
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 805 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det store spørsmålet er om det finnes nok barnefamilier som har råd til å kjøpe disse bustadane. Med mindre det blir innført reguleringar som gjer det enklare for barnefamiliar å flytte til Bjørvika så hjelp det ikkje så mykje at der er nok bustadar som potensielt kan huse barnefamiliar. Eg kan ikkje sjå eit scenario der Bjørvika huser nok ungdommar til å fylle denne ungdomsskulen med eigne innbyggarar. Dette kjem til å bli ein pendlarskule der elevane i hovudsak pendler inn til sentrum for å gå på, og då kunne ungdomsskulen vært etablert nesten kor som helst.
-
Som i mange andre sportar så har den teknologiske utviklinga kommet så langt at det er behov for eit komplisert regelverk for å kunne bruke teknologien utan at det gir nokon for store fordelar. Her tenker eg så enkelt som at mykje kunne vært løyst med å forby bruken av hoppdress. Om alle hopper i olabukse og strikkagenser så vil for store klær berre gi auka luftmotstand og lågare fart samtidig som det omtrent ikkje er lufttett materiale som hopparen kan flyte i lufta på. Dagens regelverk premierer dei nasjonane som har dyktige skreddarar og som er villige til å strekke grensene.
-
Kva legg du i ei heil boks med alkohol? Tenker du på ei 0,3 liter ølboks på 4,5% (1 alkolholeining)? Litt avhengig av kor fort du drikk øla og kor stor kropp du har så vil du du merke relativt lite av ei øl. Det meste du merker er psykologisk.
-
Ein alkolholeining er eit standardmål der mengda væske er tilpassa alkoholstyrken slik at kvart glas inneheld like mykje alkohol. Om du tek tre små shots med sprit, tre vinglas, eller tre heile flasker med øl så er det omtrent like mykje alkohol. Det viktigaste når du ikkje har drukket før er at tilpasser mengda, du kan liksom ikkje starte med ein halvliter rein sprit. Ved å velge meir alkoholsvake drikkar så er det lettare å tilpasse kor raskt du drikk. Husk at det tek litt tid frå du har inntatt alkoholen til du merker det, det er her faren med shots ligger. Tek du mange shots så kan du lett oppleve at i det du kjenner du har fått nok, så har du fortsatt eit par shots i magen som du ikkje har merka endå og som vil få deg til å bikke over.
- 89 svar
-
- 1
-
-
Det er litt relativt, men øl og cider på ca 5% blir ofte rekna som relativt alkoholsvakt sidan det er ganske sjeldan at folk drikk lettøl på 2,5%. Ein utblanda drink eller eit glas vin er typisk på 10-15%. Shots og likørar er ofte på rundt 30%, og brennevin er på 40 til 60%. Å drikke rein sprit vil eg på generelt grunnlag påstå er for meir rutinerte alkoldrikkere som liker sterk og intensiv smak. Kvar du som voksen bør begynne kjem heilt ann på dine smakspreferanser og formål med drikkinga. For å ta det siste fyrst, er tanken at du skal drikke deg dritings på enklast måte, eller er det meir for å kunne drikke "normalt" i sosiale situasjonar der det er naturleg å drikke ein øl eller eit glas mes vin? For smaksdelen så er spørsmålet om du berre liker søt drikke, eller om du også har blitt voksen nok til å sette pris på bitre smakar som kaffe, rosenkål, vellagra ostar og soyasaus?
-
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Eg tenker at med dagens sorteringsordningar så må det også stillast krav til produsentane om å lage emballasje som også lar seg sortere enkelt. Ta til dømes denne puta som du finner i pakken med kyllingfilet. Teknisk sett er det plast og kan gjenvinnast som plast, men luktproblematikken er stor både for meg som forbrukar som ikkje får henta plastavfallet mitt ofte nok og for renovasjonsverket som skal behandle plasten vidare. Og sjølv om mesteparten av vekta er kjøttsaft og dermed matavfall så har ikkje plasten noko i matavfallet å gjere. Det mest korrekte er nok å kaste denne puta som restavfall, men eg kan godt sjå for meg at andre forbrukarar konkluderer på anna måte.- 144 svar
-
- 1
-
-
Det at "arkeologen" utforsker kulturminner ved å hoppe mellom plattformer og klatre opp veggar, samtidig som at både skurkar og ville dyr får seg ein solid dose med bly. I tillegg er ruinane alltid i overraskande god stand med fungerande mekanismer som må aktiverast. Utsjåanden er i seg sjølv mindre viktig men skodespelaren må kunne formidle ein karakter som det er nokonlunde truverdig har styrken og utholdenheita til all den fysisk krevande utforskinga. Etter mitt syn er Sophie Turner alt for tynn for ei slik rolle, og om dei går for det klassiske antrekket så er det heller ikkje så mykje til å skjule kor tynn og spak ho faktisk er.
- 41 svar
-
- 1
-
-
Om ein fyrst skal bruke franchisen så må det i det minste være noko likheiter med den etablerte rollepersonen. Om dei vil lage ein realistisk TV-serie om ein arkeolog så kan dei bruke eit anna namn på serien.
- 41 svar
-
- 5
-
-
-
Dette var eit spesielt namn, einaste som Sophie Turner og Laura Croft har til felles er å være britiske. Kanskje det likevel blir bra om Sophie Turner bruker hausten til å feite seg opp, eit beinrangel kan ikkje portrettere ein karakter som er kjent for store puppar og stor styrke.
- 41 svar
-
- 2
-
-
Avtale hjemmekontor mot bindingstid i bedriften x antall år - lovlig?
The Avatar svarte i et emne i Juss
Dei fleste arbeidsplassar som har heimekontor ønsker meir bruk av heimekontor ettersom det sparer kontor-kostnadar. Unntaket er der heimekontor av ulike grunnar ikkje fungerer optimalt, som til dømes ved at det hindrar intern kommunikasjon og oppfølging. Det at du binder deg til arbeidsplassen vil nok ikkje kompensere for det som ligg bak ønsket om å redusere bruken av heimekontor. Du bør derfor finne andre ting å tilby når du vil inngå ein avtale. -
Det er mange firma som utruster ytkesbilar, men eg ville ikkje kalla den innreiinga for "koseleg". Ser du for deg ei innreiing av aluminiumsplater og skuffeseksjoner, eller tenket du meir i retning vegg-til-vegg tepper og trepanel på veggane?
- 13 svar
-
- 1
-
-
Eg tenker at utleige er ein dårleg idé forutsatt at det her ikkje er snakk om kortids sjukeheimopphold som medfører at ho planlegger for å flytte tilbake. Å grunngje ein søknad om å leige ut i 3 år for å kunne drive opp prisen vil nok ikkje falle i god jord. Det er nok også tvilsomt at prisoppgangen på 3 år er stor nok til å gjere opp for at salget ikkje lenger er skattefritt når ho ikkje har budd der minst 1 år av dei siste 2 åra. Det er heller ikkje gitt at utleigeforholdet blir heilt enkelt å organisere for ei som bur på sjukeheim i forhold til det som kan oppstå av manglar som må utbetrast. Om det er usikkert om ho blir varig på sjukeheimen, eller om ho har arvingar som vurderer å ta over bustaden så kan utleige i opp til eit år være relevant.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Trur at det totalt sett blir bra å ha like fregattar som Storbritania ettersom vi skal operere i samme farvatn og kan dra gjensidig nytte av å dele både reservedelar og kanskje også mannskap. Mitt einaste ankepunkt er at nettopp fordi vi begge skal segle rundt i Nordsjøen så kunne det hatt nokre fordelar om vi hadde litt ulike kapasitetar på fregattane og dermed vil kunne utfylle kvarandre.
- 107 svar
-
- 1
-
-
Tja. Det utgjer nok ingen trussel, sjølv om det sjølvsagt kan argumenterast for at slike app-jobbar som blir fylt av billige arbeidsinnvandrarar potensielt sett tek vekk arbeid som kunne gitt nordmenn jobb. Eg er ikkje spesielt bekymra for akkurat det ettersom mange av disse app-jobbane tilbyr lønn, arbeidstid og ein ustabilitet som mange uansett ikkje ville jobba under. Mange av dei som har slike jobbar vil nok uansett trenge hjelp frå NAV, men likevel litt mindre enn om dei ikkje hadde hatt den lille lønna frå app-arbeid. Det mest problematiske etter mitt syn er at slike strø jobbar er eit hinder for faste og heile stillingar i det ordinære arbeidsmarkedet. Det er ein fordel for velferdsstaten om flest mogleg har slike faste jobbar som gir pensjonssparing. I tillegg så er det sjølvsagt ikkje bra om vi får ei underklasse som må jobbe mykje meir enn resten av befolkninga for å tene til livets opphald. Grunnen til at mykje av vernebestemmelsane i arbeidsmiljølova ikkje gjeld for sjølvstendig næringsdrivande er fordi med eit tradisjonelt firma så vil ein med mykje hard arbeid kunne jobbe seg opp til ei bra inntekt. App-arbeidarar vil aldri kunne nyte godene av hardt arbeid sidan dei er sjølvstendig næringsdrivande berre på papiret, dei har for alle praktiske formål ein sjef i appen som stikker av med overskotet og setter igjen risikoen for sjukdom og arbeidsskader hos den ansatte.
- 69 svar
-
- 2
-
-
Reparasjon av balkongdør borettslag eller andelseier ansvar
The Avatar svarte på Tesla1856 sitt emne i Juss
Det et godt belyst i denne tråden at burettslagslova fastsetter at det er slik som du viser til. Det som var spørsmålet er om det finnes grunnlag for å hevde at burettslagslovas unntaksbestemmelse om at anna ansvarsfordeling kan vedtektsfestast er så openbar urimeleg at ein etter avtalelova kan sjå vekk frå det som eventuelt er fastsatt i vedtektene. Eg meiner at svaret på det er heilt klart nei. Det er ikkje urimeleg å vedlikeholde sine eigne dører og vinduer, og i alle fall er det ikkje openbart urimeleg. Sjølv om døra er i yttervegg som i seg sjølv er felleseige og dermed styrets ansvar, så er det slik at om ikkje burettslagslova hadde regulert dette så ville nok dei fleste ha antatt at dette er eit bebuaransvar sidan bebuaren er den einaste brukaren av døra og at innsida av døra vil være å ansjå som ein del av interiøret som det igjen hadde vært naturleg at det er bebuaren som får bestemme kva farge insida av døra skal ha. Etter mitt syn så hadde ein hatt ei sterkare sak (men fortsatt tynn) om ein hadde argumentert for at det er "openbart urimeleg" at bebuaren ikkje sjølv skal få bestemme over døra som ingen andre brukar.- 33 svar
-
- 1
-
-
Første ungdom som slippes ut av fengsel med fotlenke..
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Eg trur du blandar saman fotlenke og omvendt voldsalarm. Soning med fotlenke har ikkje til formål å stoppe kriminalitet, formålet er ein kombinasjon av å vite kvar fangen oppheld seg og å få eit varsel dersom vedkommande forlet det området som han til ei kvar tid har lov til å opphalde seg. Denne posisjonslogginga har også den fordelen at dersom det skulle oppstå mistanke om at arrestanten har begått kriminalitet så kan ein enkelt sjekke loggen for å få bekrefta at arrestanten var på rett stad til rett tid. Politiet kan rykke ut dersom den som er i husarrest forlater heimen, men det som skjer i praksis er at arrestanten blir ringt opp for eventuell forklaring. Om forklaringa ikkje er god nok så blir hendinga loggført og vil føre til framtidige konsekvensar som forlenga straff, omgjering til vanleg fengsel, og liknande. Om den som soner med fotlenke vil begå kriminalitet så er det ingenting som hindrer det sjølv om alarmen står og uler. Tilsvarande er det heller ikkje noko problem å klippe av seg fotlenka eller rett og slett ikkje lade batteriet. Det som er vanskeleg er å manipulere fotlenka utan at det fører til alarm.- 24 svar
-
- 3
-
-
-
Spørs kva du legg i funker. Speakers corner har ikkje hatt ein demokratisk funksjon på mange årtier. For type hundre år sidan så var dette ein plass folk kunne oppsøke for å få politiske innspel, men no er det berre nok ein plass for soloutspel frå folk som ønsker å dele sine meiningar utan å måtte tåle motsvar.
-
Trur mykje av forklaringa er ungdommens naivitet på korleis verden er skrudd saman, kombinert med at det er eit visst kjønnsmessig bias for at kvinner verdsetter mjukare verdiar enn menn.
- 188 svar
-
- 8
-
-
Reparasjon av balkongdør borettslag eller andelseier ansvar
The Avatar svarte på Tesla1856 sitt emne i Juss
Verandadør er for meg ganske åpenbart ei ytterdør som er burettslagetets ansvar med mindre anna ordning er vedtektsfesta. Så her er det viktig å sjekke om det vedtektsfesta eit avvik frå den generelle bestemmelsen i burettslaglova. Eg har vært i eit burettslag der verandadør var andelseigarens ansvar, men det var fordi heile verandaen i ettertid hadde blitt innglassa slik at vi effektivt sett hadde fått nye ytterveggar med nye vindu. Denne justeringa vart gjort fordi kvar enkelt bebuar skulle stå heilt fritt til om dei ville endre på den opprinnelege ytterveggen, mellom anna var det ein del som då utan vidare søknad kunne sette inn breie skyvedyører slik at balkongen kunne brukast som ein del av stova. For å være litt useriøs så er det nesten som eg ville råde mora di til å skru opp nye hengsler, og så memde inn til styret at hengslene inne i leilegheita er heilt i orden, og at der er den døra som ikkje er festa til hengslet. -
Her er det to ganske forskjellige problemstillingar. Det fyrste er at det har utvikla seg ein kultur med faste plassar, noko som er vanleg i dei fleste kantiner utan at det nødvendigvis er eit hierarki på kvar det er "best" å sitte. Det andre er at det ikkje blir slått hardt ned på matkrig og openbar fientlegheit mellom klassetrinna. Frå eit meir praktisk standpunkt så er fjerning av langbord fornuftig. Langbord er meir plasskrevande fordi du berre kan sitte på to sider, og fordi ein ofte setter igjen ein open plass mellom grupper i stadan for å sitte tett på ein person som du ikkje kjenner. I tillegg er det på langbord litt meir begrensa kven du kan føre ein naturleg samtale med, vanlegvis berre dei tre framfor deg og dei to på sidan av deg.
- 4 svar
-
- 2
-
-
-
Ingen anmeldelse av Silksong til lansering
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg seier ikkje at influencere er til å stole på i slike saker, snarare tvert imot. Der eit redaktørstyrt medium kan ha ryggrad nok til å stå rakrygga ved ei negativ anmelding så har spelprodusentane mykje meir makt over streamere, mellom anna ved å trekke sine sponsoravtalar om streameren ikkje gir gode skussmål. Mange av streamerane som lever av streaming får sin inntekt gjennom sponsoravtalar, det kreves gode sjåartal for å kunne leve på reklameinntektene frå sjåarane. Det å bruke streamere og influensere har blitt ein billegare måte for spelstudioa å reklamere på. Og sidan det er så mange influensere å velge mellom så vil dei fleste sjåarane finne nokon med lik smak i spel som seg sjølv, som igjen gir meir tillit sjølv om influenseren berre seier der sjåarane vil høyre. -
Det største problemet med sesong 2 er at serieskaparane prøvde seg med eigne tilpassingar som øydelegg mykje av flyten i serien. Antageligvis fordi dei var redde for negativ omtale frå dei som hata the last of us 2. Mellom anna så endra dei Abby til å bli meir spiselig, men så mista dei momentet med at Abby har dedikert all sin tid både fysisk og mentalt for å ta hevn. Tilsvarande med Ellie som dei i serien beholdte som umoden ungdom, og ikkje som voksen. I spelet var ho så opphengt på hevn at ho regelrett slakta ned alle frå WLF som ho kom over. Så når ho i spelet bestemte seg for å gi opp på å finne Abby for ånreise heim så hadde ho alt drept hundrevis av Abbys omgangskrets og fått utløp for mykje av hevn. I serien ho omtrent berre reist til Seattle og bestemte seg for å returnere før ho hadde gjort noko som helst i retning av hevn.
-
Ingen anmeldelse av Silksong til lansering
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Igjen er eg heilt einig, det er berre at veldig mange no har større tillit til influencere enn fagfolk. Dette berre forsterker seg når journalisten må ha ei fornuftig lønn for sitt arbeid medan influencere gjer samme jobben på hobbybasis. Så hjelp det heller ikkje når enkelte anmeldarar ikkje er objektive nok, eller er i utakt med fansen. -
Ingen anmeldelse av Silksong til lansering
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg er også einig, men det underliggande spørsmålet er kvifor det er slik? Eg trur ikkje at kundane handlar blindt, mest sannsynleg henter dei informasjon frå andre kjelder enn anmeldarar. Mellom anna så ser det ut som at det å gi streamere tidleg tilgang har blitt ein viktigare del av markedsføringsstrategien. Streamere kan være enklare for spelstudiet å manipulere. For ein relativt liten streamer så kan berre det å få spelet gratis være betaling nok til å skryte litt ekstra. -
I urolege tider så synes eg det er eit godt kompromiss å fortsette pågåande oljeutvinning, men la urørte oljeressursar få stå av omsyn til klimaet. At oljeimdustrien blir det neste Kodiak er heilt greitt, for det er dit vi vil. Samtidig så hadde det vært fullstendig idiotisk av Kodiak å slutte å selge fotorullar så lenge det fantes nok kjøparar. Også når framtidsutsiktene tilseier at markedet ikkje varer evig.