
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Mottok annen kaffemaskin enn bestilt, hvilke rettigheter har jeg?
The Avatar svarte på FuzzFuet sitt emne i Forbrukerrett
Der er berre å sende inn klage for å få det produktet du har bestilt. I dette konkrete tilfellet så er det også eit alternativ å benytte angreretten og heller kjøpe kaffemaskin hos ein annan leverandør. Særleg når det er forsøkt å dekke spora ved å endre dokumentasjonen på kva du har fått så er det nok enklare å angre kjøpet enn det er å skulle bruke tid på å reklamere.- 24 svar
-
- 1
-
-
Dette følger hovudsakleg av arbeidsavtalen din, og då nærmare bestemt arbeidstida og kompensasjonen for tida du er til arbeidsgivars disposisjon. Ein del av arbeidsgivaransvaret er å sette avgrensing for når du skal jobbe. Om du har berre har arbeidstid 8 til 16, så kan ikkje sjefen din gi kundane telefonnummeret ditt eller heimeadressa og seie at dersom dei har spørsmål så er det berre å banke på hos deg 24/7. Då kan ikkje sjefen påstå at du ikkje er til arbeidsgivars disposisjon også etter arbeidstid når kundane berre bruker den kontaktinformasjonen som sjefen har oppgitt til kundane. Dette gjeld ikkje berre spørsmålet om du skal ha betalt for å være tilgjengeleg for arbeid på kveldstid, det gjeld vel så mykje spørsmålet om du er sikra tilstrekkeleg vern etter arbeidsmiljølova, som til dømes at du skal ha tilstrekkeleg med samanhengande fri mellom arbeidsøktene. Det er nok lite saker som har gått til arbeidsretten på dette, men det har meir med at spørsmålet om når du står til arbeidsgivars disposisjon er såpass avklart at det er sjeldan behov for rettssak. Den vanlegaste løysinga er at ein inngår avtale om dette. Alt etter omfanget så kan det være alt frå avtale om at du får betalt for å være tilgjengeleg, til at ein blir einige om at dette er ein akseptabel ulempe sett opp mot fordelane. Mange gjer det slik at kompensasjonen for å innimellom være tilgjengeleg utanom arbeidstid er at ein får bytte ofte til nyaste telefonmodell, får generøs datakvote, eller kan bruke telefonen i utlandet utan å sjølv måtte betale for bruken.
-
Sjølv om akkurat du har ganske store avgrensingar på kor fritt du kan bruke mobilen akkurat som du vil på privaten, så har du fortsatt økonomiske fordelar ved at du kan ringe og bruke mobildata utan at du sjølv betalar for det. Det blir litt som om du hadde hatt ein varebil som firmabil til privat bruk. Den bilen er ikkje eigna til å ta med heile familien på bilferie, men det er likefullt ein skattepliktig fordel at du med firmabilen har gratis pendling og ellers gratis transport til ulike ærend. Du har ein økonomisk fordel gjennom at du får dekt mesteparten av ditt mobilbehov utan å betale for det privat. Ditt problem er at du ikkje lenger synes at fordelen er stor nok sett opp mot kor mykje sjefen din kan bestemme kva du skal ha av appar på telefonen, og det er fordi du har ein ugunstig avtale.
- 131 svar
-
- 2
-
-
I luftfarten så legg ein all sin tillit på piloten og systemet, og så må ein berre krysse fingrane og håpe at piloten har møtt på edru på jobb. Psykologisk sett så kjennes det betre ut å sjølv sitte bak rattet og ha "kontroll" men likefult så aksepterer vi å være passasjer i fly, buss og taxiar utan at det i seg sjølv er eit stort problem. Det er alltid kjekt å få svar på kva som gjekk gale etter ei ulykke slik at vi kan fikse problemet, men det er ikkje alltid at det i det heile tatt er verdt ressursbruken å fikse feila sjølv om vi veit om dei. Det er sjølvsagt kipt å stryke med i trafikken på grunn av ei feil i programeringa, men det er sanneleg ikkje nokon meir tilfredsstillande død å stryke med fordi taxisjåføren gløymte å sjekke om det var klart frå høgre. Det skjer med ujamne mellomrom at pilotar blir stoppa på Gardermoen med promille, og med tanke på kor sjeldan det er at politiet stiller opp for å ta promillekontroll av pilotane så er det nok også mange pilotar som slepp unna. Det er ingenting i vegen for at vi kunne hatt eit system som sikra at det alltid var både ruskontroll og full helsevurdering av pilot og bestning før kvar einaste flytur, men det er det ingen som er villige til å betale for. Det er såpass sjeldan vi har alvorlege luftfartsulykker, så då aksepterer vi at enkelte pilotar flyg utan å være mentalt skikka, og at det av og til skjer ulykker fordi piloten ikkje fekk med seg meldinga frå tårnet eller feilmeldinga på instrumentpanelet.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Dette er ei logisk feilslutning. Per i dag så har vi ei unaturleg høg forventning til at teknologien må være ufeilbarleg før den kan takast i bruk. Men om vi berre justerer forventningane til at sjølvkøyrande bilar skal være minst like trygge som bilar som blir køyrt av mennesker så er vi der alt. Særleg i land som USA der det av rein nødvendigheit ikkje er mogleg til å sette enormt høge krav for å kunne kvalifisere til førarkort så skal ikkje ein sjølvkøyrande bil være veldig godt før den er tryggare enn ein gjennomsnittleg bilførar. Skal vi stille same kravet til bilførarane så må førarkortet være ei universitetsutdanning med årleg resertifisering. Så og seie alle bilulykker som skjer i dag oppstår på grunn av førarfeil, det er svært sjeldan at det oppstår bilulykker som berre skuldast tekniske feil, og sjølv då så er det ofte eit moment av at føraren enten ikkje har undersøkt eller har feilvurdert betydninga av feilen. For ikkje å snakke om at dei fleste mennesklege bilførarar har eit avslappa forhold til risiko og trafikkreglar. Det er ikkje alltid at det er ein fordel at føraren skal ha moglegheit til å sjølv vurdere at det må gå greit å ligge i 60 i 50 sona, eller at når det er skilta 70 km/t så er det greit å ligge i 70 sjølv om det er snø i vegen, osv. Det sagt så meiner eg at det største hinderet for sjølvkøyrande bilar er trafikkreguleringa og måten vi bygger infrastruktur på. Dei største utfordringane for sjølvkøyrande bilar er at i dag så må dei sjølvkøyrande bilane køyre på menneskene sine premiss. Det betyr at den sjølvkøyrande bilen må følge fartsgrensene som er fastsatt basert på menneskene sin evne til å oppfatte og reagere på farer, det betyr at den sjølvkøyrande bilen må kunne tolke om det er den gule eller den raude lampa på trafikklyset som lyser, osv. På grunn av dette så må dagens sjølvkøyrande bilar simulere eit menneske, der viktigaste utslaget er at den sjølvkøyrande bilen må heilt eller delvis være basert på visuell informasjonsinnhenting, og det er der det er utfordrande. Ei datamaskin har ikkje like lett for å tolke signala frå eit kamera eller lidar og gjere dette om til ein nøyaktig 3D modell som våre mennesklege auger og hjerne klarer, men det er ikkje store endringane vi treng på vegane for å gjere det langt enklare for datamaskiner å tolke trafikkbildet. Dersom vi vil ha 0 drepte i trafikken så er løysinga å forby mennesklege førarar og berre tillate sjølvkøyrande bilar. Den aller enklaste måten å redusere talet på trafikkdrepte er ved å ta ned farta. Det er langt lettare å programere ei datamaskin til å aldri køyre fortare enn anbefalt hastigheit, enn det er å prøve å oppfordre utolmodige mennesker til å avpasse farta. Tilsvarande er det langt lettare å programere ei datamaskin til å ikkje ta unødige sjansar i trafikken.
-
Ja det stemmer. Sidan du har hatt eit oppphold i arbeidet så har du fyrst rett på sjukepengar frå den 27 januar. Det er likevel ikkje uvanleg at ein likevel har rett til å få lønn ved sjukdom gjennom tariffavtalar eller personalhandbok på arbeidsplassen. Merk også at sjølv om du har rett til sjuklepengar etter at du har jobba i fire veker, så har du ikkje rett til å bruke eigenmeldingar før du har jobba i minst to månedar. Det medfører at dersom du blir sjuk i februar så må du ha legeerklæring.
-
Sjølv tenker eg at når du jobber under eit slikt regime så bør du prøve å ha størst mogleg skille mellom jobb og privat, også når det medfører at du må ha to mobiltelefonar. Ein ting er problematikken med overvåking. Men det er også eit poeng at dersom det skulle skje noko som gjer at du må levere inn jobbtelefonen så har du fortsatt privattelefonen. Og skulle du ville reise til f.eks Iran så er det fort begrensingar som gjer at du ikkje får lov til å ta med jobbtelefonen til slike land.
-
Strengt tatt så skal du vel også oppgi privatnummeret ditt til arbeidsgivaren, men då berre for at arbeidsgivar skal kunne få tak i deg i heilt spesielle situasjonar, typisk då om du blir sjukmeldt og arbeidsgivar skal gjennomføre pålagte oppfølgingssamatalar med deg, dersom det skjer ei ulykke på arbeidsplassen, osv. Arbeidsgivar kan då ikkje dele ut ditt privatnummer til andre, som kundar og kollegaer. Den store forskjellen når du har eit privat telefonnummer er at sjølv om at arbeidsivar har eller kan finne nummeret ditt så er det ikkje lov å kontakte deg på det nummeret i samband med arbeidet (utan at det er inngått avtale om det). Er ellers heilt einig i at det mest problematiske er når arbeidsgivar vil kontrollere telefonen din. Sjølv om eg ikkje trur det er eit problem i praksis, så likar eg ikkje tanken på at min IT avdeling kan slette heile telefonen min. Eg fryktar at IT avdelinga kan ha ein langt lågare terskel for å slette alt på telefonen inkluderte mine bilder og appar enn eg sjølv ville ha hatt. IT avdelinga bryr seg tross alt berre om å være 100% sikker på arbeidsgivers data ikkje kan kome på avvege, ein legg nok ikkje mykje vekt på at også dine private ting blir sletta om arbeidsgivar vil være på den sikre sida og derfor fjernsletta heile telefonen din.
-
Ammoniakk (som er giftig) som drivstoff i skip.
The Avatar svarte i et emne i Samferdsel og infrastruktur
Bruk av ammoniakk som drivstoff har absolutt nokre utfordringar, det er likevel løysbare utfordringar. Eg er langt meir skeptisk til å bruk av hydrogen som drivstoff då hydrogen er veldig brennbart men samtidig veldig krevande å sikre mot lekkasje ettersom molekyla er så små. Ammoniakk er langt enklare å handtere. Det er eit giftig stoff men du skal være veldig direkte eksponert før det er spesielt farleg. Ammoniakk lukter så sterkt og så ubehageleg sjølv ved små mengder at det nesten er umogleg å eksponere seg sjølv for farlege mengder. Det som kan være ein stor fordel med ammoniakk i skip er at det er gode moglegheiter for å ha doble og tripple barrierer ved å ha dette skott. Har ein gasstette skott i maskinrommet så vil sjølv store lekkasjar kunne stengast inne i skipet fram til skipet er evakuert. Utfordringa med ammoniakklekkasjar på landbaserte anlegg er ofte at amoniakkrøyra ligg ubeskytta oppunder eller over taket, slik at dersom det fyrst oppstår ein lekkasje så får gassen spreie seg fritt. Utfordringa med ammoniakk på kaier medfører heller ikkje så mykje nytt, då det typisk også er ved kaier at ein finn fryseri for fisk som bruker ammoniakk. Forslaga om å bruke ammoniakk til drivstoff har stort sett vært retta mot transportskip. Det vil heilt sikkert ikkje være cruiseskip som tek i bruk dette drivstoffet fyrst. Eg deler likevel bekymringa du har med at ein skal være litt tilbakehalden med å ta i bruk alle nye drivstoff. Det sagt så er eg langt meir positiv til slik bruk på skip, tog og generelt i industrien generelt der ein har gode interne rutinar for å både forebygge og aksjonere ved lekkasjar. Vi må for all del ikkje sleppe til ammoniakk som drivstoff i personbilar der det blir nesten heilt tilfeldig om køyretøyet blir vedlikeholdt og kontrollert.- 6 svar
-
- 1
-
-
Det er vanlegvis ein føresetnad frå teleselskapet at bedrifta må være eigar av telefonnummeret for å å kunne tilby bedriftsabonnement. Bedriftsabonnement vil ofte være mest fordelaktig ettersom dette ofte er abonnement med store datapakkar til ein lågare pris, og ofte er også bedriftsabonnemang prioriterte dersom ein er i områder med stor aktivitet på telenettet. Bedrifta kan sjølvsagt ikkje berre ta telefonnummeret, det må foreligge ein signert avtale der arbeidstakaren har overført eigarskapet til telefonnummeret. Disse avtalane bruker å også inkludere ein klausul som gir arbeidstakaren rett til å få tilbakeført telefonnummeret når avtalen eller arbeidsavtalen blir avslutta. I praksis er det sjeldan eit problem med arbeidsgivarar som nekter å gi tilbake telefonnummeret til arbeidstakaren, men det er klart at det vil alltids kunne være ein liten risiko for at arbeidsgivar er småleg om det seinare skulle oppstå ein konflikt. For trådstarter så er det nok også rom for å krangle på om det i det heile tatt er bedrifta som eig telefonnummeret når det ikkje er inngått ein eksplisitt avtale om det. Ein slik avtale skal også være forstått av arbeidstakaren for at den skal være gyldig, så det er ikkje tilstrekkeleg at slik overføring står som ein fotnote i til dømes arbeidsavtalen. @obygda Du må nesten berre telle på knappane og vurdere om denne mobilavtalen er verdt det eller ikkje. Når arbeidsgiver betalar telefonabonnementet ditt så blir dette skatteført som eit lønnstillegg på 366 kr i måneden, om vi for enkelheitsskuld seier at du skattar 50% så medfører dette at mobilordninga lønner seg økonomisk for deg så lenge du ikkje kunne klart deg med eit privat abonnement til under 183 kr. Bruker du lite mobildata så er det billegare for deg å ha eit 129 kroners abonnemnet i privat regi. Skattereglane for EKOM tilseier at skattefordelen din uansett ikkje blir høgare enn 366 kr i måneden, så jo meir du får inkludert jo betre avtalen for deg. Om du for denne summen også blir holdt med mobiltelefon så vil avtalen alltid lønne seg med mindre du også hadde klart deg med ein dum-telefon til 199 kr. Sjølv om denne mobilavtalen kanskje lønner seg økonomisk, så er det neste spørsmålet om avtalen lønner seg total sett. Dersom arbeidsgivar krev at du er tilgjengeleg heile tida, enten det er per telefon, epost eller teamsmeldinger så er det rimeleg at du også krev kompensasjon for å gjere deg så tilgjengeleg. Når arbeidsgivar i tillegg sett avgrensingar til korleis du bruker mobiltelefonen så er dette også noko som det er rimeleg å kreve betalt for. Sjølv så har eg mobiltelefon og abonnement som er dekt av arbeidsgivar. Det er innført krav om at eg må installere app som gir IT avdelinga tilgang til å fjernslette for at eg skal kunne bruke Teams og slikt på mobiltelefonen. Det har eg valgt å ikkje installere, så då er eg ikkje tilgjengeleg på til dømes Teams når eg ikkje sitt ved PCen. Sjølv telte eg litt på knappane, men eg konkluderte med at det i min stilling hadde vært veldig vanskeleg å halde privatnummeret mitt heilt privat uansett, og for meg er gulrota i avtalen at eg har eit abonnement som som inkludererer så mykje data at eg ikkje treng å tenke på dataforbruket mitt. Skulle eg hatt privatabonnement så måtte eg betalt mange hundre kroner i måneden for å i det heile tatt kome i nærheita. Mitt generelle råd er at du vurderer å avslutte avtalen om du synes det er meir mas enn du får igjen. Kor mykje du verdsetter det å være utilgjengeleg etter arbeidstid, og sjølv kunne bestemme både når du kjøper ny mobil og kva du skal ha installert på mobilen, vil være høgst individuelt. For min del så tenker eg at jo betre økonomi du har, jo mindre aktuelt er det å "prostituere" deg for å spare nokre kroner.
- 131 svar
-
- 1
-
-
Kjenner meg rimeleg sikker på at denne saka ikkje har vært opp til regjeringa å løyse. Ansvaret for dette er delegert til Mattilsynet som skal forvalte det regelverket som er fastsatt. Ofte så får heller ikkje Regjeringa vite om at regelverket ikkje fungerer før det blir mediasak ut av det, og grunnen til at det no har blitt ein mediasak er fordi amerikanarane har sendt brev til UD for å klage. Fyrst no har dette blitt ei regjeringssak, og då er det nok ikkje lenge til at ein finn ei løysing. Som det står i artikkelen så er den politiske utfordringa at på akkurat dette området så er det ein interessekonflikt mellom EØS avtalen som forplikter Norge å stoppe matvarer som ikkje oppfyller EU krava og NATO avtalen som skal sikre eit militært samarbeid. Sidan dei fleste EU landa også er medlem i NATO så vil ein nok rimeleg fort få på plass ei unntaksløysing. For dette er også ei problemstilling for alle dei andre EU/EØS land når amerikanarar eller britar kjem med sine stridsrasjonar til det landet. Den store diplomatiske nøtta å knekke her er eksakt korleis denne saka skal løysast. Det er minst to fullgode måtar å løyse dette på, men ikkje utan ulemper. Den fyrste og mest innlysande er å gi militære styrkar frå NATO land unntak frå importbestemmelsane i EU/EØS området. Dette gir ein auka risiko for at det også kan bli innført plante og dyresjukdommar, men det er nok ein risiko som kan styrast om unntaket berre gjeld militæret og så lenge det er snakk om stridsrasjonar som i dag ofte er frysetørka tørrvarer. Den andre enkle løysinga er at USA, Storbritania og Canada lagar stridsrasjonar til bruk i NATO øvingar og aksjonar. Disse rasjonane kan då overholde EU sine grenseverdiar av ulike stoff, og ein kan etablere ei løysing for å førehandsdeklarere stridsrasjonane. Ulempen her er sjølvsagt at USA, Storbritania og Canada nok ikkje ønsker å bruke penger på å utvikle nye stridsrasjonar berre for å oppfylle EU krava. På sikt er nok sistnemte løysing å foretrekke. Om vi i NATO kan standardisere oss til å bruke same ammunisjon så burde vi også kunne standardisere oss til å bruke den same maten. Når vi i Norge fasa ut AG3 til fordel for HK416 så var det ikkje heilt utan grining, men det var heilt klart ein styrke for heile alliansen at flest mogleg baserte seg på 5,56 mm ammunisjon, som igjen gjer det veldig lett å samarbeide sidan ein tropp med amerikanske soldatar i utgangspunktet kan forsynast med alt dei treng frå det norske forsvaret utan å trenge støtte frå heimlandet. Etter mitt syn burde det også være slik med feltrasjonane. I prinsippet burde det være heilt unødvendig at amerikanske soldatar tek med sine eigne feltrasjonar, dei bør både få og være godt kjente med dei norske stridsrasjonane, som igjen bør være heilt like på tvers av alle NATO land.
-
Det vil du ikkje få vite. Slike forespørslar er alltid like. Ein person har ein idé utan å sjølv ha evne til å realisere ideen og treng derfor ein partner som kan gjere heile jobben. Denne jobben er ein aldri villig til å betale for, så i staden tilbyr ein 50% av overskotet (om det blir noko overskot). Idémannen tek null risiko medan programmeraren investerer mykje tid som ein vanlegvis hadde fakturert for, og med liten sannsynlegheit for å nokon gong få betalt. For å få vite kva du begir deg ut på vil Idémannen alltid kreve at du signerer fortrulegsheitavtale. Problemet med slike avtalar er at dei nesten alltid er ekstremt overfladiske av typen "app som gjer det enkelt å finne pris på X produkt" eller "app for kommunikasjon med andre som deler din interesse". Har du då signert fortrulegsheitavtalen og fått presentert ein slik latterlig idé, så har du som programmerar effektiv sett gitt deg sjølv yrkesforbod mot å jobbe med appar som kan gjere noko liknande. Ein idémann som har ein ordentlig god idé vil ta opp lån og lønne ein programmerar til å gjere jobben, ein gir ikkje vekk 50 % av gullbilletten på ein idé som du har trua på.
- 7 svar
-
- 6
-
-
-
-
Det burde også være heilt overkomeleg å sette krav til at den amerikanske hæren skal ha ein internkontroll som sikrer at det kan dokumenterast at alt er gjort rede for og ikkje er lagt igjen i naturen. Kan vi stole på at amerikanerane kan ta med våpen og ammunisjon til Norge utan at dette havner på avveie, så kan vi nok også stole på at feltrasjonane ikkje kjem på avveie.
- 20 svar
-
- 1
-
-
Einig. Det burde være ein small sak å kreve dokumentasjon på at denne maten berre blir fortært av amerikansk personell, og eventuelt dokumentasjon på at matrestar også blir returnert til USA. Å bruke regelverket som er meint å beskytte borgarar i EU mot helseskadeleg mat på denne måten er unødvendig byråkrati. Det beste hadde sjølvsagt vært om dei amerikanske soldatane fekk europeisk mat utan helseskadelege tilsettingsstoff, men eg skjønar at USA ikkje er villige til å betale for slik kvalitetsmat. Her burde ein kunne legge til regelpraktiserings vi har for privat import av til dømes legemidlar, der du får ta med medisin til eige bruk over grensa men du får ikkje ta med så mykje at du kan vidareselge medisinen.
-
Så lenge det ikkje er fall i avløpet så vil nok dette bli eit gjentakande problem. Når vatnet renn sakte over det flate partiet så vil det også legge seg sediment der som ytterlagare hindrar gjennomstrømminga. Ber bør du legge om avløpet. Avløpet frå vasken bør gå på skrå ned mot vannlåsen, og så må det som ser ut til å være avløpet frå oppvaskmaskina koplast på det nye skråløpet.
- 20 svar
-
- 1
-
-
På Flightradar appen kan du heilt trygt nekte posisjonsdata heile tida. Det einaste fornuftige bruksområdet for å la den appen få vite kvar du er er at appen bruker posisjonen din til å sentrere kartet til der du befinner deg. Dei aller fleste som bruker Flightradar zoomer nok ut som det fyrste dei gjer uansett sidan ein oftast er mest interessert i å få eit overblikk på flytrafikken. Og skulle du være nysgjerrig på eksakt kva fly det er som flyg rett over deg så tek det ikkje mange sekunda å manuelt flytte kartet til dit du befinner deg. Dei aller fleste mobilappane er nok seriøse og held persondataene dei samlar inn for seg sjølv utan å selge opplysningane om kundane sine. Det er likevel veldig mange apper som får eller krever tilgangar som er heilt unødvendige, som til dømes kartappar som vil ha din GPS posisjon slik at kartet kan vise ditt nærområde når du opner appen, eller lommelyktappen som trenger tilgang til mobilkameraet ditt fordi appen bruker blitz-styringa til å aktivere LED lyset, eller mobilspelet som vil ha tilgang til ringefunksjonen for å kunne avvise eventuelle anrop som kjem medan du er opptatt med å spele på mobilen. For dei aller fleste er slike tenester er i beste fall "kjekt å ha" og ofte strengt tatt unødvendig. For sjølv om at utviklaren av lommelyktappen ikkje driv å snikfilmer deg sjølv om appen har tilgang til kameraet, så er det likevel heilt unødvendig at appen har tilgang til å kunne gjere det.
-
For at mobilen skal kunne brukast som telefon eller opp mot internett så kjem ein seg aldri vekk frå sporing. Du kan likevel gjere mykje for å hindre unødig sporing, som til dømes å slette eller deaktivere alle appar som du ikkje treng. Brukar du mobilen berre som telefon så er det berre å fjerne alle andre appar. Det store spørsmålet er eigentleg berre kven du vil være skjult for. Teleselskapet kjem du deg ikkje unna så lenge du har SIM kort, men du kan fint skjule deg for Google ved å ikkje bruke Google sine tenester. Om formålet fyrst og fremst er å skjule deg for vennar og familie så kan du langt på veg hindre dette med å slutte å bruke sosiale media. Eit typisk eksempel der mange ukritisk deler posisjonen sin er på Snapchat kartet. Det er ikkje nødigvis gitt at det er hensiktsmessig at du deler din nøyaktige posisjon i sanntid med absolutt alle som du er "venn" med på Snapchat.
-
Som andre har nemt så må du ta kontakt med den vidaregående skulen som i sin tid gav deg vitnemålet. Om den vidaregåande skulen ikkje kan hjelpe deg eller kanskje til og med er nedlagt så må du ta kontakt med fylkeskommunen som også skal ha arkivert dette. Merk at det er ikkje gitt at ein har arkivert sjølve vitnemålet, ofte er det berre karakterprotokollane som er arkivert. I praksis betyr det ikkje så mykje sidan protokollane gir grunnlag til å skrive ut nytt vitnemål. Einaste forskjellen er at ditt nye vitnemål då vil ha dagens layout, logoar, osv. Du spurte ikkje om det, men treng du dokumentasjon frå barne eller ungdomsskule så er det mykje likt berre at du då kontakter den aktuelle ungdomsskulen eller kommune. Vil også legge til at sjølv om det er greitt å få skaffa seg vitnemål og slikt på nytt etter å ha mista det så er det ikkje sikkert du treng det. At samordna opptak berre gir deg utskrift som ikkje er gyldig som dokumentasjon har vanlegvis ingen praktisk betydning med mindre du skal søke om utdanningsplass på bakgrunn av vitnemålet. Til jobbsøking så aksepteres vanlegvis kopiar, og ofte er det nok å skrive kva vidaregåande skule du gjekk på om det i det heile tatt er relevant for jobben.
-
Kommentar: Hvem har tid til spill?
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
At hobbyar tek tid er ikkje noko nytt. Eg vil også nødig ta til orde for at spela skal bli kortare. Vi treng gode spel i alle formar, frå lineære spel med 10 timars speletid til open world spel som ein ha fleire tusen timar i. Det eg synes vi som forbrukarar burde oppfordre spelselskapa til er å finne eit system for å merke spela etter kor mykje fokus spelet krever. For oss som er speler litt av og på, med korte daglege økter eller lengre økter som kan være fleire veker i mellom så er det lite som er så fustrerande som å hente fram eit halvferdig spel berre for å innsjå at du ikkje lenger har det i fingrane å fortsete der du slapp. Enkelte spel har så enkle og intuitive kontrollar at du fint kan ta lange pauser, men det er også spel som krever at du speler fast og reglmessig om du skal ha håp om å kome deg gjennom spelet. Sistnemte gjeld særleg for spel der du må lære og huske ulike angrepskomboar, og spel som har høg kompleksitet. Det hadde derfor vært veldig fint om denne informasjonen var lett tilgjengeleg før eg går i gang med eit spel som eg ikkje kan investere nok tid i til å fullføre. Personleg trur eg at dette var noko av sukessfaktoren som gjorde at "The Witcher 3" vart så godt mottatt. Det spelet treff ein fin balanse mellom å spele heilt casual på enklaste vanskelegheitsgrad der du berre gjennomfører hovedoppdraga og du kan drepe sjølv dei vanskelege fiendane med å spamme angrepsknappen. Men du kan også auke vanskelegheitsgrada slik at du bruker angrepskomboar, potions, og magi og på den måten får meir givande slossing. For meg vart det løysinga for å fullføre witcher 3 når eg skulle ta oppigjen tråden etter ei lengre pause, ved å sette ned vanskelegheitsgrada så var det rimeleg fort gjort å få fullført spelet og dermed historien. Det er også ein av dei tinga som eg verkeleg hater med Rockstar* sine spel som GTA V og Red Dead Redemption 2. Det er kjempegode spel som er like artige å berre utforske som det er å spele hovedoppdraga. Men i disse spela det tek drepande lang tid å kome seg gjennom prologen før du får friheita til å spele slik som du sjølv vil. I til dømes RDR2 tok det drøye to timar før spelet vart opna opp. I GTA V var det litt betre med berre omtrent ein halvtime, men det er fortsatt alt for lenge for spelarar som ikkje har 60+ timar å investere i historiedelen og som berre vil spele for underholdninga sin del. -
Kor øyeblikkelig behovet for hjelp var er det ikkje så lett å vurdere, så det kan være veldig ulik oppfatting mellom trådstarter og legevakta. Slik som eg forstod trådstarter så var ptoblemet at det var stramt og med ubehage og hevelse. Ein liten hevelse gjer ingenting men det når det et ein pågåande hevelse så er ikkje det å vente gjennom natta det beste alternativet. Det er også litt naivitet å tru at fastlegen har kapasitet til å sjå på dette alt morgonen etter. Legevakta er for ting som ikkje kan vente, ofte meiner ein då øyeblikkeleg hjelp, men ofte må legevakten også ta seg av det som ein ikkje kan vente til at fastlegen har ein ledig time.
-
Ordet "kunstig" brukes her i betydninga "ikkje ekte". Utrykket kunstig intelligens skal ikkje forståast som "intelligens som er konstruert", det skal forståast som "utgir seg for å være intelligens". Mykje på same måte som at kunstig søtningsstoff ikkje betyr at det er sukker, det betyr at det er eit stoff som imiterer sukker.
- 76 svar
-
- 1
-
-
Hvordan gå fra karakter 3 til 5 i norsk?
The Avatar svarte på harcoregeek sitt emne i Skole og leksehjelp
Har du fått oversikt på kvifor han fekk 3'er i norsk? Er det berre setningsoppbygginga eller er det dårleg jamt over? Kompetansemåla i norskfaget omfattar veldig mykje, som blant anna frå tekstanalyse til litteraturhistorie. Beste rådet om setningsoppbygginga er dårleg er å lese skjønnlittertur og på den måten få mengdetrening i korleis setningane skal byggast opp. Dersom det er vanskeleg å få han til å konsentrere seg om lesing så kan lydbøker være eit alternativ. Det som ofte er problemet når ein har dårleg setningsoppbygging er at ein skriv slik som ein formulerer seg munnleg. For treninga sin del så kan det derfor være være nyttig å øve på å skrive formelt, nesten gamaldags for å øve inn korrekt setningsbygging.- 8 svar
-
- 1
-
-
Norge på topplisten når det gjelder tarmkreft - hvorfor?
The Avatar svarte på Trulss sitt emne i Helse
Vil også legge til at kreft er uønska mutasjonar i arvestoffet som spreier seg, så det er også eit element av flaks/uflaks. Kvar gong ein blir utsatt for til dømes tobakk så har ein kasta terningen. Det er ikkje kvar gong det oppstår ein mutasjon men faren er der alltid. Du kan spele yatzy kvar helg og aldri få fem like på terningane, men du ka også få yatzy på ditt fyrste kast den fyrste gongen du spelar. Det er derfor enkelte røyker heile livet utan å få kreft medan andre har aldri røyka og fekk kanskje kreft av indirekte røyking eller likande mikroskopisk risiko. -
Norge på topplisten når det gjelder tarmkreft - hvorfor?
The Avatar svarte på Trulss sitt emne i Helse
Forventa levealder i Ungarn er 73,27 år for menn og 80,23 år for kvinner. Forventa levealder i Kroatia er 73,8 år for men og 80,3 år for kvinner. Begge delar er tal frå 2021 og det er så og seie identisk for begge landa. I disse landa har kvinnene 7 år lengre levetid til å få tarmkreft før dei stryker med av heilt andre ting. Disse 7 åra i ulik levetid er nok ikkje einaste forklaringa, men det er nok ein del av forklaringa. Det er anslått at 3/4 av dei som får kreft er over 60 år, så litt enkelt sagt om vi antek at tarmkreften ikkje oppstår før ein er minst 60 år så har ungarske og kroatiske menn berre 13-14 år til å utvikle kreftsjukdom før dei døyr medan kvinnene har heile 20 år på seg. Alder er ein viktig faktor, men ein anna viktig faktor er diagnosering og rapportering. Det kan derfor være at Norge (og Danmark) ligg høgt oppe på lista fordi vi er flinkare til å påvise tamkreft. Svært mange eldre har ein kreftsjukdom som dei verken har fått vite om eller mottek behandling for. Dette er faktisk ein av dei etiske problemstillingane ein har når ein analyserer kreftprøver. Kreft har blitt veldig vanleg, men skal ein då uroe ein 80 åring med at ein har funnet små spor av kreft i kroppen deira når det er snakk om ein kreftsjukdom som sjølv utan behandling treng minst 20 år på å ta livet av pasienten? Det å motta kreftbehandling for ein krefttype som med stor sannsynlegheit ikkje rekk å bli livstruande før pasienten uansett døyr av alderdom er ein stor påkjenning for ein gamal kropp, og då er det eit stort spørsmål om kor mykje ein skal forringe livskvaliteten dei siste åra ein person har igjen av livet når det er berre ein 5% sjans for at personen kjem til å leve lenge nok til at behandlinga er livsforlengande? Tarmkreft som ikkje har spredd seg gjennom tarmveggen vil 9 av 10 fortsatt leve med etter 5 år, så om ein har mindre enn 5 år å leve uansett så er ikkje slik kreftsjukdom noko å bekymre seg over. Det kan derfor fint være at andre land underrapporterer forekomster på tarmkreft hos sine aller eldste.- 54 svar
-
- 3
-
-
-
Det er også ei kraftig overdriving at det trengs minst 3 brannbilar per husbrann. At dei i ein normalsituasjon har god ressurstilgang og sender 3-4 brannbilar for å være sikre på å ha nok vatn medfører ikkje at det alltid må så mange brannbilar til. Det er berre å sjå på norske nyheitssakerr om husbrannar, det er mange kommuner der ein berre har sendt kommunens einaste brannbil. I slike grisgrente strøk så er nok strategien meir å hindre at husbrannen spreier seg til nabohusa enn det er på å redde huset som brenn, men det burde også være same strategien som ein har når det er for mange branar brannar i forhold til ressurstilgangen. I tillegg til at brannbilane kan fyllast på nytt så kan brannbilane også flyttast, så dei fire brannbilane som er ved hus nr. 1 flytter seg sjølvsagt vidare til neste brann når den brannen er sløkt. Er ellers einig med deg @Simen1 om at når målet er å hindre brannspreiing så sløkker ein ikkje kvar enkelt hus. Brenn det i ei rekke på fem hus så starter ein sjølvsagt ikkje der brannen oppstod og prøver å løpe etter brannen, då starter ein openbart med å sløkke det femte huset før brannen får spreie seg til hus nummer seks. Eg skjønner godt at brannsjefen vil ha meir pengar til eigen etat, men å gå ut i media og indirekte seie at politikarane må skaffe han 26 000 brannbilar for å kunne hindre ein slik storbrann er sjølvsagt heilt urealistisk. Hadde eg vært denne brannsjefen så ville eg ha fokusert meir på at det er fleire brannar enn han har brannbilar å sende ut, denne overdrivinga fører berre til at brannsjefen mister kredibilitet når ein etter brannane skal ha ein oppvaskmøte for å hindre at ein slik brann kan oppstå på nytt.
- 249 svar
-
- 2
-