
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Så lenge du betalar låna dine så er det nok lite vilje til å gi deg ein avtale som gir kreditor mindre inntekt. Ei løysing kan derfor være å direkte seie at du kjem til å misleghalde lånet fordi du har for mykje gjeld og må prioritere å betale andre kreditorar fyrst. Då legg du eit press på kreditor som enten må foreslå ein avtale som medfører at du fortsetter å være fast betalar i bytte mot mindre innbetalingar, eller så må dei stå på at låneavtalen ikkje skal endrast og ta jobben med tvangsinnkreving. Så lenge det er sant at du ikkje har råd til å betjene alle låna dine så vil det ikkje hjelpe kreditor med tvangsinnkreving når det ikkje er pengar å ta av.
- 58 svar
-
- 1
-
-
Kvifor er det på alle innloggingssider slik at passordet du skriv inn blir skjult under stjerner medan brukarnamnet alltid er i klartekst? Om du ikkje treng å lese passordet ditt for å skrive det rett, så treng du heller ikkje å lese brukarnamnet. Og skulle du være uheldig å skrive passordet i feil felt så vil alle som ser skjermen din også sjå kva passord du har. Kvifor er ikkje både brukarnamn og passordfeltet skjult? Det må vel gi betre datasikkerheit i bytte mot minimalt med ulempe ved at du kan ha skrevet feil brukarnamn?
-
Ja, det var nok stas å uteksaminere ein profilert politikar. Og når skandalen var eit faktum så vart det fyrst heilt taust, og deretter om å gjere å redde ansikt. Det hadde derfor vært nesten sjokkerande om Nord universitet vart ståande ved same konklusjon som ved fyrste sensur, særleg i etterkant av Borch saka. Men det er ingen grunn til at ho blir kasta, ho var like dugandes og kompetent då ho vart utnemnt til helseminister. Slike ministerpostar er mest statusverv som ein får som takk for partilojalitet, og i liten til ingen grad basert på fagleg kompetanse.
- 982 svar
-
- 2
-
-
-
🟠 Aldri skjønt med på Reddit
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Internett og nettverk
Ja det er nok vanskeleg for brukarane å skille mellom å bruke upvotes for å markere relevante innlegg frå populære innlegg. I tillegg blir upvotes og downvotes telt som positiv og negativ "karma" i brukarprofilen, og sjølv om det gir ein form for meining at brukarar med høg karma er brukarar som skriv mest relevante og nyttige innlegg, så er det nok slik at dei fleste brukarar som har høg positiv karma har dette fordi dei har vært tidleg ute med å skrive kommentarar som mange er einige i sjølv om det ikkje er nyttig og har blitt sagt mange gangar før i same tråd. På akkurat dette området liker eg forumets lyspære for å markere innlegg som opplysande/innsiktsrikt, hjerte for å markere innlegget som empatisk, og tommel som ein generell liker knapp. På den måten er det lett å markere opplysande innlegg med ei lyspære utan å også ta stilling til om du er einig eller ueinig i innhaldet. Dersom forumet på eit seinare tidspunkt vurderer å ta i bruk tommel ned reaksjon så er mitt forslag at tommel opp og tommel ned som støtteerklæring bør være eit heilt uavhengig tellesystem som ikkje har samanheng med dagens tommel, lyspære og hjerte. Ikkje at reaksjonsscoren betyr noko særleg, det er tross alt ingen andre enn deg sjølv (og mods) som kan sjå den. Men på same måte som at reaksjonsscore er avslått under off-topic for å unngå at brukarar booster sin score i off-topic delen, så bør ein heller ikkje kunne booste sin score i politikkdelen ved å skrive ting som mange er einige i.- 36 svar
-
- 1
-
-
Det eg ville fram til er at Kjerkol har i dag ein jobb som i liten til ingen grad er tufta på mastergraden, jobben ho har er ein politikarjobb som ikkje har anna utdanningskrav enn grunnskule. Når Kjerkhol taler som helseminister så taler ho som politikar og ikkje som fagperson med mastergrad. Dei andre som studerte samtidig som henne har nok brukt sine mastergrader heilt direkte til å få ein jobb der dei har fått eit ansvar for liv og helse på bakgrunn av sin utdanning.
- 982 svar
-
- 2
-
-
Ein anna ting som gjeld denne juksesaka er at eg er litt redd for at dette fokuset på juks blir veldig forbigåande. Av dei studentane som leverer hovudoppgåve no i vår så må det vel berre være dei "dummaste" som leverer inn ei oppgåve som dei ikkje sjølv har køyrd gjennom ein plagiatkontroll. Om ein er såpass smart at ein tek ein slik kontroll sjølv så er det ein smal sak å omformulere tekst som blir markert som lik, og på den måten jukse utan at det blir oppdaga. Men ein slik kontroll vil ikkje gjere oppgåva noko betre, einaste ien oppnår er at studentane bruker nokre få minutt ekstra på å kamuflere tekstlikheiter enten det er beviste eller ubeviste likheiter.
- 982 svar
-
- 1
-
-
I tillegg så er ikkje det som Kjerkol har gått ut med direkte feil heller, sjølv om prøvenemda var ueinige og kom til ein anna konklusjon. Det Kjerkol har sagt er at ho har brukt tekst som andre har skrevet men at konklusjonane og forskninga er hennar eigen. På dette området er eg langt på veg einig. Det som eg vil karakterisere som "ekte juks" slik som å stjele andre sitt harde arbeid med å forske og innhente data for å ta æren av dette sjølv, eller enda verre ved å få nokon andre til å skrive heile oppgåva og berre levere den inn under sitt eige namn burde vært straffa langt strengare enn det å gjere formalfeil med å ikkje sitere kvar ein har henta teksta frå. Det er etter mitt syn liten prinsipiell forskjell mellom å klippe og lime inn tekst, på å skrive av anna tekst, og det å gjengi tekst som du har lest etter hukommelsen. Forskjellen er berre at jo mindre direkte kopiering har vært jo vanskelegare er det å være heilt sikker på at du ikkje har gjenbrukt gode formuleringa som du har lest ein annan stad. Det er ikkje utanvidare lett å skrive tekst som er heilt 100% forskjellig frå alle dei tusenvis av oppgåvene som har vært levert tidlegare om omtrent same tema.
-
🟠 Aldri skjønt med på Reddit
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Internett og nettverk
Ulike brukarar har nok ulik oppfatting av kva som er rett bruk av reaksjonar på innlegg. Det sagt så er Reddit bygd opp slik at innlegga med flest positive tilbakemeldingar blir som standard flytta høgare opp, og innlegg med mange downvotes blir flytta lenger ned eller til og med skjult. Eg vil derfor gjette på at ein del av downvotes er fordi du går off-topic og diskuterer andre ting enn det tråden skulle handle om, i dette tilfellet ved at du skriv innlegg som er retta mot enkeltbrukarar og ikkje dei som fant tråden interessant nok til å klikke seg inn på den. Ved å da gi disse innlegga ein negativ score så blir dei flytta langt ned for dei fleste brukarane slik at dei andre brukarane slepp å bruke tid på å lese innlegg som ikkje omhandlar temaet direkte. Her på forumet så ligg innlegga i kronologisk rekkefølge i berre ein tråd med unntak av innlegg som er låst som fyrstepost og innlegg som har fått merkelappen "populært innlegg". Så her på forumet så må ein lese alle innlegga for å få med seg det som blir diskutert. På Reddit er kommentarane delt opp i mange mini-tråder med tilhørande kommentarar. Så når du les kommentarane så les du dei mest populære innlegga fyrst, og eventuelle kommentarar til disse populære kommentarane.- 36 svar
-
- 1
-
-
Eg er ikkje heilt sikker. Eg trur ikkje det er veldig sannsynleg at ho blir kasta. Rolla som statsråd krev i utgangspunktet ikkje fagleg kompetanse og er ei rein politisk stilling, så det ho mister graden betyr ikkje at ikkje lenger er kvalifisert. Dei to store spørsmåla om Kjerkol sin framtid er for det fyrste kva Kjerkol sjølv vil. Dersom ho fortsetter som statsråd så må ho tole å stå i ganske kraftig mediaoppmerksomheit, og det er det ikkje gitt at ho gidder. Sandra Borch valgte å trekke seg frivillig for å sleppe maset frå både media og dei andre politikarane. Det andre spørsmålet er om det blir reist mistillitsforslag som får fleirtal. Eg er mindre sikker på om Kjerkol blir kasta av sine eigne, det må i så tilfelle være fordi arbeiderpartiet vurderer det som strategisk lurt å vise handlekraft. Den store forskjellen mellom saka til Kjerkol og saka til Borch er Borch kunne ikkje ha tillit i rolla som høgare utdanningsminister der ho attpåtil hadde fronta ei linje om å være streng mot studentar som jukser. Kjerkol sin rolle som helsepolitikar er ikkje så direkte relatert til utdanninga. Den forrige helseministeren (Bent Høie) hadde ikkje helseutdanning i det heile tatt.
- 982 svar
-
- 3
-
-
Det blir også spennande å sjå kva som står i grunnlaget for denne konklusjonen. Eg tenker at dette ikkje var ein uventa konklusjon, og særleg med tanke på at andre studentar har blitt for minder kopiering enn dette. Men utan å ta Kjerkol i forsvar så er eg også ganske sikker på at Nord universitet har måtte kjenne mykje på presset frå opinionen om å kome til denne konklusjonen. Eg synes heller ikkje det er heilt likeheit for lova ettersom Kjerkhol ikkje blir utestengt. Ho kan derfor umiddelbart gå i gang med å skrive heilt ny eller endre på sin eksisterande oppgåve for å sende inn til ny vurdering. Så i motsetting til studentar som får sin studietid forlenga med minst eit år etter å ha blitt tatt for juks så kan Kjerkhol i teorien ha fått tilbake mastergraden sin til sommaren. Eit anna moment er også at det vil være ei ulikheit for lova om det berre er profilerte politikarar som skal få sin oppgåve etterprøvd. Om det er slik at ny teknologi gjer det lettare å avsløre juksing som kvalifiserer til at oppgåve/eksamen ikkje burde fått ståkarakter så bør jo det gjelde alle tidlegare studentar uavhengig av kva stilling dei har i dag. Det eg håpar at vi får ut av denne saka er ein skikkeleg oppvask på korleis ein skal definere juks. For Kjerkhol har jo eit poeng når ho seier at ho meiner oppgåva står seg fagleg sjølv om det er funnet tekstlikheiter. Etter mitt syn så bør tekstlikheit og såkalla sjølvplagiering staffast gjennom dårleg karakter eller stryk fordi arbeidet som er utført ikkje held mål enten det er reint fagleg eller reint oppgåveteknisk. Samtidig så bør juksing av dei faglege funna straffast hardare enn berre annulert eksamen og eit års karantene frå vidare studier. For det er den faglege juksinga som er verkeleg problematisk. Eg vil også at universiteta definerer kva dei skal gjere vidare med alle andre tidlegare studentar dei har hatt. Skal det det være ei foreldingsgrense for kor langt bakover i tid universitetet kan etterprøve om hovudoppgåva er skrevet utan juks? Skal det være ei avgrensing på kor mange gangar oppgåva skal kunne vurderast av ei prøvenemd? Om dette er linja ein vil legge seg på så meiner eg bestemt at Nord universitet også ta ein tilsvarande vurdering av alle dei andre studentane. Med ufortent mastergrad i helseleiing så er det jo eigentleg flaks at Kjerkhol "berre" er politikar, hadde ho hatt ein jobb innafor helsevesenet som ho ikkje har kompetanse til å inneha så kan det i teorien være fare for liv og helse. Så reint konsekvensmessig så vil det være mykje viktigare å ta ein juksesjekk på alle medstudentane til Kjerkhol, for dei kan i dag sitte i ganske så viktige stillingar med ei slik utdanning.
- 982 svar
-
- 8
-
-
-
-
Du har nok rett i at dei fleste arbeidsgivarar vil ha tilsette som har all relevant opplæring/utdanning, har arbeidserfaring og krever lite betalt, (og kanskje også skal dei helst være så unge at dei kan bli i stillinga i gode 50 år), men heller ikkje arbeidsigivarar kan få det dei vil ha kvar gong så kompromiss må til. Det finnes mange jobbar som ikkje krever verken utdanning eller arbeidserfaring, men samtidig kan det også være mange som vil ha disse jobbane. Korleis du skal gå fram for å få deg fast jobb vil du nok ikkje få eit fasitsvar på. Men det fyrste du bør vurdere er om det er jobbar eller fagområder der du tenker du kan ha eit fortrinn sjølv om du manglar formell utdanning/erfaring. Er du god på data men har ti tommeltottar på alt praktisk arbeid så bør du nok fokusere meir på kontor eller butikkjobbar og mindre lager og byggearbeid. Ein interesse eller "naturtalent" for arbeidet vil også hjelpe mykje. Gode personlege rellasjonar til dei som tilsetter er også ein stor fordel, kanskje særleg når det er mange søkarar. Av den grunn bør du til dømes legge ved bilde av deg sjølv i jobbsøknaden, det kan være fordelaktig å ringe eller helst møte opp personleg for å helse på den som tilsetter. Alt som bidreg til at den som tilsetter deg får eit godt inntrykk av deg er til god hjelp. I tillegg så er det viktig at du har ei realistisk forventning til kva jobbar du kan få. Fokuser på jobbane som det er realistisk at du kan få, vær innforstått med at den fyrste jobben du tek ikkje treng å være den jobben du skal ha resten av livet. Har du fyrst fått ein fot innafor og har fått deg litt arbeidserfaring så er det også lettare å få seg ny jobb etterpå. Gjer også nokre vurderingar på kor store ulemper du er villig til å finne deg i for å få den fyrste jobben. Du kan til dømes ikkje forvente å få veldig høg lønn når du blir tilsett utan erfaring og utdanning, og det kan være at du strategisk bør fokusere mot arbeid som ikkje er særleg attraktivt som til dømes nattarbeid, og kanskje du også bør vurdere om du er villig til å flytte for å få deg ein jobb. For alt dette kan du få forbetre når du har fått deg litt arbeidserfaring og seinare bytter jobb eller går i forhandlingar med arbeidsgivaren din.
-
Sidan den nyaste byggeforskrifta er frå 2017 så har ikkje regelverket blitt strengare etter bygginga (ferdigattesten blir gjort på bakgrunn av om bygget oppfyller dagens byggekrav). Så er bygget korrekt bygd ettet 2017 reglane så skal dette være ein rein formalitet. Spørsmålet er jo kvifor det ikkje føreligg ferdigattest (eller midlertidig bruksløyve), er det berre fordi dagen eigar ikkje har prioritert å gjere det eller ikkje ville betale gebyret for å få ferdigattesten? Eller kan det være forhold som gjer at dagens eigar veit at det kan være problematisk å få ferdigattest?
- 1 svar
-
- 1
-
-
Det er nok ikkje meir akseptert at leiinga rusar seg på jobb enn at andre ruser seg på jobb, men det kan være litt forskjell på kor farleg det er være rusa på jobb når du er leiar som sitter mest på kontor kontra om du opererer tungt maskineri. Det vil nok derfor være større behov for å gripe inn og gjere tiltak ovanfor dei som har meir praktiske jobbar. Det er også eit kraftig skille mellom det som foregår på fritida og det som foregår i arbeidstida. Ulovleg rusbruk på fritida kan i liten grad sanksjonerast av arbeidsgivar utanom det er spesielle krav til stillinga som ikkje kan kombinerast med ulovleg rusbruk på fritida. Dersom det blir brukt rusmiddel på jobb har arbeidsgivar i mange tilfeller regelrett plikt til å gripe inn gjennom plikta som litt til arbeidsmiljølova om å syte for at arbeidet foregår på fullt ut forsvarleg vis. Rusa medarbeidarar vil så og seie alltid gå på bekostning av sikkerheita, enten fordi det er større fare for å gjere feil når ein rusa, men også indirekte slik som i dette tilfellet når arbeidaren brukar kokain som sjølvmedisinering for å kompansere for lange arbeidsdagar, så har arbeidsgivar brutt plikta til å syte for at arbeidsmiljøet er fullt ut forsvarleg. Det er uansett farleg å jobbe så mykje at du enten utfører arbeidet medan du er trøtt eller medan du er rusa.
- 12 svar
-
- 2
-
-
Ja det går fint det, ein treng strengt tatt ikkje NRK radio appen når appen i praksis er ein nettlesar som berre kan vise ei nettside. Det løyser likevel ingenting av dei praktiske utfordringane utanom at ein slepp å ha ein installert app. Ein del av funksjonane må du uansestt være innlogga for å ha tilgang til, som til dømes loggføringa av kva episoder du har høyrt, osv. Brukargrensesnittet er heilt likt og etter min meining lite oversiktleg, og ein må fortsatt ha andre mediaspelarar installert på telefonen om ein ikkje høyrer eksklusivt på NRK. Tilgjengelegheita er like dårleg (eller litt dårlegare) fordi ein uansett må gå via ei nettside eller app dersom ein vil skifte frå å høyre ein Podimo pod til ein NRK pod. Min personlege preferanse er Poddcast addict appen, den har nesten alt og eg brukar den til alt mitt lyttebehov enten det er podcastar, lydbøker eller musikk. Eg kan lage spelelister på tvers av ulike kategoriar. Eg kan skjule episoder eg er ferdig med, eg kan endre både namnet og bildet på kvar enkelt podcast om eg ikkje er fornøgd med det som kjem som standard, eg kan prioritere kva podcastar eg vil ha øverst, appen har god integrasjon mot Android Auto til bruk i bil, osv osv. Så fram til no nyleg når NRK slutta heilt å støtte andre appar så var dette appen eg brukte til alt
- 34 svar
-
- 1
-
-
Folk som alltid sier navnet ditt
The Avatar svarte på ltdata sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Litt off-topic og min utheving men ville berre kommentere at denne stavemåten kjem eg til å kopiere. Å stave sykt som psykt er ein utmerka måte til å uttrykke at noko er sjukt og samtidig framheve at det er psykisk sjukt og ikkje anna sjukdom som ein refererer til. Ein kan også oppnå nøyaktig det same resultatet og sette på plass nokon ved å rette peikefingaren mot dei å bestemt omtale personen som "du". I formelle møter som styremøter så tenker eg likevel at det både er ryddig og formelt korrekt å skulle omtale dei andre i møtet med enten namn eller eventuelt kva funksjon dei har i styret. Dette fordi det er viktig at heile styret har same oppfattinga av kva og kven som blir diskutert, og fordi det skal førast referat/protokoll og då kan det være viktig at det er nedskrevet eksakt kven som fekk i oppgåve å gjere det eine eller andre, eller om det vart fatta vedtak om at styret i fellesskap skulle iverksette vedtaket. I referatet bør det helst stå "Per fekk i oppgåve å...", eller "Økonomiansvarleg skal til neste møte...", på den måten går det heilt klart kven ein har omtalt.- 48 svar
-
- 2
-
-
-
Det som NRK sjølv oppgir som grunn er at NRK frykter for sin uavhengigheit som podcastprodusent dersom det er teknologiplattformene som står for tilgjengeleggjeringa av av podcaster via sine eigne app-løysingar. Og at denne uavhengigheita er viktig for at det også skal kunne publiserast podcastar som ikkje nødvendigvis er populære eller annonsørvennlege. Dette er eit argument som eg berre kjøper delvis. Etter mitt syn så er det eit argument for at NRK skal utvikle og vedlikehalde ein eigen gratis app for NRK sine podcasts, men der NRK sin grunngjeving mister meg er at eg forstår ikkje kvifor ein ikkje kan gjere begge delar. Som allmennkringkastar så er det jo spesielt viktig å gjere innholdet tilgjengeleg, og det blir det ikkje om ein berre får tak i innholdet via NRK sin app. For sjølv om ein privat podcast-app produsent skulle sensurere enkelte podcastar og episoder som NRK har produsert, så er det vel godt nok at alt er tilgjengeleg i NRK sin app? Eg er også av den oppfattinga at innhold frå NRK kan være meir utsatt for sensur, og særleg i utlandet ved at det er mykje lettare å blokkere akkurat NRK sin app og dermed alle podcastane enn det er å stope ein rss feed. Er ikkje ueinig, men for min del så handlar det mykje om personleg preferanse. Sjølv synes eg at NRK radio appen er heilt OK men ikkje god. Innholdet er lett tilgjenglege og gratis, og lagar ein seg ein profil så vil også appen huske dine preferansar. Eg har likevel fleire ting å utsette på NRK appen som gjer at den dessverre ikkje blir min faste app for podcasts, også no når NRK har gått vekk frå å publisere sine appar litt forsinka i andre appar til å ikkje gjere podcastane tilgjengelege i det heile tatt. Lista over ting som eg absolutt ikkje liker i NRK radio appen er eigentleg alt for lang: Framsida har nesten berre reklame for anna innhold enn det eg følgjer. For å finne mitt innhold så må eg scrolle. For å få ei brukandes oversikt over podcastane/programma eg følgjer så må eg gå via eit ekstra klikk og trykke på den vesle "Vis alle" knappen. Utan det så må eg scrolle sidelengs og får berre sjå eit og eit program når appen er i portrait mode, landscape mode er ikkje støtte for. Neste episode startar automatisk og det er ikkje mogleg å slå av som standard. Det er riktignok mulig å for kvar enkelt episode å bruke slumreknappen og der sette opp at det skal være pause når episoden er over (eller etter X min), men appen burde huske kva som er min preferanse. Dette har det irritasjonsmomentet at dersom du høyrer på appen og ikkje har tenkt å sovne (men gjer det likevel) så vil episodene skure å gå til du våkner opp og det er vanskeleg å leite seg tilbake til kor langt du eigentleg har høyrt på podden. Når du fyrst har starta å høyre ei episode så er det ikkje mogleg å nulle den ut, den blir liggande som eit band nederst på appen som ikkje kan fjernast. Dette er kanskje særleg irriterande og unyttig dersom eg brukar NRK radio appen som radio-app og høyrer på direkteradio via appen. Kor ofte er det at eg ved neste gangs bruk av appen etter fleire timar eller dagar ønsker å fortsette låta som vart spelt direkte på P1 og som eg stoppa midt i fordi eg var ferdig å høyre på radio. NRK radio appen kan aldri ta over som min standard app fordi den ikkje støtter import av andre podcastar via RSS, så uansett kor bra NRK radio appen skulle bli i framtida så vil eg alltid måtte ha minst ein podcast-app til for å høyre på andre gratisappar. Det er mogleg å tilpasse hastigheita på avspelinga av episoder, men berre for kvar enkelt episode. Eg kan ikkje gjere slik som i andre appar og definere at alle episoder i ein bestemt podcastserie skal spelast av på raskare hastigheit. Særleg appar som er undervisande så er det fint å spare tid ved å auke hastigheita med 50%, men når dette må gjerast manuelt på kvar enkelt episode så er det upraktisk å måtte ta fram mobilen for kvar nye episode (som startar automatisk), særleg under bilkøyring når eg strengt tatt skal køyre til sides og stoppe før eg trykkar på mobilen for å endre innstillingar. Den vesle haken som indikerer at du har høyrt ferdig episoden er alt for diské og vanskeleg å sjå ved rask scrolling. Aller helst vil eg ha moglegheit til å skjule episoder eg er ferdig med slik at berre episoder eg ikkje har høyrt vises på lista (særleg med tanke på at mange radioprogram har gått dagleg i mange mange år slik at lista over alle episoder er enormt lang), men som minimum så burde episoder som eg har høyrt ferdig være betre merka. (Kvit og grå skrift på mørk blå bakgrunn over ein enda mørkare blåfarge gir etter mitt syn ein veldig dårleg kontrast. Som offentleg aktør som er opptatt av inkludering så er det nesten sjokkerande at appen manglar tilgjenglegheitsinnstillingar som fargekontrast og skriftstørrelse Eg tenker eg stopper der, poenget er uansett at i beste fall blir NRK radio appen ein i tillegg til app som på ingen måte løyser det store problemet med at alle innholdsprodusentar skal ha sin eigen eksklusive app med tilhøyrande brukarprofil. I tillegg så fjerner ein alle fordelane som ein før hadde med at ein kunne finne seg ein god app som støtta din personlege preferanser i staden for å bli låst til eit brukargrensesnitt som du ikkje liker.
- 34 svar
-
- 6
-
-
-
-
Det er ofte litt mindre direkte. I mange filmproduksjonar så foregår det slik at Pentagon gir støtte gjennom å låne ut militære effekter som køyretøy, uniformer, lokasjonar, osv. Som vilkår for å gi slik støtte så sett Pentagon krav til produksjonen, typisk at den amerikanske hæren skal være "good guys" og at filmen ikkje kan være kritisk. Så støtten er vanlegvis i reine pengar, men produksjonen soarar sjølvsagt mykje pengar om dei får låne jagerfly gratis kontra å måtte prøve å leige fly eller bruke tid på å lage modellar eller datagrafikk for å lage filmen.
- 29 svar
-
- 3
-
-
Der kjem også ann på type stilling ein rekrutterer til. Ved å tilsette ein som har snitt på C, trener 20 timar i veka, og har ein ekstrajobb så får du i beste fall ein generalist. Ein som kan gjere mykje forskjellig men som ikkje er spesielt god i noko som helst. Ein C elev er ikkje spesielt god i sitt fag, og sjølv om ein trener mykje så er det ikkje realistisk å oppnå dei heilt store sportslege resultata om 20 timar med trening skal kombinerast med 40 timar fulltidsjobb og kanskje 10 timar med deltidsjobb. Om jobben krever at ein er i god fysisk form og har grunnleggande fagleg kompetanse så vil ein slik kandidat være midt i blinken, men til dei fleste andre jobbar så smører ein nok seg for tynt til å kunne bli god i noko som helst.
- 27 svar
-
- 2
-
-
Folk som alltid sier navnet ditt
The Avatar svarte på ltdata sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Eg trur nok det er mykje ulik motivasjon, og det er ikkje sikkert at alle har ein baktanke med det heller. Kor mykje ein brukar namn har nok også mykje med kulturelle og sosiale normer å gjere. Selgarar kan nok tenkast at dei brukar namnet ditt litt manipulativt, for dei ønsker å raskast mogelg oppnå ein relasjon med deg for å få landa eit salg. Legen og liknande brukar kanskje namnet ditt meir som ein kontrollmekanisme for å forsikre seg om at dei snakkar med rett person, og sikkert også til dels for å vise at dei har førebudd seg på samtalen med nettopp deg. Heilt framande personar brukar kanskje namnet ditt mykje som ein memoriseringsteknikk. Når ein helser på nye folk fyrste gongen så er det veldig lett å gløyme namnet nesten umiddelabart om ein ikkje gjer ein aktiv innsats for å huske det. Sjølv brukar eg lite namnet til personen eg snakkar med, einaste nemneverdige unntaka er i litt større forsamlingar der det å feste blikket i den eg snakkar til ikkje er tydeleg nok signal til at eg adresserer akkurat den personen. Det andre unntaket er når eg treng å skaffe meg oppmerksomheita frå ein person som ikkje får med seg at eg har henvendt meg mot dei for å seie nokon. Utanom det så brukar eg nok mest personnamn når eg snakkar om dei til andre. Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik, men eg trur det er litt kulturelt ved at eg ikkje omgås personar som brukar mykje namn når dei snakkar. Det kan hende det har litt med norske innesluttsomheit å gjere. Om du ser til amerikansk kultur så er dei nesten ekstreme med å bruke namn og ropar namnet ditt så fort du entrer rommet for å vise at dei har sett og anerkjenner deg.- 48 svar
-
- 2
-
-
-
Ja, det nærmaste ein kjem fordelar ved å ha tatt utdanninga på ein bestemt skule er at det ofte er slik at sjefen vil tilsette nokon med same utdanning som ein sjølv (som ein då veit er ei god utdanning). Det vil innimellom kunne gi utslag i at ein arbeidsgivar som har sin utdanning frå BI heller velger kandidaten som også har gått BI framfor kandidaten frå NHH om alt anna er likt. Det er likevel ganske langt unna at ein er sikra jobb uavhengig av karakterar om ein berre har vitnemål frå "rett" skule. @majer Du har andre forventingar til skuleverket enn det som dei faktisk skal gjere. Formålet med grunnskulen og den vidaregåande opplæringa finn vi i opplæringslova: Politikk er ikkje ein del av det som elevane skal lære. Det som elevane skal lære som tenderer mot politikk er at dei skal lære om demokrati, og generelt få den nødvendige kunnskapen til å bidra i samfunnet. Eleven skal altså kjenne til det demokratiske systemet ved at ein stemmer på parti som danner regjering og styrer landet, men kva dei ulike partia står for ligg utanfor det som er skulens oppgåve. Noko av grunnen til det er nok at det er tilnærma umogleg å undervise i partipolitikk på ein nøytral måte. Særleg med tanke på at lærar som gruppe har ein tendens til å stemme i meir venstreorientert retning. Berre det at mange lærarar er kvinner bidreg til å vri den politiske preferansen litt meir mot venstre og litt mindre mot høgresida. Så dersom skulen skulle hatt i oppgåve å undervise i forskjellen mellom Fremskrittspartiet og Raudt så reknar eg med at det hadde hagla med beskuldningar om at skulen driv med venstreradikal hjernevasking av ungdom. Så det skulen skal fokusere på er i korte trekk eit veldig grunnleggande fundament om norske tradisjonar, kultur og historie. Dagsaktuelle tema som politikk og nyheiter ligg utanfor det skulen skal drive med, tilsvarande manglar det nesten heilt med opplæring i hushaldninsbudsjett, familieplanlegging og husstell. Det å gi ungdommen emne til å kunne bu i ei leilegheit der dei betalar rekningane sine i tider og lagar seg middag er heilt opp til at foreldra har gitt dei ei god oppdraging. Når det gjeld spørsmålet du stiller i overskrifta så handlar det mest om prioriteringar, og indirekte kor stort ansvar og styring skulane og dermed det offentlege skal ha ovanfor elevane. Verv, hobbyar, deltidsjobb, osv er også viktig kompetansebygging, men per dags dato er ikkje dette noko som skulen blanda seg opp i. Slik kompetanse er det forventa at eleven skal skaffe seg på fritida og ikkje i regi av skulen. Min meining er at i dag så er det så store ulikheiter i kva livserfaring elevane får alt etter kva utgangspunkt foreldra deira har. Husk at dagens vidaregåandeelevar er oppdratt av ein generasjon som også har fått ganske avgrensa med opplæring i familieliv, husholdningsøkonomi, osv. Dette gir etter min meining eit veldig stort klasseskille mellom dei som har foreldre som har gitt ei god oppdraging og dei som har foreldre som ikkje har vært like aktive. Eg vil derfor ta til orde for at vi burde innført delar av det som i dag er allmenn verneplikt inn i skuleverket enten på siste året på vidaregåande eller som eit fjerde år på vidaregåande. Ikkje at den vidaregåande skulen skal gi våpenopplæring, men ei opplæring på relativt elementære livskompetanse som korleis ein kler seg for å gå ein dagstur på fjellet, korleis ein vasker eit bad på ein akseptabelt hygienisk måte, korleis ein vurderer om ein har råd til å ta eit forbrukslån med 10% nominell rente og 15 % effektiv rente, osv, osv. Her kunne ein kanskje også funnet rom til det du etterspør, ei opplæring om kva dei politiske partia står for og kva konsekvensar av både positiv og negativ art ein får ved å innføre partiprogrammet til parti X.
- 27 svar
-
- 2
-
-
Som nemnt så betyr det ingenting for vidare utdanning, men det kan ha litt betydning for fyrste jobben. Etter at du har tatt høgare utdanning så er det ingen som bryr seg om karakterane på vidaregåande, med unntak av akkurat fråværet sidan det i vitnemålet frå høgskule/universitet ikkje står noko om fråværet. Kor relevant fråværet frå vgs faktisk er kan ein jo også stille spørsmål ved sidan dette då er fråvær som fort ligg 3-5 år tilbake i tid når du kjem til ditt fyrste ordentlige jobbintervju. Sjølv om du ikkje har gyldig grunn for fråværet i år, så ha du vel ei forklaring? Reknar med at ikkje alt er skulk, så eg reknar med at du heilt greit kan forklare at fråværet skuldast til dømes sjukdom som du ikkje rakk å få dokumentert frå lege før du vart frisk. 5 dagar i løpet av eit år er ikkje spesielt høgt fråvær, og i alle fall ikkje om du viser til det gjennomsnittlege fråværet du har hatt alle tre åra.
-
Dette er det eigentleg ikkje mogleg å gi deg eit godt svar på. Det kjem ann på alt for mange faktorar, der kanskje den aller viktigaste er kva som eksakt ligg til stillingane. Normalt sett vil du få lønn utifrå ei totalvurdering på kva jobben går ut på, kva kompetanse som trengs, kva som trengs av personlege eigenskapar, kva som krevs av kjennskap til fagområdet, kjennskap til bedrifta, osv, osv. Ein prosjektleiar innan byggebransjen kan være alt frå å ha ansvaret for oppføring av uthust til eit par hundre tusen til å ha prosjekteringsansvaret for svare bygg til eit par hundre millionar. Lønnsnivået vil sjølvsagt også bli svært ulikt. I tillegg så er mykje av lønnsnivået avhengig av dine personlege forhold som kva du har av formalkompetanse, kva du har av relevant arbeidserfaring, leiarerfaring, og økonomierfaring. I tillegg til å google og sjekke tilgjengeleg lønnsstatistikk så er eignetleg det beste rådet å spørre etter slik informasjon. Det mest umiddelbare forslaget er å kontakte den som står som ansvarleg for tilsettinga, den leiaren bør kunne svare ut kva lønnsnivå du kan forvente. Ei bedrift med 70 tilsette er nok så stor at det er sannsynleg at det er ein tillitsvald som du kanskje kan ta kontakt med for å få litt informasjon om lønnsnivået i bedrifta om du ikkje stoler på svaret frå din potensielle arbeidsgivar. Du skal likvel ikkje være for redd for å få eit uriktig svar frå din potensielle nye sjef. Er du ein attraktiv arbeidssøkar så vil ein ikkje forespeile deg eit lønnsnivå som er så lavt at du ikkje møter opp til jobbintervjuet, du kan nok ikkje forvente at du får forespeila det maksimale lønnsbudsjettet, men samtidig vil du nok heller ikkje bli forespeila ei veldig låg lønn. Tilsvarande så kan du sjølvsagt forhøyre deg med likande selskap for å spørje om kva lønnsnivå dei ligg på. Det er ikkje alle som vil snakke så veldig opent om lønnsnivå, men du må nesten berre prøve. Eit anna tips er at når du fyrst har fått eit jobb og lønnstilbod så har du sjølvsagt rom for å forhandle på lønna før du signerer. Sjølv om det kan virke litt skummelt å kreve for mykje i lønn så er det svært sjeldan at eit høgt lønnskrav fører til at jobbtilbodet blir trukket tilbake. Har du fyrst fått eit jobbtilbod så er det fordi du er den beste kandidaten og at det er nettopp du som er fyrstevalget. Så kjem du med eit nytt høgare lønnskrav så er eigentleg det verste som skjer at du får eit nei som svar, og eit ultimatum om at du enten aksepterer jobb og lønnstilbodet som det føreligg eller så må du takke nei til jobben. Så det einaste du risikerer dersom du tek i alt for mykje på ditt lønnskrav er at du krever så usansynleg mykje at arbeidsgivar ikkje vil gå i forhandling med deg. Kva som er formykje å kreve kjem også ann på mange faktorar, men normalt så vil det ikkje være heilt urealistisk å kreve ca 10% meir. Det einaste du skal være litt forsiktig med er å flagge for høgt dine lønnsforventningar før du får eit jobbtilbod. Dette fordi at dersom du signaliserer litt vel høge lønnsforventningar i jobbintervjuet så kan det medføre at arbeidsgivar ikkje "tørr" å gi deg eit jobbtilbod om lønnsbudsjettet ikkje tillet eit lønnstilbod som liknar på det du har sagt at du forventar, og heller gir jobbtilbodet til kandidat nr 2 i staden for då det er mindre "flaut". Det er eigentleg overraskande kor ofte ein arbeidsgivar ikkje er modig nok til å førsøke å gi eit jobbtilbod til den beste kandidaten om arbeidsgivar trur at kandidaten kjem til å takke nei på grunn av lønnsnivået.
-
Ein vil uansett få straff for å ikkje ha forsikra elsparkesykkelen, og i tillegg så må ein sjølvsagt erstatte dei skadene ein har forårsaka frå eiga lomme ettersom ein ikkje har ei forsikring å ta det på.
- 18 svar
-
- 2
-
-
Det spørs jo også kva som gjer at ein har fått større lån enn ein har økonomi til. Det vanlegaste er at det er lånesøkaren som har gitt feilaktige eller manglande opplysningar slik at banken har godkjent lånet på eit uriktig grunnlag. Enten ved at ein ikkje har opplyst korrekt om sine inntekter eller utgifter, eller at kunden etter å ha fått innvilga lånet bruker opp pengane sine på heilt andre ting enn å betjene gjeld. Det skal litt meir til for at det er banken som den profesjonelle part som har lurt kunden, men i teorien så kan ein sjølsagt tenke seg at banken har utnytta kundens uerfarenheit i økonomiske spørsmål til å gå med på ein låneavtale som kunden aldri kan klare å nedbetale.
-
Det er ikkje lov utan løyve frå grunneigaren. Reint praktisk så er nok likevel risikoen for ein reaksjon liten. Politiet har heimel til å fjerne køyretøy som står parkert på privat eigedom om parkeringa skjer utan løyve eller om parkeringa er til hinder. Erfaringsmessig så skal det ganske mykje til for at politiet brukar heimelen for å fjerne bilen, særleg om grunneigaren ikkje kan syne til særskilt ulempe. I tillegg er det mogelg for grunneigar sjølv å få fjerna køyretøy, men då må området være tydeleg skilta med opplsyningar om kva vilkår som gjeld for å parkere der, herunder at bilen kan tauast vekk eller at det kan utskrivast kontrollgebyr. Sidan dei fleste bilverksted treng biloppstillingsplassen for å kunne utføre sitt arbeid så vil det overraske meg om biloppstillingsplassen ikkje er skilta.