Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Som med mykje anna så er det eit problem at ein ofte må sjonglere fleire saker samtidig. Mikroplast er problematisk for mikroorganismar og til slutt matvaresikkerheita, medan matsvinn handlar meir om å redusere forbruk og energibruk. Eg er likevel heilt einig i at eg synes at iveren etter å innføre miljøtiltak gjer at ein innimellom mister gangsynet på kva som er formålet. Eg skjønner strengt tatt ikkje poenget med å innføre papirsugerør som er nesten ubrukelege som sugerør når den openbare løysinga er å slutte heilt med unødvendige sugerør. Tilsvarande med eingongsbestikk, istaden for å ta vekk plastgaffelen og erstatte den med ein dårlig trepinne, kvifor ikkje kutte eingongsbestikket heilt og la folk flest passe på å ha fleirbruksgaffel tilgjengeleg.
  2. I utgangspunktet er eg einig i at Norge burde ha nok våpen, om så enkle våpen til å utstyre ein betydeleg militær styrke dersom vi må benytte oss av totalforsvaret og ikkje kan basere oss berre på profesjonelle soldatar. Det er likevel mange nyanser inne i bildet. Det fyrste er det reint praktiske, kor mange av disse AG3 geværa kunne vi på ein fornuftig måte satt på lager saman med nok ammunisjon til at framtidige soldatar både får nok skytetrening og ammunisjon til å være effektive i strid? Det gir ikkje spesielt stor militær slagkraft å utstyre 200 000 soldatar med to fulle magasin og bekjed om at dette må vare til krigen er over. Då er det betre med 20 000 soldatar som er trygge nok på sin HK416 til å kunne være effektive i strid, og samtidig ha rikeleg med tilgjengeleg ammunisjon. Eit anna moment som er viktig for Norge sin del er kor mange handvåpen som vi realistisk sett klarer å holde på ved ein innvasjon. Det er lite hjelp i å ha 200 000 våpen på lager dersom disse våpena er noko av det fyrste som ei okkupasjonsmakt tek kontroll over, skal vi ha våpen på laget så må vi også sikre at det er fornuftig sannsynlegheit for at våpena blir brukt av norske soldatar til forsvar, og ikkje av fientlege soldatar til å angripe oss. Så er det sjølvsagt også spørsmål om vi i det heile tatt har bruk for AG3. Det er ikkje ein gong sikkert at framtidas krig blir utkjempa av soldatar meg gevær i handa, det kan være at framtidas krig blir utkjempa på ein heilt anna måte. AG3 som våpensystem har grovt sett sin store styrke ved krigføring ute i skogen der treffningane er på ca 200 meters hold og der ein skyt singelskudd, til urban krigføring er det ikkje eit veldig godt eigna våpen samanlikna med andre gevær. Som nemnt så er eg heilt einig i at berre ca 20 000 tohandsvåpen er ei særdeles dårleg grunnutrustning, men samtidig så meiner eg at dersom ein hadde satt AG3 på lager så ville det gitt falsk sikkerheit. Det er tross alt ein grunn til at vi moderniserte med HK416 som ein totalt sett vurderte som eit betre våpensystem for norske forhold. Så burde vi sjølvsagt kjøpt inn langt fleire våpen, men eg er veldig usikker på om det ville vært hensiktsmessig med så mange som 200 000 gevær, mykje av dei pengane bør sikkert brukast til droner og rakettsystem som gir oss betre defensiv slagkraft.
  3. Sikkert unødvendig å skrive det, men rekner med at du har passa på at sila i sluken ikkje er full i hår? Typisk vil du ha to slike siler, eine i sluken i botnen på dusjkabinettet og eit i sluken i golvet. Det fyrste som slår meg i tillegg til det @trikola skriv om kink i avløpsrøret mellom dusjkabinettet og sluke i golvet er at avløpsrøret ditt kan også ha fått uheldig vinkel når du skyv dusjkabinettet på plass igjen slik at du har "motbakke" på avløpsrøret.
  4. Det som er meint er at det er lite lønnsomt å betale for ei ekstra innboforsikring for å nyte nokre få goder ekstra. Det aller meste du betalar for innboforsikring nr.2 er for å dekke skader som også innforsikring nr.1 dekker, altså heilt standard og vanlege skader som alle innboforsikringer dekker til dømes innbrudd, vannskade og uhell. Dette er dyre men vanlige skader som oppstår og som er det som forskringsselskapet må basere prisen sin på. Ofte gir det då lite meining å ha to forsikringar for marginalt ulik dekning. I dei fleste tilfeller så vil det være langt meir hensiktsmessig å heller ha ei superforsikring, altså ei innboforsikring pluss, premium, ekstra, eller kva dei kallar produktet sitt. Då betalar du berre litt ekstra for høgare dekning. Ellers så trur eg at @Herr Brun har rett i at dersom du har eit tap som er større enn kva kvar forsikring dekker så kan det være hjelp i å ha to innboforsikringer. Har du lidd eit tap på 1,22 mill og fyrst får dekt 800 000 frå fyrste forsikringsselskapet så har du eit reelt økonomisk tap på 420 000 kr igjen som du kan ta med neste forsikringsselskap. Den praktiske utfordringa er at du vil nok møte motstand frå forsikringsselskapa både på kven som skal ta den største rekninga, og ikkje minst spørsmål om dei trur på at du ikkje krever betalt for same skade to gongar. Dersom du har så store verdiar å forsikre så vil det heilt sikkert være både billegare og enklare å inngå eigen forsikringsavtale der du betalar litt meir for å få høgare forsikringssum. Den vanlegaste grunnen til at forsikringsselskapet har ein makssum på f.eks. 500 000 er at for dei fleste forsikringskundane så er det stor nok dekning, og at dei fleste forsikringskundane ikkje er villige til å betale meir for å få ein dekningssum som dei uansett ikkje treng. Ei innboforsikring med maksdekning på 100 000 kr vil sjølvsagt være billegare enn ei innboforsikring som dekker opp til 1 mill.
  5. Sjølv om det er smått litt utruleg at eg anerkjenner Vegard Harm som ein viktig samfunnsdebattant, så er problematikken han tek opp her veldig viktig for samfunnsutviklinga i Norge. Lav fertilitetsrate er eit stort problem for Norge ettersom veldig mange setter utdanning, karriere og stabil økonomi framfor familieverdiar som å få barn. Dette gjer at mange kjem seint i gang med å få barn, og med det resultat at det blir mindre tid for å få meir enn eit barn. Om vi då skal avfeie slike forslag som fjolleri så er vi i alle fall ikkje nærmare ei løysing. Strengt tatt burde vi vel applaudere at både homofile og single diskuterer seriøst om dei kan samarbeide om å lage barn. Det burde vel være vinn-vinn for alle partar inkludert Staten at fleire får moglegheiter til å få barn til tross for hindringar som legning, partner, osv. Og ja, eg forstår det at dette ikkje representerer klassisk konservative verdier der ein helst vil ha mann og kone med eige hus, 2,1 barn og ein hund. Men om konservative samtidig heller ikkje er veldig lystne på å løyse fertilitetsraten med direkte innvandring og ved å legge til rette for at innvandrarar får fleire barn, så blir det vanskeleg å få AS Norge til å gå rundt om vi også skal stikke kjepper i hjula for at homofile og single skal kunne få barn.
  6. Dette kan gå begge vegar, for korleis kan vi unngå at dagens dommere ikkje er farga av tidlegare erfaringar og oppfattingar, og lar dette påvirke måten dei dømmer på. Det finnes data frå USA som viser at svarte har ein tendens til å få strengare straff enn kvite, og at kvinner oftare får lågare straff enn menn. Ein robot som dømmer utelukkande på presenterte bevis kan i slike saker være meir rettferdig. Men som du også viser til så må det være mogleg for begge partane å gå i samane korleis AI-dommaren har kome fram til sin konklusjon, for det vil nok alltid oppstå spørsmål om korrupsjon enten det er ved å omprogrammere AI-dommaren eller ved å bestikke ein menneske-dommar.
  7. Det enkle svaret er at det ikkje er vits i fleire innboforsikringar då du berre får dekt tapet ein gong. Blir TVen stjelt og du får ny TV frå selskap A så vil selskap B anslå ditt økonomiske tap til 0 kr sidan du alt har fått erstatta TVen. Det er ikkje meininga at du skal gå i pluss på å bruke forsikring (relevant unntak her er livsforsikring som du kan få utbetalt fullt ut frå kvar enkelt forsikring). Dei praktiske ulempane er typisk at begge selskap gladeleg krev deg for eigenandel, og at dersom dei veit om kvarandre så kan forsikringsutbetalinga bli forsinka fordi begge selskap vil at du krever inn erstatninga frå det andre selskapet. Der det kan være ein fordel med to innboforsikringar er der det er litt ulike dekningar og vilkår. Som til dømes kor mykje dei trekker av i verdi på brukte gjenstandar, at eine selskapet har dekning for tjuveri av sykkel låst på utsida av huset medan den andre forsikringsselskapet dekker tjuveri frå fellesgarasje medan det andre selskapet ikkje dekker det, osv. Men realistisk sett så vil det ikkje være lønnsomt å betale for to forsikringar for å ha litt meir dekning.
  8. Og samtykkekompetanse, noko som barn manglar. Det hjelp lite om pasienten samtykker om pasienten ikkje har forstått konsekvensane, både når det gjeld realistiske forventningar til resultat, og kva dører ein lukker for framtida. I alle fall med dagens teknologi så vil kjønnsskifte berre endre fysisk utsjåande. I praksis er kjønnsskifte ei sterilisering (i alle fall blir ein steril som det kjønnet ein har bytta til).
  9. Er nærliggande å dra parallellen til lobotomi som på 40-talet var ein vanleg behandlingsmåte for personar med psykiske lidingar. Lobotomibehandling gav gode resultat, pasientane vart rolege og apatiske og var ikkje lenger utagerande. Men i dag er nok stort sett alle einige i at det var ein svært uetisk behandlingsmåte med mange seinskader og høg dødelegheit.
  10. Ein må sjølvsagt ikkje ta depositum heller, men når leigetakaren framleiger så er den som då framleiger uansett ansvarleg ovanfor huseigar. Så dersom ho som er her på visum øydelegg noko i leilegheita så vil huseigaren rette kravet mot din venn, som igjen må rette kravet til ho som framleiger. For din venn som framleiger vil det være ein stor risiko å ta dersom det ikkje blir tatt depositum, kanskje særleg når denne leigetakaren er utanlandsk slik at det kan bli vanskeleg å kreve inn pengar i etterkant. Ved framleige så oppstår det ei ansvarskjede. Den som eig bustaden treng ikkje å forholde seg til den som din venn framleiger til. Din venn blir bokstaveleg talt ein mellommann som må forholde seg ned til leigetalaren og opp til huseigaren.
  11. Som er noko heilt anna enn å være provokatør. Om noko så er det vel openbart mindre provoserande av NATO og drive proxy krig ved å donere militært materiell enn det er om NATO sender soldatar og direkte kriger? Ikkje at eg er einig med dine påstandar, men du baserer argumentasjonen på noko som openbart er uriktig.
  12. Eit forslag som ikkje vart vedtatt betyr at det ikkje foreligg eit slikt krav som du påstår.
  13. Det er sjølvsagt ikkje umogleg, spørsmålet er berre om vi ynskjer det. Om vi vil så kan vi også endre rettssystemet til at saker blir avgjort med kronekast eller tvekamp. Det sagt så vil nok eg svare ganske klart nei på sørsmålet, men eg er samtidig heilt sikker på at AI vil bli eit hjelpemiddel som frigjer tid som kan nyttast til andre ting. Som nemnt så kan AI advokat og dommar være eit aktuelt alternativ til eit konfliktråd som då kan løyse enkle saker på ein juridisk måte. Men eg kan aldri tenke meg at vi vil tolerere å bli dømte av ei datamaskin. Det er nok meir aktuelt at advokatar i likheit med andre yrkesgrupper benytter seg av AI til å formulere tekst, skrive om komplekse juridiske dokument til lettfatta tekster, osv. For ikkje å snakke om at ein med AI kan simulere juridisk argumentasjon og på den måten auke kvaliteten på argumentasjonen.
  14. The Avatar

    Rumpebilder

    Samtykke er nok ikkje veldig relevant om dei som er tatt bilde av ikkje kan identifiserast. Slike seksualiserte bilder kan være ulovlege som krenkande bilder. Det vil også kunne være straffbar hensynslaus adferd å sende slike bilder til ein person som ikkje ynskjer å motta slike bilder. I kva grad dette er straffbart blir ei konkret vurdering. Eg vil nok gjette på at det ikkje vil bli lagt ressursar til ei slik sak om det berre er snakk om å fotografere jenter bakfrå ute i det offentlege rom. Særleg når ein ikkje har motteke anmelding frå nokon som har blitt krenka. Men strengt tatt så er det fleire moment som objektivt kan utgjere ei straffbar handling om ein vel å opprette sak.
  15. Trump er nok truande til å øydelegge heile alliansen, særleg om han fortsetter på den linjen at berre NATO land som kan dokumentere at dei tek sin del av rekninga kan rekne med å få hjelp, det er ganske kritisk når den største parten i ein allianse stiller seg lunken til om dei vil hjelpe til om det ikkje er Amerikanske interesser som står på spel. Russland utgjer ein territorial trussel, særleg om dei vinner eller oppnår ein fredsavtale i Ukraina som medfører at dei får behalde okkuperte områder. Kina utgjer nok ein relativt liten krigsrisiko sidan dei ligg langt borte og antagelegvis ikkje har spesielt store imperialistiske tankar om å etablere koloniar på andre kontinent. Trusselen som Kina utgjer er nok mest politisk og økonomisk.
  16. Det einaste spørsmålet eg har er vel om dette er noko som han seriøst har tenkt å gjere og at programmet er ein slags dokumentar, om det berre er tull og fjas for å lage underholdning, eller om dette er er eit meir journalistisk arbeid der ein drøfter fordeler og ulemper med et slikt prosjekt. Eg reknar med at når det er snakk om vennar/kollegaer(?) som skal ha barn saman og den eine i tillegg er homofil så er det nok mest aktuelt med kunstig befruktning, men det har jo også skjedd før folk som ikkje er kjærester biter tenna saman, lukker augene og berre får det gjort på den naturlege måten utan at det er noko romantikk som ligg bak. Så vil sikkert spørsmålet om ein ikkje heller skulle adoptere kome opp, men etter mitt syn så utgjer ikkje det så stor forskjell. Om eg skal legge moraliseringa til grunn så er vel det mest betenkelege med eit slikt prosjekt at ein med vilje lager eit "skillsmissebarn" som nødvendigvis vil måtte veksle mellom å bu hos mor eller far ettersom dei sikkert ikkje har tenkt å flytte saman om dei berre er vennar. Eller kanskje det er nettopp det dei har planar om å gjere for å både få og oppdra eit barn under best moglege omstendigheiter?
  17. Og fordi som dei fleste andre som blir fascinert at totailtære krefter så tenker dei at samfunnet blir så mykje betre om vi berre får "min" totalitære leiar i maktposisjon som berre kan forby og avfeie alt som eg ikkje liker med dagens samfunn. Samfunnet blir meir og meir polarisert, og eg trur nok at fleire og fleire ser på politikken som ein arena der ein skal vinne fram med sitt politiske syn på bekostning av andre sitt (feilaktige) politiske syn, og at ein ikkje lenger ser på politikken som ein stad der ein skal få til ei felles regjering som jobbar for å gjere det best mogleg for flest mogleg.
  18. Sko frå Temu er ikkje berre ein ting. Det er sko frå mange ulike produsentar som selg sine produkt via den same butikken. Spørsmålet du stiller er er som å spørre om Skoringen har billige sko, for i same butikk har dei både billege og dyre sko. Enkelte produsentar er seriøse og produserer sko av god kvalitet med standarisert europeiske størrelsar, andre skoprodusentar er fullstendig useriøse og sett merkelappen str 39 på alle dameskoa fordi det er denne størrelsen som dei selg mest av til Norge, så bryr dei seg katten i om skoen strengt tatt er i størrelse 35 eller 44, dei vil berre selge ut heile skolageret sitt raskast mogleg. Det einaste konkrete rådet eg kan gi er å sjekke tilbakemeldingane på akkurat dei skoa du har tenkt å kjøpe, prøve å sile ut om det er openbart falske tilbakemeldingar, og kalkuler inn at jo billegare sko du kjøper jo større sjangs er det for at du blir skikkeleg misfornøgd med det du faktisk får tilsendt.
  19. Alt kan være årsak til at huset ikkje blir solgt, men sølvkre vil normalt være såpass uproblematisk at det ikkje kan være heile forklaringa, særleg når prisen også er redusert. Det er langt meir truleg at det er som meklaren seier markedet for dette aktuelle huset som er for dårleg. Ikkje berre fordi det gir mest meining at den viktigaste grunnen til at ein ikkje får eit salg er er at prisen ikkje står i stil med det potensielle kjøparar er villige til å betale for eit slikt hus akkurat no (eller har råd til kjøpe). Men også fordi at meklaren er ein fagperson som forhåpentlegvis kan jobben sin, og som attpåtil har økonomiske eigeninteresser i å få i stand eit salg så raskt som råd og med minst mogleg jobb. Så dersom det er sølvkre åleine som gjer at bustaden ikkje blir solgt så er enten problemet mykje mykje større enn det du framstiller her i tråden, eller (og mest sannsynleg) så framstår problemet som veldig stort for poteniselle kjøparar. Eg tenker at ein potenisell kjøpar som fyrst har sett at huset ser interessant ut, at prisen ligg innafor akseptabel budsjettramme, at bilder og beskriving i prospektet ser bra ut, har kanskje vært på visning og er fortsatt interessert, osv. Då skal det mykje til for at det er akkurat eigenerklæringa på at det tidlagare har vært skjeggkre i bustaden er det som skremmer vekk den poteniselle kjøparen. Den logiske reaksjonen ved å lese dette i eigenerklæringa for eit hus ein i utgangspunktet er interessert i er jo å bruke dette som argument for å legge inn eit bod under prisantydning for å sjå om selgar går med på det.
  20. Største trusselen er at framtidas invasjon ikkje nødvendigvis er ein militær invasjon som NITO kan reagere militært mot. Det er ikkje utenkeleg at krigen i Ukraina er ein av dei siste invasjonskrigane. Framtidas sikkerheitsrisiko er kanskje som majer viser til at framande krefter kjøper norske landområder gjennom privatrettslege markedskrefter, og at dette blir brukt som base på elektroniske angrep og politisk arbeid mot norske interesser. Ein av tinga som muliggjorde at Russland kunne ta Krim-halvøya var jo at dei demokratiske prinisppa vart brukt mot oss. Ved at mange russarar og russiskvenlege flytta inn på Krim-halvøya så danna det grunnlag til å påstå at det folkets vilje at Krim-halvøya kom inn under russisk styre. Om vi tek eit eksempel frå Norge. Dersom det flyttar inn mange russarar i Sør-Varanger som engasjerer seg politisk og får fleirtal i kommunestyret, så kan ein få ein situasjon der kommunestyret i Sør-Varanger erklærer at innbyggarane i Sør-Varanger vil gå inn i Russland. Det vil sjølvsagt ikkje den norske staten akseptere då Noreg etter grunnlova er udeleleg, men samtidig er det vanskeleg å utløyse NATOs artikkel 5 om å gå til krig mot Russland dersom ikkje russiske myndigheiter sender militært personell over grensa for å kapre landområdet. For det som kan skje i ein slik situasjon er at kommunen sluttar å betale skatt til den norske staten, og då er det fort den norske staten som blir sett på som den aggresive part som må sende inn politiet/militæret for å ta tilbake kontrollen. Eg trur nok at vi får langt fleire slike typer konflikter, der det å sette inn NATO-soldatar ikkje nødvendigvis verken er mogleg eller hensiktsmessig. For kva gjer vi om til dømes supermakter som Kina plutseleg bruker kinesiske selskap til å kjøpe viktige områder og ressursar i Norge og så brukar dette mot oss som eit økonomisk maktmiddel. Kanskje eit litt søkt døme, men dersom norske straumselskap hadde blitt kjøpt opp av kinesiske selskap som då setter kraftig opp straumprisen så vil det redusere Norges økonomiske ressursar, og vi må kanskje svelge nokre kamelar ved å til dømes måtte tilby rimeleg fisk til Kina i bytte mot straum til levelege prisar. Slike trusslar er det svært avgrensa kva NATO kan gjere med.
  21. Det er eigentleg to heilt ulike ting. Trusselen mot NATO er todelt. Den fyrste trusselen er ordinær krigføring der eit av medlemslanda blir angrepet og artikkel 5 blir tatt i bruk. Den andre trusselen mot NATO er er intern stridigheit der alliansen slår sprekker fordi det blir reist usikkerheit på om alle medlemslanda kan og vil kome til forsvar for eit medlemsland som er under angrep. Opptaket av Finland og Sverige viser at særleg Tyrkia og Ungarn ikkje er heilt på linje med resten av NATO-landa. Det kan utnyttast av framande krefter til å så tvil om at dersom til dømes Ungarn blir angrepet, vil då resten av NATO respektere sine forpliktingar til å kome til forsvar med alle sine ressurser, eller vil Bulgaria få smake sin eigen medisin der dei andre landa bruker månedsvis på å signere ei krigserklæring og kome til unsetting? Trusselen mot vestlege demokrati er som tidlegare nemt størst i frå interne krefter både legale politiske grupperingar og illegale terrorgrupper. Eit stor utfordring der er at NATO i liten grad gir oss vern for slike anti-dekomkratiske krefter ettersom trusselen ikkje er nødvendigvis er militær, og då har også NATO lite å stille opp mot.
  22. Slik eg ser det så er det to hovudpunkt som bør avklarast i forhold til din eigarandel av huset. Det fyrste går på måten dykk har satt opp husholdninga. Om det er slik at ho betalar renter og avdrag med sine pengar, medan du brukar dine pengar på å betale alle andre husholdningskostnadar (utanom maten som dykk deler på), så er det jo eit argument at det at du betalar for straum, internett, drivstoff, osv gjer at ho har råd til å betale ned på lånet som ei investering medan du må bruke pengane dine til reint forbruk. Etter mitt syn så hadde det mest rettferdige dersom du ikkje skal kjøpe deg inn i huset at dykk deler alle husholdsningsutgifter, og at ho åleine står for lånet. (Det bør sikkert også diskuterast kor vidt du bør bidra med ei form for "husleige" for å bu i huset). Om dykk gjer det på denne måten så er det veldig enkelt, då er det ho som eig huset 100% og du har verken eigarandel eller ansvar hus og tomt. Om dykk uansett ser for seg at du kjøper deg inn, men du ikkje har råd til å kjøpe henne ut med 50% per i dag så er det som sagt også eit alternativt at du startar med å betale 50% av renter og avdrag på hennar lån (der ho kan auke avdraget når ho får inn ein ekstra betalar). Så langar dykk berre ein enkel avtale om at du frå ein bestemt dato kjøper deg gradvis inn med eigarskap tilsvarande andelen du har betalt på lånet. Så om huset har ein verdi på 3 mill og du har spytta inn 30 000 på lånekostnadane så har du ein eigarbrøk på 1%, når du har bidrege med 300 000 kr så eig du 10%, osv. Og sjølv om du ikkje har råd til å ta opp lån for å kjøpe deg inn 50% så kan du ta opp eit mindre lån og kjøpe deg inn med ein betydeleg prosentandel, og deretter kjøpe deg inn med litt og litt større eigarandel etterkvart som du bidreg med lånebetalinga. Det andre momentet og det som gjer det komplisert er når ein skal sjå på eigarandel opp mot verdien av eigeninnsatsen i form av arbeid. Då blir det eit spørsmål om kva arbeidet ditt er verdt. Min fyrste tanke er at røyrleggararbeidet kan verdisettast som timesprisen for ein røyrleggar medan resten av arbeidet er det kanskje meir naturleg å bruke ein lågare timespris for ufaglært handtverkarbeid. Det sagt så er det ikkje gitt at det blir rett, for om du prissetter din del av jobben som om du var innleigd så kunne ho jo like gjerne betalt fagpersonar for å gjere jobben i utgangspunktet og då hatt eit firma som kan haldast ansvarleg for eventuelle feil. Ein stor ulempe med oppussing er at det ikkje alltid er arbeid som bidreg til verdiaukning i bustaden av særleg grad. Eit nyoppussa hus er fort enklare å selge, men om ein har brukt f.eks. 200 000 på nytt kjøkken så er det ingen automatikk i at huset blir prisvurdert til å være verdt 200 000 kr meir. (Og motsatt så kan det å bruke eit par tusenlappar på kvitmaling og ein malarkost til å freshe opp innvendige veggar gir ei verdiaukning på fleire hundre tusen sjølv om det medførte minimalt med arbeid). Her er det også stor fare for at det blir alvorleg med krangling når ein i ettertid skal prøve å bli einige om pengar, eigarandel og verdi av eigeninnsats. Særleg når det å "gi deg" ein for stor eigarandel også får betydning for hennar barn. For sjølv om ho kanskje sjølv ikkje er så opptatt av pengar og eiagarandel så blir det ekstra komplisert når ho også må tenke på at barna hennar skal ha igjen mest mogleg dersom det skulle bli slutt eller enda verre at ho skulle døy og så har ho gitt vekk mykje av arven til deg. Det er veldig vanskeleg å gi råd fordi det kjem veldig ann på korleis forholdet dykkar er, kva oppfatting kvar av dykk har, og om dykk i det heile tatt har ei felles forståing for kva som er planen med huset. Det som nok har minst potensiale for støy er nok om du kan leve med å avskrive det du har gjort fram til no, og at ved framtidig arbeid så lagar dykk ein avtale om kva det arbeidet betyr for din eigardel i huset. Det treng ikkje å bli mykje støy ut av dette, det viktigaste er då at ho på førehand får dei opplysningane ho treng for å vurdere kva ho vil gjere. Enten å bruke deg som "billeg" arbeidskraft i bytte mot at du går deleigarskap i huset og framtidig verdigstigning, om ho vil gjere jobben heilt sjølv og då også ta all forteneste for arbeidet, eller om ho vil bruke meir pengar på å leige inn handtverkarar til å gjere jobben. Det som det blir støy av er dersom ho trur at du har tilbudt deg å være med på å gjere jobben og så etterpå kjem og krever betalt utan at ho var førebudd på det.
  23. Du kan kjøpe deg inn utan å ta over 50% av lånet og 50% av huset. Mange gjer det slik at dei bidrar med å betale huslånet etter evne og at ein gradvis kjøper seg inn litt etter litt.
  24. Ein blir nok ikkje sjuk i den forstand (sjølv om nokre møter veggen og blir sjukemeldt på grunn av at dei er utbrente). Det er likevel to aktuelle faktorar. Den eine er at det å måtte tilbringe 40 timar i veka på jobben og i tillegget delta på alt som det er forventa at ein skal delta på utanom jobb blir ei større belastning enn alle klarer å handtere. Der den mest alvorlege samfunnsutfordringa er at mange venter med å få barn til dei har har fiksa karrieren og fått ein jobb som dei er fornøyde med. For mange tek det så lang tid at dei ikkje får barn i det heile tatt, eller kanskje berre eit barn som då ikkje er nok til å holde befolkninga oppe. Den andre faktoren er at det er ein del yrker der arbeidstakarane ikkje held ut i yrket sitt som lærarar og sjukepleiarar. Der vil det fort være samfunnsnyttig å gi dei mindre arbeidsbelastning mot at dei kan bli i yrket til pensjonsalder.
  25. Ein kan fint kome seg ut i rampelyset utan å klø andre politikarar på ryggen for å kome i situasjon. Så ein måte å få tillit frå velgarane heilt sjølv er ved å skrive gode politiske innlegg, helst som lesarinnlegg i aviser men kan også være på eigen blogg eller sosiale media. Etterkvart som ein får tilhengarar som er einige med deg så kan du danne eige parti og kome deg inn på Stortinget. Men det er klart at ein klarer ikkje å få tillit blant velgarane om ein ikkje klarer å skaffe oppmerksomheit. Sjølv om du sikkert kan gå rundt å banke på dører eller ringe alle frå Aage Aarud til Åge Årud, så er nok det urealistisk i dag.
×
×
  • Opprett ny...