Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 892
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Vås. Det gjeld eit knippe paragrafar. Det gjeld ikkje pyramidespel. Du bør kanskje lese heile §196. Det er jo litt interessant at du innrømmer at det er nettverksselskap. Kva produkt er det dei sel då?
  2. Nei, finansmyndigheter i fleire land som har advart om det, manglande konkret informasjon, bruk av buzzwords, anmeldelser som antyder at det er ponzischeme. Og at det dukker opp panegyriske hyllester frå fanboys. Den enklaste å lure er deg sjølv. Det er ingenting nytt i at folk forsvarer pyramider. Kom med informasjon som underbygger påstandane dine du.
  3. Tingen er at med DNB har vi andre ting å vise til. T.d. er aksjane omsette i stort volum, og over lang tid. Dei har bevist over lang tid at dei er ein seriøs aktør. Vi har årsrapporter, rekneskap, generalforsamlinger også viare. Det har ikkje vi med ponzipyramiden din. Det som er påfallande er at du kjem med brønnpissing, og ingen reell informasjon som tilseier at den våte draumen din faktisk er reell.
  4. Vurdert elbil? Elbiler har typisk en femtedel av vedlikeholdet til fossilbiler, og det ser ut til at vedlikehold av bil er tema du er usikker på...
  5. Tingen er at det er utført livsløpsanalyser. Dei er jamt over samstemte om at elbiler kjem godt ut med dagens straummiks, og med endå grønnare straummiks kjem dei betre ut.
  6. Problemet her er sannsynlegvis at du er heilt på grensa til å løyse ut vernet. Når ovnen står på over 220°C varmer den seg opp lenge nok til å trippe det saktevirkande termiske vernet; på lågare temperatur kutter termostaten i ovnen før det termiske vernet slår ut, og sikringen avkjøler seg til neste oppvarmingssyklus. Når du er så i grenseland kan ting som romtemperatur påverke om den tripper eller ikkje - får sikringen betre kjøling tåler det termiske vernet større effekt... Det kan vere feil på sikringen, men eg tviler. Løysinga her er å legge opp større kurs.
  7. Det stemmer vel veldig bra med min påstand om 20-30%, og veldig dårleg med din påstand om at moderne forbrenningsmotorer er betre enn steam- og gassturbiner?
  8. Dette er jo stortsett vissvass frå di side. Den reelle skillelinja - i Noreg og andre land - er ikkje om når, men om. T.d. handler ikkje diskusjonane i USA om tidspunkt for abort om tidspunktet; poenget der er i stor grad å trekke linja så tidleg at det de facto vert eit forbod mot abort, fordi folk ikkje oppdager at dei er gravide før det... Viare så er det åpenbart mogeleg å vere for abort, men ueinige om kor lenge den retten skal gjelde.
  9. På kva planet er det ikkje å velje side når du eintydig konkluderer med at abort er galt?
  10. Snakk med utleigar. Det generelle kravet er at du skal overlate husrommet i samme stand som når du overtok det, men det er sjølvsagt avtalefrihet på utvask. Så du står fritt til å avtale med huseigar at du ikkje skal vaske ut.
  11. [[Citation needed]] Forbrenningsmotorer har under optimale forhold virkningsgrad på opp mot 50%. Bilmotorer er ikkje optimale forhold - i praksis 20-30%. Moderne varmekraftverk har optimale forhold, og bikker difor 55%. Om du tar med fjernvarme vil ytelsen vere endå høgare. I tillegg er elbiler fleksibelt. Etterkvart som elproduksjon går i grønn retning vil dei gradvis verte betre og betre. Brenselceller er forøvrig ikkje spesielt effektive eller moden teknologi.
  12. Nei, arbeidsgjevar skal trekke iht. skattekort. Om skattekortet (dvs. frikort i realiteten) seier 0% så gjer ikkje arbeidsgjevar noko gale ved å følgje det skatteetaten opplyser om.
  13. Det er neppe ulovleg, og nesten garantert ikkje straffbart. Det kan vere injurierande, men generelt må firma og organisasjoner finne seg i rimelig mykje. Det er ikkje nok at det er galt, for å sei det slik. Det er t.d. ikkje ulovleg å kalle VG ei møkkaavis som kun har løgner og tabloide overskrifter. Feil kanskje, men ei lovleg ytring.
  14. Kva skal du anmelde? Å lyge er ikkje straffbart eller ulovleg.
×
×
  • Opprett ny...