
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Hvor mye av internett-regningen dekker arbeidsgiver?
The Avatar svarte på jnissen sitt emne i Jobb og karriere
Det er nok litt både og. Enkelte arbeidsplassar så gjer ein det nok såpass enkelt at arbeidstakarane aksepterer å bruke av sitt private internett for å få lov til å ha heimekontor når ein sjølv vil. Då blir det litt gi og ta, arbeidstakaren får fleksibiliteten til å sleppe å reise på kontoret kvar dag medan arbeidsgiver får fordelen med å sleppe å ha internettutgifter både på kontoret og i arbeidstakarens heim. Kor vanleg det er varierer nok mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass. På den eine sida så kan dette være eit gunstig gode for tilsette som får tenester til større verdi enn ein betalar i skatt. Arbeidsgivar på sin side sparer litt på arbeidsgiveravgift ved å gi lønn som naturalytingar på denne måten i staden for å betale det ut som vanleg lønn. Fordelen for arbeidstakar vil likevel variere utifrå om ein får benytta seg av tenesten, og synes ein får nytte av å få litt av lønna som naturalyting i staden for å få lønna som reine pengar. -
Går det å kreve erstatning for skadet bil pga feil fra St.vegvesen?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Ja det stemmer nok dette. Statens vegvesen sin håndbok V128 https://www.vegvesen.no/globalassets/fag/handboker/hb-v128-fartsdempende-tiltak.pdf seier at ein fartshump ikkje skal være høgare enn 10 cm uansett fartsgrense, og at ein fartshump der det er fartsgrense 50 km/t skal lengden være 11 meter (radius på 113m). I 30 sone skal lengda være 5 meter og radius på 20m. Det er også noko forskjell alt etter eksakt type fartshump. Merk likevel at dette er ei rettleiing, så det er ikkje ulovleg med anna utforming sjølv om det bryt med det som er vanleg praksis.- 25 svar
-
- 1
-
-
Går det å kreve erstatning for skadet bil pga feil fra St.vegvesen?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Sidan dette var seint på kveld så er det nok sannsynleg at arbeidet var avslutta for dagen og at arbeidsvarslinga vart plukka ned når arbeidarane forlot området for dagen. Det å sjekke opp i om arbeidsvarslinga er i orden er uansett eit godt tips. Men må likevel rekne med at det blir ein tung kamp å få erstatning frå Oslo kommune, kronargumentet frå dei er stort sett at det er sjåføren som er ansvarleg for å køyre etter forholda, og at dersom det er for mørkt til å sjå ein fartsdump så betyr det at TS har køyrd for fort. -
Har berre opplevd kontroll to gongar i to forskjellige butikkar, så eg har litt tynt grunnlag for å seie korleis kontrollane blir utført, men eg opplevde kontrollane som veldig forskjellige. På den eine butikken kom det berre ein tilsett og logga seg inn på systemet for å nulle ut varselet slik at eg fekk fortsette handelen. I den andre butikken så vart varene eg hadde scanna tatt ut av posen og kontrollert mot kvitteringa. Eg er usikker på om det er ulik praksis hos kjedene, om det er forskjell på kor mykje arbeid den enkelte tilsette orker å legge i kontrollen, eller om det rett og slett er trynefaktor der eg i den eine butikken tydelegvis framstod som ærleg medan i den andre butikken vart eg kanskje vurdert som meir tvilsom type? Eg trur nok også at det ligg ein algoritme inne, og at det ikkje er berre er kontroll av kvar 100 handel. Litt på same måte som at eg har inntrykk av at eg oftare blir bedt om å bekrefte beløp under 500 kr med PIN-kode når eg handlar i butikkar som eg ikkje handlar i så ofte, og at det kjennes som at det går mykje lenger tid mellom kvar gong eg blir bedt om PIN-kode når eg handlar i min nærbutikk. Det vil nok gi meining om det er ei algoritme som er ekstra på hugget ved avvikande kortbruk.
-
Noen nettsider som kan fås tilgang til folkeregister
The Avatar svarte på Bcher sitt emne i Programmering og webutvikling
Din einaste lovlege adgang til slike opplysningar er ved å søke skatteetaten om innsyn. Også som privatperson kan du søke innsyn. Skatteetaten lov til å gi ut følgande opplsyningar ved søknad om innsyn: navn (inkl. historikk) fødsels- og d-nummer grunnlaget for registrert identitet adresse og flyttedato for nåværende bostedsadresse (ikke adresser undergitt taushetsplikt eller gradert kode 6 etter beskyttelsesinstruksen) tidligere adresser, inn- og utflyttingsland fødested statsborgerskap sivilstand (alle typer) vergemål (verges navn) rettslig handleevne stadfestet fremtidsfullmakt dødsdato registreringsstatus (bosatt, utvandret, død, opphørt og inaktivt d-nummer) Disse punkta er etter folkeregisterloven ikkje underlagt tausheitsplikt. Det som er underlagt tausheitsplikt er ektefelle og foreldreansvar. Det betyr at dersom TS søker innsyn så vil han/ho ikkje få stadfesta at dette er faren til TS, men så lenge TS har eit namn på vedkommande så kan TS få vite om den namngitte personen fortsatt er i live, om vedkommande bur i Norge, samt adresse om adressa ikkje er hemmeleg. Eg er litt usikker på om om TS kan få vite eventuelt nytt namn til denne personen, eller om det berre er dagens namn og eventuelle tidlegare namn, men det må TS bare søke om for å finne ut. Det er dette som er den lovlege og korrekte måten å skaffe seg innsyn på. Då blir det opp til Skatteetaten å vurdere kva opplysningar som kan utleverast.- 3 svar
-
- 2
-
-
Går det å kreve erstatning for skadet bil pga feil fra St.vegvesen?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Vækerøveien er i følgje vegkartet ein kommunal veg, så rette mottakar for ei klage er då Oslo kommune. Terskelen for å få erstatning er ofte høg. Det du må få fram er at Oslo kommune har vært uaktsomme eller har oppført seg klandreverdig, av klandreverdig oppførsel så vil dette typisk være at ein har brukt for lang tid på å utbetre feilen til tross for at den har blitt innmeldt seinare. Det du må få fram i ditt krav er nettopp at fartshumpen er for høg sett opp mot fartsgrensa i gata, og at det er uaktsomt at ein heilt ny og kolsvart fartsdump ikkje har blitt merka. Her kan det være lurt at du så raskt som mogleg drar til bake og fotograferer forholda. Det du nok vil møte som motargument er at det er ditt ansvar som bilførar å tilpasse farta etter forholda, og at nødvendig skilting og merking er ivaretatt ved at det er skilta midlertidig nedsatt fartsgrense til 30 km/t som er den lågaste fartsgrensa ein kan skilte med på offentleg veg. Det er ikkje utan vidare eit krav om at ein skal kunne køyre i skilta fartsgrense over alle fartdsumpar, ofte blir fartsdumpar brukt særskilt fordi ein ynskjer at trafikken bremser ned til under fartsgrensa. Om det behovet var at alle skal køyre i jamn fart i 30 km/t gjennom gata så kunne ein brukt fotoboks i staden for fartsdump. Sjølv om du ikkje skriv noko om det så er det nok truleg også skilta med asfaltarbeid i tillegg til fartsgrensa, dette vil nok også bli brukt mot deg som argument for at du måtte forstå at du skulle køyre ekstra forsiktig. Den mest nærliggande måten ta saka vidare på er at du melder inn saka som ei forsikringssak, betalar eigenandelen og ber forsikringsselskapet kreve regress frå Oslo kommune for både utgiftene til forsikringsselskapet og din eigenandel og bonustap.- 25 svar
-
- 3
-
-
-
Hvor mye av internett-regningen dekker arbeidsgiver?
The Avatar svarte på jnissen sitt emne i Jobb og karriere
Dette er avhengig av kva ein har avtalt, det er ingen fast grense. For ekomtenester så er det eit sjablongbeløp på 4392 kr i året, dersom ein mottek verdiar for over denne summen så må arbeidsgivar oppgi kor stor del av beløpet som er jobbrelatert og kor stor del som er til privat bruk, dette av omsyn til rett skattelegging. Om arbeidsgivar skal dekke maks 750 kr, eller prisen av det billegaste internettalternativet må som sagt avtalast. Viktige ting å avklare er då kor mykje av internettet du forbruker privat, og kva forventningar arbeidsgivar har til at du har internett heime. Dersom det er påkrevd at du skal ha internett heime for å kunne jobbe på heimekontor så vil det være eit sterkt argument for at arbeidsgivar må dekke dei fulle kostnadane av å få tilgang til ei brukbar internettilkobling. Dersom det er snakk om å ha internett heime fordi det innimellom kan være aktuelt å ha heimekontor men du fortsatt kan takke nei til å ha internett heime så tenker eg at det er meir relevant med ei kostnadsfordeling basert på privat forbruk. Det store spørsmålet i slike saker blir då om kven det er som ynskjer å ha raskt internett, er det arbeidsgivar som vil at du skal ha eit dyrare internett med høg hastigheit, eller er det for arbeidsgivar nok at du har internett men det er du som synes det hadde vært greit om heimenettet ditt var raskt nok til å bruke til det du vil privat? Så det viktigaste spørsmålet er ikkje kva som bør være maksbeløpet, det viktigaste spørsmålet er kven som har størst nytte av at du har internett heime, og deretter kven som stiller størst krav til kvaliteten på internettet. -
Ja. Dette er eit spørsmål om kor mykje butikken sparer på å la kunden gjennomføre betalinga sjølv kontra kor stort svinn ein får på grunn av tjuveri. I tillegg så kan det kanskje tenkast at ein kan få større omsetting i butikken om det er mange kundar som foretrekker sjølvbetjening. Enkelte butikkar har slutta med sjølvbetjening fordi det var for mykje stjeling og at det ikkje var lønnsomt med sjølvbetjeningskasser dersom ein uansett måtte ha tilsette til å stå å passe på. Det er akkurat same tankerekka bak at ein i dag har sjølvbetjente butikkar og ikkje ein slike gamaldagse butikkar der det står ein kjøpmann bak disken som går bak på lageret og henter det kunden vil kjøpe. Det å la kunden gå rundt i butikken for å plukke varer sjølv medfører naturleg nok at det er større fare for tjuveri.
-
Det kjem ann på. Har du signert arbeidsavtale så har du akseptert dei vilkåra som ligg til arbeidsavtalen, kva muligheit du har til å kreve reforhandling kjem ann på kva som er avtalt og eventuelt tilhøyrande avtaleverk. Strengt tatt har du alltid muligheita til å gå til sjefen og seie at dersom du ikkje får høgare lønn så seier du opp jobben og berre jobbar ut den avtalte oppseiingstida. Om dette er ein realistisk framgangsmåte kjem ann på kor lenge du er forplikta av arbeidsavtalen du har signert, og ikkje minst om du er villig til å gjere alvor ut av din "trussel" om å seie opp. I tillegg er det sjølvsagt også alltid mulig å endre ei bindande kontrakt fortløpande, men då må begge partar være einige i endringa. Som arbeidstakar i eit sjukehus så følgjer du nok spekteravtalen (om du er fagorganisert). Der er det slik at minstelønnssatsen for ein sjukepleiar frå 1 mai 2023 er 463 000, og at neste lønnsstigning etter tabellen er fyrst etter fire års ansiennitet (pluss diverse tillegg for kveld, helg, osv). Såleis kan det godt være riktig at du som har under fire års ansiennitet får same lønna som du hadde i fjor. Merk likevel at denne minstelønnssatsen kjem til å bli reforhandla i løpet av året, når partane blir einige så vil du få etterbetalt den lønnsauken som ein har blitt einige med heilt tilbake til 1 mai (om du er fagorganisert). Så sjølv om du berre følger minstelønna så vil du nok få litt meir i lønn frå 1 mai, men du vil nok ikkje få den nye og litt høgare lønna utbetalt før til sommar/haust når dei sentrale partane er einige. Merk også at basert på lokale rekrutteringsutfordringar så kan det også hende at du har fått tilbod om ei lønn som ligg over det som er den avtalte minstelønna. Så kort oppsumert så er det aldri forseint å forsøke seg på ei reforhandling, men det er ikkje gitt at du har eit særleg stort handlingsrom når du har signert ein forpliktande avtale.
-
American Express: Platinum, Gold eller Green
The Avatar svarte på DJViking sitt emne i Ferie og reise
Min umiddelbare tanke er at med 1-2 reiser i året så blir det eit spørsmål om det er verdt å betale 1500 kr meir i året for litt ekstra fordeler. Denne kostnaden for kortet åleine må du vekte opp mot kor mykje poeng du reknar med å spare inn. tenker du at det er realistisk at du bruker 20 000 kr på kredittkortet kvar måned? Når det gjeld fordelen med tilgang på lounge så er det fyrste du bør sjekke opp er om det er lounge på dei flyplassane du reiser mellom, og ikkje minst kva servicenivå det er på "dine" flyplasslounger. Best utbytte av lounge får du sjølvsagt om du har lange nok opphold på flyplassane til at du får utnytta fordelane. Fordelen med reiseforsikring er vel ein fordel du ikkje trenger, for eg reknar med at du heilt sikkert har reiseforsikring frå før likevel?- 34 svar
-
- american express
- finnair plus
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Reint intuitivt så gir det god meining at ein får høgare forbruknår vegen er våt og det er litt for varmt til at gummien har perfekt konsistens. Som påpeikt så vil våt vegbane føre til at dekket må forskyve vatn som gir meir friksjon og dermed høgare forbruk. Den store X-faktoren er at det kjem veldig ann på designen av dekka, og det er ikkje gitt at alle vinterdekk handterer overflatevatn på same måte. Einaste måten å få sikre svar på er ved å gjere eksperiment under like forhold men ulike dekk. Eg ser det skrives litt om denne 10% grensa, men den er det heller ikkje ein fagleg einigheit om. Eg har til og med sett ein omvendt abefaling som går på å ha 10% lavare trykk på vinterdekka, dette utifrå tanken om at ved lavt dekktrykk så har ein større kontaktflate mellom dekk og asfalt. Viktigaste grunnen til at det ikkje er fagleg einigheit i kva som er best er at kva som er den beste kombinasjonen av dekk og lufttrykk kjem veldig ann på situasjonen, og ikkje minst kva ein legg som måleparameter. Når ein dekkprodusent anbefalar eit dekktrykk på X bar så er dette eit kompromiss mellom mange ulike og til dels motstridane omsyn. Det som er best for drivstofføkonominen er ikkje nødvendigvis best for bremselengda, og det som er bra for kort bremselengde kan være mindre bra for framkomelegheita. Høgare dekktrykk gir mindre kontaktflate slik at det er mindre gummi som til ei kvar tid er i kontakt med underlaget. Ei slik redusert kontaktflate vil typisk føre til lengre bremselengde og dårlegare styring, men samtidig vil ei lita kontaktflate kunne være fordelaktig for framkomelegheita sidan heile vekta av bilen blir samla på eit mindre område slik at den delen som er i kontakt med underlaget får maksimal kontaktflate. Det er likevel stor forskjell på type dekk. Det å ha høgt trykk og dermed liten kontaktflate er nok meir fordelaktig ved bruk av piggdekk der heile vekta av bilen til ei kvar tid er fordelt på berre nokre få piggar som får grave seg godt ned i underlaget, enn det er på piggfrie vinterdekk som får sin friksjon primært med å ha mest mogleg gummi i kontakt med underlaget.
-
Hvordan stenge sola HELT ute når man har "vippevindu"?
The Avatar svarte på Stripete sitt emne i Hus, hage og oppussing
Ettersom at behovet og ønsket er å få det 100% mørkt så ville eg nok vurdert å gå for ei "custom made" løysing i staden for å finne ei solskjermingsløysing for denne typen vindu som du sikkert ikkje blir heilt fornøgd med uansett. Det er fristande å foreslå at du kan spikre/stifte ei blendegardin mot veggen, men ei meir elegant løysing vil være å montere ei stållist rundt vindauget og bruke magnetar til å holde gardina heilt inntill veggen. -
Hvordan stenge sola HELT ute når man har "vippevindu"?
The Avatar svarte på Stripete sitt emne i Hus, hage og oppussing
I dette tilfellet er nok utvendig solskjerming det mest hensiktsmessige. Om du ikkje er avhengig av å ha vindauget opent om natta så får du solskjerming i form av plissegardiner der du monterer skinner på vindusramma slik at solskjerminga følger vinduet når du bikker det innover og som på grunn av skinnene hindrar at solskjerminga heng loddrett ned. Om du treng å ha opent vindu så ville eg gått for vanlege blendegardiner som er romslege nok til at vinduet kan være opent og fortsatt under blendegardina. For å få det tett langs sidene så kan du enten ha overlapp eller berre lang nok gardinstang til å nå langt utover sidene. Om du bruker gardinstang eller liknande så må du også bygge en kasse over vinduet som hindrar lyset i å gå mellom veggen og gardinstanga. -
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Dette blir to forskjellige situasjonar. Dei fleste arbeidsplassar skiller ganske klart mellom vanleg arbeidstid der det er forventa at ein er heilt rusfri og det sosiale arbeidet som pågår etter arbeidstid der alkohol og middag kan være innvolvert. Slik som eg har forstått det så trur eg ikkje det er nokon selgarar som fører timar når dei tek med seg ein kunde ut på middag om kvelden. Det er nok ein del som har dette indirekte fordi dei har fastlønn, provisjon eller ein kombinasjon som gjer at ein ikkje får direkte timelønn for kvar einaste time ein brukar på jobben. Ei utfordring som har vært i tech-sektoren (men som har blitt bedre no) er at det var stort drikkepress fordi det var mange anledningar der det vart servert alkohol og der ein forventa at dei tilsette møtte opp. Dette skuldast i stor grad at mange tech-selskap bestod av svært unge grundere som var glade i festing, og at mange av dei hadde litt laus oppfatting av kva som var innafor lov og avtaleverk. Til dømes er det vel få sektorar som har så mange i særleg uavhengig stilling som i tech sektoren sjølv om slike arbeidstidsordningar skal være heilt unntaksvis og i følge arbeidstilsynet berre kan brukast i tilfeller der arbeidstakaren har svært høg grad av autonomi på når, kvar, og kor mykje ein jobbar. Blir hasj legalisert så tviler eg på at det blir mange arbeidsplassar som aksepterer ruspåvirka arbeidstakarar på dagtid, og eg trur ikkje det blir eit særleg stort problem med kundesamlingar på kveldstid med rusmiddel heller. Alkohol, og særleg kombinasjonen alkohol og middag er langt meir ein kulturell ting enn det er ein rus-kultur. Eg trur nok at ein også med legalisering vil få fleire kundar ved invitere den potensielle kunden til ein flott middag med vinpakke, enn om ein inviterer den potensielle kunden til ein røykering.- 944 svar
-
- 1
-
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Ja. Heile rusreforma kokte ut i ingenting fordi ein var alt for opptatt av å diskutere forskjellen mellom legalisering og avkriminalisering. Utgangspunktet for rusreformen var bra ved å fokusere på at rusavhengige må hjelpast av helsevesenet og at det er vekkasta ressursbruk å skulle jakte på og dømme rusavhengige som ikkje kan rehabiliterast på same måte som andre kriminelle. Desverre så vart frylten for at barn og unge skulle tru at det at små mengder narkotika vart avkriminalisert for tungt rusavhengige som heller skulle få behandlingsplass enn fengselscelle betydde at narkotika var lovleg. Nå var det riktignok enkelte parti som ønska ei legalisering eller i det minste ei avkriminalisering for små brukardoser, men det vart for liberalt for det politiske fleirtalet med den konsekvensen at heile rusreforma falt. -
Om du gøymer unna varer utan å scanne dei så er eg einig i at det framstår som forsøk på tjuveri, men sjekken på om du har stjålet noko er når du går ut porten med varer du ikkje har på kvitteringa. Om kontrollen skal være etter ein har tykkt seg ferdig men før betaling så må det etter mitt syn være opplyst om at alle handlar i sjølvbetente kasser må utførast i ein handel.
- 135 svar
-
- 2
-
-
Nei. Du må da openbart få ein sjans til å dra kortet og betale for deg. Med din tolking så begår alle som bruker sjølvbetente kasser tyveri. Nå har dei fleste slike kasser berre kortbetaling, men på Coop kan du på denne skjermen velge å betale med Coop appen, og sjølv om eg ikkje har sett det så vil det være mogleg å også ha alternativ for å betale kontant om kassa også har innkast av myntar og sedler. Når det gjeld bananane så er eg einig i at dårleg merking gjer det utfordrande, men kvifor velger du den billegaste prisen når du har valgt dei finaste bananane? Det er vel naturleg at dette har samanheng med prisen? Er ein i tvil så kan ein betale den høgaste prisen og sleppe å bli anmeldt for tjuveri om ein ikkje vil spørre etter hjelp.
-
Hvorfor er ikke elbiler strømlinjeformede?
The Avatar svarte på Letti sitt emne i Annen teknologi og vitenskap
Den viktigaste grunnen er nok at omsynet til "pen" design og praktisk utformimg er mykje viktigare for salget enn det er å gjere bilen litt meir energieffektiv. Med elbil så merker ein heller ikkje energieffektibiteten på lommeboka, og så lenge elbilen har grei rekkevidde så er det liten gevinst for produsenten å designe ein bil med litt mindre luftmotstand. Luftmotstanden utgjer ikkje så enormt mykje ved vanleg småkøyring, men betydninga av stor luftmotstand blir veldig tydeleg ved høg fart som på motorvegar. Ein firkanta bil vil typisk gi betre plass i kupéen og større bagasjerom, og eg mistenker at dei fleste bilkjøparane er meir opptatt av slike ting enn om bilen har lav luftmotstand.- 11 svar
-
- 2
-
-
Det juridiske spørsmålet er jo om kunden hadde til forsett å skaffe seg vinning. Og sjølv om eg er einig i at det er sløvt å ikkje be om assistanse, og at det er påfallande at kunden velger billegaste alternativ når ein blir usikker, så er det grunnlag for tvil på om kva kunden eigentleg hadde til hensikt. Litt off-topic, men særleg på varer utan strekkode så tenker eg at det er mykje forlangt at alle kundane skal kunne forskjellen på ulike bakeverk og grønsaker utan å ha fått opplæring slik som butikkmedarbeidarane har. Hadde alle varene hatt strekkode så hadde mykje av utfordringa vært borte. Men det er klart at enkelte skal alltid prøve seg, enten det er å slå inn billegbananane i staden for dei dyre som du faktisk har tatt eller det er å løfte bananklasen med eine fingeren slik at vekta og dermed også prisen blir feil.
- 135 svar
-
- 1
-
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Ja hadde alkohol blitt oppfunnet i dag så hadde det heilt sikkert blitt forbudt, alkohol er tross alt det aller mest skadelege rusmiddelet. Ikkje berre for eiga helse men også for andre i samband med fyllekøyring og slossing. Det er også derfor enkelte vil ha alternativ til alkohol som har andre fordelar og ulemper. Kokain som artikkelen din omhandlar har faktisk ein del objektive fordelar til festbruk samanlikna mes alkohol. Kokain er kalorifattig og ein treng ikkje å innta eit heilt flytande måltid for å bli full. Det er også ein rus som kjem fort og forsvinn igjen nesten like fort. Med alkoholrus så er ein ofte på sitt fullaste i det festen er over, då mykje av rusen er "vekkasta" til når dunetter festen berre skal kome deg heim og i sengs. I tillegg slepp ein å være bakfull dagen derpå. Kokain har sjølvsagt også sine ulemper, men brukt på "rett" måte så er det eit langt meir fornuftig rusmiddel når ein skal feste nokre timar på kvelden og samtidig har tenkt å gjere noko nyttig neste morgon.- 944 svar
-
- 2
-
-
Det du trenger er dokumentasjon på eksakt kva du har betalt for internett. Dette skal normalt være faktura frå internettleverandøren som står i ditt namn. Den typiske problemstillinga er at mange har TV og Internett på same faktura, dersom kostnaden for internett ikkje er presisert så må ein ha stadfesting frå leverandøren på kor mykje av fakturaen som gjeld internett. Kor vanleg det er å få stadfesting på lor mykje av fellesutgiftene som er for internett skal eg ikkje gjette på, men det burde være ein smal sak for burettslaget gi deg stadfesting på. Det er tross alt berre burettslagets internettkostnad delt på talet på andelseigar som er med på å betale. Men også for burettslaget kan fakturaen fort være ein samlefaktura. Formålet med å kreve slik dokumemtasjon er både fordi det er eigne skattereglar for korleis du skal skattleggast for ekomtenester, men også for å sikre at det er nettopp du som har betalt rekninga. Om både du og sambuaren din får dekt internett gjennom arbeidsgiver så kan ikkje begge få refundert fullt beløp og på den måten få pengar for utgifter som du ikkje har hatt.
-
Det er ikkje eigentleg ei hard grense, det er tyveri så fort ein med forsett skaffer seg uberettiga vinning eller forsøker å skaffe seg uberettiga vinning. Utfordringa ligg i kva ein kan bevise. Vektere har som nemt ein praksis på at det er tjuveri når du har forlatt siste betalingspunkt, men du kan også bli tatt i det du putter ei vare i lomma inne i butikken. Problemet er då berre at butikktjuven kan påstå at han/ho hadde til hensikt å betale ved utgangen og dermed unngå å bli tatt ved å betale for varen og gå. Eg tenker at det i begge tilfella er for tidleg å ta deg for tjuveri. Det er fyrst når du forlater kassa og er på veg ut med ubetalte varer at du kan takast for stjeling. I dei to eksempla så kan forklaringa være at du vil betale kvar bolle i to operasjonar sjølv om dei ligg i same pose. Til dømes at du vil betale kvar bolle på ulike kort. Kanskje er bolle nr 2 til din demente mor som du er ønonomisk verge for og derfor har hennar bankkort i tillegg til ditt eige. Eg tenker også at dersom kontrollen kjem mellom du har klikka "har du lagt til alle varer?" men før du har betalt, så vil det være for tidleg. Etter at du har klikka på at du har lagt til alle varer så har du ein siste sjans til å kryssjekke varelista mot varene du har i posen før du betalar. Det er ikkje berre varer som ikkje har blitt scanna inn som kan være feil, det kan også være varer som har blitt dobbeltscanna som du må be om bistand for å få korrigert før du betalar.
-
Det er nesten enda viktigare enn vaske hendene at du er bevist på korleis du bruker hendene. Om du klarer å redusere kor mykje du tek deg sjølv i ansiktet så hjelp det mykje på. For det er stort sett då du kan stå i fare for å få virus som du har på fingrane i kontakt med dine slimhinner. Du treng ikkje å bli heilt paranoid, men greit å tenke på at det ikkje hjelp så veldig mykje med hanskar om du brukar den same hansken til å klø deg i auge, nase og munn.
- 11 svar
-
- 1
-
-
Om det ikkje er laktose frå melk eller gluten frå mjølet du reagerer på, då står vi vel eigentleg berre igjen med eggealergi som også kan gi diaré som eit av symptoma. Er dette noko som alltid skjer? For diaré kan sjølvsagt også skuldast matforgiftning på grunn av dårleg melk, at steikespaden er for dårleg vaska, og liknande. Et du veldig manger pannekaker når du fyrst lagar dette? Om du berre har ein intoleranse for f.eks. gluten så kan det være at du ikkje reagerer så sterkt på dei to grovskivene du et dagleg, men at du bikker over grensa dei dagane du lager pannekaker til middag og sett til livs 10 pannekaker av fint mjøl i staden for å ein middag med kjøtt/fisk og poteter.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Nei, i alle fall ikkje formelt sett. Det kan berre stillast krav om sikkerheitsklarering i jobbar der krav til sikkerheitsklarering er nedfelt i lov eller forskrift. Ei oppseiing på slilt grunnlag vil då ikkje være sakleg. Om den offentlege stillinga krev sikkerheitsklarering så ville det blitt stilt krav om dette. I dei fleste stillingar vil ein uansett ikkje ha tilgang til så mykje anna informasjon enn den informasjonen som er tilgjengeleg andre stadar, så om ein skulle bli pressa av framande statar til drive spionasje så vil dei fleste ikkje kunne levere opplysningar som er av interesse.