-
Innlegg
44 615 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Akkurat no kan du få større tap etter dei første åra pga. store prisfall på nye bilar i år. For nokre år tilbake kunne du ha bilen eit år og selge utan verditap. I dag er det snudd på hovudet. Behald bilen lengre så får du meir ut av kjøpet. Eg håpar å kunne ha min lenge.
-
Termokopp - rustfritt stål eller aluminium
Zeph svarte på Sindre Rudshaug sitt emne i Annen teknologi og vitenskap
Rustfritt. Fargen der riktig ut og basert på tilstanden så er den godt brukt. Aluminium er langt mjukare enn stål og koppen ville fort hatt fleire hakk og merker i metallet. Eit par lenker som òg antyder at det er stål: https://www.prisjakt.no/product.php?p=3432207 https://www.pinterest.ch/pin/pava-to-go-thermo-mug-45cl-grn--669488300844377119/ -
Fin pris det. 85x startar på 489k før ekstrautstyr. Dei er nok ganske ribba ja, og du får nok ikkje lagt til noko utstyr heller. Eg har ikkje studert det i detalj, men har ikkje inntrykk av at det er enorme forskjellar på 80x og 85x. 85-modellane får versjon 4.0 på operativsystemet som 80-serien aldri vil få. 85 har forvarming av batteri, noko 80 kanskje eller kanskje ikkje får. Kva forskjellar bilane med 4.0 kan få i framtida samanlikna med dei på 3.X er vanskeleg å spå, men basert på historien til Skoda så langt så ville eg ikkje venta noko dramatisk. Etter eitt år med 80X så er eg veldig nøgd med bilen. Det største problemet med bilane i dag er prisen, spesielt samanlikna med Model Y, men der slit vel dei fleste merker.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Zeph svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ikkje stort me får gjort med saken uansett. Det beste tiltaket for lågare faktura er å redusere forbruket og ev. flytte forbruk til når prisen er lågast. Med straumstønad er det ikkje så stor forskjell på sluttprisen om spot er ei eller tre kroner. Du betalar ca. 20 øre meir når prisen er tre kroner enn når den er ei krone. Pga. måten kraftmarknaden fungerer så er det ikkje til å unngå at prisane svingar. Det er snakk om tilbod og etterspurnad kombinert med vêret og vil fortsetje så lenge produksjonen svinger så mykje frå dag til dag. Klimaproblematikken er sjølvsagt ein viktig grunn for dagens situasjon, samt at Tyskland har stoppa sine atomkraftverk pga. utfordringane med atomavall. Det underliggande problemet er at Europa, og verda, i stor grad har produsert straum ved bruk av olje og gass. Det har vore stabilt og er i liten grad påverka av vêret. Etter som klimaproblematikken har eskalert år for år har tiltak blitt satt i verk for å få ned utsleppa. Det betyr mindre elektrisk produksjon med olje og gass og meir fornybar energi. Ulempa med fornybar er at den varierer frå dag til dag pga. vind- og solforhold, som betyr at straumprisen vil svinge i takt med kva den fornybare delen kan produsere. Det finnes inga hurtigløysing for dagens situasjon. Norge bidreg til den internasjonale marknaden med straumkablane og staten kompenserer for høgare prisar ved å innføre straumstønad. Skulle stønadsordninga bli avvikla eller i sterk grad svekka så hadde avisene fått vatn på mølla. Når stønadsordninga no først er på plass så hadde det vore politisk katastrofe om eit parti gjekk inn for å avvikle den. Det er eit resultat av dagens situasjon og vil neppe endre seg stort på lang tid. Verda står ikkje stille, men er stadig i endring, på godt og vondt. Straum har historisk vore grisebillig i Norge. -
Om det er manglar som dei iht. garantivilkår eller reklamasjonsrett skal utbedre så bør dei sjølvsagt det, men dei vil vurdere det sjølve, ikkje utbedre basert på ein rapport frå NAF. I tilfellet med sprekk i baklyktene har sikker Tesla ei forklaring på kvifor dei ikkje vil utbedre det som ein garantisak. Leverer du ein Tesla til Tesla og ber dei sjekke for feil før garantitida går ut så er dei neppe interessert i å avdekke meir enn nødvendig, så det kan absolutt ha noko for seg å ta ein sjekk hos ein uavhengig aktør.
-
Eg hadde blitt meir overraska om Tesla (og andre merker for den del) ukritisk godkjente garanti/reklamasjons-reparasjonar basert på ein NAF-test. Sprukne lykter er i vinden om dagen, og kan eigaren påstå at lyktene aldri har blitt utsatt for sterke kjemikalier eller vaska feil i løpet av fem år? Ein sjekk før utløp av garanti er lurt, men det er òg greit å sjå over bilen av og til så du kan melde inn ting som skjer underveis. Lyktene kan ha vore sånn i fleire år.
-
Mest irriterande. Heile poenget med CC er at bilen skal halde farten sjølv. Det er ikkje noko problem å gje litt watt når det skjer, men det er noko som kan skje når som helst, så det blir noko eg tenker på som eg helst ikkje vil tenke på. Med bilen full (då eg gjerne brukar CC mest) blir det eit ekstra irritasjonsmoment.
-
Nokon som har handla på Gigabox? Er det noko å spare på å kjøpe i store kvanta der? Å kjøpe større volum har ofte to fordelar. Du får lågare pris per stykk, samt at du treng ikkje kjøpe det igjen på ei stund. Fungerer ikkje på varer med kort haldbarheit eller om du ikkje har plass til å oppbevare det, men ein del varer har gjerne fleire månader eller opp til eit år før det går ut på dato. Kjem du over gode tilbod kan du nytte sjansen til å kjøpe større volum.
-
Om de kan bli einige om eitt namn på både vaksne og born så ville eg valgt det. Er ikkje så veldig begeistra for den store mengda mellomnamn.
-
Då må du skatte ved første uttak som NoTrace forklarte (FiFo).
-
Kron sitt globale indeksfond er ikkje heilt likt dei andre, om det betyr noko for deg: https://www.finanssans.no/aksjer/klp-aksjeglobal-indeks-p-eller-kron-indeks-global Ellers betyr det ikkje all verden om det kostar 0.18% eller 0.15%. Fondene vil gje litt ulike resultat på lang sikt så du veit ikkje om det eine eller andre kjem betre ut til slutt.
-
Jadå, men betyr det noko kva som er årsaken til at bilen bremsar om det allereie har skjedd? Føraren kunne ha bremsa manuelt, men påstått at det var bilen som gjorde det.
-
Eg veit ikkje om det finnes ulike typar nedbremsing med Tesla, men eg har opplevd at bilen reduserer hastigheita utan noko grunn når CC er bruk. Kanskje ikkje hardt nok til ar bremsane er i bruk, men at den i alle fall deakselererer. Om den hadde stoppa heilt veit eg ikkje sidan eg gjev gass (watt?) når det skjer.
-
“Aldri si aldri”. https://www.ringblad.no/nyheter/domt-for-bremsing/s/1-97-460520 Om det ikkje finnes videobevis så er det ein interessant sak sidan det er påstand mot påstand. Ingen kan kontrollere om bilen bak var for nær, men dei vurderte kanskje det sånn at sidan kollisjonen oppsto så må vedkomande ha kjørt for nær. Med det utgangspunktet er det vanskeleg å vite kva avstand som er nok. Vekta på bilane, dekk, kor mange hjul osv. er alle faktorar som kan føre til kollisjon sjølv om bilen bak hadde minst tre sekund avstand. I tillegg har du reaksjonsevne, fokus osv. Sånt er føraren ansvarleg for, men ingen veit kor raskt dei vil reagere før det har skjedd. Eit sekund med blikket på skjermen så er i alle fall kollisjon ikkje til å unngå. Eg tenker alltid på det når eg kjører inn- og ut frå Oslo i rushet at der er det ikkje mange som hadde rukket å stoppe om bilen framføre bråstoppa.
-
Har du derimot dei 250.000,- på ein høgrentekonto, i fond eller anna som gjer avkastning på meir enn ~4% så kan du gå i pluss. Formue er verdiar minus gjeld, og så lenge den summen er under 1,7m betalar du ikkje formuesskatt.
- 9 svar
-
- 1
-
-
@trikola Fleire av dei tilfella kan du unngå ved å deaktivere pACC, der bilen sjølv skal justere hastigheit etter fartsgrensa. Eg opplev det på heilt rett vei utan trafikk. Det kan vere feil i kartsystemet så den trur fartsgrensa er lågare, men då skulle eg gjerne kunne deaktivert den automatiske funksjonen og latt meg styre det 100%. Ein anna funksjon eg sakna er Limit, der du kan bestemme maks hastigheit bilen skal gå og styrer pådraget manuelt.
-
Eg kom frå (og har i den andre bilen) ACC som enten kan halde ei fast hastigheit eller følgje hastigheita til bilen framføre. Sjølv utan andre bilar på veien klarar ikkje Tesla å halde farten utan å fantombremsing. Aldri opplevd det med andre bilar. Eg veit ikkje kva det er, og kanskje ikkje Tesla heller sidan dei ikkje blir kvitt problemet, men nødbremsing burde vel bremsa langt hardare enn fantombremsing ofte gjer? Stort sett reduserer den hastigheita litt. Eg har prøvd nødbrems på Enyaq og då er det full stopp så fort som bilen kan. Eg har ikkje noko imot AP, FSD og alt det der Tesla driv med, men det hadde vore fint med ein heilt vanleg ACC som eg har kontroll over. Automatfunksjonen til blinklyset fungerer heller ikkje ideellt, men den kan du heldigvis slå av. Så dukkar eit nytt problem opp om du kjøper Tesla utan blinklysspak og du må kanskje kjøpe det som ekstrautstyr.
-
Fantombremsing og vindusviskarar.
-
Eit gjennomgåande problem med Tesla er automatikk som ikkje fungerer og heller ikkje kan kjørast meir manuelt.
-
Det er forskjell på plast og lykter har vel alltid vore plast. Nyare bilar er visst meir plaga med dette enn eldre, men ikkje alle kanskje.
-
Ganske stor forskjell på 12,5 og 13,5. Kor mykje må du tynne ut 13,5 for å få 12,2?
-
Korleis bør ein blande for å vere på sikker side og samtidig ha effekt nok til jobben produktet skal utføre? Og kva pH bør ein ha som mål å oppnå? Er enkle pH-strips påliteleg nok til å måle verdien? @Locrin Klar over at det er andre som slit med det same, men når kunden påstår at dei har blanda produktet ut til under grensa angitt av Tesla så meiner Tesla dei har vore for nær grensa. Då bør dei heller setje grensa endå lågare. Me veit sjølvsagt ikkje kva faktisk pH-verdi blandinga hadde, men eg mistenker at “kunden har alltid rett” ikkje står i opplæringsmanualen for medarbeidarar i Tesla. Uansett er det greit å vite for alle andre som ikkje har opplevd dette problemet, uavhengig av kva bilmerke ein eig. Eg tvilar på så mange tenkte på dette før det vart ei greie i media.
-
Mykje uling ja, og ein treng ikkje mykje fart heller. Håpar det blir betre, men det sluttar vel aldri heilt. Det var langt meir behageleg å kjøre Enyaq med Continental. Betre isolert bil og mindre støyande dekk.
-
Det er greit å velje vekk for dei som ikkje vil ha eller treng det. Og å ha kampanje på noko “alle” uansett tar med så får i alle fall flest mogleg nytte av rabatten. Kjøper du ein Tesla må du ta vinterdekkene dei leverer bilen med. Vil du ha andre dekk så kan du kjøpe bil utan vinterhjul og kjøpe det ein anna stad. Tesla sin vaskefadese ruller vidare: https://www.nrk.no/rogaland/to-maneder-gammel-tesla-fikk-skader-i-lykta_-tesla-skylder-pa-feil-bilvask-1.16507027
-
Ja, så lenge det er to unike delar så betyr det ingenting. Det finnes modellar som er kopla saman der platetoppen blir styrt frå ovnen, men det er ikkje vanleg. På biletet ser det ikkje ut som noko kobling mellom dei. Eg har ikkje montert keramisk platetopp, men ein anna detalj å sjekke er at det er plass til den, at den ikkje kjem i konflikt med ovnen på undersida. Det står nok i så fall i monteringsanvisninga kva mål den har.
- 4 svar
-
- 1
-