er eg einig i at 3'er i norsk og matte ikkje er ein god måte å skille søkarane på, studentar med dårlegare karakterar kan også bli gode sjukepleiarar, samtidig som at eit 3'er krav ikkje er nokon garanti for å ikkje stryke i medisinrekninga. Men per dags dato er karakterane beste målekriteriet som vi har. I ein ideell verden så burde opptakskravet vært meir flytande slik at kravet er at ein skal kunne bestå studiet og være i stand til å utføre yrket, men det vil være umogleg for høgskulane å kunne gjere slike vurderingar. -
Problemet her er at at politimannen hadde alternativet å få hjelp til å få kontroll på Simensen på ein kontrollert måte. I staden valgte han å hoppe på Simensen bryte han i bakken og etter eige utsagn: Målet var med andre ord å slå til Simensen ikkje lenger var i stand til å gjere motstand, noko som i denne samanhengen betyr til Simensen vart bevistlaus. Gjentatte slag mot hovudet er ikkje ein framgangsmåte der målet er å påføre offeret nok smerte til at offeret overgir seg, gjentatte slag mot hovudet er ein framgangsmåte som har som mål å uskadeleggjere offeret. Det er ein grunn til at politiet er opplært til å bruke batongen mot store muskelgrupper som blant annet låret, dette fordi det gjer veldig vondt samtidig som det er liten fare fare for alvorlege skader. Eit anna sitat: Etter mitt syn så har politimannen sjølv satt seg i ein situasjon som berre kunne løysast med vold. Om du er redd for at ein gjerningsperson skal ta pistolen din så burde det være enda større grunn for at det å gå i brytekamp på bakken var heilt feil framgangsmåte i denne saka. Denne politmannen hadde mange alternative måtar å løyse situasjonen på, men han valgte den nest mest voldelege løysinga han hadde tilgjengeleg (den mest voldelege løysinga hadde vært å trekke pistolen og starte å skyte). Det handlar ikkje om at politiet ikkje skal få lov til å beskytte seg sjølv, politiet skal ikkje trenge å være redde på jobb. Men samtidig så kan vi ikkje ha eit politi som skyt fyrst og stiller spørsmål etterpå. Det er ingen som bryr seg nevneverdig at kriminelle blir banka opp eller endog skutt av politiet, men eg vil ha eit politi som er såpass profesjonelle at neste gong eg sjølv er på byen så skal eg sleppe å måtte rekne med å heilt utan forvarsel bli angrepet av politiet kun fordi eg hadde hendene i lomma, har anna hudfarge eller på annan måte ser "skummel" ut. Denne saka hadde vært så mykje mindre komplisert dersom den tiltalte politimannen var åleine eller berre saman med ein kollega, for då kan eg forstå at det var nødvendig å bruke makt for å få kontroll på situasjonen når forbipasserande kjem for tett på, men i dette tilfellet var det nok politi på staden til at ein må kunne forvente at oppdraget kunne løysast utan å gå i brytekamp. Lenke til artikkelen: https://www.nrk.no/buskerud/ble-slatt-i-hodet-av-politimann_-_-hukommelsen-begynner-a-bli-litt-darlig-1.16827907
-
At han har rulleblad er nok med å svekke truverdigheita hans ja, men samtidig så er ikkje Simensens forklaring eller oppfatting spesielt viktig i denne saka. Spørsmålet om maktbruken var innafor eller ikkje er heilt avhengig av korleis ein vurderer det som ein kan sjå på videoen kombinert med politimannens vurderingar. Det er i utgangspunktet slik at det er tilstrekkeleg at politimannen følte seg i fare for å legitimere slik voldsbruk, det er ikkje krav om at det må ha vært ein reell og etterprøvbar fare. Om Simensen forklarer at han hadde intensjon om å angripe politimannen eller omvendt at han meinte seg sjølv heilt uskuldig og samarbeidsvillig skal ikkje ha betydning for dei handlingane som poltimannen gjorde. Politimannen kunne uansett ikkje vite kva Simensen tenkte og han kunne i alle fall ikkje handle basert på kva Simensen tenkte, handlingane til politimannen må være tufta på det som poltimannen hadde forutsetningar for å vite, og det var at Simensen var ein framand kar som hadde hendene i lommene og som vart dytta bakover av politimannen. På videoen kan vi sjå at Simensen gjer eit skuldertrekk som medfører at det siste dyttet til politimannen er lite effektivt, umiddelbart etter at politimannen ikkje fekk til å ta eit siste skubb av Simensen så går han i brytekamp og legg Simensen i bakken. Det er ingenting i videoen som tyder på at Simensen er aggressiv tilbake utover at han ikkje setter pris på å bli dytta. Berre det å dytte ein full mann bakover meiner eg i seg sjølv er ei handling med større skadepotensiale enn det som var forsvarleg utifrå situasjonen. Det er ikkje akkurat eit ukjent fenomen at fulle folk blir dytta overende og at dei døyr som følge av at dei slår bakhovudet i asfalten.
-
Per i dag er det ikkje like reglar. Det er ikkje krav om bruk av sykkelhjelm ved sykling, og grunnen til det er vel at reglverket kjem frå ei tid der syklande vanlevgvis sykla i gangfart slik at dei ikkje trengde hjelm og dei heilt fint kunne dele fortau og gang/sykkelveg saman med fotgjengarar utan at det oppstod konflikt. Etter mitt syn burde det openbart være krav om bruk av sykkehjelm når ein syklar i køyrbana i høg hastigheit, så kan det fortsatt være fritak for dei som syklar søndagstur på fortauet i maks gangfart. Så om eg skal foreslå nye reglar så hadde det vært noko liknande: Hjelmpåbud når hastigheita er over 10 km/t (tilsvarer overgangen mellom jogging og springing) på alle farkoster med hjul. Om ein kjem over 10 km/t ved hjelp av motor, pedalar eller nedoverbakke betyr ingenting for skadepotensialet og burde heller ikkje ha betydning for kravet til sikringsutstyr. Denne regelen vil medføre at dei som er på søndagstur og barn som bruker sykkel eller elsparkesykkel til leik i låg hastigheit ikkje nødvendigvis må bruke sykkelhjelm. Alle som bruker sykkelen/elsparkesykkel som transportmiddel enten det er til pendling eller trening (og derfor antagelevis beveger seg raskare enn 10 km/t) må bruke hjelm. Både vanlege syklar og motoriserte farkostar med maksfart på 10 km/t kan være fritt tilgjengleg utan aldersgrense og utan krav om hjelm. Det bør ikkje være lov å opphalde seg i køyrebana på ein slik farkost (og det burde heller ikkje være lov for fotgjengarar å bruke køyrebana som gangveg, ein får holde seg på gangfeltet eller holde seg langs vegkanten om det ikkje finnes gangfelt). Elsparkesyklar med hastigheit over 20 km/t burde bli lov, men då som moped med krav om sertifikat og mopedhjelm og anbefaling om bruk av køyredress.
-
Synes det er rart at ein ikkje i større grad har tatt for seg den tiltalte politimannens påstand om at han frykta for liv og helse og at reaksjonen mot Simensen var fordi han var redd. Det er greit nok at angrep er det beste forsvar, men om ein er redd for at Simensen er så stor og sterk og at han kunne bli voldelig så er det noko merkeleg å gå i brytekamp med han utan å få med seg kollegaene som var i umiddelbar nærheit. Til alt overmål så var også politiet midlertidig bevæpna på dette tidspunktet, så dersom Simensen utgjorde ein stor trussel så er det jo spesielt dårlig taktisk valg å gå i brytekamp med skarpladd pistol på hofta. Ikkje heilt direkte samanliknbart med norske forhold men ein kunne vel fort fått ein situasjon liknande denne dersom forholda hadde vært litt annaleis.
-
Eg har ikkje inntrykk av at politiet ikkje prioriterer vold i nære relasjonar, problemet er at før ein kjem så langt at ein har bevis for voldsbruk så er det svært vanskeleg for politiet å gripe inn. Ei bekymringsmelding frå ein nabo kan gi grunnlag for å ta kontakt for ein samtale eller til og med å kalle inn til avhøyr, men det har også sine utfordringar ettersom ein ikkje har plikt til å faktisk forklare seg for politiet og dersom det faktisk foregår partnervold så er det jo ein reell fare for at grubben reiser heim for å banke kona fordi ho har sladra til politiet. Samtidig blir det maktmisbruk om politiet trapper opp for å arrestere han som det har blitt tipsa om, for vedkommande kan være uskuldig og det kan til og med hende at bekymringsmeldiga er falsk og i realiteten er ein hevnreaksjon i ein nabokrangel.
- 9 svar
-
- 2
-
-
Ein slik jobb er nok ikkje bra for den mentale helsa generelt sett, men det er ikkje haldepunkt for å knytte dette til faren for å få Alzheimer, eller kor alvorlege plager ein får av sjukdomen. Det vil nok ikkje være ein ulempe å få mental stimulering, men samtidig er det nok heller ikkje strengt nødvendig for det er ingenting som tyder på at du visner vekk mentalt sett av ein hjernedød jobb, men du vil sjølvsagt kunne gløyme kunnskap og ferdigheiter som du ikkje lenger bruker aktivt.
-
Kor ofte blir styret på elsparkesykkelen vaska? Ein står uansett fritt til å bruke sin private hjelm, noko eg reknar med dei som planlegg å leige elsparkesykkel foretrekker. Er ikkje verre å bruke ein brukt hjelm til elsparkesykkel kontra å leige hjelm i skitrekket eller klatrehallen. Blir nok ikkje vaska etter kvar gong dei heller. Er ein veldig fin på det så kan ein både desinfisere hjelmen sjølv og/eller ha på seg lue/hette under hjelmen for å ha ein barriere mellom håret og hjelmen.
-
At Simensen har fått påfyll i sin kriminelle CV i ettertid viser vel strengt tatt at det heller ikkje hadde preventiv effekt å gi han juling. Han kan vel til og med argumentere med at fordi han har mista respekt og tiltru til politiet at han fortsetter sin kriminelle aktivitet, for han får jo tydelige bank uansett.
-
Det er jo litt smått absurd at det store ulykkesproblemet var unge voksne som tryna i fylla på leigd elsparkesykkel, og så forsøker ein å gjere elsparkesyklar tryggare ved å innføre 12 års aldersgrense og tvinge 12-15 åringar å bruke hjelm. Det er vel openbart dei voksne som køyrde i fylla som var største problemet? Det sagt så synes eg ikkje det er nokon prinsipiell forskjell på vanleg sykkel og elsparkesykkel, så etter mitt syn bør reglane for bruk av hjelm være likt. Altså at ein enten innfører hjelmpåbud for alle på elsparkesykkel, eller at ein innfører restriksjonar på maksfart til eit nivå som ein anser som trygt nok også utan hjelm. For min del kan ein gjerne ha to ulike klasser for elsparkesyklar, ei open klasse som alle kan bruke utan aldersgrense og krav om hjelm men med sterkt redusert makshastigheit, og ei klasse som liknar meir på el-scooter der det er aldersgrense og krav om hjelm, men med høg nok makshastigheit til at elsparkesykkelen kan være eit reelt alternativ til moped.
- 43 svar
-
- 1
-
-
Samfunns- eller førstegangstjeneste gjeninnføres ?
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette har meir med måten Russland bruker sine vernepliktige på, og mindre med om det er vernepliktige eller ikkje. Når ein sender vernepliktige rett i strid med minimalt med trening, og taktikken attpåtil er på høgde med "spring mot fienden til du blir skutt" så seier det seg sjølv at dei vernepliktige ikkje utgjer ein stor militær kapasitet. Å basere seg på vernepliktige blir aldri like bra som å basere seg på yrkessoldatar, men bruk av vernepliktige handlar om å kunne mobilisere eit stort antall soldatar på ein relativt rimeleg måte. I tillegg så handlar det om å ha militære strategier som er tilpassa kapasitetane til soldatane utifrå den opplæringa dei har fått. Dei fleste soldatane som russiske vernepliktige møter er ikkje ukrainske yrkessoldatar, det er vernepliktige på den sidan også. Forskjellen på måloppnåing og tap av soldatar har mykje meir med strategien å gjere. Skal ein lykkast med vernepliktige soldatar så er det viktig å utnytte det dei frå før er gode til. Ikkje alle treng å springe rundt i skogen i ein krig, nokon må også være droneførarar, jobbe med logistikk/transport, og liknande. Forskjellen ligg i måten det vart innført på. Ordninga som vi før hadde i Norge med sivilteneste der ein gjennomførte samfunnsnyttige arbeidsoppgåver som alternativ til militærteneste var basert på at det skulle være eit alternativ for dei som av ulike grunnar ikkje ville inn i militæret. Den lave lønna som dei som var i sivilteneste fekk var akkurat den same lønna (eller rettare sagt dagpengane) som dei som avtente militær verneplikt fekk. At siviltenesten vart avskaffa var ei reint poltisk avgjersle. Det som vart slutt på etter internasjonalt press var at dei som både nekta militær og sivilteneste vart tvungne til open soning der dei måtte utføre sivilt pliktarbeid. Etter internasjonalt press så gjekk ein over til å i staden straffeforfølge militærnektarar på vanleg måte og idømme fengselsstraff. Det å i det heile tatt tilby sivilteneste som eit alternativ til militærteneste var meint som eit tilbod for dei som var pasifistar eller som av andre grunnar ikkje ville ha miltær opplæring. Ein kunne heilt fint latt være å ha eit alternativt tilbod ved å i staden fengsle alle som ikkje møtte opp til fyrstegongstenesta. Det som er feil med dagens fyrstegongsteneste (og datidens sivilteneste) er at det uansett ikkje gjeld alle. Det er derfor eit vesentleg del av urettferdigheit rundt dei som gjennomfører sin verneplikt og taper eit år medan dei andre jamnaldrande kjem seg eit år lengre på yrkeskarrieren gjennom å utdanne seg eller jobbe det året andre er inne i fyrstegongstenesta. At lønna er dårleg i fyrstegongstenesten er eg berre delvis einig i. Ja den burde vært betre, men kor mykje ein taper på eit år i fyrstegongstenesta kjem nok også mykje ann på kva ein hadde fått til å spare opp dersom ein var i vanleg jobb. For i utgangspunktet har ein 0 utgifter i fyrstegongstenesta, så det er ingenting som ein må bruke pengar på. Etter 12 månadar så får ein ca 40 000 kr utbetalt i dimmepengar, og ein har i tillegg fått ca 200 kr per dag. Dersom ein har vært flink å spare så kan ein forlate fyrstegongstenesta med litt over 100 000 kr i oppsparte midler, så mykje er det nok få yrkesaktive 19 åringar som klarer å spare opp. Heilt ferskt i dag er forresten nyheita om at Regjeringa går inn for å styrke fyrstegongstenesta med å igjen ta inn 50% av ungdomskulla https://www.nrk.no/innlandet/vil-oke-antall-vernepliktige-med-50-prosent-1.16826789 -
Kjenner ikkje til forskning som tilseier at yrkesvalget er viktig. Det er heller ikkje slik at hjernetrim generelt sett har førebygger Alzheimer. Det som likevel er sant er at det du øver mykje på blir du også god i. Blant anna har forskning vist at jo fleire språk du kan flytande jo betre ordforåd har du når du får Alzheimers, teorien bak det er at når du startar å gløyme enkelte ord så kan fleirsprsåklege hente fram ordet som representerer det dei vil seie frå eit av dei andre språka, og at når ein fyrst har funnet ordet på eit språk så er det berre å oversette til språket ein vil uttrykke seg på. Så god språkkompetanse kan gjere det lettare å uttrykke seg når ein blir gamal og dement, men det vil ikkje hjelpe på å bli god til å ikkje gløyme ansikt. Men derimot dersom ein brukar mykje tid på å bla i fotoalbum og "pugger" ansiktet til venner og familie så vil det mest truleg ta mykje lenger tid før du ikkje lenger husker ansiktet til venner og familie. Har du ein superintelektuell jobb der du dagleg virkeleg jobbar mentalt med å kalkulere bæreevna til bruer eller rentekostnaden på huslån så vil du nok også når du blir gamal og dement lengre kunne klarere å utføre akkurat disse arbeidsoppgåvene som du har trent på heile yrkeslivet, men denne mentale aktiviteten er ikkje nødvendigvis overførbar til meir kvardagslege ting som kan motvirke konsekvensane av å få Alzheimer. Og strengt tatt, har du ein "hjernedød" jobb så gir jo det massevis av muligheit til å verkeleg la tankane svirre og utfordre deg mentalt. Står du ved samlebandet på ein fabrikk så kan du jo heilt fint terpe på den store gangetabellen eller tenke ut ditt neste sjakktrekk om du berre vil. For akkurat slik mentaltrening er litt vanskeleg om du har ein jobb som krev all din mentale konsentrasjon. Eg er nok ganske sikker på at det nok er mykje viktigare kva du gjer på fritida som stimulerer deg, enten det er at speler Bridge på onsdagskveldane eller du går søndagstur på fjellet.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Folk som ikke forstår hva de selv stemmer på
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Eg meiner at eksempla du tek opp er heilt uavhengig av det ein tek stilling til når ein stemmer på eit parti. At det skal være eit akseptabelt behandlingstilbod heile året og ikkje berre i september til mai, og berre på dagtid på kvardagar er nok det som dei fleste tenker på som eit standardtilbod. At fødeavdelinga ikkje skal stenge ned om sommaren på grunn av ferieavvikling er etter min meining ikkje eit politisk spørsmål, den dagelege drifta er delegert til helseforetaka å finne ut av. Sjølv om eit politisk parti hadde hatt slike bemanningsdetaljar i sitt valgprogram så ville ein aldri klare å få politikken ut i live. Statministeren kan ikkje gå inn og sette opp vaktplanar for alle sjukehusa. Regjeringa kan bevilge meir pengar til sjukehusa, men om sjukehusa brukar pengane på å ha lik bemanning 24/7 på alle sjukehus eller om det blir vurdert som meir hensiktsmessig å bruke pengane på andre ting kan ikkje regjeringa vedta. Det vil seie, joda regjeringa kan i teorien regulere dette ved å innføre lover og forskrifter som detaljregulerer korleis sjukehusa skal driftast og bemannast til ei kvar tid, men det er lite hensiktmessige at folkevalde skal meine så mykje om det helsefaglege. Så når sjukehusa ikkje klarer å gi fødande eit likt tilbod uavhengig av årstid så er det helseforetaka som har svikta, ikkje politikarane. Når det gjeld spørsmålet generelt, så er det jo også slik at dei alle fleste tenker at politikken dei står for skal gjelde alle andre og at det skal være unntak for seg sjølv. -Det er på grunn av alle trygdesnylterane at eg får så lite uføretrygd. -Det er alle andre som bør reise meir med tog og mindre med fly, men på akkurat min reise så var fly einaste alternativ fordi toget tar for lang tid. -Skattetrykket er alt for høgt, dei offentlege utgiftene må reduserast, men på mitt sjukehus burde det være fleire legar slik at eg slepp å så lenge på venteliste. Høyres det kjent ut? Det er svært få som står for ein politikk som ein også er villig til å ta konsekvensane av fult ut sjølv. I tillegg så er som nemt partipolitikken ofte lite presis. Det er ingen parti som går til valg på at fødeavdelinga skal være fullt bemanna heile sommaren, og det skal betalast via auka formueskatt. Dei fleste seier berre at dei vil jobbe for å oppnå X, også seier dei ofte lite om kva eksakt dei vil ofte i andre enden for å få rekneskapet til å gå i balanse.- 41 svar
-
- 2
-
-
Tausheitsplikta som ein har i eit arbeidsforhold vil svært sjeldan være til hinder for ein referanse. Det som er tausheitsbelagt er jo vanlegvis berre kundeopplysningar, pasientinfo, produksjonshemmelegheiter og liknande. Om den du skal gi referanse for har vært mykje sjuk så er det lov å seie, og strengt tatt er det nok også forventa at du skal opplyse om det. Ein skal ikkje gå i detaljar slik at ein kan gjere seg opp ei formeining om diagnose, men at den du er referanse for har stort sjukefråvær er det heilt innafor å opplyse om. Hadde eg vært referanse så ville eg likevel ha supplert med opplysningar om kor vidt sjukefråværet er relevant for det potensielt nye arbeidsforholdet. Det er tross alt ein vesentleg forskjell på om vedkommande var sjukemeldt i 30 dagar i fjor fordi vedkommande knakk beinet i ei ulykke, kontra ein som hadde 30 dagar med eigenmeldingsfråvær. Sjølv om det er lov å være sjuk, og ein har rett til å få sjukemelding ved sjukdom så er det heilt innafor å opplyse om dette i eit referanseintervju, men ein må sjølvsagt ikkje snakke om forhold som er tauseheitsbelagte slik som diagnose. Det sagt så bør ein sjølvsagt som referanse gjere seg nokre tankar om kva opplysningar som er relevante for den potensielle arbeidsgivaren å kjenne til. Heilt vanleg sjukefråvær som følgje av influensa og omgangssjuke hadde eg nok ikkje nemt i det heile tatt. Det viktigaste for den som er referanse er nok likevel å være sannferdig i det som blir sagt, ein falsk referanse vil kunne utløyse erstatningsansvar frå både den eine og den andre parten alt etter om usannheita var i positiv eller negativ retning.
-
At det ikkje har blitt krav om at alle ladestasjonar må ha muligheit for kortbetaling er i seg sjølv ei lita skandale. Det burde enkelt og greit ikkje være lov å selge varer eller tenester utan muligheit for å betale med vanlige betalingsløysingar. Så kan ein gjerne tilby betaling via app, men det må kome i tillegg. Skulle tatt seg ut om daglegvarebutikkane hadde gjort det same slik at du ikkje får betale for matvarene dine i Coop butikkar utan å ha Coop-appen. Og tenke seg til om det skulle kome ein ny billigbutikk som konkurrerer på pris ved å berre tilby betaling via sin eigen app slik at dei sparer avgifta til bankaxept og ved at dei logger persondata som dei kan selge til annonsørar. Ei slik løysing hadde vært direkte i strid med sentralbankloven og ville nok fort ha blitt stoppa, men på ladestasjonar er det tydelegvis fritt vilt. Eg forstår at det sjølvsagt er dyrare å integrere kortterminal eller myntinnkast, men det er kostnaden av å skulle selge varer og tenester til almenheita. Som heilt heilt minimum så burde der være eit minstekrav om å tilby betaling per faktura i ettertid om kunden ikkje kan eller vil bruke appen. Det burde være ein relativt smal sak å gjere som i parkeringshus der ein berre tastar inn reg-nr på bilen for å få tilsendt faktura om ein ikkje betalar på staden. Og dersom ein absolutt må bruke chip til lading så meiner eg at chipen som skal brukast bør være Autopass-brikka slik at det er nok med ei brikke i bilen. VG artikkelen som @Inspector linker til viser med tydelegheit problemet med dårleg infrastruktur for å organisere ladekø. At det skal stå kø ute i sjølve vegbana høyrer ingen stad heime. For i tillegg til å være direkte trafikkfarleg så er det på alle måtar lite gunstig både med tanke på at det danner seg kø og forsinking for alle andre trafikkantar, det skal ikkje store køa til før også andre enn dei som står i ladekø blir ståande fast i same køa (ein kan jo fort tru at det er ei ulykke eller liknande som er årsaken til at trafikken har stoppa opp), og for handelsstanden/bensinstasjonen så er det vel også ein stor ulempe at andre kundar som skal fylle fossilt drivstoff eller kjøpe andre ting ikkje kjem til avkøyringa til bensinstasjonen på grunn av ladekøa. Om eigarane av ladestasjonane er så glade i bruke App, så burde problemet vært løyst veldig enkelt med å lage virtuelt køsystem i appen slik at du får eit kø-nummer og kan parkere kvar som helst fram til det er din tur og du kan rulle fram til ladestasjonen.
-
I dag starter ankesaka: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/kEq0dQ/voldstiltalt-politimann-tilbake-i-retten-viktig-ikke-aa-forhaandsdoemme Det er ingenting nytt i saka når det gjeld bevisførsel, så forsvaret er at den publiserte videoen frå overvåkingskameraet ikkje gir heile bildet. Det virker som eit rart argument, for hadde det vært ei foranledning som forklarer voldsbruken så ville nok det også vårt fanga opp av det same overvåkningskameraet, og ein måtte vel forvente at også ei slik foranledning hadde blitt publisert (ettersom det er politiet som har valgt kva av videoen som har blitt frigitt). At det det var påstand om truslar mot ein vekter i forkant er vel uansett kjent og hadde uansett ikkje blitt fanga opp på video. Det store spørsmålet i ankesaka er om mindretalet som meinte at voldseksaleringa var for stor, blir snudd til eit fleirtal denne gangen. Fleirtalet ved førre rettssak var under tvil når dei dømte at maktbruken var ansvarlig.
-
Hvorfor er det håpløst å få tak i egg i Oslo?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Det skal eigentleg ikkje være kjedeavhengig ettersom det er mangel på egg frå leverandør og at egga som blir sendt ut blir fordelt likt utover. Sjølv om det nok kan være litt lokale forskjellar på kor flinke folk er til å ikkje hamstre, så har det nok mest med når butikkane får fylt opp hyllene. Min erfaring er at det typisk har vært egg å få kjøpt på formidaggane, men på ettermiddag og kvele så er det ofte utsolgt for egg. -
Ja det er nok der at universitetet som statleg arbeidsgivar er IA-bedrift som gir høgare tal på eigenmeldingar. (Vil også legge til at det er opptil 24 dagar med eigenmelding og opptil 10 omsorgsdagar om ein ikkje har meir enn 2 barn). Så det er ein har rett på er opptil 3 dagar med eigenmelding fire gongar i året, og ferie på 25 virkedagar (obs her er også laurdagane rekna som virkedag). For denne ferien skal du trekkast 10,2% i lønn som du får igjen i form av feriepengar det året. Det viktigaste å merke seg er at alt utover minstrkrav blir ei forhandlingssak. Det er også mange private bedrifter som er IA-bedrift sjølv om det eigentleg berre er i offentleg sektor at du kan ta det for gitt at bedrifta har slik ordning. Rådet når du byttar jobb er å lese vilkåra nøye, og aldri ta for gitt at du får goder sol ikkje er lovpålagde, og at du vurderer dette opp mot lønnstilbodet du har fått.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Når du har ringt 3-4 gongar så har du nok også fått snakka med 3-4 forskjellige pokitibetjentar som alle har vurdert saka likt. Om du kan oppnå noko med ein klage kjem heilt ann på om du har grunnlag for å klage. Det går ikkje klart fram at politiet har gjort noko klandreverdig i ditt tilfelle. Sidan du ikkje har rett til å få innsyn i ei sak som ikkje du er part i så veit du heller ingenting om kva politiet har gjort eller ikkje har gjort. Det vanlege ved slike bekymringsmeldingar er vel at politiet logger meldinga, slik at ved neste meldig så har ein betre grunnlag for å gjere noko. Eit konkret tips kan være at du heller ringer vold og overgrepslinjen på tlf 116 006. Der kan du både få råd til kva du kan og bør gjere, og du kan snakke med profesjonelle for å få stadfesta at du har grunn til å være bekymra. Her har dei erfaring med å snakke med pårørande som naboar. Dette vil også være godt grunnlag når du seinare kontakter politiet og kan referere til at du har vært i kontakt vold og overgrepslinjen.
- 9 svar
-
- 2
-
-
Hvorfor er det håpløst å få tak i egg i Oslo?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Eggmangelen skuldast blant anna lågare produksjon i Europa på grunn av utgordringar med sjukdom, men det er berre ei av forklaringane. Den viktigaste forklaringa er at det er reguler kor mange egg som skal produserast kvart år. Dette for å unngå overproduksjon der eggbøndene ikkje får solgt sine egg slik at dei må kastast. Etter at det for mange år sida kom EU krav om at egg skal ha best før dato på maks fire veker så har det blitt ekstra vanskeleg å tilpasse produksjonen slik at egga blir solgt og ikkje må kastast på grunn av datostemplinga. Datostemplinga er særleg problematisk opp mot sesongar som påska ettersom ein i avgrensa grad kan fylle lagra i påvente av ein forventa etterspørsel. Den viktigaste grunnen til at vi har eggmangel akkurat denne påska er at det vart oppfordra til å unngå hamstring for å sikre nok egg til alle, med det resultat at folk starta å hamstre slik at det vart tomt for egg. Når ein då attpåtil skal porsjonere ut eggleveransane slik at alle butikkar i alle landsdelar får litt egg kvar, så forsterkar det også hamstrebehovet ettersom kundane ser at det er nesten tomt for egg og derfor kjøper ein ekstra pakke.- 55 svar
-
- 1
-
-
Som mykje anna så kjem det ann på. Husk at arbeidsgivarar også er forskjellige på kva dei ser etter. Eg tenker likevel at B i snitt og arbeidserfaring er meir verdt enn A i snitt og ingen arbeidserfaring. Det å ha høgt snittner viktigast dersom du skal studere vidare, og hos nokre få arbeidsplassar der ein legg uvanleg stor vekt på karakterar. Spør du meg så tenker eg at eit A-snitt også kan være ein ulempe ettersom det er lett å få assosiasjonar til nokon som har blitt gode på teori ved å berre sitte å studere.
- 2 svar
-
- 2
-
-
-
Som også er det eg skriv, det er dette som er rette tenestevegen. Ein bør definitivt kontakte politiet i slike saker. Men det betyr ikkje at politiet vil prioritere å følge opp saka som straffesak. Trådtittelen indikerer at trådstarter fyrst og fremst var ute etter å finne ut av straffenivået sidan det er spørsmål om kva lover som er brutt. I dette tilfellet så er nok ikkje bøter og fengsel som er målet på om politiet bryr seg eller ikkje, det er kva politiet velger å gjere.