Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 813
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Sitter med inntrykket av at utviklinga ikkje går heilt rette vegen. Ikkje fordi eg ikkje liker AI-verktøy men fordi software utviklinga går mykje fortare enn hardware utviklinga. Ein mobiltelefon er dårleg egna til å køyre tung bilde- og videoredigering. Sjølv med kraftig nok hardware så får ein problem med varmeutvikling om mobiltelefonen også skal få plass i lomma. Særleg når ein også skal lage mobiltelefon vatn og støvtett. Android rulla nyleg ut ei oppdatering full av nye AI funksjonar, eg er spent på kor mykje disse funksjonane reduserer batteritida. Det er fint å ha ein supercomputer i lomma som kan gjere alt som ein stasjonær-PC kan gjere, men ikkje når baksida er at telefonen må ladast anna kvar time.
  2. Som også @Tussi skriv så er det ikkje frivillig å jobbe (om ein ikkje lever på eigne sparepengar). Alle skal jobbe og tene pengar til livsoppholdet til seg sjølv og sin familie. Så er det ein del som som ikkje kan jobbe, og dei får uføretrygd fordi dei også har levekostnadar sjølv om dei er for sjuke til å jobbe. Det som nok provoserer folk du snakker med er at du legg lista for kva du er villig til å jobbe med særdeles høgt. Du vil ikkje ha ein triveleg jobb, ein interessant jobb, eller utfordrande jobb. Du seier du berre vil ha ein jobb du brenner for, det er sterke ord. Eg vil påstå at det er særdeles få som faktisk brenner for jobben sin, sjølv dei mest spennande jobbane har kjedelige arbeidsoppgåver. Dei fleste som liker jobben sin gjer det fordi dei totalt sett er fornøgde med jobben sjølv om enkelte aspekt av jobben er veldig kjedelig. Det er veldig få som har oppriktig lidenskap for å jobbe på lager, i butikk eller som reinhaldar, men det er ofte slike jobbar ein ender opp med å måtte ha fordi ein treng ei inntekt. Hadde du moderert deg eit par hakk så trur eg nok du hadde fått mykje meir støtte for at du treng ein jobb du er motivert for dersom du skal klare å holde ut i jobben. Som sagt så er "brenner for" og "lidenskap" eit i overkant sterkt uttrykk. Det er også ei kategorisering som det i praksis er umogleg å oppfylle, det vil i praksis være heilt umogleg å finne ein jobb du verkeleg brenn for, og sjølv om du finn ein slik jobb så vil nok også du oppleve at også denne jobben blir mindre engasjerande etter ei stund. Å jobbe etter evne er ei samfunnsplikt. Klarer du å finne ein jobb som du også liker så er også sjansen stor for at du gjer ein god jobb, som igjen er bra for både deg og arbeidsgiver. Men om du ikkje får drømmejobben din så må du akseptere å bruke din arbeidsevne i ei anna stilling til du får jobben. Det er nok få trikkeførere som har lidenskap for jobben, men det er nok mange trikkeførere som priser seg lykkelig for at dei får jobbe under tak på regnværsdagar eller for at dei får ha ein stillesittande jobb utan å være innelåst på eit kontor. Dei elsker ikkje alle sider med jobben, men dei er glade i jobben sin fordi det er eit fint kompromiss mellom ein jobb som er samfunnsnyttig og ein jobb som ikkje er ubehageleg å utføre. For deg så er det store spørsmålet om du er arbeidsfør eller arbeidsufør. Med autisme så vil din "sjukdom" være usynlig og mange vil nok dømme deg for å være lat og "entitled" fordi dei får inntrykk av at du tek eit aktivt valg om at dersom du ikkje får fast stilling som astronaut så er du ikkje villig til å ta andre jobbar. Systemet med uføretrygd er basert på at dersom du er i stand til å jobbe så skal du jobbe, uføretrygd skal du berre få dersom det er dokumentert at du ikkje er i stand til å jobbe. Dersom du kan jobbe men berre velger å ikkje jobbe så får du ikkje uføretrygd. Sidan Norge er ein velferdsstat så vil du i staden få sosialstønad, altså at du får akkurat så mykje frå staten som du treng for å dekke dei aller mest nødvendige kostnadar med mat og husleige.
  3. Sidan du nemte Sporty24 så tok eg å søkte opp ordensreglane. Sporty24 kallar ordensreglane sine for medlemsreglar. Utanom ein notis om normal oppførsel og at ein tek hensyn til andre så finn eg ikkje dei utfyllande medlemsreglane på nettsidene. Det eg finn på nettsida er at medlemsreglane blir jamnleg oppdatert og at du finner dei på nettsidene og som info-plakatar på treningssenteret. Det er mulig du kanskje må være pålogga for å finne medlemsreglane.
  4. Også basert på loggen så er eg etter forholda fornøgd med at nødvarselet ikkje blir for mykje misbrukt. Eg er ikkje heilt fornøgd med at varselet om "vanleg" ekstremvær blir sendt ut som nødvarsel, særleg nå ekstremværet handlar mest om faren for oversvømmelse og anna materielle skader meir enn liv og helse så synes eg kanskje at nødvarselet blir brukt heilt rett. Det er ikkje som at ein før ringte i kyrkjeklokkene og blåste i tyfonane ved ekstremvær så kvifor innføre slikt varsel no når det er elektronisk? Det sagt så synes eg at nødvarsel om så akutt rasfare at ein har starta med evakuering, væpna politiaksjonar og gasslekkasjer er heilt korrekt bruk av nødvarselet.
  5. Det er eit godt poeng. Respekt må krevast! I morgen møter du litt tidlegare på jobb og tisser i skoa til din nye sjef. Så kan du stå der og smile og le når sjefen trakker nedi skoa fulle av urin. Er du Alpha Dog så oppfører du deg som Alpha Dog! *voff voff*. Ikkje hør på nokon som prøver å få deg til å kue deg for å få ein velfungerande arbeidsplass, du er der berre 40 timar i veka så kven bryr seg om den tida alltid blir utriveleg?
  6. Synes det er litt tidleg å gå til "krig" over ein slik kommentar. Sidan det berre har skjedd ein gong så er det ikkje heilt utenkeleg at du har mistforstått kva som var meint. Å spørre om du har depresjon er litt vel direkte, og kanskje litt vel dristig som spøk ovanfor nokon som ein akkurat har møtt for fyrste gong. Men fyrste delen med å prøve å finne ut om du er ein person som vil ha litt tid for deg sjølv akkurat ved arbeidsdagens start kl 5, eller om du liker å starte dagen full av energi er jo i utgangspunktet eit sympatisk trekk for å lære seg sine kollegaer å kjenne. Med mindre dette skjer fleire gongar så er det ingen grunn til tenke at dette er hersketeknikk, det kan like gjerne være eit litt famlande forsøk på å få til ein god tone med sine nye kollegaer.
  7. Tupperware og hudprodukter er produkt som typisk blir solgt via multi-level marketing, så det tyder nok på at det er brukarar av treningssenteret som tek seg til rette og bruker treningsstudioet til å kome i kontakt med potensielle kundar, og ikkje at det er satt opp ein skikkelig butikk i butikken. Så det er nok stor sannsynlegheit for at dei som driv med slik salg ikkje har spurt eigaren av treningssenteret om lov. Det som kan utgjere ein praktisk utfordring er at med mindre den som selg slike produkter har med seg produkta inn på treningssenteret så kan det være vanskeleg å forby dei trenande frå å diskutere f.eks. Tupperware. Dei aller fleste treningssenter har ordensreglar/trivselsreglar og slik oppsøkande salg ovanfor treningskundane vil normalt være brot på dei vilkåra om det oppleves som plagsomt.
  8. Spørsmålet er vel heller kvifor vi deler opp idretten slik vi gjer? Det å ha herre- og kvinneklasser er ein særdeles grov inndeling, så ein burde vel vurdere om ein enten skal fjerne kjønnsinndelinga og gjere alle konkurransene opne for alle, eller så burde ein gå i andre retninga og opprette fleire klasseinndelingar for å på den måten få flest mogleg jamne konkurranser der det er spennande å sjå kven som stikker av med seieren. For også med tradisjonell inndeling i herre- og kvinneklasse så er det ikkje all idrett som er like spennande når alle deltakarane ser ut til å kome frå same støypeform. Dette kunne fort vært vel så interessant å følge ein basketliga for personar under 1,70 som ein liga der alle er 2 meter høge. Det er jo dette som gjer sjukamp interessant ettersom at utøvaren som har ein kropp som er tilpassa kulestøt også må klare å hevde deg seg i lengdehopp.
  9. Destilasjon er per definisjon å koke opp vatnet og fange opp dampen som kondenseres tilbake som væske for å på den måten bli kvitt ureinheiter som ein ønsker å skille ut. Det aller enklaste for heimebruk er å koke vatnet og samle opp dampen ved hjelp av eit destillerinsapparat. Men om du tenker på å desinfisering for å gjere vatnet trygt å drikke så har du fleire måter. Den aller enklaste måten er nok å gi vatnet eit oppkok, sidan målet berre er å drepe mikroorganismer så treng du ikkje å samle opp dampen, dampen kan fint kondensere tilbake i gryta. Du får også kjøpt vannrensetabletter, det er kanskje det som er aller enklast sidan du ikkje treng varme, men det krever sjølvsagt at du har tablettar for å rense vatnet kjemisk. Du kan også rense vatnet ved hjelp av filtrering, det er også veldig enkelt men tek litt tid. Så spørsmålet er helst kva du ønsker og oppnå? Og deretter om du med praktisk meiner raskaste måte, enklaste måte, billegaste måte, osv?
  10. Kontantar er eignentleg ikkje sporbare sjølv om det i enkelte saker kan nyttast både fingeravtrykk, DNA og serienummer for å spore kven som har vært i kontakt med pengane. Det som i praksis er sporbart er dersom du bruker penger som du ikkje kan forklare opphavet på. Som nemt så vil større kontantkjøp kunne bli registrert som mistenklege transaksjonar, kjøp med verdi på til saman over 40 000 kr skal ikkje butikken ta imot etter kvitvaskingslova. Det er heilt lovleg å ta ut eigne pengar som kontantar å oppbevare pengane heime. Når du då handler med kontanter og det blir spørsmål om kvar pengane kjem frå så kan du enkelt dokumentere at pengane kjem frå kontantuttak frå konto. Du vil likevel lage litt praktiske utfordringar for deg sjølv om du har veldig store beløp i kontantar. Det som ikkje er lovleg er når du tek ut pengane i kontanter med det formål å skjule pengane, enten det er å skjule penger frå kreditorer eller for å unndra seg formueskatt. I praksis er det ingen forskjell om ein skjuler pengane sine ved å ta dei ut som kontantar eller overfører pengane til andre kontoar i utlandet. Det er ikkje transaksjonen i seg sjølv som er ulovleg, det er formålet med å skaffe seg uberettiga vinning som er ulovleg. Dersom du tek ut kontantar for å gjemme i madrassen samtidig som du opplyser til kreditorane dine om at pengane er brukt opp på forbruk så er det ikkje lov. Men du kan sjølvsagt fint velge å bruke kontantar så lenge formålet ikkje er å skjule kor mykje pengar du faktisk har. Ein tilsvarande "svindel" er dei som tømmer sparekontoen sin i romjula for at det skal stå 0 kr på konto den 1 januar i eit forsøk på å undra seg formueskatt.
  11. Som mobile999 skriv så har du rett på erstatning også i andre tilfeller. Du har heilt rett i at dersom du har betalt for ei feriereise så er erstatningskravet veldig enkelt, då skal erstatninga være kostnaden ved å bestille ein tilsvarande tur dei vekene du ender opp med å få ferie. Forsinka utbetaling er også ein slik heilt konkret kostnad som du har rett til å få erstatta. Merk også at ferielova opner for at du skal kunne kreve ei rimeleg erstatning for velferdstap, her kan du nok ikkje forvente den heilt store utbetaling men det at du ikkje får tatt ferie når du hadde planlagt er også ein verdi som skal erstattast. Eg vil også påpeike at det ikkje nødvendigvis er slik at det er berre det som står i appen som er gjeldande. Slik som du legg det fram her så kan det nok argumenterast for at du har fått ferien innvilga ettersom du har søkt i god tid og i samråd med når det passa best for leiar at du tok ferie, når sjefen då heller ikkje har protestert på din søknad så kan du argumentere at feriesøknaden er godkjent sjølv om appen ikkje er oppdatert. Etter ferielova så skal du uansett være oppført på minst 3 veker ferie i tidsrommet 1 juni til 30 september, så på ein arbeidsplass der det er viktig for sjefen å ha kontroll på at ikkje alle tek ferie samtidig så må ein kunne forvente at dei tilsette blir tildelt aktuelle ferieveker.
  12. Ser i loggen: https://www.nodvarsel.no/tidligere-varsler/ at dei siste tre vekene er det sendt ut tre testvarsel som ikkje har blitt annonsert. Er ikkje heile poenget med å ha to faste testdagar i året (andre onsdag i januar og juni) nettopp at ein skal kunne gjennomføre slike testar når befolkninga er opplyste om at det kjem ein test?
  13. Dette er nok fornuftig, men strengt tatt er ein eventuelt redusert innbytteverdi etter å ha reist på bilferie eit økonomisk tap som bilselgar må dekke. Eg deler likevel din oppfatting at dersom du kan vente med bilferien så er det greitt å ha avklart med bilselgar slik at du slepp å bruke tid på å krangle om innbytteprisen. Likevel så er det ikkje innafor at du skal sette alle dine planar på vent på grunn av bilselgers avtalebrudd.
  14. Endringar av arbeidsoppgåver ligg normalt sett innafor arbeidsgivars styringsrett. Kor langt denne styringsretten går før det blir urimeleg kjem ann på dei konkrete forholda. Særleg då kva som eksakt er avtalt som arbeidsoppgåver i arbeidsavtalen din, deretter om det føreligg ein instruks for arbeidsoppgåvene. Har du ein detaljert arbeidsavtale så skal det mykje til for at arbeidsgivar kan bruke sin styringsrett til å endre arbeidsoppgåvene, er arbeidsavtalen mindre presis så har arbeidsgivar forholdsvis vide tøyler til å fastsette arbeidsoppgåvene. Det er sjølvsagt også relevant å sjå til stillingsutlysing, tariffavtale, kva som er vanleg i stillinga, osv. I alle tilfeller så kan ikkje arbeidsgivar einsidig endre grunnpreget i stillinga. Du vil derfor ikkje finne heilt konkrete paragrafar, dette blir ei vurderingssak. Kva er det som ligg til stillinga som nattevakt? Har du berre i oppgåve å være tilstades om natta? Eller har du også andre arbeidsoppgåver? Kor mykje tid går det med til denne vaskejobben? Jo meir av arbeidstida som går med til vaskearbeidet jo større er endringa i stillinga, og jo større sjangs er det for at dette arbeidet ligg utanfor arbeidsgivers styringsrett. Det vil også være ein viss forskjell på kva som eksakt ligg til denne vaskejobben? Eg tenker at det å moppe over golvet i fellesrommet nok ligg innafor styringsretten på ei stilling som nattevakt ettersom det er ganske vanleg at ei nattevakt også utfører huslige arbeidsoppgåver som å tømme oppvaskmaskinen, ryddig og enkelt reinhald. Vasking av toalett/bad tenker eg ligg meir utanfor det som er vanlege arbeidsoppgåver for din stilling. Reinhald er eit eige fagområde, og særleg på toalett så bør reinhaldet utførast av nokon som har kompetanse på effektivt reinhald. Om du i verste fall drar ein våt mopp over toalettgolvet, og deretter tek same moppen og kliner det skitne vatnet utover fellesrommet så vil det være direkte helsefarleg. Dersom det blir vurdert slik at dei endra arbeidsoppgåvene ligg utanfor styringsretten så må arbeidsgivar gå til endringsoppseiing. Det betyr at dei vanlege grunnane til oppseiing må ligge til grunn, her at den stillinga du har i dag blir fjerna og erstatta med ei anna stilling. Ved ei endringsoppseiing så får du i praksis valget mellom å bli sagt opp eller å gå over i ei anna stilling med andre oppgåver og vilkår. Det fyrste du må vurdere er om denne vaskejobben ligg innafor den type arbeidsoppgåver som du måtte forvente utifrå stillingsutlysing og arbeidsavtale. Det andre du må vurdere er om denne tilleggsoppgåva medfører ei så stor endring i forhold til den stillinga du har avtalt å ha at det ligg utanfor styringsretten. Min meining er at dersom det ikkje ligg reinhaldaroppgåver til stillinga di så skal du heller ikkje jobbe som reinhaldar. Likvel så tenker eg at "vanleg husarbeid" ligg innafor det som arbeidsgivar kan forvente at du utfører utan å måtte ha anna stillingstittel. Eit fornuftig skille kan kanskje være å skille mellom vått og tørt reinhald? Altså at det å bruke tørrmopp på stovegolvet ligg innafor vanlege huslege oppgåver som ein kan utføre utan å ha stilling som reinhaldar, men at det å ta fram vaskebøtta er arbeidsoppgåver som bør utførast av personell med reinhaldskompetanse. Ikkje berre er reinhaldskompetanse viktig for at det ikkje skal være "spitt and shine" der det ser reint ut sjølv om bakteriane berre er spredt utover og dermed utgjer ein helserisiko, men også fordi reinhaldet er meint å ha ein vedlikehaldsfunksjon. Vasker ein feil så er det fort gjort at ein får problem med f.eks. mugg og råteproblem. Mitt konkrete råd er at du ikkje legg deg ned og blånekter, for deretter å bli pålagt å gjere jobben likevel. Men at du i staden (gjerne med fagforeining i ryggen) stiller krav til at slike ekstraoppgåver ikkje skal medføre store endringar i stillinga, då kan det å drøfte både metode, omfang og resultatforventing av reinhaldet være fornuftig. Litt førefallande arbeidsoppgåver må du nok tole å få, men det skal aldri være nokon tvil om at du er i omsorgsbustaden som nattevakt og ikkje reinhalder.
  15. Får ikkje heilt tak i kva som eksakt er problemstillinga? Er det ønskeleg at denne "bjeffinga" heller kjem frå teamleader eller skiftleder? Eller er problemet at lederstilen som blir nytta oppleves som "bjeffing" uansett kven ordrene kjem frå? Som nemnt så vil leiaren alltid ha ansvaret, men det praktiske arbeidet kan likevel delegerast til andre. Fyrste steget er å ta dette opp med den leiaren som har ansvaret. Enten må dei finne ein anna person til å utføre leiaroppgåvene eller som må den som i dag har disse oppgåvene rettleiiast i korleis jobben skal gjerast. Og sjølv om det er heilt urelatert til trådens tema så tenker eg at dette ikkje kan være ein god situasjon for medarbeidaren som må utføre leiaroppgåvene heller. Den som tek på seg ekstraoppgåver som til dømes å lede arbeidet bør jo også få ekstra betalt for den jobben. At han/ho skal gjere denne ekstrajobben gratis mot å få "utvikle seg" høyrer ingen stad heime.
  16. Det vanlegaste er at at leigebilar har eigen autopassbrikke og at utleigeselskapet vidarefakturerer til brukaren av leigebilen. Du kan sikkert også registrere leigebilen midlertidig på din eigen autopassavtale men eg trur ikkje det er meininga at ein skal gjere det slik. Det fungerer å registrere leigebilen ettersom dei fleste bomringane i praksis brukar skiltgjenkjenning, men du skal eigentleg ha autopassbrikke montert i bilen i tillegg. Uansett så er det slik at du har rett til å få dekt alle dine økonomiske tap, at du ikkje får nytte deg av autopassrabatten din er også eit slikt tap som du ikkje ville fått om bilen hadde blitt levert som avtalt. (Tilsvarande gjeld nok også dersom du har bestilt elbil og får fossilbil som leigebil, då er differansen mellom drivstoffkostnaden også eit økonomisk tap som du har rett til å få dekt). Reint praktisk så er det mest eit spørsmål om kva ein avtaler. Kostnaden ved bompassering med og utan rabatt i eit relativt kort tidsrom vil nok ofte være såpass lav at det er billegare for bilselgaren å berre dekke alle autopasskostnadane (innafor normal bruk) i staden for å gå gjennom alle passeringane og tilbakebetale differansen mellom bompassering med og utan rabatt. Kor pinleg nøyaktig du skal være med å kreve absolutt alt du har rett på tenker eg blir ei vurderingssak. Så lenge dette er ein forhandlar som du nok må forholde deg til også seinare ved garantisaker så kan det være fornuftig å ikkje være alt for kranglete, men heller ta ei innstilling på at du ikkje skal ha særleg med ekstrakostnadar i samband med forsinkinga. Reint praktisk: Kor lang anslår selgaren at forsinkinga blir? Det som ofte blir gjort i slike saker med innbyttebil er at verdien av innbyttebilen blir låst til den verdien som det var avtalt før innbetalinga av prisen for den nye bilen, på den måten blir det meste av ditt økonomiske tap dekt gjennom at du har "gratis" bil og kan køyre gamlebilen så mykje du vil fram til den nye bilen er klar for levering. Dine kostnadar blir då berre drivstoff og forsikring (som du også ville hatt med nyebilen), medan det er bilselgar som må tole at din gamle bil blir mindre og mindre verdt jo lengre tid det tar før nyebilen er leveringsklar. At verdien av innbyttebilen blir redusert i mellomtida er eit tap som bilselgaren må ta ettersom du ikkje skal ha kostnadar ved at nyebilen blir forsinka.
  17. Det har vært klart frå starten av at Simensen ikkje er eit englebarn, noko som vi også ser utifrå at han hadde kniv og batong. Det er likevel heilt irrelevant for måten Simensen vart behandla på, også kriminelle har rett til å bli beskytta mot urettmessige overfall. Sjølv om vi legg til grunn til at Simensen fortjente juling sjølv om den voldsdømte politimannen ikkje hadde forutsetningar for å vite dette på dette tidspunktet, så er vel denne saka eit godt eksempel på at det ikkje har vært oppdragande for Simensen å få grisebank av politiet, snarare tvert imot.
  18. Russland har nok agenter i dei fleste land, den gruppa som eg tenker på er det nok mest korrekt å kalle sympatisørar. Personar som er positivt innstilt til Russland og russisk styresett gjennom å enten være russiske statsborgarar, tidlegare russiske statsborgarar, eller etterkommarar av russiske statsborgarar. Det er nok tvilsomt at dei har ei formell rolle og står på lønningslista til FSB men dei er innbyggarar som vil at Georgia skal bli så russisk som mogleg og ha minst mogleg vestleg påverknad. Utfordringa ligg i at når dei russiske innvandrararane har budd i Georgia lenge nok og startar å ta del i lokalpolitikken så gir det Russland legitimitet når dei seier at innbyggarane i Georgia ønsker å bli innlemma i Russland. Det var dette som gjorde at Russland fekk ta Krimhalvøya, resten av verden ville ikkje gripe inn ettersom narrativet som vart brukt var at det vart gjennomført ei folkeavstemming på Krimhalvøya med stort fleirtal for at Krimhalvøya skulle "tilbake" til Russland, og at russiske soldatar vart satt inn for å sikre ro og orden under den demokratisk bestemte overgangen. I etterklokskapenslys så skulle vesten gjort meir enn å berre fordømme folkeavstemninga og innføre sanksjonar mot Russland, men samtidig så hadde det vært problematisk for vesten å gripe inn militært for å innføre demokrati i ein landsdel som tilsynelatande hadde bestemt å blir russiske gjennom ei folkeavstemming. Når Russland innvaderte Ukraina så var det ei langt meir tydeleg krigshandling, noko som gjorde det enkelt for resten av verden å bidra til ukrainsk forsvar sidan dette openbart var ei krigserklæring mellom to nasjonar og ikkje eit internt opprør. Russland gjorde dei stor feilberekning når dei innvaderte Ukraina, men samtidig så kunne situasjonen fort vært heilt annaleis dersom planen hadde vært vellykka. Hadde Russland i løpet av natta klart å ta kontroll på Kyiv og regjeringa, slik at ein ikkje hadde fått ein tydeleg krigsfront mellom Ukraina og Russland så er det ikkje sikkert at vesten hadde kunne bidra til Ukraina på same måte. Men fordi ein klarte å forsvare Kyiv og regjeringa så var det lett for vesten å samordne seg med den ukrainske regjeringa for å sende våpenstøtte. Hadde Russland klart å ta kontroll på regjeringa så måtte eventuell vestleg våpenstøtte gått til ulike opprørsgrupper utan ei sentralisert leiing, og då er både logistikken og dei folkerettslege forholda langt meir utfordrande. Slik som ståa er no så har Russland kontroll på den Georgiske regjeringa, og det endrar konflikten i stor grad. Georgia har nå tatt eit så stort skritt i retning av Russland at det er nok ikkje behov for at Russland griper inn militært i særleg grad. Det store spørsmålet i Georgia er om folket klarer å gjere opprør der dei får kasta regjeringa og oppheve dei russisk vennlege lovene som er innført. Eg trur at Russland i liten grad er interessert i våpenkvile i Ukraina. Russland har fortsatt personell å sende til fronten og kan derfor i stor grad klarer å forsvare okkuperte områder. Eg er heilt einig i at USA vil få nok å styre med på heimebane, men det er nok til Russlands fordel ettersom interne stridigheiter i USA kan føre til mindre vestleg støtte. Og blir det Trump som stikker av med seieren så er det stor fare for at USA trekker all sin støtte til Ukraina. Det Russland treng for å vinne i Ukraina er at konflikten blir gløymt slik at Ukraina får lite til ingen støtte utanifrå, dersom Ukraina ikkje får våpen og forsyningar frå utlandet så vil Ukraina etterkvart bukke under ettersom dei verken har produksjon eller økonomi til å kunne finansiere ein langvarig krig åleine. Slik som situasjonen er no så er det berre eit spørsmål om tid før Georgia formelt blir ein del av Russland, og det kan Russland oppnå politisk og diplomatisk. Mulig den russiske hæren må inn for å slå ned protestantane, men så lenge det er ei russiskvennleg regjering så blir det nok ingen tradisjonell krigføring.
  19. Det er langt mindre sannsynleg no etter Ukraina, men det er heilt klart at Russland bruker innvandring av russarar til å underbygge eit krav frå folket om å knytte tette band til Russland.
  20. Du har eit veldig svart/kvitt syn på ting @qwerty11. Det var veldig få av dei stridande under andre verdenskrig som kjempa utifrå ideologisk/politisk ståstad, dei fleste kjempa for landet sitt og folket sitt, nokon vart også tvinga til å kjempe. I Norge så kjempa vi ikkje mot nazismen, det vi kjempa mot var ein okkupasjon. Veldig mange i den norske befolkninga var sympatisørar med nazistane, for mange var også nazismen det klart foretrukne valget om valget stod mellom nazisme eller kommunisme. Men det er klart at når tyskarane inntok landet så var dei ein fiende som alle var einige om måtte kastast ut av landet, ikkje fordi ein innsåg at nazismen ikkje var vegen å gå, men fordi okkupasjonsmakta tok frå oss sjølvråderetten og drepte våre landsmenn. Amerikanske soldatar som gjekk i land i Frankrike kjempa fordi det var i USA sin interesse at verken nazistane eller kommunistane fekk kontroll på Europa, ikkje fordi dette var onde krefter men fordi at verdisynet ikkje harmoniserte med amerikanske interesser. Og sjølv om vi legg til grunn at vi både kunne reise tilbake i tid, og at dei feilaktige påstandane var korrekte (Europearar vil openbart ikkje utgjere ein minoritet innan 2050) så er det ikkje som at ein hadde gitt opp å krige. Det er absolutt ingen garanti for at statusen hadde vært neveverdig mykje betre i 2050 om vi ikkje hadde fått tilbake sjølvråderetten og hadde hatt 100 år med kommunisme eller nazisme. Og sjølv om vi legg til grunn at eit nazistisk eller kommunistisk Europa hadde vært eit Utopia heilt utan sosiale utfordringar, så skal du være bra naiv om du foretrekk å bli styrt av framande makter enn å styre sjølv. Det blir som å spørre om du trur norske motstandsmenn hadde kjempa mot tyskarane om dei viste at Støre ville bli statsminister, du skal være bra overbevist om at Støre er ein katastrofe for Norge om ein hadde foretrekt å legge ned våpena og i dag bli styrt av ein fürer som sitt nede i Tyskland.
  21. Det eg då er mest spent på er om dei vil fortsette å lage blåkopi av spelet slik at vi får no ein sesong som i hovusdak følger den eine karakteren, og deretter ein sesong som i hovudsak følgjer den andre karakteren, eller om serieskaparane tilpassar seg litt betre TV-formatet og kryssklipper slik at vi hopper litt fram og tilbake og får sjå begge vinklingane omtrent samtidig.
  22. Snakk med tannlegen din. Det er mange ulike løysingar, som til dømes operasjon under full narkose. Ein prøver likevel å unngå full narkose der det er mogleg ettersom full narkose har ein høgare risiko enn ved lokal bedøvelse. Det er også fleire måtar å gi lokalbedøving på. Grunnen til at ein ofte tek fleire stikk er for å bedøve så lokalt som mogleg, då det får dei fleste både er ubehageleg å unødvendig å lamme heile ansiktet for å ta ei tann. Om heile ansiktet bli lamma så får ein andre problem som sikling og slikt fram til bedøvinga går ut, så det prøver ein å unngå. Metode for trekking vil også variere. For å bruke minst mogleg fysisk makt ved trekking så kan ein splitte tanna i fleire delar og plukke ut bit for bit, dette er ein langt meir skånsom metode men har litt større fare for infeksjon om såret ikkje blir ordentleg reingjort og alle tannbitane blir fjerna. Eg har ikkje sjølv tannlegeskrekk så det er ikkje heilt lett å sette meg inn i eksakt kva du reagerer på, likevel så vil eg påstå at det oppleves som lang skumlare når du får ei sprøyte i arma. Når du er hos tannlegen så er det ikkje ein gong alltid då får med deg at det har blitt satt bedøving. Ikkje ser du kva tannlegen styrer med, og det er også vanskeleg å kjenne forskjell på eit lite stikk med sprøya kontra pirking med andre verktøy. Støydempande headsett og lukka auger gjer også underverk. Tannlegen treng ikkje å fortelle deg kva han/ho gjer, grunnen til at tannlegen gir slik informasjon er fordi dei fleste blir betrygga av å vite kva som skjer, men om du ønsker at tannlegen berre skal gjere jobben og bli ferdig så går det også heilt fint.
  23. Blir spekulasjon herifrå også, men ettersom måten å uttrykke seg på oftast er lært gjennom kulturelle og sosiale interaksjonar, og at autistar typisk har avgrensa med sosial interaksjon så gir det meining at ein då lærer å uttrykke seg gjennom den virtuelle sosiale kontakten ein har via internett eller TV/film, som då ofte er på engelsk.
  24. Ein skal vel eigentleg ikkje drive å spekulere, men slik type "hærverk" skuldast ofte personar i psykisk ubalanse som gjer dette i eit forsøk på å få oppmerksomheit og dermed hjelp. Basert på metoden for påtenning, tida på døgnet og det faktum at tidspunktet samt lokasjonen på bilane indikerer at personen har vandra fram og tilbake i same område er med å underbygger min teori om at det er ein person som har behov for å bli sett som har stått bak. Andre påtenningssaker om natta skuldast ofte at det har vært ein brannstiftar som har tent på ting på veg heim, då vil ein ofte kunne følgje brannane heilt tilbake til heimen eller heimområdet til gjerningsmannen. Her indikerer brannane meir mållaus nattevandring. Sidan vedkommande har tent på køyretøy og ikkje hus så er det også ein indikasjon på at dette er meir eit rop om hjelp enn eit ønske om å øydelegge store verdiar og true menneskeliv.
  25. Har ingen harde data å vise til, men det er openbart ein strategi at UP setter opp mange av sine kontrollar på stadar der dei rekner med å ta flest mogleg. Bøtene er nok ingen motivasjonsfaktor då pengane går rett i statskassa og ikkje til politiet, det som motiverer er at det ser bra ut på statistikken at det er skrevet ut x-antall bøter i løpet av året, både fordi dette på mange måter er handfast dokumentasjon på at UP gjer jobben sin, og til dels fordi dersom UP tek mange fartsyndere så dokumenterer det at det er eit stort behov for fartskontrollar og dermed er det også større sjans for å bli prioritert på politibudsjettet. Av dei kontrollplassane i mitt nærområde som eg kjenner til så er det etter mitt syn ei god blanding. Det er nokre kontrollplassar heilt i starten av 60/50-soner, men det er også nokre vanlege plassar der UP står og har god oversikt over lenge strekningar i 80-sonen. Så etter min erfaring så stiller UP seg opp der det blir ny fartsgrense og på strekningar som er oversiktlige slik at bilistane trakker litt ekstra på gassen eller bruker langstrekket til forbikøyring. I tillegg så går det igjen at UP finn ein stad der dei kan bruke laseren i skjul, og at det er ein ein litt stor plass å vinke inn bilistane bak ein sving eller bakketopp slik at bilistane ikkje ser politibilen før dei har passert målepunktet. Om dette er ein "rettferdig" måte å holde kontrollar på er litt usikker på. På den eine sida så er det eit poeng at dersom UP fyrst skal ha fartskontroll så er det liten vits å ha fartskontroll i sentrumsgater og andre stadar der det ofte er vanskeleg å bryte fartsgrensa sjølv om du vil. Samtidig så meiner eg at det gir eit litt blanda signal når skiltinga av 60 sone er satt opp i god avstand til nærmaste kryss/fotgjengerovergang, eller liknande. For slik måte å sette opp fartsgrenseskiltinga på indikerer jo at vegeigaren vil gi billistane ein god sikkerheitsmargin på å få med seg skiltet og sette ned farta i god tid før det punktet der det er viktig at bilisten ikkje køyrer fortare enn 60 km/t. På den andre sida så er både skiltforskrifta og UP sine kontrollar heilt klare på at farta må være redusert før ein kjem fram til skiltet. Etter mitt syn så hadde det vært ein fordel om også skilting og vegmerking var litt meir funksjonsbasert. Som til dømes at i staden for å skilte med 50 sone gjennom eit langt område med bustadar og ein skule, så kunne ein kanskje hatt 60 sone på mesteparten av vegen men tatt ned farta til 40 eller kanskje også 30 forbi dei farlegaste områda som like ved skulen, ved fotgjengarovergangar, osv. Etter mitt syn så vil ei lang 50-sone oppfattast som lite hensiktmessig då det kjennes ut til å være for låg fart på dei oversiktlege delane av vegstrekninga, samtidig som at det er alt for høg fart gjennom områder der det kan være fortgjengarar. Sjølv så meiner eg at UP burde i større grad fokusere på å ha kontrollar der det er størst fare for ulykker. På dei lange strekka så har det tradisjonelt sett vært lite ulykker til tross for at enkelte har køyrt litt vel fort der. I nyare tid derimot så har vi fått fleire ulykker på lange rette strekk, men det skuldes nok i større grad bilførarar som brukar mobiltelefon eller lar seg distrahere av andre grunnar. Min påstand er derfor at når UP har kontrollar på lange beine vegstrekningar så burde dei oftare bruke kikkert for å ta mobilbruk og manglande beltebruk, og i mindre grad fart. Grunnen til at politiet ikkje har slike kontrollar er at det nok er langt vanskelegare å bevise at bilføraren såg ned på mobiltelefonen eller på anna måte var distrahert enn det er å loggføre fartsmålinga frå laseren. Tilsvarande så synes eg det er problematisk at det i forskrift om forenklet forelegg i trafikksaker er definert at fartsoversriding på til og med 5 km/t over fartsgrensa skal gi eit forelegg på 1150 kr, men samtidig så har eg aldri høyrt om at nokon har fått forelegg for å køyre 1-5 km/t for fort. Dette gjer at både eg og antagelegvis dei fleste andre billistane også får inntrykk av at UP vurderer så låge fartsoverskridingar som ubetydelege og at disse billistane ikkje blir vinka inn og ilagt førelegg. Sidan dei fleste billistane køyrer i omtrent fartsgrensa så burde førelegg for å ha køyrt inntil 5 km/t for fort være den absolutt vanlegaste bota å få. Ettersom UP tydelegvis er litt runde i kantane og berre vinkar inn dei som bryt fartsgrensa med meir enn 5 km/t, så har eg liten forståing for at UP skal være så firkanta når det gjeld starten av 60-soner. For skal dei stå og måle alle som kjem inn i 60-sona med for høg fart og hos trådstarter også har målt deakselerasjon gjennom to målingar på henholdsvis 90 og 85 km/t, og at UP legg den høgaste målinga til grunn, så meiner eg at dei også burde skrive ut forenkla førelegg til billisten som blir målt til både 59 og 61 km/t. Om ikkje burde forskrifta gjere det straffefritt å køyre opptil 5 km/t over fartsgrensa og hatt fyrste bøtesatsen ved fart på 6 km/t over fartsgrensa.
×
×
  • Opprett ny...