-
Innlegg
44 614 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Du har ikkje enorme summar, så eg ville fortsett å spare. Det kan koma godt med i pensjonsalderen, og så veit du aldri kva du skulle ynskje fram i tid. Forholdet kan ta slutt og bustadsituasjonen endre seg. Det å ikke ha så stort forbruk på dilldall er eit positivt utgangspunkt. Då er det lettare å spare opp pengar du kanskje får bruk for ein dag. Skulle du sitje der med store mengder du ikkje får brukt kan du alltids donere dei til veldedige formål seinare.
-
Om du har gunstig belåningsgrad kan du fullfinansiere med sikring i bustad, men du kan få betre renter av forhandlarane sidan dagens styringsrente er høg, så å låne nok til eigenkapital på bustaden og finansiere resten med eit gunstig billån kan vere lurt. Berre sørg for å ha kontroll på alle vilkår og kva du signerer på. I desse tider er det ikkje venta at renta skal noko noko særleg meir opp, heller ned over dei neste åra. Renta på eit lån finansiert av bustaden er flytande den òg. Eit anna spørsmål er om du skal velje bil etter kvar du får best vilkår. Det er ikkje sikkert du får marknadens beste vilkår på den bilen du vil ha.
- 36 svar
-
- 1
-
-
Einig i det, men problemet med telefonbruken er i veldig liten grad praktiske ting som å betale på butikken eller sjekke bussrutene. Tidsfordriv, Youtube, bla. på diverse sosiale medier er der det meste av tida går med. Om ein klarar å unngå det meste av den bruken så er det ikkje stor mengde tid ein treng bruke den til praktiske føremål ila. ein dag. Poenget med ein dum telefon er akkurat at freistinga blir for stor og folk blir stadig vekk forstyrra av meldingar og anna som plinger inn. Nedsida er at dei mistar tilgang til mange praktiske funksjonar. Ting som ikkje tar så mykje tid eller fokus, men som er veldig greit å ha når behovet oppstår. Du brukar den ikkje som ein dum telefon, men smart til det du har bruk for, samtidig som du unngår det som tar fokus og tidstjuvane.
-
Det hadde utvilsamt blitt eit langt høgare forbruk og ikkje noko god løysing. Kanskje ikkje på dagen, men hadde det vore gratis straum kunne du brukt så mykje du ville utan konsekvensar. Straumnettet hadde blitt endå meir pressa, oftare enn på dei kaldaste dagane i året. Eg veit ikkje om kryptomining framleis er noko å tene penger på, men med gratis straum kunne det blitt ei auke i den bransjen. Mange kunne tenke seg å ha litt høgare temperatur i mange rom på vinterhalvåret og satt inn panelomnar. Kalde garasjar blir brått oppvarma på vinteren. Eg synest dagens ordning treff ganske bra. Det er kanskje ikkje perfekt, men det regulerer effektivt prisen for å halde den under dei store summane me såg i starten, før stønaden kom.
- 14 svar
-
- 2
-
-
-
Delvis einig, men samtidig er det veldig praktisk å ha mange praktiske funksjonar på telefonen. Tenester ein kjøper i dag tilbys nesten alltid via Vipps. Eg vil ikkje ha meir enn nødvendig på telefonen. Til dømes ynskjer eg ikkje å trykke på telefonen for å styre lysene i heimen. Det er hovudsakleg ute på farten den er god å ha. Bussbillett, flybillett, parkering, I mange tilfelle vil eit betalingskort fungere som alternativ, men ikkje alltid. Mi løysing på mobilutfordringane er å ikkje ha så mykje interessant på den. Ikkje Snapchat, Facebook, X, TikTok osv. Det einaste eg brukar den til av den slags er nettaviser og forum, men eg har bevisst forhold til bruken i kvardagen, og avgrensar det. Eg har vore inne på tanken om ein dum telefon, men går heller for dagens løysing.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Ikkje alltid så mykje billegare på natta lengre. Reknar ein inn tap for å ta veien om batteri så spørs det om det er så mykje å hente.
-
Eg lader stort sett kun om natta og justerer effekten for å halde effekttrinnet under 10 kWh. Normalt står ladeboksen på 3,5-4,5 kW. Maks boksen kan levere er rundt 7,3 kW. Har normalt ikkje behov for å lade fortare.
- 131 svar
-
- 1
-
-
Å kverne for å kaste er unødvendig. Kvern i det minste til kontoret eller noko sånt om det absolutt skal gå fort, eller la det ta den tida det tar. Spør ein kafé om du kan kverne nokre kilo til batchbrygg. Ei kvern til 3000 er meir enn godt nok for dei fleste og ein får stadig mindre igjen per ekstra krone lagt i ei dyrare kvern. I det elektriske segmentet er det kanskje meir å hente og ingen problem å bruke på titusenvis. Nokon brukar pengar på bil, skiutstyr, sykkel, PC, og nokon brukar det på kaffiutstyr. Eg fekk ikkje inntrykk av at a_aa meiner kaffien er udrikkeleg dei første kiloene, men at hen ville få kjørt inn kverna fort for å oppnå ein karakteristikk som andre oppnår etter å ha brukt den ei stund.
-
Det største tapet av å gå av tidlegare er tapt inntekt. I tillegg må pensjon fordelast over fleire år, som gjev store utslag. Skal ein ha noko plan om å pensjonere seg tidleg så handlar det om å spare opp eigne midlar samt gjerne unngå for høgt forbruk. Kalkulatorane tar gjerne utgangspunkt i dagens inntekt, men det er ikkje sikkert du treng like høg inntekt når den tida kjem. Ynskjer ein å reise mykje og ha eit høgt forbruk så må du ha råd til det. Kalkulatorane er ikkje noko fasit på kva som er “riktig” for den enkelte sin situasjon. Dei berre reknar ut tal basert på det du puttar inn.
-
Første tanke er at det er mange der ute som ikkje kjenner til problemet eller Prisjakt og Prisguiden. Eg har møtt mange som ikkje har snøring på sånt, i alle aldre. Difor er det viktig å informere, men det hadde vore endå betre om prisane faktisk var så gode tilbod som dei reklamerer det til å vere. Dei er vel stort sett innanfor loven, men det er likevel ein slu måte å drive forretning på. Innlegget med flest positive stemmer i kommentarfeltet til artikkelen er: Er vedkomande som skreiv dette klar over at prisane på det meste ligg allerie på nett? Og alle som liker innlegget, er dei klar over det?
-
https://www.quora.com/Why-do-most-professionals-use-iPhone
- 68 svar
-
- 2
-
-
-
Det var ein snodig slutning. Høg rente når dei fleste har flytande rente betyr høgare rentekostnader og mindre pengar til alt anna. Poenget med å heve renta er akkurat å kjøle ned økonomien og forbruket.
- 66 svar
-
- 1
-
-
Bialetti er mokkakanne og lagar mokka, ikkje espresso. Du kan få eit relativt sterkt brygg ut, men det er ikkje espresso.
-
Dei må vere full på jobb, eller trykka inn noko feil. Du får jo ein ny bil til den prisen.
-
Småpartikler frå den kverna kaffien ender opp i koppen sidan hola i filteret ikkje er små nok til å hindre at noko går gjennom. Metallet er rustfritt så det får du ikkje partiklar frå i koppen. Meir olje og småpartiklar i koppen gjev kaffi brygga i eit metallfilter ein anna karakter. Litt meir grumsete og meir munnkjensle av oljene (mouthfeel), samt smaksprofil. Nokon føretrekk det eine og nokon det andre. Om du brukar papirfilter så forsvinn heile poenget med metallfilteret, men om designet er viktig så kjøp det du likar og prøv. Om papirfilter oppi metallfilter fungerer dårleg kan du ev. helle eit ferdig brygg gjennom eit papirfilter.
-
Metallfilter slepp gjennom olje og litt småpartikler, noko papir ikkje gjer. Eg brygger med V60 og papirfilter kvar dag. Har laga håndbrygg i bortimot ti år no. Først Aeropress, så Kalita med papirfilter og deretter enda opp på V60.
-
BYD Sealion 7 går rett i strupen på Tesla Model Y
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det kan fungere, men litt av problemet er ulike materialer og fargar. Spesielt når det blir kontrast som svart/grått på kvitt. Den der hadde ikkje sett like bra ut med svarte plastboger. -
BYD Sealion 7 går rett i strupen på Tesla Model Y
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Hjulbogane fekk med til å tenke på bZ4X, og ikkje i positiv forstand. Eg forstår ikkje kvifor dei meiner sånt er attraktivt. Med mindre det er andre årsaker til den type design. Ellers ser den ikkje så dum ut. Litt mykje greier på fronten og hekken kanskje. -
Eg brukte sånne på ein eldre bil, men den var vel 1,2 tonn og det var med ein mindre 2T Biltema-jekk. No har eg elbilar på over 2 tonn og satsar på at 3T-jekken ikkje sviktar. Korleis er det å bruke bukk på nyare bilar, gjerne elektriske med kun eitt punkt å løfte på? Kan du plassere bukken under noko struktur ved hjulet? Ikkje nødvendigvis legge all vekta på, men at den kan ta over jobben om jekken sviktar.
-
Raudvin i romtemperatur og vel så det? Folk er gærne. Eventuelt ta den ut av kjøleskapet ei tid før den skal drikkast. Aldri prøvd micro, men om det skal gå fort så fungerer det kanskje.
-
Den første hadde reservehjul. Den siste har ingenting, men vart levert med punkteringsfrie dekk, som eg faktisk fekk prøvd ut etter å ha kjørt på ei skrue. Trykket falt, men det var likevel kurant å kjøre på det til det var fiksa. Om vinterhjulene er punkteringsfrie veit eg ikkje. 🤔
-
Plast er billigare enn rustfritt, og så lenge marknaden ikkje etterspør noko i kun rustfritt (som heller ikkje går, nokre delar må vere i anna materiale) så har dei ikkje noko insentiv for å lage det. Kva er poenget med å ha ein traktar utan plast? Du kan alltids kjøpe ein metallfilterhaldar for håndbrygg og plassere der haldaren i plast står på ein Moccamaster. Krev kanskje litt innsats for å finne riktig filter og kvernegrad for at det skal kunne brygge bra nok. Vasstanken på Moccamaster er i plast, men frå den går eg ut frå at det er mest metall som flyttar vatnet gjennom maskina. Eg er veldig glad i metall til ting på kjøkenet, men traktar i kun rustfritt har rg ikkje sett behov for.
-
Jadå, men problemstillinga til TS var at bensinstasjonane i området kutta det tilbodet, og då er det greit å vite det beste alternativet. Ev. noko å ha liggande i bilen om behovet skulle oppstå når du er langt frå ein bensinstasjon. Eg har hatt to Skoda-biler siste fem årene og ingen av dei hadde kompressor. Ingen av dei har for øvrig trykkmålar i hjulene, så det er ingen hjelp å få der.
-
Er sånt nøyaktig? Eg har hatt nokre billege trykkmålarar som har hatt store avvik mot bensinstasjon-utstyr. Har meir tru på den der enn dei som kun måler trykk og dekkmønster, men kor presis er ein kompressor til 139 kroner? På Tesla-en er det trykkmålar i hjulene, så der er det ikkje noko problem, men ikkje alle bilar som har det.
-
499 var eit snodig beløp å reservere. Du ser vel om nokre dagar kva beløp dei ender opp med å trekke. https://www.circlek.no/elbillading/ladestasjoner/faq?srsltid=AfmBOorYWwBql5kBrCaNN9sZqVefl0Mcvg3cmJ0BBSFmYIKx0GrXVZ0K