
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 826 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det er vel også mykje samme svadaargument som NRK har brukt ved å låse sine radiosendingar og podcasts til NRK-appen og ikkje via open RSS løysing som gjer at ein kan bruke den avspelaren som ein sjølv vil bruke. Argumentet var for å sikre at NRK sitt innhold skulle forbli fritt tilgjengeleg også i framtida, men å låse alt innhold slik at du ikkje kan bruke andre avspelarar enn NRK sin er det stikk motsatte av tilgjengelegheit. No finnes det heldigvis alternativer via tredjepart tenester som NRSS som er ein liten protestreaksjon som gjer at ein kan søke fram rss strengen til NRK sendingar og sette inn i sin foretrukne podcast spelar.
- 315 svar
-
- 1
-
-
Det er nok meir det polariserte samfunnet som har endra seg meir enn at det er NRK som har endra seg. Eg synes at NRK fortsatt er av dei mest nøytrale mediane som vi har, der begge sider får sleppe til. At den parten som ikkje kan framlegge bevis for sine påstandar blir via mindre tid er ein heilt naturleg del av ein nøytral journalistikk. Det er ikkje slik at NRK ikkje kan være nøytrale sjølv om ein 50 minutts dokumentar om dinosaurar ikkje blir fulgt opp med 50 minutt med eventyr frå kreasjonistane om korleis Gud skapte dinosaurane for 6000 år sidan. Det området der NRK har endra seg mest på, og som ofte blir tolka som eit venstreorientert synspunkt er at NRK er langt framme på mangfald og representasjon, alt frå BlimE satsinga og sendingar på teiknspråk, til at dei tilsetter programleiarar med brun hudfarge eller rar dialekt. Grunnen til at NRK gjer dette er ikkje fordi heile institusjonen er venstreorientert men fordi dei heilt slavisk følger den lovgjevinga som Storinget har innført gjennom lover og forskrifter som mellom anna plikta til å fremme likestilling og hindre diskriminering. NRK har heiletida jobba utifrå dei politiske retningslinjene som blir gitt, men eg meiner liekvel at det er uheldig at NRK no mottek pengane sine via Stortingets bevilgning av skattepengar. TV-lisensordninga som var før var ikkje perfekt, særleg med ein del av dei litt merkelege utslaga som ny teknologi fekk der ein måtte betale lisens på ein DVD spelar som hadde antenneinngang medan ein ikkje trengte lisens på ein mobiltelefon som kunne streame TV sendingar, at det ikkje var lisens på radioar, osv. Eg synes likevel at det hadde vært ryddigare om vi hadde hatt ei ordning som sikra at NRK fekk pengane sine utan at ein var avhengig av at politikarane på Stortinget er positive til NRK. Det var langt tryggare for NRK å være kritiske mot styresmaktene før når NRK fekk pengane sine via TV-lisensen og ikkje gjennom eit stortingsvedtak. Det er også heilt tydeleg at NRK sin produksjonskvalitet er redusert, som til dømes nemte Dagsnytt18 som er ei enkel radiosending med eit kamera i TV-studioet. Litt av dette skuldast at NRK må spare pengar der dei kan, men det handlar nok også om at slike billige produksjonar er ein del av dagens mediabilde. Med den oppveksande Youtube-generasjonen som ikkje stoler på "main stream media" og som berre er mottakelege for informasjon frå ein fyr som lagar youtubevideoar frå kjllarleilegheita si så er det ikkje lenger slik at ei "proff" TV-sending med vignett og studiobelysning appelerer på same måte lenger. Dagsnytt18 er rekna som ein god informasjonskanal nettopp fordi det oppleves som "ekte" at det sitt ulike ekspertar med øretelefonar og utan TV sminke på eit lite bøttekott og snakkar om storpolitikk.
- 315 svar
-
- 5
-
-
Eg skal ikkje påstå at dette ikkje er grunnen, men etter mitt syn så handler det vel så mykje om at kommunen ikkje har kapasitet til å følge opp andre saker enn dei mest alvorlege. Ulovlegheitssaker er ofte tidkrevande og kan potensielt ende opp i retten, då vil dei fleste kommuner prioritere å ta unna dei innkomne søknadane som er både enklare og direkte fakturerbare i form av søknadsgebyr, og med den ekstra bonusen at nye bustadar og nye næringsbygg genererer inntekter til kommunen. Kommunen kan i teorien fint starte i ein ende utan å behandle alle likt samtidig, men det er klart at med så mykje småplukk som det er i dei fleste bygg så vil det kreves store ressursar for å jobbe seg gjennom alle byggverk i kommunen. Nytteverdien av ei slik opprydding er også sterkt avgrensa, dei aller fleste ulovlegheitssakene gjeld formalitetar som at ein ikkje har søkt eller ikkje har brukt godkjente fagfolk, ofte kan til og med sjølve arbeidet oppfylle alle krav slik at det er berre formalitetane ved å dokumentere arbeidet som manglar. Og av dei tiltaka som er heilt ulovlege og som må rivast/tilbakeførast om kommunen kjem på tilsyn så er det relativt få av disse ulovlegheitene som er direkte farlege for andre enn huseigar sjølv.
-
Normalt sett må det midlertidige byggverket flyttast vekk frå tomta i løpet av toårsgrensa for å kunne oppfylle vilkåret om at byggverket er midlertidig. Kommunen kan bruke skjønn og kreve byggesøknad om det midlertidige bygget berre blir flytta internt på tomta. Tomåneders regelen er ein regel som fritek frå søknadsplikta som normalt gjeld ved både bygging og plassering av bygningar. Plan og bygningslova sin formulering er tiltak som "ikkje skal stå lengre enn 2 måneder", flytting er ikkje nemt noko som medfører at bygget må fjernast innan 2 månedar for ikkje utløyse søknadsplikt. Dei fleste campingvogner og liknande vil fint være innafor forutsatt at ein fjerner heile tomta før det har gått to månedar, om ein berre flytter internt på tomta så er ikkje bygget fjerna.
-
Det vart innført nokre forenklingar retta mot mikrohus sommaren 2023, men dette får ikkje betydning for trådstarter som ønsker ein heilårsbustad langt ute i skauen. Unntaka gjeld eigentleg berre utforminga av husrommet, plan- og bygningslova gjeld fortsatt der heller ikkje mikrohus kan oppførast på stadar som ikkje er regulert til bustadformål, og ikkje minst krava til vegtilkomst, vatn og avløp, osv. Endringane i forskrifta gir mellom anna unntak frå krava til tilgjengelegheit. Så dersom ein bygger så lite at huset blir definert som mikrohus (maks 30 kmv bruksareal og ikkje høgare enn 4,5 m), så slepp ein mellom anna kravet om at det skal være trinnfri gangatkomst i bustadar, noko som gjer det mogleg å ha mikrohus på hjul der inngangsdøra ikkje er på bakkenivå. Det kanskje største unntaket som var innført er at kravet om utsyn ikkje gjeld for mikrohus, noko som opner for at eit mikrohus kan ha mindre vinduer enn det vanlege bustadhus har. Vanlege bustadhus skal ha vinduer på alle opphaldsrom som er er store nok til å gi godt utsyn både frå ståande og sittande posisjon.
-
I teorien ja, men i praksis nei. Etter plan og bygningslova så er tiltak definert som "oppføring, riving, endring, herunder fasadeendring, endret bruk og andre tiltak knyttet til bygninger, konstruksjoner og anlegg, samt terrenginngrep og opprettelse og endring av eiendom". Å sette ei seng inn på boda vil då være endra bruk, huseigar må då eventuelt argumentere ovanfor kommunen at denne senga ikkje skal benyttast på ein måte som medfører endra bruk. Typisk så kan du openbart oppbevare senga som gjenstand på boda, det er dette som er formålet til ei bod. Men om du setter opp senga på vanleg måte med madrass og reint dynetrekk så vil nok kommunen argumentere at her har du openbart tenkt å bruke senga. I teorien så bør du derfor oppbevare senga loddrett eller utan madrass for å tydeleg demonstrere at du ikkje skal sove der, men i praksis så vil du aldri få eit pålegg om å fjerne senga. Einaste unntaket eg kan kome på er i ein utleigebustad der du har satt senger på alle rom inkludert bod og andre rom som ikkje er eigna for varig opphold, igjen fordi kommunen då kan argumentere med at du har gjort dette for å kunne trykke flest mogleg leigetakarar inn i bustaden. S-rom (sekundærrom) er rom som ikkje er berekna for å oppholde seg i, verken i korte eller lange opphold. Ei bod vil du typisk oppholde deg i berre få minutter til du har fått henta eller satt på plass det du har oppbevart der. Det er lov til å bygge bod med langt høgare standard enn ei klassisk bod. Du kan heilt fint ha til dømes eit stort vindu med mykje naturleg lys i boda di. Kravet etter byggeforskrifta er at dagens bustadar må byggast med oppbevaringsplass til syklar, sportsutstyr, barnevogner, osv. Det er ingenting som tilseier at boda ikkje kan ha vindu, vannboren varme, og dyr tapet på veggane. Størsten "faren" med å bygge bod med så høg kvalitet er at boda då har god nok kapasitet til å bli brukt til for eksempel soverom, og då bryt du lova ikkje fordi du har seng på boda men fordi når boda er brukt som soverom så har du ikkje lenger den påkrevde boda for oppbevaring av sportsutstyr.
-
Her vil eg eigentleg råde deg, til å råde dine venner, om å ikkje søke å få klargjort kva som er meint med denne klausulen. Slik som det står no så har ikkje dette punktet nokon praktisk betydning ettersom det ligg klart utanfor det som utleigar kan regulere. Reint strategisk er det derfor betre å la klausulen stå og trygt ignorere den, enn det er å få utleigar til å omformulere den slik at den blir mogleg å handheve rettsleg sett. Huseligelova § 5-2 fastsetter utleigars plikt til å opprettholde vanlig ro og orden, inkludert leigetakers plikt til å følge ordensreglar og påbod. Det er likvel ei avgrensing på at ordensreglane må både være vanlege og at påboda er rimelege. Eg tenker derfor at det er undvendig å bruke tid på å analysere påbodet som uansett er urimeleg, men eg forsøker likevel. 1. Det er utydig skrevet, men den naturlege forståinga ettersom det er fastsatt fire personar som maks persontal er at summen av overnattande gjestar og bebuarar ikkje kan overstige 4 personar. Altså at det berre er lov med tre overnattingsgjestar dersom bebuar nummer to ikkje er heime den natta. Eg er likevel eining i at det kan argumeteres for at det som strengt tatt står der er at maks antall overnattingsgjestar er fire gjestar pluss bebuarane, men det er ikkje ein naturleg måte å forstå regelen på. 2. Ja utleigar kan begrense talet på personar i leilegheita, men om vi ser til huseleigelova sine bestemmelser om familieopptak og framleige så er vilkåret for å nekte dette at husrommet blir klart overbefolka. Du skal ha ei veldig lita leilegheit dersom fire personar gjer husrommet overbefolka, særleg når det er snakk om besøk i nokre få dagar. Sidan vennane dine reagerer på maksbegrensninga så antek eg at dei sjølv vurderer at fire overnattingsgjestar går heilt fint. Det er lov å ha luftmadrass på golvet, men det er klart at når eine gjesten må sove på kjøkkenbenken, og ein annan gjest må sove i dusjkabinettet for å få plass til alle, ja då er nok leilegheita klart overbefolka. Ser at huseierforeningen har uttalt at eit eksempel på ei overbefolka leilegheit er når det er feltsengre og madrasser på alle rom. For dei aller nærmaste som sambuar, barn og foreldre så aksepteres det enda tettare buforhold før ein kan påberope at leilegheita er klart overbefolka. Merk også at auka slitasje er heller ikkje ein god nok grunn. 3. Fest kan være alt mogleg. Store norske leksikon definerer fest som ei feiring, som mellom anna er eit avbrekk frå dagleglivets rutinar. At det må søkast skriftleg om å avholde fest vil være eit klart urimeleg, leigetakarane har rett til å få praktisere ein viss grad av livsutfoldelse. 4. Ikkje protester på klausulen. Uteigar kan uansettt ikkje kaste dei ut dei ut basert på at dei hadde bursdagsfest med bløtkake ein kveld, eller tok seg ei øl framfor TVen utan å ha sendt inn skriftleg søknad).
- 9 svar
-
- 5
-
-
Dette har vel vært kjent i samband med salget slik at det har vært tema ved avtaleinngåinga? Om det ikkje har vært gjort nærmare avtale så må det foretas ei vurdering. Det naturlege vil være at betalingsansvaret ligg på den som som er eigar når betalingsansvaret kjem. Utgifter på huset som kjem før overtakinga er det naturleg at det er selgar som betalar medan ein fortsatt står som eigar, og utgifter som kjem etter overtakinga er det naturleg at ny eigar dekker, med mindre det er ting som tidlegare eigar har bestilt. Uavhengig av jussen så tenker eg at at det er rimeleg openbart at det er ny eigar som må betale meirkostnaden ved tilvalg. Dersom dykk kjem til at det er dagens eigar som skal betale for oppussinga som starter før overtakningsdatoen så er det naturleg at dagens eigar velger det som er billegast. Du vil uansett ikkje kunne kreve at dagens eigar pussar opp på dyraste måte (med mindre det er spesifikt avtalt kva standard oppussinga skal ha). Det er du som skal bu i huset i tida framover som får både gleden og verdiaukinga ved at det blir utført ei påkosta oppussing. Om du som ny eigar helst vil ha påkosta vindu med beste isolasjonsevnen og som er praktiske i bruk, så er det også naturleg at det er du som betalar for dette.
-
Jeg hater den norske innvandringspolitikken!!!
The Avatar svarte på freedomseeker sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er både enkelt og vanskeleg på same tid. Det er eigentleg berre siste kulepunktet som med nokon lunde enkelheit kan innførast. Ein skal eigentleg ikkje få oppholds- og arbeidsløyve med mindre ein har ein kompetanse som vi treng i Norge, utfordringa her er at det finnes mange alternative vegar inn, som til dømes familiegjenforeining som kan gi opphaldsløyve på bakrgunn av at du alt har familie med lovelg opphold, og har du fyrst fått lovleg opphald p.g.a. familegjenforeining så kan du også starte å jobbe sjølv om du ikkje har kompetanse som Norge treng. Å nekte familegjenforeining er bryt fort med ei rekke internasjonale forpliktingar, og er ikkje så lett å gjere i praksis utan at vi blir overprøvd av menneskerettigheitsdomstolen. Etter mitt syn så hadde kanskje den beste måten å både tillat familegjenforeining og hatt kontroll på kven vi slepper inn vært at den som søker familiegjenforeining riskerer å miste sitt opphaldsløyve om familiemedlemmane som kjem etter ikkje klarer å forsørge seg sjølv. Ein av dei viktige grunnanene til at det er mykje rus, psykiatri og vold blant flyktningar (ikkje innvandrarar) er at veldig mange av dei som kjem som flyktningar er krigsskada, mange i ein slik grad at vi i Norge ikkje klarer å tilby dei nødvendig behandling, noko som igjen medfører at vi får ein mase voldelige og ustabile personar som går fritt i samfunnet utan stabilitet som ein fast jobb eller impulskontroll til å ikkje true med vold ved den minste motstand. Å ikkje innvilge statsborgarskap til innvandrarar som alt har statsborgarskap er også ein ting som høyres enkelt ut men som er vanskeleg. Mange nasjonar nekter å anerkjenne at sine innbyggarar byttar statsborgarskap, blant anna fordi det er meir fordelaktig på alt frå å kunne skryte av høgt folketal til tross for at mange har flytta frå landet til at ein kan pålegge statsborgarane plikter som verneplikt og liknande. Det er mange som ikkje kan seie frå seg sitt opprinnelege statsborgarskap sjølv om dei gjerne vil. Iran er eit av disse landa som ikkje gir slepp på sine statsborgarar, i tillegg til at dei rundhanda automatisk gir statsborgarskap til alle som er gift med ein iraner samt alle barna som ein iraner får. Det som er "fordelen" med dette sett frå eit innvandringskritisk synspunkt er at svært mange norsk-iranere aldri kan reise til Iran heller ikkje på korte besøk fordi som iranske statsborgarar så kan dei bli utsatt for rettslege anklager og dei kan bli nekta utreise. Om Norge prøver å order opp så avviser iranske myndigheiter alle slike førespurnadar med grunngjevinga om at Norge ikkje kan blande seg inn i interne forhold mellom Iran og ein iraner. -
Dette med medvirkningsplikt er vel uansett på siden av tema ettersom trådstarters arbeidsgiver ikkje bestrider sjukemeldinga på dette grunnlag. Grunnlaget som arbeidsgivar har lagt fram er påstand om at sjukemelding ikkje kan leverast elektronisk og må leverast i fysisk, samt påstand om at SMS er ein akseptabel kommunikasjonplattform. Arbeidsgivers plikt til å tilrettelegge arbeidet, og med dette arbeidstakarens plikt til å medvirke til dette er ei heilt anna problemstilling. Arbeidsgiver har plikt til å gjere det som ein kan for å redusere sjukefråvær som skuldast forhold på jobb fordi arbeidsmiljøloven krev at arbeidsmiljøet skal være helsefremmande. I praksis er det ikkje så ofte at ein kan tilrettelegge på arbeidsplassen, vanlegvis så er det meste av sjukefråværet ting som heilt objektivt medfører at det ikkje er noko som kan tilretteleggast, det er også derfor det er eit krav at arbeidsgiver skal dokumentere at tilrettelegging har vært vurdert slik at ein ikkje gløymer å ta denne vurderinga ved alle sjukemeldingar. Arbeidsgivers tilretteleggingsplikt kan ikkje gå utover arbeidsforholdet eller arbeidsmiljøet til dei andre arbeidstakarane, det medfører mellom anna at det er ganske avgrensa med arbeidsoppgåver som arbeidstakaren kan fritakast for då disse oppgåvene blir ei ekstrabelastning for kollegaene. Om det ikkje er realistisk med tilrettelegging utan at det går utover kollegaene, så skal arbeidsgiver vurdere anna passande arbeid, men også her er det store avgrensingar for kva som er å ansjå som passande arbeid. For det fyrste må dette passende arbeidet være likt nok dei arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga, arbeidstakar kan ikkje påleggast arbeid som ligg utanfor det som er avtalt i arbeidsavtalen. I tillegg må den sjukmeldte være kvalifisert til å utføre dette nye passande arbeidet. For veldig mange stillingar så er det avgrensa kva ein kan finne som anna passande arbeid som både er likt nok til å ikkje kreve ny arbeidsavtale, samtidig som at det er ulikt nok til at arbeidet kan utførast med restarbeidsevnen. Om det heller ikkje finnes anna passande arbeid, så er siste krav til arbeidsgiver å vurdere omplassering i (heile) verksemda. Plikta går ikkje så langt at det må opprettast nye stillingar, men ledige stillingar skal vurderast. I kommunal samanheng kan det medføre at ein sjukemeldt helsefagarbeidar skal få tilbod om den ledige økonomistillinga på rådhuset, forutsatt at denne helsefagarbeidaren også er kvalifisert til ei slik økonomistilling. Arbeidstaker har ei plikt til å medvirke, men minstekravet ligg svært lågt. Arbeidsgivar må kunne vise til at det manglande samarbeidet er urimeleg for at det er eit brot på medvikningsplikta. Typisk vil arbeidsgivar kunne påberope seg dette dersom arbeidtakaren gjentatte gongar ikkje stiller opp til avtalte møter med arbeidsgiver for å diskutere eventuell tilrettelegging. Så vidt eg har fått med meg i denne tråden så ser det ikkje ut som at arbeidsgivar har forsøkt å få til eit møte mellom leiar og arbeidstakar. Til slutt vil eg legge til at konsekvensen av at arbeidsgiver bryt sin medvirkningsplikt er også noko avgrensa. Den viktigaste konsekvensen for arbeidsgivar er ofte at ein eventuell framtidig oppseiing på grunn av at arbeidstakaren har vært sjuk i lang tid kan bli erklært ugyldig på grunn av manglande dokumentasjon på tilrettelegging. Dei aller fleste arbeidsgivarar vil derfor skriftleg innkalle arbeidstakaren til eit eller fleire medvirkningsmøter, gjerne saman med NAV og lege for å kunne dokumentere at det er arbeidstakaren som ikkje har ville samarbeide. Ofte vil arbeidsgiver uansett sette opp ei liste med konkrete forslag til tilrettelegging som arbeidstakaren kan stryke ut som ikkje relevante.
- 51 svar
-
- 4
-
-
-
Det er fleire forhold som får betydning her. I alle tilfeller så kan du ikkje lovleg bruke ein fritidsbustad som bustad. Du kan gjerne kalle bustaden for ei hytte men du må oppfylle krava som er stilt for heilårsbustad, dei viktigaste krava er bustaden skal ha akseptabelt sikkerheitsnivå for alt frå brann til snølast, og at kommunen skal kunne levere dei tenestene du har rett på utan for store ulempar som renovasjon, avløp, at vegen må være vinterbrøyta slik at du kan motta helsehjelp om vinteren, osv. Nokre av disse tinga kan du lage eigne løysningar for, som til dømes at du dokumenterer at du har ei ordning for at kloakken frå hytta ikkje medfører forureining. Kor enkelt det er å få godkjent hytta som heilårsbustad kjem veldig mykje ann på kva kommune det er snakk om. I kommuner som har gitt slike bruksendringar før vil det ofte være ein enklare prosess enn i kommuner som aldri har tatt stilling til slike spørsmål tidlegare. I teorien kan du søke dispensasjon frå alle krav på alt frå tomta til bygget, men krava er innført av ein grunn så kommunen vil stort sett være restriktiv med å gi dispensasjon. Det å være heilt off-grid vil i praksis ikkje være mogleg då svært mange av krava til heilårsbustadar er at du skal være on-grid med alt frå heilårs tilkomst, innlagt vatn og straum, osv. Det er sjølvsagt også eit alternativ at du gjer alt utan løyve og satsar på at du ikkje blir avslørt, men det er ein stor risiko å ta.
-
Det er alt for mange variabler til å seie noko konkret, i tillegg vil det variere mykje med kva slags lønnssystem bedrifta baserer seg på. Det er til dømes ikkje utenkeleg at grunnlønna blir meir eller mindre uendra, men at leiarane får større potenisell bonus slik at når det går bra så får dei ei god lønn og når det går dårleg så har dei mindre enn dei tilsette. Ideelt sett bør lønna baserast på kompetansen din, kor god jobb du gjer, kor mykje det er forventa at du skal jobbe, kor tungt ansvar du har, osv, osv. Sånn heilt generelt så vil eg seie at du ved bytte av jobb så bør lønna auke med ca 5% for at du ikkje skal tape lønn på at du ikkje får ny lønnsjustering. Ved å gå frå å ha ei stilling utan ansvar til ei leiarstilling så bør lønnsauken være 15-20%, eller ca 100-200 000 kr opp i lønn. Likevel så blir det ei vurderingssak på kva du kjem til å kreve. Arbeidsgivar vil ikkje gi deg høgare lønn enn nødvendig, så ofte blir det meir eit spørsmål om kva som er den minste lønnsaukinga du kan akseptere for at det skal være verdt å investere meir tid og energi i jobben, og kva du eventuelt mister. Om du i dag har rett på overtidsbetaling og du som leiar ikkje får overtidsbetalt med er likevel forventa å bruke meir tid på jobben så er det også mogleg at du ved å bli leiar i praksis går ned i lønn ved at du ikkje får skikkelig betalt for alle timane du bruker på jobben.
-
Motytinga er alle sosiale goder du har har frå før. Alle godene som du lister opp her kan politikerane i teorien innføre om dei vil, det er mogleg at skattetrekket blir av type 80% inntektsskatt, men gjennomførbart er det. For å gjere det likt og rettferdig for alle så kan vi innføre ekte kommunisme med 100% inntektsskatt der alt du tener går til staten, og så gir staten deg gratis kost og losji som betaling av akkurat høg nok kvalitet til at du kan fortsette å jobbe for staten. Under eit slikt system så skal alle borgarer yte etter evne og få etter behov. Om ein innfører arbeidsplikt som ei fast ordning så blir det ikkje behov for å innføre arbeidsplikt ved krig og krisetilstandar, for då er du alt pålagt arbeidsplikt. Slik som eg ser det så er det ikkje mogleg å innføre eit slikt kommunistisk styresett halvvegs. Om maten skal være gratis for alle borgarar som er pålagt arbeidsplikt ved krig så blir maten gratis for alle sidan arbeidsplikta gjeld alle. Heilt einig. Det er heilt greit å innføre arbeidsplikt, sjølv om eg er overbevist om at det strengt tatt er unødvendig sidan dei aller fleste kjem til å yte det dei kan i krig og kriser uansett. Einaste gongane at arbeidsplikta etter lovforslaget må tvingast gjennom er ved sikkerheitstrusslar som Regjeringa sjølv har dikta opp for å kunne innføre slavearbeid utan at Stortinget kan sette ned foten. Etter mitt syn hadde det beste vært å vedta ei "krigs-arbeidsmiljølov" der ein kunne lagt inn mykje dei same pliktene som ein ville innføre i sivilbeskyttelseslova, men med klare grenser for kor langt arbeidsplikta strekker seg. Sjølv om eg tenker at det er usannsynleg at vi får ei Regjering som bruker lovforslaget til å innføre slavearbeid, så er det ingen sperrer i lovforslaget som hindrer Regjeringa i å innføre ubetalt arbeidsplikt i 72 timar utan matpause. Sjølv om vi under krig må være forberedt på å ta større risiko både i forhold til (manglande) bruk av verneutstyr og mindre kviletid sidan vi per definisjon står i ein desperat situasjon der vi ikkje kan kaste vekk tid på å gjennomføre sikker jobbanalyse før kvar einaste arbeidsoppgåve, så burde det være ei klar forutsetning for arbeidsplikta at dei fleste arbeidarane skal kunne kome seg levande gjennom eit arbeidsskift.
-
Artikkelen manglar informasjon om korleis innsamlinga av matavfall har utvikla seg i same periode. Det er sjølvsagt fristande å hoppe til konklusjonen om at Oslofolk tek gratis matavfallsposar som dei bruker til heilt andre ting, men det kan også være fordi Oslofolk sorterer ut meir matavfall enn dei gjorde tidlegare. Når ein no må betale for avfallsposane (sjølv om posane ikkje er så dyre når du kjøper på rull), så kan det være fleire som har blitt flinkare til å sortere for å holde restavfallet til eit minimum. Før poseavgifta så var det nesten ingen kostnad med å være så sløv at alt gikk i restavfallet, men når du må betale for restavfallsposar og får matavfallsposane gratis så kan det være fleire som også ser økonomi i å sortere avfallet. Er ein flink til å sortere så skal det nesten ikkje være behov for restavfall, og er ein flink til å sortere så trengs det fleire posar å sortere i. Personleg så trur eg også at hentefrekvensen er av betydning. Slik som det er no så er det berre matavfallet som blir henta ofte nok til å holde luktproblematikken nede, derfor bør ein eigentleg ikkje kaste noko biologisk i restavfallet.
- 132 svar
-
- 1
-
-
Oppseiing av heile eller delar av stillinga krev eit sakleg grunnlag. I prøvetida så vil det også være sakleg å basere seg på den tilsettes tilpassing til arbeidet, fagleg dyktigheit, pålitelegheit, osv. Sjukdom kan være sakleg grunnlag for ei oppseiing om det har pågått meir enn eit år. Etter mitt syn så må du vurdere om du skal samtykke til å gå ned i stilling, eller om du skal satse på at kommunen ikkje har grunnlag for oppseiing av heile eller delar av stillinga mot din vilje, eventuelt ikkje har handlekraft til å gjere noko med arbeidsforholdet. Men det er for meg klart at det vil være ei grense for kor ofte du kan bli sjuk etter å ha blitt satt opp på nattevakt før kommunen må gjere noko. Ikkje berre skal du ha betalt for nattevakta du er oppsatt på, men i tillegg må det settast inn vikar for deg som også skal ha betalt, kanskje med overtidsbetaling.
-
Stort sett så blir du oppfordra til å ta bilder. Bilutleigar dokumenterer tilstanden til bilen, grunnen til at du som kunde bør ta bilder før henting er i tilfelle utleigar er useriøs nok til å leige ut bil ned skade utan å skrive det i skadeskjemaet. Bilda ved innlevering tek du for å kunne dokumentere at alt var i orden ved innlevering.
- 37 svar
-
- 1
-
-
Det er ein del skjønn innvolvert. Kravet for bremseskiver bak er at det ikkje skal være rust på meir enn 50% av kontaktflata, dette vurderes utifrå ein visuell kontroll. Ofte kan det være nok å bruke bremsene aktivt før kontrollen for å slite vekk overflaterust. Verkstedet vil ofte ikkje riskere å miste godkjenninga til å utføre EU kontroll ved å godkjenne ein bil som Vegvesenet kan underkjenne ved etterkontroll. Om verksted 2 finn bremsene i orden så kan det være så enkelt som at no er rusten slitt vekk slik at du kan framvise bilen på nytt hos verksted 1 for å få godkjent.
-
Mangel på kontrakt får nok ingen konsekvens. For det fyrst følger det av allminnelege erstatningsreglar at du er erstatningsansvarleg, og for det andre så er er det sannsynleg at du forstod dei viktigaste forutsetningane når du mottok bilen, som at dette var ein leigebil som du fekk låne. For det tredje så har du også eit ansvar for å sjølv sette deg inn i vilkåra, hadde du spurt om kontrakt og vilkår så hadde du fått det. Dette er litt som når du bestiller tenester enten det er med snekker eller frisør utan å avtale pris på førehand, då har du akseptert å betale det handtverkaren vil ha så lenge den prisen ikkje er urimeleg høg. Vil du ha billige snekkerteneste så må du avtale pris på førehand, om ikkje så betalar du i øvre sjikt av kva slike tenester bruker å koste. At andre kan ha disponert bilen etter at du leverte den tilbake er eit argument i din favør. Skal utleigar gå rettens veg for å kreve erstatning frå deg så er det til utleigars ugunst at det kan sås tvil om det er andre enn deg som har brukt bilen. Åleine er nok ikkje det nok til at du slepp unna erstatning, for det mest sannsynlege er likevel at skaden har skjedd medan du disponerte bilen. At nokon skal ha låst ut nøkkelen og køyrt rundt med leigebilen den 1 mai er mindre sannsynleg. Sjølv om det er forseint for deg no så bør ein alltid ta seg tid til å filme ein liten videosnutt av at du går rundt bilen både før uthenting og ved innlevering. Det beste er å ta bilder sidan video ikkje alltid fanger opp alle detaljane som lakkskader, osv, i tillegg bør du ta bilde av dashbordet for å dokumentere kilometerstand og full drivstofftank, men å gå rundt bilen medan du filmer er så fort gjort at det bør du alltid gjere. Det som er vanskeleg med leigebil er at hos dei aller fleste seriøse utleigarar så er det ikkje så viktig å dokumentere tilstanden sidan dei uansett berre krev erstatning ved store skader som ein kollisjon eller andre openbare skader. Men så kan du alltid møte på den useriøse utleigaren som har ein leigebil med ripe i lakken og berre venter på fyrste kunde som leverer tilbake bilen utan å ha tatt bilder for å kunne dumpe heile rekninga for omlakkering på ein kunde som ikkje har skada bilen men som heller ikkje kan bevise sin uskuld.
- 37 svar
-
- 1
-
-
Det beste er å få hjelp frå studierettleiaren på utdanningsinstitusjonen. Det du trenger er ein høgskule/universitet som kan skrive ut dokumentasjon på at du har oppnådd graden. For at dei skal kunne gjere det så må du dokumentere at du har den kompetansen som krevs etter læreplanen. For å finne ut om faget du har tatt på ein anna høgskule oppfyller alle krava så må du gå gjennom kvart enkelt læremål og samanlikne med læreplanen. Det er ikkje uvanleg at du etter å ha tatt til dømes 30 studiepoeng får godkjent det faget som 20 studiepoeng til den bacheloren du vil ta etter ei vurdering på at 1/3 av faget du tok ikkje er relevant for læreplanen i den graden du vil ta. Enkelte bachelorar er enklare å sette saman sjølv enn andre, dei enklaste bachelorgradene er dei som har lite obligatoriske emner og som berre krev at du fyller opp dei gjenværande 180 studiepoenga med godkjent studiepoeng.
-
Ikkje for å sparke i ein død hest, men med fotograferfaring så har du noko å tilby ved å være bak kameraet. Onlyfans er kanskje satt litt på spissen, men blant influensere forøvrig så er det mykje å hente frå ein god fotograf. Dei fleste heimekontorjobbar er nok utelukka for deg då du må være inne på arbeidsmarkedet for å få slike stillingar. For deg er det kanskje mest realistisk å svare på spørreundersøkingar mot betaling. Det finnes fleire tilbydarar av slike tenester. Betalinga er ikkje spesielt god, typisk 10 til 50 kr per undersøking alt etter kor lang tid undersøkinga tek. For ei 50 kroners undersøking så må du rekne med at du må bruke ein halvtime på å svare på spørsmål. Dette er ikkje ein jobb som erstatter vanleg inntekt, men det kan potensielt bli litt pengar likevel om du er villig til å investere tid. Enkelte betalar også med gåvekort så ikkje all betalinga kan omsettast i pengar direkte. Største utfordringa med slike undersøkingar er at du ofte må være litt på høgget med å tegne deg på lista då dei fleste betalte undersøkingar har ei maksgrense på antall deltakarar som får betalt. Utanlandske spørreundersøkingar vil nok ikkje lønne seg for deg ettersom dei typisk betalar svært dårleg, så sats på undersøkingar for det norske markedet. Har du helse til å ta på deg jobb som støttekontakt? Som støttekontakt så vil du typisk jobbe berre nokre timar om gongen, men du må nesten ha helse nok til at du kan møte opp på avtalt tidspunkt. Om du har veldig variabel helse slik at du aldri veit når du har kapasitet til å jobbe så blir det fort vanskeleg å ha ein jobb saman med andre enten det er ein fysisk eller digital jobb. Kan det forresten være eit alternativ å være dyrepasser? No når vi nærmar oss sommertid og mange skal reise vekk utan å ha funnet kennel til hunden eller katten, eller kanskje dei har ein hund som ikkje trives godt saman med fleire hundar, så kan det være ein del som er interessert i eit slikt tilbod. Typisk vil ein som hundepassar enten passe hunden heime hos seg sjølv, som nok er det mest aktuelle for deg, eller så tilbyr ein å passe hunden der den bur ved at hundepassaren kjem på besøk for lufting og slikt. Om du ikkje er hundeperson eller har vanskar med å gjennomføre luftinga så er kattepass sikkert eit betre alternativ. Eg kjenner ikkje til markedet men eit kjapt googlesøk viser at det er fleire i Osloområdet som tilbyr å passe katten heime hos seg sjølv for 500 kr i døgnet, prisen kan nok variere ein del alt etter lokalt tilbod og ikkje minst gode tilbakemeldingar. For store hundar er det fleire som krev fleire tusen kroner per døgn, men slike hunder krever ganske mange aktive arbeidstimar i løpet av eit døgn med lufting og aktivitetar.
- 27 svar
-
- 1
-
-
Det er stadig utvikling på disse områda. Vi i vesten ser ut til å bevege oss i ei meir konservativ retning der både rettigheiter for LGBT og ytringsfriheita står under press. Samtidig er vi i vesten ikkje best på alle disse rettigheitene, til dømes er det nok få land som har større toleranse for transpersonar enn Thailand.
-
Konsekvensen er at bilutleigar må gå til sak mot deg for å kreve inn pengane. Som del av den saka så må utleigaren bevise at dei har eit legitimt krav mot deg. Utfallet av ei slik sak er at du enten blir dømt til å betale erstatning, eventuelt at bilutleigar ikkje klarer å bevise at du er ansvarleg slik at du slepp erstatningskravet. Utifrå det du skriv så har du nok ein dårleg sak då du ikkje kan bevise din uskuld ved å legge fram bilder ved innlevering. Det vil være nærliggande å holde den som disponerte leigebilen ansvarleg for skaden, altså deg. Det sterkaste argumentet eg kan sjå for din sak er at det høyres usannsynleg ut at skadane som no er store og godt synlege etter at bilen er vaska kunne vært skjult for deg på grunn av skitten bil. Småriper og småbulkar kan kanskje være skjult av skitt, men store skader burde være synlege likevel med mindre bilen var full i gjørme. Samtidig kan nok utleigar argumentere at netopp det at du ikkje vaska bilen er "bevis" for at du ikkje har kontrollert bilen på alle sider før innlevering. Hadde du vaska bilen så er det nok nærmast umogleg at du ikkje hadde oppdaga skaden under vaskinga. Spørsmålet du må stille er om denne skaden kan ha oppstått i tida mellom du leverte bilen på onsdag og utleigar merka skaden på fredag, her kan det mellom anna være relevant å sjå på korleis bilen har stått parkert. PS. Du kan også sjekke opp om du har reiseforsikring som dekker eigenandelen ved skade på leigebil. Min reiseforsikring har slik dekning utan eigenandel. Du har kanskje eigenandel på din reiseforsikring (om du har reiseforsikring) men det er nok gode sjansar for at eigenandelen er mindre enn 6000 kr. Ved å bruke reiseforsikringa så løyser du problemet for din del, og så får ditt forsikringsselskap vurdere om utleigarens erstatningskrav er berettiga eller ikkje.
- 37 svar
-
- 4
-
-
Det vil nok være veldig personavhengig, og ikkje minst politisk overbevising. For mange russarar som no bur i Norge så er det kanskje like greit om Putin tek over, men det er nok også mange russarar som har flytta til Norge nettopp for å sleppe unna det Russland er i dag. Av dei russerane i Norge som støtter Putin så er det nok heller ikkje i den gjengen slik at alle vil at Putin tek over om det også medfører å gå tilbake til russisk lønnsnivå og russisk levestandard. Av øvrige innvandrarar så kjem det nok mykje ann på kva dei har utvandra frå og ikkje minst kor etablert og knytta dei har blitt til Norge. Enkelte har nok innvandra til Norge av rein tilfeldigheit og merker ikkje så stor forskjell på om dei bur i Norge eller Tyskland, andre har vendt sitt gamle heimland ryggen og har investert alt dei har av både økonomi og nettverk til sitt nye heimland.
- 73 svar
-
- 1
-
-
At det er dyrare å utvikle spel med inflasjon og slikt er sjølvsagt sant. Det å både forvente spel med heilt open verden og hundrevis av speletimar, samtidig som at spelet er billig, og at spelet skal ha enda betre grafikk og fysikk enn tidlegare spel, det går berre ikkje opp. Sånn sett vil eg heller ha dyre spel som er ferdige, enn å betale nesten full pris for eit early access spel som er fullt i bugs og manglande funksjonar. Spørsmålet er om spelprodusentane har rett i sin analyse av kva forbrukarane vil ha? Er det store påkosta AAA spel til over 1000 kr vi vil ha? Det blir også utvikla mange spel av små spelstudio som berre kostar nokre få hundrelappar, disse presser sjeldan grafikken til det ytterste men dei kan ha veldig godt gameplay likevel.
-
Det spørs på kva du skal dokumentere. På enkelte ting så må du ha bekrefta rett kopi, altså må du til kommunen eller andre etatar som kan vertifisere at originalen er ekte, og som då stempler kopien for å bekrefta at det er tatt kopi av originalen og at dette ikkje er ein kopi av kopien. For andre ting så kan du scanne eller fotografere slik du vil så lenge dokumentet er lesbart. Dette vil typisk være godt nok når du skal legge fram vitnemål og attester i samband med ein jobbsøknad, særleg nårbdet gjeld attestar og slikt som ikkje er formelle krav for å få jobben. For å sikre mot juks og forfalsking så kan du seinare bli bedt om å også vise fram originaldokumenta.