
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 807 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Dette var nok eigentleg forventa. Likevel så reagerer eg litt på at UiT no har konkludert med at det har blitt begått juks og at masteroppgåva må annullerast, når dei opprinneleg påpeikte feil og unøyaktigheiter i både tekst og kjeldehenvisning og likevel vurderte oppgåva som bestått med karakteren D. Sjølv om det i det opprinnelege karaktervedtaket ikkje står at det er juksa så framstår det som rimeleg klart at det er dette ein peikar til med feil og unøyaktigheiter. Då synes eg det er litt spesielt at ein oppgåve som UiT vurderte som god nok i 2014 då det sikkert var litt stas for dei å uteksaminere ein profilert ungdomspolitikar som i fleire år hadde vært leiar for Senterungdommen. Men no etter at det vart mediastorm og med indirekte spørsmål om UiT hadde vært for svake med sin sensur så har ein plutseleg snudd og vurdert oppgåva som for svak til å kunne fortsette å være godkjent. Det einaste som har endra seg er at det med nye digitale verktøy har blitt meir klart kor store delar av oppgåveteksta som har blitt kopiert frå andre oppgåver, men at det var henta ting frå andre oppgåver utan kjeldehenvisning var ikkje ukjent når masteroppgåva vart vurdert i 2014, snarare tvert imot var det jo dette som gjorde at karakteren vart svak.
- 160 svar
-
- 3
-
-
Det er også ulik arbeidstid i Norge. Dei fleste dagjobbar der ein har tariffavtale så er vanlegvis ei arbeidsveke 37,5 time utan betalt lunsj. Standard arbeidsveke etter arbeidsmiljølova er 40 timars arbeidsveke utan betalt lunsj. I tillegg er det ein del som seier dei har 40 timers arbeidsveke fordi dei er på jobb 8 timar om gongen og ikkje trekk frå at den ubetalte lunsjen ikkje er ein del av arbeidsveka.
-
Ja. Det som eigentleg er det sjukaste er at anklager om valgfusk blir forsøkt omgjort med makt fordi det er "moralsk" rett, og når det ikkje gjekk å få omgjort valgresultatet med makt så var neste forsøk gjennom retten beståande av høgstrettdommarar utpeikt av presidentar på livstid. Den openbart demokratiske løysinga på eit valg som moglegens ikkje har gått rett for seg er jo å rykke tilbake til start og gjennomføre eit omvalg der ein særskilt syter for at alle som vil stemme får stemt, og at det blir kontrollert at den som avgir stemme både har stemmerett og at vedkommande berre får stemme ein gong. Men akkurat den framgangsmåten er nok lite interessant for Trump-gjengen ettersom eit slik kvalitetssikra omvalg både hadde blitt veldig dyrt, men også fordi ein er livredd for at dei store minoritetsgruppene skal få stemme slik som dei vil. Det er jo ein grunn til at det var færre valgkontor med dårlegare opningstid i fattige områder med stor andel svarte, for det var jo om å gjere å unngå at dei stilte opp til valgurnene ettersom det store fleirtalet då ville stemt for demokratane.
- 373 svar
-
- 2
-
-
-
Det ein blant anna støttar seg til er at det finnes forskning som viser at kvar gong ein blir forstyrra så tek det opptil 15 min å kome tilbake i same fokuset som ein hadde før ein vart forstyrra. Det er dette som er grunnen til at det ofte blir anbefalt at ein skal skru av alle epostvarsel både lyd og pop-up, fordi kvar gong den tilsette ser at ein har fått ein ny epost så mister ein fokus og startar å tenke på andre ting. Det var nok ei overforenkling av meg å seie at ein kan jobbe 6 timar utan lunsjpause med full konsentrasjon, men med ein kortare og meir intensiv arbeidsdag så kan ein spare inn tid ved at det blir mindre småpauser. Det er heilt sant, men poenget er at ein vil få arbeidsgivere til å tenke nytt. For det som er interessant for arbeidsgivaren er ikkje kor mykje ein betalar i lønn for å få utført ei bestemt mengde arbeid, det som arbeidsgivarane burde ha fokus på er kva lønnskonstadar ein har for å utføre X verdiskaping. På den måten kan ein få større inntekter ved å jobbe smartare i staden for hardare, som til dømes ved å ta i bruk automatisering. Meir relevant for dette temaet er at arbeidsgivar bør løfte blikket og sjå på kva som er dei reelle kostnadane ved å betale lik lønn for færre arbeidstimar. Punkt 1 er kva som skjer med produktiviteten, det er ikkje gitt at ein 20% reduksjon i arbeidstimar medfører ein 20% reduksjon i verdiskapning fordi den 20% som blir redusert er ikkje nødvendigvis dei mest produktive minutta, forhåpentlegvis er det dei minst produktive minutta som kan kuttast ved å redusere arbeidsdagen. Punkt 2 er at det kan være meir indirekte kostnadsreduksjonar dersom ein oppnår målsettinga med å redusere sjukefråværet på grunn av mindre arbeidspress. Dersom ein tilsett er sjuk i 5 dagar så vil dette koste arbeidsgivar 10 dagar med lønn fordi ein både skal lønne den som er sjuk og den som ein tek inn som vikar eller dei overtidstimane som ein må legge på kollegaene for å dekke inn arbeidet som ikkje blir utført. Dersom redusert arbeidstid bidreg til at det blir færre sjukefråvær med dei kostnadane det medfører så kan innteninga fort blir så stor at det er vel verdt å betale 100% lønn for 80% arbeidstid.
- 90 svar
-
- 1
-
-
Gevinstane vil være ulike, og i enkelte sektorar så er det nok ikkje andre fordelar å hente ut enn at arbeidstakarar som jobbar mindre naturleg nok også blir mindre slitne, og deremed får mindre sjukefråvær. Formålet med 4 dagers arbeidsveke er primært at ein vil få ned arbeidsbelastninga i praktiske yrker. Då er ikkje tanken at effekten skal auke, men heller at ein kan oppnå betre stabilitet ved at arbeidsbelastninga går ned. I konsentrasjonsyrker så er det meir aktuelt å tenke at ein skal kunne klare å produsere like mykje på kortare tid gjennom effektivisering. I slike yrker så er det nok meir aktuelt å hente ut gevinstane med å innføre 6 timars arbeidsdag der ein sitt konsentrert i 6 timar fem dagar i veka framfor å innføre fire dagars veke. Teorien bak auka effektivitet med 6 timers arbeidsdag er at det er akkurat så kort at ein ikkje nødvendigvis treng å ha matpause midt i arbeidsdagen, færre pausar kan då gi auka effektivitet ved at ein får jobbe uforstyrra. På ein 8 timarsdag så vil dei fleste trenge både matpause, kaffepause, dopause, osv. I denne samanhengen kan konsentrasjonsarbeid være kontorarbeid, men også ein del industri der ein står ved samleband og jobbar mest effektivt når ein kjem inn i ein god og konsentrert arbeidsflyt.
- 90 svar
-
- 2
-
-
Storminga var heller ikkje tenkt som eit væpna kupp, sjølv om fleire hadde våpen enten på seg eller gøymt i nærområdet og såleis var førebud på å ta det eit steg opp. Så er det sjølvsagt ulike oppfattingar av kva som var det eigentlege formålet med storminga, sanninga ligg nok ein stad i mellom og at storminga ligg ein stad mellom fredeleg demonstrasjon og regelrett statskupp. Den jamne oppfattinga var nok at ein ynskja å stoppe senatet frå å godkjenne valgresultat som dei meinte var eit resultat av valgjuks, og ikkje nødvendigvis at ein ville begå statskupp ved å forkaste demokratiet og innføre eit diktatur. Tanken var nok å marsjere til Capitol Hill for å demonstrere og vise sin misnøye i eit forsøk på å få Senatet til å vente med å godkjenne valgresultatet.
- 373 svar
-
- 3
-
-
-
Angåande samnsetting av god mat og drikke så er det nok også i stor grad opp til personlege preferansar, og ikkje minst kva smakar ein sett pris på. Personleg så er det sjeldan eg finn gode kombinasjonar av mat og drikke (både øl, vin og alkoholfritt) som eg synes er heilt innertiar. Det er mange komboar som gir gode smakar men som @Sjørøver er inne på så er min personlege preferanse til blant anna julemiddagen øl/vin med relativt lite smak. Dette fordi eg foretrekk smaksnyansane i maten kanskje meir enn smaken av drikken. Til ein god biff så passar det bra med rødvin, kjøtt og rødvin har ofte smakar som harmoniserer godt, for meg personleg så synes eg ofte at ein med rødvin "skyller vekk" den gode kjøttsmaken. Det same gjeld med godt øl med mykje smak. Min personlege preferanse blir ofte å drikke litt god øl før maten kjem på bordet, deretter ete maten med berre litt nipping til øl (og akevitt ved julemiddag), og heller kose meg med resten av ølet etter at eg ferdig med middagen. Om eg veksler mellom mat og drikke så synes eg at eg mister dei gode ettersmakane frå både middagen og ølet.
-
Her er eg einig med arbeids og inkluderingsministeren som seire at innføring av slike arbeidstidsordningar bør være opp til partane å bli einige om. Det som Staten skal/må/bør gjere er å legge til rette for at vi har eit pensjonssystem som ikkje straffer dei som finner alternative måtar å organisere arbeidslivet på. I dag så taper ein uforholdsvis mykje i pensjonssparing ved å jobbe deltid og ikkje fulltid, og eg er ikkje utan vidare einig i at ein tilsett med 37,5 timers arbeidsveke i 100% stilling skal ha lik pensjonsoppsparing som ein som jobbar 30 timars arbeidsveke men som gjennom lokal avtale har fått dette definert som ei 100% stilling og med lønnsnivå som om ein hadde hatt 37,5 timers veke. For det fyrste så vil dette etter mitt syn bli ei urimeleg forskjellsbehandling som går langt utover det å avtale lønnsnivå. For det andre så er eg redd for for at tiltaket berre delvis vil fungere som tiltenkt. Ein del vi bruke det til å løyse tidsklemma og gå meir tid til andre samfunnsnyttinge aktivitetar frå å få barn til å holde seg frisk og arbeidsaktiv gjennom mosjon og trening. Men samtidig vil kanskje enkelte bruke denne ekstra tida til til heilt andre ting, og då primært deltidsjobbar for å auke lønna (og pensjonsoppsparinga). Om dette skjer så vil den tiltenkte gevinsten med redusert sjukefråvær og mindre utbrentheit forsvinne. Når det gjeld kostnadane ved å tilsette fleire, så trur eg nok dei kostnadane blir kompansert ved at ein får mindre sjukefråvær og mindre bruk av vikarar. Men, og det er eit stort men, for å hente ut gevinstane i form av mindre kostnader ved sjukefråvær så må ein ha ein tilsetrekkeleg stor mengde med tilsette for at ein i snitt skal få eit lavt og flatt sjukefråvær. For sjølv om ein med fleire tilsette og kortare arbeidsdagar førebygger langtidssjukefråvær som skuldast belastning og stress, så vil ein likevel ha det andre sjukefråværet som influensa, så noko vikarbruk vil ein nok likevel få. Det sagt så har sjukefråværet i barnehagar som denne artikkelen omtalar hatt eit ganske stabilt sjukefråvær på i underkant av 10%. Så sjølv om ein må tilsette nokre personar ekstra, så har det også ein kostnad at 1 av 10 tilsette til ei kvar tid ikkje er arbeidsføre og hever enten vanleg lønn frå arbeidsgivar dei fyrste 16 dagane, eller frå NAV ved lengre fråvær. I ein perfekt verden der anna innretting av arbeidsdagen eliminerer alt sjukefråværet så vil ein kunne auke grunnbemanninga med opp mot 10% utan å få ekstra kostnadar. Eg vil også legge til at ein anna bonus ved fire dagars arbeidsveke er at dersom ein tilsett blir kortvarig sjuk i 3 dagar så er det faktisk ein 40% sjanse for at sjukdommen kjem på dei dagane der den tilsette likevel har fri slik at det ikkje er behov for vikar, så det vil også bidra til reduserte fråværskostnadar at meir av fråværet kan bli lagt til arbeidstakarens fritid og ikkje til arbeidstid. Så kort oppsummert så meiner eg at det største hinderet for å innføre slike fleksible arbeidsordningar er at vi har eit pensjonssystem som belønner dei som har 40 timers arbeidsveke framfor dei som har sin verdiskapning og lønn frå å jobbe på anna måte.
- 90 svar
-
- 1
-
-
Kan sølvkre og sjeggkre føre til at boligen ikke blir solgt?
The Avatar svarte på Ørjanø sitt emne i Økonomi
Korleis er opplysningane om skjegg- og sølvkre formulert? Blir det framheva som eit større problem enn det i realiteten er? Sidan dette er ganske vanleg og oftast eit lite problem, så det einaste eg kan tenke meg er at manglar som vedlikeholdsbehov framstår som meir overkomeleg å fikse opp sjølv -
Min erfaring med slike bokser frå Ægir var at sjølv om ein drar av heile loket så blir det fortsatt ikkje eit ølglas som er behageleg å drikke av ettersom boksa er kona på toppen og ikkje har rette kantar. Eg er også ganske sikker på at prisen var høgare for slike bokser, om ikkje anna fordi det er ei meir spesialløysing enn standardboksene som eg vil tru er billegare å kjøpe inn i stort.
-
Kan sølvkre og sjeggkre føre til at boligen ikke blir solgt?
The Avatar svarte på Ørjanø sitt emne i Økonomi
Om alt anna er likt så er det jo nærliggande å tenke at dei fleste kjøparar vil kjøpe hus utan manglar. Men når du skriv at det er ulik standard og alder så mistenker eg at selgar har overvurdert verdien som ligg i standard som dette huset har, og at kjøparane ikkje er villige til å betale det som selger vil ha.- 49 svar
-
- 5
-
-
Argumentet et vel meir på at heile systemer for lading er dårleg tilpassa turistar, og det er nok ikkje noko noko enklare for utlendingar i Norge med bruksanvisning på norsk, og særnorsk betalingsapp.
-
Har full forståelse for at det kan være utfordrande for turistar som har leigd elbil i Norge. Det er vanskeleg nok som fersk elbileigar. Mykje appar, ladestasjonar som kan være vanskelege å finne, osv. Mange ladestasjonar tilbyr også enkel Vipps betaling, men det er ei teneste som ikkje er tilgjengeleg utan norsk bankkort.
- 56 svar
-
- 1
-
-
Poenget er at du skal bu i den kommunn du er politikar i. Om du er innflyttar speler ingen rolle. Som lokalpolitikar skal du sjølvsagt påvirke politikken i din eigen kommune. MDG hadde ikkje hatt innflyting i det heile tatt i Oslo om det var lokalpolitikarane i nabokommunene som skulle meine noko om politikken i Oslo. I teorien kan du kome rett inn på Stortinget, men i praksis er det vanskeleg å få nok støtte om du ikkje har "gått gradene" via lokalpartia.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Det går ann å karbonisere andre væsker enn berre vatn med Sodastream, men det bryt med brukarveiledninga ettersom det er større for for at det bruser over, og at det då blir kliss som i verste fall kan hindre ventilane i å fungere. I beste at du ikkje får ut kullsyre, i verst fall at du tetter sikkerheitsventilen slik at overtrykket ikkje slepp ut. Av andre væsker som er aktuelle å tilsette kulsyre i så kan det være alt frå brusrestar som har blitt slapp og som blir betre av meir kullsyre, i tillegg kan det være spennande å karbonisere f.eks. juice.
-
Sodastream med cola-sirup frå Pepsi smaker fortsatt ikkje ordentlig Pepsi, det smaker i beste fall billigcola. Tilsvarande med 7up-siruppen, smaker ikkje ordentleg 7up men det smaker sitronbrus og det er kanskje godt nok for folk flest. Min personlege erfaring er at det blir minst like vellykka å lage min eigen brus basert på vanleg saft i staden for disse dyre sirupflaskene med brussmak. Har ikkje prøvd sodastrem på straum, den eg har brukar mekanisk knapp for å trykksette vatnet, og det fungerer godt nok. Eg trykksett to til tre gongar til eg høyrer lyden endrar seg og vatnet ikkje lenger tek til seg kullsyre.
-
Børsteløs vask, manuell vask i hall ...? (om vinteren)
The Avatar svarte på minimax sitt emne i Bil og motor
Ofte er det samanfallande at miljøvennlege vaskemiddel også er relativt lite harde, men det finnes også sterke syrer og baser som er 100% naturlege, men Svanemerket i seg sjølv er ingen garanti for skånsom vask. Eg tenker at det blir veldig situasjonsavhengig. Og sjølv om det er ein fare for å vaske vekk rustbehandlinga ved ugunstig innstilling på underspylingsdysene, så er jo spørsmålet om det er spesielt mykje betre utan underspyling. Å vaske bilen på undersida er notorisk vanskeleg å gjere manuelt. Eg tenker også at spørsmålet om manuell vask er betre enn maskinvask kjem veldig ann på den som vasker. Det er nok minst like stor fare for små riper i lakken om du står og skrubber for hardt, bruker høgtrykkspylaren med for høgt trykk eller hsr dysen for nært, eller andre feil. Og skal du vaske manuelt utan særleg mekanisk belastning så vil du ofte måtte bruke enten sterke vaskemiddel eller la vaskemiddelet stå å virke veldig lenge, og det er heller ikkje bra for lakken. Personleg så tenker eg at maskinvask er godt nok, og at det tross alt er enklare og billegare å lakke om bilen etter nokre år om du ikkje er fornøgd med at du har fått nokre miniriper etter børstevask, enn det er å utbetre rustskader på grunn av for lite vasking og underspyling.- 29 svar
-
- 1
-
-
Kan en kommune selv velge om den vil besvare henvendelser?
The Avatar svarte på Datata sitt emne i Forbrukerrett
Etter forvaltningsloven skal kommunen svare ut ei sak utan ugrunna opphald, om det er truleg at det tek uforholdsmessig lang tid så skal du få eit midlertidig svar. Det avgjerande spørsmålet er då om dine henvendingar er ei sak som skal ha forsvarleg salshandsaming.- 6 svar
-
- 3
-
-
Salg av laptop - risiko for å gjenopprette data?
The Avatar svarte på :utakt sitt emne i Hjelp til kjøp og salg av PC
Tenker at Windows sin tilnakestillingsfunksjon er god nok, den er tross alt utvikling for å slette personlege filer før PCen skal brukast av ny brukar. Heilt 100% sikkert blir det aldri, så du må nesten gjere ei vurdering på kor sensitive data du har lagra. Ein mellomting kan være at du bruker tredjeparts programvare for å slette og skrive over dei mest sensitive filene, og deretter gjenopprette PCen. Eit anna tips er å skru ut disken og sette inn ein ny som du installerer Windows på før du selg den. Den gamle disken kan du bruke som ekstern harddisk, som kan være greit for backup.- 27 svar
-
- 2
-
-
Det er nok veldig individuelt, men om eg skal legge mine mest rasistiske stereotypar til grunn så hadde eg nok vært langt meir positiv til ein som er adoptert av norske foreldrene og som er oppvokst med 100% norske verdiar og språk men kanskje med anna hudfarge, enn ein kvit person som er født i Norge men har lært ein heilt anna kultur og språk av sine utanlandske foreldre. Det er sikkert ulikt i ulike situasjonar, men om eg skal tenke som ein arbeidsgivar så vil eg mykje heller tilsette ein som er mørkhuda med flytande norsk, enn ein kvit øerson som har gebrokken norsk. Ikkje at ein som er født av utanlandske foreldre snakker nødvendigvis snakkar gebrokkent, men det er større sjangs kontra ein som er adoptert i ung amder og som aldri har blitt eksponert for andre språk.
-
Det finnes nok også heilt lokale tenester. Både Spania og Tyskland har vel sine ekvivalenter til finn.no der det blir lagt ut bustadar for kortidsleige. Fordelen med AirBnB er vel at tenesten både har mange brukarar og at dei har ordning for både betaling og tilbakemelding. Den store ulempen er at i dag er det nesten berre profesjonelle og spekulantar som tilbyr utleige slik at prisen ligg alt for nært opp mot hotellprisane utan at servicen står i stil.
-
Om dette er jern så burde kula vege ca 110 gram. I farta finn eg ikkje eigenvekta til kulenoritt som @Trippelure foreslår, men eg er tilbøyeleg til å være einig ettersom stein vanlegvis er lettare enn jern, og på grunn av glimmeret. Eg får heller ikkje dimensjonen til å stemme med eit prosjektil, det er vell litt vel stort til å være muskedunderkule og litt liten til å være kanonkule? Det er heller ikkje heilt utenkeleg at det kan være ein meteoritt.
-
Dei to alternativa du har satt opp er heilt forskjellige. Men dersom målet ditt er å framstå som mest mogleg norsk (begge alternativa tilseier at du er norsk) så vil eg påstå at det å ha vokse opp i Norge med norske foreldre så aukar sannsynlegheita for at du har fått tilsvarande norsk oppdraging, i alle fall om du er adoptert i ung alder. Om du seier at du er født i Norge med innvandrarforeldre så vil nok langt fleire være usikre på kven sine kulturelle verdiar du har blitt påvirka mest av. Eit anna spørsmål er jo om kvifor du skal fortelle om ditt opphav i utgangspunktet, og om du vil fortelle om det, kvifor skal du då lyge? Å være adopter av norske foreldre og å være født i Norge av innvandrarforeldre er to heilt ulike ting.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Koreanske Ramen Nudler: Usunt - Kreftfremkallende
The Avatar svarte på DJViking sitt emne i Mat og drikke
Einaste grunnen til at det er ein viss grad av samanheng er at mange matprodusentar bruke E-nummer på ting som høyres skummelt ut, medan ting som har fått meir folkelege namn så bruker ein dette namnet i staden for. Lang liste over E-stoff kan indikere at produsenten prøver å glatte over noko, men det treng ikkje å bety det. -
Det som et mest kritisk med befolkninga et vel så mykje fordelinga av befolkninga. Planeten toler mykje meir folk om befolkninga er betre fordelt. Befolkninga kan likevel ikkje fortsette å vekse i det uendelege, for sjølv med perfekt fordeling av folk og ressursar så vil ein på eit eller anna tidspunkt nå ei maksgrense. Det et sjølvsagt ikkje nødvendigvis så veldig realistisk å tenke at ein kan flytte halve befolkninga i søraustasia til blant anna Europa, Nord- og Sør-Amerika.