Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Rockstar/Take-Two er ei bedrift som skal skaffe inntekter til eigarane. Jo meir jo betre, og måten dei lanserer sine spel på fører til fleire sal. Porting/utvikling til PC kan vere deler av forklaringa, men hadde dei villet kunne dei lansert det på alle plattformar samtidig.
  2. Les utdraget torbjornen posta. Denne ‘Roaring Kitty’ la ut noko på X. Mange kjøper GME fordi dei har håp om å selge med vinst, og det er ei investering.
  3. Lies of P står framleis på ynskjelista, men Sekiro har eg runda. Det er eit heilt anna kampsystem enn Souls, men det baserer seg framleis på å lære motstandarane sine rørsler ved å dø om og om igjen før du vinn. I Sekiro er rulling/dashing bytta ut med avleding/deflecting. Når ein først forstår greia så synest eg det var mykje likt. Det skal seiast at eg før det hadde runda DeS, DaS og BB. Dei som er ute etter Soulslike har vel gjerne spelt eit spel og tre i sjangeren før, ofte Dark Souls, og veit kva dei går til. For ein heilt nybyrjar så er nok ER det som tilbyr mest hjelp. Samtidig er det veldig langt og omfattande. Er er tilhengar av å spele alt i kronolgisk rekkefølgje, men då med DeS Remake om dei har PS5. Dei med PS3 kan kjøpe originalen.
  4. I verste fall putte det i ein pose og kaste i restavfall.
  5. Kanskje ein app som driv i bakgrunnen og brukar straum. Du kan trykke på grafen i innstillingane for Batteri og få opp kva som brukte straum time for time. Du kan òg prøve ein omstart av telefonen om det ikkj er ein spesiell app som er problemet. Når den er inaktiv så brukar min 14 Pro nesten ikkje straum.
  6. Zeph

    Tesla - kaféen

    Mi erfaring er at bilen ikkje bryr seg stort om gulstripa, men hyler fort om eg nærmar meg den kvite.
  7. Er det ikkje sånn at dei som har lett for å bli avhengig av noko òg har lettare for å bli avhengig av anna? Det kan vere spel/gambling, videospel, narkotiske stoff, alkohol, jobb osv. Eg har i alle fall eit par bekjente der det har vist seg å stemme.
  8. "Spillavhengig" er vel det riktige omgrepet her.
  9. https://www.nrk.no/nyheter/flere-tusen-av-sbankens-fondskunder-kan-fa-kompensasjon-fra-dnb-1.16901339
  10. Om det er rom i lånet på primærbustad, kvifor skulle du ikkje kunne auke det lånet med det du treng for EK til fritidsbustad, kjøpe fritidsbustad med 15% EK og resten lån? Banken har tryggleik for begge lån i dei respektive bustadane og du er innanfor 85%-grensa på begge. Du kan jo bruke det du ev. aukar lånet med til kva du vil. Bil, ferie, oppussing, så kvifor ikkje EK på fritidsbustad? Det høyrest meir fornuftig ut enn å gje deg 100% lån på fritidsbustaden, sjølv om du totalt sett ender opp med like stort lån. Forskjellen er jo at banken då får betre tryggleik på fritidsbustaden. Om dei hadde gitt deg 100%, du solgte primærbustaden og dei måtte tvangsselge fritidsbustaden så er det ikkje gunstig å ha 100% lån. Du må uansett ha to lån.
  11. Å ha god kontroll på økonomien er å anbefale, uansett korleis livet ellers fungerer. Det finnes nok av tilfelle der økonomien har ført til konflikt i eit forhold, både i fredstid og ved samlivsbrot. Me har sjølv levd mykje likt som TS tenker. Hos oss hadde Part 1 ca. dobbel inntekt av Part 2 og alle fellesutgifter var delt ca. etter inntekt (70/30). Ved bustadkjøp var det kun Part 1 som stilte med EK. Lånet vart i utgangspunktet delt 50/50, men pga. ekstra innbetalingar valgte me å dele det opp i to lån som den enkelte betjente. Ved kjøpetidspunktet var eigarbrøken 60/40-ish, og så vart den endra til 50/50 seinare ved at Part 2 tok over delar av lånet til Part 1 og då endte opp med å ha større lån enn Part 1. Det gjorde me samtidig som me splitta lånet i to. Alt vart dokumentert i sambuarkontrakt. Faste utgifter som ikkje hadde med bustaden å gjere vart òg fordelt etter inntekt ved at begge overførte eit fast beløp på felleskonto. Det finnes ikkje noko fasit på fordelinga av utgifter i eit forhold, så dei enkelte må finne ut kva som fungere for dei, men eg vil alltid anbefale å ha større verdiar krystallklart, der bustad og bil ofte er det mest aktuelle.
  12. https://langsethadvokat.no/familie-og-arverett/saereie-og-samboere/ https://www.huseierne.no/alt-om-bolig/samliv-og-arv/okonomisk-forhold-mellom-ektefeller/
  13. Ein sambuarkontrakt kan brukast til å fordele eit lån på andre måtar enn 50/50. Ellers er det greit å merke seg at om du i seinare tid vil endre tinglyst eigarbrøk så må du betale dokumentavgift for beløpet som blir endra, og det blir det fort kroner av. Mange startar med skeiv brøk, men endrar den seinare, så det kan vere lurt å tinglyse 50/50 og bruke sambuarkontrakten til å avtale faktisk eigarbrøk. Om de då på sikt går over til 50/50 vil det som er tinglyst stemme. Uansett kan de alltid bruke sambuarkontrakten til å endre den i ettertid.
  14. Når du selger bustaden vil lån bli nedbetalt. Part 1 som får 3,125m vil først betale ned restlånet på 2m og sitje igjen med 1,125m. Part 2 får tilbake 1,875m og etter lån på 1m sitje igjen med 875k. Ikkje tenk så mykje på eigenkapital. Poenget her er korleis eit lån fungerer. Ved at Part 1 er ansvarleg for eit større lån enn Part 2 så er samtidig risikoen for tap større. Har du meir i lån så er det eit større beløp å betale tilbake, og det ansvaret betyr òg at du får meir avkastning ved verdiauke. Hadde summen blitt fordelt 50/50 etter nedbetalt lån så ville Part 2 fått ein større del av verdiauka enn lånet vedkomande sto ansvarleg for representerer. Det å betale eigenandel kan du sidestille med lånebeløpet den enkelte er ansvarleg for. For å ta eit alternativ der marknaden har fått ein knekk, det blir samlivsbrot og bustaden blir solgt for 3m før første avdrag er betalt, altså 1m mindre enn den vart kjøpt for. Part 1 vil få 3*0,625 = 1,875m og har 2m i lån, så vedkomande vil ha eit restlån på 125k. Part 2 vil få 3*0,375 = 1,125m og har 1m i lån, så vedkomande vil ha få 125k tilbake på konto. Om dei i staden for ville betalt ned lånet først, uavhengig av kven som var ansvarleg for kva del, så ville begge stått igjen med 0 kroner. Dette hadde vore ein stor fordel for Part 1 sidan vedkomande eigentleg var ansvarleg for ein større del av lånet. Risikoen med å ha ansvaret for eit større lån utgjorde altså ingenting for kva dei fekk igjen. I det første eksempelet ville Part 1 hatt restlån som konsekvens av at vedkomande sto ansvarleg for ein større del av lånet. I det sekundet de signerer lånepapirene så forpliktar det noko av begge to, og om dei har forplikta seg til ein ulik del av lånet så må det òg vise igjen i eigarbrøken. Når verdien går opp på bustaden så vil avkastninga reflektere at Part 1 har tatt ein større risiko og difor fått i kroner og øre høgare avkastning enn Part 2. Ja, fordi Part 1 har tatt ein større risiko og er ansvarleg for å betale tilbake eit større lån. Kvifor skal Part 2 få avkastning for ein større del av bustaden enn vedkomande har betalt eller hatt lån på? Igjen, ikkje kun tenk på eigenkapital. 500k i EK og 500k i lån representerer akkurat like stor del av bustaden.
  15. Om bustaden blir solgt til mindre enn den vart kjøpt for, får part 1 tilbake 250k minus verditap? Eg ser ikkje poenget med å bruke kroner i staden for prosent, men så lenge det blir rekna riktig så skal det vel bli rett.
  16. Planlegg for at dette skal fungere ved eit ev. samlivsbrot. Det meste går greit i fredstid, men om det står 50/50 i skøyte, du har betalt meir på lånet og bustaden blir solgt om nokre år pga. samlivsbrot så kan det bli eit tap for din del. Metoden eg føreslår fungerer like godt etter ein dag, eitt år eller til lånet er nedbetalt. Søker du litt på nett så vil du sjå at den er den løysinga bankane og økonomiekspertar anbefalar, men hugs for all del å skrive det ned i ein kontrakt. Vedlikehald og oppussing bør òg følgje eigarbrøken. Om du eig ein større del av bustaden bør du betale ein tilsvarande større del av den type utgifter. Då er alt på stell. Fordel utgifter til daglegvarer, Netflix og kva det måtte vere som de vil, men verdiar, ofte bustad, bør alle ha full kontroll på. Du kan tape store beløp til sambuar ved eit ev. brot om ting blir gjort feil.
  17. Eigenkapital (EK) og lån er ikkje det same, men krone for krone representerer dei lik verdi av bustaden. Dei har “gått inn” med 50/50 i eigenkapital, men om den er på 500k av totalt 4m kjøpesum så har dei kun kjøpt 0,5/4=12,5% av bustaden kvar med EK. Dei har gått inn med 12,5/12,5, ikkje 50/50. Dvs. at 75% av verdien er lånefinansiert. Lånet på 3m representerer 75% av verdien, så korleis dei betjener lånet vil på rettferdig måte representere kor stor del av bustaden dei eig. Har du økonomi, og er villig til å betjene ein større del av lånet så eig du delen av lånesummen du betalar på. Kva om dei etter 20 år har betalt ned heile lånet og skal selge? Då har TS gått inn med 500k i EK og betalt inn 2m på lånet. Sambuar har gått inn med 500k i EK og betalt inn 1m på lånet. TS har betalt 2,5m. Sambuar har betalt 1,5m. Korleis er det då rettferdig om dei skulle solgt og fordelt salgssummen 50/50? Hadde dei gått frå kvarandre dagen etterpå og fått igjen nøyaktig 4m så ville TS først betalt ned sin del av lånet på 2m, og deretter fått 500k på konto. Sambuar ville betalt ned sin del av lånet på 1m og fått 500k på konto. Kva meiner du er urettferdig med dette? Til TS: Skriv sambuarkontrakt, sørg for å få alle tal i orden og ting på stell.
  18. Dette er ganske enkelt å fordele. Eks.: 4m kjøpesum, 500k kvar i EK. Lånet er 3m, der TS betjener 2m og sambuar 1m. Eigarbrøk TS: (0,5m+2m)/4m = 62,5% Eigarbrøk sambuar: (0,5m+1m)/4m = 37,5% Når kjøpet er gjennomført kan du gløyme eigenkapital i kroner og kun tenke på eigarbrøk. Ved eit ev. framtidig salg er det brøken som avgjer fordeling av salgssummen. Om brøken forblir uendra og bustaden ein dag blir solgt for 5m så fordeler de salgssummen som dette: TS: 5m*62,5% = 3,125m Sambuar: 5m*37,5% = 1.875m De kan velge om de vil ha eit felleslån og betale inn kvar sin del eller to lån der den enkelte betjener heile lånet. Fordelen med to lån er at ved ev. ekstra innbetalingar er det lett å halde styr på. Om ein person betalar inn ekstra på eit felleslån må de rekne litt for å justere innbetalingane.
  19. Kvifor kan dei ikkje endre årets skattekort og betale mindre skatt ut året?
  20. Her ser de alt som står på ein Vibb-faktura (utan gjennomfakturering). Vil eg sjå timeforbruk så går eg inn på elhub.no.
  21. Den taktikken vil òg selge ein god del konsoller.
  22. Vibb, fordi det er billeg. Har ikkje oppgradert app, men heller ikkje bruk for. Dei har ikkje gjennomfakturering her, men det betyr ingenting. Ingen problem etter eit år som kunde.
  23. Har gått nokre timar så langt ja. Etter ein del år med nesten null golf er det ein del å ta tak i.
×
×
  • Opprett ny...