Gå til innhold

RootShell

Medlemmer
  • Innlegg

    143
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av RootShell

  1. Å betale med bitcoin tar fort eit kvarter, om ikkje meir. Straksbetaling i nettbanken skjer umiddelbart.
  2. Går du då aktivt inn for å bruke ekstremt mykje data? Eg har ganske normal eller litt over snittet mykje bruk, men eg er omgitt av veldig bra wifi over alt, både heime, på jobb og i firmabilen. Brukar rundt 25-30gb/år og betala ca 1USD per GB. Ingen faste kostnader på det utenom. Fra eget eSIM. Så har eg Happybytes flex til 70kr/mnd med fri tale/sms og gratis eSIM til smartklokka. Så ca 100kr/mnd totalt. Uslåelig 😅
  3. Phonero kanskje, eg har riktignok avstått fra firmatelefon pga. Phonero brukar Telia sitt nett. Så det orka eg ikkje. Fram til Phonero vart oppkjøpt av Telia så var det sannsynlegvis den beste operatøren. Så..... Chili og Phonero brukar same nett så. Telenor er i ein liga for seg sjølv, men det er lurt å bruke en anna leverandør som gir telenor nett uten telenor pris...
  4. Eg har to ulike fra megaflis, Celeste? Veldig godt fornøyd med det. Kosta berre nokre få tusenlappar. Einaste eg har gjort er å kaste dreneringsslangen som følge med og montert eit glatt avløpsrør i staden - for å tømme det raskere og samle mindre drit. Det eine eg har er dusjbadekar, altså eit heilt vanleg dusjkabinett med djupare kar slik at ungane kan bade. Veldig plassbesparende.
  5. Eg har ikkje noko tru på desse appane, eg har prøvd sjølv men det virkar for å vere nærmast uråd å finne noko ekte. Det er svært overfladisk og veldig mange damer (kanskje menn også, men dei profilane ser eg aldri) brukar veldig mykje ressursar på bilder, nærmast så alt er tatt hos fotograf. Så det er massevis av "perfekte" bilder i tillegg til alskens naturbilder (skulle tru absolutt alle levde i fjellheimen ut i fra mange profilar). Eg tvilar egentlig på at alle som er på ein slik app egentlig er på jakt etter noko som helst anna enn bekreftelse ved å samle på likes som dei sikkert sammenlignar i vennegjengen. Så eg har gitt heilt opp, falt tilbake nokre gongar i håpet om at det skulle finnast noko ekte der men nei. Fant heldigvis kjærligheten i den virkelige verden igjen. Og en ting til, korleis skal folk få lyst på barn, få tid til å treffe nye menneske når vi alle sitte fast i det samme hamsterhjulet? Spesielt dei av oss som har barn fra tidlegare forhold har lite tid til å delta på alle mulige arrangement i håp om å streife forbi en potensiell kjæreste. Ein av dei største utfordringane i forhold til å få mange barn er levekostnad og då særleg bustad og mat. Så fort barneflokken aukar til 3-4-5 barn så treng ein plutseleg såpass stor plass at livet i hamsterhjulet vert endå verre. Prisane på bolig her til lands er jo heilt vanvittige blitt og skattenivået gjere det tungt å spare pengar og betjene store huslån. I tillegg krev stor familie stor bil i tillegg til kanskje ein bil nr 2 og særleg store familiebilar tilsvarande VW Caravelle/Vito har jo vore så hinsides avgiftbelagt i Norge at det er ingen småbarnsfamiliar som har råd til dette på toppen av alt anna. Akkurat detta er kanskje eit godt argument for 6timers arbeidsdag. Kunne kanskje vore ein veldig god ide og gje folk mulighet til å jobbe mindre desto fleire barn dei hadde, sidan det faktisk er ein veldig krevande jobb å oppdra fleire barn gjennom skule og barnehage. Ein føler at ein alltid er for seint ute, i tillegg til alt mulig ekstra som følge med av foreldremøter, foreldresamtalar, lege/helsestasjonsbesøk osv. Er du litt uheldig og ikkje alt er optimalt kan det rett og slett ta knekken på dei mest ressurssterke foreldra.
  6. Forgrener er ikkje ulovlig, men bruken kan bevege seg over mot uaktsomt om det ex. er fleire tunge forbrukera (varme) tilkobla. For småelektrisk som ledlamper, usb ladera, tv osv er det strengt tatt ikkje noko problem. Forvent manglar på eldre anlegg, det kan vere unødvendig pirkete. Men det er for all del eit fornuftig tiltak med slike kontrollar. Netteigarar skal kontrollere ca 10% av alle anlegg kvart år. Så reint statistisk skal alle kontrollerast kvart 10. år. Men det er mykje skjønn/risikovurdering her så anlegg som er rekna for å vere lågare risiko blir sjeldnare kontrollert. Ting som ikkje er greitt er midlertidig permanent, skøyteledning er lov å bruke, men så fort den blir festa så er det ikkje lenger "tilfeldig bruk" og då er ikkje skøyteledning tillatt.
  7. En av dei største trusselane mot levetid på batteri er høg temperatur. Det er noko som ikkje er spesielt godt kjent, og i ein bærbar pc som har høg effekt og ladeeffekt kombinert med begrensa kjølemuligheter så kan eit slikt batteri degraderast usedvanlig raskt. Følgande er generelt ekstremt viktig å passe på, uansett type laptop: 1. Alltid vere 100% sikker på at maskina har slått seg heilt av før den pakkast ned i veske/sekk. Dersom windows spør om noko så kan avslutninga vente på svar fra brukeren og den kan utvikle enormt mykje varme om den blir putta i eit lite tett rom. 2. Bruk/lading i fanget, i senga, sofaen osv. Laptop er stort sett beregna på å stå på eit flatt bord der gummiføttene holde såvidt nok klaring for å få luftsirkulasjon (såvidt) nok. På ei mjukare overflate vert dette effektivt satt ut av spel. Om pc'en står mykje på fast plass så er det en stor fordel å plassere den på eit stativ som løfta den opp fra bordet og gir større åpning til kjøling. Eg har ein gammal HP laptop liggande fra 2014, den fungerar fint endå. Det var nok ein ekstremt kostbar sak i si tid, med relativt kraftige spesifikasjonar og lite batteritid. Batteriet fungerar dog ganske så greitt fortsatt.
  8. Ja, må ha en vanlig windows lisens. Desverre er den sikta mot gaming, men det sagt så har dei samme mål dei som driv med gaming og eg. Å ikkje bruke opp ressursar på drit i bakgrunnen. Du finne neppe en reinare windows variant enn detta, "alt" er plukka vekk. Samtidig så finst det ein terminal med eit brukervennlig grensesnitt for å installere det du evt. måtte mangle. Eg bruka det ukritisk til "alt", gjort det i nokre år. Ingen dårlige erfaringa - tvert i mot. Det er jo meiningslaust å bruke opp lagringsplass på ein laptop til backup. Eg slettar alltid alt, første eg gjere med en ny pc det er å starte heilt fra null. Lenovo PC kjøper eg uten windows, då blir det mindre jobb å rydde opp. Ein revovery USB laga du på få minutt, treng ikkje ha det liggande å ta opp plass.
  9. Rufus er heilt genialt, ser ingen problem med det. Har brukt alle desse ekstra valga og det fungerar problemfritt. Beste Windows versjonen eg har vore borti så langt er "Ghost spectre" finne det på youtube. Virkar ganske tvilsomt, men sannsynlegvis er det å tjene pengar på reklame viktig for finansieringa. Eg har brukt dette i fleire år, litt sånn innerst inne bekymra for sikkerheten - om det er innebygd noko som ikkje er bra? Men brukar det no alikavel. Brukar alltid Superlite SE med Defender. Det er utruleg kva skaparen av detta har rydda, i SE versjonen følge det også med en lisensiert versjon av Startisback, og det er uaktuelt for meg å bruke den nye start menyen til Microsoft, finne aldri noko ein har bruk for alikavel, og UI'et er hårreisande med en halvmeter plass mellom kvart ikon i tillegg til alle bokstavane i sorteringa. Må scrolle i det uendelige.
  10. Ja, naturleg det når en har dårleg råd. Eller var det omvendt? 😅 Kjenner til en del personer som ikkje er så gode på økonomien, slike som lev heile livet fra hand til munn. Der en 200 lapp brenne så jævligt i lomma at det er uråd å styre. Ser aldri desse ete nistepakke heimafrå, drikke vatn gå/sykle osv. Men ferdigmat, dagligvarer/røyk/snus fra bensinstasjon, enorme mengder med brus og/eller energidrikk. Nokon seier at det ikkje er dårleg for kroppen. Sist eg sjekka så er tenner ein del av kroppen og desse påvirkast av kolsyre. Sukker eller ei. No får eg sikkert kjeft. Svar på spørsmålet, nei. Eg får 1-3 Cola av Stordalen såpass mange gongar i løpet av eit år at det dekka årsbehovet og vel det. Sukkerfri brus/energidrikk drikke eg ikkje. Heller ikkje labratoriesaft. Kun juice/Lerum solbærsirup/melk/vatn/kaffi. Sukkerfri brus tømmer eg i vasken om eg får det i hus.
  11. Jetcarrier flytta fra New Jersey til Delaware på grunn av at det blei innført VAT i NJ. Jetcarrier er ikkje gratis, men eg opplever dei som konkurransedyktige. Det er viktig å merke seg at ved å bruke JC så blir nesten alltid frakt innenlands i USA gratis. Prisen du får av JC (som du grovt sett kan rekne ut på forhånd) er for det meste all inclusive. Det betyr at det ikkje er noko fare for at pakken blir sendt med eit eller anna postselskap som overleverer det til posten sine gebyrfest. Samtidig så kan en sjå for seg mange kreative måtar å bruke JC på. Viktigste er åpenbart at du kan kjøpe kva som helst også av folk som ikkje sender til utlandet pga. papirmølla. Handle programvare uten skattar og avgifter (USA adresse, skal uansett ikkje frakte noko så pris 0kr) Kan handle fra heile verden, ex er det ikkje noko problem å handle fra Kina og få det levert i USA og sendt til Norge. Kun muligheter her. Har du bedrift så får du varene dine fortolla på rett måte og sleppe å tape betalt mva med kvittering uten norsk mva nummeret til selger. Men, eg kjøpte 2 3D printera fra en grossist i USA tidlegare i år. Ovveraskelsen var stor når eg fekk 2stk 58! kg tunge kolli levert gratis på døra etter 3 virkedagar. Slikt er det jo vanskeleg å konkurrere med 🤣
  12. Spesielt, for i abbonementsvilkåra deira står det noko heilt anna 🤣 Faktisk tolka eg det som at du kunne bli oppsagt som kunde dersom du ønska stabilt nett. Problemet mitt no det er rett og slett at infrastrukturen er endra, så no har eg fått en sånn jævla PON(?) boks som eg ikkje lenger kan erstatte. Så mitt en gang så ryddige IT-skap har ikkje den heilt samme finishen lenger. Endå en alt for stor boks som attpåtil treng egen strømforsyning 😞 Det einaste positive må vere at hastighetsbegrensinga ikkje virkar, for det er fri flyt. Usikker på om det er mitt lan som er proppen eller linja ut. Ligge på ca 1000mbit++ uten å betale for meir enn 100 eller 200. Men det merkast ikkje ved normal bruk uansett.
  13. Bruk jetcarrier.com til transport fra USA. Du får egen adresse i USA, eit bookingsystem og så fiksa Jetcarrier transport til/i Norge. Supert. Adressa er i Delaware så det blir 0 USA tax. Jetcarrier fiksa alt av fortolling, du må berre laste opp papira.
  14. Fordelen med å bu i bilen er jo at det er lettvint med transport, parkering osv. Så eg må innrømme at eg valgte vogn framfor bubil og det er det fleire gode grunnar til, det aller viktigaste er rett og slett sikkerhet. Kollisjonssikkerhet i bubilar er eit svært tvilsomt kapittel. Dei som i det heile tatt vurderar å køyre ein meter med det bør gå til youtube og søke på trafikvärket krocktest husbil. Fy faen seie eg berre. LINK HER: Dernest så kjem komfort, smidighet (bortsett fra fart då, du kan køyre raskare med bubil enn med campingvogn, heilt klart min ekvipasje når eit punkt rundt 130km/t når det begynne å bli utriveleg.. Køyresikkerhet med vogn kan forøvrig hevast kraftig med ekstrautstyr som ex Al-ko ATC som bremsar vogna ved den minste antydning til vingling. Det har eg på ønskelista. Så er det deg daglege då, du finne deg en campingplass og slår deg ned der for nokre dagar eller ei vekes tid. Sjølv om du har med sykkel så vil ein gjerne oppleve litt meir enn berre campingplassen og då er det fantastisk fint å sleppe å pakke ned heile leiren for å dra bubilen på butikken eller museum eller kva det no skal vere slags utflukt. Økonomi, du får ei ganske fint brukt vogn til 100-200.000kr, dei kostar nærmast ingen ting å eige. Det er ikkje PKK, forsikring (frivillig). I tillegg er det eit telt med hjul på, det er ikkje noko unødvendig utstyr som motor, girkasse, drivakslingar, motorstyring, klimaanlegg osv. som treng å brukast jevnlig. (Fiat bubil, skifte registerreim kvart 5. år eller 60.000km? Det er fullstendig galskap) Og så er ikkje vanleg service, forsikring osv. medrekna. Bilen du skal dra campingvogna med den har du nytte av heile året alikavel. Eg har forøvrig køyrt ein del mil i en Morello bubil til 3million. Det var registrert som lastebil, og det er faktisk noko av det jævligaste eg har køyrt nokon sinne. Måtte vere 100% tilstede som sjåfør og 0% som turist for å ratte en sånn. Så kjøpte eg en gammal buss, 13meter lang og det var altså ein heilt fantastisk køyreopplevelse, du verden så avslappa å cruise rundt med i forhold sjølv om det var større og tyngre på alle område. Eg følte faktisk at eg hadde bedre oversikt og kontroll når eg køyrte ein leddbuss fra Østfold til Oslo uten speil enn i den bubilen. Vekt. Sjekk, FYSISK veg uansett kva du skal kjøpe eller selge av slikt. Det er enorm variasjon på nyttelast på tilsynelatande ganske like bubilar og campingvogner. Og så er det veldig ulikt kva bilar er godkjent for. Nokon har høg nyttelast i utgangspunktet men har du noko tungt på kroken så ete kanskje vogntogvekta av nyttelasta på bilen. Mange faktorar.
  15. Viss du har en 15år gammal tv i dag kan du sikkert få en bedre opplevelse med å kjøpe den nest billigaste du kan finne i dag. Eg kjøpte noko av det billigaste eg kunne finne og det er heilt ok, eg er ingen tv nerd så spara litt kroner der. Eg har en samsung tv som er 3-4år gammal, nesten berre ungane som bruka den. Ser at det er noko Apple greier i menyen, eg tolka det som apple tv innebygd. Aldri prøvd det dog. Ellers er no tv'en grei nok, den heng no på veggen og ser sånn passe liten ut i 75". Måtte såpass opp i størrelse pga. den 55" utgaven eg kjøpte først såg ut som et frimerke på veggen...
  16. Trumf visa gir 1% hos norgesgruppen i tillegg til den vanlige 1%. Viss du legge kortet i trumf appen og betala med den får du 1% i tillegg. Kosta ikkje noko, så til bruk i norgesgruppen sine butikka er det i alle fall greitt å ha.
  17. Jus detta, eg reknar med at lovteksted "å dele" ikkje begrensar det til å sende eit opptak digitalt. Kan nok bli ramma av den samme paragrafen ved å vise opptaket til den samme vennen fysisk. Skjerpelsen er jo at opptaket er sendt digitalt, slik at avsender har null kontroll på spredninga etterpå. Heilt oppriktig så tenker eg kanskje at han slapp veldig billig unna.
  18. Eg kan anbefale Steinar Hilde. https://filmdigitalisering.no/ Ein utruleg flink og kunnskapsrik kar. Han helde til i Innvik og har eit museum av gammal videoutstyr. Verdt eit besøk...
  19. Alternativet er jo at dei sender deg eit brev du må hente på posten, der dei scanna passet ditt og sender det til avsender. Resultatet blir det samme, men det blir endå eit ledd på vegen. Per definisjon står det ingen sensitive personopplysningar i passet ditt. (f./personnr er visstnok ikkje det).
  20. Min far har ein knøttliten Tysse henger fra 1. verdenskrig ellernoko. Den er heilt ubrukeleg, kort drag, smal så den er egentlig heilt umulig å rygge med. Sidan hengaren står nærmast på tvers bak bilen før den viser i speila og då er det for seint å korrigere. Løysinga er å legge ned bakseteryggen og åpne bakluka. Men du verden så upraktisk, kan like gjerne koble fra og flytte den for hand 😂 Det ironiske er jo at regelverket er slik at uten kompetanse kan du køyre dei små tilhengerane som er umuleg å køyre anna enn rett fram med. I tillegg sleppe du lastsikringskurs noko som kanskje er like greit, det er skralt med surrefeste alikavel.
  21. Det der er en pendelaksel. Det er og en boggi gitt at avstanden mellom dei er mindre enn 180cm Av samme årsak er også en 2aksla normal personbiltilhenger en boggihenger.
  22. Det er ikkje enklare å rygge med enaksla henger, med mindre du har en alt for stor henger og alt for liten bil. Generelt er det at en tilhenger er bedre å rygge jo lenger avstand det er fra kulefestet til akslingen og litt avhengig av trekkbilen så er det og ei minimumsbredde for at du skal kunne sjå kva retning det går i. Kan vel få ganske bra størrelse med 1 aksling, Campingvogna mi er 1600kg på en aksling (langt i fra optimalt). Fjæing er nevnt her, det er uten tvil eit viktig poeng. Eg har ein medium 2.000kg Ifor williams henger (i Ifor williams sammenheng er det vel omtrent den minste)som eg er veldig fornøgd med. Den har bladfjæring og boggi, heilt super å køyre med. Det er også litt lengde på den og det gjere den veldig stødig og fin. Fort gjort å gløyme at den henge bak bilen. Å kjøpe ein ny hengar med torsjonsfjæring (desse med gummi inni akslingane) det er eg veldig glad for at eg ikkje gjorde og vil eg aldri vurdere igjen.
  23. Eg er ganske sikker på at du vil kunne komme unna med at dei deklarera det med tekst "Warranty replacement" og "No commercial value" Det sikraste er jo at dei levera forsendelsen DDP, Delivered Duties Paid. Det vil seie at avsender står ansvarlig for alle kostnader forbundet med innførselen. Einaste du kanskje må betale er toll (ikkje mva, men særavgifter om det er aktuelt)
  24. Det er vel fordi det stadig dukkar opp som argument mot vegtransport, at toget er så effektivt og miljøvennlig. Så då må en benytte sjansen til å legge ned jernbanen før våre folkevalgte amøber klara å vedta å bygge jernbane til Tromsø på eit nachspiel. Ja, men då tar du altså ei høgverdig, universal og rein enegiform som kan transporterast med eksisterande infrastruktur med veldig lavt tap og brukar det til å produsere ein energibærar med svært lav virkningsgrad ved produksjon, i tillegg til at det må fysisk transporterast og distribuerast med tankbil (viss du ikkje skal legge endå meir pengar i sluket og frakte det i rør då) og då sitte du igjen med ein energibærar som det forsåvidt ikkje er noko feil med, men det er ekstremt kostbart og komplekst å bygge infrastruktor for salg og ikkje minst bruk. Det er også eit produkt med stort farepotensiale om noko går gale. Så det er bedre å selge krafta fra kraftverket som straum enn å sløse vekk enormt mykje energi på å lage ei energiform som er vanskeligare å bruke. Du pumpa vatn opp i vassmagasina for å spare det til seinare. Det er kjent teknologi vi har allereie fleire pumpekraftverk i drift og fleire under bygging/planlegging. Det er vanvittig effektivt sammenligna med omveien om hydrogen. Og det beste av alt, det er tilnærma gratis! Det er kun kraftselskapet som har utgifter med å etablere noko slikt og all anna bruk av den oppsparte energien brukar eksisterande infrastruktur. Det finst vel knapt bedre måtar å lagre energi på, i alle fall ikkje i Norge der vi har topografien til dette og infrastrukturen rundt er her allerede.
  25. Så lenge Ofotbanen er lønnsom så ser eg ikkje noko problem med det, men det betyr at det er dei som brukar den som må betale drift og vedlikehold. Om det ikkje er lønnsomt så kan en vanskeleg sjå at Norge skal subsidiere transport av svensk malm på norsk jord. Lite poeng i å trekke fram ekstreme tilfeller, denne bana kan bestå heilt for seg sjølv og er ikkje avhengig av anna jernbane. Pendlertrafikken inn og ut av Oslo legge eg meg ikkje opp i, men overfør alt ansvar for drift og vedlikehold til Ruter slik at all kollektivtrafikk må slåst om dei same pengane. Slik kan vi prioritere det som gir mest nytte for pengane. Samtidig så må då Oslo/Akershus og kommunar/fylke rundt prioritere kva dei har behov for. Og det er sannsynlegvis ikkje jernbane dersom det blir synleggjort kor mykje det faktisk kostar. Viss poenget er miljø og trafikkavvikling så kan for eksempel 25m lange bussar køyre i dei same traseeane som jernbanen med mykje billigare infrastruktur rundt. Ikkje avhengige av at ein sensor i Steinkjær er i orden. Eller som ein annan som flytta frå Ski(?) til Drøbak for å sleppe unna tog sa, at bussen hans den gjekk heilt uavhengig av om ein buss på Slemmestad hadde punktert. Det var ein befrielse å sleppe jernbanen og han meinte at politikarane som jobba for å få tog til Drøbak heller burde bruke det faktum at dei hadde eit påliteleg kollektivtilbud for det det var verdt. Kanskje kunne gardermobanen bestått, med flytog til og fra Oslo lufthavn. Det er kanskje ein av dei få plassane passasjergrunnlaget er stort nok gjennom døgnet og ikkje berre akkurat i rushtrafikken. Og så er det jo ganske effektivt dersom flytoget ikkje hadde måtte slåst med alle dei andre utrangerte toga som trafikkerar dei same tunellane. Og frakobla alt det steinalder signalsystemet så kunne det kanskje vore forenkla såpass at det kunne virka litt meir stabilt enn i dag.
×
×
  • Opprett ny...