The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
21 093 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det som fungerte dårleg med BankID på mobil var at ein svindlar då berre trengte tilgang til mobiltelefonen og PIN koda. PIN koda kunne trykkast inn sjølv om telefonen var låst, så eventuell biometrisk lås på telefonen var til ingen nytte. Slik svindel var særleg problematisk der ein vart svindla av venner og familie. Sidan mange bruker same PIN-kode til mange ulike ting så er det ofte ikkje så vanskeleg å få tak i PIN koda, og tilgang til mobiltelefonen til vennar og familie får ein lett når vedkommande forlater rommet utan å ta med mobiltelefonen. Mulig BankID på mobil var tryggare for svindel frå utanlandske hackere sidan det er knytt til eit SIM-kort, men BankID på mobil hadde sine ulemper i forhold til meir lokale svindelforsøk. Alt det sagt så synes eg ikkje at BankID appen er god nok heller. Kravet om å bruke personleg passord i tillegg er ofte tungvindt, særleg når skal logge inn med mobiltelefonen og må skrive inn passordet på mobiltelefonen og ikkje på PCen, særleg om du har eit langt og komplisert passord slik som du bør ha. I tillegg så er det ein ulempe når du skriver passordet på mobilen at det er lettare for ein tredjeperson å sjå deg over skuldra og fange opp kva bokstavar du trykker på. Er det så vanskeleg å knytte Appen opp mot biometrisk lås på telefonen? Det må vel være vel så bra som eit personleg passord at du må bekrefte at du prøver å logge på med å scanne fingeravtrykket på mobilen, kontra å bli bedt om å oppgi passord?
- 68 svar
-
- 2
-
-
For at leigeinntektene skal være skattefrie så må den delen du leiger ut ha lågare utleigeverdi enn den delen du sjølv bruker. Normalt er dette kravet oppfylt dersom du sjølv bruker minst halvparten av bustaden, men andre forhold enn kan spele inn på leigeverdien. Så om du bytter rundt og sjølv bur i utleigedelen så må du skatte 22% av leigeinntektene frå hovuddelen. Om det fortsatt er rekna som primærbustad slik at du kan selge skattefritt finn eg ikkje svar på, men eg antek at både hovuddel og utleigedel er ein og same bustad og at det derfor ikkje blir rekna som at du bur ein annan stad om du flytter ut av hovuddelen. Det du kan tross alt ikkje selge hovuddelen utan å også selge utleigedelen. Dete er det som er relevant å vite opp mot skatteetaten. Dei neste spørsmåla er då opp mot burettslaget. Hovudregelen er at du må innhente løyve frå styret for å kunne leige ut, får du eit løyve til å leige ut så treng du ikkje å forholde deg til unntaka i burettslagsloven, så eit velvillig styre gjer alt mykje enklare. Om du ikkje får løyve frå styret så må du sjå på unntaka. §5-4 opner for at dersom du sjølv bur i bustaden så kan du overlate bruken av delar av bustaden til andre, då blir det eit definisjonsspørsmål om utleigedelen er definert som ein del av bustaden. I burettslag med dedikerte utleigedelar så vil dette typisk være regulert i vedtektene. Det som nok var tenkt når burettslagslova vart skreven var at ein andelseigar kunne leige ut til dømes gjesterommet i same leilegheita dersom ein sjølv budde og brukte resten av bustaden. Så der er litt rom for usikkerheit på om utleigedelen er ein del av bustaden eller om det er noko anna. Det andre relevante unntaket er at du kan leige ut i opptil 3 år dersom du har budd der minst 1 år i løpet av dei siste 2 åra. Du må fortsatt innhente løyve frå styret, men slik godkjenning kan berre nektast med sakleg grunn. Merk også at det frå burettslagets side så er det nok ikkje ynskjeleg med utleige av hovuddelane.
- 7 svar
-
- 2
-
-
Heilt einig, om fråvær av bevis ikkje er bevis på fråvær, så blir det slutt på fellande dommar ettersom den sikta alltid kan kaste ut påstand om at nokon andre utførte ugjerninga, og ettersom politiet sjeldan kan bevise med 100% sikkerheit at det ikkje har vært andre tilstades så er det rimeleg tvil i skuldspørsmålet og dermed må den sikta gå fri uansett kor gode dei øvrige bevisa er. Ps. du har feilsitert meg på siste avsnitt der du eigentleg meinte å sitere WiiBoy.
-
Eg er eigentleg einig med deg, berre at min konklusjon er heilt motsatt. Eg meiner at både sykkelvegar og trafikkreglar er utarbeida med tanke på førre generasjon syklistar, den gong dei som sykla var enten små barn eller voksne som sykla på tur med handlekorg hengande på styret. Den syklistgruppa som er i aldersgruppa 30-60 år som sykler i kondomdrakt og som sykler i vegbana fordi det går for sakte om dei skal bruke kombinert gang og sykkelveg ettersom dei då må vike for alle fotgjengere, er det i liten grad tatt omsyn til. Etter mitt syn så burde det både lovmessig og infrastrukturmessig vært eit klart skille mellom dei som bruker sykkelen i gangfart og oppfører seg som fotgjengere, og dei som bruker sykkel som eit transportmiddel og oppfører seg som bilistar. Den gruppa som sykler fort på sykkel har i dag veldig få fornuftige plassar å sykle utanom reine sykkelvegar. Dei syklar for fort til at dei kan dele vegen med vanlege fotgjengarar og dei syklar for sakte til at dei kan dele vegen med billistar.
-
I teorien er det vel ei muligheit dersom det skulle kome heilt nye bevis mot VK. Det eg likevel er litt usikker på er om det er avgrensingar på kor mange gangar ei drapssak kan gjenopnast. Ei gjenopning av ei gjenopning av ei drapssak med med fellande dom har eg aldri høyrt om før. Ei eventuell tilståing frå VK vil ha mykje same utfordringa som forklaringa til JHA, ei tilståing åleine utan fysiske bevis er ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg for at ein kan dømmast. I denne saka så kan ein nok heller ikkje samanlikne ei hypotetisk tilståing frå VK mot forklaringa til JHA for å finne likheiter i forklaringa som kan brukast som bevis på at den hypotetiske tilståinga er sann. Til det så kjenner VK alt for godt til JHA sine forklaringar, så dersom VK av ein eller anna grunn skulle ville kome med ein falsk tilståing så er det enkelt å tilpasse ei tilståing til JHA sine forklaringar. Dersom det likevel skulle kome bevis og dom mot VK så vil tilbakebetaling av uriktig erstatningssum bli ein del av kravet, realistisk sett så blir nok det i praksis eit regresskrav mot ein enkeltperson som ikkje kan betale tilbake til staten, så sjølv om det skulle kome heilt nye bevis mot VK som er sterke nok til å både gjenopne gjenopningssaka og gi ny dom så er det lite sannsynleg at erstatningspengane vil kome tilbake i statskassa. Sterkaste beviset mot JHA for at han står bak begge drapa er vel at begge drapa har blitt utført på same måte, og at ettersom JHA har tilstått drapet på Stine Sofie så veit vi at det drapet er utført av JHA og ein kan såleis samanlikne direkte mot måten drapet på Lena har blitt utført på for å finne likheiter. Her blir det eit spørsmål tolking av bevisa og vurdering av kva retten finn sannsynleg. For strengt tatt om vi skal ta omsyn til all tvil uavhengig av kor usannsynleg det er så har vi ikkje bevis for at JHA har drept, vi har berre JHA sitt ord på at han har drept den eine og deretter (vært med på) å gjeme begge lika. Det som det er bevis for er at JHA har begått voldtekt og avsatt DNA på begge jentene. Heilt heilt hypotetisk så kan sjølvsagt JHA ha utført overgrepa og deretter stukket av med begge jentene i live og så har ein heilt ukjent tredjeperson tilfeldigvis kommet innom og utført begge drapa. Utanom det så er all bevisførsel knytt til at JHA kan koplast til åstaden, og at han er den einaste som det er bevist var der både på bakgrunn av DNA og eiga tilståing. Det derfor er usannsynleg at det har vært fleire på staden, og ettersom drapa har skjedd i det aktuelle tidsrommet så må spørsmålet som retten tek stilling til bli "Om ikkje JHA begikk drapet på Lena, kven andre kan det ha vært?".
-
Einig. Synes også påstanden mangler substans, men det eg antek at mora til JHA meiner er at saka blir hengande i lufta dersom JHA ikkje blir dømt for drapet på Lena Sløgedal Paulsen og det i dag manglar bevis mot VK slik at dette drapet blir ståande som uoppklart. For saka blir vel ikkje hengande i lufta om og når JHA blir dømt også for dette drapet? Det burde også vært gravd litt nærmare i at grunnen til at "alle veit at han var der" er jo fordi alle har blitt lurt av JHA forklaring, som i tillegg til å ikkje være særleg tillitsvekka også er prega av at JHA etter eige utsagn har "blackout" og berre huskar delar av handlingane på åstaden. Og kva meiner ho eigentleg med å legge lokk på det? Altså at når ein ikkje finner bevis for at VK var på staden så ikkje VK blitt dratt inn i saka i det heile tatt? I så tilfelle er eg heilt einig. VK har ingen fornuftig rolle i denne rettssaka der JHA er tiltalt for drapet på Lena Sløgedal Paulsen. Det finnes ikkje bevis for at VK var på staden så då har han lite fornuftig å forklare for retten angåande drapshandlinga, og det å bruke VK som karaktervitne for å forklare at JHA er ein slem mann er vel ikkje nødvendig når han alt er dømt for drap og voldtekt i denne saka. Det einaste temaet i denne rettssaka er jo om det finnes bevis for at JHA utførte begge drapa og ikkje berre det eine.
-
Det som er problemet er at sykkelvegane er konstruert utifrå opplevd risiko og ikkje reell risiko. Dei aller fleste syklistar kjenner seg tryggare når dei sykler på opphøgd sykkelveg, då er risikoen mykje mindre for at ein billist kjem inn i sykkelfeltet og kolliderer med ein syklist. For dei fleste syklistar så er det dette som er den store skrekken. Realistisk sett så er den største ulykkesrisikoen at syklisten velter, og i den samanhengen utgjer opphøgd kantstein ein ekstra fallrisiko. På den andre sida igjen så kan det likevel være heilt rett med oppheva sykkelfelt ettersom dei mest alvorlege sykkelulykken må vel være ulykkene der ein uvitande sykklist blir meia ned av eit køyretøy? Så dersom målet er å førebygge dødsulykker på sykkel så er det ikkje gitt at sykkelstiar i same høgde som vegbana er det beste. Sjølv om det er litt urasjonelt så kjenner nok dei fleste syklistar seg tryggare når eventuelle ulykker er sjølvforskylt ved at ein velter, for det som er mest skummelt er å bli påkøyrd utan moglegheit til å avverge situasjonen. Dersom ein er redd for å velte så kan ein kompensere ved å sykle saktare, men ein kan ikkje sjølv gjere tiltak for å ikkje bli påkøyrt av ein bil som mister kontrollen. Ei heilt anna problemstilling er at bygging av opphøyde sykkelvegar også er dyrare enn å berre bygge vegen litt breiare og male ei stripe, så ved å bygge opphøyde sykkelfelt så får vi også færre meter med sykkelfelt i året fordi det blir for dyrt. Min umiddelbare tanke er at opphøyde sykkelfelt blir ei kompromissløysing som fungerer dårleg for dei aller fleste. Ein kantstein på ca 10 cm er ikkje spesielt effektiv for å hindre at køyretøy køyrer opp på gang- og sykkelvegar, mister bilisten kontrollen så stopper ikkje kansteinen eit køyretøy. Det einaste ein oppnår med kantstein er at billistane held avstand for å ikkje øydelegge felgane. Samtidig så utgjer kantsteinen ein fare for syklistar som då er "fanga" i sykkelfeltet og i liten grad kan entre vegen utan å velte i vegbana. Så dersom ein skal verne syklistane så burde ein vel også hatt heilt fysisk hindring som autovern eventuelt solide stolpar med jamne mellomrom dersom det ikkje er ynskjeleg med full avstenging av sykkelvegen. Ulempen med fysisk hindring er at det utgjer ei utfordring med snøbrøyting og anna vedlikehald.
-
Dette er vel vanleg praksis når ein har fått ei dom i saka og ikkje lenger ser på bevisa som relevante, eg har forståing for at det ikkje er uendeleg med lagringsplass for bevis. I saka mot JHA og VK så var nok alle såpass overbevist om at det var riktig dom, så ei ny vurdering av bevismaterialet var det nok ingen som tenkte på. I tillegg så handlar det vel om at ein ikkje nødvendgvis forstår kva ein kan få ut av bevismaterialet med framtidig teknologi. Gjenopninga av denne saka er vel eigentleg på flaks, slurv eller ordrenekt ettersom DNA-prøvene var meldt som destruerte før ein mange år seinare fant DNA-prøvene i ei fryseboks likevel. Det var tydelegvis meininga at også DNA-prøvene skulle vært destruert etter rettssaka. Det er verre når ein destruerer bevismateriale i saker der ein ikkje har fått ein dom, vi har jo nokre eksempel på det der ein mange år seinare får ein ny mistenkt men manglar bevismateriale som den mistenkte kan sjekkast opp mot. Eg håper at ein i dag er flinkare til å ta vare på biologisk materiale som bevis i dei fleste saker då det burde være openbart at DNA teknologien berre går framover slik at ein kan hente ut DNA profil frå prøver som ein før ikkje klarte å hente ut fullverdig profil frå. Eg reknar med at i framtida så kan ein også få meir informasjon ut av ein DNA-profil, ikkje berre sannsynleg hår og augefarge men kanskje også anna genetisk informasjon som kan beskrive personen. Tenk om ein i framtida kan sjå på DNA-profilen og sjå at den mistenkte har ein far som er utsatt for ein bestemt type kreft slik at denne informasjonen kan kryssjekkast mot pasientar som har motteke slik behandling og som har ein sønn med bestemte genetiske eigenskapar. Om teknologien og kunnskapen går den vegen så vil ein med gamle DNA-profilar også kunne leite seg fram til mistenkte og ikkje berre passivt samanlikne profilane med eventuelle mistenkte.
-
Ein sykkel slit på underlaget på ein heilt anna måte, problemet er ikkje den vertikale belastninga ved kvart skritt men den horisontale krafta som lager gjørmete stier ved at sykkelhjulet går rundt. Du får tilsvarande slitasje med vanleg sykkel, men med elsykkel blir det meir kraft i hjulet bevegelse. Dette speler ingen rolle på etablere grusvegar, men det har stor betydnig for stiar som blir veldig gjørmete for andre turgåarar.
-
Hovedforskjeller mellom FrP og Høyre?...
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Politikk og samfunn
Kommunene får sine tilskot frå staten, så sjølv om det ikkje er direkte samanheng mellom statleg styrt straumpolitikk og kommunenens økonomi, så er det slik at når staten får mindre pengar inn så er det mindre pengar å betale ut til kommunane. Sjølvkostprinsippet er vel og bra det, men i praksis så er heller ikkje sjølvfinansierte kommunale tenester i eit vakuum som er uavhengig presten av komnuneøkonomien. -
Hovedforskjeller mellom FrP og Høyre?...
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Politikk og samfunn
Legg gjerne merke til at FrP er flinke til å foreslå korleis ting skal bli billegare, men dei manglar forslag på kva som skal fjernast for at AS Norge skal ha nok inntekter til å holde tenestenivået oppe. Det hjelp lite at straumprisen går ned om det fører til at renovasjonsavgifta går opp. Høgre er mindre populistiske og meir realistiske. Det gir ofte utslag i at dei klarer å drive politikk gjennom heile perioden, men dei har litt mindre krutt i kanonen når det er valgår. Som til dømes eksempelet ditt med at Høgre ikkje blankt avslår samarbeid med MDG. Om alt det koster H å støtte MDG i nokre enkeltsaker så vil det fort være fornuftig når ein då kjem i posisjon til å også utøve høgrepolitikk. Frp er ofte i opposisjon og nekter å samarbeide med andre parti slik at dei kjem i posisjon. Det gjer at FrP ofte er i mindretal i alle saker, men samtidig er det trygt å kunne fritt kritisere partia som har politisk makt utan å sjølv må stå til ansvar for negative sider ved politikken. For FrP så er det kanskje best å være i mindretal med ein tydeleg politikk på at avgiftene må ned, utan å faktisk måtte utøve den makta og bestemme at for å finansiere avgiftskuttet så må til dømes trygdeutbetalingane reduserast eller at nokre sjukehus må leggast ned. -
AI-generator lager musikk med vokal
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Eit interessant spørsmål er korleis det vil stille seg rundt opphavsrett dersom ein artist AI genererer ein heil sang og deretter kopierer AI sangen og lager ein heilt ny versjon med same lydbilde. For då er det ikkje eit orginalt åndsverk lenger, men samtidig er det eit åndsverk utan opphavsperson og som aldri har blitt publisert før. -
Ja, det er ingenting å tene på å varsle om feilen. Det einaste du kan oppnå er negative ting som at sensor blir oppmerksom på feilen og må då reagere på den. Sannsynlegheita for at du kan redde inn ein redusert karakter eller i verste fall ein styrk ved å peike it feilen og be sensor om å ikkje sjå på den er i beste fall liten. Det er mykje større sjans for at du snakker deg til ein reaksjon. Som plagiatsaka har vist så kan sensor velge å sjå mellol fingrane på slike feil, men ikkje når feilen blir påpeikt.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Det kjem heilt ann på om Leathermanen blir vurdert som eigna til å forårsake kroppsskade. Det er uansett bæring av kniv uavhengig av om du har den i lomma eller gjemt i botnen av ryggsekken. For at kniven skal bli rekna som lovleg så må du ha eit aktverdig formål, og det blir også ei vurderingssak. Det er ikkje gitt at du blir trudd på at du treng kniven for å opne chips posen når du er i byen, og i alle fall når det nærmer seg kveld. Så kvar du fysisk befinner deg har også betydning, lommekniven som er heilt OK når du skal på skogstur treng ikkje å være OK når du er på vei til pubben.
-
Vanlegvis er det langt mindre alkohol, typisk nærmare 0,4. Grunnen til at det står 0,7% på flaska er at dette er maksimalt alkoholinnhold for at ølet skal være klassifisert som alkoholfritt. Neste klasse er lettleste som kan være opp frå 0,7 til 2,7 %. 0,7% er forøvrig same alkoholinnhold som kulturmjølk.
- 41 svar
-
- 2
-
-
-
Husk også eplejuice er alkoholfri vin og vatn er alkoholfri vodka. Særleg smaksatt øl slik som radler (som eg antek er meint med øl med ulike smakar) så er det mest brus. Hadde det blitt solgt som brus med naturleg sødme frå malt så hadde folk kjøpt det fordi det er sunt. Smaksatt øl har ellers ikkje så mykje til felles med anna øl.
-
Er det bevist at VK faktisk hadde på seg disse klærne og ikkje husker feil? Sjølv om VK meiner å huske kva klær han hadde på så er det ikkje gitt at han faktisk husker rett. Om det er rart at han husker dette kjem heilt ann på kva som er omstendigheitene, som at t-skjorta var ny eller at han brukte denne arbeidsbuksa kva dag.
-
Einaste som tilseier at det blir lettare å seinare drikke øl i voksen alder er at ungen har lært seg å like drikke som ikkje smaker søtt. Om det er ein ulempe eller ikkje blir sjølvsagt eit anna spørsmål. Min fyrste tanke er at det er spørsmål om kva som eventuelt er alternativet, alkoholfritt øl er eit langt sunnare alternativ enn brus. Personleg så kjenner eg meg ganske sikker på at det er ingen som har vokse opp og blitt alkoholikarar fordi dei fekk smaken på alkoholfritt øl i barndommen. Det er tross alt alkoholen og rusen ein eventuelt misbruker, ikkje smaken av alkoholfri drikke.
- 41 svar
-
- 4
-
-
Er det ikkje akkurat det same for alle offentlege nybygg? I dag er det berre funksjon og økonomi som betyr noko. I dei fleste tilfeller så medfører det ein firkanta kloss med vedlikeholdsfri fasade. Utsmykking og kunst er heilt fråværande, og i beste fall minimalt. Slik byggestil gir mest mogleg bygg for minst mogleg bruk av offentlege midlar, men det medfører også at det omtrent ikkje blir bygd praktbygningar lengre.
- 59 svar
-
- 1
-
-
Det er faktisk eit problem sjølv om det ikkje burde være eit problem. Problemet ligg i at det er ulike budsjett. Ein får ikkje lov til å tilsette meir folk enn ein har stillingar til då det å tilsette folk er ei langsiktig økonomisk forplikting. Samtidig så er det slik at når du manglar arbeidsressursar så er det ein unntakssituasjon som gjer det heilt akseptabelt å leige inn vikarar og konsulentar til fire gongar så høg kostnad. Sjølv om dei fleste forstår at det totalt sett er både billegare, meir effektivt og betre for kvaliteten å ha litt fleire på jobb enn det er budsjettert for kontra å ha akkurat litt for lite folk på jobb og deretter måtte betale i dyre dommar frå vikarbyrå, så lar det seg ikkje gjere når kvar avdeling blir målt på sitt budsjett og ikkje får lov til å ha lønnskostnadar over ein bestemt sum. Medan innleige av vikarar er rekna som heilt nødvendige kostnadar og blir ført på budsjettet for innleige som ofte ikkje har ei øvre ramme sidan det er rekna som kritisk for tenesta å skaffe den arbeidskrafta som mangler. Same problemet har ein også opp mot høgt sjukefråvær. Sterkt pressa personalbudsjett som fører til stort arbeidspress på dei få som er på jobb gir høgt sjukefråvær og dermed stort behov for vikarar. Men hadde ein tillat seg å heile tida ha ein bemanning som ligg 10% over minimumskravet så hadde det gitt mindre arbeidspress og større trivsel, og ein ville nok spart inn dei ekstra lønnsutigftene i mindre bruk av vikarar som følgje av sjukefråvær.
-
Det å jobbe redusert stilling er ofte frivillig og også ei rettigheit i mange tilfeller. Utfordringa er at det går utover veldig mange fleire ved at det då må lysast ut deltidsstilling for å fylle heile stillingsheimelen. Det er nok veldig få som søker på 70% stilling som sjukepleiar som tenker at 30% er nøyaktig den stillingsprosenten dei vil ha, mange søker på ei slik stilling fordi det er den som har blitt ledig. Hadde kommunen/staten tatt seg råd til å spytte inn friske lønnsmiddel slik at stillinga kunne blitt utlyst som 100 % stilling så hadde ein nok også fått fleire søkarar. Staten og det offentlege forvørig er på langt nært like trygg arbeidsplass som det var før. Arbeidsvilkåra er under stadig press for å få mest mogleg effektivitet ut av minst mogleg betaling, og stadige omorganiseringar gjer at ein ikkje nødvendigvis er sikra jobb livet ut heller. Plutseleg er den avdelinga ein jobbar på nedlagt etter ei omorganisering slik at ein står utan jobb.
-
Det er her definisjonen av våpen blir litt trøblete. I praksis så blir det ein form for profilering som avgjer om du blit tatt med eit lovleg verktøy eller ulovleg våpen. Våpen er i denne samanhengen definert som gjenstandar som er eigna til å påføre nokon kroppsskade. Det er ikkje eit krav om at gjenstanden må være særskilt farleg eller eigna til å påføre nokon alvorlege kroppsskadar, så ein fort ryke på ei bot for å gå med våpen på offentleg stad dersom ein blir tatt med ein negleklippar i lomma og politiet meiner du kunne brukt denne til å påføre skade. Det aller meste kan bli til våpen om det er rette personen som held gjenstanden. Held ein nøklane mellom knokane så er nok skadepotensialet vel så stort som om nokon skulle gå til angrep med ein tapetkniv, forskjellen ligg berre i at ein vil aldri bli bøtelagt for å ha nøklar i lomma, men ein kan få bot for å ha tapetkniv om du ikkje blir trudd på at du har eit aktverdig formål. I denne konkrete saken som det er linka til i fyrsteposten så er framstår beslaget av ein slik lommekniv som lite forholdsmessig. Det er ikkje så lett å vurdere kor langt knivbladet er utifrå bildet men om det er ein slik vanleg lommekniv så er bladet akkurat under 6 cm langt, noko som betyr at den kniven som vart beslaglagt i denne politikontrollen ville vært lov å ha med seg gjennom sikkerheitskontrollen på Gardermoen. Det er vel og bra at politiet tek førebygging på alvor, men eg kjenner meg ikkje spesielt mykje tryggare når alt kontrollen oppnådde var at ein person mista lommekniven sin. Hadde politiet avdekt og beslaglagt macheter, knokejern, og liknande gjenstandar som utgjer ein stor fare og i tillegg ikkje har så mykje anna formål i eit bymiljø utanom slåssing så hadde det vært noko anna. Og var det verkeleg ingen middelaldrande damer som vart tatt på fersken med lange metallstrikkepinnar? Å bli stukket med ein 30 cm lang strikkepinne i aluminium er vel fort mykje farlegare enn å bli stukket med ein liten lommekniv?
- 46 svar
-
- 1
-
-
Det er nok rett oppfatta, det er likevel nokre forskjellar. Sjølv om det ikkje er unikt for helsesektoren så får ein fort både behov og ønske om deltidsstillingar ved døgnkontinuerleg drift. Særleg i dag når stadig fleire verdsetter fritid høgt så er det er stor andel som veldig gjerne vil jobbe berre akkurat nok nattarbeid til å ha få ei passeleg utbetaling. Tilsvarande tendens ser ein også på dagtidsarbeidarar. Ved å gå ned til 80% stilling så vil veldig mange få utbetalt nesten like mykje som når dei jobbar 100% på grunn av at ein 20% lønnsnedgang også betyr mindre skattetrykk. Då tek ein sjølsagt ikkje omsyn til kva ein taper i pensjonsopptening, men for småbarnsforeldre så er det fort attraktivt å berre jobbe frå kl 09 til 15 kvar dag slik at ein kan hente og levere i barnehagen og samtidig få nesten like mykje utbetalt. I private helseforetak er det litt mindre bruk av deltid, men det skuldast nok på den eine sida at mykje av dei private helsetenestene er rein dagtidsjobbing, samt at arbeidsgivaren i private helseforetak kan være litt hardare i klypa og kreve at dei tilsette skal jobbe i fulltidsstilling. Ein må også ta med seg at krav i private helseforetak om at alle skal jobbe fulltidsstilling også er noko av grunnen til at lønnsniåvet i private helseforetak er høgare. Offentlege helseforetak har lågare lønn, og er nok i stor grad avhengig av å kunne vise fleksibilitet og tilby deltidsstillingar til dei som setter krav om å få jobbe deltid for å klare å rekruttere. Utfordringa med å være velvillig og tilby frivillig deltid, er at det også blir veldig mange som må jobbe ufrivillig deltid for å fylle opp skiftet. For kvar einaste tilsette som får lov til å ha ei 80% stilling så blir det ei ledig 20% stilling ledig som kan være utfordrande å kombinere med andre ting. Det er veldig få som ønsker seg ei så lita stilling som 20% men det vil være ein god del som ikkje får tilbud om anna og som tek stillinga i håp om å kunne få ei større stilling seinare. Sjølv om den same tilsette klarer å få fem 20% stillingar så er det så og seie ingen sjans for at ein kan kombinere dette til ei 100% stilling, og i alle fall ikkje utan at ein får store hol i arbeidsplanen der ein til dømes har fire timar fri på ettermiddagen før ein igjen må møte på jobb. Dette med bruk av deltidsstillingar i det offentlege helsevesenet er ei stor utfordring som ikkje er så lett å løyse. I tillegg til at veldige mange av arbeidstakarane får dårleg økonomisk forutsigbarheit, så er det også veldig fordyrande for det offentlege å drifte. Med mykje deltidsstillingar så betyr det at det er svært mange personar som fyller alle disse stillingane, dette er personar som alle skal ha personleg oppfølging, dei skal alle ha lønn, og ikkje minst må nokon bruke administrativ tid til å sette opp vaktplaner som syter for at ein heile tida har den bemanninga som ein skal ha utan at nokon deltidstilsette jobbar meir enn dei skal, som igjen betyr at det må tilsettast fleire i administrasjonen. Det store spørsmålet eg sitt igjen med er om denne deltidsproblematikken kunne vært løyst med høgare lønningar? Det må være lettare å rekruttere ein helsefagarbeidar som må jobbe fulltidsstilling om lønna også er god nok til å gjere opp for den ulempen som arbeidstakaren synes det er å jobbe heile dagar?
-
Politiet har eksplisitt lovheimel til å visittere med formål om å avdekke våpen, ved å i tillegg visittere alle så kan politiet heller ikkje anklagast for ulovleg profilering. Det som gjer det litt problematisk er at skillet mellom ulovleg våpen og verktøy med aktverdig formål blir litt vel subjektivt. I motsetnad til sikkerhetskontrollen på flyplassen så er det ingen grense på at knivblad under 6 cm er lov og lengre knivar ikkje er lov.
- 46 svar
-
- 3
-
-
-
Småriper høyrer vel til uansett med L-skilt? Med mindre bilen er heilt nyvaska før ein sett på eit magnetisk L-skilt så vil ein vel nesten alltid skrape smuss og skitt ned mot lakken? Det er veldig vanskeleg å ta vekk eit magnetskilt ved å bare dra skiltet rett ut, som regelen så blir det ein sidevegs bevegelse som kan gi riper. Skal ein feste skiltet med snorer så forutsetter eg at ein fester det slik at skiltet ikkje flaggrer, fyrst og fremst fordi skiltet ikkje er lesbart om det får flaggre fritt men også fordi det kan slå inn mot bilen.
