Gå til innhold

Samms

Medlemmer
  • Innlegg

    1 463
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Samms

  1. USA feide Taliban frå makta i Afghanistan. Etter rundt tjue år var Taliban tilbake til makta i Afhanistan etter USA hadde brukt millioner på å krige der. Og Taliban vart ikkje støtta med mengder våpen, luftvern, artilleri, penger, etteretningsinformasjon. USA har eit mykje større militære og økonomi enn Russland, teknologisk og økonomisk er vel Ukraina og litt framfor Afghanistan. Så kvifor skulle Ukraina tape mot Russland når styrkeforholdet er jamnare?
  2. Det er mogeleg at Russland driter i kostnadane, dei rykker ikkje raskare fram i Ukraina av den grunn. Eg har ikkje følgt med på tråden på ei god stund, men eg meiner å hugse at du har harselert med sanheitsgehalten i russisk rapportering. Andre har i aller fall vært svært tvilande til informasjon frå Russland. Og om me ikkje skal tru på kva Russland seier om tap ved fronten Ukraina, kvifor skal me tru meir på kva pratmakere på russisk TV seier?
  3. Resurser og økonomi. Akkurat som USA trakk seg ut av Irak og Afghanistan. Det er dyrt å føre krig. Og det er krevjande å kontrollere eit okkupert område, det krev mange soldater. USA gjorde reknestykket for Irak og Afghanistan, var det meir enn ein million mann dei hadde trengt for å okkupere Afghanistan og ha full kontroll?
  4. USA fekk vel tre dagar varsel før Iran starta angrepet mot Israel. Irans angrep mot Israel var designa for å vise at Iran kan angripe Israel, utan å gjere så mykje skade at Israel fekk grunn til å svare med eit voldsomt angrep på Iran. Og det stemmer i ein konvensjonell krig så gruser nok NATO Russland. Ukraina sin fornya bruk av dominoteorien er like lite relevant i dag som på 1970 talet. Kommunistane tok Vietnam og ikkje noko meir. Om Russland tar Ukraina så er det stopp der, dei har ikkje resursar til noko meir.
  5. Det er sjanse for ganske store utskiftningar på republikansk side ved neste valg. Med fleire som ikkje er interessert i noko kompromiss om dei kjem inn. Grunnen er for nokre av dei som ynsker å styre til å gje seg er at representantenes hus har fått gjort lite i siste periode då andre ikkje vil kompromisse. Det andre er at dei "moderate" har blitt vraka i primærvalg, dei har ikkje hatt støtte hjå velgarane. Det blir eit spennande valg i USA, ein ting er presidentvalget, resultatet i representatnenes hus og senatet er kanskje like spennande. Og kjem til å bety like mykje.
  6. Det stemmer nok at verken trump eller Biden blir president i USA meir enn ein periode til. Det handler om alder. Det er kanskje heller ikkje det viktigaste. Om det blir republikansk fleirtal i representantenes hus kan det være lite Biden adminsitrasjonen får gjort. Du kan tru og håpe at MAGA gjengen blir irrelevant i USA. Det kan stemme, men ikkje vær sikker på at det som kjem etterpå blir betre. "Du kommer ikke til å like det som kommer etter Amerika", sa Leonard Cohen. Og konteksten var det som kom etter det som me i dag kjenner som USA. Ikkje at Kina eller nokon andre skulle ta over USA sin posisjon i verda. Når eg var på jobb i USA spøkte dei der eg var med; "we have got the best politicans money can buy". Nokon støtter MAGA gjengen med store summer til valgkamp og politisk arbeid. Desse sponsorane stopper neppe før dei har nådd sine mål. Eg trur ikkje dei har edle motiv, og eit av måla deira kan være å svekke føderalstaten for å sjølv få meire makt.
  7. Ueinig der, Taylor Greene og andre hadde laga akkurat like mykje problem utan Trump. Og ingen av dei har noko å vinne på å være "ansvarleg" politiker blant sine velgare.
  8. Det kalles demokrati. USA er eit demokrati og posisjonering før valg er ein del av demokratiet. Ulike politikarar prioriterer ulike saker og får stemmer frå ulike velgergrupper. For mange av dei republikanske politikarene i representantenes hus er ikkje støtte til Ukraina ei vinnersak blant deira velgarar. Det politiske systemet i USA kan og seiast å ha nokre svakheiter. Ein er at mogelegheit for å blokkere politiske motstandare reduserer den føderale regjeringa sin styringsevne. Utan Trump så er Taylor Greene og likesinna eit akkurat like stort problem for ei styringsdyktig føderal regjering i USA. Kanskje uavhengig om det er ein demokratisk eller republikansk president. Observer at målet til ein del av dei republikanske politikarane er mindre føderal styring. I eit politisk system med gode mogelegheiter for å blokkere motstanderen vinner dei fort.
  9. Og Ukraina sine tap er hemmeligstempla som russiske tap i Russland. Ut over offisielt 31 000 døde ukrainske soldater. Kva med litt undersøkande journalistikk i Ukraina også?
  10. Ikkje skyld på Trump i USA, det var systemet i USA som gjorde at han kunne bli president og var ynska som president. (Heilt sikkert blant sponsorane også.) Og uviljen til storkrigar er ikkje berre at det blir mange døde soldater. Det koster penger og sjølv om rustningsindustrien tjener penger på krig så er det andre som taper. Wall St. i USA har tidlegare oponert mot det militærindustrielle kompleks i USA. Krigane var dårleg for forretninganepå Wall St. USA sin økonomi er veldig mykje ein finansøkonomi og har sterkt innslag av rentenist tenking. Eksportkontroll og stopp av kjøp av billegaste energi er døme på tiltak som påverkar økonomien negativt. Ikkje at eksportkontroll hjelper i lengda, det er til saman tre miliardar indere og kinesarar. Nokon av dei er heilt sikkert flinke og dyktige. Krig gjev høgare skatt og inflasjon, ingen rentenistar ynsker det. Akkurat no er inflasjonen største utfordringa i USA, utan at budsjettunderskuddet blir redusert blir det vanskeleg å få ned inflasjonen utan uheldige bivirkningar. Om korrupsjon i USA, Larry Beinhart, han som skreiv Wag the Dog fekk publisert ein artikkel i Aljazeera nyleg. "The Supreme Court is so corrupt… it makes corruption legal"
  11. Å tvangsrekrutere utlendingar har vert gjort sida historia litt utpå dagen. Det same med leigesoldatar. Akkurat det med leigesoldater var det USA som fekk fart på att, nokon som hugsar Blackwater? Eric Prince har blitt rik og har vel enno eit konglomerat av "sikkerheitsselskaper".
  12. Heilt klart blåst opp og ute av kontekst, likevel dei fekk testa reaksjonen. Og for å teste passer det godt med ein bisetning der den i kontekst ikkje er så utfordrande.
  13. Akkurat der er du ved kjerna, fiatpenger kjem frå ingensteds, verdiar kjem frå ein plass. Økonomiske lover er ikkje fysiske lover, meir sedvane. Korleis sentralbanken utsteder penger er den store forskjellen.
  14. På sida, men kanskje viktig når det er snakk om økonomi og Kina når dei støtter Russland. Kinesisk økonomi fungerer ikkje på same måten som "vestleg" økonomi, eller for den del økonomien i nesten alle andre land i verda. Kina utsteda dei første kinesiske statsobligasjonane først på 1990 talet. Det betyr at pengesystemet i Kina ikkje er fundamentert på same måte som i resten av verda. Vurdering av kinesisk økonomi kan då bli veldig feil om dette ikkje blir tatt med i vurderinga.
  15. Så langt så ser det ut til at utspelet kan vere klarert og for å teste reaksjonen. Mykje støy, fram og tilbake, men USA og NATO har fått testa kva reaksjonen vart.
  16. Du kan søke opp og lese Bank of England sitt skriv "Money creation in the modern economy" og gjere dine overlegningar. Ja, bankane får ikkje inntekta høgare renter hadde gjeve, men det betyr ikkje nødvendig vis at dei taper penger. Bankane si historie om rentedifferanse er ikkje heile historia om korleis dei tjener penger på lån.
  17. Om dei har flytande rente. Eg anar ikkje om det er vanleg med fast eller flytande rente på boliglån i Russland. Edit, eg ser ein annan poster har oversikt, russerar har fast rente på boliglån.
  18. Kor mykje støtte fekk afganarane mot Sovjetunionen? Afganarane kasta med lite støtte ut sovjethæren. Og kor mykje militær støtte fekk afghanarane mot USA? Dei kasta ut USA også. Kva med alle panserkøyretøya og stridsvognen Ukraina fekk? Etter å ha tapt ein femdel så stoppa dei opp. Ukraina har våpen dei kan bruke til å gjenerobre land.
  19. Forsvaret i Norge vart lagt på 1990 talet lagt om frå å være eit forsvar til å være eit ekspidisjonskorps for USA sitt militære rundt i verda. Det skal meir enn penger til for å endre det.
  20. Og det rammer USA og EU. Det var ein artikkel på E24 om deflasjon i Kina. Som om det var eit stort problem for Kina, i alle fall når deflasjonen var så liten at i praksis var prisane stabile. Ingenting om at ein grunn til stabile prisar i Kina kan være billigare ennergi enn i USA og EU. Og at for Kina som stor eksportnasjon er det ikkje noko ulempe med stabile prisar innanlands når det er høg prisstigning på eksportmarkandane. Det betyr at Kina sin produksjonskost er stabil medan konkurentane sine kostnader er på veg oppover. Dagens oljepris er rund 85 dollar, betaler Kina og andre 60 dollar har dei ein stor fordel framfor USA og EU. Spesielt dei landa som rafinerer russisk olje til bensin og diesel og selger til "vesten".
  21. Så var det å finne att den VG artikkelne der det stod langt ned i at Russland brukte glidbomber mot bygg i Bakhmut og at det var ein utfordring i følgje ukrainske militære. Tilsvarande om dei svir av delar av byen Ukraina held. Taktikken er ikkje ny, meir eit skifte frå artelleri til flybomber. Protesemangelen er ein indikasjon, og i teksten så skin det gjennom at det er mange skadde soldater.
  22. Ingen uavhengige rapportar på tapstal. Russland har klart flest døde, men "tapte" i meining aldri meir stridsdyktige kan være meir jamt. Taktikken til Russland med nå å bruke brannbomber og glidebomber som legg heile bygg der Ukraina har stillinger i grus kan auke tapa på ukrainsk side. Artiklar som denne indikerar at også Ukraina mister mange soldater, Protesemangel i Ukraina: – Overbelastet - VG sjølv om dei har færre falne.
  23. Heilt einig der. Det kan sjå ut som om neste valkamp i USA blir reprise, Trump mot Biden. Mener Ukrainas skjebne ligger i amerikanske velgeres hender – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer At utenrikspolitikk blir avgjerande i val i USA trur eg lite på. Økonomi er det viktigaste, deretter følelsar, religion og så vidare. Og ikkje minst kva sponsorane ynsker, eller kanskje heller kva sponsorar som satsar mest og får sin man på plass. I eit jamt val kan likevel sponsorane sin føretrekte mann tape. Eit spørsmål er og om sponsorsida er like splitta som folket i USA.
  24. Og om Russland ikkje bruker "taktiske" atomvåpen, men slår til med full kraft og startart med å utslette ein tre fire Ukrainske byar. Starter lengst vest og gjev beskjed om at dei fortsetter med å utslette fleire Ukrainske byar om andre blander seg inn? Bruk av "taktiske" atomvåpen har begrensa effekt militært og medfører sterke reaksjonar for Russland. Det gjev då meining å like godt starte med å utslette nokre byar. Reaksjonane kjem uansett ved bruk av atomvåpen, men effekten på Ukraina blir stor. Tar NATO då sjansen på å svare og får ein kortvarig prosess med store tap?
  25. Og konklusjonen kan då også være at angrepet var frå Ukraina, men ikkje av statlege aktørar i Ukraina. I tilfelle så kan det spekulerast i motivet for dei også.
×
×
  • Opprett ny...