
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 826 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Ved at flaskene (med kork) havner i eit system for gjenvinning der tomflaskene blir tatt godt vare på. Flasker som havner i restavfall og tilfeldige søppelbøtter har lettare for å kome på avvege også etter at flaska har blitt kasta. Mange land har også eit kvasi-pantesystem der ein kan samle korker og bytte inn korkene i rabattar og premier. Dette forsterker faren for at flaske og kork blir kasta kvar for seg. Ideelt sett burde det vært krav om at flaska skal pantast med kork for å få utbetalt panten, men dette er heilt unødvendig ettersom nesten alle flasker som blir panta i Norge uansett blir panta med kork. Formålet med kravet om at korka skal henge fast er at det er den harde plasten i korka som utgjorde største mikroplastproblematikken ved at denne plasten vart tatt opp av dyre og sjøliv. Plasten i sjølve flaska er mindre problematisk men det er lettare å sikre at korka ikkje kjem på avvege sidan flaska er større og lettare å fange opp.
-
EU har oppnådd ganske mykje, berre ikkje i Norge. Husk at halve EU har ikkje ein gong ei panteordning, så i dei landa så er slike korker ei lita forbetring kontra dagens løysing der korka havner i naturen og sjølve flaska ender i restavfallet.
-
Truck er eit eige førarkort, så det er nok uberørt. Men både moped og snøskuter er klasser som følger med sertifikatet for personbil. Moped var på samme måte før 2005, for då var det ikkje krav til førarkort på moped så lenge du var minst 20 år. Slik er det ikkje lenger. I dag er det uansett lett å sjekke opp etter å ha mista førarretten ved å logge seg på vegvesenet.no, der vil det stå heilt tydeleg kva du har gyldig førarrett for.
- 78 svar
-
- 1
-
-
Det stod lite i artikkelen om kva eksakt forslaget gjekk ut på, men om eg forstår det rett så er forslaget at kommunen skal kunne pålegg grunneigaren å ta betalt for parkeringa, og ikkje at det er kommunen som skal hente inn parkeringsavgift frå privat grunn? Eg forstår også ut frå artikkelen at forslaget er dårleg handtverk ved at det mangla presisering på om det berre skulle gjelde for næringseigedom eller også for eigedom til bustadsformål. Eg synes på ingen måte at dette er eit godt forslag, men eg har ikkje ein tung prinsipiell motstand med at det politisk blir vedtatt at alle som innafor eit geografisk område skal kreve betaling for parkeringa, med det formål å redusere talet på bilar som køyrer inn i sentrum. Same funksjon kan politikarane oppnå på andre måter som å sette opp bomring, omregulere sentrumsgatene til å forby motorkøyretøy i butikkanes opningstid, forbod mot fossile bilar, osv, osv. Den store svakheita med ein slik regel er at butikkane som blir ramma av kravet lett kan unngå heile formålet ved å f.eks. kreve 1 kr per parkering, om det ikkje var spesifike krav til det så treng ikkje butikken å ta 45 kr per time for å parkere. Kommunen kan sette sine priser og handelsstanden kan bruke andre prisar.
- 174 svar
-
- 1
-
-
På enkelte områder er det praktisk med dei nye korkene, men eg føretrekker fleksibiliteten ved å ha kork som kan fjernast heilt. Korker som henger fast kan være nyttig på brusflasker om du køyrer bil og liknande slik då dei nye korkene er litt lettare å opne utan å bruke begge hendene. På drikkekartongar misliker eg dei nye korkene utan unntak, eg har ikkje funnet ein einaste drikkekartong der korka ikkje kjem i vegen enten eg skal drikke rett frå kartongen eller helle over i glas. På brusflasker kan du stort sett brette korka så langt ned langs flaskehalsen at korka ikkje er i vegen, på kartong derimot er det vanskeleg å drikke utan å legge korka langs kinnet.
-
Ikea vurderer utifrå økonomi, som då er ei blanding mellom omsetting og direkte inntekter og inndirekte inntekter gjennom å offtentleg støtte tema som ikea-kundane bryr seg om, enten det er kildesortering, pride eller tilrettelegging for sykkel. Politikarane i kommunen tenker politikk og er valgt av innbyggarane for å forme samfunnet utifrå ønska til fleirtalet og ikkje utifrå ønsket til dei næringsdrivande. Det er samme type styring politikarane driv med når dei godkjenner reguleringsplaner som forbyr oppretting av bilverksted midt i bustadfeltet, einaste forskjellen er at politikarane her bestemmer korleis tomtearealet skal benyttast. I tillegg til å regulere talet på og fordeling av ulike parkeringsplassar så er det også fastsatt reglar for kor stort Ikea kan bygge på tomta, det er ikkje fritt fram å bygge frå tomtegrense til tomtegrense.
- 174 svar
-
- 1
-
-
Eg kan fint sjå begge sider her, for det er i alle fall ingen som sykler til Ikea om det ikkje er etablert sykkelparkering. Og sjølv om det nok ikkje er nokon som sykler heim med ei bokhylle så er Ikea også forhandler av diverse nips som ein syklist lett kan plassere i sykkelkorga, slik som stearinlys og servietter. I tillegg så kan ein syklist alltids bestille heimkøyring frå butikken, så ein treng ikkje nødvendigvis å ta med seg heile kjøkkeninnreiinga verken på sykkelen eller i personbilen. Målesettiga her er ikkje at folk nødvendigvis skal sykle, men at færre skal bruke bilen. Utfordringa her er at Stavanger kommune har innført krav til sykkelparkering som ikkje nødvendigvis skalerer så godt med type butikk. Etter det som eg finner ut så har Stavanger kommune satt ei maks grense for at ein butikk ikkje får etablere meir enn 0,5 parkeringsplassar per 100 kvm med butikkareal. noko som då utgjer 183 parkeringsplassar for bilar. I tillegg har dei laga reglar på at handelsbygg skal ha minst 30 sykkelparkeringar per 1000 m², der minst 10% skal være for syklar med vogn eller lastekapasitet. Ikea er ikkje ein heilt vanleg butikk, så det å bruke same tabellen på Ikea som ein bruker på Kiwi butikken gir innimellom slike rare utslag. Den aller største forskjellen mellom Ikea og eit tilfeldig anna varehus er at sjølv om at butikken er veldig stor så er mesteparten av arealet brukt til utstilling og varelager for uhåndterlege ting som flatpakka møblar. I tillegg så er ikkje Ikea akkurat ein nærbutikk, store delar av kundemassen må reise ganske langt. Butikken i Stavanger dekker praktisk talt heile sør-vest landet der nærmaste Ikea er i Bergen eller Kristiansand. Å sykle eller reise kollektivt fra Flekkefjord eller Haugesund er i praksis vanskeleg. Alt det sagt så er det tungt å få folk til å bruke sykkel om det ikkje er godt tilrettelagt. Det er openbart både enklare og meir attraktivt å ta sykkelen om det er bygd eigen sykkelveg og etablert god sykkelparkering, og i alle fall om det er eit lite parkeringshelvete om du kjem med privatbilen. Så lenge det er rikeleg med gratis bilparkering så frister det lite å bruke andre transportmiddel. Mine tankar er at for akkurat slike varehus så kunne ein lett oppnådd same formålet om å gjere det attraktivt å sykle ved å innføre kvalitetskrav i staden for krav til kvantitet. Hadde Ikea fått krav om å etablere sykkelparkering til 50 syklar med vogn som skal være under tak og med batterilading, kanskje til og med krav om at det skal etablerast garderobe med låsbare skap der syklistane kan låse inn jakke og sykkelhjelm, så hadde det fortsatt vært veldig attraktivt å bruke sykkelen. Sjansen for at det kjem 1000 syklistar som alle presser sykkelen sin inn på dei 30 centimetera dei har fått til rådigheit under open himmel er lik null, men med gode fasilitetar så kan det være realistisk at det kjem 10-20 syklande kunder. Og skulle det bli veldig populært med sykkel så er det null problem å i ettertid fjerne nokre bilparkeringsplassar for å lage enda fleire sykkelparkleringar.
- 174 svar
-
- 8
-
-
-
Tenesten vil fortsatt fungere fint, men utan tilgang til eposten som er lagt inn så vil du ikkje kunne tilbakestille passordet om epost er einaste kontaktinformasjon som er registrert på kontoen din. Eit tips her er å søke etter "account", "account registration", "brukerkonto", "verification" og liknande søkeord for å finne dei ulike tenestene og kontoane som du må logge deg på for å endre epostadresse hos. Dei aller fleste (alle?) kontoaktiveringar vil sende ein velkomstepost til deg, ofte også med beskjed om å bekrefte epostadressen. Denne metoden er ikkje bombesikker, for det er mange tenester du kan ha registrert deg på og som du bruker aktivt der du har feilstava epostadressen din slik at du uansett ikkje får epost frå tenesta. Det beste er derfor å lage deg ei liste over brukarkontoar som du husker, og krysse av etterkvart som du har oppdatert kontoen. På ei slik liste så kan det være lurt å dele opp lista i ulke type tenester for å lettare kome på brukarkontoar som du har gløymt av. Lag kategoriar som: forum, strømmetenester, bank/forsikring, husholdningsartiklar (robotstøvsuger og smartlås), nettbutikkar, osv. Dette vil ikkje svare seg for Telenor. Tenesta vil berre bli dyrare og dyrare til den til slutt forsvinner etterkvart som eksisterande kunder stopper sitt abonnement. Eg tviler sterkt på at Telenor får særleg med nye epostkundar, så dette er sjølvsluttande etterkvart som eksisterande kundar faller frå. Edit: Eit siste råd på vegen når du fyrst leiter opp alle brukarkontoane dine. Lag ei liste eller samle alle velkomst-eposter i ei eiga undermappe eller med ein eigen tag. På den måten kan du enkelt (enklare) gjere same jobben ein gong til om du etter nokre år ikkje er heilt fornøgd med din nye eposttilbydar).
- 35 svar
-
- 1
-
-
Sivilbeskyttelsesloven er fullstendig galskap
The Avatar svarte på Politikkpatrioten385 sitt emne i Oppslagstavlen
Blir det krig så er det uansett ikkje nokon alderdom å nyte, då er det "alle mann til pumpene" der også dei som kan gjere lite gjer det lille dei kan for å hjelpe til. Alt hjelper, berre det å holde auge med barna slik at foreldra kan jobbe i fabrikken vil bidra svært mykje. Det er ikkje nødvendigvis hardt arbeid det er snakk om. Eigentleg burde det ikkje være ei øvre aldersgrense i det heile tatt, plikta burde gjelde dei som er i stand til å jobbe uavhengig av om du er 60 eller 80 år. Det dette koker ned i er manglande tillit til politikarane. Eg ser på det som heilt naturleg at alle stiller opp dersom det blir nødvendig, og at innføring av ein tvangsparagraf med maks strafferamme på 2 år som uansett ikkje kan følgast opp i krig og krisesituasjon, er etter mitt syn heilt unødvendig. Det einaste dette endringsforslaget førte til er at folk bekymrer seg for å bli tvangssendt ned i kullgruvene så fort regjeringa synes det er krise at det regner litt. Forslaget burde enten ha vært meir presis på kva som utgjer ein fare for krig eller kriser, eller så burde forslaget presisere kva slags arbeid som et aktuelt å pålegge. Som tidlegare nemt så savnar eg også retningslinjer for organiseringa av alt frå lønnskompensasjon til lengde på arbeidsdagane ved pålagt arbeid.- 8 svar
-
- 1
-
-
Ja heilt klart. Hydrogen eigner seg godt til lagring. Det er likevel to store utfordringar. 1. Overskotskraft finnes nesten ikkje. Det er svært sjeldan ein treng å avgrense straumproduksjonen frå vind/sol for å regulere kraftproduksjonen. Stort sett får krafta frå sol og vind gå for fullt og produsere så mykje straum som det er vær-forhold til. Straumreguleringa gjer ein då ved å produsere mindre straum i vasskraftverka. Der ein kan ha overskotskraft er i bygg som ikkje er kopla til straumnettet. Har du solcellepanel på fjellhytta di så vil du kunne ha overskotskraft som du må lagre på batteri for å straum om natta. 2. Sjølv om at hydrogen er er fint å lagre, så er det veldig energikrevande å lage hydrogen. Strengt tatt hadde det vært meir energieffektivt å bruke "overskotsenergien" til å pumpe vatn oppigjen til demningane og lagre energien som kinetisk energi som ligg klar for vasskraftproduksjon seinare. Einaste fordelen med å i staden for lage hydrogen er at lagra hydrogen er lettare å flytte. Storskala hydrogenproduksjon kan i teorien ha noko for seg om ein produserer hydrogenet i eit land med rikeleg tilgang til miljøvenleg energi, og deretter eksporterer hydrogentankane til land som ikkje har tilgang til miljøvenleg energi. I land som er avhengige av til dømes kullkraft så vil det å importere grønt hydrogen frå utlandet kunne være meir miljøvenleg (om det ikkje er realistisk å legge kabel mellom landa).
- 213 svar
-
- 1
-
-
Eg er ikkje heilt einig. Akkurat der og då så var det heilt nødvendig med ein politisk styrt strategi der politikarane tok stilling til balansen mellom kor inngripande tiltak ein skulle innføre målt opp mot risikoen for det som kunne ha skjedd. At dei som tidleg i pandemien meinte på at viruset kom frå ein kinesisk lab og ikkje oppstod naturleg på eit våtmarked hadde rett, understreker for meg berre enda meir at det var behov for å behandle pandemien som farlegare enn den viste seg å være. At fasiten viser at koronaen ikkje var fult så farleg endrer ikkje på det faktum at det var forsvarleg å gjere tiltak for å hindre sjukdomsspreiing framfor å gamble på at det skulle gå bra likevel. Om det er ein ting eg skal kritisere politikarane for så er det mest dette med at smittevernsreglane vart så overforenkla at det i enkelte tilfeller vart feil. Dette var nok gjort for at alle skulle klare å forstå smittevernstilboda, men det skapte mykje grobotn for konspirasjonsteoriar og tvil om sannheita i det som vart formidla. Påstanden om at det ikkje hadde hensikt å bruke munnbind for dei som ikkje var helsepersonell var heilt unødvendig når poenget var at ein tidleg i pandemien måtte prioritere slikt utstyr til dei som jobba tett på koronasjuke sidan det var så stor mangel på munnbind. Når det seinare vart god tilgang på munnbind så vart det kommunisert at det kunne beskytte mot smitte, noko som også ikkje er heilt korrekt utanom at det beskytter mot dirkekte dråpesmitte, før det til slutt vart ei anbefaling om å bruke munnbind for å beskytte andre frå å bli smitta av deg som var koronasjuk. Eg synes derfor at det er mykje viktigare å diskutere koronatiltaka no i ettertid, akkurat der og då så var det viktig med felles og lik informasjon, også når informasjonen ikkje var heilt korrekt. Personleg så meiner eg at største kritikken til måten koronapandemien vart handtert på var nettopp dette at politikarane ikkje klarte å stake ut ein stødig kurs gjennom heile krisa. Det å gå som ein jojo mellom nedstenging og gjenopningsfest med tilhøyrande nedstenging når alle vart sjuke etter å ha festa i lag, var heilt unødvendig. Det var også mykje inkonsistente reglar som stengte grenser men unntak for svenske helsearbeidarar som skulle heilt inn på norske sjukeheimar og sjukehus utan karantene, og min favoritt-tulleregel at det var lov å gå på pub om du satt i ein bås eller ved eit bord og du også bestilte hamburger, speilegg, eller til og med ein shot med tomatsuppe. Men utan å bestille ein symbolsk matbit så kunne ein ikkje få seg ei øl av omsyn til smittevernet. Om noko burde det være omvendt, det er jo ved spising at du risikerer dråpesmitte der du sitter og spytter og smatter rundt matbordet. Eg skjønner at ein måtte hindre drita fulle pubgjester som dansa og ignorerte alle smittevernsreglar, men dette kunne ein kontrollert på anna måte enn å stenge alle pubbar utan kjøkken medan dei pubbane som serverte mat fekk holde opent.
- 20 svar
-
- 5
-
-
-
Eg vil nok seie at hydrogen til langtransport også er eit tilbakelagt kapittel. Sjølv om at batteriteknologien skulle stoppe opp og dieselen forsvinne så vil ein aldri få økonomi i eit hydrogenprosjekt. Berre det å bygge ut eit nettverk av fyllestasjonar vil koste meir enn det smakar. Det som er litt synd utitfå eit miljøaspekt er at eg trur det vil bli lønnsomt for langtransportbransjen å skaffe seg mange køyretøy med litt kortare rekkevidde enn det som er ønskeleg, enn det er å investere i køyretøy som har den ønska rekkevidda. I framtida vil kanskje langtransporten mellom Oslo og Trondheim gjennomførast med tre køyretøy og ein sjåfør der ein ein fyrst køyrer frå Oslo til Otta der ein parkerer og setter lastebilen til lading før ein setter hengaren på lastebilen som står klar der fullopplada og køyrer vidare til Trondheim der det står ein ny fullada lastebil klar for returen. Vi har same tendensane i privathusholdningane som før klarte seg med ein bil men som i dag har tre bilar, to elektriske for pendling og ærend, ein til kvar sidan dei er så billige samanlikna med fossilbil, og den tredje bilen er ein fossilbil som for det meste står i oppkjørselen i tilfelle ein skal på langtur med campingvogna og ikkje har tid til ladestopp.
-
Vil legge til at det potensielt kan gi moglegheit for å få god kompensasjon i framtida om trådstarter klarer å jobbe bedrifta gjennom dei dårlege tidene. Eg finn likevel ingen holdepunkt i det som trådstarter beskriver som gir holdepunkt for at dette er ei bedrift som ønsker å premiere trådstarter med høg lønn så fort økonomien i bedrifta blir betre.
-
Sjølv med same eigar så har alle redaktørane eit sjølvstendig ansvar for det som blir publisert i avisa. Her må du ikkje blande saman det faktum at det er lettvindt å klippe og kopiere innhold frå andre aviser under same eigarparaply når disse nettavisene også bruker same mal og layout, med konspirasjonen om at kva avisa skriv om blir bestemt av ein "overredaktør" i mediahuset som er eigar av plattforma. Alle mediahusa hadde same fokus og same informasjonstilgangen, det var ikkje som at lokalavisene med ulike eigarar hadde heilt ulike fokussaker under koronatida heller, alle skreiv om det same og rapportere dei same tale frå helsedirektoratet. Det hadde dei gjort også om lokalavisene var 100% uavhengige, einaste som hadde endra seg er at utan avtale om gjensidig gjenbruk av innhold så måtte kvar lokalavis ha skrevet alle artikklar frå bunnen av. At kvinneguiden.no og diskusjon.no har same eigar er i praksis utan betydning, men eg frykter likevel ei framtidig samanslåig av foruma som etter mitt syn vil være øydeleggande for miljøet sjølv om det i teorien høyres ut som ein god idé å ha eit stort forum med fleire brukarar. For å sette det litt på spissen så ønsker eg ikkje at diskusjon.no skal bli øydelagt av alle dei useriøse bidragsyterane på kvinneforum, og eg trur at diskusjonane på kvinneforum blir mindre aktuelle for brukarane der når det kjem for mykje seriøse innspel frå brukarane av diskusjon.no. Største ulempen ved at slike tenester blir samla under same eigarane er at det kan være vanskelegare for nye yttringsplattformar å få etablert seg når det er nokre få store som omtrent har monopol. Likevel så er det viktig å understreke at sjølv om ein har yttringsfriheit så har ein ikkje yttringsfriheit til å kunne ytre seg akkurat der ein vil. Det er godt innafor at eit forum setter harde grenser for kva som det er greit å ytre på deira plattform.
- 20 svar
-
- 2
-
-
-
Hvor dyr eller billig må en bil være før det ikke er noe poeng å klage?
The Avatar svarte på sesar sitt emne i Forbrukerrett
Den konkrete vurderinga etter lova er om "tingen er i vesentlig dårligere stand enn kjøperen hadde grunn til å rekne med etter kjøpesummens størrelse og forholdene ellers". Kjøper du ein GoCart så har denne ein mangel om du har betalt overpris, kva som er overpris blir også ei vurdering men om eg legg til grunn at du må ha betalt ca 10% meir enn reell verdi for å kunne påstå at bilen er i "vesentlig" dårlegare stand enn du hadde grunn til å tru så må du opp i litt summer før disse 10% merkes i særleg grad. Merk her er at det ikkje finnes ei 10% grense, men det kan være eit utgangspunkt for å vurdere om du har fått nok bil for pengane. Om bilen har ein reell og objektivt verdi på 100 000 kr, og du betalar 150 000 kr for den så er det etter mitt syn heilt innlysande at du kunne rekne med å få meir bil for pengane enn det som er tilfellet. Har du betalt 110 000 kr for den same bilen så har du gjort ein dårleg deal, men det er ikkje gitt at du har betalt feil pris i forhold til verdi. -
Det er sannsynleg at du ikkje reelt sett oppfyller vilkåra for særleg uavhengig stilling. Det er ganske vanleg å jukse med dette der ein kaller stillinga for særleg uavhengig for å sleppe å tenke på overtidsbetaling sjølv om arbeidstakaren ikkje har den graden av sjølvstendigheit som arbeidstilsynet krever. Ein enkel indikator på om du reelt sett har ei slik stilling er om du har tidregistrering? I særleg uavhengig stilling så skal du ikkje ha ein sjef som følger med når du kjem og når du går frå arbeidet. Det at det er vanleg å jukse med dette for å ikkje trenge å betale for overtidsarbeid vil aldri unskulde det faktum at du i praksis jobber for ei alt for låg timelønn om du ser på lønna du får opp mot antall timar du bruker på jobben. Mange arbeidstakarar aksepterer å ha særleg uavhengig stilling utan å klage på det, men då er det fordi dei opplever stillinga som gunstig. Som at ein får "kompensert" for 200 overtidstimar i året sjølv om ein vanlegvis ikkje treng å bruke meir enn 150 timar ekstra, eller ved at ein med effektiv bruk av arbeidstida ofte klarer å gjere unna heile dagsverket på 6 timar slik at ein kan gå heim tidlegare, osv.
-
Kommentar: Dårlige råd om skjermtid
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg er ikkje trådstarter, men det som er svakt med disse rådene er at dei gir hjelp til å kontrollere eit symptom og ikkje sjølve problemet. Mykje skjermtid tek tid som kunne vært brukt på andre ting, som utendørsaktivitet, sosialisering, søvn, osv. Det Helsedirektoratet burde fokusert på er å gi råd om kva aktivitetar foreldre skal syte for at døgnet blir fylt med, deretter kan det som er igjen av ledig tid fyllast med valgfrie alternativer. Det store spørsmålet er kva ein byttar ut skjermtida med. Legg ein vekk iPadden for å lese tegneserier eller legge puslespel så gir det akkurat samme utfordringane med lite fysisk aktivitet, lite sosialisering og kanskje også lite søvn. Sjølv meiner eg også at råda om skjermtid burde fokusere mykje meir på kva som er på skjermen enn tida du bruker på å glo på den. Algoritmestyrt og AI-generert søppel er sjølvsagt langt meir skadeleg enn å spele kreative spel som minecraft, ha videosamtale med venner, sjå ein dokumentar, osv. Dette er litt på høgde med å anbefale 10-åringar å ha på fotballsko i 2 timar per dag i den tru at det medfører 2 timar med fotballsparking.- 18 svar
-
- 3
-
-
Om du har tatt over ei leiarstilling så vil det være heilt urimeleg å ikkje også gi deg leiarlønn for jobben. Merk likevel at det ligg ein nyanseforskjell her mellom det at du også har fått delegert ansvaret eller berre arbeidsoppgåvene. Har du berre fått beskjed om å utføre arbeidsoppgåvene utan å ha det formelle ansvaret så kan arbeidsgivar strengt tatt pålegge deg disse oppgåvene utan ekstra lønn forutsattt at dei ekstra oppgåvene ikkje er så store at det endrer grunnpreget i det du har avtalt som arbeidsoppgåver i jobben du har arbeidsavtale på. Taktikken du skal velge her må du nesten bestemme sjølv. Eg har ein viss forståing for at det å få prøve seg som leiar kan være ei verdifull erfaring, men det er stor forskjell på å være "heldig" nok til å få lov til å prøve ut leiarstillinga i 14 dagar på grunn av sjukdom, kontra det å "prøve ut" stillinga i 9 månedar. Då er det ikkje lenger snakk om midlertidig fråvær. Om leiarerfaringa du no får er så attraktiv at du er villig til å gjere den utan meir lønn blir det opp til deg å vurdere, eg vil likevel poengtere at dersom du skal gjere denne jobben kun for erfaringa sin del så er det heilt avgjerande at du får stillinga formalisert. Erfaringa du får frå ei slik stilling er null verdt om du ikkje får formalisert den godt nok til å føre opp i CVen. Her må du ha ny arbeidsavtale om du ikkje alt har det, og skal du fyrst ha ny arbeidsavtale så er det heilt naturleg å også diskutere ny lønn. Kan også legge til at kva som er rett lønn for stillinga blir ei totalvurdering, men jo meir ansvar du har, og jo meir tid du må bruke på jobben både aktivt og passivt, jo meir lønn må du ha. Eg forstår på innlegget ditt at du sjølv opplever at denne jobben berre medfører meir arbeid for deg. Ein liten "gulrot" i ordentlege leiarstillingar er ofte at du sjølv bestemmer når og om du skal jobbe aktivt, slik at dersom du gjer ein god jobb så kan du kompansere med å være mindre på jobben. Det å ha meir friheit i stillinga si kan være ein slags kompensasjon det også. Håper du som minimum har attraktive overtidsordningar når du må jobbe så mykje om kveldane. PS. Dersom leiarstillinga gir høgare lønn men utan rett til overtidsbetaling så kan det fort være at du i sum tener mykje meir på å ha din vanlege lønn og motta overtidstillegg for alle timane du jobber om kveldane. Den store ulempen med leiarlønningar er at det ofte følger med ei forventing om at du skal jobbe døgnet rundt utan å få noko ekstra. Alt det sagt så ser eg her alle fareteikna på at du kjem til å stagnere lønnsmessig på denne arbeidsplassen uansett kva jobb du utfører. Når du skal fungere som leiar i nesten eit heilt år så er det elendig personalstyring å ikkje også tilby deg leiarlønna i den tida du fyller stillinga. Når du i tillegg må gjere jobben som kollegaene dine skulle utført utan ekstra kompensasjon så blir det berre meir urimeleg. Det ser ut som at leiaren din forventer at du skal gjere jobben for tre personar med same lønna. Det at du har fleire kollegaer som har hoppa av skuta er også eit fareteikn i seg sjølv, det betyr at arbeidsplassen din ikkje har klart å gi dine tidlegare kollegaer eit akseptabelt mottilbod for å fortsette i stillinga. Det igjen indikerer at dersom du får tilbod om ein anna jobb så vil du uansett ikkje få betre vilkår hos dagens arbeidsgivar. Det å bruke jobbtilbod til å pushe lønn får eg inntrykk av er eit kortvarig prosjekt, her har du alle teikn på at dersom du vil ha meir lønn så blir du nødt til å true med å seie opp kvart einaste år. Her bør du seriøst vurdere å bytte jobb utan å sjå deg tilbake. Dette er også beste tida for deg å bytte jobb sidan du akkurat no kan skilte med at du har ei leiarstilling. Det er sånn sett mindre imponerande når du om 9 månedar prøver å få deg ny jobb utan å ha ein aktiv sjefstittel.
-
Er det slik at vassleiinga krysser fylkesvegen? Om ikkje så burde ein tidleg etablert midlertidig vassforsyning ved å legge røyr eller slange frå hovudvassleiinga og fram til nedsida av vasslekkasjen. I alle fall gjennom sommarhalvåret så burdet det være uproblematisk å få vatnen frå røyr som ligg på bakken fram til ein får gjennomført ein ordentleg reparasjon. Når det gjeld jussen så må du nok nøste i eigarforholdet og kva avtale som gjeld. Eg forstår det at vassleiinga ligg så tett inntil fylkesvegen at det også må gravast i fylkesvegen? Normalt sett så vil ein enten legge vegen utanom tidlegare etablert infrastruktur eller flytte infrastrukturen slik at det ikkje oppstår slike konflikter. Og utan at dette er eit råd så er det jo slik at dersom vasslekkasjen ligg heilt inntil fylkesvegen så kjem vasslekkasjen til å vaske vekk fundamentet til vegen om vasskrana blir opna igjen. Så hadde dykk ikkje fått stengt lekkasjen så hadde behovet for å stenge vegen tvunget seg fram uansett.
-
Eg er ikkje ueinig i det, men det handler om å finne rette balansen mellom det politiet vi ønsker å ha og det politiet vi må ha for å kunne utføre oppgåvene som trengs. Mange inkludert meg sjølv meiner at bevæpna politi i alle samanhenger frå barnehagebesøk til bankran er "overkill" i forhold til det reelle behovet. Skal vi ha eit politi som kan nedkjempe alle poteniselle trusslar så kan vi hoppe rett til pansra køyretøy og tohandsvåpen. Eg ønsker eit politi som er utstyrt for å drive med forhandling og rettleiing, og ikkje eit politi som er utstyrt for strid. Eit politi som ikkje bruker avskrekking som hovedstrategi vil bidra til å trygge samfunnet ved å etablere tillit. Sjølvsagt med moglegheit til å kunne skifte modus når det trengs, men då synes eg at framskutt lagring av våpen treffer ein god balanse. Vi treng ikkje politi som patruljerer gatene med tohandsvåpen i frykt for å bli angrepet på open gate, og med finlandshette i frykt for at nokon skal finne ut at du jobbar i politiet.
- 171 svar
-
- 2
-
-
-
Psykisk helse og sjølvmordsfare er komplekst og samansett. Rusmiddel kan dempe depresjonar for nokon, men det kan også føre andre ut i enda meir utanforskap som forsterkar depresjonen. Eg er ikkje grunnleggande imot bruk av rusmiddel til slik behandling, men det fordrer at bruken blir satt i eit system der ein sikrer at det ikkje oppstår nye problem. Eg ser på bruk av til dømes cannabis for å roe tankane litt på same måte som å bruke sovemedisin ved dårleg søvn, det fungerer ei lita stund som symptomdempande men ein blir ikkje friskare av å måtte knaske sovetablettar kvar kveld på same måte som at ein ikkje blir friskare å røyke ein joint kvar morgon, men det kan være dette som får deg over kneika på vegen til å bli friskare. Særleg på sjukeheimane så burde det være godt innafor å i større grad benytte nytelsesmiddel som til dømes alkohol. Eg forstår sjølvsagt at dei tilsette ikkje ønsker at korridorane skal være fylt med demente pasientar som i tillegg er dritings, men det er mogleg å finne ein fin balanse. Om dei gamle vil ha eit raudvinsglas eller to til middagen så burde dei kunne få det på resept. Det hadde ikkje kosta staten noko som helst og latt sjukeheimspasientar få konsumere alkohol utan å betale alkoholavgift.
- 524 svar
-
- 1
-
-
Hydrogenet blir køyrd på tankbil heile vegen frå Tyskland, så det er nok lite miljøvenleg både når det gjelder produksjon og transport. Det er sjølvsagt planar om å få til norsk hydrogenproduksjon som kan levere, men foreløpig er det mest prøveproduksjon på små anlegg som skjer.
- 213 svar
-
- 1
-
-
Så lenge diesel og propan er tilgjengeleg og relativt billig så vil kompleksiteten og sårbarheita med hydrogen sette ein stoppar for praktisk bruk. Berre det å produsere hydrogen til ein fornuftig pris har vist seg å være vanskeleg. Hydrogen er eit uhyre vanskeleg stoff å kontrollere. Ikkje berre må hydrogen komprimerast mykje for å få fornuft balanse mellom enrgi og volum, i tillegg er hydrogen det minste atomet som finnes. Eit menneskehår er type 80 000 gongar så bredt som hydrogenatomet, der betyr at dersom systemet skal være heilt lukka så er toleransen for unøyaktigheit rundt gjengar og skøytar 1/80 000 av eit menneskehår. Hydrogenatomet er så lite at sjølv solide materialer vil leke som ei sil.
- 213 svar
-
- 2
-
-
Selvkjørende Tesla kjørte forbi skolebuss
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
At amerikanske kjølvkøyrande biler ikkje klarer å forholde seg til sær-amerikanske trafikkreglar som resten av verden ikkje har, det tek eg ikkje så tungt. Det eg er mest skeptisk til er korleis sjølvkøyrande biler som er trente til å køyre bil etter amerikanske trafikkreglar kjem til å takle norske/europeiske trafikkreglar? Blir det for eksempel slik at Tesla "løyser" dette problemet med å programere inn ein regel om å aldri køyre forbi skulebussar sjølv om bilen ikkje oppfatter stoppskiltet? I så tilfelle blir det dårleg trafikkflyt for oss i Norge som ikkje har slik regel om at trafikken skal stoppe i begge retningar når ein skulebuss har stoppa. -
Dag-Inge Ulstein stiller eit opent spørsmål i artikkelen. Eg synes at helsevesenet skal ivareta alle helsoppgåver Store norske leksikon definerer helsevesenet slik: Pleie og omsorg innbefattar etter mitt syn meir enn berre å holde kroppen i live, det er meir enn berre ein måte å vise omsorg på. Her kan det å tilby døden være både lindring og tryggheit for den som lever med smerter og usikkerheit. Skal vi ta KrF sin argumentasjon på full alvor så burde KrF også tatt til orde for å tvangsfôre eldre for å holde dei i live lengst mogleg sjølv etter at kroppen har gitt opp å ta til seg mat og drikke. Sjølv om KrF synes det er uverdig med aktiv dødshjelp så er det også ei verdigheit på å få lov til å sjølv bestemme over eigen kropp. Denne saka har likevel mange nyansar, og det er absolutt behov for køyrereglar på praktiseringa. Til dømes så synes eg ikkje at det er nødvendig å tillegge aktiv dødshjelp som ei obligatorisk oppgåve for helsepersonell som har gått inn i yrket med heilt anna verdisyn. Etter min erfaring er det ikkje mangel på helsepersonell som ikkje har noko imot å være den som lindrer smerten ein siste gong. Jobber du lenge nok og tett nok på folk som lever med mykje smerte både kroppsleg og mentalt så er det vanskeleg å være så prinsippfast at folk som har det så vondt skal leve lengst mogleg. Det må også fastsettast klare rammer for når aktiv dødshjelp kan skje, der ein vurderer alle sider ved saka som samtykkekompetansen til pasienten, i kva grad det er mogleg for pasienten å bli friskare, at ein må be om hjelp fleire gongar for å være heilt sikker på at pasienten ønsker dødshjelp, osv. At det i følge innlegger til Ulstein er 55% av dei som ber om dødshjelp i Oregon som gjer det fordi dei kjenner på seg som ei byrde er sjølvsagt ikkje bra. Likevel er det nyanser her også. Eg forstår godt at det er mentalt slitsom å oppfatte seg som ei byrde, men løysinga er ikkje då nødvendigvis å nekte aktiv dødshjelp. Nokre kjenner seg som ei byrde utan å være det i det heile tatt, og andre er objektivt sett ei byrde og vil sette stor pris på å få lov til å avslutte livet framfor at alle som ein har kjær må sette sine liv på pause i ubestemt tid. Særleg når det livet du har er å være så neddopa at du ikkje får med deg kva som skjer rundt deg så er det ikkje mykje til liv. Det er også eit stort spørsmål rundt samfunnsøkonomien. Dette er eit farleg tema, særleg om ein setter prislapp på folk. Vi har som samfunn likevel alt definert prislapp på ganske mange sjølv om vi vanlegvis ikkje tenker over det. Til dømes så tilbys det ikkje kreftbehandling på dei som er så gamle at ein reknar det som sannsynleg at ein døyr av alderdom før kreften rekk å bli farleg. Det er mange medisinar som ein ikkje får tilbod om i Norge fordi Staten ikkje er villig til å ta kostnaden med å tilby slik dyr medisin som ofte også avgrensa med effekt. Og ikkje minst, vi held ikkje folk kunstig i live når det ikkje er håp om at pasienten blir frisk. Teknisk sett kunne vi holdt alle på sjukeheimen i live i nesten det uendelege ved å bruke maskiner til pust og blodsirkulasjon. Eg ser ei tydeleg likheit mellom å tilby aktiv dødshjelp på den andre sida, og det å på den andre sida nekte å kople kroppen frå respiratoren berre fordi dei pårørande ikkje er villige til å gi opp håpet om at den hjernedøde pasienten plutseleg kan bli kurrert.
- 524 svar
-
- 6
-