Gå til innhold

Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]


Gjest Slettet-404071

Anbefalte innlegg

Skrevet
2 minutes ago, uname -i said:

Norge signaleriserer litt mindre misnøye med Russland enn Tyskland, Storbritannia og EU som ikke sender noen.  

Det er realpolitikkbiten og diplomatisk etikette også. Observer at ein dag er kanskje krigen slutt, makthavare kan ha skifta mange plasser i verda og då er det greit å stadig ha diplomatisk forbindelse med alle naboland.

  • Liker 3
Videoannonse
Annonse
Skrevet
Kalle Klo skrev (1 time siden):

Er Støre og Barth Eide i et nøtteskall det der, de har uendelig tro på diplomati og menger seg med hvem som helst. Taliban, Hamas, ingen er for fæle for dem. 

Til sjuande og sist må alle krigar og konfliktar få politiske løysingar. Ein løyser ingen problem ved å la vere å snakke saman. Mi meining er difor at det er bra om Norge kan ha dialog med alle partar i konfliktar, også om det er snakk om Russland, Israel, Iran eller HAMAS. På 90-talet spelte Norge ei viktig rolle i samtalane mellom PLO og Israel, og resultatet vart at PLO la ned våpena og gjekk inn for å jobbe for sine mål politisk i staden for ved bruk av terror. Dersom partane i Midtausten, Russland eller andre ein dag er villig til å endre seg og jobbe for fred vil det komme til nytte at Norge allereie har kontaktar i alle leirar.

Men det er stor skilnad på dette og å stille opp med norsk ambassadør i Moskva under innsetjinga av Putin og dermed legitimere både presidentvalet og Russland sin groteske krig i Ukraina. Her burde nokon tenkje som så: Det er inga skam å snu!

  • Liker 3
  • Innsiktsfullt 1
Skrevet (endret)
Samms skrev (1 time siden):

Det er realpolitikkbiten og diplomatisk etikette også. Observer at ein dag er kanskje krigen slutt, makthavare kan ha skifta mange plasser i verda og då er det greit å stadig ha diplomatisk forbindelse med alle naboland.

Det stemmer. Men det er fullt mogeleg å ha dialog med kontaktar i det russiske regimet utan å sende den norske ambassadøren for å legitimere presidentvalet.

Endret av torbjornen
  • Liker 3
  • Innsiktsfullt 1
Skrevet

Ein fredsprosess som må kunne reknast som vellukka er den i Nord-Irland. I dag sit protestantar og katolikkar saman i provinsregjeringa, og Sinn Fein har førsteministeren.

Ville ein ha løyst konflikten i Nord-Irland dersom ein på førehand bestemte seg for at ein ikkje ville snakke med Sinn Fein/IRA?

  • Innsiktsfullt 1
Skrevet
Sitat

7. mai 2024 kl. 13:34 

Skal ha avslørt agentar

 

Den ukrainske tryggingstenesta SBU hevdar dei har rulla opp eit russisk agentnettverk som planla attentat på ukrainske leiarar.

Blant dei nettverket skal ha hatt planar om å drepe, er president Volodymyr Zelenskyj.

Agentane skal ha vore medlemmer av den statlege vakttenesta, melder SBU på Telegram.

Agentane skal ha forsøkt å rekruttere soldatar til å drepe presidenten.

– SBU har hindra planar om å eliminere Ukrainas president og medlemmer av den øvste leiarskapen innanfor politikk og forsvar, skriv dei.

Bildet skal vise ein av dei arresterte agentane.

(NTB)

 

  • Liker 3
  • Innsiktsfullt 1
  • Hjerte 2
Skrevet
Dragavon skrev (31 minutter siden):

Eg trur ikkje ein skal tolke dette som eit signal om noko som helst, men heller som del av eit spel der ein prøver å få Vesten til å gje opp si støtte til Ukraina. Om Putin får det som han vil i Ukraina er kanskje Moldova neste land på lista over land som "må" bli russiske.

  • Innsiktsfullt 1
Skrevet
Sitat

Forsvarar Putin-deltaking

PUBLISERT KLOKKEN13:10 IRUSSLAND

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) forsvarar at Noreg sin ambassadør til Russland deltok på seremonien for Vladimir Putin sin nye runde som president i dag.

– Ambassadøren er Noreg si røyst i Moskva. Vi har behov for å ha diplomatisk representasjon som tek vare på våre interesser som naboland, seier Støre.

Han legg til at Russland uansett er klar over kva Noreg meiner om til dømes krigen i Ukraina.

 

  • Innsiktsfullt 1
Skrevet
Sitat

Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

PUBLISERT KLOKKEN12:27 IEUROVISION 2024

Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

– Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

Eg er spent, men håpar at dette går bra.

Skrevet
Sitat

Regjeringen oppretter tre nye innsatsstyrker i Heimevernet

PUBLISERT KLOKKEN12:11 IDET NORSKE FORSVARET

Tre nye innsatsstyrkene, som er en del av regjeringens langtidsplan for økt satsing på Heimevernet, skal legge vekt på sjøforsvar.

To av styrkene skal etableres i Bergen og Trøndelag, skriver Forsvarets Forum.

– Vi får avdelinger som blir spesialtrent til å operere langs kysten og kapasiteter som blir helt nye i Forsvaret, sier Christoffer Thomas Knutsen, avtroppende sjef for Bergenhus Heimevernsdistrikt.

De nye innsatsstyrkene, som ifølge regjeringens tidslinje vil være på plass i 2030, skal ha fokus på sjøforsvar og ha lignende funksjoner som Sjøheimevernet hadde før det ble lagt ned i 2017.

Distriktssjef i Trøndelag, Marianne Eidem, er positiv til opprettelsen av de nye innsatsstyrkene. Hun mener det er passende nå som Sverige og Finland har trådt inn i Nato.

– Det er viktig å få økt kapasiteten rundt viktig infrastruktur nær kysten. Det vil ikke bli mindre alliert mottak i den kommende tiden, sier Eidem.

(NTB)

 

  • Liker 4
  • Hjerte 1
Skrevet (endret)
torbjornen skrev (1 time siden):

Til sjuande og sist må alle krigar og konfliktar få politiske løysingar. Ein løyser ingen problem ved å la vere å snakke saman.

Hjalp det å prate med Hitler?

Sitat

På 90-talet spelte Norge ei viktig rolle i samtalane mellom PLO og Israel

Ingen av disse jobbet for å ødelegge Norge. De drev ikke stadig med sabotasje og terror mot Norge.

Endret av Markiii
  • Liker 6
  • Innsiktsfullt 2
  • Hjerte 1
Skrevet
torbjornen skrev (2 timer siden):

Til sjuande og sist må alle krigar og konfliktar få politiske løysingar. Ein løyser ingen problem ved å la vere å snakke saman.

Akkurat det har du jo heilt rett i.

Problemet med russland no er jo berre at leiinga der seier at dei er villig til å snakke, men berre om dei får alt som dei vil. Visst dei ikkje får alt som dei vil trugar dei med atomvåpen.

Slik situasjonen er no ser eg ikkje noko poeng i å snakke med russisk leiing.

russarane er bøller som truer alt og alle for å få viljen sin. Det einaste som hjelper mot bøller er desverre å stoppe dei med makt.

  • Liker 4
  • Innsiktsfullt 1
Skrevet
Markiii skrev (10 minutter siden):

Hjalp det å prate med Hitler?

Hjelpte det å ikkje prate med Hitler?

Av og til fører dialog fram, andre gonger ikkje. Nord-Irland er eit godt eksempel på at dialog førte fram. Eg har aldri sagt at ein skal ha dialog med Putin, men det er viktig å halde kontakten med folk i regimet eller i statsapparatet, sidan det vil kunne komme ein dag der desse blir ein del av eit nytt og forhåpentlegvis betre regime. Tyskland er i dag saman med USA og Europa våre viktigaste allierte.

  • Liker 1
  • Innsiktsfullt 2
Skrevet
Dragavon skrev (2 minutter siden):

Akkurat det har du jo heilt rett i.

Problemet med russland no er jo berre at leiinga der seier at dei er villig til å snakke, men berre om dei får alt som dei vil. Visst dei ikkje får alt som dei vil trugar dei med atomvåpen.

Slik situasjonen er no ser eg ikkje noko poeng i å snakke med russisk leiing.

russarane er bøller som truer alt og alle for å få viljen sin. Det einaste som hjelper mot bøller er desverre å stoppe dei med makt.

Dette er eg langt på veg einig i. Men å ha dialog om f.eks. fiskeripolitikk eller sikkerheitspolitikk er ikkje det same som forhandlingar. Dialog gjer at den eine parten veit kvar den andre står, og kan redusere risikoen for at ein menneskeleg eller teknisk feil utløyser ein verdskrig.

  • Liker 3
  • Innsiktsfullt 2

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...