Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Gåvelister er topp. Det blir enklare for gjestane og brudeparet kan faktisk få noko dei har bruk for. Om 100 personar skal gje gåve á 1000-1500,- så er det snakk om 100.000-150.000 kroner. Då er det fornuftig at dei blir brukt til noko paret ynskjer.
  2. Ta med maten og om det er pengar til overs av det dykk hadde tenkt å gje i gåve så får dei det. Eg går ut frå at dei ikkje ber om eit minstebeløp på gåva. Når gjestane må ta med mat er det i mine auge naturleg at gåva blir mindre.
  3. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg var ferdig med lysshow-entusiasmen i tenåra etter mange år med neonlys og alt det der i stasjonær-PC-en. Lyktene treng ikkje sjå ut som ein dass, men dei er der av praktiske grunnar og for omsyn til tryggleiken. Når lyset går langs heile bilen blir det berre eit forstyrrande element.
  4. Ja, det var filtermalt eg skulle fram til. Skreiv feil. Pulverkaffi er kun nødløysing når alt anna er tomt. Sidan det går mest i bønner her så var det kanskje difor eg skreiv pulver utan å tenke over det. Treng ikkje ha så mykje syrligheit sidan det ikkje er ein eigenskap folk flest ynskjer i kaffi (som eg har erfart) og eg uansett drikk den sjeldan, samt at den ofte blir brukt med mjølk. Ei heller ein veldig mørk variant. Svartbrent og bitter kaffi er ikkje godt, spesielt i rein form. Den må fungere bra med mjølk (stort sett Oatly), men målet er å finne noko som er drikkbart utan. Det blir aldri av same kvalitet som mindre brenneri, men tenk smakstoner i retning av sjokolade, brunt sukker, nougat, tørka frukt, utan at det blir for mørkt og bittert.
  5. Har du satt inn 35k dei siste dagane som systemet ikkje har fått oppdatert endå?
  6. Eg går for litt ev begge deler. Ikkje ha så høgt lån som mogleg, men heller ikkje nedbetale heile lånet. Om lånet er på 4m, så kanskje fordele det 2m på lån og 2m på globalt indeksfond. Over lang tid (fleire tiår) er det gode sjansar for at investeringa går i pluss, men det er alltid ein risiko for eit større krakk i finansverda, som me såg i 2000 og 2008. Betalingsevne og kor mykje pengar du vil ha til andre ting i kvardagen er òg ein faktor. Ved å maksimere lån og ha svært lite igjen så aksepterer du å kanskje måtte unngå ein del pengebruk (kjøp av ting, ferier osv) for ei framtidig avkastning på fondet. Det finnes ingen fasit, det er opp til den enkelte, men det er veldig viktig at du forstår risikoen og kva situasjonar du kan ende opp i.
  7. Kva pulverkaffi filtermalt kaffi kan de anbefale frå daglegvarebutikkar? I familien vår har dei alltid kjøpt Friele, men eg synest ikkje den er så god. Sjølv drikk eg kun fersk kaffi frå bønner, men kona drikk Friele frå Moccamaster i kvardagane. Ho drikk dne alltid med havremjølk, så det betyr kanskje ikkje så alt for mykje for ho, men den same kaffien blir av og til brukt om me får besøk. Det hadde ikkje gjort noko med eit betre alternativ. Me har kvern, men vil ha pulver for at det skal vere enklast mogleg.
  8. Intet mindre. Det er eit stort selskap, men det lukter kvantitet over kvalitet.
  9. Vanskelege forhold. Hadde dei hatt forhold som ei typisk PGA-turnering med sol og lite vind så kunne dei enda opp på betre enn 20 under par.
  10. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du har annuitetslån kan du simulere eit serielån ved å betale ekstra ned på lånet kvar månad. Då kan du òg droppe ekstra nedbetaling ved behov for litt fleire kroner til andre ting. Du betalar rente basert på nivået på renta og gjenståande lånebeløp. Jo fortare du får redusert lånebeløpet jo lågare blir rentekostnadane.
  11. Den dagen det blir så dyrt at eg vurderer å sjå reklame er dagen eg avsluttar abonnementet. Ei av dei store fordelane med strømming er at du slepp reklamen. Prisen er etter mi meining framleis veldig låg om du ser nokre timar kvar månad. Det skal ikkje mange varene i ei handlekorg på Kiwi før du har eit abonnement utan reklame. Mange har fleire abonnement samtidig. Då ville eg heller betalt for eitt reklamefri tilbod om gangen og hatt pause på dei andre.
  12. Ein straffedømt lystløgnar av dimensjonar. Han er kanskje kognitivt meir oppegåande, men heller ein surrete Biden enn Putin-vennen Trump.
  13. Globale indeksfond er 100% aksjer. Alle prisar står der du kjøper fond, og prisen varierer etter kvar du kjøper. Tippar du har DNB, og der kostar td. Aktiv 100 1,2%, mens Global Indeks kostar 0,2%.
  14. DNB vil tilby Apple Pay ila. 2024 som følgje av dette. Dei som brukar Curve for å omgå dette kan då kvitte seg med Curve.
  15. Spar lenge nok så vil utsett skatt gje god renters rente-effekt.
  16. Ulike fond kan ha ulik pris hos forskjellige leverandørar så det er umogleg å svare på om alle fond er dyrare her eller der. 0,19% - Nordnet Global Indeks Det er ikkje spesielt dyrt. Det billegaste er Kron Indeks Global til 0,15% sist eg sjekka, og dei fleste ligg mellom 0,15-0,25%.
  17. Kva fond er det snakk om?
  18. Ja, det var fram og tilbake der òg, men over korte avstandar i smale ganger, og innsamlinga hadde eit formål. I spel med ope verd er det gjerne store områder utan noko særleg innhald som du må flytte deg over. Det er noko anna enn ein klaustrofobisk undervannsby med splicers rundt hjørnene.
  19. Nei, ver så snill...ikkje lag Bioshock som ope verd. Dei første to spela er perfekt. Du har større område per "kapittel" å utforske og kan bruke kart for å sjekke kvar du kan gå. Det er mørkt, dystopisk, klaustrofobisk og fabelaktig. Det er heilt topp, og du slepp kaste vekk til på å fly fram og tilbake som du ofte gjer i ei ope verd. Store, tomme områder og samle planter for eit eller anna tøys. Ser ikkje for meg Rapture som ope verd heller, og eg håpar verkeleg at dei returnerer til Rapture. Infinity var greit. Å fly rundt med winch-armen var moro, men alt i alt langt frå like bra som 1 og 2.
  20. Poenget med kamuflasje er vel for at designet ikkje skal bli synleg før dei skal avduke den oppdaterte versjonen? No er det nok ikkje all verdens endring på designet, men noko nytt er alltid interessant for mange, om det er store eller små endringar.
  21. Det er sjølvsagt ikkje snakk om lik rente som på delar av rammelånet du har benytta deg av. https://danskebank.no/privat/laan/boliglaan/boligkreditt https://kredittium.no/guider/rammelan/
  22. https://www.golfforbundet.no/spiller/regler/world-handicap-system/ Om du ser på slopetabellen til banen din og tildelte slag på handicap 15 så kan du legge til banepar for å finne antall slag for å spele til 15. Sidan systemet brukar dei beste åtte av siste 20 så måtte du spelt til handicap 15 i minst 8/20 siste rundar for å få tildelt ca. 15 i handicap. Når du går ein runde og registrerer scoren vil runden du gjekk for 21 rundar sidan gå ut av reknestykket og den nye runden bli med i utrekninga. Om den runden som gjekk ut var veldig god og den nye runden dårleg så kan det føre til at handicappet går opp, men det er avhengig av kva som var dei åtte beste rundane. Sidan det er maksscore på alle hol kan du bruke fleire slag totalt og likevel spele til det handicappet. Netto dobbel bogey er det høgaste du kan få på eit hol. Om netto dobbel bogey er 7 og du brukar 13 slag så vil total mengd slag på runden vere seks slag høgare enn det som blir brukt til handicapformål.
  23. Ja, så lenge du ikkje betalar det ned over 30 år.
  24. Alt i alt ei meget god utviding. Fekk ein god del svar på historie og forhistorie. Eg likte at det var mykje vertikal vandring, men einig i at det vart litt rotete mtp. kartet. Områdene som går under kartet er stort sett ganske lineære, men det hadde ikkje gjort noko med eit undergrunnskart som hovedspelet har. Mange gode bosser, der Messmer nok var favoritten min. Eg synest òg dei har tatt kampane for langt mtp. angrepskomboer, AOE og hastigheit på det heile. From synest kanskje dei må ta det eit nivå høgare for kvart spel, men eg hadde ikkje hatt noko imot kampar som var meir tona ned og heller fokuserte på dynamikk og flyt. På dei store bossene blir òg kamera eit problem når du skal følgje med på kva angrep dei er i ferd med å utføre. Ulcerated Tree Spirit er ganske enkle når ein først har fått taket på dei, men det handlar stort sett berre om å halde seg bak på sidene og rulle litt når den ladar opp til eit angrep. Eg får ikkje så mykje glede ut av dei kampane. Furnace Golems var òg trasige greier. Slå, slå, slå, hopp, slå, hopp, slå, slå, critical attack etc. Isshin er eit godt eksempel på ein boss som ikkje er så stor, ikkje har så alt for mykje AOE, men framleis utfordrande og morosam. Enkelte kampar i SOTE er eit AOE-helvete.
×
×
  • Opprett ny...