-
Innlegg
44 848 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Kvifor brukar AC meir straum enn varmepumpe til kjøling?
-
Eg et chips kvar lørdag, om eg er på kaloriunderskot, overskot eller på det jamne. Du må ikkje ha eit underskot kvar dag, og som sagt er det måtar å unngå at det blir for mykje kaloriar ved å redusere andre plasser. Om det derimot er snakk om chips kvar dag eller mange dagar i veka så er det ei større utfordring, men kan seinast om så mangt. Det er maten som utgjer den største delen av inntaket ila. ei veke som betyr noko, ikkje avvika ein eller to måltid her og der.
-
Eg sa ikkje du måtte droppe, men avgrense kaloriinnhaldet. Om du lagar ein middag utan ris/pasta/poteter/bakevarer, droppar ev. feittrike sauser osv. så kan du framleis få ein sunn middag som har eit langt mindre kaloriinnhald. Eventuelt droppe nokre brødskiver som sikkert har minst 50% sikta mjøl ila. dagen. Det er mange kaloriar ein kan kutte ila. ein dag utan å miste noko særleg vitamin og næring. Jo, eg har lyst på chips uansett kor god middagen er, sunn eller ikkje sunn. Ikkje sikkert middagen til mange der ute er noko betre mtp. feitt og salt heller. Og uansett, om problemet er for mange kaloriar så klarar du deg utan ein fullverdig middag ein dag i veka, men dette er ikkje noko eg ville gjort ofte.
-
Om du trykker i deg 100 g chips (ca. ein halv pose) så er det ca. 400-500 kcal, som utgjer ca. 15-20% av energibehovet til ein voksen mann som ikkje har vore i alt for mykje fysisk aktivitet. Redusér lunch eller middag med tilsvarande så kjem i alle fall ikkje chipsen på toppen av resten. Er det litt sjokolade, godteri og kalorihaldig drikke til stade samtidig så kjem du fort opp i 1000 kcal, som er 30-40% av energibehovet. Då må du kanskje droppe heile middagen, ev. ete kalorifattige grønsaker eller redusere litt på alle måltid gjennom dagen. Alt med måte, så ved eit avgrensa inntak betyr det neppe stort om du konsumerer superchips eller tradisjonell chips. Chips er min favorittsnacks og livet er alt for langt til at eg kjem til å droppe den. Om eg så måtte sykla 30-45 minutt på ergometersykkel for å kompensere for kaloriane.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Zeph svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dette er valgkamp. Det skjer i forkant av alle stortingsval. -
Fiksa den litt. Me veit jo at Musk tidvis er tidsoptimist.
-
Eg kjøpte TMY for 1 1/2 år sidan. Musk var tidvis på bærtur den gang òg, men ikkje like mykje som i dag, i alle fall politisk. Det var sjølvsagt ja for 1 1/2 år sidan, men eg stemte nei for eit år sidan og nei i dag. Ein hovedgrunn er Musk. Ikkje fordi eg er bekymra over kva andre meiner om meg og mine val, men fordi eg ikkje vil ha noko med han å gjere. Bilane vil eg ikkje påstå er dårlege, dei er gode på veldig mange områder, men det er fleire detaljar ved dei eg ikkje er så begeistra over og som andre bilar er betre på. Så årsaken til nei i dag er ein kombinasjon av Musk og bilane. Hadde det ikkje vore for kostnad og styr ved å skifte ut bilen så hadde eg nok gjort det. Blir det endå meir ekstreme medieoppslag om Musk så går det kanskje den veien uansett, for å få det ut av systemet.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Rente er det du betalar for å ha fått lov til å låne pengane, og du betalar med utgangspunkt i summen du skuldar i dag. Avdrag er pengar du betalar tilbake til dei du lånte av, banken. For kvar kroner du betalar som avdrag blir lånebeløpet du har igjen ei krone mindre. Terminbeløp er summen av renter og avdrag.
-
Kvifor ikkje? Det er heilt normalt at enkeltaksjar svinger opp og ned. Eit globalt indeksfond har kanskje nokre få prosent av porteføljen i Nvidia, så det gjev ikkje all verden til utslag. Skal du vurdere globale indeksfond så må du sjå på ein tidshorisont på 5+ år, ikkje ein dag. Nvidia har ikkje ramla lengre ned enn der den var i september i fjor.
-
Eg ville kjørt Hardangervidda så turen ikkje blir lengre enn nødvendig. Kan vere stengt eller kolonnekjøring, men i midten av april er det gode sjansar for at det går bra. Haukeli har finare veier, men over ein time lengre og du må ta ei ferje. Sjekk alltid vêrmelding og prognoser på vegvesen.no når ein skal over fjelloverganger på vinteren.
-
Så du meiner Siemens har oppgitt feil i brukarmanualen til sine eigne produkt? https://support.industry.siemens.com/cs/attachments/45302792/MAN_L1V30914799-03_en_en-US.pdf?download=true Har du prøvd eller baserer du påstandane på bilete frå internett? Du må gjerne spørje om FPH2, men eg er mest opptatt av å vite kva skruer TS faktisk skal skru på, ikkje kva dei trur kan fungere. Eg går ut frå at du er elektrikar sidan du skrur så mykje på sikringar. Då burde du vite forskjellen på PH og PZ.
- 49 svar
-
- 1
-
-
Færre enn eg hadde håpa på, men mange har framleis knappar til ein del funksjonar. Skal du først ha kun skjerm så burde det vore ein kjøremeny der du hadde dei fleste funksjonane du treng oppe på skjermen til ei kvar tid, på det same skjermbiletet. At du ikkje må dra opp den eine menyen etter den andre for å justere på klima, lys eller kva det måtte vere. Eg skulle gjerne sett nokre EU-direktiv for denne problemstillinga, for knoting på skjerm er trafikkfarleg.
-
Eg forstår godt at Philips-bits fungerer dårleg på Pozidriv-skruer. Der brukar eg Pozidriv-bits, normalt PZ1 eller PZ2, gjerne Xeno/Slotted som har ekstra store vinger som kan få betre tak i delen av skrua meint for flate skrujern. Påstår du at du må kjøpe bits frå Temu eller USA for at det skal passe til tyske sikringar? Med god og riktig bits, gjerne moment, så går det heilt fint. Eg kjøper ikkje kvalitetsverktøy på Biltema og Clas Ohlson, men Tess eller liknande. Med “lokalt” meiner eg i Norge.
-
Mangel på knappar var ein av faktorane som nesten fekk meg til å velge vekk Tesla, og er ein av grunnane til at eg kanskje byter den ut med noko anna. Mvh Mann i 30-åra.
-
Med gode skruer og gode bits, fungerer PH heilt fint, men på mykje forbrukarutstyr (typisk elektriske duppedittar) brukar dei gjerne billege og dårlege skruer som er lett å øydelegge, spesielt med feil bits. I eit typisk bitssett har du 2-3 PH-variantar, men det finnes over ti ulike bits så vidt eg veit. På vanlege PH-skruer på butikken er det stort sett PH2, men ting og tang du kjøper har gjerne mindre enn PH1. Ellers einig med Simen. Dropp Temu og kjøp noko lokalt av kvalitet.
-
Kva skrur du på? Noko der du ikkje kan velge skruer sjølv? Eg går ut frå at du veit forskjellen på Philips og Pozidriv, men nemner det likevel sidan det finnes mange der ute som ikkje er klar over det og bruker feil bits. Det finnes mange dårlege PH-skruer som ein lett kan glippe på sjølv med nye bits i riktig dimensjon, men eg veit ikkje om Frearson er løysinga. Har du funne nokon som meiner Frearson-bits er betre på PH-skruer enn PH-bits? Eit par kjelder eg fann på nett indikerer at Frearson ikkje er noko å bruke på PH-skruer: https://www.reddit.com/r/explainlikeimfive/comments/mguyhv/eli5why_are_both_phillips_screw_and_frearson/ https://www.woodworkingtalk.com/threads/reed-and-prince-frearson-screws.234042/
-
Mindre i kva måleeining?
-
Microsoft-abonnement økte med 12.800 prosent
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Nei, det økte ikkje med så mykje. Det var ein feil som dei korrigerer. -
Det er mogleg, men mange bankar tilbyr det ikkje. At du ikkje får flytta lånet er endå ein grunn for at dei kan heve renta utan at det nødvendigvis får konsekvenser. For nokon som kan bake billånett inn i eit huslån går det fint sidan du berre tar opp lånet på bustaden og betalar ned billånet. For dei utan det alternativet kan det bli verre.
-
Veldig fin oppdatering. Håpar du trivest med det. Eg har sjølv jobba 50% i fire år av same årsak og aldri angra. Det er nok veldig personavhengig kven du møter på i ein sånn diskusjon. For mange er det heilt uaktuelt, mens i andre enden av skalaen har du den typen som du fekk kontakt med til slutt. Ein kan treffe ulike folk uavhengig av om det er offentleg eller privat.
-
Normalt, i alle fall ved bustadlån, så er det endringar i styringsrenta som først og fremst påverkar lånerenta, men dei kan justere den opp og ned uavhengig av den akkurat som dei vil. Det er avdekka fleire saker der bilrente har blitt justert opp utan at kundane har fått det med seg. Enkelte har òg fått høgare rente sjølv om dei kjøpte med tre år fastrente (den vart justert ned igjen). Det er nok litt meir ville vesten med billån. Forhandlarane lokker med låg rente, så blir den justert opp etter ei stund, utan at styringsrenta har endra seg. Du kan sjølvsagt flytte lånet då, men får sikkert ikkje like god rente som då du kjøpte. Sånn sett er fastrente meir forutsigbart. Om styringsrenta går ned kan dei sjølvsagt setje ned flytande rente på eit lån inngått som kampanjerente, men det er absolutt ingen garanti for det. Om du ikkje har betre alternativ med lågare rente så har dei ikkje nødvendigvis insentiv for å gje deg lågare rente. Dei driv tross alt butikk og har nådd første målet som var å få solgt deg ein bil. Ei flytande rente kan alltid gå opp og ned, uansett om det var kampanje då du kjøpte eller ei og uavhengig av endringar i styringsrenta. Fastrente skal ikkje endre seg før perioden er utgått (typisk tre år). Frå Tesla:
-
Eg er klar over at mange har flytande rente, men ikkje alle. Tesla: 2.99% flytande rente i tre år. Ford: 0.24% fastrente i tre år (1.99% og 2.99% på dei fleste modellane). Toyota: 1.95% fastrente i tre år.
