Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 813
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er fristande å svare markedskreftene og sette punktum der. Kjenner ikkje til dei tekniske krava for å bygge leilegheiter i Sverige, men det er ikkje gitt at svenkse leilegheiter har same krava til isolasjon, rullestolsirkel, ventilasjon, osv som norske bygningsmyndigheiter krev. I tillegg så er både arbeidskrafta og byggevarene litt billegare i Sverige, så det gir også sitt utslag ettersom det då er mogleg å bygge billegare. Den viktigaste grunnen er likevel at betalingsviljen er nok er lågare mange stadar i Sverige. I Norge er det slik at "alle" skal kjøpe, blant anna fordi det er økonomisk gunstig å eige sjølv, og spesielt gunstig er det å eige eigen bustad med utleigedel eller å eige bustad i sentrale strøk. Dette gjer at det blir større konkurranse om å få kjøpe seg bustad, og dermed går prisane opp. Om svenskar flest er godt fornøgde med å leige så er det ikkje så mange som er villige til å ta opp store lån berre for å kunne kjøpe bustad, og med færre som vil kjøpe så går prisane ned.
  2. Det er vanskeleg å identifisere låsen med berre å vite produsent av låsesylinderen. I tillegg til å presse inn døra så kan du også prøve å løfte opp døra. Slike vanskelege låsar er ofte vanskelege fordi vekta av døra gjer at låsebolten ikkje kan bevege seg heilt fritt.
  3. Moderatorane er merka med grønt og administrator med raudt. Diskusjon.no er på ingen måte eksklusivt for menn. Likevel er det nok eit stort fleirtal av menn på forumet. Mykje fordi dette forumet opprinneleg var hardware forumet for diskusjon om PC bygging, som det nok var relativt få jenter som var interessert i på den tida. Så har forumet gradvis vokst til å også være diskusjonsforum for ein rekke andre tema. I dag er diskusjon.no eit velregulert diskusjonforum med eit dyktig moderatorteam som har ansvar for ulike områder, og som diskuterer moderatorspørsmål seg imellom i eit "hemmeleg" underforum. Dette gjer at det skal ganske mykje til for at ein brukar blir urettferdig behandla utan at det blir retta opp av andre i moderatorteamet.
  4. Friområde etter plan og bygningslova er areal for friluftsliv, då regulert av kommunen slik at det er tilgang til slike areal også i tettbygde strøk, og at det då ikkje er lov å bygge eller avgrense tilgangen til offentlegheita. I eit sameige så er friareal det som sameiget definerer det som, vanlegvis er det fellesområde som ingen i sameiget har eksklusiv bruksrett til og dermed kan brukast av andre. Det kan i dette tilfellet være aktuelt å vise til at eigarseksjonslova seier at fellesområdet ikkje må brukast til urimeleg ulempe. Leik heilt inntil verandadøra kan nok seiast å være ein unødvendig ulempe for deg om det også er andre stadar som kan nyttast. Eierseksjonsloven
  5. Det er sjølvsagt mogleg. Desverre så viser statistikken at arbeidsgivar ofte vil hente inn ein person utanifrå fordi vedkommande har spennande og variert arbeidserfaring, og at den lojale som berre har (fersk) arbeidserfaring frå eit firma då ikkje rekk opp. Det er eit misforhold mellom kva dei fleste arbeidsgivarar seier skal lønne seg, og kva ein i praksis velger å premiere. Sjølvsagt ingen regel utan unntak, men det er gode sjanser for at den lojale arbeidaren er enda betre kvalifisert for ei høgare stilling i bedrifta om ein har vært "illojal" og jobba eit par år hos ein konkurrent før ein kjem tilbake og både har erfaring frå eit anna arbeidsmiljø og kjenner det opprinnelege arbeidsmiljøet frå tidlegare.
  6. Praktisk sett er det ingen stor forskjell. Største forskjellen er at administrator har alle tilgangar medan moderatorane er tildelt ei avgrensa tilgang. Ofte er det berre administratoren som kan slette trådar, medan moderatoren berre har fullmakt til å stenge ute brukarar og låse tråder. Ein kan poste anonymt berre i enkelte underforum der ein har funnet det relevant å opne for anonyme innlegg. Som til dømes i underforumet "Helse, samliv og kjærlighet" kan du poste anonymt, medan i "Politikk og samfunn" må du poste under ditt vanlege brukarnamn.
  7. Nei, det er nok ikkje så mykje du får gjort med dette. Når det er avtalt oppseiingstid så er denne gjeldande begge vegar. Det er sjølvsagt lov å be om å bli fritatt frå oppseiingstida men når utleigar ikkje er villig til det så må du betale ut oppseiingstida. Merk at du også skal ha full tilgang til bustaden i denne tida, så om du må betale husleige ut oktober så skal du også ha eksklusiv bruk av husrommet i same tid. Sjølv om du betviler at utleigar har grunnlag for å seie opp leigeavtalen ettersom du tviler på at dei skal bruke bustaden sjølv, så får ikkje det konsekvensar for gyldigheita av oppseiinga på noværande tidspunkt. Det kan være relevant for eit eventuelt erstatningssøksmål i ettertid om det viser seg at det ikkje stemmer, men heller ikkje det er heilt beint fram ettersom det kan være vanskeleg å bevise at utleigar ikkje hadde til hensikt å bruke bustaden sjølv ved oppseiingstidspunktet. Utleigar kan lett unskulde seg med at eige bruk var planen, men at planen endra seg seinare og at bustaden derfor vart leigd ut på nytt. Det einaste du kan ta huseigar på er at dersom du har sitert rett så oppfyller ikkje oppseiinga formkravet til ei oppseiing. Du skal blant anna også ha fått informasjon om muligheita til å klage skriftleg på oppseiinga. Ettersom du uansett vil flytte ut så er det ikkje særleg hensiktsmessig å skulle klage. Det einaste du teoretisk kan prøve deg på er å hevde oppseiinga for ugyldig, enten på bakgrunn av at du ikkje trur på begrunninga eller fordi du ikkje har blitt opplyst om klageadgang. Og så bruke dette som forhandlingsgrunnlag om å få sleppe oppseiingstid om du flytter frivillig og snarleg. Dersom din antagelse om at utleigar ikkje har til hensikt å bruke husrommet sjølv, så vil du ikkje kome nokon veg med ein slik taktikk ettersom utleigar ikkje har det spesielt travelt med å få deg til å flytte. Om det stemmer at det er eit samlivsbrudd på gang så kan det hende du kan klare å forhandle om å flytte ut tidlegare i bytte mot å sleppe oppseiingstid, men dette har du i utgangspunktet fått eit kontant nei på. At det står eit samlivsbrudd på trappene treng ikkje å bety at utleiger treng bustaden med ein gong, det kan også være heilt praktiske forhold som at sjølv om det har skjedd eit samlivsbrot så vil har han ikkje råd til å gi slepp på inntektene frå huseleiga dei neste tre månedane. Sidan du ikkje har konkrete ting som er bakgrunn for at du vil flytte ut så kan eg heller ikkje sjå at det er grunnlag for å påberope seg at det føreligg ein mangel som kan gi grunnlag for å kreve utbetring, avslag, heving eller erstatning.
  8. Langsiktig investering skal normalt sett være mest fornuftig. Samtidig så ser vi det at det å være lojal mot same arbeidsgivar over lang tid ikkje nødvendigvis betalar seg. Mange av dei som opparbeider seg mest lønn gjer det ved å ikkje være redd for å bytte jobb. Mange arbeidsgivarar seier at dei premierer lojale tilsette, men all erfaring tilseier at viljen til å lønne godt er høgare når det er "illojale" arbeidstakarar som kjem tilbake etter å ha jobba i ei anna bedrift. Dermed blir det beste å finne ein god mellomting. Bytt jobb før du gror fast men ikkje bytt jobb så ofte at du framstår som ustabil arbeidskraft.
  9. Mitt inntrykk av kvinneguiden er at dei ikkje tar det så tungt om det blir oppfatta som useriøst.
  10. Det kan være fleire grunnar til det. Blant anna så treng ikkje innholdet i tråden å være problematisk isolert sett sjølv om ein likevle ønsker å stenge ute brukaren for å hindre fleire tilsvarande tråder. Ein og anna tulletråd kan nok dei fleste akseptere, men blir det berre tulletrådar så blir det formykje. Det kan også være at tråden får stå til "skrekk og advarsel" som eit eksempel på tråder som fører til utestenging. Det kan også være så enkelt som at det er ein moderator som har utestengt deg heilt på eige initiativ utan at det er innlegga dine som var problemet.
  11. Det er vanskeleg å seie kva som er farlegast ettersom det er farleg på ulike måtar, og til dels at det er stor forskjell på førarane. Mobiltelefonen gjer at du tek augene vekk frå vegen, men med edru førar så vil nok dei fleste velge med omhu når dei ser på telefonen. Alkoholpåvirkning er ofte farlegast ved at det lagar farlege trafikksituasjonar, som at fyllekøyraren køyrer langt under fartsgrensa for å ikkje havne i grøfta, får ikkje med seg vikeplikta, eller reagerer for seint om det kjem ein gotgjengar. Det er relativt få fyllekøyringssaker der fyllekøyraren også held stor fart, dette gjeld vanlegvis mest for ungdommar. Samtidig er det også unntak frå mobilforbodet, som at det berre gjeld for radioutstyr for kommunikasjon over offentleg nett. Dette gjer at både politiet og bussjåførar kan betene kommunkasjonsutstyr under køyring så lenge det foregår på eit lukka nett. Tanken med å ha eit slikt unntak må nok være at ein stoler på at disse yrkesgruppene er flinkare til å vurdere risikoen enn den vanlege bilføraren. Om ein ser på innsida av ein politibil så er det ganskje mykje meir knappar og skjermar enn på ein vanleg bil, og mesteparten av dette utstyret er retta mot føraren og er openbart tiltenkt brukt under køyring, og kanskje også under utrykkingskøyring. Vanlege bilførar får 10 000 kr i bot om dei trykker på mobilskjermen for å aktivere den for å sjå kva det var som plinga. Den einaste lovlege beteninga av ein mobiltelefon i bil er knytt til samtalar, starte opp, gjennomføre og avslutte samtalen, og berre om mobiltelefonen er fastmontert eller handsfree. Alle lovbrota kan være farlege på ulike måtar, og ettersom ein ikkje kan vite om akkurat du er like ansvarleg sjåfør også med promille, eller at du er bevist på å ikkje la deg distrahere av mobiltelefonen, så skjærer ein alle under samme kam. Mykje av det er vel at det tross alt er ein billig ferietur, i alle fall om ein ferierer mykje nok til å forsvare anskaffelse av campingbil. Dyr mat treng ikkje campingturistane å tenke på, dei handlar på daglevarebutikkar og lagar seg mat på eige kjøkken. Drivstoffet er dyrt men til gjengjeld er det gratis eller billeg å overnatte alt etter kvar dei velger å parkere for natta. At det er kø bryr dei seg nok lite om, campingturistane er på vegen for å sjå seg om og dei har god tid, kjem ikkje dei fram dit dei hadde tenkt før det blir mørkt så overnattar dei ein anna stad. Smale og dårlege vegar har liten betydning når ein uansett køyrer så sakte. Og ikkje minst så er ferjene relativt sett billege ettersom mesteparten av ferjebilletten er betalt av staten, det er med andre ord ganske så attraktivt å bruke vegsambanda til ferje og rekreasjon, det er både gratis og enkelt. (Og utan å gå heilt off-topic så er det mykje same problemet vi har med syklistar. Syklistar skal sjølvsagt også få lov til å bruke vegen, men er det innafor å bruke vegen til sykkeltrening og ikkje til transport? Det er sjølvsagt fint å sykle på gode vegar, men er det då også innafor at eg bruker den flate fine asfalten til å køyre radiostyrt bil? Billistane kan jo tross alt berre smøre seg med tolmodigheit).
  12. Så lenge du får studieplass så bruker det å ordne seg. Sjølv om ein i utgangspunktet har svake karakterar så gir det ekstra motivasjon å studere noko du er interessert i, så det burfe hjelpe til å kome gjennom studiet. Så lenge du består så får du nok jobb, det viktigaste er å ha autorisasjonen til å praktisere. Det einaste er at med svake karakterar så har du ikkje så mykje å velge i av jobbar i starten, etter at du har litt arbeidserfaring så blir referansane viktigare enn karakterane.
  13. Det er vegeigaren som fastsetter fartsgrensa, altså vegvesenet, fylket eller kommunen alt etter kva veg det er snakk om. Fartsgrensa er fastsatt utifrå definerte kriterier samt historiske data. Fartsgrensa må fastsetjast med utgangs i gjennomsnittleg førar og bilpark. Sikkerheita blir sjølvsagt vegtlagt høgt, men det er også relevant å sjå på faren for trafikkuhell utan skader men som fører til stengt veg. Primæroppgåva til ein veg er transport, så fartsgrensa kan heller ikkje settast så lågt at det unødig hindrar transporten. Fartsgrensa er då den høgaste farta som ein reknar med ein vanleg billist i vanleg bil kan halde utan at det skjer uhell. I EU er det lov med avslått baklys i dagslys, det er derfor mange nye bilar har avslått baklys når lysinnstillinga står på auto. Bilar som er godkjente etter EU-direktivet frå 2008 er også godkjente i Norge sjølv om vårt regelverk seier at baklysa må være på heile tida. Usikker på om dette handler om straumsparing, eg trur nok at det handler meir om at i sydlegare strøk så har baklys mindre nytte når det likevel er lyst ute. I disse landa blir det også fortare mørkt, så det er eit tydelegare skille mellom når baklysa må slå seg på automatisk. I Norge har vi ei langt lenger periode mes skumring der det ikkje er heilt mørkt men likevel så lite dagslys at det er fornuftig med påskrudde baklys.
  14. Det er ganske mange av dei også. Republikanarane har alltid vært lov og orden partiet som har vært opptatt av å straffe lovbrytarar strengt. Sjølv med utgangspunkt i at Trump har blitt urettmessig domfelt som ledd i eit politisk komplott, så sitt det langt inne for republikanarane flest å seie at dei ikkje har tillitt til at rettsvesenet dømmer rettferdig.
  15. Den nærmaste løysinga som også er praktisk gjennomførbart er å montere sokkelstøvsuger. https://nibu.no/sokkelstovsuger-til-kjokkenet/ Monterer du slike i hjørner og andre stadar der det samler seg hybelkaniner så kan du fjerne ganske mykje. Merk likevel at ein slik sokkelstøvsuger klarer ikkje å ta støv som ligg langt unna, så litt hjelp av ei kost (eller ein fot) må nok til. Hadde du skulle bygge nytt hus så kunne det kanskje fungert å bygge alle rom som våtrom med sluk i golvet slik at du rett og slett spyler innvendig når du skal gjere reint.
  16. Det er heilt klart mogleg, men for å unngå turbulens så må ein planlegge både vifteplassering og helst også planløysing. Ser du nevner brannvesenet, og det er jo eit godt eksempel på tilfeller der ein bruker vifte til å bytte ut lufta i leilegheita med ny (rein) luft. Eg trur likevel at effekten i hjørner og kroker vil være lite tilfredsstillande. Så det kjem kanskje ann på kor stor støvproblematikk du har. Å sette ei vifte i døra har nok god effekt om det er ekstremt støvete slik at du ser støvet i lufta, då vil det å blåse it dettr før det får legge seg på overflater være ein god start. Men skal du klare å få ut hybelkaninene oppunder senga på gjesterommet så må du nok ha så kraftig lufttrykk at du sikkert også bles malinga av veggane. Så ikkje særleg praktisk.
  17. At det er strengt med 5 års fengsel for sivil ulydigheit er eg einig i, og det har vært argumentert for at dette er sensur frå styresmaktene som då definerer kva ein skal kunne protestere mot styresmaktene utan å måtte sone lange fengselsstraffer. Samtidig så kjøper eg ikkje heilt argumentet om at det er streng straff fordi protesten er ikkje-voldeleg. Dette er ein protestform som øydelegg påfører store kostnader. Denne organisasjonen har også gjort seg kjente på å demonstrere ved å skade uerstattlege verdiar som kunst. Det skal ikkje være omtrent straffefritt å brenne ned store bygg berre fordi du fyrst utløyste brannalarmen slik at ingen mennesker vart skada, samfunnskostnaden er fort mykje større enn anna økonomisk kriminalitet som trygdesvindel. Eg meiner også at det er veldig stor forskjell på sivil ulydigheit der ein nektar å følgje pålegg og lover, og sivil ulydigheit der ein aktivt bryt lova. Til dømes er det meir innafor å gå inn på Stortinget for å protestere og nekte å gå ut igjen, enn det er å bryte seg inn på Stortinget for å protestere.
  18. Einig. Personleg er det langt meir avskreddande å kunne miste sertifilatet. Bota skal eg alltids få til å betale, men å være utan seftifikat får omtrent umiddelbart store konsekvensar for arbeidsforhold, sosiale aktivitetar, og kvardagslege behov. Eg treng ikkje å bli frådømt førarretten i 3 månedar eller meir for at det skal svi, det blir ei prøvelse sjølv med ei veke utan sertifikat. Eigentleg tenker eg dersom eg hadde blitt tatt for mobilbruk, så hadde eg opplevd det som er i bra straff om eg hadde fått køyreforbod i 3 timar og måtte stått saman med UP å vente til eg fekk køyre vidare, som det å få tilsendt ei bot på 10 000 kr. Det er jo alltid eit eller anna eg skal når eg er ute å køyrer, så det å bli fleire timar forsinka vil fort ha større konsekvensar enn å få litt mindre pengar på kontoen. Og når vi er inne på farlege råkøyrarar, kva er greia med at dei verste råkøyrarane blir frådømt førarretten på livstid, men likevel har rett til å ta sertifikatet på nytt etter 5 år?
  19. Det er mykje brukt i enkelte segment av arbeidslivet, blant anna for journalistar. Størst andel av Mac er det likevel i kreative bransjer som driv med foto, design, og liknande. Rekner med at det er journalisten som er farga av sin eigen arbeidskvardag og at påstanden om ein stor ande med MacOS berre gjeld i akkurat avisredaksjonen.
  20. Ja, bakgrunnsstøy er nok ein stor del av forklaringa. I tillegg så har Netflix etter mitt syn lite eksklusivt innhold som ein må få med seg. Av dei største TV-seriane på Netflix så er nesten alle avslutta eller kanselerte. Dei einaste storseriane til Netflix som fortsatt er i produksjon er Stranger Things, The Witcher, Cobra Kai, og Black Mirror som er verdt å neme. Det er heller ikkje alle disse seriane som i noværande sesong er like kritikerroste som då dei kom med sin fyrste sesong for å seie det mildt. I tillegg har Netlix ein del seriar som er heilt nye, men ettersom det er høgst uklart om disser seriane får fleire sesongar og ei planlagt avslutning, så er dei ikkje spesielt egna til å tiltrekke seg nye kundar. For min eigen del så er mykje av grunnen til at eg har Netflix at eg er for lat til å seie opp abonnementet og teikne meg på nytt seinare når det kjem noko eg vil sjå på plattformen. Eg synes også at det er litt upraktisk å skulle abonnere på Netflix i berre 1 månad i året for å sjå alt som har komt ut siste året som er verdt å sjå. Det hadde nok gått heilt fint, men det er også noko med å finne tid til å binge watche. Hadde Netflix gitt meg tilbod om eit billeg abonnement der eg får streame til dømes 20 timar med innhold i året så hadde eg heilt klart nytta meg av det tilbodet. I den grad eg bruker Netflix så er det sjeldan eg ser meir enn to timar i månaden med innhold som eg følgjer med på. Den reelle avspelingstida mi på Netflix er ein del høgare, men det er som du seier fordi Netflix har litt innhold som kan surre og gå i bakgrunnen meir som ein radiokanal.
  21. Statsministeren blir vanlegvis leiaren av det største partiet (dersom partiet enten sjølv har fleirtalet eller klarer å samarbeide med store nok parti til at dei får fleirtalet på den måten). Dette gjer likevel at så lenge det ikkje er eit parti åleine som har fleirtalet så er ein avhengig av å ha eit vist samarbeid med mange av dei andre partia. I Norge så er det derfor slik at dersom du støttar SV så kan du godt stemme SV i valget, du må ikkje nødvendigvis stemme på Ap som er det største partiet på venstresida for å hindre at Høgre få statsministeren. Den som då støttar SV har liten sjans for å få "sin" partileiar som statsminister, men det ein kan oppnå er å få nok stemmer til Stortinget til at ein tvinger Ap til akseptere at i bytte mot at SV gir støtte til Ap om å få ha statsministeren så må dei love å utøve SV-politikk på i bestemte saker sjølv om Ap eigentleg har eit anna syn. Vi har også eksempler på at den som vart statminister var den kandidaten som flest parti kunne samarbeide med. Når Bondevik var statminister så var ikkje det fordi KrF var størst, men fordi det var akseptabelt frå dei andre store partia å samarbeide om ei regjering så lenge statministerposten gjekk til ein "ufarleg" partileiar. Nå er det sjølvsagt mogleg at eg er litt partisk, men på dette området så meiner eg at det norske systemet er meir demokratisk, og at behovet for å stemme strategisk er kraftig redusert om ikkje nesten heilt fjerna. Sjølv dei store partia er nødt til å samarbeide med andre parti for å få sine saker igjen (så lenge dei ikkje åleine har over 50% av stemmene), dermed så får vi ein innebygd "sikkerheitsventil" som gjer at dei fleste forslaga må tonast litt ned for å få forslaget gjennom. Dette sikrer at vi ikkje får store samfunnssvingningar kvart fjerde år alt etter om regjeringa er raud eller blå, men ulempen er sjølvsagt at politikken tek lengre tid ettersom ein må finne kompromiss som gjer forslaga akseptable for flesteparten av partia.
  22. Kva slags slagskanalar er det du bruker? Er det utelukkande salg via personleg melding frå sosiale media? Eg vil tru at du har mykje å hente på å opprette ein nettbutikk som du kan linke til. Det er enkelt å sette opp ein nettbutikk, det finnes ferdige malar både gratis og betalingsversjonar (mange betalingsversjonar har gratis prøvetid så du kan teste dei utan konstnad). Har du prøvd å annonsere produkta dine via populære salgssider som finn.no? Det kan til og med være aktuelt for deg å prøve å selge dine produktfysisk frå ein stand på ulike marked/messer/torg. Terskelen for å ta kontakt via melding på sosiale medier kan være litt i høgaste laget for enkelte, du vil nok kunne oppleve at enkelte kundar heller vil betale ein høgare pris for å kunne gjennomføre kjøpet umiddelbart utan personleg kontakt. Tilsvarande så er det ganske mange som synes at melding er ein dårleg kommunikasjonsform og heller vil snakke med folk direkte. Det kan derfor også være hensiktsmessig å oppgi eit telefonnummer som folk kan ringe til for å gjere avtale om kjøp. Om du er redd for at det blir formykje telefonar og salg så kan det være hensiktsmessig å skaffe seg eit kontantkort som du sett i ein gamal eller billeg telefon, på den måten har du eit nummer du kan oppgi som ikkje er ditt privatnummer og som heller ikkje kostar deg noke.
  23. Ja, tenker det er ei god oppumering. Ein privatetterforskar har ikkje andre hjelpemiddel enn det andre har, men det er klart den som jobbar fulltid med å søke innsyn, leite i arkiv og samle informasjon, blir sjølvsagt mykje flinkare og meir effektiv på det enn mannen i gata. Skal du ha innsyn i hemmelege offentlege arkiv så må du også ha ein jobb for det offentlege, og sjølv då så må du ha ei stilling og arbeidsoppgåver som gjer slik tilgang nødvendig. Politiet, forsvaret, etterretningstenesta, sikkerheitstenesta, regjeringa, osv er dit du må søke deg om du vil ha tilgang til opplsyningar som ikkje andre får. Det einaste eg vil legge til er at du kan sjølvsagt finne deg ein nisje som privatetterforskar som ikkje følgjer lovverket. Det utsetter deg for stor personleg risiko, men det er klart at dersom du ikkje er fremmed for å bruke svindel, manipulasjon og innbrudd som arbeidsmetoder så kan du skaffe deg tilgang til mykje opplysningar som du eigentleg ikkje skulle hatt tilgang til. Dersom du vil jobbe som privatetterforskar så bør du legge frå deg yrkestittelen, og fyrst finne ut kva eksakt du jobbe med, for deretter å ta utdanning og kurs som er relevante for dei oppgåvene. Det å hente ut dokument frå offentlege arkiv krev ingen spesiell kompetanse, men det å melde seg på eit kurs i offentlegheitslova. Og skal du prøve å avdekke nye opplysningar frå vitner som ikkje vil stå fram så er kanskje eit kurs i løgndeteksjon midt i blinken for deg? Du kan skaffe deg ganske mykje kompetanse utan å ta ei formell utdanning også. Vil også legge til at ein av grunnane til at det er ein del tidlegare politimenn som jobbar som privatetterforsker er at det blir utdanna meir politi enn det er ledige stillingar til, så ein av dei som er ferdige på politihøgskulen må finne seg andre jobbar enn i politiet der dei kan bruke kompetansen sin, og då er vegen til privatetterforskning og vakthold ganske kort. *Har ingen befatning med kursa eg lenka til, er berre øvste treffet i google.
  24. Eg synes eigentleg at 2,5% av globale CO2 utslepp berre frå flytrafikken er ganske mykje, særleg tatt i betraktning kor liten andel av verdens befolkning som kan benytte seg av flyreiser. I tillegg vil eg påstå at ganske mykje av dei kortare flyreisene kunne vært bytta ut med mindre forurensande reisealternativ, utan å føre til særleg mykje lengre reisetid. Og ikkje tek det så veldig mykje lengre tid heller. Toget mellom Oslo og Trondheim tek i underkant av 7 timar, og etter norsk standard så er den reiseruta langt i frå den kortaste flydistansen. Flyet bruker 1 time i rein flytid. Flytoget frå Oslo S til Gardermoen tek 19 min, flybussen frå værnes brukar nesten ein time inn til Trondheim, då er vi oppe i nesten 2,5 time. I tillegg er det anbefalt å møte minst 1 time før avgang, og har du bagasje du må vente på så tek det fort ein halvtime også. Då blir forskjellen så stor mellom å sitte på same toget i 7 timar, kontra å bruke 4 timar ved å reise via lufta. Og hadde ein i Norge satsa meir på tog så kunne ein nok redusert reisetida med tog ganske mykje meir også, både ved å ha meir dobbeltspor og muligheit for høgare hastigheiter, men også ved å ha hyppigare avgangar slik at fleire kan reise når det passar best for dei, og ikkje må prøve å tilpasse seg det tilgjengelege reisealternativet. Når det då i tillegg er dyrt, så blir det vanskeleg å få folk over på tog. Nå skal eg ikkje være så konservativ å påstå at fulgedød ikkje er eit problem, men eg lurer jo litt på korleis fugledød på grunn av vindmøller stiller seg samanlikna med fugledød med andre årsaker. Fugl som døyr på grunn av vindmøller er veldig synleg ettersom dei dett rett ned ved vindmøllene der det jamnleg er folk som registrerer den døde fulglen før rovdyr forsyner seg. Fugl som døyr oppe på fjellet der det ikkje er vindmøller og folk blir langt mindre synleg. Og som med alt mulig anna så er det jo også eit spørsmål om kva som er akseptable tap, vassturbinar er ikkje heilt bra for fisken heller.
  25. For norske forhold så er prisforskjellen så liten at det nok ikkje er verdt irritasjonen med reklame, men når ein ser på dei amerikanske prisane der reklamefri versjon er over dobbelt så dyrt så har eg forståing for valget. Eg tenker også at det er eit symptom på at Netflix kanskje ikkje har så mykje interessant innhold at folk vil betale fullpris. Om ein har eit løpande abonnement og berre ser nokre få timar i måneden på Netflix, så er ulempen med reklame langt mindre enn om Netflix er i bruk kvar einste dag.
×
×
  • Opprett ny...