
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Dei to alternativa du har satt opp er heilt forskjellige. Men dersom målet ditt er å framstå som mest mogleg norsk (begge alternativa tilseier at du er norsk) så vil eg påstå at det å ha vokse opp i Norge med norske foreldre så aukar sannsynlegheita for at du har fått tilsvarande norsk oppdraging, i alle fall om du er adoptert i ung alder. Om du seier at du er født i Norge med innvandrarforeldre så vil nok langt fleire være usikre på kven sine kulturelle verdiar du har blitt påvirka mest av. Eit anna spørsmål er jo om kvifor du skal fortelle om ditt opphav i utgangspunktet, og om du vil fortelle om det, kvifor skal du då lyge? Å være adopter av norske foreldre og å være født i Norge av innvandrarforeldre er to heilt ulike ting.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Koreanske Ramen Nudler: Usunt - Kreftfremkallende
The Avatar svarte på DJViking sitt emne i Mat og drikke
Einaste grunnen til at det er ein viss grad av samanheng er at mange matprodusentar bruke E-nummer på ting som høyres skummelt ut, medan ting som har fått meir folkelege namn så bruker ein dette namnet i staden for. Lang liste over E-stoff kan indikere at produsenten prøver å glatte over noko, men det treng ikkje å bety det. -
Det som et mest kritisk med befolkninga et vel så mykje fordelinga av befolkninga. Planeten toler mykje meir folk om befolkninga er betre fordelt. Befolkninga kan likevel ikkje fortsette å vekse i det uendelege, for sjølv med perfekt fordeling av folk og ressursar så vil ein på eit eller anna tidspunkt nå ei maksgrense. Det et sjølvsagt ikkje nødvendigvis så veldig realistisk å tenke at ein kan flytte halve befolkninga i søraustasia til blant anna Europa, Nord- og Sør-Amerika.
-
Det har sjølvsagt med kva politiet prioriterer. Sjølv om eg har forståing for at dei prioriterer slåssing og utagering så synes eg også at politiet svikter litt når dei berre gir opp å ta lovbrytarar ettersom det er så mange av dei. Her kunne politiet starta i ein ende med å skrive ut bøter for drikking på offentleg stad, og sjølv om det er "urettferdig" at nokre få får bot medan dei fleste andre slepp unna, så er det jo dette politiet må gjere. Ved å ikkje skrive ut bøter fordi det er så mange som drikker så er det i praksis innført ein tradisjon med at fyllefest i Kollen er om ikkje lovleg så i alle fall straffefritt.
- 50 svar
-
- 1
-
-
Går det å kreve erstatning for skadet bil pga feil fra St.vegvesen?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Språkleg sett har du i alle fall heilt rett. Utan at eg har noko haldepunkt for det så trur eg at fartsdump blir brukt om humpar (som går oppover) fordi effekten humpen har ved for høg fart er at det oppleves som ein dump når bilen har "hoppa" over humpen og landar hardt. -
Enkelte FrP politikere passer ikke inn i politikkens verden
The Avatar svarte på Boing_80 sitt emne i Politikk og samfunn
I dette tilfellet så er jo "folkets sak" basert på rasisme, og då er det uærleg å debattere ved å seie ein ting og meine noko anna. Ein politikar må kunne å debattere, og må både tole og kunne gi saklege tilsvar til kritikk. Men ein må også kunne debattere rett sak på ein måte som gjer at velgarane forstår kva saka gjeld. Vil ein debattere for at uføretrygda skal reduserast så bør vi forvente at politikaren er ærleg nok til å seie at uføretrygda skal ha mindre utbetalt, og ikkje gøyme meininga si bak eit forslag om å endre skattefrådraget på trygd. Resultatet er det same, men den fyrste måten er langt meir forståeleg.- 112 svar
-
- 1
-
-
Det argumentet vil nok være sant for dei aller fleste også om beløpet var ti gongar så stort. Lønnsomheita ved slikt tjuveri ligg vel i at ein ikkje nødvendigvis blir tatt kvar gong. Det er ikkje det at eg ikkje trur på at det var eit hendig uhell at denne politibetjenten gløymte å betale, men som du påpeiker så blir det problematisk dersom neste nasker blir dømt fordi vedkommande er baker eller anna yrke som ikkje krev plettfri vandel.
- 135 svar
-
- 2
-
-
Enkelte FrP politikere passer ikke inn i politikkens verden
The Avatar svarte på Boing_80 sitt emne i Politikk og samfunn
Sant nok, men mest fordi ein i fylla ikkje klarer å glatte over kva ein eigentleg meiner. Når ein dagen etter beklagar så er det vanligvis ikkje ei beklaging for meininga som vart ytra, vanlegvis beklager ein berre at meininga vart tatt ille opp. Å være så ærleg og direkte er ein dårleg eigenskap for ein politikar, men for debatten sin del så er det ganske effektiv at ein ikkje danser rundt grauten men heller seier det han meiner.- 112 svar
-
- 2
-
-
-
I og for seg så er dette heilt korrekt, men som du seier så er det eit spørsmål om same vurderinga blir lagt til grunn for andre som ikkje betalar for varene sine. Hadde denne politibetjenten i teneste måtte springe ut på grunn av et hasteoppdrag og då ikkje tok seg tid til å gjennomføre betalinga så kunne eg hatt forståing for at ein kan vurdere litt annaleis. Eg savnar også litt info i artikkelen, og då særleg om politibetjenten kom uoppfordra tilbake for å gjere opp for seg. Og om politibetjenten i det heile tatt har gjort opp for seg. For der også tenker eg at det er lettare å få tilgjeving når du kjem tilbake for å betale.
-
Kan tomtegrense justeres kun på en eiendom om eieren vil endre grenselinjer?
The Avatar svarte på VagifA sitt emne i Juss
Det blir same prosess uavhengig av om du bytter areal mot areal, eller om du kjøper/selg areal. Fyrste punkt er å finne ut kven som eig nabotomta, neste punkt er å inngå ein avtale. Om begge partar er einige om å bytte litt areal på eine sida for litt areal på andre sida så er det berre å melde inn til kommunen for å utføre grensejusteringa. Dette vil nok kommunen ta eit gebyr for, ligg nok på ca 15 000.- 17 svar
-
- 3
-
-
-
Kan tomtegrense justeres kun på en eiendom om eieren vil endre grenselinjer?
The Avatar svarte på VagifA sitt emne i Juss
Tenker du på frådeling av tomt? -
Det er ikkje mogleg å vite korleis befolkninga ender opp. Det kjem ann på veldige mange faktorar som utvikling i levestandard, økonomi, hungersnød, krig, osv. Det som er litt paradoksalt er at jo høgare levestandar ein har, jo færre barn får ein. Så ein måte å få ned befolkningsauken på er å gi dei fattigaste betre levevilkår, men betre leve vilkår fører også til høgare forbruk. Det betyr at "logisk" sett så kan vi enkelt løyse utfordringa med eldrebølg her i Norge ved å drastisk redusere levestandaren, for då vil unge starte å få barn igjen når det ikkje lenger er mogleg å ta utdanning og få gode jobbar. Uansett kor logisk det er så er det særdeles farleg å tenke at klimaløysinga er å redusere folketalet. For då er vi veldig nært opp mot folkemord. For sjølv om vi klarer å oppnå ein befolkningsreduksjon gjennom prevensjon og liknande så vil mange fattige få særdeles dårlege levevilkår på sine eldre dagar når dei ikkje har viksne barn som kan forsørge dei, eller ein velferdsstat å støtte seg på.
- 80 svar
-
- 1
-
-
Ellers så er det ikkje utenkeleg at etterforskinga kan ta over eit år. Merk at statusen mistenktngir ikkje særleg mykje rettigheiter i ei straffesak, i motsetting til å f.eks. bli sikta. Etter straffeprosessloven § 242 kan du be om å få gjere deg kjent med sakens dokumenter, men berre om det ikkje påvirker etterforskninga.
-
Det kan gå lang tid før du får info, alt etter kva politiet etterforsker. Merk at mykje av formålet med å ikkje informere deg at du ikkje skal kunne hindre etterforskninga. Alternativet er jo varetektsfengsling for å oppnå det same. Du får beskjed når etterforskninga er ferdig.
-
Hvilke bilder tar dere vare på?
The Avatar svarte på melmaja sitt emne i Fotografering og bilderedigering
Dette blir sjølvsagt veldig individuelt, og det kjem nok også ann på kor mange liknande bilder av betre kvalitet ein har, og sjølvsagt kor uklart og dårleg bildet er, det er sjølvsagt ikkje nokon vits å behalde dei bilda der 90% er av din eigen finger over linsa. Mitt poeng er at ein ofte oppdagar alt for seint at ein har for lite bilder av bestemte personar, og då er det ekstra surt at ein også har sletta mange av bilda fordi bilda ikkje var av høg nok fototeknisk kvalitet. Det typiske dømet er at ein ofte er flink til å dokumentere omtrent alt som skjer med sitt fyrste barn, og barn nummer to blir nesten ikkje fotografert i det heile tatt og ein innser forseint at ein nesten ikkje har baby-bilder av unge nummer 2.- 11 svar
-
- 1
-
-
Hvilke bilder tar dere vare på?
The Avatar svarte på melmaja sitt emne i Fotografering og bilderedigering
I tillegg så ballar det på seg når ein må ha minst ein backup. -
Ja i praksis er det utan konsekvensar å sove i eigen kjellar så lenge det er du sjølv som gjer det og du ikkje til dømes leiger ut kjellaren. Det kan også tenkast at det blir problematisk dersom det er egne barn som søv i kjellaren dersom det blir oppdaga og barnevernet blir kopla inn for å vurdere om ungane har det trygt nok heime. Det er ikkje ofte slike ting får konsekvensar når det strengt tatt ikkje berører andre enn huseigaren sjølv. Men kommunen kan føre tilsyn og og nedlegge bruksforbod, eventuelt kreve tilbakeføring og dagsmulkt fram til jobben er gjort. Det er ikkje så ofte at kommunen fører tilsyn etter plan og bygningslova på eldre bygg, så om det skjer så er det vanlegvis etter tips eller fordi det ulovlege byggearbeidet har blitt avslørt i samband med andre ting som søknad om å gjere anna byggeaktivitet eller at bustaden har blitt lagt ut for salg slik at ulovlegheitene har blirr offentleg kjent. Brannvesenet fører tilsyn etter forskrift om brannførebygging og då med fokus på fyringsanlegget. Konsekvensen av å ikkje ta imot brannvesenet er at du får pålegg om gi tilgang, teknisk sett så kan nok brannvesenet få politibistand for å ta seg inn men det har eg aldri høyrt om har skjedd. Den mest sannsynlegekonsekvensen er at du får brev om at du har fyringsforbod, som i og for seg ikkje hindrer deg i å fortsette å fyre men det vil sjølvsagt føre til at du må pårekne at forsikringsselskapet vil holde igjen på brannforsikringa. Største konsekvensen er vel at du avkrevd årleg feiegebyr sjølv om du ikkje tek imot tenesta. Det er ikkje krav om fleire fleire røykvarslarar i kvar etasje. Kravet er det same som det har vært heilt frå starten, du skal ha nok røykvarslarar til å "dekke" huset slik at du får varsel om det startar å brenne. Har du stort hus som enten er langt eller høgt eller begge delar så måtte du også før ha fleire røykvarslarar. Komfyrvakt er eit krav som kom i TEK10. Det har ingenting med alder på huseigaren å gjere, no er det krav om at alle nybygg eller nyrenoverte kjøkken skal ha komfyrvakt. Så etterkvart som åra går og fleire hus blir bygd og eldre hus som blir renovert så vil det bli vanleg med komfyrvakt i alle hus.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Største ankepunktet mitt mot slike miljøtiltak er at sjølv om eg forstår at det er ein fordel med standariserte tiltak over heile Europa så kunne det med fordel vært innført på ein slik måte at dette direktivet er eit løysingsforslag men med opning for at miljøgevinsten også kan oppnåast ved å dokumentere virkninga med lokale tiltak. Som nemnt tidlegare i tråden så er lause korker eit svært lite problem i Norge ettersom vi har eit svært effektivt pantesystem for tomflasker, og gode rutinar for å kildesortere kartongar slik at også skrukorkene på mjølkekartongane ikkje ender opp i restavfallet eller naturen. Kravet vart innført fordi mange EU land ikkje har eit skikkeleg pantesystem, og då blir mykje av flaskene kasta i restavfallet og det er stor fare for at lause korker kjem på avvege. Grunnen til at ein fokuserer på sjølve korka er at den er vanlegvis laga av plast som er spesielt problematisk i forhold til mikroplast som ein finn igjen i fisk og andre dyr. EU er nå i full gang med å innføre same idiotien ein gong til: https://www.forskning.no/eu-forurensning-resirkulering/kan-bli-krav-om-a-bruke-flasker-pa-nytt-dagens-system-er-bedre-for-miljoet-ifolge-rapport/2321840 For dei fleste EU land vil det være ein kjempeframgang å gå få bruk av eingongsflasker utan pant, til robuste flasker med pant som kan vaskast å brukast på nytt. Men som det står i artikkelen så har vi i Norge komt lenger på miljøfronten. Det som er heilt nytt og revolusjonerande i EU har vi hatt i mange mange år, og dei siste 10 åra så har vi hatt eit enda betre system med tynne flasker som blir pressa saman for å minimere transportkostnaden ved å returnere brukte flasker før flaskene blir smelta om til pellets som ikkje berre kan brukast til nye brusflasker fra ulike produsentar, men som også kan brukast til andre ting av plast. Då blir det veldig dumt om EU tvinger oss tilbake til fortida der det går med like mange lastebillass for å returnere flaskene som det går med til å køyre ut brusen. Det vi har funnet ut i Norge er at vi bruker mindre energi på å smelte om tynne brusflasker enn vi bruker på skulle varme opp vatn til høg nok temperatur for hygienisk vasking av brukte flasker.
-
Hvilke bilder tar dere vare på?
The Avatar svarte på melmaja sitt emne i Fotografering og bilderedigering
Eg tenker at det kjem ein del ann på eksakt kva slags bilder du sitter på. Bilder av folk bør du vurdere å behalde flest mogleg av bilda som viser personane i ulike situasjonar, også der bildet isolert sett er av dårleg kvalitet. Bilde av til dømes familiemedlemmer i ulike settingar kan være av stor sentimental verdi sjølv om bildet er uklart eller for mørkt. Det kan ofte være på slike bilder at personen framstår slik som du huska vedkommande. Så eg ville heller sletta dei bilda du har i fleire versjonar av nesten same settinga sjølv om dei er av god fotokvalitet enn å slette dei meir kvardagsmessige bilda. Når det gjeld bilder av ting, som hus, bil og utsikt så ville eg der fokusert meir på å berre ta vare på dei bilda som er av høg fotografisk kvalitet. Einaste unntaket er om det skulle være heilt spesielle motiv som du har veldig få av. Vil også legge til at litt generelt sett så er det ofte slik at det er alle tinga som du aldri tok bilde av som du savner mest å ha bilde av (naturleg nok). Typisk så er folk dårlege til å ta bilder til mimring. Ein har ofte masse bilder av famile og venner, og typiske feriebilder, dei ein ofte ikkje har bilder av er dei meir kvardagslege tinga, som kan være alt frå korleis din gamle mobiltelefon såg ut, korleis det eigentleg såg ut på studenthybelen din, bilde av nærbutikken din, osv. Slike bilder er lite verdt i dag, men det kan være veldig bilder som kjem til stor nytte om du skal mimre eller fortelle nokon om korleis livet var før.- 11 svar
-
- 2
-
-
Barn har heller ikkje forutsetningane for å kunne ha respekt for bilar. Opp til skulealder så har barn svært begrensa muligheit til å forutsjå korleis trafikksituasjonen kan utvikle seg. Heilt konkret så gir det utslag i at barn ikkje forstår at bilane ikkje kan stanse umiddelbart. Så ein 5 åring som spring ut i gata klarer verken å forstå at ein bil treng tid til å stoppe, eller er i stand til å sette seg inn i kva ein bilførar kan sjå og tenke i den gitte situasjonen. Evna til å forstå korleis andre oppfattar situasjonen kjem fyrst i skulealder.
- 85 svar
-
- 3
-
-
Dei fleste større arbeidsplassar har elektroniske system som også varsler om slike frister i tillegg til å hjelpe til med å sette opp vaktplanar og slik. Så arbeidsgivar har heilt sikkert vist om at arbeidsforholdet snart har pågått lenge nok til den tilsette har krav om fast tilsetting. Du har rett i at arbeidsgivar ikkje kan omgå lova ved å bytte ut vikaren med ein ny vikar, eller ved å legge inn tidsavbrudd slik at ein kan ha ei serie med korte arbeidsforhold og ikkje ei samanhengande periode på 3 år. Arbeidsgivar kan likevel omgå ein del av regelverket med både lovlege og ulovlege måtar, utfordringa for den tilsette vikaren er at det er svært lite ein kan oppnå med å ta opp kampen. Det beste ein kan oppnå med å ta opp kampen er å få stadfesta at arbeidsgivar har brutt lova, men ein kan ikkje dømme arbeidsgivar til å tilsette din venn, og sjølv om din venn i ein slik situasjon har rett på erstatning om han/ho ikkje får fast stilling slik han/ho har rett på så vil erstatninga være avgrensa til dokumentert økonomisk tap. I beste fall vil det være den ein statistisk sett hadde jobba ut ei oppseiingstid før ein fekk seg ny jobb.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Hvor mye av internett-regningen dekker arbeidsgiver?
The Avatar svarte på jnissen sitt emne i Jobb og karriere
Det som var spesielt med korona var at heimekontor i den tida i stor grad var ein "dugnad" der alle gjorde det dei kunne gjere utan å tenke så mykje på kostnadane. For mange så var det ein heilt akseptabel kostnad å i slike unntakstilfeller stille både privat internett og PC til disposisjon for arbeidsgivar slik at ein kunne jobbe heimaifrå. Alternativet for ganske mange hadde nok vært permittering, i alle fall for dei som ikkje hadde internett heime eller som nekta å bruke av sitt private internett utan å få betalt.- 36 svar
-
- 1
-
-
Grunnen til at det ikkje blir satt krav til fotgjengarane er nok i stor grad at fotgjengarar ikkje har krav til å ha bestått ein kvalifikasjonstekst, medan dei andre trafikkantane beviseleg har hatt opplæring i korleis ein skal ferdast i trafikken og er då dei som er nærmast å sette krav til sidan dei beviseleg har lært om trafikkfarane. Skal ein sette slike krav til fotgjengarar så vil det fort føre til at ein også må ha eit sertifikat som fotgjengar for å ha lov til å krysse gata. Dagens praksis er basert på at bilførarane er den mest profesjonelle parten, og at dei må ta høgde for at ikkje alle fotgjengarane kan trafikkreglane og derfor kan finne på å gå rett ut i vegbana, krysse på raudt lys, osv.
- 85 svar
-
- 2
-
-
Kva språkrådet skal drive med blir fyrst og fremst eit politisk spørsmål. Men eg meiner at det er akkurat det å få fram slike forslag som er jobben til språkrådet. Heile formålet med språkrådet er å gjere brukarane av det norske språk oppmerksomme på kva retning språket utvikler seg i. Dersom vi fortsetter å låne ord og uttrykk omtrent utelukkande frå engelsk, og vi tek det i bruk på norsk med engelsk stavemåte (og kanskje også uttale) så vil det openbart bidra til å dreie det norske språket over til noko som liknar meir på engelsk. Om det er eit mål i seg sjølv at vi i Norge skal ha eit eige særeigent norsk språk som er nesten heilt eksklusivt for våre 5,5 millionar innbyggarar, eller om vi ynskjer å fase ut norsken til fordel for engelsk. Det er eigentleg gode argument for begge delar. På den eine sida så er eit eige språk viktig for nasjonalismen og nasjonsbygga (og i tidlegare tidar før ChatGPT så hadde vi også fordelen av at norsk var nærmast eit kodespråk som berre vi forstod slik at det ein del operasjonar som var enklare å utføre som til dømes å filtrer ut spam-epostar som ofte var på engelsk). På den andre sida så ville det vært praktisk om både vi i Norge og resten av i alle fall den vestlege verden gjekk heilt og fullt over til engelsk, det hadde gjort underverk for globaliseringa, handel, kultur, og alt dette som går over landegrensene. Om vi ser til land som Island så har dei vært flinke til å ivareta islandsk språk til tross for få innbyggarar, teknologiutvikling og tilhøyrande låneord, og sjølvsagt påvirkning frå engelsk. Island sin suksessoppskrift er at dei i liten grad har aksepter låneord med islandsk stavemåte, og har heller valt å oversette orda direkte. I Norge har vi forsøkt oss på same framgangsmåte men vi har berre delvis lukkast. Til dømes så har nok ordet "streaming" for videosendingar over internett fått fleire brukarar enn det oversatte ordet "stømming". Dette har nok til dels med at det er vanskeleg å lære seg av med ord du har blitt vant til å bruke, men det har nok også med at mange tenker på "streaming" som noko som er litt meir presist enn "stømming". Utan å ha gode data på dette så har eg vel inntrykk av at streaming oftare blir brukt for å skildre reine internettsendingar som youtube, twitch, osv, medan strømming kanskje oftare blir brukt om meir tradisjonelle TV-program som ein velger å sjå gjennom TV appen. I tillegg til den reine politiske sida om kva veg vi skal utvikle det norske språket så har dette med endra stavemåte også svært mykje med at folk er vande med å sjå ord skrevet på ein bestemt måte. Dei aller fleste lesarar les ikkje bokstav for bokstav, dei kjenner igjen ordets fasong og lengde slik at ein ikkje treng å lese alle bokstavane. Det er dette som gjer at det å lese tekst på dialekt kan være tungvindt sidan lesaren då må få med seg kvar einaste bokstav og deretter bruke tankevirksomheit på å identifisere kva lydar disse bokstavane gir, og til slutt forstå kva dialektordet betyr. Det er derfor dei fleste av oss synes det er enklare og raskare å forstå ordet "Champagne" enn "sjampanje" eller "service" istaden for "sørvis", det fyrste ordet er umiddelbart gjenkjennbart for dei fleste av oss, det andre ordet må ein lese bokstav for bokstav for å forstå. Sjølv om eg også synes at det er rart og uvant å skrive tako, kamping, og sørvis, så meiner eg likevel at det er heilt korrekt at ein prøver så langt som mogleg å ha eit skriftspråk som er forutsigbart og standarisert. Engelsk er alt langt ute å køyre på det området, med masse ord som er stava på heilt ulike måtar sjølv om lydane er like, og omvendt at sjølv om bokstavane er dei same så uttales det på ein heilt anna måte i bestemte ord. Så sann sett så er det heilt på sin plass at vi på norsk utelukkande brukar "K" for k-lyd, og ikkje driv og veksler mellom å bruke C og Q for lydar som like godt let seg uttrykke med ein K. Mitt einaste ankepunkt på å innføre norske stavemåtar er at for enkelte korte ord så kan vi få ulike ord med heilt identisk stavemåte, for best mogleg lesbarheit så bør ein så langt som mogleg unngå ord som har fleire betydningar utifrå samanheng.
-
Det er tre moment i tjuveri. Det fyrste er om du har tatt ein gjenstand (som krikkert viste til tidlegare i tråden så er det vilkåret alt oppfylt ved at butikken er sjølvbetent slik at du reint faktisl har tatt varer som du ikkje har betalt for). Det andre momentet et om du har til hensikt å skaffe deg vinning. Dette er dei to vilkåra sol må være oppfylt for at det skal være tjuveri. Det siste momentet går på å bevise at du ikkje hadde tenkt å betale for varen, det er her mange butikkar har ein policy på at ein har passert siste betalingspunkt. Strengt tatt så er det eigentleg ikkje tjuveri om du går ut av butikken utan å betale dersom det oppriktig var eit uhell, men det er vanskeleg å bevise at du hadde til hensikt å betale når handlingane viser det stikk motsatte.