
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 838 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det som gjer det vanskeleg er at kvaliteten kan variere svært mykje. Gråmarkedet på kinesiske fabrikker er stort. Det kan være at produktet er billegare i Kina fordi ein kutter ut det dyre mellomleddet som er norske forhandlarar og/eller at produktet du kjøper er ein ulisensiert versjon av orginalproduktet som arbeidarane produserer om natta for å tene litt ekstra. Det som ofte skjer er at ein sender bygginstruksjonar til ein kinesisk fabrikk med avtale om å produsere 100 000 eksemplar etter gitte kvalitetskrav. For fabrikken kan det då bli fristande å produsere 100 000 versjonar til som fabrikken selg sjølv når dei fyrst har utstyret og tegningane til å produsere. Då kan det være at fabrikken produserer 100 000 nye eksemplar som er identiske ulisensierte kopiar av dei 100 000 som dei hadde avtale om å produsere. Då er produktet du kjøper heilt likt. Eller så gjer dei det som dei ofte gjer at dei produserer heilt identisk produkt men sett eit anna merkenamn på det slik at dei kan hevde at produksjonsavtalen ikkje er brutt. Eller så kan du risikere at fabrikken tok den motsette versjonen der dei lagar noko billeg og dårleg drit som dei skjuler inni boksa med kvalitetsstempel og anerkjent logo på. No er ikkje dette eit veldig stort problem, det er tross alt ekstremt mange eksemplar som blir produsert i Kina, og dei fleste held akseptabel nok kvalitet til at dei ikkje utgjer ei umiddelbar brann eller berøringsfare. Hadde produkta vært livsfarlege så hadde vi lest dagleg om ulykker med slike produkt. Faren her er usikkerheita, og det faktum at dersom huset ditt brenn ned på grunn av ein billeg ladekabel så har du i praksis ingen muligheit til å holde nokon ansvarlege slik som du kan med elektriske produkt som du har kjøpt gjennom norsk forhandlar. Det er ikkje som at kineserane spekulerer i å produsere dårlege produkt, men når ein har dumpa prisen på produktet ned til nokre få kroner slik at arbeidaren har 2 sekund på seg til å lodde ein ladeport etterkvart som multiladerane raser forbi på samlebandet så seier det seg sjølv at denne arbeidaren ikkje har tid til å rette opp feil, blir det feil så går berre produktet vidare. Forhåpentlegvis blir slike feil uansett oppdaga på kvalitetskontrollen til slutt, men når også kvalitetskontrollen skal utførast på billegaste måte så blir kvalitetskontrollen ofte berre å kople straum på produktet for å sjå om det leier straum slik som det skal, det som ein slik test ikkje sjekker er om straumen går via overladingsvernet eller ikkje. Når ein då har stort produksjonsvolum så seier det seg sjølv at nokre farlege produkt slepp gjennom kontrollen, og eit litt mindre antall kan nok også sleppe gjennom kvalitetskontrollen sjølv om det ikkje fungerer i det heile tatt. Rådet er derfor å vurdere nøye før ein kjøper, ikkje gå for det som virker usannsynleg billeg, for det er det vanlegvis eit eller anna gale med enten det er fråværande kvalitetskontroll og produsert på billegaste måten eller at det rett og slett er tjuvgods. Enkle ladekablar er det mindre risiko med enn meir komplekse ting. Eg vil særleg oppmode om å være forsiktig med superbillige batteribankar ettersom dei inneheld mykje energi slik at dersom det går gale så er det mykje brannenergi i produktet som gir ein rask brann som er vanskeleg å sløkke. Dersom det er ledningsbrudd i ein ladekabel så vil det også være ein brannrisiko men då ofte risiko for ein litt mindre aggresiv brann ved at fyrst så smelter plaster og deretter antennes brennbare ting i umiddelbar nærheit. Det er langt mindre skummelt med ein mobillader som står i støpselet til den blir kjempevarm og til slutt smelter, enn det er med ein batteribank som plutseleg slepp 10 000 mAh med energi ut i rommet på få sekund.
-
Forstår at det har vært harde forhandlingar, men samtidig så veit eg ikkje om eg vil seie meg einig i at Fellesforbundet har vunnet så veldig mykje. No veit eg sjølvsagt ingenting om kva som var ståa når det vart streik, men basert på det som eg har oppfatta så hadde SAS eit tilbod om ei lønnsaukning som låg like under frontfagsresultatet på 5,2% og at SAS nok ikkje var villige til å innføre nye rettigheiter. I VG så har Fellesfornundet lista opp følgjande hovudpunkt: 24 helgefridagar mot 12 før Lovnad om at dei skal få planlegge matpausa slik at den kan takast på bakken. Og innfridde lønnskrav* *Dei innfridde lønnskrava står det litt meir om lengre ned i artikkelen og skal dreie seg om rundt 30 000 kr til alle slik at det er dei med lågast lønn som får mest. Pluss eit flytillegg til alle på kr 10,60 pluss eit større tillegg som er lovd om nesten 1,5 år frå 1 januar 2026. Samla sett skal flytillegga utgjer 18 000 kr, men eg forstår det slik at her er det innrekna den summen som dei har blitt lovd i 2026. Eg noterer med at Jørn Eggum er veldig vag på om at han meiner 30 000 kr pluss 18 000 i tillegg, eller om disse 18 000 i tillegg er innrekna i desse 30 000 kr. Eg mistenker sterkt at dei 30 000 kr er den utrekna verdien der ein har med flytillegg for 2024, 2025 og 2026. Med rekneeksempel om at dei flyvertane med lågast lønn hadde 327 300 og no får 30 000 kr flatt tillegg (kan godt sjå for meg at det er litt mindre ettersom Fellesforbundet presenterer resultatet som rundt 30 000 kr og ikkje over 30 000 kr som hadde vært mest naturleg om dei hadde oppnådd over 30k og skal skryte av resultatet). Uansett så gir dette omtrent 9% aukning for dei med lågast lønn. Men om 18 000 av dette er reine tillegg så er den ordinære lønnsaukninga på berre 12 000 som gir ei lønnsaukning på 3,66% for dei med lågast lønn. Det er fint med flytillegg, men kor mykje dette utgjer kjem veldig ann på kva som blir rekna som flytid. Sannsynlegvis er det berre tida frå flydøra blir stengt til flydøra blir opna. Eg ville også vært litt forsiktig med å juble over ein lovnad om at i 2026 skal tillegga auke, den kostnaden blir nok fort tatt inn i lågare generell lønnsaukning. Eg har ein sterk mistanke om at når ein finrekner med heile lønnsmassen og ikkje berre dei med lågast lønn, og fordeler tillegga på dei åra dei høyrer heime, rekner litt på virkningsdatoar, osv så har ein enda opp på i underkant av frontfagsramma berre presentert på ein litt anna måte. For meg ser det ut som at Fellesforbundet har gått til streik for å "vise handlekraft" og deretter har dei akseptert fyrste meklingsforslaget som har komt på bordet. Det sagt så, vil ein avtale om at ein no har rett på arbeidsfri i 12 helger (24 dagar), mot berre 6 helger (12 dagar) før vil nok gjere mykje for trivselen i yrket.
-
For arbeidarane som treng å finne seg ny jobb så medfører det liten risiko. Enten får dei betre lønn og kan forbli i jobben ei stund til, og går SAS konkurs så endrer det berre måten arbeids forholdet blir avslutta på. Det sagt så er det sjølvsagt ikkje berre ulemper for dei kabintilsette, for då hadde dei slutta for lenge sidan. Det denne konflikta handler om er at dei tilsette har nærma seg ei grense der lønnsutvikling går feil veg samanlikna med resten av arbeidsmarkedet, og at i tillegg til låg lønn så er også arbeidsforholda dårlege.
-
Korleis er stillinga du har i dag samanlikna med stillinga du fekk tilbod om til høgare lønn? Om det er så og seie identiske stillingar så vil du aldri få den lønna som du er verdt i noværande bedrift. Det er greit nok at du kan få meir lønn om du kjem eit hakk opp og får meir ansvar, men du vil nok også få ytterlegare lønnsaukning om du rykker opp i den konkurrerande bedrifta. Om det er slik at du må ta på deg meir ansvar og jobbe meir for å få den lønna du burde hatt noværande stilling så vil du aldri nå opp lønnsmessig i dagens bedrift. Mitt råd til deg er at du tek oppigjen dette jobbtilbodet ved neste lønnssamtale og at du då har lågare terskel for å søke det vekk om du ikkje får noko handfast. Du bør ikkje la deg lure til å gå i åresvis med tomme lovnadar om framtidig lønnsaukning. Likevel så er ikkje lønn alt, trivsel og andre goder er sjølvsagt også viktig. Dersom du ikkje oppnår meir lønn hos dagens arbeidsgivar fordi det ikkje er økonomi til det, så er det sjølvsagt eit alternativ å forhandle om andre goder som ikkje medfører større lønnskostnadar for bedrifta. Som til dømes kortare arbeidstid, fleire ferie/fri-dagar, E-kom tenester betalt av arbeidsgivar, meir bruk av heimekontor, tilbod om å kunne ta kurs og utdanning, osv. Dessverre så er det slik at lojalitet ikkje lønner seg, om du hadde tatt denne nye jobben, fått høgare lønn, og deretter neste år søkt deg tilbake så er det store sjansar for at du hadde fått tilbod om same lønna som du kjem inn med pluss litt meir fordi det er dette bedrifta må betale for å klare å tilsette arbeidstakarar. Eg seier ikkje at du skal hoppe frå arbeidsgivar til arbeidsgivar i eit evig jag etter litt høgare lønn, men samtidig bør det være tydelege fordelar for deg om du skal gå rundt og være lojal utan å få noko igjen for det.
-
I så tilfelle så bruker han passet til å påberope seg ei rettigheit som han ikkje har. Han har ikkje fått innvilga diplomatisk immunitet, og sjølv om han hadde hatt diplomatisk immunitet så hadde ikkje det hatt betydning i heimlandet. Alle diplomatar kan straffeforfølgast i heimlandet. Immuniteten har ein fordi utanlandske statar ikkje skal kunne bruke påstand om kriminalitet for å stoppe det diplomatiske arbeidet, utanlandske statar kan berre utvise diplomaten. Ofte med ei forventning at heimlandet skal straffeforfølge diplomaten for openbare lovbrot for at det ikkje skal gi diplomatiske konsekvensar i framtida.
-
Statsansatte som kjøper brukte bærbare maskiner og telefoner fra arbeidsgiver
The Avatar svarte på ilpostino sitt emne i Juss
Så lenge forskrifta gjeld for materiell og fast eigedom så skal den gjelde for alt. I paragraf 8 er det presisert at etatsjefen kan gi bort materiell som gåve dersom det er materiell med låg verdi. Det kan sikkert diskuterast kva som er låg verdi, men datamaskiner og mobiltelefonar vil vanlegvis utgjere ein verdi som ikkje er ubetydeleg, men i praksis så kan eg ikkje sjå for meg at ein følgjer forskrifta og ber om etatssjefens skriftlege godkjenning til å kunne gi bort ein kulepenn eller liknande som er av heilt ubetydleg verdi sett i det store bildet. (Det kostar vel langt meir i lønnskostnadar å gi eit skriftleg samtykke enn det kostar å berre kjøpe ein ny penn).- 9 svar
-
- 1
-
-
Dette har sjølvsagt resten av kongefamilien vært klar over, men dette er heilt vanleg og burde ikkje kome som ei overrasking. Marius er ein del av kongefamilien (sjølv om han ikkje er i arverekka) og har vært med sin mor på offisielle reiser til utlandet. Alle som reiser til utlandet på vegne av den norske staten har eit objektivt behov for diplomatpass. Diplomatpasset i seg sjølv gir ikkje immunitet, diplomatisk immunitet er forbeholdt diplomatar. Det som diplomatpasset gir av fordelar er ein del fordelar for toll- og visum, og enklare sikkerheitskontroll slik at utenlandsreiser kan skje både raskt og smidig, samt på kort varsel utan å vente i dagesvis på at visumsøknaden skal behandlast. Det er ingen stor sensasjon at Marius har diplomatpass, sjølvsagt har han det som medlem av kongefamilien. Formelt sett så er det kong Harald som slår fast kven som utgjer kongefamilien, så nå når Marius er myndig så kan kongen i utgangspunktet utelukke Marius frå kongefamilien, men det har han altså ikkje gjort (enda).
-
Hvorfor skattelegger vi ikke bare en del av gevinst på bolig?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Eg er i vertfall einig i at incentiva er for dårlege, mykje på grunn av at for mange pensjonistar så blir det ofte slik at dei skal selge ein einebustad med oppussingsbehov, og så skal dei kjøpe noko som er nesten heilt nytt og som har alle påkrevde byggtekniske fasilitetar som også presser prisane opp. Så då blir det som seier slik at ein får så lite for det ein selg at ein må ta opp eit nesten maksimalt huslån for å kunne kjøpe leilegheit i staden for. I kor stor grad lelegheit er bra eller dårleg for pensjonistar er nok veldig personavhengig. Fordelen i ei leilegheit som gjerne har heis er at pensjonisten kan bu der bortimot livet ut, utan å måtte gå steget om ein omsorgsbustad eller havnar rett på sjukeheim alt for tidleg. Ei leilgheit med heis gjer det også mogleg å kome seg ut av huset, det hjelp ikkje å ha stor hage om ein i praksis ikkje kjem seg ut i hagen for å jobbe der.- 113 svar
-
- 1
-
-
Hvorfor skattelegger vi ikke bare en del av gevinst på bolig?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Dagens skattepolitikk er alt eit kompromiss. Dersom du selg bustaden du sjølv bur i så slepp du å skatte på gevinsten, medan dei som eig bustadar som dei ikkje bur i må skatte av gevinsten. For å gi litt fleksibilitet så er regelen at du må ha budd i bustaden minst 12 månadar dei siste to åra. Hadde all gevinst ved bustadsalg vært skattlagt så ville det ført til mindre omsetting av bustadar, som igjen gjer det enda vanskelegare å finne ledig bustad som passar både budsjettet og behovet. Ideelt sett så burde folk flytte oftare. Pensjonistar i store hus bør ha mest mogleg incentiv for å selge einebustaden sin til ei ung barnefamilie for å kjøpe seg ei praktisk leilegheit i blokk. Om det er ein ting som eg ville ha endra på, så er det dokumentavgifta. Dette er ei rein avgift som går langt utover det som er nødvendig å kreve inn for å ordne med den formelle dokumentasjonen. Sjølv om avgifta "berre" er 2,5% så bidreg den etter mitt syn til prisveksten på bustadar, når bustadprisane går opp så går også dokumentavgifta opp, som igjen gir behov for selge yrare neste gong, osv.- 113 svar
-
- 2
-
-
Kva du eventuelt bør gjere er heilt avhengig av kva du ønsker å oppnå. Det er også eit spørsmål om kva du sjølv er villig til å ofre, til dømes vil du nok ikkje få eit godt samarbeidsklima med sjefen din dersom politianmelder vedkommande. Eg tenker at eit alternativ å ta kontakt med enten avsendar eller rett mottakar av pakken for å informere om det du veit, og så får ein av disse ordne med politianmelding som berørte partar om dei ynskjer det. På den måten vil du kanskje også klare å holde din involvering i saka hemmeleg for sjefen etter som du berre er indirekte involvert. I tillegg så er det fornuftig å kvalitetssjekke at opplysningane du har stemmer, det er til dømes ei teoretisk moglegheit for at butikksjefen har tatt kontakt med rette mottakaren og at dei har gjort ein avtale om at butikksjefen kunne få behalde/kjøpe pakken, og då dett grunnlaget for å anmelde eit underslag vekk. Det andre alternativet er å ta dette bedriftsinternt ved å melde inn saka til konsernleiinga, som kan følgje opp dette som ei personalsak. Enten ved å gi skriftleg advarsel, at butikksjefen blir sagt opp, eller ved at det blir innført nye føringar som skal gjere det vanskelegare å underslå feilleverte pakkar i framtida.
-
Nå er eg ingen ekspert på psykotika, men eg er ganske sikker på at antipsykotika, tek brodden av vrangforestillingane men at det ikkje gjer noko for verken ideologisk overbevising eller samvittigheita. For å kaste ein stor stein i glashuset: Sjølv om at Breivik skulle ha godt av antipsykotisk medisin, så kan eg ikkje sjå kva det eventuelt skulle endre. Slik medisinering vil ikkje gjere han "frisk" slik at han kan sleppast fri, og slik som eg forstår det så oppfører ikkje Breivik seg så utagerande psykotisk at han burde vært medisinert for å være lettare å handtere for fengselet heller. Om Breivik ikkje sjølv vil ha slik behandling så ser eg ingen grunn til at Staten skal bruke meir pengar på å holde han medisinert. Når medisineringa heller ikkje fungerer som "tortur" ved at Breivik får dårleg samvittigheit så er det i alle fall ingen grunn til å bruke pengar for at Breivik skal få det litt betre, og då særleg når han ikkje sjølv ønsker slik behandling.
-
Alt han mangler er helsetrøya. Det er i vert fall klart posert bilde, så dette syner ikkje Marius i det han er klar for å dra på byen for å seie det slik. Det som er kritikkverdig er at dersom dette bildet var meint som eit ironisk tullebilde, så ligg det litt vel nært realiteten med den livsførselen han har hatt. Så han kan sikkert unnskylde seg med at dette er eit overdrevent tullebilde, men eg trur han skal slite med å bortforklare at dette er ein representasjon for kva holdningar Marius har. Han kan kanskje påstå at dette er hans måte å visualisere korleis han trur han blir oppfatta, men vi kjem ikkje unna at det å posere på denne måten viser dårleg dømmekraft, sjølv om eg forstår at bildet var tenkt til privat bruk. Hadde han kledd seg ut som nazist slik som prins Harry gjorde på ein utkledningsfest så er i det minste unnskyldning at det var dårleg dømmekraft men at det i det minste ikkje danna grunn for å tru at prins Harry var nazist ettersom det openbart var eit kostyme. Denne framstillinga som Marius viser på dette bildet treff nok ubehageleg nært realitetane, sjølv om det ikkje var meinga at bildet skulle publiserast.
-
Kva er dette for ein stråmann? Ulykka og skuldfordelinga har ingenting med forsvaret å gjere. Hadde det vært hurtigruta MS Nordkapp (som er berre litt større enn KNM Helge Ingstad) som hadde seila nedover utan lys, utan AIS, utan radiokommunikasjon, og som i tillegg bryt havets høgreregel om å vike til styrbord, så hadde konklusjonen vært heilt lik. Det er utvilsomt vaktsjefen på KNM Helge Ingstad som hadde mesteparten av ansvaret er, uavhengig av kva feil Sola TS, losen og VTS gjorde så gir ikkje det påkjørsrett. Om så Sola TS hadde retta lyskastarane mot KNM Helge Ingstad for å blende brua og lagt seg på kollisjonskurs med mål om å kollidere med KNM Helge Ingstad så burde vaktsjefen vært i stand til å unngå ein kollisjon. Sola TS er så stor og treig at relativt sett er skipet nesten stilleståande samanlikna med KNM Helge Ingstad. Eg kan likevel være einig i at vaktsjefen vart satt i ei veldig vanskelig situasjon ved å ta på seg eit ansvar som han ikkje var klar for eller bevist nok på. Eg har full forståing for at det som ung vaktsjef er vanskeleg å ikkje berre følgje det systemet som forsvaret har lagt opp til. Sjølv om vaktsjefen har det fulle ansvaret for skipets sikkerheit så forstår eg at han nok ikkje kjente på at han hadde reell styringsrett til å beordre lågare fart eller til og med at skipet skulle gå til kai for natta om mannskapet ikkje var våkne og oppmerksome nok til å gjere jobben sin. Nå vart det riktig nok ikkje berre vaktsjefen som vart dømt, også forsvaret som organisasjon fekk foretaksstraff og måtte betale 10 mill på grunn av manglande internkontroll. Retten har slått fast at det vart gjort frå Sola TS og Ferdje VTS, men ikkje av ein slik grad at det gir grunnlag for å redusere straffa til vaktsjefen.
- 117 svar
-
- 5
-
-
-
Grensa for kva som er nasking ligg typisk på rundt 1000 kr, litt avhengig av omstendigheitene. Har sett nokre eksempel frå USA der butikken har prissatt alle varene til fleire hundre dollar og med kraftig rabatt i kassa for å lettare kunne straffeforfølge butikktjuvar. Vil det same fungere i Norge. Dersom du stjel ei brus som butikken har prissat til 3000 kr på prislappen men gir 99% rabatt i kassa slik at du berre betalar 30 kr, har du då stjelt for 3000 kr eller 30 kr? Og korleis stiller det seg om brusa som vanlegvis kostar 25 kr i innkjøp og med 5 kr avanse slik at det står 30 kr på prislappen, blir annonsert på tilbod til 10 kr for tiltrekke seg kundar, er det då prislappen eller den reelle verdien som blir gjeldande?
-
Kunst og kultur er sjølvsagt alltid relativt, men er heilt einig at slik støtte bør enten være tufta på at det er økonomisk gunstig, altså at genererte inntekter i form av salg, skatteinntekter, arbeidsplassar, osv blir større enn det ein har putta inn. Eller så må det være eit prosjekt som tener norske interesser, som til dømes å formidle norsk kultur. Når ein rekner på det økonomiske så må det være snakk om realistisk inntening. Når ein gir millionbeløp for at Tom Cruice skal filme nokre scener i Norge så må ein få noko igjen. At Mission Impossible produksjonen skal få stenge ned Prestestolen for å filme der, og deretter framstiller dette som eit fjell i India, så stiller eg meg tvilande til at turisteffekten blei spesielt merkbar. Dustborn er eit reint underhaldningsprodukt som like godt kunne vært produsert i USA. Fordelane for Norge er då avgrensa til at vi har holdt eit norsk spelstudio i drift, og moglegvis at spelet utgjer eit sleivspark som kritiserer amerikansk kultur. At spelstudioet Red Thread Games har tidlegare laga spelet Draugen viser at spelstudioet er i stand til å fronte norsk kultur, det spelet er tross alt satt til Norge. Det spørs om ikkje nokon har blitt ført bak lyset når det vart søkt om støtte til å lage Dustborn.
- 194 svar
-
- 2
-
-
Håper du ikkje også er tilhengar av meir restriktiv innvandringspolitikk, for då er ironien fullsatt. Det er fint mogleg å kutte all grensekontroll og ikkje be om verken ID eller stille spørsmål, men det gir sjølvsagt eigne utfordringar.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Nei du er ikkje pålagt å svare, men konsekvensen er at du ikkje får reise. Immigrasjonsmyndigheitene skal avklare om formålet hei reisa stemmer med det du har fått løyve til. Typisk at ein då skal sjekke om dei som har erklært seg sjølv til å være turist faktisk berre er på besøk og ikkje har til intensjon å til dømes jobbe eller busette seg.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Siste spikeren i kista for CO2-hypotesen !
The Avatar svarte på Frank Olsen sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Fin konklusjon, trur det er lite ueinigheit om at det er atmosfæren som skaper global oppvarming. Det er dette som er drivhuseffekten, at atmosfæren reflekterer varmestråling tilbake til jorda i staden for å forsvinne ut i verdensrommet. Om ein tilskriver dette fenomenet med ei klarare atmosfære kjem heilt ann på kva ein definerer som "klart". Det avgjerande spørsmålet er likevel kva er det som har ført til at atmosfæren held betre på varmestrålinga. CO2 er ein av gassane som gir mer drivhuseffekt. Det som eventuelt er igjen å krangle om er om drivhuseffekta er menneskeskapt, om den er naturleg men er forsterka på grunn av menneskeleg aktivitet, eller om den utelukkande skyldes naturlege fenomen som hadde skjedd uavhengig av menneskleg aktivitet. -
Hvorfor har vi så lite risikokapital i Norge?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Økonomi
Utan å ha dokumentasjon på det så vil eg anta at risikoviljen er større i USA fordi ein fortsatt held på den amerikanske drømmen om å kunne bli veldig rike. I tillegg har ein også mentaliteten om "fake it till you make it", der alle investorane som tek risiko og taper blir ignorert og gløymde medan alle investorane som har flaksen på sin side blir dratt fram i rampelyset. I Norge så har nok mange eit meir realistisk forhold til investeringar. Vi har også mange gode alternativ til investeringa, særleg bustadmarkedet er som påpeikt eit godt investeringsobjekt som både gir stor avkastning med svært liten risiko for tap. Det er nok heller ikkje fullt like attraktivt å være steinrik i Norge. I Norge så har vi kultur for lite klasseforskjellar mellom folk, så ein blir i stor grad behandla lik enten ein er fattig eller rik. I USA er rikdom i langt større grad også ein snarveg til fordelar som folk flest ikkje får. Dette fører etter mitt syn til at viljen til å gamble alt på å kanskje bli superrik er liten. I Norge er det langt meir attraktivt med "trygge" investeringar der målet er å bli middels velståande. Det å ha nok pengar til å kunne leve komfortabelt utan å ha så mykje pengar at ein blir skatta ihjel er eit bra kompromiss etter norske forhold.- 10 svar
-
- 4
-
-
-
Bot blir sjølvsagt lempa i alle fall delvis over på kundane, ein stad må jo pengane kome frå og Konkurransetilsynet har ingen myndigheit til å kreve at pengane skal kome frå utbytte eller leiarlønningar. Eg meiner at bruken av prisjegarar ikkje er spesielt grovt, for sjølv om dei brukar prisjegarane til å sette prisane likt det andre kjeder har, så har vi også fordelen av det når det på grunn av prisjegarar oppstår handelskrig der alle kjedene dumper prisane på dagen på enkelte matvarer. Det som er problemet er at Konkurransetilsynet aktivt hindrar oss forbrukarar å få tilgang til denne prisinformasjonen. https://e24.no/privatoekonomi/i/9vrn5r/konkurransetilsynet-kritisk-til-dagligvareportal Slik som det er no så er det berre daglegvarekjedene sjølv som har god prisoversikt nettopp fordi dei bruker prisjegarar til å sjekke og registrere prisane hos konkurrentane. Eg er heilt sikker på at dersom forbrukarane hadde hatt tilgang til alle prisane, til dømes gjennom ein app der ein sett opp handleiste og får opp kva prisen er på butikkane i ditt nærområde, så hadde prisane blitt pressa ned. Daglegvarekjedene har enkelte varer som dei annonserer med tilbod på, særleg då dei matvarene som vanligvis danner grunnlaget for handlekorga som VG sin matbørs bruker som samanlikningsgrunnlag. Disse varene tener dei ikkje så mykje på, kanskje også med tap. Det dei tener på er alle andre varene som kundane ikkje er prisbeviste på og som aldri blir annonsert som tilbodsvarer, som til dømes hygieneprodukt. I tillegg til dei vanlege matvarene som det ikkje er tilbod på. Slik som det er i dag så må du sjølv gå innom alle daglegvarebutikker for å sjå på alle prisane, og deretter ta ei ny runde for å handle. Dette har folk flest ikkje tid til. Men eg er heilt sikker på at dersom eg enkelt hadde fått opp i ein app at denne veka så er det billegast å handle på Coop, med unntak av ost, dopapir og brus som er mykje billegare på Kiwi butikken på andre sida av gata, så hadde eg vært langt meir konsekvent i å handle billegaste varene på dei billegaste butikkane. I dette gitte eksempelet så ville ikkje Coop fått solgt osten sin utan å sette ned prisen til same nivå som Kiwi. I dag så veit eg ofte ikkje at osten er mykje billegare på Kiwi og kjøper den derfor på Coop fordi eg var innom likevel for å handle dei store sjokoladeplatene som dei har annonsert som tilbodsvare på store plakatar.
- 11 svar
-
- 1
-
-
Ein anna sannsynleg konsekvens er at Bring seier opp avtalen med å ha post i butikk hos den aktuelle butikken. For mange butikkar er dette ein viktig tilleggsinntekt, både for å oppretthalde arbeidsplassar og for å i det heile tatt ha tilstrekkeleg med inntekter til å unngå ein konkurs.
- 12 svar
-
- 3
-
-
-
Det var i alle fall variert med spel frå både fyrste generasjon slik som Pac-Man til Concord som kjem ut i morgon. Kor kjente spelunivers dette representerer kan nok diskuterast. Du må nok være minst 50 år og fortsatt aktiv gamer om du skal ha eit nært fohold til alle disse speltittlane, sjølv om at også yngre spelarar kan sjølvsagt ha testa ut dei gamle klassikarane i nyare tid. Det eg kanskje har minst forventningar til er Dungeon & Dragons, sidan det antagelegvis ikkje referer til eit bestemt dataspel og vil nok då få ei historie som minner på settingar som vi har sett 1000 gongar før.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Eg trur det kanskje skal holde hardt om partane blir einige tidsnok til å rekke utbetaling på desemberlønna. Ser på tekna sine sider at kjennelsen ikkje vil føreligge før alle partane er ferdige. Så sjølv om Akademikerne og Unio "tjuvstarter" den 7 november så er det sluttføringa av den frivillige lønnsnemda til LO Stat som avgjer år heile oppgjeret blir ferdig. Det er sjølvsagt veldig vanskeleg å spå, men eg trur at lønnsnemdbehandlinga kan ta lang tid ettersom det strid om heile prinsippet for framtidige forhandlingar og ikkje berre eit spørsmål om økonomi. Akademikerne og Unio kjemper for å få behalde sin tariffavtale medan Staten med støtte frå LO vil ha alle tilbake på same tariffavtale. Den frivillige lønnsnemda mellom Staten og LO vil være ganske grei skuring dersom Staten vinn fram med å få Akademikerne og Unio over i same tariffavtalen som LO har, men dersom Akademikerne og LO vinner fram med å få behalde sin tariffavtale så må vi forvente at LO vil forhandle sterkt om å oppnå tilsvarande fordelar som Akademikerne og Unio då får behalde. Ein skal huske at LO sitt viktigaste krav og største "seier" i årets lønnsoppgjer var å få Akademikerne og Unio over til same tariffavtale som LO har, så dersom Akademikerne og Unio vinner fram så faller nesten heile grunnlaget for einigheit mellom LO og Staten bort. Virkningstidspunktet blir typisk satt til den datoen der arbeidarane tok opp igjen arbeidet, så det vil ikkje være veldig overraskande om virkningstidspunktet blir satt til starten av juni og ikkje 1 mai, dette er likevel også noko som partane skal bli einige om i lønnsnemnda. Dersom det blir einigheit i tidsnok til å rekke desemberutbetalinga så må ein nok rekne med at det berre blir 6 månedars tilbakebetaling og ikkje full tilbakebetaling til 1 mai. Sjølv om virkningstidspunktet blir endra så kan det være at ein klarer å kompensere for det med å oppnå høgare forhandlingsresultat. Det kan være at partane rekk å bli ferdige til desemberlønna men det krever at forhandlingane går raskt unna. I staten er lønningsdagen vanlegvis den 12 i måneden, og vanlegvis er også fristen for å levere inn timelister siste dagen i måneden før for at personal og økonomi skal rekke å endre lønnsutbetalinga og lage lønnsslipp før endeleg utbetaling om morgonen den 12. I praksis må alle nemdbehandlingane være ferdige innan torsdag 31 november for at ein skal rekke å få utbetalinga på desemberlønna. Når det gjeld samla resultatet så vil det overraske meg sterkt om resultatet avviker veldig mykje frå frontfagets årslønnsvekts på 5,2%, det kan godt være at resultatet blir litt lågare men eg tviler på at det blir svært mykje lågare, det er tross alt ikkje pengar denne streiken handlar om. Datolønnsveksten i prosent som ein får frå 1 mai, eller 2 / 5 juni vil sjølvsagt bli lågare på grunn av overhenget, men overhenget får ein også med seg over til neste år så over tid så vil det utjamne seg. Med årslønnsvekst på 5,2% som etter overheng og glidning gir 1,9%, og som då skal utbealast for dei siste seks månadane så vil nok datolønnsveksten være rund 3,8%. I realiteten blir resultatet høgare ettersom ein dreg med seg dette resultatet over til neste år som då gir eit mindre overheng.
-
Det er heilt vanleg at den øvste leiaren har immunitet. Ein viktig grunn til dette er at det skal være mogleg å utøve myndigheit utan å heile tida bli stoppa av anklager om ulovlegheiter. Ein anna viktig grunn er at Staten må stå over lova for at vi ikkje skal få sirkelargumentasjon der lovbrytarar blir satt i fengsel og deretter blir påtalemyndigheita anklaga for friheitsberøving som også er ulovleg. For Norge sin del så gir det eit litt merkeleg utslag ettersom utøvinga av statsmakta ikkje lenger ligg til kongen som person. Sånn sett synes eg det er langt meir merkeleg at den amerikanske presidenten har benådningsfullmakt. At presidenten sjølv ikkje kan settast i fengsel blir litt slik som at kongen har immunitet, men at andre utan tilknytting til myndigheitsutøvinga skal kunne bli benåda av ein persons vilje er langt meir spesielt.
- 27 svar
-
- 1
-
-
Kan det være eit alternativ å tydeleggjere at dette er ei gåve ved at mora di gi dykk to ei mykje større pengegåve ein gong i staden for at dykk får eit stort pengebeløp på slutten av året kvart år? Sett utanifrå så virker det veldig som at det er betaling for arbeidet som har blitt utført dette året, og at det kan ligge ei gjensidig forventning om at dersom du gjer det same også komande år så vil du kunne forvente ei tilsvarande "gåve" også neste år. Gåver over 100 000 kr må du oppgi på skattemeldinga, men du skal fortsatt ikkje betale skatt av det du har fått i gåve, det er ei rein registreringsplikt for å kunne spore at pengane har eit lovleg opphav. Dersom din mor kunne gitt eit større beløp enten berre ein gong, eller med fleire års mellomrom så vil det være med å tydeleggjere at gåva ikkje fordrer at du utfører arbeid. Dersom det er ei reell gåve så skal det ikkje høyre med ei motyting. Så du skal stå heilt fritt til å slutte å hjelpe din mor utan at det i seg sjølv medfører at du neste år ikkje får "gåve". Ikkje at eg trur det er nokon fare for at du tek pengane og lar mora di klare seg utan hjelp, for som du seier så er det den naturlegaste ting å skulle hjelpe sin mor. Ved å gi eit større pengebeløp så vil din mor ta ein "risiko" på at ho ikkje nødvendigvis får noko tilbake i bytte mot gåva, det er nettopp dette som er definisjonen på ei gåve.