
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 838 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det er ikkje bra med sløve politikarar heller, men eg kan trygt seie at eg identifiserer meg langt meir med folk som er sløve enn eg identifiserer meg med lovbrytarar.
- 59 svar
-
- 1
-
-
Til Velle sitt forsvar så synes eg at Dagbladet her koker meir suppe enn det er grunnlag for. Så vidt eg forstod så har Velle sørga for at representasjonen er i orden ved å sende ein vara til å ta hans plass i møtet. Unntaket var eit møte der han kom 45 min forseint til og som var fyrste møtet han ikkje hadde meldt forfall til, det tyder jo på at han hadde intensjon om å møte opp. At han ikkje deltok på studieturen og heller ikkje meldte fråfall er klønete handtert sjølv om det er eit frivillig arrangement. Særleg om det alt var bestilt og betalt billettar og hotell for han.
- 59 svar
-
- 3
-
-
For min del er dette eit større tillitsbrot sjølv om det ikkje er ulovleg. At ein politiker er kriminell og grabber til seg økonomiske fordelar som ein ikkje har rett på går i veldig liten grad utover meg som velger. Men når representanten som eg har stemt fram for å fronte min meining i politiske forum ikkje ein gong møter opp så går det direkte utover meg ettersom eg då like gjerne kunne stemt blankt.
- 59 svar
-
- 3
-
-
-
Det er hovudsakleg to teknikkar som blir brukt. Den fyrste er naturlig råtning. Den metoden tek litt tid, og vanlege måtar å akselerere forråtnelsen på er å grave opp mest mogleg av jorda rundt og erstatte den med kompost og planteavfall som råtner fort, og deretter pakke både rota og komposten inn i plast slik at fuktigheit og temperatur gir raskare forråtning. Den andre måten er å bruke kjemiske hjelpemiddel som får stubben til å rotne. Eg er likevel usikker på om slik kjemisk stubbefjerner er noko som vanlege folk får kjøpt lengre. @Delvis Denne stubben er så liten at eg ville vurdert å berre ofre eit motorsagkjede og bruke motorsaga som ein manuell stubbefjernar. Det du då gjer er at du sager vekk mest mogleg av det som stikker opp. Deretter er det lurt å grave litt rundt og fjerne det meste av stein og slikt. Deretter så stikk du berre motorsagsverdet ned i stubben mange gangar og på den måten freser vekk stubben og røttene. Du kjem til å øydelegge sagbladet men det gjer ikkje noko, berre prøv å sage minst mogleg i stein og andre harde materialer som slit meir på kjedet enn nødvendig.
- 15 svar
-
- 4
-
-
-
På generelt grunnlag så vil eg anbefale å også ta manuell sikkerheitskopi av ting som er spesielt viktig å sikkerheitskopiere. Særleg bilder, men også SMS og telefonlogg om det er viktig for deg. Slik Backup er stort sett enklast ved å kople telefonen til ein PC og så kopierer over dei filene du vil ta backup av. Det som gjer at vanleg sikkerheitskopi og gjenoppretting på ein ny telefon ikkje alltid fungerer 100% er at på Android så kan det være litt forskjell på dei ulike telefonmodellane, så det er ikkje nødvendigvis slik at den appen du har på gamletelefonen er fullt ut kompatibel på den nye telefonen som har litt anna software og hardware. Merk også at enkelte appar kan ha sin eigen funksjon for å sikkerheitskopiere data. Det er til dømes ikkje alle chatte-appar som gir Google, Samsung, Sony, osv til å kopiere ut full meldingslogg. På enkelte av disse appane så vil sikkerheitskopien berre ta kopi av at du har installert appen, og deretter må du gjenopprette meldingsloggar og liknande frå den aktuelle appen. Dei fleste telefonprodusentane som Samsung og Huawei har eigen programvare for å ta sikkerheitskopi. Disse fungerer stort sett veldig bra men dei kan lugge litt dersom du går frå ein Huawei telefon til ein Samsung telefon.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Det er mange modne 18 åringar og umodne 40 åringar, så det er ikkje utenkeleg at eit slikt par kan være omtrent på same stadiet mentalt sett. Det er heller ikkje slik at ein treng å ha så mykje felles, mange har erfaring med at det er nettopp ulikheitene som tiltrekker. Mykje handlar jo også om at ein trives i kvarandres selskap, har lik humor, osv. Ein treng ikkje nødvendigvis å ha same hobby og interessefelt for å bli eit bra par. Lova prøver å finne ein grense mellom å på den eine sida gi unge eit vern mot seksuelle tilnærmingar frå vokse, og på den andre sida unngå å gjere vanlege og naturlege handlingar straffbare. Skulle vi heva den seksuelle lavalderen til 25 år så hadde nok ikkje retts- og fengselsvesen fått gjort så mykje anna enn å følgje opp seksuallovbrot. Så er det jo også eit spørsmål om det i det heile tatt er samfunnet som skal ta ansvar for at folk tek smarte valg. Den seksuelle lavalderen er satt dels utifrå biologi og dels utifrå eit premiss om at ein så tidleg som råd bør få lov til å bestemme over eigen kropp og sitt eige liv. Det å bli foreldre i ein alder av 17 år er etter min meining for ungt, men samtidig så synes eg ikkje det er ei samfunnsoppgåve å passe på at ein er minst fyllt 25 år før ein får barn. Skal ein innføre eit slikt overformynderi så er det nesten som at eg vil foreslå at ein ikkje berre aukar den seksuelle lavalderen til 25 år, men at ein også sett ein seksuell høgalder til 45 år. På den måten sikrar vi at flest mogleg har mest mogleg sex i denne 20 års perioden, som igjen fører til flest mogleg sunne barn som kan bli gode skattebetalarar. Skal vi hindre dei vi synes er for unge frå å bli foreldre, så bør vi likeins hindre dei vi synes er for gamle til å bli foreldre.
-
Det er i alle fall ikkje ulovleg, særleg når den yngste er myndig. Dersom den yngste er under 18 år så kan det være nokre særrelgar som slår inn. Som dersom det er snakk om utnytting av ein mindreårig som er i sårbar livssituasjon, og openbart dersom det er snakk om eit kjæresteforhold der den yngste er under seksuell lavalder. Når det gjeld moralen så er jo den alltid subjektiv, men å påstå at det er umoralsk med 20 års aldersforskjell blir nok å strekke det svært langt. Kan her legge til at på 1600 talet når vi i Norge var så moralske at det var straffbart å ikkje gå i kyrkja på søndagar så var det heilt normalt unge menn rundt 18 års alderen gifta seg med gamle enker for å kunne ta over garden. 20 års aldersforskjell er meir enn det som er normalt, så ein må nok rekne med å få blikk og kommentarar, særleg når den eine er veldig ung. Men det betyr ikkje at det er feil eller umoralsk. Om 10 år når kjæresteparet er 28 og 48 år så er det nok knappast nokon som registrerer aldersforskjellen ein gong. Det einaste som kan bli vurdert som umoralskt i ein slik situasjon er dersom det er grunn til å tru at det ligg noko anna enn kjærlegheit bak forholdet. Dersom det til dømes er snakk om ei 38 år gamal dame som plutseleg er gift med ei 18 år gamal afrikansk mann som verken kan engelsk eller fransk så er det nok mange som kan stille seg spørsmålet om dette er kjærlegheit eller om denne dama har kjøpt seg ein 'boy toy' eller sexslave, eller dersom den som er 18 år er openbart er lite moden og kanskje også har andre utfordringar slik at tankane går til spørsmålet om dette kan være ei form for utnytting/manipulering. Å utnytte folk er sjølvsagt ikkje ei moralsk handling, men så igjen så kan jo også unyttinga like gjerne gå andre vegen ved at 18 åringen utnyttar at 38 åringen har pengar og i tillegg er desperat etter eit forhold. Då kan ein plutseleg lure på om det ikkje er 18 åringen som er den manipulerande parten i forholdet.
- 30 svar
-
- 4
-
-
-
Det hjelper nada.... Kun mot lukt. Du får vasket vekk dårlig/vond lukt, og kanskje litt overflødige fargestoffer. Men produktet blir aldeles ikke trygt å bruke bare fordi du vasket dem. Vasking har ein funksjon dersom det ikkje er produktet i seg sjølv som er giftig, og der giftstoffa kjem frå produksjonen. Som til dømes om du kjøper bestikk der fabrikken har brukt giftig olje til å smøre formene. Då vil det sjølvsagt være fornuftig å vaske gaffelen godt før du putter den i munnen. I nokre få tilfeller hjelper det litt med vasking når det er sjølve produktet som er giftig, men den effekten er kortvarig og veldig liten. For enkelte typer gift som blyholdig maling så er det sjølvsagt ein fordel om ein får skrubba vekk dei lause partiklane som ellers er utsatte for å kunne bli pusta inn og spist. Hudkontakt er også helseskadeleg ettersom tungmetall også blir tatt opp gjennom huda, men det er farlegare om du får giftstoffet innvendig slik at gifta blir liggande mot slimhinner. (Dette er særleg viktig om ein er dum nok til å kjøpe "helsebringande" amulettar med stråling, radioaktivitet treng ikkje å være veldig farleg sidan vi har huda til å beskytte oss mot stråling, men puster du inn radioaktivt støv så har strålinga alt passert sikkerheitsbarriern som er huda vår og strålinga står då heilt fritt til å påvirke levande celler). MEN, vasking kan også gjere giftproblematikken verre ved at til dømes bly som er innkapsla i maling blir eksponert når ein skrubber av øvste laget på malinga. Det er derfor ein dårleg strategi å tenke at alt er OK etter ei runde med lunka vatn og såpe.
- 87 svar
-
- 2
-
-
-
Hvorfor har vi så lite risikokapital i Norge?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Økonomi
Den største suksessfaktoren for Norge er eit regulert arbeidsliv der det er felles einigheit om å halde lønningane på eit forholdsvis likt nivå gjennom å bruke frontsfagssystemet slik at uavhengig av kor godt ei bedrift går så held ein igjen på lønnsveksten slik at ein i det vesentleg ikkje går over det som eksportindustrien har råd til å betale. Dette systemet har gjort det mogleg for industrien vår å ha konkurransedyktige prisar i utlandet, ikkje berre ved at industriarbeidaren får mindre lønnsauking men ved at alle i samfunnet får omtrent det same slik at det ikkje lønner seg for industriarbeidaren å søke seg jobb i ein anna sektor. Dette systemet høyres kanskje dårleg ut, ved at arbeidarane blir holdt nede lønnsmessig til tross for at det er pengar å hente i bedrifta. Fordelen for arbeidstkakarane ligg likevel i at ettersom vi kan holde kontroll på lønnsaukinga så har vi råd til å tilby svært høge lønningar til alle. Det er få andre land i verden der ein industri- eller butikkarbeidar tener godt nok til å kunne eige bustad og elles leve eit behageleg liv. Det er dette som gjer at mange tek velstanden for gitt. For å ha økonomi nok til at det også er pengar til overs å bruke på underhaldning og ting ein har lyst på, og kanskje også sparing, så krever det veldig liten innsats. Sjølv om ein dropper ut etter ungdomsskulen så er det slik at berre du får deg ein jobb så får du ei brukbar lønn (sjølv om at det særleg innafor reinhald og restaurantbransjen er lønningar som er heilt på grensa av kva som er levbart å ha som yrkesvalg). Dette systemet med at vi held lønnskostnadane i sjakk gjer at det er nok ingen andre land som har så billeg akademkisk arbeidskraft. Med god tilgang på ingeniørar og designere som kanskje tener berre 2-3 gongar meir enn reinhaldaren som vasker på kontoret så har det gitt oss god eksport på innovasjon. I andre land vill lønnsforskjellen fort vært ganga med 10 eller meir. Dette har gitt oss ein sterk maritim industri innen blant anna skipsdesign. Det same systemet som gir oss billege designere og ingeniørar, har også gitt oss dyr ufaglært arbeidskraft. Det er derfor det er vanskeleg for oss å tene pengar på produksjon, i alle fall manuell produksjon. For der vi har eit fortrinn er at fordi arbeidskraft med høgare utdanning er relativt sett billig samanlikna med ufaglærte så har vi i Norge eit enormt potensiale for automatisering. I staden for å lønne tre ufaglærte fabrikkarbeidarar som berre jobbar 8 timar per dag så kan vi for same pengane lønne ein automatiseringsingeniør som syter for at tre robotar kan produsere 24/7.- 10 svar
-
- 1
-
-
Norge er ikkje eit pruteland, så det er heilt umogleg å gi generelle råd. Enkelte forventer pruting og har alt lagt inn ein margin til å prute på i prissettinga. Andre sett prisen der den skal være og nekter å fire ei einaste krone på prisen. Så i motsetting til andre land der selgaren ofte vil tilby deg ein betre pris om du indikerer at du vil gå frå handelen, så kan du i Norge risikere motsatt effekt der det er selgaren som trekk seg frå handelen for å finne ein anna potensiell kjøpar som er villig til å betale den prisen som er satt. Som nemt så må du vurdere prutingsrommet opp mot kva pris som er satt på den aktuelle bilen. Eit anna poeng som eg tenker det er lurt at du har med deg når du skal handle bruktbil er rettigheitane til å reklamere etter kjøpslova er til ei viss grad avhengig av kva du har betalt for bilen. Når det blir vurdert om det føreligg ein mangel så er spørsmålet ofte om du har fått ein bil som har den kvaliteten som du kunne forvente å få utifrå prisen du betalte. Så dersom du overbetalar så vil det senke terskelen for kva du kan reklamere på, og omvendt dersom du underbetalar og har fått meir bil for pengane enn så må mangelen være større om du skal reklamere. Det er derfor ikkje alltid fordelaktig for selgaren å prøve å lure deg til å betale overpris ettersom det aukar risikoen for reklamasjonssaker i etterkant.
-
Hva er vanlig å kreve i lokale forhandlinger?
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Jobb og karriere
Om du tenker lønnskrav opp mot vanlege årlege lønnsforhandlingar, der det at du har tilegna deg meir kompetanse berre er eit argument og ikkje grunnlaget, så er det jo ein god peikepinn at frontfaget fekk 5,2%. Det er på ingen måte ein fasit då du kan få både meir og mindre alt etter bedriftens økonomi og om du blir prioritert eller ikkje.- 12 svar
-
- 1
-
-
Hva er vanlig å kreve i lokale forhandlinger?
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Jobb og karriere
Kjem mykje ann på. Reint objektivt så er jo spørsmålet kva denne kompetansen er verdt for arbeidsgiver. 20 stp er ikkje nok til å utgjere ein grad, men samtidig er det mykje meir enn berre eit kurs. Gir dette faget deg kvalifikasjon til å utføre bestemte arbeidsoppgåver som du ikkje kunne før? Er det i det heile tatt relevant for dagens arbeidsoppgåver? Er kompetansen etterspurt av arbeidsgivar? Her er det stor forskjell på om du som sjukepleiar har tatt 20 studiepoeng i informatikk slik at du har akkurat den kompetansen som trengs for å være koordinator for eit nytt fagsystem, eller om du tok 20 stp i litteraturhistorie fordi du synes det er gøy. Du kan kreve det arbeidsgivar er villig til å betale. Det som er vanskeleg dersom dette er generell kompetanse som ikkje gir autorisasjon så er det ikkje så lett for deg å tilby arbeidsgiver berre det du har lært med 180 stp som sjukepleiar og ingenting av dei siste 20 stp før du får betalt for det. I slike situasjonar så har du sterkare forhandlingskort om du avtalar lønnsaukning før du tek utdanninga. Kan det være ein tanke å kreve 11% auking på dagens lønn? Det vil då samsvare med at du no har 11% fleire studiepoeng.- 12 svar
-
- 2
-
-
-
Når det gjeld forholdet til internasjonale avtalar så vil krig kunne definerast litt ulikt. Genèvekonveksjonen definerer det slik: Så Genèvekonveksjonen gjeld både ved væpna konflikt og ved okkupasjon utan voldsbruk. Viktigaste kravet her er likevel at det dreier seg om ein Stat som signert konvensjonen.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Forsvaret gjekk sjølv gjennom sine rutiner og identifiserte 88 sikkerheitsbarrierer som kunne forhindra ei slik ulykke, av disse 88 barrierene så meiner forsvaret sjølv at 53 av dei vart brutt. Forsvaret sjølv har ikkje påpeikt ein bestemt feil (eller person) som årsak til ulykka, forsvaret meiner at det er kombinasjonen av alle disse feila som førte til ulykka. Av dei viktigaste funna var at Fosvaret og Sjøforsvaret ikkje var målt på sikkerheit, og at all måloppnåing var vurdert opp mot evnen til å løyse operative oppdrag. Og at dette har gitt utslag i forhold som mangelfull kompetanse og kvalifikasjonar, samt dokumentering av at mannskapet har rett kompetanse. I tillegg til at dei generelt kunne bli tydelegare på rollefordeling. Ingenting av dette har betydning for vaktsjefens objektive juridiske ansvar, i etterpåklokskapenslys så skulle han stoppa seilasen når han ikkje var trygg på at han hadde full oversikt og kontroll. Eg er likevel einig i trådstarter i at Sjøforsvaret burde ha tatt ein mykje større del av ansvaret. Denne foretaksstraffa på 10 mill er nesten berre symbolsk sett opp mot verdiane som gjekk tapt, og den openbare trusselen mot liv og miljøskader som dei heldigvis klarte å unngå. Det er mykje som tyder på at denne vaktsjefen har blitt internert av forsvaret til å lyde og gjennomføre dei oppgåvene han fekk tildelt, og at Sjøforsvaret som organisasjon har pressa folk inn i oppgåver som dei ikkje har rette forutsetningane til å ivareta på ein god måte. På den måten kan ein nok seie at Sjøforsvaret har offra vaktsjefen ved å la han ta det juridiske ansvaret som formelt ligg til hans stilling, samtidig som at Sjølvforsvaret har holdt klokkeleg kjeft om kvifor dei har utpeikt ein vaktsjef som reelt sett ikkje hadde moglegheit til å skaffe seg nødvendig oversikt over skipets tekniske eigenskapar og mannskapets kompetanse, samt den reelle myndigheita til å melde frå til den overordna leiinga i Sjøforsvaret at dei kom til å bli forsinka fordi dei var slitne etter NATO-øvinga dei hadde deltatt på, og at det tidlegast var forsvarleg å segle etter at alle hadde fått ei god natts søvn.
- 117 svar
-
- 2
-
-
Ingen av sovemedisinane er vidundermiddel, og dei gjer ingenting for å fjerne det som er den underliggande årsaken til søvnproblem. I all enkelheit så virker sovemedisin slik at det sløver ned hjernen slik at det blir lettare å sovne. Denne nedsløvingsperioden har lett for å vare ganske lenge både før og etter innsovning, og slik må dei virke for virker sovemedisinen for fort og for kraftig så medfører det fare for død ved at også pusten blir forstyrra. Så er det litt varierande frå medisin til medisin, og også frå person til person når ein opplever dei verste bivirkningane. Søvn som ein får av sovemedisin er ikkje av same kvalitet som "naturlig" søvn, så sjølv om du får sove og det er betre enn alternativet som er å ikkje få sove eller berre sove i veldig korte periodar så blir du ikkje så utkvilt som du hadde blitt om du fekk sove utan sovemedisin. Eg forstår at det ikkje er berre å sluttemed alimemazin, men samtidig så må du være villig til å prøve noko nytt dersom du skal få klarheit i om medisinen forverrer eller kanskje også forårsaker plagene dine. Snakk med legen din og lag ein plan for nedtrapping eller skifte av medisin.
-
Det som trådstarter stiller lurer på er om det kan gi meining å ikkje betale ned lånet og la inflasjonen spise opp lånet i staden for. I teorien så vil dette lønne seg, forutsatt at renteutgiftene ikkje er for høge. Om ei til dømes har 1 mill i boliglån som ein betalar 5,5% rente på så blir det ca 4,5k i måneden. Om ein då kan plassere resten av pengane i fond eller anna sparing så vil det kunne lønne seg sidan denne millionen du då har i lån blir mindre og mindre verdt for kvart år som går. Om kroneverdien dei neste 30 åra utvikler seg slik som den har gjort dei siste 30 åra så kan ein forvente at ein om 30 år har dobbelt så høg lønn som i dag, og då vil denne millionen som tilsvarer 1 til 3 årslønningar kunne betalast ned med berre 0,5 til 1,5 årslønn om 30 år. Den praktiske utfordringa er at det er ein føresetnad om at økonomien går i den retninga den har gjort med verdistigning og låg rente. Om renta plutseleg sprett opp til tosifra beløp så vil ein nok angre bittert på at ein ikkje utnytta tida med låg lånerente til å betale mest mogleg avdrag. Så med mindre ein er villig til å gamle så er det tryggast å betale ned bustadlånet så fort som mogleg, for deretter å ha mest mogleg pengar som kan plasserast i anna sparing.
-
Vi som digger å gå på "Elektroslang"
The Avatar svarte på Re-Offender sitt emne i Butikker og verksteder (data)
Skal bli spennande å følge denne saka for å sjå om det blir noko endring av rettspraksis. Og sjølvom om at han har eit poeng når han argumenterer at verdien av "tjuvgodset" er 0 kr sidan det ikkje kunne selgast, så held nok ikkje det juridisk. Etter straffelova så er det ulovleg å ta ein gjenstand som tilhøyrer ein annan, dersom ein har forsett om skaffe seg vinning ved å selge, forbruke eller på anna måte tilegne seg gjenstanden. I dette tilfellet så er det på det reine at han har tatt ein gjenstand, og det blir nok vanskeleg å bli trudd på at han ikkje hadde til hensikt å ete potetgullet som då oppfyller vilkåret om å forbruke tingen. Sjølve straffeparagrefen sett ikkje krav om at tingen må ha ein verdi, det er nok at den tilhøyrer nokon andre. Det som står av verdi er i § 323 om mindre tyveri, der det står at ein skal straffast med bøter (ikkje fengsel) når det gjeld tjuveri av ting av ubetydeleg verdi. I tilegg så er det presisert at tilegning av naturprodukter som stein og kvistar utan økonomisk verdi ikkje skal straffast. Det medfører at strengt tatt er det ulovleg tjuveri å plukke med seg småstein frå annan manns eigedom, det er berre at ein ikkje skal straffast for det. Juridisk sett så trur eg ikkje han kan klare å vinne fram på anna måte enn ved å hevde at potetgullet var eigarlaust, og det vil nok være vanskeleg ettersom avfallet tilhøyrer enten Europris eller renovasjonsselskapet, sjølv om eg trur at renovasjonsselksapet fyrst overtek eigarskapet etter at dunken er tømt. Det han likevel kan oppnå er å med å ta saka vidare er ei lovendring. At dette skal være straffbart bryt nok med den gjengse rettsoppfattinga. Eg forstår at vi ikkje kan gjere det lovleg å stjele alt som ikkje kan tilleggast ein pengeverdi, men i dette tilfellet så har både eigaren aktivt kvitta seg med gjenstanden, og strengt tatt så har potetgullet no ein negativ verdi ettersom Europris må betale for renovasjonen. At dumsterdiving skal være straffbart i frykt for at nokon kan risikere å bli matforgifta og så holde Europris ansvarlege for at potetgullposane var mogleg å fiske ut av containeren, synes eg blir eit tynt grunnlag. Her må ein vell legge til grunn at den som forsyner seg frå avfallet også må ta all risiko som følger med. Særleg paradoksalt blir det når slike potetgullposar uansett ikkje er farlege etter best før datoen, slikt potetgull skal være veldig gamalt og veldig dårleg oppbevart før det kan utgjere ein helsefare. For å gå tilbake til trådens eigentlege tema så meiner eg også at det er ei tynn unnskyldning at ein skal hindre elektroslang i frykt for at innleverte elektriske artiklar skal kome på avvege og havne i restavfallet eller i naturen. Gjenbruk er tross alt meir miljøvenleg enn resirkulering, og eg tvilar på at det er særleg med objektive holdepunkt for at ting som har blitt henta på elektroslang ikkje blir levert tilbake som elektrisk avfall når tingen er brukt heilt opp. Største ankepunktet mot elektroslang slik som eg ser det er dette med personvern og moglegheita for å hente fram personleg data frå lagringsmedium. Det er ikkje bra om folk sluttar å levere inn mobiltelefonar og PC til resikrulering i frykt for at dataene kan kome på avvege, ei slik frykt har nok mykje større potensiale for å føre til elektriske artikklar blir kasta i restavfallet i staden for. Det nest største ankepunktet er at ein del av det som blir levert inn som el-avfall kan utgjere ein fare som ikkje nødvendigvis er openbar for den som drar på elektroslang, som til dømes ledningsbrudd som kan gi fare for å få støyt. Det er ikkje gitt at alle som raider elektroavfall-containeren har den nødvendige tekniske kompetansen til undersøke produktet før dei koplar det til straumnettet igjen, eller forstår at det er ein dårleg idé å bryte opp dekselet ved å bruke skrujernet som meisel slik at batteriet blir punktert med dertil påfølgande brann/røykutvikling. -
Ein anna del av forklaringa er at nordmenn ikkje klarte å innfinne seg med det tyske systemet som Lidl innførte, mellom anna kassasystemet som gjorde at få ville ta i bruk Lidl som sin daglegvarebutikk.
- 13 svar
-
- 1
-
-
Hvorfor skattelegger vi ikke bare en del av gevinst på bolig?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Eigentleg så hadde det nok vært veldig kostnadseffektivt om alle 80+ hadde budd midt i sentrum, det hadde minimert reisetida for heimesjukepleiarane slik at mest mogleg av tida kan brukast på pasienten og ikkje til å finne parkeringsplass. Det sagt så kunne ein sjølvsagt like gjerne samla alle som har behov for heimesjukepleie på andre sentrale stadar, som i same forstad og på den måten oppnå akkurat same gevinst utan å legge beslag på sentrumseigedommar. -
For å ha diplomatisk immunitet så må det være fatta eige vedtak om å gi diplomatisk immunitet, slik immunitet kan ein berre tildele diplomatar som er sendt ut som offisielle representant for Norge. Diplomatpass er det langt lettare å få, då er det nok at ein kan vise til at ein reiser på oppdrag for norske myndigheiter sjølv om ein ikkje er diplomat. Merk at diplomatisk immunitet også strekker seg til diplomatens familie, slik at ektefelle og barn av ein norsk diplomat som bur i utlandet vil heller ikkje kunne straffeforfølgast av landet dei då bur i, men dette gjeld som nemnt berre der det er fatta eige vedtak om diplomatisk immunitet. Uansett så vil diplomatisk immunitet berre gjelde i utlandet, ein er uansett strafferettsleg ansvarleg ovanfor sendarlandet. I Marius sitt tilfelle så har det ingen betydning ovanfor norsk politi at han kan vise fram eit diplomatpass frå Norge, også norske diplomatar med diplomatisk immunitet må svare til norsk politi når dei er i Norge. Dersom Marius hadde hatt ein utanlandsk diplomatpass så kan eg forstå at ein kan ha tolka det som at han også hadde fått immunitet frå givarlandet. Dersom Marius har prøvd å bløffe norsk politi ved å vise fram sitt blå diplomatpass for å sleppe unna reaksjonar så har han mistbrukt passet og regelrett utnytta den aktuelle politibetjentens uvitenheit om diplomatisk immunitet. Så vidt eg har fått med meg i media så kan eg heller ikkje sjå at han er anklaga for å ha prøvd å påberope seg ein immunitet som han ikkje har.
-
Hvorfor skattelegger vi ikke bare en del av gevinst på bolig?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Kostnadsforskjellen mellom at folk er i stand til å bu i eigen heim til sin siste dag, kontra at dei må på omsorgsbustad eller sjukeheim er veldig stor. Det er sjølvsagt mykje billegare å tilby heimesjukepleiar i ein halvtime per dag enn det er å tilby eit 24/7 tilbod. I tillegg er vi omtrent avhengige av at flest mogleg kan klare seg utan offentleg hjelp då vi enkelt og greit ikkje har nok institusjonsplassar å tilby. Det som blir spørsmålet er om det er greit at det å planlegge for alderdommen blir eit meir privat anliggande gjennom å kjøpe dyre bustadar som er tilpassa til å bu i livet ut? Og deretter om dette fører til uakseptabel forskjellsbehandling mellom dei som er rike nok til å kunne bu i bustaden sin livet ut og dei som sitter fast i ein langt dårlegare bustad og som ikkje kjem seg ut av huset på grunn av manglande heis fram til den dagen dei er så alvorlege sjuke at at dei må plasserast på sjukeheim eller sjukehus i livets siste dagar. Tanken med regelverket har vært at dersom alle nye bustadar har slik livsløpsstandard så vil alle andre bustadar fasast ut. Slik at når ein om 100-200 år kjøper ei gamal leilegheit så er det ei leilegheit som er bygd i 2015 og som har rullestolsirkel og slik tilpassing. Det er likevel ganske langt opp og fram før ein kjem dit. Sjølv om det er ingen eller veldig få som seier det høgt så er eigentleg håpet at vi skal klare å kome oss gjennom eldrebølga ved å gi eit såpass dårleg eldretilbod at dei som har råd til det leiger private helsetenester og då dekker kostnaden sjølv, og at det er ein del eldre som ikkje søker offentleg hjelp og som heller lever ut sin aldersdom frå lenestolen i stova utan moglegheit til å kome seg ned dei to trappetrinna for å kome ut på gatenivå. Det er lenge sidan at sjukeheimane var aldersheimar med aktivitetsrom for sying og snekring slik at dei gamle kunne holde på med forskjellige hobbyar medan dei budde på aldersheimen. No er det aller meste institusjonar der svært mange er sengeliggande døgnet rundt, ofte fordi dei må bli så sjuke før dei får eit offentleg tilbod og då er dei alt så sjuke at dei ikkje kan nytte seg av det tilbodet som blir gitt. Heilt einig. At rådhuset skal fysisk ligge i kommunesenteret og stortinget skal ligge midt i hovedstaden er nok ein utdatert tanke. Ein ting er at vi har tenkologien som gjer at dei som jobbar der ikkje treng å være fysisk på Stortinget, men viktigast av alt er at vi no har teknologien som gjer at nesten ingen treng å fysisk møte på stortinget/rådhuset for å ordne med praktiske formål. Frå gamalt av så hadde ein disse bygga i midt i sentrum for at det skulle være lett tilgjengeleg for folk flest, i dag er det nesten vanskelegare å kome seg inn til sentrum på grunn av utfordringar med trafikk og parkering. -
Hvorfor skattelegger vi ikke bare en del av gevinst på bolig?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Mykje av bustadproblemet i Norge er at vi har veldig høge kvalitetskrav, det er rett og slett ikkje lenger mogleg å bygge billig med enkel standard. No skal bustaden være både energieffektiv og eigna til å brukast livet ut også når ein siste åra er avhengig av rullator/rullestol. (Samtidig har vi litt paradoksalt mykje mindre krav til hytter, og sjølv om det ikkje er lov å bruke hytta som fast bustad så er det i praksis ingen konsekvens ved å gjere det likevel). Eg skal ikkje argumentere at det i Norge skal være lov å bygge usiolerte uthus og selge det som bustad til dei som ikkje har råd til noko betre, for ein viss standard bør nok ein bustad ha. Men det bør være mogleg å bygge hus av god kvalitet som er basert på gamle byggeskikker og løysingar. Det kan ikkje være så strengt nødvendig at alle bygg må ha mekanisk ventilasjon med varmegjennvinner og filter, og ytterveggar med ein halvmeter med isolasjon, og datastyrt lysstyring sjølv om det gir litt lågare straumforbruk. Og enda meir tullete blir det når vi veit at nye hus er så effektive til å holde på varmen at det har blitt mykje meir vanleg med aircondition eller varmepumpe til å kjøle ned huset om sommarane. Då stiller eg store spørsmål om kvar miljøgevnisten ved å trenge mindre oppvarming om vinteren ligg når ein burker tilsvarande mykje energi til kjøling om sommaren? Enkle og billige hus vil være løysinga på bustadmangelen. For å kome seg inn på bustadmarkedet så må dei fleste uansett kjøpe noko som er relativt sett dårleg standard på, så at fyrstegongsbustaden i staden for å være ei gamal og lita leilegheit i 100 år gamal bygård i staden kan være ei heilt nybygd leilegheit men som har den ulempen at det er lite isolasjon slik straumutgiftene er litt høgare enn normalt vil etter mitt syn kunne være eit greit kompromiss. Dei fleste skal uansett ikkje bu i same leilegheit resten av livet, og det at bukostnadane er relativt sett høge vil då gi ytterlegare incentiv til å kjøpe seg ei betre leilegheit slik at den billege leilegeita med enkel standard blir ledig til neste ungdom som skal inn på bustadmarkedet.- 113 svar
-
- 3
-
-
Hvorfor skattelegger vi ikke bare en del av gevinst på bolig?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
Spørsmålet er eigentleg svart ut ved at forslaget var at tomme bygg skal skattleggast fullt ut og ikkje berre etter likningsverdien. Eg vil likevel legge til at dersom ein vil ta i bruk hardare verkemiddel så treng ein ikkje å hoppe rett til å vederlagsfritt ta bygningsmasse i privat eige. Den naturlege løysinga vil være salgspålegg, altså at eigaren må selge tom bygningsmasse til ein kjøper som er villig til å utvikle bygningsmassen. På den måten vil ein likevel oppfylle formålet som er at bygningsmassen skal settast i stand og takast i bruk, og dersom eigaren ikkje er i stand til å gjere dette sjølv så må bygget selgast. Riset bak speilet blir då at dersom ein ikkje frivillig selg bygningsmassen så ender det opp med tvangssalg og dertil dårlegare pris. Det sagt så er eg heilt einig med deg at i mengde så utgjer slike tomme bygg veldig få potensielle bustadar. Så etter mitt syn så vil ikkje eit slikt forslag oppnå så mykje meir enn at ein får befolkningstetting i bysentrum ved å sette krav om at alt tilgjengeleg areal skal utnyttast eller selgast til nokon som har planar om å bruke bygget/tomta til det som området er regulert til. -
Burde politiMenn tjene mer enn politiKvinner?
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Oppslagstavlen
Ein kan heilt klart ikkje skille på kjønn åleine, om ein skal ha eit slikt skille så må det være basert på personlege eigenskaper. Dersom til dømes fysisk styrke skal premierast med høgare lønn så må det sjølvsagt gjelde for begge kjønn sjølv om men genetisk sett har ein fordel. Det er mange kvinner som er godt trente og har fysisk styrke heilt på høgde med menn. Kanskje særleg i politiet der det berre er fysiske krav under utdanninga og med ei oppfordring om å trene etter at ein har komt ut i jobb så er det nok fort mange politikvinner som gjennom trening er langt sterkare enn ein politimann som no berre sitt på kontor og køyrer patruljebil. Fyrste spørsmålet er derfor heilt irrelevant. Kjønnet på partneren speler ingen rolle, det som eventuelt betyr noko er dei personlege eigenskapane. Skulle eg rykke ut på eit politioppdrag som krev bruk av makt så hadde eg heilt klart valgt ei godt trent politikvinne med masse operativ erfaring framfor ein halvfeit politimann som sitt mest på kontor. Det andre spørmålet er også vanskeleg å svare på ettersom at politiyrket ikkje nødvendigvis er eit "styrkeyrke". Målet er alltid å løyse oppdraget utan bruk av vold, og dersom vold må brukast så skal det utførast på ein måte som utsetter politibetjenten for minst mogleg fare (i tillegg til at maktbruken må være foholdsmessig). Det gjer at brytekampar med kriminelle er noko som ein prøver å unngå enten gjennom god kommunikasjon eller ved å bruke verktøy som batong for å oppnå ønska resultat. Eg vil nok tørre påstå at den viktigaste fysiske eigenskapen som politiet bør ha i dag er hurtigheit og uthaldenheit. Det er nok langt fleire kriminelle som slepp unna fordi dei er raskare enn politiet, enn det er kriminelle som slepp unna fordi dei klarer å vinne slosskampen med politiet. For andre yrker som brannvesen og forsvaret så tenker eg at vi i framtida må tørre å tenke slik at vi utdannar ekspertar på eit bestemt område og ikkje berre generalistar som kan gjere det meste med greit nok resultat. Ein moderne soldat har ikkje same behovet for å være stor og sterk lengre. Nærkamp blir mindre og mindre aktuell form for krigføring, har ein soldatar som er gode på å bruke det utstyret sitt enten det er å være treffsikre med skytevåpenet, betjene droner som våpen, eller gjennom god kommunikasjon kan skaffe seg taktiske fordelar så skal det ikkje være nødvendig å kome nært nok fienden til at nærkamp er nødvendig. Ein bør sikkert ha soldatar som er gode på nærkamp, men ein kan ikkje i framtida berre fokusere på slike slosskjemper som sannsynlegvis blir skutt på 200 meters hold lenge før dei kjem i posisjon til å utøve sin militære ekspertise på nærkamp. Tilsvarande i brannvesenet. Er det nødvendig med brannmenn som er sterke nok til å gå åleine inn i brennande hus og bære ut personar, eller skal vi fokusere på andre områder? Det å redde ut personar bør uansett utførast som lagarbeid, og for mest mogleg effektivitet så bør ein bruke tekniske hjelpemiddel slik at brannmannen har energi nok til å gå innigjen for å redde person nummer to. Det aller beste er sjølvsagt å ha dyktige folk som er både sterke, raske og kompetente, men det er i praksis uråd å finne særleg mange kandidatar som er kjempegode på alt. Å ha eit brannvesen beståande av sterke brannmenn som er ekspertar på røykdykking blir heilt feil om dei mest blir sendt på trafikkulykker der jobben går ut på å klippe ut personar frå kræsja elbilar, for det krev ein heilt anna kompetanse enn klassisk brannsløkking.- 42 svar
-
- 1
-
-
Køyr på! For min eigen del så slår du her to fluger i ein smekk. På den eine sida så viser du omtanke ved å legge tid og arbeid i å lage ei gåve som er spesielt tiltenkt han. Og på den andre sida så er dette ein veldig fin måte å vise fram din humoristiske sans. Fallgruva her er nok at du ikkje heilt treff på humoren i geriljabroderiet. Likevel så er det jo slik med alle gåver, det er ikkje alltid det blir full innertier. Handarbeid som broderi generelt sett hadde eg likevel vært litt forsiktig med, sånn generelt sett så er det nok ikkje veldig mange menn som går rundt og ønsker seg eit broderi til å henge på veggen. Det som gjer denne gåva bra er at du har ein lite vri på den. Personleg så liker eg mine geriljabroderi i ein av to kategoriar. Enten så vil eg ha det ganske enkelt som eit sitat som ser ut som at nokon har brodert i "sinne", fonten bør likevel være tydeleg brodert og ikkje likne formykje på eit sitat som ein har skrevet på PCen og printa ut. Slike litt enkle geriljabroderi bør ha litt ekstra "snert" og kan med god fordel være litt på kanten, for min del litt i retning av galgenhumor. Det andre alternativet er eit broderi som er ganske fint og som ein kunne forventa å finne på veggen til bestemor før ein ser litt nøyare etter og finner "skjulte" gerlija-elementer. (Tenk strikka mariusgenser men i staden for det vanlege mønsteret så er det skjult artige detaljar som ein fyrst oppdagar når ein kjem nært nok). Det å ha broderi på veggen er nok mest ein dameting, men særleg når ein blir litt voksen så forstår ein at ein ikkje kan ha ungkarsleilegheit resten av livet. Då må ein ha litt mjuke detaljar, og for min del så har eg då sansen for slike ting som for tilfeldig besøkande ser ut som heilt vanleg pynt i ein heim tilhørande eit voksent ektepar, heilt fram til ein legg merke til dei små detaljane. Det er litt som med planter og blomster, ei typisk ungkarsleilegheit er ikkje pynta med slike levande ting, men ein enkel måte å lage inntrykket av at leilegheita er pynta med levande planter er å kjøpe plastplanter som aldri må vatnast. Det ser heilt greit ut på avstand og du trur du kjem inn i ein heilt ordinær heim, og det er fyrst når du kjem nærmare du oppdager at den fyren nok ikkje har grøne fingrar i det heile tatt.
- 20 svar
-
- 1
-