Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    11 083
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av torbjornen

  1. Tsjernobyl-ulukka var ein av grunnane til at Sovjetunionen kollapsa. Krigen i Afghanistan og konkurs/økonomiske problem på grunn av våpenkappløpet med USA var andre årsaker. Dersom Russland får ei større krise i fanget kan det redusere evna til å drive krig.
  2. No har Nrk også fanga opp saka. https://www.nrk.no/artikkel/frykt-for-lablekkasje-etter-at-russisk-pestforsker-dode-1529473 Kan dette skape ei så stor krise internt i Russland at det får slutt på krigen i Ukraina?
  3. Det er lite hjelp i når risikoen fyrst og fremst er borreliose. Eg skulle forresten ha likt å vite om gjentekne flåttebit kvar sommar gjennom heile livet kan gjere ein immun.
  4. Som vanleg vil vel Trump prøve å presse Ukraina, samt å mjøle si eiga, korrupte kake.
  5. Med andre ord: Det prorussiske partiet "Latvia Først" tapte valet og fekk "berre" 17 plassar.
  6. Romania har ei god forklaring på kvifor eksporten av ukrainsk korn må avgrensast. Men har Polen det? Ungarn ser ut til å vere fiendtleg innstilt ovanfor Ukraina, uansett om presidenten heiter Orban eller Magyar. Kva er årsaka til det? Magyar ser heller ikkje ut til å vere så veldig annleis enn Orban på andre område: https://www.nrk.no/artikkel/ungarn-etter-orban-1529013
  7. Å beskytte Svartehavet er vel like vanskeleg som å beskytte Kyiv. Nokon må komme opp med ein effektiv måte å stanse russiske jet-droner og missil. Greier ein å stanse russisk terror har Russland snart tapt heile krigen.
  8. Det er berre slik russarar er. Ein har sett liknande i Butsja, Mariupol, Kherson og alle andre stader der russarane har fare fram.
  9. Eg er imponert over at dei har greidd kunststykket å få helikopteret opp på lastebilen i utgangspunktet.
  10. Her har du nokre gode poeng. Men Vesten måtte forhalde seg til dei som hadde makta, og det spørst om det ville ha vore så mykje hjelp i å gje meir økonomisk støtte til ein fyllik og eit oligarkiregime fullt av korrupsjon.
  11. Norge har hundrevis av EU-direktiv liggjande som ein så langt ikkje har innført. Det er også stor folkeleg motstand mot fleire vindmøller, å la EU få meir kontroll på norsk kraftproduksjon osv. Men så er vi heller ikkje i ein eksistensiell krig med Russland. Ein krig fører med seg ei realitetsorientering, og i ein slik situasjon tykkjer eg at det ville vere rart om ein ikkje var villig til å sluke nokre kamelar. Det har blitt avslørt korrupsjon like inn i Zelenskyj sin innerste sirkel. Kan det vere slik at ein del av dei folkevalde fryktar for antikorrupsjonsarbeidet fordi dei rett og slett ikkje har reint mjøl i posen.
  12. Det er no ein viss skilnad på ein demokratisk styrt union der medlemslanda går inn og ut av fri vilje og eit imperium der medlemmene er marionettestyrte statar og imperiet blir halde saman ved bruk av makt, tvang og undertrykkjing.
  13. Kva gjer vi den dagen Russland bestemmer seg for å sende dei same dronene mot europeiske byar? Finst det nokon måte å forsvare seg på?
  14. Den vestlege hemisfæren er ingens "bakgård", skreiv den kinesiske ambassaden i Peru med referanse til USA. https://www.nrk.no/urix/kampen-om-latin-amerika_-_-usa-prover-a-skru-klokka-200-ar-tilbake-til-kolonitida-1.18031777 Eg skulle ynskje at Kina hadde teke eit like tydeleg standpunkt til det Russland driv med i Ukraina og Europa.
  15. Fyrst og fremst er biletet eit symbol på mislukka diplomati. Ein har prøvd forhandlingar og ettergivenheit ovanfor Russland sidan 2014. Så langt har det ikkje ført fram, og det er ingen ting som tyder på at det vil føre fram i framtida heller utan at det blir sett makt bak kravet om at Russland må trekkje seg ut av Ukraina og slutte å true- og å drive krig mot Europa.
  16. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/pst_-ber-folk-langs-kysten-vaere-oppmerksomme-1.18042551
  17. Når det gjeld busetjingspolitikk og etnisk rensing har diverre Russland og Israel ein del til felles.
  18. Om Putin seier dette kan ein anta at den reelle kostnaden er mangedobbel.
  19. Om ikkje kan ein rekne med eit nytt Maidan-opprør. Befolkninga vil neppe finne seg i at EU-integrasjon blir forhindra av korrupte politikarar. Det vil elles bli nyval så snart krigen er over. Også dei som då blir valde må ta omsyn til folkemeininga.
  20. Skal ein velje ville eg utan tvil ha valt eit vestleg, liberalt samfunn der alle i så stor grad som mogeleg skal ha dei same mogelegheitene, uavhengig av status, pengar, hudfarge, religion eller legning. Det er dette samfunnet vi er vant med i Norge, og det er dette samfunnet som er trua av alliansen av vonde krefter i aust og vest, samt ytterfløyane til venstre og høgre internt i Norge og Europa. Eit idealsamfunn vil alltid vere uoppnåeleg, og det vil alltid vere ting som ikkje fungerer og/eller som skaper misnøye. Ytterfløyane har til felles at dei flyt på folk sin misnøye med det etablerte, liberale samfunnet samt at dei støttar autokratar og "fred" på falske premissar.
  21. Var alt så mykje betre før? Bortsett frå det med sosiale medier er det meste av dette ikkje noko nytt. I motsetnad til problemet med sosiale medier og ekkokammer har reising, migrasjon og utbreiing av internett gjort verda mindre. Medan det tidlegare var ein flokk i kvar grend er menneskeheita i dag i større grad ein før samla i ein og same flokk.
×
×
  • Opprett ny...