Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 855
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Jepp - du sikrer deg ikkje mot misbruk, men du sikrer mot tjuveri. I tillegg vil malware trenge pinkoden for å få tilgang til TPM, og TPM kan ved hjelp av measured boot sikre systemet mot malware til en viss grad. I essens er TPM smartkort, og har smartkortets fordeler i dette scenarioet. Dvs. en ukopierbar dings som kan signere meldinger. FDE derimot beskytter mot nøyaktig et scenario: at folk knabber disken mens systemet er avskrudd. For alle praktiske formål? jo. Du kan skrive det på en lapp og legge lappen i skapet på jobb. Det blir backup, ikkje til daglig bruk. Og det er nettopp det som aukar sikkerheta - fordi du slepp å bruke det, og unngå dermed phishing-angrep (FIDO bruker URL som del av meldinga som blir signert, litt grovt sagt), og en del anna knask som følger med.
  2. Droner har eit par fordeler artilleri ikkje har. Dei er styrbare, dei kan henge rundt over tid, og dei er billigere. Excalibur koster en drøy million per stk. Vel kjem den kjappere enn drone, og har et par andre eigenskaper som er interessante - men det er ikkje heilt utenkelig at hundre droner til 10k per stk er å foretrekke - eller 10 droner til 100k per stk. Så analysen din er IMHO mangelfull; det er ikkje utelukkande mangel som er årsaken, det er teknisk utvikling og. Nøyaktig kor dette ender er uklart, men det er for enkelt å avvise at droner er veldig nyskapande.
  3. Nei. Bitlocker beskytter mot angrep når PCen er avskrudd. Malware vil kunne lese data frå bitlocker-kryptert disk når systemet er boota. Malware vil derimot aldri kunne kopiere ut data fra TPM (eller smartkort), fordi slike komponenter ikkje deler ut kopi av nøkkelmateriale, men kan signere meldinger med nøkkelmateriale. Dessuten kan TPM destruere nøkkelmateriale ved for mange forsøk; harddisker er kun passiv lagring og kan kopierast fritt. Du har åpenbart ikkje forstått korleis TPM eller smartkort fungerer, og korleis det beskytter mot andre risikoer enn diskkryptering. Men du treng ikkje bruke det i praksis. For min del er det kjappere å taste inn fire tegn enn tjue tegn. I tillegg slepp eg altså unike passord på ulike nettsider fordi FIDO/Webauthn/passkeys. Det faktum at du trur at FDE og TPM beskytter mot samme risiko er vel avslørande nok.
  4. Et passord på fire tegn er ikkje trygt. Og t.d. biometri kan ikkje brukast utanfor dingsen. Poenget er altså at TPM oppbevarer secrets som PIN, fingeravtrykk, IR-kamera e.l. kan låse opp og gi tilgang til. Det er faktorer som er enklare i bruk enn et langt passord. Det finst et tonn dokumentasjon på både FIDO og Windows Hello, så eg gidd strengt tatt ikkje mate deg med info du uansett nekter å ta til deg. Ang. bitlocker så beskytter det kun data at rest. TPM kan beskytte data på langt betre måte, og kan t.d. tillate bruk av secrets uten at secrets kan kopierast - på grunn av PKI. TPM signerer da typisk payload. Det sikrer at malware ikkje kan kopiere autentiseringsnøkler. Bitlocker vil aldri kunne oppnå det.
  5. Passordet er lokalt. Og bør være unikt for kvar dings. Poenget med Windows Hello er altså at det skal kunne fungere som FIDO-autentiseringsmekanisme i tillegg...
  6. Eg kan ikkje huske sist eg trykte inn passordet på jobb-PCen. Måned eller to gjerne? Fordi PIN ikkje er utsatt for brute force og ikkje gir direkte tilgang til ting, men kun låser opp tilgangen til private nøkler, så er det lite poeng i forskjellig pin.
  7. Nei - på grunn av TPM. TPM gjer at PIN ikkje kan brute forcast, og derfor vil kort PIN vere trygt nok. Det er kjappere enn passord å taste inn. Så poenget med PIN er kort autentikator som er knytta til dingsen og vanskelig å brute force. Det er del av Windows Hello, som har mange autentiseringsmetoder og støtter ting som FIDO og MFA. Så jo, det er poeng med PIN, og CoPilot har i det vesentlege rett - t.d. vil Windows Hello (og PIN) gi FIDO-autentisering, aka passordfri autentisering. Det vil og beskytte mot phishing... Så om du tenker PIN som utelukkande erstatter lokalt passord, vel... da har du delvis rett. Men det er ikkje intensjonen bak det. Intensjonen er at det skal erstatte alle passord ved hjelp av TPM og FIDO.
  8. Nei. Det må være sakleg, men utover det står arbeidsjevar rimeleg fritt til å t.d. prioritere kompetanse.
  9. Men det er ikkje relevant å sjå på total energimengde. Problemet er at elbiler lader i 10-20 timer med full effekt. Det er få andre ting vi har heime som gjer det. Ang. VVB er det krav om fast tilkopling nettopp på grunn av varmgang.
  10. Det er absolutt ingen med kunnskap om rus som anbefaler billigere alkohol for å behandle alkoholisme. Alkohol har ekstreme fysiske skadevirkninger. Det einaste som er dønn åpenbart er at du ikkje forstår skadevirkningene alkohol medfører - både for individ, familie og samfunn. Hadde du forstått hadde du ikkje forsvart alkoholismen. Det er samme oppførsel frå vedkommande i mange andre tråder...
  11. Sånn heilt garantert så vil vedkommande få det mykje betre uten alkohol. Han lurer deg og seg sjølv til å tru at alkohol er fiks. It ain't. Tvert imot er nesten garantert alkohol rota til problema han opplever. I tillegg til dei akutte problema, som at vedkommande truleg ikkje får spesielt god søvn, ungane ikkje får oppleve faren sin, partner må ta større ansvar enn nødvendig også viare, så har det jo langsiktige konsekvenser og, t.d. kreft og hjerte/karsjukdom... Fyren er alkoholiker og må ha hjelp - for sin eigen og for familien sin del. Igjen: har du snev av sunn fornuft i livet så send bekymringsmelding til barnevern og til sjefen has, og påpeik at han bør få hjelp gjennom AKAN. Poenget er altså at prisen skal bidra til at folk bruker mindre, og færre blir avhengige. Som du korrekt konstanterer redder det ikkje folk med god lønn, men det kan potensielt redde andre. Og det finst masse forskning som viser sammenheng mellom tilgang og bruk. At du forsøker å bruke alkoholisert bekjent som argument for lavare prisnivå på alkohol er perverst.
  12. Eh. Nei. Poenget med prisnivået er altså å begrense forbruket, slik at folk ikkje blir avhengige. Lavere priser vil ikkje føre til mindre avhengighet og skadevirkning, tvert imot. Forøvrig så redder ikkje alkohol vedkommande fra sammenbrudd, men det gjer at han kjem til å få sammenbrudd. Garantert. Alkohol går utover søvnkvalitet, helse og mange andre faktorer. I tillegg er det jo ekstremt betenkelig at småbarnsforeldre bøtter nedpå såpass solid. Om du har litt fonuft i livet kontakter du barnevernet med ei bekymringsmelding om fars rusbruk.
  13. Du tenker at to vinflasker for dag har positive effekter, både på individnivå og samfunnsnivå?
  14. Eg har sett argumentasjonen til ein del, og den går på at forskere er inndoktrinert også viare. Det er altså snakk om at folk ser for seg at universitetet er det samme som ungdomsskulen, der du meir eller mindre pugger informasjon. Det er for all del behov for det, fordi enkelte ting er faktakunnskap du må ha i botnen, slik som korleis alfabetet er bygd opp, gramatikk, enkel fysikk også bortetter. Men det er ikkje det høgare utdanning handler om, og du kan ikkje lure folk som tar doktorgrad på den måten - det er for stort fokus på kritikk og forsking. Det er Dunning-Kruger-effekt i fri dresur; folk forstår ikkje kor mange brikker dei mangler i puslespelet, og har ikkje ein gong konsept om kunnskapsnivået forskarar på eit felt har.
  15. Du vrir ganske kraftig på det som vert sagt i artikkelen - som forøvrig er tjue år gammal. Dommerane er og skal være lojale mot rettspraksis, og lovgivar sine intensjonar. Lovgiver sine intensjonar er ikkje utsagn i VG, men føringer gjennom lovendringar og forarbeid. T.d. skjerpa Stortinget straffenivået for valdtekt ganske kraftig. Tilsvarande har afaik ikkje skjedd med drap. Konklusjonen er vel at dommerane gjer nøyaktig den jobben dei er sett til å gjere, ut frå dei føringene som ligg i yrket. Viare så har jo undersøkelsen du viser til visse mangler, ved at den ikkje omfattar alle dommarar. Dette er for sprøtt til å kommentere.
  16. Aktor påsto det som er rettspraksis. Det er utleda over lang tid uten at det frå politisk hald har komt hint om at det er for lågt. Aktor hadde ikkje gjort jobben sin om påstanden var vesentleg avvik frå det som er rimeleg etablert rettspraksis. Noreg er eit demokrati, dvs. at lovgjevar (Stortinget) avgjer straffenivået, som så domstolane implementerer innanfor rammene av lovverket, og aktor prosederer ut frå rettspraksis og rammene frå lovgjevar.
  17. Nei, men eg trur oppriktig at det er andre kriterier enn det du ser ut til å tru som dominerer.
  18. Jepp, men då er ikkje problemet at straffenivået for drap er feil. Då er problemet at politiet systematisk ignorerer varseltegn om framtidig valdsbruk. Det er ikkje spesielt kontroversiell påstand. Det har vore fleire drap dei siste åra av nettopp den grunn; drap der det forut for drapet har vore omfattande brot på besøksforbod, vald, overgrep m.m. Tiltak mot det kan jo vere omvendt valdsalarm, fengsling ved brot på besøksforbod og reell oppfølging av politiet. Andre tiltak som styrking av rusoppfølging og psykiatri vil sannsynlegvis òg bidra. Men ingen av dei tinga er quick fix; det vil kreve penger og innsats over tid.
  19. Nei, straffa for drap er maksimalt 21 år. Skatttesvik kan derimot gi maksimalt 6 år. Så slutt å spre løgner om straffenivået.
  20. Aktor påstår det som er rettspraksis. 12 år er det som er omtalt som normalstraff for drap, altså utgangspunktet, også legg ein til eller trekk ifrå ift. omstende.
  21. Ja, åpenbart. Drap hadde vore vanlegare om straffa var fjorten dager. Då hadde brått det å kverke litt plagsom nabo gjerne vore verdt det... Det er det almennpreventive perspektivet; nok straff til at rasjonelle personer ikkje drep. Vil tjue år fungere spesielt mykje betre enn ti år der?
  22. Jo, men i et større perspektiv? Er einaste målet med straff hevn?
  23. Men kva oppnår du med det? Funker strengare straffer? Vi bøtelegger ikkje fireåringer for å stjele på butikken - fordi dei ikkje forstår konseptett mitt og ditt på en måte som gjer straff meiningsfull. Du oppnår ingenting med det. Det er akkurat det samme med andre grunnar enn alder til å ikkje vere tilregneleg: det er ein person som ikkje forstår handlinga, konsekvensen e.l. og straff er difor meiningslaust. Korleis ser du for deg at å straffe psykisk sjuke folk er matnyttig?
  24. Det første er å ta bilete av skjermen. Få med alt innhold. Det finst forskjellige pin-koder litt avhengig av steg i bootsekvens.
×
×
  • Opprett ny...