Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 813
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er i alle fall tydeleg at Secret Service ikkje har gjort ein så grundig jobb som dei burde ha gjort. Sjølvsagt lett å seie i ettertid, men dette taket/bygget var så nært at det er ingen grunn til at taket ikkje skulle vært under oppsyn. Det sagt, så kan ein ikkje forvente at Secret Service eller politiet starter å skyte mot ein kvar person som oppheld seg i området. Om det stemmer at dei fyrste meldingane gjekk på at det var observert ein person utan at nokon har sett eit våpen eller liknande så gir det meining at ein fyrst prøver å ta kontakt for å prate med personen før dei opner eld. Basert på dei fyrste meldingane så kunne ein fort endt opp med å skyte ein fotograf, huseigar, takleggar, eller andre som har legitimt grunnlag for å være på taket. Særleg når ein er i tankesettet om at det ikkje føreligg ein trussel og at alle uvanlege ting har sin naturlege forklaring, så er det lett å havne bakpå og være motvillig til å gjere nødvendige tiltak. Reknar med at det sikkert er dyrt å sikre eit slikt bygg, både ved å måtte sette inn personell men kanskje også for å nekte huseigaren i å bruke eigedommen i denne perioden. Uansett så er det ikkje nødvendigvis så mykje betre med eit sikkerheitsopplegg der Secret Service anser ein kvar skygge og vindkast som mulig trussel. Skarpskyttere og bomber er det nesten umogleg å beskytte seg mot operativt, dette må førebyggast ved å hindre utplassering av bomber eller at skarpskytterar tek opp stilling på aktuelle skytestillingar. Angrep frå folkemengdeb med kniv og mindre skytevåpen er det vanskelegare å forhindre med førebyggande tiltak, men et til gjengjeld lettare å stoppe med sikkerheitsvakter i umiddelbar nærheit.
  2. Einaste argumentet eg kan sjå for vindmøller er at dei som har råd må investere i vindkraft dersom vi skal ha håp om at teknologien skal utvikle seg og bli brukande i framtida så må utviklarane tene pengar i dag. Utanom det så er vedlikehold av vasskraftverk, samt bygging av kompakte atomkraftverk den mest fornuftige løysing på kraftkrisa. I alle fall så lenge det å redusere energiforbruket ikkje er eit realistisk alternativ.
  3. Flyreiser i seg sjølv er ikkje problemt, problemet er unødige reiser. Så kan ein sjølvsagt diskutere kva som er nødvendige reiser, for nokon oppleves det som heilt nødvendig å kunne reise til syden ein gong i året, for andre er det unødvendig med alle flyreiser som ikkje er bokstaveleg talt livsnødvendige. Om alle klarer å redusere litt så vil det hjelpe mykje på, som til dømes ved å ha lengre utanlandsopphald slik at ein reiser til utlandet ein gong i året i staden for å reise på fleire turar same år. Det vi må slutte med er flyreiser som er uviktige, og kanskje då særleg då når ein reiser fram og tilbake på kort tid. Det er ganske mykje å hente både miljømessig og økonomisk ved å kombinere gjeremål slik at det som vanlegvis hadde vært tre ulike turer kan gjennomførast på ein og same turen. Særleg i arbeidslivet så vil det være mykje å spare her, kanskje kan lunsjmøtet i Oslo takast på teams i staden for at alle møtedeltakaren flyg tur/retur på same dag. Kanskje kan fleire av møta slåast saman slik at ein på ein får eit lengre effektivt møte. Kanskje bør det være lettare å få kombinere jobb og fritid slik at ei jobbreise kan kombinerast med ferie i same by, osv.
  4. Avgjerande betydning har det i alle fall ikkje. Eigentleg vil eg påstå at kvar du har tatt utdanninga ikkje betyr noko ettersom alle norske universitet er fullt ut kompetente til å utdanne studentar. For nesten alle arbeidsgivarar så ser dei fyrst på om du har bestått utdanninga, og om du tatt anna formalkompetanse som er relevant for stillinga. Deretter ser dei på karakternivået ditt (om det er fyrste jobben din, på jobb nummer to så er dei fleste meir interessert i referansane frå førre arbeidsgivar). Og til slutt så vurderer ein deg som person. Det som likevel kan gi litt utslag er at den som tilsetter kan nok tenkast å føretrekke å tilsette jobbsøkarar som har gått på same skule som seg sjølv. Ikkje fordi at den aktuelle skulen er så mykje betre enn andre skular, men fordi at den som tilsetter kjenner si eiga utdanning best og dermed har betre oversikt på kva kandidaten med lik utdanning har lært og eventuelt ikkje lært. Ein arbeidsgivar som har sin utdanning frå UiA og veit at det er ei god utdanning kan tenkast å være litt meir skeptisk til ei tilsvarande utdanning frå BI fordi ein ikkje veit eksakt kva som er pensum på BI. Og omvendt, ein arbeidsgivar med bakgrunn frå BI og som veit at det er ei god utdanning kan tenkast å ville føretrekke søkarar frå BI. I tillegg til eit slikt bias, så kan det tenkast at du vil møte på holdningar om at dei som har utdanna seg på små høgskular/universitet har tatt ei "enklare" utdanning enn dei som har studert hos eit stort universitet der det har vært høgare poenggrense for å få studieplass. Men alle utdanningsinstituasjonane er organisert på same måte så ein bestått mastergrad med snitt på C frå eit universitet skal være heilt tilsvarande eit snitt på C frå eit anna universitet. Dersom du er usikker på kvar du skal studere så skal du ikkje tenke noko på kva "status" du trur universitetet har, vi har ikkje høgstatusuniversitet i Norge (sjølv om enkelte liker å late som). Det du eventuelt skal sjå på er læreplanen på dei to universiteta, der vil det kunne være litt forskjell på kva dei ulike skulane har prioritert høgt eller lågt. I tillegg til dette så kan det være litt ulikt kva valgfag som er tilgjengeleg. Eg veit ikkje nok om disse utdanningane til å gi deg gode dømer, men dersom du til dømes veit at du vil jobbe som siviløkonom i ein bank så kan det godt være at den eine utdanning er litt meir retta mot banktenester, og dersom du vil jobbe i ei produksjonsbedrift så kan det være at fagkombinasjonen på den andre skulen er betre for deg. I bunn og grunn ender du opp med same kompetansen, men det kan være små variasjonar i eksakt kva du lært.
  5. Ein privatetterforskar er ein vanleg mann i gata og får ikkje innsyn i andre ting enn det kven som helst andre kan be om innsyn i gjennom offentlegheitslova. Det som privatetterforskaren tek betalt for er enkelt å greit tidsbruken. Du kan som privatperson søke om innsyn i saksarkiv, kontakte vitner, spane utanfor eit bygg for å sjå kven som kjem og går, osv, osv. Men det er ikkje alltid du har tid, motivasjon eller kompetanse til å gjere det Dersom du skal etterforske ei sak så er det fort langt meir effektivt at du leiger inn ein privatetterforsker som er vandt til å hente ut informasjon i nokre timar, enn at du tek deg fri frå jobben og bruker tre dagar på same jobben. Som nemt så er det ingen utdanning for å bli privatetterforsker, men mange av dei som jobbar som privatetterforskarar har sin bakgrunn frå politiet og har lært etterforskningsfaget på politihøgskulen, samt at dei ofte har opparbeida seg litt arbeidserfaring innan området. Sjølvstudium kan være like bra som formell utdanning, men det er klart det er lettare å skaffe seg oppdrag om du kan vise til at du er tidlegare politietterforskar, enn om du har all din kompetanse frå kriminalromanar. Dersom du har bakgrunn frå politiet så vil det også være gode sjansar for at du har eit nettverk innan politiet som du kan bruke for å hjelpe deg. Sjølv om du ikkje har rett til å krevje innsyn i politidokument, så er det sjølvsagt til stor hjelp om du har ein kompis i politiet som kan gi deg innsyn likevel. Ein anna relevant yrkesbakgrunn er journalist, gravejournalistar gjer mykje same arbeidet som ein privatetterforskar normalt utfører. I tillegg er det også ulike ting du kan etterforske som privatetterforsker. Dei fleste privatetterforskarar gjer relativt ukompliserte ting som å snakke med folk og lese seg opp på dokument for å kunne danne seg eit bilete av kva som har skjedd. Men du kan også være privatetterforsker som berre jobbar med teknisk etterforskning, som til dømes ved at du blir leigd inn av eit firma til å gjenopprette sletta data for å etterforske om det er grunnlag for å reise disiplinærsak mot ein av dei tilsette.
  6. Forskjellen ligg i at jo lågare farta er jo fleire bilar er det plass til sjølv om alle held tre sekunds avstand.
  7. Du skal ha god råd for at bota er lommerusk, men er i alle fall delvis einig. Det som er vanskeleg med inntektstilpassa bot er for dei med veldig låg lønn, som til dømes uføretrygda. I dei tilfella kan bota bli litt vel låg om det ikkje er ein minstesats. Dette gjorde dei før i mitt nærområde. I tillegg brukte ein prinsippet om at dei som stod fremst i fergekøa også fekk køyre på land fyrst. No slepp mannskapet fyrst av tungbilane sidan dei blir plassert på midterste feltet. Deretter slepp dei av to og to rekker samtidig som gir kaos ettersom det er få av bilistane som kan fletteregelen.
  8. Nei. Men du kan få 20 til 30% straffefrådrag om forbikøyringa var aktsom, og farta ikkje var vesentleg høgare enn det som var nødvendig. Tilsvarande strafferabatt kan du få dersom køyretøyet du kjørte forbi kjørte fortare enn fartsgrensa. Så ikkje lovleg, men litt mindre straff.
  9. Det er 25 km/t over til og med 60 sone. 35 km/t over i 70 sone til og med 90 sone på vanleg veg. 40 km/t over på 90 sone på motorvegar opp til maks fartsgrense 110. Du finn tabellen her: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2003-12-19-1660 Ja, svekka mørkesyn ved høgare alder er nok ein viktig grunn til at mange slakker ned på veg inn i ein tunnel, men også at mange opplever tunnelen som ei innsnevring i vegen og trur det blir smalare og derfor bremser. I tillegg så er det i dag mange biler som køyrer utan baklys, så om automatikken er litt treig og neste bil køyrer inn i tunnelen og plutseleg oppdagar at bilen foran ikkje har baklys så er det heilt naturleg å bremse litt. Når det er mykje trafikk så vil slike oppbremsingar forplante seg bakover slil at det til slutt blir kø. Trur ikkje det er bilane som er problemet, også campingbilane har blitt ganske bra dei siste åra. Det er nok meir at turistar er på tur og har god tid, og at dei vil sjå på alt mogleg langs vegen. For oss som brukar vegen til rein transport så er det irriterande med dei som også vil nyte utsikta. Kva som er rett fart ved forbikøyring er eit stort tema, og manglar ein fasit. Høg fart korter ned tida du oppheldt seg i motgåande køyrefelt. Samtidig så får du kortare reaksjonstid og handlingsrom dersom du møter bil. Det er ikkje gitt at bilen som kjem i mot følger fartsgrensa heller, det kan f.eks. være eit utrykkingskøyretøy. Skal du køyre forbi trygt og lovleg så må du har strekning nok til å køyre forbi utan å bryte fartsgrensa, då vil høgare fart slik at du bruker mindre av strekninga gi sikkerheitsmargin. Ein må berre passe på at farta ikkje er så høg at ein mkster kontrollen når ein skal legge seg tilbake. Sidan det er lite trafikk på gulestripa så vil det ofte samle seg laussand og gjenstandar der. Er det vinterføre så er det typisk der du finn is og slapps sjølv om vegbana elles er isfri.
  10. Ja, når fartsgrensa blir høg så er det ikkje alle som "tørr" å køyre så fort. Til dømes på E6 i 110 sonene inn mot Oslo så er det ikkje uvanleg å ta igjen bilister som daffer i venstrefeltet godt under fartsgrensa. (Synes forresten at det er heilt vilt at lappegrensa i 110 sone er på heile 151 km/t, det er vilt fort å bli tatt i 150 km/t og sleppe med berre eit forenkla førelegg). At mange ikkje køyrer så fort som det er lov til å køyre på motorvegar har ofte fleire grunnar, blant anna drivstoff økonomi. Om du ikkje skal tilbakelegge mange mil så er det ikkje verdt kostnaden ved auka luftmotstand for å spare få minutt med total køyretid. Kjøyrer du elbil på motorvegen så kan forskjellen mellom å ikkje køyre fortare enn 80 i 110 sona utgjere forskjellen på om du treng eit ekstra ladestopp eller ikkje. Mange bilar er også regelrett ubehageleg å køyre fortare enn 100 km/t.
  11. Vil også legge til at reglane er laga med tanke på dei dummaste og dårlegaste sjåførane. Hadde alle bilførarane vært gode på å tilpasse farta etter køyre- og siktforhold så hadde vi ikkje trengt fartsgrenser ettersom bilføraren sjølv hadde køyrt veldig sakte og forsiktig. Ein kan likevel ikkje overlate dette ansvaret til bilførarane, spørjeundersøkingar viser noko slikt som at 90% av alle bilførarar meiner at dei er over gjennomsnittleg flinke til å køyre bil, så halvparten av alle bilførarar overvurderer sine eigne evner, og det er under forutsetning av at halvparten som påstår dei er flinke til å køyre bil faktisk er flinke. Kan godt tenke meg at Dunning-Kruger effekten slår hardt inn, altså at dei som påstår at dei er ekspertar ofte er dei som kan aller minst (med unntak av nokre ytterst få som er ekspertar), og at mange av dei som faktisk har ekspertkunnskap også er veldig beviste på at dei ikkje kan.
  12. Det er ikkje tillete å køyre fortare enn farstgrensa. Satsen for å bli tatt for å køyre mellom 1 og 5 km/t over fartsgrensa er 1150 kr. Neste børesats er 6 til 10 km/t over som blir straffa med 3150 kr. Det sagt så er mitt klare inntrykk at politiet vurderer køyremønsteret på staden og velger å berre prioritere dei som køyrer X km/t over fartsgrensa. Eg kan ikkje kome på å ha høyrt om nokon som har fått 1150 kr i fartsbot, har berre høyrt om dei som får frå 3000 kr og oppover. At bøtene for trafikkale lovbrot er høge er eg heilt einig i. Grunnen til at bøtene/førelegga er så høge er det fleire grunnar til. Det som oftast blir dratt fram er at det er viktig at trafikklovbrot svir ettersom det er så høge samfunnskostnadar ved ulykker der folk blir skada eller drepte. Eit anna argument som ofte dukker opp er at fordi sannsynlegheita for at du passerer ein kontrollpost når du er ute å køyrer er veldig lav, derfor må bota være betydeleg for at den skal virke førebyggande ettersom du sikkert køyrer for fort 1000 gonger før du blir målt neste gong. Hadde fartsbota vært ein 50-lapp så hadde nok dei fleste berre rekna inn dette som ei bilutgift og dermed ikkje sett nokon grunn til å følgje fartsgrensa. Det einaste eg synes er problematisk med norske fartsgrenser og fartsbøter, er vel eigentleg at systemet er litt unødvendig firkanta fordi ein har behov for ei ordning som er enkel å kontrollere. Til dømes så er det veldig vanleg at ein hovudvegen med 80-sone har redusert fartsgrensa til 60 km/t forbi barneskular og liknande. Her meiner eg at i ein perfekt verden så burde ein redusert fartsgrensa mykje meir på dagtid når det er pårekneleg med skulebarn i vegen, kanskje heilt ned til 30 km/t om nødvendig. Medan mitt på natta når det er heilt usannsynleg å møte skulebarn på veg til skulen så burde fartsgrensa fortsatt vært 80 km/t om det ikkje også er andre gode grunnar for nedsatt fartsgrense. Utfordringa er at ei slik "dynamisk" fartsgrense krev både eiga forskrift og digtal skilting som igjen er fordyrande. Eg synes det godt kunne vært lov å køyre litt fortare på vegstrekkningar der dette er forsvarleg, men samtidig så meiner eg også at 50-sone i tettbygde strøk vanlegvis er mykje høgare fart enn kva som er forsvarleg med fotgjengarar på alle kantar. Tilsvarande på landevegen, sjølv om det er generell fartsgrense på 80 km/t så kunne ein med fordel satt opp eigne fartsgrenseskilt med redusert fartsgrense gjennom parti med dårleg sikt som der det er svingete eller smal veg. Det blir sjølvsagt mykje skilt som må settast opp dersom fartsgrensa skal reduserast for kvar ein sving, men fordelen igjen er at det blir tydelegare for bilføraren kvifor det ikkje er lov å køyre fortare. Eg synes også at utrykkningspolitiet burde hatt ressursar til å ha hyppigare fartskontrollar. Med større sannsynlegheit for å bli stoppa så kunne ein også ha redusert størrelsen på bøtene utan at ein hadde mista den førebyggande effekta.
  13. Tenker også at ein må ikkje nødvendigvis å være så veldig politisk engasjert for å ha sterke meiningar om kontroversielle personar som Trump. Om Crooks identifiserte seg som republikanar som han var registrert som eller som demokrat basert på donasjonen til Biden, er i så måte av liten betydning. Sett med norske auger og utifrå kva vi er vandt til av politisk leiing så tenker eg at det må være lov til å påstå at uansett om det er Trump eller Biden som blir president i neste periode, så vil ingen av dei virke samlande på nasjonen. I tillegg er det jo eit stort spørsmål om ein så viktig posisjon som president i det heile tatt er passande for ein pensjonist. Til samanlikning så er det i Norge slik at statleg tilsette har plikt til å slutte i jobben ved fyrste månedsskifte etter fylte 70 år, dette er ei aldersgrense og ikkje pensjonsalder. Vi har ei eiga lov om akkurat dette. Dei fleste blir merkbart fysisk og psykisk svekka etter fylte 70 år, så etter norske forhold så er det rekna som uansvarleg å ha statleg tilsette som er eldre enn 70 år. Etter mitt syn så grenser det til uansvarleg å la ein person som er blir 80 år jobbe fulltidsstilling som president. Det er stor fare for at presidenten ikkje har mental kapasitet og arbeidskapasitet til å sette seg inn i alt som ein president bør holde seg oppdatert på. Dette er igjen eit demokratisk problem ettersom det er stor fare for at viktige beslutningar i praksis blir tatt av presidentens støtteapparat på presidentens vegne. I tillegg så er det jo også ei openbar fare for politisk ustabilitet ved at den sittande presidenten døyr eller blir alvorleg sjuk slik at visepresidenten må ta over. Det vil vel være nesten usannsynleg om ein 80 åring klarer å halde seg frisk nok til å jobbe 100% utan sjukdomsavbrekk i dei komande fire åra.
  14. Eg tenker at den må førast som kurs, sertfisering eller anna kompetanse fram til den eventuelt blir brukt til formell kompetanse. Det er ingen eigentlege reglar for korleis ein fører opp ein CV, men dei fleste vil nok forvente at alt som står under utdanning er ein oppnådd grad. Det er derfor fare for at det blir oppfatta som uærleg. Ein micromaster er eit kurs eller eit fag som til slutt kan føre til ei formell utdanning med grad om ein har samla nok studiepoeng til å oppfylle krava som ligg til tildømes ein mastergrad. Å føre micromaster som utdanning tenker eg er sidestilt med å føre opp enkeltfag som du har bestått. Eg hadde nok vurdert å lage ein eigen katergori på CVen for kompetanse som du held på å skaffe deg.
  15. Ein veit at ein er ute å køyre politisk sett når folk stemmer på den kandidaten som som er minst verst, og ikkje den kandidaten som ein meiner er best. Berre det at demokratane i praksis må stemme på Biden om dei ikkje vil ha Trump som president er jo heilt vannvittig. Hadde folket fått stemt fram kven av demokratane som skal være presidentkandidat så er eg heilt sikker på at demokratane hadde funnet kandidatar som er minst like god. Tilsvarande er det på republikansk side. Trump har sine supportarar men han er ikkje godt likt av alle republikanarane. Republikanarane er lov og rett partiet som i alle år har hatt som viktigaste fokus er å følgje lova og respektere rettsapparatet, så for mange sitter det langt inne å stemme på Trump som tross alt er straffedømt. Det ender opp med at mange republikanere ender opp med å måtte ta stilling til å enten stemme på Trump som har bevist at han ikkje vil følgje lover og reglar men som i det minste kjem til å gjennomføre konservativ politikk, eller så må dei stemme på Biden som fører ein langt meir liberal politikk som dei ikkje er einige i. Det er sjølvsagt mogleg å stemme på andre kandidatar, men dei vil aldri få nok stemmer til å kunne vinne eit distrikt, så det er i praksis ei vekkasta stemme. Når ein får stå steile politiske frontar så forstår eg veldig godt at personar som er psykisk ustabile eller overbevist av skrekkhistoriene ser på det å drepe ein av presidentkandidatane som einaste moglegheit for å hindre at det er Satan sjølv som får makta. Det kunne like gjerne ha vært eit attentatforsøk mot Biden, for den republikanske frykten for at USA kjem til å kollapse med Biden som president er nok minst like sterk som den demokratiske frykta for kva Trump kan stelle i stand som president.
  16. Vil gjette på at det er same grunnlaget som om han hadde vært skuleskytar. Altså at det er ein form sjølvmord der ein går ut og gjer ekstreme handlingar. Dei fleste skuleskytarar blir enten drept av politiet eller drep seg sjølv, forskjellen på å skyte mot lærarar og klassekammeratar, og det å skyte mot ein profilert person (og nokre uskuldige publikummarar) er i denne samanhengen ganske lik. Motivasjonen var nok å lage kaos og "tvinge" folk til å vite at han har eksistert og deretter døy. Sånn sett var han sikra meir oppmerksomheit med å skyte mot ein eks-president og presidentkandidat enn ved å skyte barn og unge. Ofte handlar slike episoder også om eit form for hevn-behov. I skuleskytingar så er det ofte tanken om å straffe mobberane som gjer seg gjeldande. Eg reknar med at for ein person i såpass ubelanse så er det nok minst like enkelt å legge skulda for alt vondt ein har opplevd på ein politikar. Det er også ein sjangs for at motivasjonen var berre å bli kjent. Om han hadde klart å drepe Trump og havna i fengsel resten av livet så hadde han nok oppnådd å bli ein av dei mest kjente fangane om han hadde blitt tatt i live. Spørsmål. Har det blitt sagt nok om Crooks skaut tilbake mot skarpskyttaren frå politiet eller ikkje? Om han retta våpenet mot politiet så er det nok suicide by cop, men det gjekk såpass fort at eg har fått inntrykk av at han vart skutt av politiet medan han skaut mot Trump. Det er ikkje sikkert at det å bli tatt ut av ein skarpskyttar var ein del av det Crooks hadde sett for seg ville skje.
  17. Mogleg dette blir litt off-topic, men er det nokon som kan svare på kvifor det mellom anna på juicekartongen står at open juicepakke er holdbar 5 dagar i kjøleskap når ein på den andre sida er så opptatt av "best før - ofte god etter"? Når melka er god etter fem dagar i open kartong så skal det mykje til at eplejuicen har blitt dårlig på disse dagene? Ein opna juicekartong har fin kvalitet også fleire veker etter opning, spesielt juicekartongar med skrutopp som har vært oppbevart i kjøleskap. For meg virker det som at matbransjen på den eine sida er opptatt av at folk ikkje skal sjå seg blinde på datomerkinga og kaste heilt fin mat, men på den andre sida så blir ein lengre nede på kartongen oppfordra til å slå ut appelsinjuicen etter fem dagar. Kvar ligg logikken der? Eg synes det er flott at matvareprodusentane merker både holdbarheit både til uopna og opna forpakning, men har reagert på at ein del matvarer har etter mitt syn oppgitt ekstremt kort holdbarheit i opna forpakning. Litt meir On-Topic for trådens emne. Ser at MatPrat som er opplysningskontoret for egg og kjøtt har ein eigen artikkel for holdbarheit på frossent kjøtt. Også der reagerer eg på særdeles kort oppbevaringstid. Til dømes finn eg i den tabellen at myndigheitene oppgir nedfrosne pølser til å ha 3 månedars haldbarheit i frysar. Kyllingkjøttdeig berre 2 månedar medan vanleg kjøttdeig er oppgitt til 4 månedar. Lengst holdbarheit er storfekjøtt som i følgje tabellen kan frysast i 10-12 månedar. Min påstand er at det må vel være noko gale med til dømes kjøttdeigen om den startar å smake vondt alt etter fire månadars nedfrysing? Dei fleste slike kjøttvarer er jo både trygge og har god smak meir enn eit år seinare, i alle fall så lenge det er godt innpakka og ikkje har surna før nedfrysing. Forstår ikkje heilt korleis myndigheitene jobbar såpass mykje for at folk skal sjå, lukte og smake på mat før dei kastar den, og deretter gir nesten heilt motsatt råd i andre kanalar. Kjøttdeig har kortare holdbarheit enn heile kjøttstykker, dette fordi at bakteriane startar på overflata så der det på eit kjøttstykke tek lang tid før bakterier på overflata trenger inn i kjøttet, så vil det i kjøttdeig være slik at eventuelle bakteriar frå overflata på kjøttstykket har blitt blanda inn i kjøttdeigen under kverninga. Under frysing så vil også bakteriane bli fryst slik at også eventuell bakterievest vil stoppe opp. Som nemnt over så oppgir MatPrat holdbarheita til fryst kjøttdeig til 4 månadar medan reint kjøtt kan frysast i eit år. Sjølv om eg er ueinig i dette rådet så er eg einig i at kjøttdeig lettare kan harskne ettersom kjøttdeig har langt høgare fettinnhold enn reine kjøttstykker. Steiking drep bakteriane, men det som er farleg er giftstoffa som bakteriane legg igjen. Drep ein bakteriane ved steiking så vil ein stoppe produksjonen av nye giftstoff men ein vil ikkje få fjerna dei giftstoffa som alt er i maten.
  18. Og at folk har eit veldig behov for å vise fram at dei koser seg. Det vil igjen forsterke inntrykket av at "alle andre" har det så perfekt. Sosiale media har forsterka dette, men det var også eit fenomen før i tida der alle sendte julekort og postkort frå syden til vennar, familie og naboar for å skryte av kor fint dei har det.
  19. Ja, mange av disse problema kunne vært unngått om ein hadde hatt ei tilnærming slik som vi har i Norge med alkohol. Alkohol er ei lovleg vare, men du får ikkje kjøpt alkohol til alle døgnets tider. Ja, skal du hindre illegal handel så må ein legalisere. Grunnen til at at ein foreslår avkriminalisering er at dette er eir kompromiss mellom å ikkje straffeforfølge rusavhengige samtidig som lovverket fortsatt har ein funksjon for førebygge at vi får fleire rusavhengige. I tillegg er norske politikarar såpass ruskonservative at ei legalisering er heilt urealistisk å oppnå fleirtal for på lang tid. Avkriminalisering kan være realistisk å få til ettersom det er eit billegare behandlingstilbod til rusavhengige og samtidig frigjer ressursar til å prioritere anna kriminalitet. Eg trur også at det kan også være mogleg å få ein del rusmiddel godkjent som legemiddel og utlevert på resept etter ei legevurdering, men så vidt eg kjenner til er det ingen politiske parti som har tatt den tilnærminga.
  20. Forstår at det ikkje er barnet åleine som skal hindre at du kjeder deg, men eg vil likevel påpeike at det å få barn bør være ei godt planlagt handling. Slik det er nå så framstår det som handling motivert av lettare panikk. Sjølv om det mange som finner drømmemannen etter fylte 40 år, så gjer du jobben vanskelegare for deg sjølv. Ikkje det at det å være åleinemor er eit problem i seg sjølv, men du skal tross alt finne ein drømmemann som er glad i både deg og barnet, og vis versa. Største utfordringa for å finne drømmemannen seinare er likevel at du neppe klarer å finne tid til å date som åleinemor. Det sagt så er eg einig i at ein tur til fastlegen for å undersøke eggkvaliteten bør være fyrste steg slik at du veit litt meir om kor travelt du har det. Eit kjapt googlesøk viser at nedfrysing av egg koster i underkant av 40 000 kr. Det er ikkje småpengar men det kan være relevant å tenke på for å kjøpe deg betre tid.
  21. Korleis ser reknestykket ut dersom AAP tek slutt utan at du kjem tilbake i arbeid, og etter at forsikringsutbetalingane er ferdige? Det er dette banken må sjå på og vurdere når betalingsevnen for eit bustadlån som gjerne er på 25 år skal bereknast. Lånesøkarar som har midlertidig jobb eller som er sjølvstendig næringsdrivande må legge fram dokumentasjon på kva inntekt dei har hatt over tid. Sjølv om ein med midlertidig jobb mister jobben så reknar banken det som sannsynleg at ein klarer å få seg ein ny jobb innan relativt kort tid. Når du er på AAP så er dessverre trenden ofte motsatt med at sannsynlegheita for å kome seg tilbake i jobb blir lågare jo lenger ein går på AAP.
  22. Det ligg nok godt innafor ytringsfriheita både å samanlikne politikarar med diverse andre ting. Ein nærmer seg kanskje meir ei grense om ein ynskjer nokon død, men det er fyrst ved trusslar eller oppfordring om drap at ein er over i det ulovlege. Merk likevel at trusselen eller oppfordringa må i tillegg være eit reelt forslag med gjennomføringskraft før det er ulovleg. Særleg når ein omtalar offentlege personar så aksepterer ein hardare ordbruk enn ovanfor vanlege personar. De er litt forskjell på å ytre eit ønske om å drepe statsministeren kontra å ytre eit ønske om å drepe naboen, det er større sjangs for at du blir trudd på at det fyrstnemte berre var meint biledleg, medan det sistnemnte fortare blir tolka som ein reell trussel.
  23. Sånn sett kan det kanskje være like greit å ordne seg slik at ein faktisk ikkje veit kven faren er. Eg er litt usikker på kva eg eigentleg meiner om den norske tilnærminga der barnet sin rett til å få vite kvar ein kjem frå veg tyngre enn ein donors ønske om annonymitet. Det er sjølvsagt bra for barnet å ha slike rettigheiter, samtidig så trur eg nok at vi hadde fått ei større folketalsauke om donorane var sikra anonymitet (berre ovanfor mor og framtidig barn, helsepersonell treng sjølvsagt å ha nok informasjon til å påsjå at donorane har godt arvestoff). For trådstartar sin del så er det på ingen måte umogleg å få barn etter fylte 40, men sannsynlegheita blir lågare og lågare. Angåande dette med komplikasjonar og skavankar så vil eg også nemne at eg ganske nyleg såg forskning frå danmark eller kvar det no var om at barn frå eldre mødre hadde høgare intelligens enn barn frå yngre mødre, så det er ikkje berre ulemper. Som nemnt så finnes det moglegheiter for å få "fiksa biffen" på naturleg måte via diverse appar og liknande, utfordringa er at det kan ta tid ettersom du gjerne må ha mange forsøk på å få det til jo eldre du blir. Eg trur likevel at planen din er lite bærekraftig. Eg er litt redd for at du går i same fella som dei som prøver å redde eit svekka ekteskap med å få eit barn til, eller dei som kjøpte seg hund under koronatida. Det lyser opp kvardagen i starten, men det er også ei stor forplikting som berre blir ekstra stor som åleinemor, og særleg når det er "kjedsomheit" som er motivasjonen din.
  24. Juletida er så og seie midt på vinteren når det er på sitt aller mørkaste. Det er nok mange grunnar til at folk døyr i dei tider, og særleg er det fordi det er langt fleire forhold som drar i negativ retning enn i positiv retning. Juletida er også høgtid for forkjølelse og influensa noko som gjer at dei som alt er svekka er enda meir utsatt. Vinterdepresjon gjer nok at fleire gir opp sjølv om eg er einig med Salvesen om at det er også ein del som prøver hardt med å holde ut til over jula, både fordi det er ein merkedag, fordi det ofte meir som skjer med besøk frå vennar og familie, meir underholdning og aktivitetar på sjukeheimen, og kanskje også at ein prøver å ikkje være til "bry" for resten av familien ved å legge seg ned og daude midt i julehøgtida. For yngre folk så er nok ting som usunn og tung mat og stort alkoholinntak ein viktig faktor. Ein skal heller ikkje gløyme vanlege dødsrisikoar som trafikkulykker, sjølv om det er flest som døyr i trafikken om sommaren så er det på vinteren at det er flest som blir skada i trafikken, så sjølv om ein ikkje døyr i trafikken på vinteren så er det absolutt ikkje positivt for helsa totalt sett, tilsvarande er nok vinteren og glatte gater ein dødsrisiko i seg sjølv. Er mange eldre som døyr relativt kort tid etter at dei har falt og fått beinbrot, ofte fordi dei då blir tvungne til å være mindre aktive og dermed får dårlegare helse totalt sett. Av andre forhold så er både sjølvmordsstatistikken og dødsbrannstatistikken absolutt verst for desember og januar. Og oppå det heile så er også stressfaktoren høg fordi det er så store forventningar til korleis jula skal blir. Denne høge stressfaktoren vises særdels godt igjen i bulke-statistikken. Det einaste som teller i positiv retning er som nemnt det sosiale og kosen med jula (for dei som har positive assosiasjonar til jul), men dette har også sin ulempe ved at overgangen til 2. januar der ein er tilbake til kvardagen og alt er mørkt, kaldt og trist blir spesielt stor.
  25. Er i stor grad einig. Det er sjølvsagt vel og bra at folk flest skal få bestemme over eige liv og ikkje bli underlagt tvang, samtidig så synes eg lista for kva naboar og omgivnadar må tole av ulempar og farar for at nokre få enkeltpersonar skal kunne leve slik dei vil blir litt vel høg. Det bør være rom for å stille krav, og lågare terskel for å bruke tvang der vedkommande ikkje vil eller klarer å etterleve dei krav som er satt. Får du tildelt kommunal bustad og klarer å herpe den så mykje at den er ubebueleg, ja då synes eg det er heilt innafor at neste bustad er ein slik forsterka bustad med berre uknuselege overflater. Det er klart at det vil opplevast som stigmatiserande å bli plassert i ein bunkers av betong og stål og ikkje i eit vanleg husrom, men samtidig så må det finnes ei grense for kor mykje pengar samfunet skal bruke på å finne tak i verdige butilbod i fine leilegheiter som bebuaren ikkje klarer å holde vedlike uansett. Det sagt så skal alle få både ein og fleire sjansar. Eg synes ikkje at det skal bli så strengt at dersom ein har prøvd eit frivillg behandlingstilbod som ein valde å avbryte så skal all framtidig behandling være tvangsbasert. Men ein bør ikkje være så redd for å krenke individuelle rettigheiter at ein ikkje brukar tvang der det er nødvendig.
×
×
  • Opprett ny...