Gå til innhold

locked

Medlemmer
  • Innlegg

    104
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av locked

  1. Viss du har en 15år gammal tv i dag kan du sikkert få en bedre opplevelse med å kjøpe den nest billigaste du kan finne i dag. Eg kjøpte noko av det billigaste eg kunne finne og det er heilt ok, eg er ingen tv nerd så spara litt kroner der. Eg har en samsung tv som er 3-4år gammal, nesten berre ungane som bruka den. Ser at det er noko Apple greier i menyen, eg tolka det som apple tv innebygd. Aldri prøvd det dog. Ellers er no tv'en grei nok, den heng no på veggen og ser sånn passe liten ut i 75". Måtte såpass opp i størrelse pga. den 55" utgaven eg kjøpte først såg ut som et frimerke på veggen...
  2. Trumf visa gir 1% hos norgesgruppen i tillegg til den vanlige 1%. Viss du legge kortet i trumf appen og betala med den får du 1% i tillegg. Kosta ikkje noko, så til bruk i norgesgruppen sine butikka er det i alle fall greitt å ha.
  3. Jus detta, eg reknar med at lovteksted "å dele" ikkje begrensar det til å sende eit opptak digitalt. Kan nok bli ramma av den samme paragrafen ved å vise opptaket til den samme vennen fysisk. Skjerpelsen er jo at opptaket er sendt digitalt, slik at avsender har null kontroll på spredninga etterpå. Heilt oppriktig så tenker eg kanskje at han slapp veldig billig unna.
  4. Eg kan anbefale Steinar Hilde. https://filmdigitalisering.no/ Ein utruleg flink og kunnskapsrik kar. Han helde til i Innvik og har eit museum av gammal videoutstyr. Verdt eit besøk...
  5. Alternativet er jo at dei sender deg eit brev du må hente på posten, der dei scanna passet ditt og sender det til avsender. Resultatet blir det samme, men det blir endå eit ledd på vegen. Per definisjon står det ingen sensitive personopplysningar i passet ditt. (f./personnr er visstnok ikkje det).
  6. Min far har ein knøttliten Tysse henger fra 1. verdenskrig ellernoko. Den er heilt ubrukeleg, kort drag, smal så den er egentlig heilt umulig å rygge med. Sidan hengaren står nærmast på tvers bak bilen før den viser i speila og då er det for seint å korrigere. Løysinga er å legge ned bakseteryggen og åpne bakluka. Men du verden så upraktisk, kan like gjerne koble fra og flytte den for hand 😂 Det ironiske er jo at regelverket er slik at uten kompetanse kan du køyre dei små tilhengerane som er umuleg å køyre anna enn rett fram med. I tillegg sleppe du lastsikringskurs noko som kanskje er like greit, det er skralt med surrefeste alikavel.
  7. Det der er en pendelaksel. Det er og en boggi gitt at avstanden mellom dei er mindre enn 180cm Av samme årsak er også en 2aksla normal personbiltilhenger en boggihenger.
  8. Det er ikkje enklare å rygge med enaksla henger, med mindre du har en alt for stor henger og alt for liten bil. Generelt er det at en tilhenger er bedre å rygge jo lenger avstand det er fra kulefestet til akslingen og litt avhengig av trekkbilen så er det og ei minimumsbredde for at du skal kunne sjå kva retning det går i. Kan vel få ganske bra størrelse med 1 aksling, Campingvogna mi er 1600kg på en aksling (langt i fra optimalt). Fjæing er nevnt her, det er uten tvil eit viktig poeng. Eg har ein medium 2.000kg Ifor williams henger (i Ifor williams sammenheng er det vel omtrent den minste)som eg er veldig fornøgd med. Den har bladfjæring og boggi, heilt super å køyre med. Det er også litt lengde på den og det gjere den veldig stødig og fin. Fort gjort å gløyme at den henge bak bilen. Å kjøpe ein ny hengar med torsjonsfjæring (desse med gummi inni akslingane) det er eg veldig glad for at eg ikkje gjorde og vil eg aldri vurdere igjen.
  9. Eg er ganske sikker på at du vil kunne komme unna med at dei deklarera det med tekst "Warranty replacement" og "No commercial value" Det sikraste er jo at dei levera forsendelsen DDP, Delivered Duties Paid. Det vil seie at avsender står ansvarlig for alle kostnader forbundet med innførselen. Einaste du kanskje må betale er toll (ikkje mva, men særavgifter om det er aktuelt)
  10. Det er vel fordi det stadig dukkar opp som argument mot vegtransport, at toget er så effektivt og miljøvennlig. Så då må en benytte sjansen til å legge ned jernbanen før våre folkevalgte amøber klara å vedta å bygge jernbane til Tromsø på eit nachspiel. Ja, men då tar du altså ei høgverdig, universal og rein enegiform som kan transporterast med eksisterande infrastruktur med veldig lavt tap og brukar det til å produsere ein energibærar med svært lav virkningsgrad ved produksjon, i tillegg til at det må fysisk transporterast og distribuerast med tankbil (viss du ikkje skal legge endå meir pengar i sluket og frakte det i rør då) og då sitte du igjen med ein energibærar som det forsåvidt ikkje er noko feil med, men det er ekstremt kostbart og komplekst å bygge infrastruktor for salg og ikkje minst bruk. Det er også eit produkt med stort farepotensiale om noko går gale. Så det er bedre å selge krafta fra kraftverket som straum enn å sløse vekk enormt mykje energi på å lage ei energiform som er vanskeligare å bruke. Du pumpa vatn opp i vassmagasina for å spare det til seinare. Det er kjent teknologi vi har allereie fleire pumpekraftverk i drift og fleire under bygging/planlegging. Det er vanvittig effektivt sammenligna med omveien om hydrogen. Og det beste av alt, det er tilnærma gratis! Det er kun kraftselskapet som har utgifter med å etablere noko slikt og all anna bruk av den oppsparte energien brukar eksisterande infrastruktur. Det finst vel knapt bedre måtar å lagre energi på, i alle fall ikkje i Norge der vi har topografien til dette og infrastrukturen rundt er her allerede.
  11. Så lenge Ofotbanen er lønnsom så ser eg ikkje noko problem med det, men det betyr at det er dei som brukar den som må betale drift og vedlikehold. Om det ikkje er lønnsomt så kan en vanskeleg sjå at Norge skal subsidiere transport av svensk malm på norsk jord. Lite poeng i å trekke fram ekstreme tilfeller, denne bana kan bestå heilt for seg sjølv og er ikkje avhengig av anna jernbane. Pendlertrafikken inn og ut av Oslo legge eg meg ikkje opp i, men overfør alt ansvar for drift og vedlikehold til Ruter slik at all kollektivtrafikk må slåst om dei same pengane. Slik kan vi prioritere det som gir mest nytte for pengane. Samtidig så må då Oslo/Akershus og kommunar/fylke rundt prioritere kva dei har behov for. Og det er sannsynlegvis ikkje jernbane dersom det blir synleggjort kor mykje det faktisk kostar. Viss poenget er miljø og trafikkavvikling så kan for eksempel 25m lange bussar køyre i dei same traseeane som jernbanen med mykje billigare infrastruktur rundt. Ikkje avhengige av at ein sensor i Steinkjær er i orden. Eller som ein annan som flytta frå Ski(?) til Drøbak for å sleppe unna tog sa, at bussen hans den gjekk heilt uavhengig av om ein buss på Slemmestad hadde punktert. Det var ein befrielse å sleppe jernbanen og han meinte at politikarane som jobba for å få tog til Drøbak heller burde bruke det faktum at dei hadde eit påliteleg kollektivtilbud for det det var verdt. Kanskje kunne gardermobanen bestått, med flytog til og fra Oslo lufthavn. Det er kanskje ein av dei få plassane passasjergrunnlaget er stort nok gjennom døgnet og ikkje berre akkurat i rushtrafikken. Og så er det jo ganske effektivt dersom flytoget ikkje hadde måtte slåst med alle dei andre utrangerte toga som trafikkerar dei same tunellane. Og frakobla alt det steinalder signalsystemet så kunne det kanskje vore forenkla såpass at det kunne virka litt meir stabilt enn i dag.
  12. Av alle plassar ein atomreaktor kan bli skada eller forlatt så er vel på havets bunn det tryggaste. Optimalt, nei. Samtidig så er det vel ikkje så veldig vanlig at dei aller største skipa synke? Det er ikkje uvanleg med forlis, men det dreiar seg ofte om litt mellomstore båtar og ikkje dei aller største. Og for at det skal svare seg så må det jo vere en stor båt. Samtidig kan det godt vere at ingeniørane stiller sterkare på design når dei ikkje trenge å sette av formidable område i skipets bunn til bunkers, bunkers som varierar i volum og vekt alt etter kor lenge det er sidan forrige bunkring. Miljøpåvirkninga av eit potensielt enormt oljeutslepp frå eit slikt skip er kanskje større enn problem med ein reaktor? Det har eg ikkje fasiten på, men en ting er i alle fall sikkert og det er at tilgangen til kjølevatn er ubegrensa ombord på eit skip. Prisen på tungolje går vel neppe særleg ned, samtidig kan det bli veldig høge avgifter på dette om dei rette politikarane får bestemme så det er absolutt noko som har oppside sjølv om det alltid finst nedsider. Spørst kva som er verst. Søkte litt, fant en rapport som ikkje nødvendigvis teiknar eit særleg dystert bilde av risikoen. Godt gøymt fra side 39 og utover. Gitt at det utelukkande er oppgitt ulykker med Russiske ubåtar kan ein nok legge til grunn at med normalt godt vedlikehold og inspeksjonar frå relevante myndigheter er risikoen svært lav. Vi kan sikkert seie mykje om Russisk sikkerhetskultur og vedlikehold (eller mangel på sådan, der nokon betalar for eit vedlikehold som ikkje blir noko av...) https://www.kystverket.no/contentassets/581540c2ad1e4543a4d10d31decab137/8_analyse-av-miljofarlig-radioaktiv-og-eksplosjonsfarlig-last-og-drivstoff-annet-enn-olje.pdf
  13. For store skip er det kun atomdrift som er framtida. Teknologien er der og har vore brukt sidan 2. verdenskrig ellernoko slikt. Så det er vel få ting her i verden som kan senke så mykje utslepp. Hydrogen er jo så ineffektivt at det er igrunn rart at det blir vurdert. Særleg tatt sikkerhetsutfordringane i betraktning.
  14. Viss dagens jernbanebudsjett berre såvidt klarar å holde det i live så understreka det poenget om at det er for dyrt i forhold til nytten. Misforstå meg rett, det er ikkje noko prinsipielt problem med jernbane, men her er det snakk om Norge og vi har feil demografi, topografi og befolkningstetthet. Det vil aldri bli økonomisk forsvarlig med jernbane her. Så lite folk spredd utover eit enormt område med nesten berre bratte fjell og djupe fjordar.
  15. Jernbanen i Norge bør leggast ned. Det er eit økonomisk perspektiv her og det er at tog kan ikkje sammenlignast med lastebil, om alle utgiftene til toget og infrastruktur (direktører inkl.) så kan sikkert diesel koste 200kr/liter og fortsatt slå toget. Viss den elektriske lastebilen blir ein suksess så finst det ingen fordelar igjen med tog. Forholdet mellom egenvekt og nyttelast er også i lastebilens favør. I tillegg så er lastebiltransport noko som berre virkar. Kvar dag. Og ja, vi treng bedre vegar! Men vi må slutte å kaste vekk samfunnets pengar og ressursar på noko som gir så lite nytte. Veg må vi ha uansett så mykje bedre å investere i eit trygt og effektivt vegnett.
  16. Det er kanskje ikkje så rart, sidan påske er ei kristen høgtid. Sjølv er eg ikkje ateist, eg er faktisk allergisk mot religion og ser helst at vi totalforbyr det.
  17. Takk for svar, det høyrer forresten med til historien at eg alltid har kjøpt taxikjørte bilar og skrur sjølv. Får veldig ny bil til en mykje bedre pris. Ex. Volvo 245 med 552.000km (gjekk 700), Volvo V70 med 200.000km (lite for å vere taxi, gjekk over 400). I dag har eg en BMW 2-serie som eg har eigd fra ca 150 til 365tusen og det er seriøst den beste og billigaste bilen eg har eigd nokon gong. Nesten berre slitedelar som er skifta. Orginal motor og gir. Eg har motorolje på fat så skiftar relativt mykje motorolje, men det er billigare enn å bytte motor. Flushe eller ikkje flushe, det kan vi krangle lenge om men vi er vel alle enige om at det er bedre å gjere litt enn å ikkje gjere noko? Så lenge oljen er skifta jamnleg, har ikkje historikken men den har som sagt vore petimetereigd og køyrt og alt vedlikehold er gjort på merkeverksted så rekna med at viktige punkt som DSG og Haldex er tatt regelmessig. Om ikkje hadde det sannsynlegvis havarert for lenge sidan. Eg skal prøve den nokre dagar, men PKK er gått ut så må få avskilta den så eg kan bruke den på prøveskilt. Har køyrt den bittelitt rundtom og motor/gir virkar for å fungere heilt fint. Einaste eg merka meg er at det er antydning til litt klunk her og der samt knirk i rattakselgjennomføring og sjølvopprettinga virkar litt diffus. Men det er ein pakke her med plass, 4motion og mykje utstyr i ein "ny" bil som er vanskeleg å seie i mot til prisen. Ca 300tusen.
  18. Ser på en ny familiefrakter, ei Caravelle som har gått som taxi sidan ny. 2018 modell, gått eit stykke over 400.000km, har ikkje eksakt tal. Den er fint brukt, stort sett køyrt av en voksen fornuftig mann. Bilen ser vanvittig bra ut både utvendig og innvendig. Den har fått ny motor på eit tidspunkt, men det var ikkje motoren sin feil at det gjekk slik. Det er forøvrig 150hk motoren så den har ikkje problem med oljeforbruk. DSG/4motion, lang utgave. Det som egentlig er det største ankepunktet er DSG girkassen, eg synest ikkje noko om desse i utgangspunktet. Det virkar bra under køyring, men igangkøyring føler eg at det er unødvendig mykje sluring. Skal tydelegvis vere slik. Dumt at dei ikkje kom med ei skikkeleg girkasse. Er det nokon måte å diagnostisere ei slik girkasse? Om det evt. går å lese ut parameter på noko som kan gi indikasjonar på slitasje? Ex lamelltjukkelse? Evt. kunne en sendt inn en oljeprøve, men spørsmålet er jo sammenligningsgrunnlaget. Litt usikker på prisen, har ikkje forhandla noko om det endå. Men slik verden er no så er det vel kjøpers marked på store dieselbilar. Eg personleg er ikkje så redd for prisen på diesel. Det er svært rimeleg å køyre diesel for meg som reparerar og vedlikeholde bil sjølv. Lukkar augene ved dieselpumpa, vel vitande om at eg får mykje diesel for verditapet og finansutgiftene på heilt ny bil. I tillegg så finst det jo ikkje ein einaste bra elektrisk bil med 9 seter, bagasjeplass og firehjulstrekk uansett. Her får en med alt, i tillegg til campingvogn uten problem. Nokon som har erfaring med en slik bil som kan dele litt?
  19. Ford. Tja. For dei fleste dieselmotorar produsert dei siste 15 åra så er det ting på utsida som begrensar levetida, som DPF, EGR osv. Men Ford dei har ei intern avdeling som driv med dette på heiltid så her får du både i pose og sekk Fra spøk til alvor, sjekk om det er noko raritetar med konstruksjonen av motoren din som er viktigare å passe på enn litt sot.
  20. Sitte stille i båten då med andre ord. Håpe på at det går bra 😅
  21. Tida flyr, eg ser at eg har snart brukt opp mine tilmålte 3år med norges beste strømavtale - Vibb: 0kr/mnd og 0/kr påslag. Heilt aleles fantastisk. Dog, så vokse vel heller ikkje detta inn i himmelen, reknar med at det kjem ei endring i løpet av våren så då er det store spørsmålet: Gode alternativ? Eg treng ikkje noko ekstra, eg treng en billig avtale. Punktum. Strømmen i stikkontakten er jo akkurat den samme uansett kor mykje avgifter og teite fantasiprodukt en blir lurt til å takke ja til.
  22. Det var veldig bra gjennomført. At du ikkje likte det seier meir om deg enn om bildet.
  23. Sidan du spør slik så tenker eg at du har ikkje kompetansen som skal til for å gjere det på en trygg måte. Anbefala deg å prøve å lære litt meir om lithiumbatteri. Og hugs at sparkesykkel på lading er årsak til mange brannar. Så ver forsiktig.
  24. Dette er eit veldig godt eksempel på at det einaste vi er gode på i detta landet er å ødelegge for våre egne innbyggera. Sunn fornuft er for lengst parkert utanfor byråkratiet og politikarane våre er i all hovedsak karrierepolitikarar heilt blottlagt for livserfaring og fornuft.
  25. Så bra at det bli 0 utlsepp av eit byggeprosjekt til 200 milliarder kroner. Ja til kjernekraft, men om vi skal få til det i Norge som er så forbanna sidrumpa (på absolutt alt utenom å ødelegge for egen befolkning) så må vi faktisk gå for kjent og utprøvd teknologi i tillegg til å la private bygge og drive det. Og, korleis kan dette gi gratis strøm? Berre byggelånet på detta i anleggsperioden vil gi astronomiske summar i renter. Ex 200mrd til 5% rente bli ca 3000kr pr strømmåler (3.3mil målera). For 1år. Ingen avdrag medrekna. Og før driftsutgifter til produksjonen er tatt med. Eit slik byggeprosjekt der er det grunn til å tru at en veldig stor del av utgiftene forfalle fleire år før det er testa og driftsklart. Og om det skulle forsyne heile Norge med strøm så må vi bygge ut sinnsjukt mykje nett for å kunne frakte strømmen. Og kanskje strømmen kunne blitt billigare berre vi klara å forbruke nok kwh. Men nettleiga hadde i alle fall ikkje blitt noko billigare.
×
×
  • Opprett ny...