Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 033
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Trur ikkje dei er så bekymra for at Putin bryr seg eller at det fører til atomkrig, men dei har vel økonomiske forhold i Russland det kan få konsekvensar for.
  2. Korleis dominerer USA Russland om dei ender opp med å tape krigen?
  3. Eg lurer litt på kva definisjon du har av “harry” som brukar det på eit sånt eksempel.
  4. Fantastisk bilete. Alltid moro å sjå utvikling i denne bransjen.
  5. Kan fort vere handlinga som er årsaken, sidan spelet føregår i Russland.
  6. Eg ville absolutt vurdert elbil. Om 400k er maks for ein drivstoffbil så kan du legge på litt meir og ende opp på lik sum etter nokre år i bruk pga. lågare kostnader med å ha bilen. Mange av bilane har bagasjerom i 500-600L-området. Utfordringa er kanskje å finne riktig bil til riktig pris, men om du kan dra den til 450k f.eks. så er det fort moglegheiter der ute. Kan kanskje få ein ny bil om den ikkje er for godt utstyrt, i alle fall nyare årsmodell. Skoda Kodiaq kan eg nevne sidan eg har ein sånn sjølv. Synest det har vore ein fabelaktig bil i snart 3 1/2 år med massevis av plass. Den er kåra til ein av dei bilane med færrast feil og verkstadbesøk av fleire. Du kan få tak i både bensin og diesel som framleis er innanfor garantitida. Skoda Superb er òg kanskje eit alternativ.
  7. Zeph

    Tips til bil.

    Står ikkje at den skal vere umogleg å bulke, men at du ikkje treng bekymre deg for det. Altså at det ikkje er eit problem om bilen er eller blir litt bulkete, sånn eg forstår det.
  8. Folk vil strøyme til urnene…eg meiner Facebook. Ikkje at det nødvendigvis hjelper å stemme på eit parti for enkeltsaker når det alltid blir ei koalisjon og valgløftene aldri blir noko av. Problemet er vel at landet treng alle desse kronene til å oppretthalde milliardsprekkane i hytt og pine.
  9. Må gå til innkjøp av motorsag snart, og kanskje ein ekstra vedovn. Kanskje utedelen for varmepumpe til varmtvatn må monterast i lag med ein vedovn så vatnet kan varmast opp med ved òg.
  10. Eg prøvekjørte BYD før krigen, og var skeptisk til kinesisk bil i utgangspunktet, men i dag ville eg aldri vurdert det og er langt meir kritisk til at eg kjøper. Ikkje kun pga. krigen, men fleire saker dei seinare åra har ført til nye tankar. Innlegg på dette forumet har òg vore ein viktig bidragsytar.
  11. Nei. Generatorane på gass offshore oppfyller ikkje vilkåra. https://www.tu.no/artikler/europaparlamentet-godtar-gasskraft-og-atomkraft-som-baerekraftig-pa-strenge-vilkar/520821
  12. Ikkje at eg trur det skjer, men gjerne det. Då hadde kanskje alle gruppene med diverse emner kunnet diskutert på åpne forum i staden for. Det er mykje snodig der ute, men òg mange grupper som er veldig nyttige. Diverre er dei fleste lukka grupper som søkemotorane ikkje kan finne resultat frå.
  13. Ville ikkje bekymra meg for lading. Ha ein ladekabel liggande klar så tar det nokre få sekund av og til. Skulle du gå tom under bruk kan du bruke den med kabel nokre minutt.
  14. Knappar som ikkje lagar lyd? Det kan kanskje bli utfordrande å finne i kombinasjon med alle andre funksjonar. Eg brukar ei lydlaus Logitech-mus på kontoret og det er fabelaktig, men den er liten og har kun hjul i tillegg til knappane. Fann ikkje så mange alternativ sist eg leita, så eg er interessert i kva som finnes her.
  15. Den “lunkne mottakelsen” fekk dei fordi jobben dei gjorde var elendig. Glitcher og spel som tidvis såg dårlegare ut enn originalen. Hadde dei faktisk brukt litt ressursar og energi på å levere eit verdig produkt så ville nok desse klassiske spela fått ein varm velkomst. Dei kunne brukt ein liten del av alt dei får inn frå onlinespeling. Det er mange eksempel på gode remasters som har solgt i store mengder. Men, det er enklare å skulde på kundane enn seg sjølv, om ryktene er riktig.
  16. Litt tilfeldig at det er energikrise i Europa. Det har blitt tvungen lønnsnemnd tidlegare i oljebransjen, og det handlar om inntekter som stoppar opp.
  17. Bruk kjøpesum, utgangspunkt for begge lån, EK ved kjøp og restlån for å rekne det ut. Enklare å forklare om me hadde hatt dei summane. Kjøpesum delt på to minus restlån viser kva den enkelte har i EK i dag. Begge har høgare enn ved kjøpstidspunkt sidan de har nedbetalt. Om eg forstår og reknar riktig så skal du ha 325’+(235’/2)-7500 = 435’. Han skal ha 75’+(235’/2)+7500 = 200’. Så tar du kjøpesummen, trekk frå lånet og deler på to for å finne halvparten av total EK, som er det begge skal ha for å få 50/50 både på lån og EK. Med ein kjøpesum på 4m kom eg fram til at han skal betale deg 117.500,-,men eg har antatt ein del her sidan eg ikkje har alle summane. Kan setje opp heile reknestykket om eg får det. 117.500 er òg 250’/2-7500.
  18. Zeph

    Elbil-tråden

    Bur i aust og er ikkje skeptisk. Eg er meir bekymra for drivstoffprisen framover enn straumprisen. Sjølv med høg straumpris, moms på det over 500k og bompengar så kjem elbilen framleis best ut, og det er kun det økonomiske. Det er mange andre grunnar til å kjøpe elbil.
  19. Kjør på. Ja, det er veldig leit for alle som hadde tenkt seg på ferie med fly, men måten SAS har styrt selskapet er ikkje greit, og no får dei kjenne på konsekvensane.
  20. Kan du legge ut summane for punkt 1? Enklare å forklare då. Kjøpesum, kva den enkelte gjekk inn med i EK og lån i dag. Når vart bustaden kjøpt og vil de ev. bruke ei anna verdivurdering i dag? Om du hadde hatt 500 i EK og han 250, og han betalte deg 250 for å overta delar av EK, så ville du hatt 250 i EK og han 500. Det går ikkje. Om de f.eks. har 625k og 375k i EK, så måtte B betalt A 125k for at begge skulle ende opp på 500k. Samtidig måtte betjening av lånet endrast til 50:50. Utgangspunktet er alltid dagens verdi. Om de har eigd bustaden ei stund så kan de måtte bruke nye summar pga. verdiendring. Då me endra på liknande forhold i vår bustad kom eg fram til at det enklaste var å tenke at bustaden vart solgt til antatt marknadsverdi, og så rekne ut kva den eine og andre faktisk har av verdi i bustaden. Det er mange måtar å rekne feil på i eit sånt tilfelle.
  21. For all del diskuter det, men opprett ein ny tråd der utgangspunktet er eit sånt tema. Om ein skulle dratt den diskusjonen fram i kvar kommentartråd for artiklar som dette så blir det berre tull.
  22. Om du meiner du har brukt for mykje straum bør du sjekke forbrukarane dine. VVB, kjøleskap og frysar er normalt det som trekk straum i eit hus utan folk, med mindre ein lar varme stå på.
  23. Fint det, men så tragisk at dette i det heile tatt er eit tema. USA er havna heilt på skakke.
  24. Det er først og fremst fjoråret som var over normalen, ikkje at det går så seint i 2022. Det sagt, så er gjerne moms frå nyttår og ein stadig voksande bruktmarknad kanskje delar av forklaringa.
×
×
  • Opprett ny...