
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 838 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Konsulent med mulighet til fast jobb, men må betale pendling selv
The Avatar svarte på Mephisto- sitt emne i Jobb og karriere
Problemet her er vel at arbeidsgiver ønsker å tilby fast stilling med fast oppmøtestad på kontoret minst 3 dagar i veka etter HR føringane. Då vil ikkje reise til kontoret være ein reisekostnad som ein har rett på å få dekt. Reise og diettgodtgjersle fører ein i dei tilfella ein blir pålagt å møte på ein anna arbeidsstad enn den faste oppmøtestaden. Om reisekostnadane er 15 000 kr så er ikkje dette gjennomførbart uansett kven som tek rekninga. Skal ein følgje føringa om 3 dagar i veka, og ein gjer dette på mest rasjonelle måten og legg opp til at ein tek tre dagar på rad på kontoret og to dagar pluss helga heime så blir det omtrent 65 000 i måneden berre i reisekostnad når ei tek utgangspunkt i at det i snitt er 4,33 veker pr måned. Som arbeidstakar så vil du heilt sikkert ikkje få så høg lønn at dette reknestykket går opp, og tilsvarande så er det nok tvilsomt at arbeidsgivar vil finne deg så verdifull at det er verdt å dekke så mykje i reiseutgifter. Einaste moglegheita er som tidlegare nemt å få til ein personleg avtale om å få jobbe frå heimekontor så mykje du vil. Sjølv med berre eit oppmøte i måneden så utgjer dette ein kostnad på 165 000 kr i året (og da har eg trekt frå at du i juli har ferie og ikkje treng å reise. Eg tenker at dei pengane (og tida du må bruke på å reise) vil det nok for deg være betre å investere i å ta vidareutdanning slik at du kan få nye spennande arbeidsmuligheiter på den måten. -
Leigetakaren har uansett erstatningsansvar for utgifter som skuldast feil eller forsømming frå leigetakarens side. Fravikelse er ikkje nødvendig ettersom det ikkje er nokon leigetakar å hive ut. Det beste er vel å bruke hevingsretten og sende skriftleg beskjed til leigetakaren om at du hever leigeavtalen, begrunna i § 9-9 om at dette misleghaldet gjer det nødvendig å heve leigeavtalen. Teknisk sett så er leigetakaren her berre nokre dagar forsinka med å betale fyrste husleiga (og depositum?), men utifrå situasjonen så virker det lite hensiktsmessig å skulle sende skriftleg advarsel om innbetaling av husleige då dette kjem i konflikt med din ulovfesta tapsbegrensningsplikt. Det einaste du eigentleg oppnår med å ta dette som ei vanleg sak med forsinka husleige er jo at leigeforholdet varer lengre enn nødvendig slik at leigetakaren blir skuldig meir husleige.
-
Minecraft-filmen har fått sin første trailer
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Traileren gir oss lite å gå på, om dette blir ein bra eller dårleg film kjem heilt ann på kva historie som blir fortalt, og tonen i resten av filmen. Eg får inntrykk av at filmen ikkje tek seg sjølv så seriøst og at dei omfavner spelmekanismane gir godt gameplay med som gir ingen eller lite meining i ein realistisk setting. Så då er det store spørsmålet; blir dette ein bra film som parodierer Minecraft verdenen, eller prøver filmskaparane å lage ein seriøs film? Som parodi så trur eg dette kan bli fin underholdning. Det er massevis av sketsjer som kan filmatiserast og lagast vistar ut av. Traileren viser eit lite klipp av den litt absurde måten ein i Minecraft crafter utstyr. Reknar med at vi også får vitsar basert på at det i denne verden er fint mogleg å holde 64 m³ med stein i ei hand, men at det er umogleg å holde meir enn ei LP-plate eller flaske med elixir. Det er nok fint mogleg å ha mykje morro med at nesten alt er firkanta med fotorealistiske teksturar, det gir eit heilt absurd inntrykk som for meg var uventa. Eg hadde forventa at til dømes sauen hadde enten sett ut som ein meir realistisk sau satt i ein Minecraft verden, eller at filmskaparane hadde gått heilt motsatt veg med den meir urealistiske stilen som vi er kjent med frå spelet. Den som eg kanskje er mest bekymra for, og der eg ser den klaraste parallellen til Borderlands-filmen er castinga. Eg veit ikkje heilt kven eg ser for meg ein realistisk Steve karakter, men utifrå avataren så ville eg tenkt på ein heilt standard kvit mann som er nesten 2 meter høg basert på målestokken i spelet, kanskje i 20-30 års alderen, med halvblondt hår og litt skjegg på haka. Eg hadde ikkje sett for meg ein kort halvfeit 60 åring med stort buskete hår og skjegg. Så i likheit med Bordelandsfilmen så har dei nok gått i fella med å caste kjente skodespelarar som er alt for gamle. Dette valget trur eg blir spesielt problematisk for Minecraftfilmen som reint kommersielt sett er nødt til å treffe segmentet av barn og ungdom som speler Minecraft. Jack Black, Jason Momoa og Daniel Brooks er vel alle for gamle til å fenge den typiske 12 åringen? No kan det være at det er dei to ungdommane som skal bære filmen og være hovudkarakterane som skal fenge publikum, men i så tilfelle så klarer ikkje traileren å gi det inntrykket. -
Eg foreslår ikkje å innføre fotgjengarsertifikat. Det er nettopp fordi det ikkje kreves opplæring for å gå i trafikken at ansvaret ved påkjørsel er plassert på bilføraren. Strengt tatt er ansvaret ettter bilansvarslova plassert som eit objektiv erstatningsansvar som følgjer bilen, også i tilfeller der det er ingen som kan skuldast for skaden. Det er derfor det er pålagt at alle bilar må ha ansvarserstatning. Same lova har også ein bestemmelse om avkortning av erstatninga dersom den skadelidde har blitt skada med vilje eller aktlausheit, men ansvaret som bilføraren har for å køyre på ein slik måte at det ikkje kan oppstå fare vil gjelde uansett. Eg er ikkje einig i at det er eit sjukdomsteikn at kvalifikasjonar skal dokumenterast, det er heilt på sin plass at det blir stilt minstekrav. Eg kan likevel være einig i at det kan slå uheldig ut dersom krava til dokumentert kompetanse blir unødvendig byråkratisk. Sjølv om eg som tidlegare nemt ikkje skal ta til orde for at ein må ha sertifikat for å være fotgjengar, så er det likevel heilt på sin plass at kompetansen ein har kan dokumenterast. Som du skriv så får dei fleste trafikkopplæring gjennom skulen, for dei aller fleste vil det då være godt nok dokumentert gjennom opplæringsplanen for det aktuelle skuletrinnet at ein har fått slik opplæring. Tvert i mot vil eg hevde at det er eit sjukdomsteikn for samfunnet om læraren får friheit til å undervise i akkurat det han/ho vil fortelle om utan at det finnes eit einaste spor av dokumentasjon på kva elevane har fått lære om. Det er stor forskjell på å ha enkel dokumentasjon på at ein har motteke opplæring i eit emne, og det å kreve at ein skal ta til dømes eit sertifikat med eksamen og autorisert undervisningspersonell.
-
Drit lei av å jobbe som renholder og få skyld for alt
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Har ein buffer på eit par-tre månedslønningar og i tillegg lever litt sparsommeleg så vil nok denne karantenetida gå greit for dei fleste, det er likevel ikkje nokon ideell situasjon å skulle bruke opp sparepengane sine på livsopphold og så være på bar bakke igjen utan særleg med buffer. Karantenetida skal svi slik at ikkje folk leverer oppseiing i hytt og gevær for å heller leve på NAV, men samtidig skal det ikkje svi så mykje at det er heilt uråd å gå frå ein jobb som ein ikkje held ut i. 18 veker er såleis eit kompromiss der det er lenge nok til at det svir økonomisk men ikkje så lenge at NAV må betale ut sosialhjelp for at vedkommande skal ha hus og mat. Det er derfor sterkt å anbefale å søke nye jobbar slik at du har ein ny jobb å gå til. Om du tenker at den nye jobben skal være midlertidig i eit års tid, så betyr det også veldig lite kva lønnsnivået i den nye jobben er. Om du tenker at nye-jobben er eit midlertidig arbeid i 12 månedar så vil du måtte gå ned meir enn 35% i lønn for at det økonomiske tapet med å ta ein ny jobb med dårlegare lønn skal bli større enn det økonomiske tapet ved å klare seg gjennom karantenetida heilt utan inntekt. Omtrent kva som helst av jobb vil være eit betre alternativ enn seie opp jobben utan å ha noko nytt å gå til. -
Det som er med kortvarige arbeidsforhold er at det ofte kostar meir enn det er verdt, litt avhengig av kor kortvarig vi snakker om. Om du tek ein midlertidig jobb så må du melde inn at ein ikkje lenger er arbeidssøkande slik at NAV kan stoppe dagpengeutbetalinga. Når dudå tre dagar seinare er ferdig med jobben så må du på nytt melde seg som arbeidssøkande, då vil du få tre dagar med ventetid før du igjen kan motta dagpengar frå den fjerde dagen etter at du slutta å jobbe. Så både taper du tre dagar med dagpengar kvar gong du tek ein kortvarig jobb, i tillegg så må også NAV bruke tid på å saksbehandle endringa i status. Det er ikkje det at det ikkje skal være lov å ta kortvarige jobbar, men det er lite hensiktsmessig ikkje berre for arbeidstakaren sjølv, men også fordi det staten vil ha er gode skattebetalarar i trygg jobb som kan ha fast skattetrekk som ikkje krev så mykje administrativ oppfølging. Før var løysinga ofte bemanningsbyrå ettersom ein då kunne ha fast arbeidsforhold i bemanningsbyrået som berre utbetalte lønn om ein var i jobb. For nokre år sidan vart bemanningsbyråa også stramma inn, så no må også bemanningsbyråa tilby ein definert stillingsprosent og dermed forplikte seg til å tilby arbeid/lønn som tilsvarer den stillingsprosenten også om det manglar arbeidsoppdrag.
-
Forliksrådet tener den funksjonen den er tiltenkt. Det er veldig positivt at forliksrådet klarer å halde masse fillesaker vekke frå tingretten, det avlastar stor arbeidsbelastning frå det ordinære rettsvesenet. Det som kan være mindre positiv er når tingretten ikkje blir brukt på rette måten. Til dømes ved at partane ikkje har forstått kva forliksrådet er, til dømes ved at ein får inntrykk av at forliksrådet har juridisk vurdert bevisgrunnlaget og gitt dom utifrå dette. Forliksrådet har som oppgåve å få til forlik, ikkje å vurdere kven av partane som har retten på sin side. Tilsvarande vil det være problematisk om den som taper i forliksrådet ikkje har forstått korleis saka kan løftast opp til tingretten og eventuelt vidare oppover i rettssystemet.
-
Konsulent med mulighet til fast jobb, men må betale pendling selv
The Avatar svarte på Mephisto- sitt emne i Jobb og karriere
Eg tek det litt for gitt at kostnaden ved pendlinga uansett er større enn eventuell lønnsaukning, slik at det her er også snakk om å ta eit økonomisk tap i tillegg til pendletida som du bruker, og at det einaste du får igjen er interessante arbeidsoppgåver? Eg tenker nok at det vil værevanskeleg å forsvare det at du tek ein slik jobb. Ettersom det tydelegvis er sterke grunnar til at du ikkje kan flytte, så vil eg nesten anta at det må være ganske håplaust å bruke opp all fritida di på å pendle. Rekner med at privatsituasjonen din medfører eit behov for å gjere meir enn å sove heime? Slik som eg ser det så vil det verken praktisk eller økonomisk sett være gjennomførbart for deg å ta denne jobben på disse vilkåra. Det du likevel kan gjere er at du kan kome med eit motkrav. Sjølv om det kanskje er usannsynleg så skadar det ikkje å prøve om du likevel ender opp med å måtte takke nei. Eg trur nok at eit lønnskrav som kompenserer for utgifter og tidsbruk ved pendling blir vanskeleg å få gjennom, men er det til dømes aktuelt å kreve at arbeidsgivar dekker 1 eller 2 pendlerreiser i måneden? Andre krav du kan stille er at arbeidsgiver stiller med pendlarbustad, at disse tre dagane i veka du er forventa å være på kontoret kan gjennomsnittsbereknast slik at du er på arbeidsstaden to veker i måneden og resten av tida jobbar frå heimekontor, osv. Om dei er interesserte nok i å ha deg som fast tilsett så er det berre snakk om å gi deg eit godt tilbod. -
Synes at akkurat her kunne kong Harald vært litt meir bestemt og også endra arverekkefølgja for å ytterlegare skille mellom at ho fortsatt er ein del av kongefamilien, men ikkje lenger er ein del av kongehuset. Det er også berre med knappast margin at ho ikkje er kronprinsesse ved at kong Harald holdt fast på at det fortsatt var eldste sonen som skulle være fyrste arvingen til tross for lovedringa som gav kvinner lik arverett.
- 117 svar
-
- 1
-
-
Det er aldri dumt å diskutere og evaluere eksisterande ordningar, men eg er av den oppfattinga at vi har eit bra system i Norge. Det norske stillingsvernet er i all hovudsak overdrevent, der utfordringane med å gjere endringar oftast handler om manglande kompetanse om regelverket. Eg kan ikkje sjå nokon ulempe med at det stilles krav om at endringar i arbeidsforhold må være sakleg begrunna, og at mellommennesklege konflikter må ordnast på andre måtar enn å avslutte arbeidsforholdet. Feiltilsettingar kan være dyrt, men kan ganske enkelt unngåast ved å mellom anna bruke ordninga med prøvetid slik som den er tiltenkt. Eg tenker også at når ein stor utfordring i dag er at unge ikkje kjem seg inn i arbeidslivet så er det nok ikkje den beste løysinga å gjere arbeidsforhold mindre forpliktande. I USA som er den mest nærliggande å samanlikne seg med om vi skulle bytta system så er prinsippet "freedom to work". Då kan du få sparken på dagen utan vidare grunnlaget, men samtidig står arbeidstakaren fritt til å legge ned arbeidet på kort varsel for å finne seg ein anna jobb. Ei slik ordning trur eg vil bli langt meir lønnsdrivande enn det som er samfunnsøkonomisk ansvarleg. I Norge har vi ein ganske høg andel av profesjonsstillingar, og disse vil vi måtte pårekne får ein enorm lønnsvekst om ein går over på arbeidsavtalar som er lite bindande. Eit slikt system fungerer fint for ufaglærte stillingar, om arbeidaren ikkje vil møte på jobb ein dag så ordner ein det med å stoppe lønnsutbetalinga og skaffe ein ny person som på kort varsel kan steppe inn og gjere jobben. I meir komplekse stillingar så kan det at prosjektleiaren melder at ho på kort varsel sluttar i jobben i verste fall føre til at prosjektet må starte heilt på nytt, då står ein naturleg nok i ein veldig sterk forhandlingssituasjon for å kreve lønnsaukning for å stå løpet ut og fullføre prosjektet. Ordninga med oppseiingstid og erstatningskrav er også ein fordel for arbeidsgivar, dei fleste arbeidsavtalar har tre månedars oppseiingstid som gir moglegheit til å gjere nødvendige tilpassingar før nøkkelpersonel forsvinn frå arbeidsplassen. Ein fordel med ei slik ordning er at det opner for at fleire kan få jobbtilbod i form av kortvarige engasjement, men eg er rimeleg sikker på at ei slik ordning vil føre til at dei som i dag sliter med å kome seg inn på arbeidsmarkedet kanskje får seg ein jobb, men at ein aldri kjem inn i eit arbeidsfellesskap. Eg trur derfor at fleire vil då gi heilt opp med å søke på jobbar, for det kollegiale samholdet er også ein viktig del av det å trives i jobben. Skal ein innføre eit slikt system så trur eg at ein også må kutte store delar av velferdstilbodet, slik at dei som i dag er arbeidsledige/uføre blir tvungne til å ta småjobbar til dårleg betaling for å overleve, og eit slikt samfunn ønsker ikkje eg at vi skal ha.
-
Største forskjellen på offentleg og privat i denne samanhengen er at ein del mindre private bedrifter manglar tilstrekkeleg juridisk rådgivning og at beslutninga ofte blir tatt av berre ein eller nokre få personar. Det gjer at det kan bli fleire oppseiingssaker på for tynt grunnlag. Nokre av oppseiingane går heilt fint sjølv om grunnlaget er tynt fordi arbeidstakaren ikkje tek ut søksmål, og andre saker ender opp med arbeidsretten og blir ei dyr opplæring i korleis prosessen skulle ha gått føre seg. Slike feil kan skje i det offentlege også, men det offentlege hierarkiet vil fungere som ein sikkerheitsventil som hindrer unødige arbeidsrettssaker. Slik juridisk rådgivning om kva som er god nok dokumentasjon til å starte ei oppseiingssak er også ein av disse jobbane som tilsynelatande ser ut som ein unødvendig jobb sidan slik rådgivning er ei teneste som ein må betale for å ha tilgjengeleg på kort varsel dersom det oppstår ei sak der leiaren treng bistand, sjølv om mesteparten av arbeidstida til slike juridiske rådgivarar består av å vente på at telefonen skal ringe.
-
Sterkt stillingsvern er nok ein del av forklaringa. Det som er utfordringa både for det offentlege og for private bedrifter i ei slik sak er at det er vanskeleg å begrunne ei oppseiing av denne dama, for om ein argumenterer med at ho ikkje kan sjølv dei enklaste arbeidsoppgåvene vil slå tilbake på at det er arbeidsgivar som ikkje har utført sine forpliktingar etter arbeidsmiljøloven til mellom anna å gi arbeidstakaren tilstrekkeleg med opplæring til å kunne utføre jobben sjølv om det skjer endringar i arbeidssituasjonen. Innføring av nye tekniske system utan å ha gitt seniorane skikkelig opplæring i korleis ein bruker det nye systemet er ein klassiker. Den andre viktige grunnen er til at det er vanskeleg å gi nokon sparken er slett arbeid med personaloppfølginga. Stillingsvernet i Norge er sterkt, men stillingsvernet er berre sterkt på den måten at det må kunne leggast fram dokumentasjon på at oppseiinga er sakleg. Då særleg dokumentasjon på kva leiar/arbeidsgivar har forsøkt å gjere for å rette opp i situasjonen. I det nemte eksempelet så hadde det vært heilt uproblematisk å seie opp dama om arbeidsgivar kunne vise til at ho til tross for mange timar med opplæring fortsatt ikkje var i stand til å bruke den nye programvaren. Om arbeidsgivar ikkje har gitt slik opplæring eller ikkje har fått dokumentert opplæringa så blir det dyrt å gå til oppseiing som ender opp i arbeidsretten med klar beskjed om at det er arbeidsgivaren som har svikta i sitt arbeidsgivaransvar. Då er det nok fort fristande å berre snu ryggen til og la dama fortsette i stillinga dei få åra til før ho går av med pensjon, framfor å ta den ubehagelege samtalen.
- 57 svar
-
- 2
-
-
Er det eigentleg så vanleg at eigedomsmeklarar reklamerer med talet på arbeidstimar per salg? I den grad meklaren oppgir noko med tid så er det vanlegvis talet på dagar/veker for gjennomsnittleg salgstid. Prismessig også så er det jo slik at ein betalar meklaren for oppdraget pluss diverse tilleggstenester. Har aldri vært bort at eg har fått forelagt ei kontrakt på å betale for 65 meklartimar når eg skal selge. Eg vil tru at eit tal på 65 timar per gjennomsnittleg salg er berre ein anna måte å framstille at den gjennomsnittlege oppdragsmengda for ein eigedomsmeklar i 100% stilling er 30 salgsobjekt i året (1950 timar i eit arbeidsår delt på 30 objekt gir 65 timar). I så tilfelle vil det i disse 65 timane også være innbefatta uproduktiv dødtid og internarbeid som er ufakturerbare timar.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Drit lei av å jobbe som renholder og få skyld for alt
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Kva som er arbeidstida skal følgje av arbeidsavtalen. At det er ønskeleg at reinhaldet blir utført utanom opningstid og då må foregå på kveld/natt er ganske vanleg for reinhaldarar. Din sjef har heilt rett i at dersom det er ting med jobben din som du ikkje er fornøgd med så må du klage til din leiar og ta det med arbeidsgivaren din. Kunden du vasker for har ingenting med din arbeidsavtale å gjere. Angåande persienner og lufting, her tenker eg at det er innafor å yte ønsker ovanfor kunden, men at dette ikkje er noko du kan kreve. Eg vil også tru at mesteparten av solvarmen som er i rommet når du kjem for å vaske på kvelden må vel ha komt inn i løpet av dagen? Så det er mest truleg lite å hente på å stenge persiennene kl 18, for då er jo sola på veg ned. Det å lukke dører og vinduer må ein nesten kunne forventa at du husker på. Feil kan skje, og som du seier så kan det skje med kven som helst. Likevel så er det noko du bør unngå. Særleg vindu og utvendige dører som står opne og ulåste vil naturleg nok utgjere ein fare for innbrudd. Du har rett på å få den opplæringa du treng for å utføre jobben. Dersom du har fått i oppgåve å bytte filter på støvsugeren så skal du også ha opplæring i korleis du skal utføre dette. Og du skal openbart ha betalt for tida du bruker. Du skal sjølvsagt ikkje bruke ubetalt fritid på å bytte filter. Tilsvarande når du må bruke lengre tid på grunn av at det tek meir tid å støvsuge tepper enn å vaske flate golv, dette er sjølvsagt tidsbruk du skal ha betalt for. Det er riktignok lov å inngå arbeidsavtale om ei fastbetaling per utførte jobb, men då må betalinga du får være realistisk opp mot den tida som arbeidet tek. Dersom det er vesentleg meir arbeid med å vaske i dette objektet så må du openbart melde frå vidare til sjefen din. Ikkje berre får du feil betaling fordi du må bruke mykje lengre tid enn antatt på å vaske ferdig, men truleg så betalar også denne barnehagen forlite til din sjef om det er forhold i dette objektet som gjer det meir tidkrevjande.- 12 svar
-
- 1
-
-
Det koker ned til ei konkret vurdering. At journalisten bruker bekjente som dei har ein god tone med frå før vil normalt være innafor. Det er heilt vanleg at journalister ringer direkte til ein fagperson for å innhente informasjon i staden for å gå den formelle tenestevegen med å ringe til sentralbordet og så bli ein kasteball fram og tilbake til ein tilslutt ender opp med den same fagpersonen uansett. Det er likevel fleire punkt i vær varsom plakaten som ein som journalist og redaktør må ta omsyn til. Til dømes: For å nemne nokre punkt. Dersom journalister har ein alt for god tone med kjelda si så kan det føre til at saka ikkje blir belyst på ein journalistfagleg god nok måte. Det kjem også veldig ann på kva saka gjer. Dersom journalisten har fått tips om korrupsjon i ein frivillig organisasjon så vil det være særdels upassande å spørre sin kjæreste som er styreleiar i organisasjonen, og så ta kjærestens påstand om at her er alt i skjønnaste orden for god fisk utan kvalitetssjekk frå uavhengige kjelder. Men skal ein skrive ei gladsak om at den frivillige organisasjonen har samla inn 100 000 kr så er det på ingen måte betenkeleg å spørre sin kjæreste som også er medlem av organisasjonen om ein kjapp kvalitetssjekk som f.eks. på om organisasjonen har 50 eller 100 medlemmar i den lokale gruppa. Slik bruk av kjæresten som bi-kjelde vil ein normalt ikkje forvente skal opplysast om i artikkelen. Eg gjer meg også nokre tankar om at eit portrettintervju er vanlegvis berre koseprat, så det vil være lite grunnlag for å mistenke at intervjuobjektet i ettertid har inngått eit kjæresteforhold med journalisten for å påvirke journalisten til å publisere ein fordelaktig artikkel. Hadde det vært eit meir kritisk intervju, som til dømes ved styreleiaren av ein frivillig organisasjon, så kan det være meir grunn for å mistenke at journalisten har brutt vær varsom plakaten ved å ta imot private fordelar somer eigna til å påvirke journalistikken slik at det kritiske intervjuet blir publisert med eit langt mindre kritisk ordbruk.
- 7 svar
-
- 2
-
-
Er ikkje alle universitet eigd av staten slik at bygningsmassen er drifta av Statsbygg? Det er mogleg dette universitetet har inngått ein leigeavtale med kommunen slik at bygget er kommunalt, men igjen så er dette ei litt uvanleg løysing ettersom eg har inntrykk av at at når kommunen leiger ut eit kommunalt bygg så overlet ein også vedlikeholdsansvaret til leigetakaren for at kommunen ikkje skal ha kostnadane ved å drifte bygget. Her kjenner du mest truleg 3 statlege handtverkarar, eventuelt kjenner du 3 kommunale handtverkarar som ikkje jobber på eit universitet men på ein ungdomsskule, eventuelt på ein vidaregåande skule men då vil det være Fylkeskommunen som er eigar slik at dei 3 handtverkarane då er tilsett i fylkeskommunen. Tilbake til topic. Ein slik jobb, der ein i hovudsak kontrollerer at jobben til det innleigde firmaet er god nok, vil vanlegvis ikkje være unødvendig. Særleg når ein brukar veldig store summar på å leige inn firma så gir det fullstendig meining å lønne ein handfull med eigne handtverkarar som påser at arbeidet blir utført på ein fagmessig god måte og i tråd med det som er bestilt og betalt for. Det er heilt sikkert ein fin jobb, å som handtverkar sleppe å svinge hammaren og i staden bruke sin kompetanse til å kontrollere andre sitt arbeid, men jobben må/bør uansett utførast. Om ikkje så risikerer ein å betale store summar for arbeid som aldri bli utført eller som blir utført så dårleg at jobben må takast igjen.
-
Blått lys treng ikkje nødvendigvis å være eit problem. Det er blinkande blått lys som er varselet som gjer at du plikter å gi fri veg. Det er sjølvsagt relevant å tenke på forvekslingsfaren, men samtidig så er ikkje trafikkbiletet heilt fritt for blått lys frå før heller, både frå xenon lys som har eit blåskjær i fargen til diverse LED-dioder på bilsterioen og liknande som i eit lite augeblikk kan få deg til å tenke utrykkingskøyretøy fram til du innser kva det er. Eit fast blått lys som lager ein blå ring på bakken rundt motorsykkelen vil ikkje føre til spesielt store fare for at det blir oppfatta som eit blinkande blått lys frå eit utrykkingskøyretøy. Eg trur også at eit høgstittande blinkande lys som har anna farge enn blått kunne vært ein idé på motorsyklar. Om nødvendig så er det heller ikkje eit stort problem å også endre lysvarslinga til utrykkingskøyretøy til å bli enda meir unikt og synleg om nødvendig, som til dømes ved å veksle mellom fargar. Amerikansk politi nyttar vel ein kombinasjon av blinkande raude og blå lys. I mange land har motorsykkelpolitiet eit høgsittande blålys som er montert på ei stang for at lyset skal være synleg 360° rundt motorsykkelen. Sjølv om ein motorsyklist ikkje har same friheita som eit utrykkingskøyretøy til å bryte trafikkreglar så har motorsyklar ofte ein (loveg) køyrestil som kan være uventa frå andre billistar. Kunne det til dømes vært eit alternativ å sette krav til at motorsyklar skal bruke blinkande grøne "blålys" i særskilte situasjonar, som til dømes ved forbikøyring? Då får ein sjølvsagt ikkje lov til å bryte fartsgrensa eller får rett til å kreve fri veg, men det vil gi ein billist som til dømes skal svinge til venstre ein ekstra sjans til å oppfatte at det kjem ein motorsykkel bakfrå som har starta ei forbikjøyring. Eit alternativ til blinkande lys kunne også vært ei slags "sirene" med til dømes buldrelyd. Dette er lyd som tilkaller oppmerksomheit over korte avstandar, men som ikkje har lyd som bærer så langt at det høyres i særleg grad på lengre avstandar og som dermed ikkje burde gi vesentlege utfordringar med støy. Motorsyklar har i utgangspunktet låg synlegheit, så eg tenker at det burde være relativt uproblematisk å la motorsyklar få nytte hjelpemiddel som aukar synlegheita. Ikkje at eg vil opne for at personbilar og liknande får bruke "blålys" i andre fargar, men akkurat motorsyklar synes eg vi kunne vurdert å lage eigne reglar for, i alle fall om bruken er avgrensa til heilt spesielle situasjonar. (Eigentleg så har eg litt same oppfattinga på personbilar også, det er innmiellom at eg skulle ønske at eg hadde eit anna alternativ for å be om oppmerksomheit utanom bilhornet. Typisk eksempel er når eg køyrer forbi ein syklist, då tenker eg at det hadde vært ryddig om eg kunne gi eit lydsignal for å gjere syklisten oppmerksom på at eg held på å passere, men eg vil nødig føyte med eit høgt bilhorn og risikerere at syklisten blir så skremt at han velter. Burde bilhornet være konstruert slik at lydstyrken auker jo hardare ein trykker på knappen? Då kunne lette trykk med låg lyd blitt brukt til å gjere seg sett, medan eit hardt trykk med høg lyd er forbehold faresituasjonar.)
-
Det er nok litt nytteslaust å diskutere, men heile poenget i denne saka er at skulda og ansvaret er heilt objektivt plassert på den som burde ha ungått ulykka. Parallellen til vanleg bilkøyring er dersom nokon stopper/parkerer i vegbana med køyrelysa påslått i staden for parklys. Ja det er feil lysbruk som gjer det vanskelegare å bedømme fart og avstand til køyretøyet, samt å oppdage dersom det står personar ved køyretøyet. Det er likeve udiskutabelt at straffeansvaret må ligge på bilføraren som kjem køyrande i 80 km/t og som ser at der er lys lengre framme men som ikkje gjer eit einaste tiltak for å redusere risikoen, og som berre blindt antek at det sikkert er eit gatelys som står langt utanfor vegen, så her er det berre å dure på utan å lette på gassen eller som minimum legge seg ut i motsett køyrefelt for å gi sikkerheitsmargin ved passeringa. Det er ingen som har påkjørsrett. Situasjonen hadde vært ein heilt anna om dersom Sola TS også hadde slått av alt lys slik at skipet var vanskeleg å sjå. Men det blir for søkt å påstå at eit svært oljetankskip som er flombelyst ikkje var mogleg å sjå. Ja, det var nok vanskeleg å bedømme avstand, fart og kurs med alt dette lyset alle stadar, men det er heilt klart klandreverdig å berre anta at alt dette lyset måtte kome frå ein landinstalasjon som umogleg kunne utgjere ein fare. Ein kjem ikkje unna at vaktsjefen valgte å ikkje gjere ei einaste ulykkesreduserande handling til tross for at han beviseleg ikkje hadde oversikt over kva han segla imot.
- 117 svar
-
- 5
-
-
-
Er veldig usikker på om endring av aldersgrensa får så veldig stor betydning, og særleg når den berre blir endra med berre 2 år. Folk er så forskjellige at eg stiller meg tvilsom til om ein 18 åring er så mykje meir fornuftig enn ein 16 åring på MC. Det store problemet med MC er manglande risikoforståing, det er også mange godt voksne MC førarar som med vårsolas fyste solstråler er litt for harde på gassen og drep seg sjølv ved å køyre ut i ein sving. Eg tenker at den beste løysinga er meir opplæring, og at hasardiøs køyring må få større konsekvensar. I dag er det litt for lett for MC førarar å undra seg trafikkkontroll slik at mange råkøyrarar blir oppdaga men blir aldri innhenta og straffa. Det som er vanskeleg med å sette større krav til opplæring er at førarkortet då også blir mykje dyrare, og at endringa berre får betydning for ferske MC førarar. Eg synes likevel at det prinsipielt sett er problematisk å skulle kollektivt "straffe" alle i aldersgruppa 16 til 18 år med å heve aldersgrensa til tross for at eg er overbevist om at det også finnes 17 åringar som er i stand til å køyre fornuftig og som kan bruke ein lett MC til å dekke sine transportbehov på ein heilt anna måte enn ein kan med berre moped. Helt ærleg så trur eg også at vi kunne oppnådd langt høgare trafikksikkerheit også for MC førarar dersom det hadde blitt innført synlegheitskrav for både sykkel og førar. Billistar flest er ikkje oppmerksome nok på at det kan kome små motorsyklar i stor fart, og lysa åleine er tydelegvis ikkje nok. MC-førarar som velger å køyre med refleksvekst og hjelm i signalfarge er langt enklare å oppdage tidleg enn MC-førarar i svart køyredress som berre har frontlyset som synlegheitsmarkering. Eg tenker også at mykje kunne vært gjort med lyssetting på motorsyklar, kanskje særleg forbetra synlegheit på blinklys. Problemet her igjen er at vi i Norge er så låste til EU-direktiv som overkøyrer lokalt regelverk, så eit lokalt krav i Norge om at motorsyklar skal ha til dømes LED lys som markering også på sidene er vel i praksis umogleg å få til om ein ikkje også får med EU på laget. Eg skal ikkje unnskulde dei uoppmerksome bilførarane som ikkje oppdager og tek omsyn til MC-førarar, men samtidig så bør vi sjå om det kan innførast andre tiltak sjølv om ein som MC førar då kanskje må tole å sjå litt dust ut fordi ein må kle seg som ein trafikkdirigent.
- 255 svar
-
- 1
-
-
Det kan oppstå krangling i ettertid om verdien av fast eigedom endrar seg så mykje at det kan oppfattast som ulikt når det endelege arveoppgjeret skal fordelast.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Kjem heilt ann på kva som er avtalt. Men uavhengig av avtalen så meiner eg at det er kravstort å kreve betalt for tida mellom vaktene, når du alt på grunn av avtalen får betalt for 5 timar med overtid sjølv om du berre jobbar 2,5 time, og at dette skjer to gongar på same dag.
- 7 svar
-
- 3
-
-
Synes det har løyst seg greit ved at dei meir problematiske i kongefamilien ikkje har formelle roller som representant for Norge. Det er mykje som er bra med å ha ei kongefamilie, særleg det at dei er gode politisk uavhengige representantar, og som heller ikkje blir bytta ut kvart fjerde år.
- 117 svar
-
- 8
-
-
-
Viktig å ikkje bli for inspirert, for her er det strengt tatt inngått forpliktande avtale slik at etter norske reglar har kjøparen både rett til å få kjøpe tingen for $200 og potensielt også erstatning for den forsinkelsen det medfører å ikkje ha møtt opp på avtalt stad og tid. Attpåtil er det skriftleggjort slik at det er lett å bevise at det er inngått avtale.
- 22 svar
-
- 2
-
-
-
Burde politiMenn tjene mer enn politiKvinner?
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Oppslagstavlen
Vi har ikkje så mange slike yrker lengre. Sjølv i yrker der ein treng fysisk styrke så går ein meir og meir over til hjelpemiddel for å redusere slitasjeskader. I dei yrka der fysikk er viktig så er det heilt vanleg å også velge utifrå fysisk prestasjon. Det som ofte er vanskeleg er å finne den rette balansen av fysiske krav sett opp mot forventa arbeidsoppgåver. Eg synes til dømes at det er unødvendig strengt at politiet sett krav til symjeferdigheiter, det er mykje som har gått gale før det er forventa og forsvarleg at ein politimann skal hoppe i sjøen med våpenbelte og det heile. Politibetjenten kan ikkje nødvendigvis berre kaste frå seg tenestepistolen på bryggekanten før han hoppar heller, for det vil være uansvarleg oppbevaring av våpen. Og dersom argumentet er politiets eigensikkerheit tilseier at dei skal unngå å drukne om ein blir kasta i havet, så er det jo mange andre sjønære yrker som også burde ha krav til symjeferdigheiter.- 42 svar
-
- 2
-
-
Burde politiMenn tjene mer enn politiKvinner?
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Oppslagstavlen
Berre om det kreves bruk av fysisk makt. Ei kvinne som ikkje framstår som ein fysisk trussel (men som har verktøy for å utøve vold ved behov) vil typisk kunne løyse slike oppgåver ved å fyrst roe ned situasjonen slik at arrestanten blir med frivillig og ikkje treng fire politimenn for å flytte med makt. Eg følgjer logikken din, men det forutsetter at det berre er ei naturleg løysing. 50 politimenn som skal få kontroll på ein demonstrasjon og som ender opp med å hisse på deg demonstrantane slik at det må tilkallast 50 nye politimenn som forsterkingar, burde då få berre halve lønna av dei 50 politikvinnene som i eit tilsvarande oppdrag hadde roa ned demonstrantane slik at det ikkje var nødvendig med ytterlegare politiressursar på staden. Det optimale er vanlegvis ei god blanding for å på den måten ha flest handlingsrom. Skal politiet berre bestå av hammere så blir alle behandla som spiker sjølv om det beste verktøyet hadde vært å bruke sag.- 42 svar
-
- 2
-
-