Gå til innhold

Tilbakeblikk: Worms: Armageddon


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Worms er ein av dei store klassikarane mine og ein av spelseriane eg har brukt mest tid på.

For min del starta det med ein demo av Worms 2 som følgde med eit Komputer for Alle-blad. Den demoen var spelt om og om igjen i timevis før eg endeleg ein dag kunne reise på ein eller anna spelbutikk i Bergen og kjøpe fullversjonen. I tillegg til ferdige oppdrag var kartbyggaren veldig bra og ved å tilpasse tilgjengelege våpen og eigenskapane deira laga me mange ulike spelmoduser, gjerne inspirert av oppdrag i spelet.

Som kartet utan ein einaste bit fast grunn, så det vart autogenerert stålbjelkar som makkane kunne stå på og du hadde kun nokre få skytevåpen tilgjengeleg. Av og til kun hagle, men med krafta justert opp. Eller kart som var heilt dekka av landmasse og det vart autogenerert hol som i ein ost og du måtte grave deg fram til motstandaren. Der kom Minigun-en til sitt rette om du justerte litt på mengden skot, så den gravde ein lang tunnel innover. Liero er nok eit kjent namn for mange i Worms-generasjonen som forstår koplinga.

Kart med mykje ope landskap, men lite våpen, uendeleg Ninja Rope og mange våpendropp. Der var det gjerne den som var best med tauet som sto igjen til slutt.

Det enkle er ofte det beste, og kart med mykje ope landskap, der du ikkje kan flytte makkane og har kun bazooka tilgjengeleg er ein klassikar. Lite kunne måle seg med gleda over ein fulltreffar i sterk vind.

Øystein nemner det første spelet og at WA endra alt, men eg vil seie at det var Worms 2 som tok det første og største spranget visuelt sett. WA er ei vidareutvikling av det dei byrja på med Worms 2, og er det beste i serien for min del. Det gjekk utallige timar med til oppdrag, utfordringar og ikkje minst samspeling med andre. Gjerne på dataparty.

Alle som kan skriver under på at dei har bestige Eiffeltårnet med pil og boge, etter mykje frustrasjon, kan eg gje eit anerkjennande nikk.

Team 17 prøvde seg med 3D før dei etter mange år returnerte til 2D, og Worms er utvilsamt best i 2D. Eg er einig i at dei perfeksjonerte det for 30 år sidan og det gjorde vidare utvikling av serien utfordrande. Det er ikkje så mange år sidan eg runda WA igjen, men tida der me sat framfor skjermen og angreip makkar med bazooka til inga ende er over.

Eg rundar av med ei musikkperle og takkar for minnene.

 

  • Liker 4
Skrevet


Husker godt det var det første spillet jeg kjørte i 1024x768 på PC på 2000-tallet.

Var dum nok til å kjøpe Playstation remastered utgaven for Playstation 4/5, til barna.

Versjonen er omtrent 640x480, uten mulighet for å endre såvidt jeg kan se.

---

Men Worms W.M.D. er en verdig oppfølger til Armageddon, på PS4/5 og sikkert Xbox -- i full HD.

Skrevet

Det første Worms-spillet brukte vi ufornuftig mye tid på! 😁 Husker enda den følelsen av å treffe to taster nøyaktig samtidig, slik at vi kunne spraye bazookakuler over hele brettet. 

Og den lille, pipete "bye bye!" før marken sprengte seg i lufta. Herlig.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...