Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 617
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Eg jobbar 50% og håpar å kunne gjere det så lenge eg ynskjer, i alle fall mens borna er små, så får me sjå kva som skjer etter den tid: fortsetje i 50% om eg får lov eller gå opp i 100% og jobbe så lenge eg må eller vil for så å gå av. Ting kan endre seg, men eg har ikkje noko behov for å jobbe heilt ut til maks pensjonsalder. Det er for mange faktorar til å avgjere noko i dag, men det viktigaste akkurat no er at eg kan jobbe 50% og leve godt med det. Ein del midlar er oppspart, men langt frå 20m. Eg har meir fokus på å halde forbruket nede enn å tene meir.
  2. Det er eg ikkje einig i. Høgt skattenivå og høge levekostnadar gjer det utfordrande, men med høg nok sum og/eller lågt nok forbruk så er det på ingen måte umogleg.
  3. Eg har prøvd å finne ut av alle pensjonsordningar (offentleg og privat) i scenario der du sluttar i arbeid før normal pensjonsalder, men ikkje heilt klar å forstå det endå. Tidvis har eg trudd at eg forsto det, men så har det dukka opp påstandar om at du tapar mykje mot slutten av arbeidslivet, utan å funnet noko forklaring. Smartepenger har ein artikkel om emnet: https://www.smartepenger.no/99-pensjon/3466-sa-mye-taper-du-pa-a-ga-av-tidlig Reglane for alderspensjon frå staten kan òg endre seg, så dagens reglar er ikkje nødvendigvis gjeldande X år fram i tid. Nokon meiner sågar at du ikkje bør ta med offentleg pensjon i det heile tatt, men det verkar rart å sjå fullstendig vekk frå det om du har hatt fast inntekt i fleire tiår.
  4. Gåvelister er topp. Det blir enklare for gjestane og brudeparet kan faktisk få noko dei har bruk for. Om 100 personar skal gje gåve á 1000-1500,- så er det snakk om 100.000-150.000 kroner. Då er det fornuftig at dei blir brukt til noko paret ynskjer.
  5. Ta med maten og om det er pengar til overs av det dykk hadde tenkt å gje i gåve så får dei det. Eg går ut frå at dei ikkje ber om eit minstebeløp på gåva. Når gjestane må ta med mat er det i mine auge naturleg at gåva blir mindre.
  6. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg var ferdig med lysshow-entusiasmen i tenåra etter mange år med neonlys og alt det der i stasjonær-PC-en. Lyktene treng ikkje sjå ut som ein dass, men dei er der av praktiske grunnar og for omsyn til tryggleiken. Når lyset går langs heile bilen blir det berre eit forstyrrande element.
  7. Ja, det var filtermalt eg skulle fram til. Skreiv feil. Pulverkaffi er kun nødløysing når alt anna er tomt. Sidan det går mest i bønner her så var det kanskje difor eg skreiv pulver utan å tenke over det. Treng ikkje ha så mykje syrligheit sidan det ikkje er ein eigenskap folk flest ynskjer i kaffi (som eg har erfart) og eg uansett drikk den sjeldan, samt at den ofte blir brukt med mjølk. Ei heller ein veldig mørk variant. Svartbrent og bitter kaffi er ikkje godt, spesielt i rein form. Den må fungere bra med mjølk (stort sett Oatly), men målet er å finne noko som er drikkbart utan. Det blir aldri av same kvalitet som mindre brenneri, men tenk smakstoner i retning av sjokolade, brunt sukker, nougat, tørka frukt, utan at det blir for mørkt og bittert.
  8. Har du satt inn 35k dei siste dagane som systemet ikkje har fått oppdatert endå?
  9. Eg går for litt ev begge deler. Ikkje ha så høgt lån som mogleg, men heller ikkje nedbetale heile lånet. Om lånet er på 4m, så kanskje fordele det 2m på lån og 2m på globalt indeksfond. Over lang tid (fleire tiår) er det gode sjansar for at investeringa går i pluss, men det er alltid ein risiko for eit større krakk i finansverda, som me såg i 2000 og 2008. Betalingsevne og kor mykje pengar du vil ha til andre ting i kvardagen er òg ein faktor. Ved å maksimere lån og ha svært lite igjen så aksepterer du å kanskje måtte unngå ein del pengebruk (kjøp av ting, ferier osv) for ei framtidig avkastning på fondet. Det finnes ingen fasit, det er opp til den enkelte, men det er veldig viktig at du forstår risikoen og kva situasjonar du kan ende opp i.
  10. Kva pulverkaffi filtermalt kaffi kan de anbefale frå daglegvarebutikkar? I familien vår har dei alltid kjøpt Friele, men eg synest ikkje den er så god. Sjølv drikk eg kun fersk kaffi frå bønner, men kona drikk Friele frå Moccamaster i kvardagane. Ho drikk dne alltid med havremjølk, så det betyr kanskje ikkje så alt for mykje for ho, men den same kaffien blir av og til brukt om me får besøk. Det hadde ikkje gjort noko med eit betre alternativ. Me har kvern, men vil ha pulver for at det skal vere enklast mogleg.
  11. Intet mindre. Det er eit stort selskap, men det lukter kvantitet over kvalitet.
  12. Vanskelege forhold. Hadde dei hatt forhold som ei typisk PGA-turnering med sol og lite vind så kunne dei enda opp på betre enn 20 under par.
  13. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du har annuitetslån kan du simulere eit serielån ved å betale ekstra ned på lånet kvar månad. Då kan du òg droppe ekstra nedbetaling ved behov for litt fleire kroner til andre ting. Du betalar rente basert på nivået på renta og gjenståande lånebeløp. Jo fortare du får redusert lånebeløpet jo lågare blir rentekostnadane.
  14. Den dagen det blir så dyrt at eg vurderer å sjå reklame er dagen eg avsluttar abonnementet. Ei av dei store fordelane med strømming er at du slepp reklamen. Prisen er etter mi meining framleis veldig låg om du ser nokre timar kvar månad. Det skal ikkje mange varene i ei handlekorg på Kiwi før du har eit abonnement utan reklame. Mange har fleire abonnement samtidig. Då ville eg heller betalt for eitt reklamefri tilbod om gangen og hatt pause på dei andre.
  15. Ein straffedømt lystløgnar av dimensjonar. Han er kanskje kognitivt meir oppegåande, men heller ein surrete Biden enn Putin-vennen Trump.
  16. Globale indeksfond er 100% aksjer. Alle prisar står der du kjøper fond, og prisen varierer etter kvar du kjøper. Tippar du har DNB, og der kostar td. Aktiv 100 1,2%, mens Global Indeks kostar 0,2%.
  17. DNB vil tilby Apple Pay ila. 2024 som følgje av dette. Dei som brukar Curve for å omgå dette kan då kvitte seg med Curve.
  18. Spar lenge nok så vil utsett skatt gje god renters rente-effekt.
  19. Ulike fond kan ha ulik pris hos forskjellige leverandørar så det er umogleg å svare på om alle fond er dyrare her eller der. 0,19% - Nordnet Global Indeks Det er ikkje spesielt dyrt. Det billegaste er Kron Indeks Global til 0,15% sist eg sjekka, og dei fleste ligg mellom 0,15-0,25%.
  20. Kva fond er det snakk om?
  21. Ja, det var fram og tilbake der òg, men over korte avstandar i smale ganger, og innsamlinga hadde eit formål. I spel med ope verd er det gjerne store områder utan noko særleg innhald som du må flytte deg over. Det er noko anna enn ein klaustrofobisk undervannsby med splicers rundt hjørnene.
  22. Nei, ver så snill...ikkje lag Bioshock som ope verd. Dei første to spela er perfekt. Du har større område per "kapittel" å utforske og kan bruke kart for å sjekke kvar du kan gå. Det er mørkt, dystopisk, klaustrofobisk og fabelaktig. Det er heilt topp, og du slepp kaste vekk til på å fly fram og tilbake som du ofte gjer i ei ope verd. Store, tomme områder og samle planter for eit eller anna tøys. Ser ikkje for meg Rapture som ope verd heller, og eg håpar verkeleg at dei returnerer til Rapture. Infinity var greit. Å fly rundt med winch-armen var moro, men alt i alt langt frå like bra som 1 og 2.
  23. Poenget med kamuflasje er vel for at designet ikkje skal bli synleg før dei skal avduke den oppdaterte versjonen? No er det nok ikkje all verdens endring på designet, men noko nytt er alltid interessant for mange, om det er store eller små endringar.
  24. Det er sjølvsagt ikkje snakk om lik rente som på delar av rammelånet du har benytta deg av. https://danskebank.no/privat/laan/boliglaan/boligkreditt https://kredittium.no/guider/rammelan/
×
×
  • Opprett ny...