Trump sin russiske diesel kan ende opp på Cuba.
https://www.dn.no/utenriks/russland/usa/donald-trump/russisk-diesel-pa-ville-veier-kan-havne-pa-cuba/2-1-2066760
Krigstrøyttheit og dårleg økonomi truar med å sende Europa ut i kaos i ei tid der vi har få allierte:
https://www.nrk.no/artikkel/ungdomsopproret-til-berlin-mindre-mulighet-for-en-fremtid-1531096
Det med paven var nytt for meg.
https://www.nrk.no/artikkel/sivile-evakuert-fra-okkupert-by-i-ukraina-1531368
Og dette har vore eit problem alle stader langs fronten. Eldre nektar å bli evakuerte frå staden der dei har budd heile livet, trass i at områda er fullstendig øydelagde av bombing, fyrst og fremst frå russarane.
Kan noko av årsaka vere at det ikkje er mogeleg å sende flyktningane over frontlinjene, som er ei dødssone på mange kilometer?
Men om russarane hadde vist litt godvilje burde det vel uansett ha vore mogeleg å frakte flyktningane med båt over til Kherson by.
Aporopos svingprising: Her er eit eksempel på utviklinga til to høgrentefond dei 3 siste månadane, nærmare bestemt Holberg Kreditt (blå) og Fondsfinans High Yield (raud):
Ein legg merke til at kursen rett som det er gjer eit hopp opp eller ned den eine dagen og tilbake att den neste. Er dette det konkrete utslaget av svingprising den eine eller andre vegen?
Ein legg også merke til at Holberg Kreditt plutseleg stuper på slutten. Er det Intrum-obligasjonane som nok ein gong sender fondet i utforbakke?
Brei framgang er vel å ta i. Russarane har hatt framgang vest for Huliapole, medan ukrainarane tidlegare har teke tilbake område nord for Huliapole og austover. Russarane har over tid prøvd å ta kontroll over Mala Tokmacha utan å komme noko lenger. Fronten ved det uttørka elveleiet sør for Zaporizhzia er vel i stor grad uendra etter at ukrainarane dytta russarane vekk frå Zaporizhzia tidlegare i år.
Området vest for Huliapole er vel eit av få område der russarane har hatt framgang i år. Spørsmålet er om Elon Musk si handsrekning til Putin har gjort at russarane har fått fram nye forsyningar til området.
Og talet på køyretøy i statistikkane held seg lågt.
Har Ukraina måtta stanse mellomdistanseangrepa med Starlink-droner på grunn av press frå Elon Musk?