-
Innlegg
44 745 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Det hadde vore fullstendig bortkasta å dele ut ein million til kvar. Samfunnet er ikkje perfekt, men eg har meir tru på at staten skal forvalte fondet enn å gje det i hendene på folket. Dei fleste der ute klarar seg veldig fint utan ein million ekstra.
-
25 år gamle Worms Armageddon får nylansering
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
WMD var OK, men var ikkje like bra som dei eldre spela. Grafikken gjekk i riktig retning samanlikna med dei føregåande, men eg sakna ein del våpen, samt at tanks, helikopter osv. ikkje fungerte etter mi meining. Armageddon og WWP er dei beste for min del. Reloaded òg kanskje, hugsar ikkje detaljane frå det. -
Så lenge dei blir litt brukt og ikkje rustar vekk eller står seg fast. Budde kanskje ikkje i Norge han som eigde den?
-
25 år gamle Worms Armageddon får nylansering
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Jøss, det hadde eg ikkje venta. Worms-serien var ei av dei i store i min barndom, som starta smått med ein demo av Worms 2 som vart spelt om og om igjen. Moro at det framleis er liv i konseptet. Samtidig litt skuffande at det foreløpig ikkje kjem til PC.- 10 svar
-
- 1
-
-
Om skiltlesing er like vanskeleg som regnlesing for vindusviskarane så er eg ikkje så optimistisk.
-
Akkurat no bidreg høg rente til høg skjermingsrente, men ser ein litt bakover i tid så er det langt frå 3,5%. Har du aksjar og bustadlån så kan ein tenke at skjermingsrenta demper litt effekten av høg rente sidan du mistar mindre av avkastninga.
- 70 svar
-
- 1
-
-
Er ikkje det kun for dei født før 1963?
-
At det er utvikla i Kina er nok ein avgjerande faktor for så høge tal, som denne grafikken illustrerer:
- 34 svar
-
- 4
-
-
Slik bytter du iPhone-batteriet selv
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Dette blir forhåpentlegvis ein enklare jobb om nokre år om produsentane blir pålagt å legge til rette for at forbrukarane skal kunne skifte sjølve. -
Short and sweet frå The Last of Us Part 2. Ikkje noko musikalsk meisterverk, men konteksten og framføringa er fabelaktig. Om du ikkje har spelt spelet, men planar om det, så ville eg ikkje åpna spoileren. Og ein frå Elden Ring:
-
Eg synest det er ei snodig problemstilling å ikkje finne noko å bruke tida til. Om du er veldig sosial så er det lettare å forstå sidan arbeidslivet er ein måte å ha kontakt med andre på og dei du omgås ellers ikkje er tilgjengeleg på dagtid, men det finnes så mange moglegheiter der ute. Dei fleste har fri lørdag-søndag og klarar sikkert å finne på meir enn å sjå på TV og gå på butikken dei dagane. At mange elskar jobben sin, det å ha noko fast å gå til der dei treff kollegaer osv. har eg ingen problem med å forstå, men at dette livet ikkje har nok å tilby om du ikkje hadde jobben å gå til går eg ikkje med på. Det handlar mest om innsats og kva du vel å bruke tida på. Det er veldig lettvint å sjå på TV og dasse rundt ein heil dag, men då har du ikkje prøvd å finne på noko anna. I dagens digitale kvardag er me kanskje blitt endå dårlegare til å finne ting å drive med sidan heile verda er tilgjengeleg i lomma til ei kvar tid og skjermane tilbyr meir underhaldning enn me har tid til å konsumere Det å jobbe redusert er gjerne ei betre løysing for mange, spesielt med skattepolitikken i Norge. Dei som har ein travel kvardag kan senke skuldrene litt og dei som har andre aktivitetar dei vil bruke tid på får meir av det. Samtidig har du fast inntekt med alle godene det involverer. Om du kjem i gang med det tidleg i livet så vil nok òg mange heller har meir fritid i yngre alder enn å slutte heilt i arbeid når dei er femti.
-
Eg har hatt autopass og brikke så lenge eg har hatt bil og aldri tenkt meir over det etter at den er montert. Heilt topp måte å behandle bompasseringar og ferjeturar.
-
Eg er ikkje finansiell uavhengig, men med 50%-stilling i ein jobb som i utgangspunktet gav mykje fritid på dagtid (skift) så kan eg nemne litt. Me har born, så morgonen går med til å få alle opp, frukost og levert i barnehagen. Sidan eg har mykje fritid kan kona jobbe fulle dagar utan at borna har alt for lange dagar i barnehagen. Mot slutten av arbeids- og barnehagedagen går det vanlegvis 1-2 timar på å lage middag. Eg er glad i både mat og matlaging, så det er ei glede å lage god og næringsrik mat. Me kjøper aldri take-away, går svært sjeldan på restaurant og kjøper veldig lite ferdigprdukt. Mellom morgon og ettermiddag er det 4-6 timar eg kan disponere som eg vil. Noko av tida blir brukt til daglege gjeremål som handling, rydding og stell i heim og hage. Av personlege interesser og hobbyer så går tida til mykje forskjellig. Litt "arbeid" i form av å hjelpe familie i nærleiken med all slags praktisk arbeid. Det er ingen plikt involvert, alt på eige initiativ. Eg likar godt å drive på med diverse praktisk arbeid. På sommarhalvåret blir det ein del rundar på golfbanen og tur i skog og mark. Trening er ein aktivitet som fungerer heile året. Av underhaldning så er eg glad i PC/TV-spel, musikk og bøker, der det finnes uendeleg mykje å bruke tida på. Der går det ofte i sykluser. Har eg først starta på eit nytt spel så kan det bli ein del timar over ei veke eller to for å bli ferdig. Tilsvarande med bøker. I periodar les eg 3-4 bøker og så kan det gå lenge mellom neste runde. Eg ser ikkje TV eller film på dagtid. Noko som tidvis har vore det som nesten er bortkasta tid er å surre på Instagram, forum og generelt trykke på telefon eller PC. Der har eg blitt langt betre på å halde meg vekke og avgrense det til nokre rundar per dag. Om det finnes kunstnar-gener i min kropp så har eg aldri klart å nytte meg av dei. Eg er introvert, så det å bruke mykje tid aleine er berre positivt, men ellers vil eg ikkje seie at eg avvik så mykje frå den gemene hop. Mitt "problem" dei seinare åra har vore meir at eg ikkje får tid til alt eg vil drive med enn at eg må leite etter noko å finne på. Eg kunne fint haldt meg i aktivitet kvar dag utan å jobbe i det heile tatt.
-
Det finnes hovudsakleg fordi USA brukar det imperiske systemet (tommer, ounces, inches osv.), mens dei fleste brukar det metriske (meter, gram, liter osv.). Dei fleste andre land har gått over til det metriske, men på eldre utstyr kan du finne imperisk frå andre land (som England). Det finnes òg ein del restar av det imperiske systemet i land som har gått over til metrisk. Hjul og monitorer blir td. stort sett omtalt i tommer. I båtverda brukar dei meir fot enn meter.
-
For dei som brukar Curve pga. DNB/Sbanken så kjem Apple Pay i løpet av året.
-
Trur det var ein Dust Deputy. Solgte både den og støvsugar for nokre år sidan, men kjøpte nyleg støvsugaren på nytt. Driv ikkje med så mykje finstøv no, så eg har ikkje kjøpt syklon. Endå.
-
Avvikle heile monarkiet. At den slags "overmenneske" skal bli født inn i stillinga høyrer ikkje heime i dagens samfunn. Det heile er ein vaklande gallionsfigur, som er blitt meir tydleg dei siste åra med sjamaner, englar, dop og anna.
-
Kva vil du oppnå med fleire fond? Du kan spisse det mot enkelte fond og håpe at dei vil slå indeksen, men det er ein større risiko.
-
Nei. Du hadde sikkert klart deg med langt mindre enn det òg. Einaste forskjellen i ditt tilfelle er kor mange minutt det tar å laste ned eit spel.
-
Eit argument for IPS, som er tatt opp her inne tidlegare, er at nesten uansett kva situasjon du er i når du når pensjonsalder så vil du i alle fall ha noko av midlane å ta av oppsparte midlar. Om du går av før pensjonsalder har du framleis bruk for pengar når den dagen kjem. Då er det berre ein fordel at du har fått nytte av fordelane. Av ulemper så kan staten ta kan inntil 85% inntekt frå IPS ved langtidsopphald på sjukeheim, men statistisk sett er det ikkje mange som opplev det før 80 år. Eg sparte litt på IPS den tida du kunne spare 40k i året, men slutta sidan eg heller ville ha midlane fri til kva eg vil, når et vil. Har 250k der no, halvparten vinst. Formuesskatt er eit tema no, men vil forsvinne ei stund den dagen me kjøper hus.
-
Om kursen går den veien. At krona er svak no er ingen garanti for at den vil styrke seg igjen. Kursen har gått denne veien sidan 2011, men det er heller ingen garanti for at den vil fortsetje med det. Før du ev. kjøper valutasikra fond så gjer litt research på kva det er, kvifor du bør eller ikkje bør gjere det. Har du ikkje VG+ kan du kjøpe eit kort abonnement for å få tilgang til DinePenger som har ein del innlegg om valutasikring.
-
Går ikkje i tap nei. Kona jobbar 100%, eg har ein relativt godt betalt jobb, så 50% er framleis ei grei inntekt. Har sidan eg byrja i arbeidslivet spart ved å betale ekstra ned på lån og investert i indeksfond, samt fått noko vinst på sal av bustad. I dag leiger me bustad, men planen er å kjøpe til ein pris der me ikkje treng meir lån enn at dagens 150%-inntekt dekker det greit. Det kan me få til ved å bruke oppsparte midlar som EK, men det er ikkje snakk om å makse lånepotensialet vårt. Eg kjøper heller eit hus til nokre millionar mindre.
-
Ting tyder på at Valve jobber med et nytt Half-Life
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
At det potensielt kan koma fleire Half-Life spel trur eg du finn ganske mange som bryr seg om.- 14 svar
-
- 4
-
-
Antar du meiner 60-70% av full stilling, ikkje 60-70% lågare inntekt. Det er minst 50% reduksjon i brutto om eg samanliknar tida i 100% med åra i 50%, men netto er det ikkje like stor forskjell. Eg jobbar òg mindre overtid no i 50% enn eg gjorde før. Marginalskatten viser kvifor. https://www.smartepenger.no/skatt/635-marginalskatt-pa-lonnsinntekter
-
Hadde eg hatt pengar til overs ville eg kjøpt den dagen eg fekk dei, så eg har ingenting å handle for. Har ikkje fast trekk pga. lite til overs, men kjøper når det samlar seg opp.