Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 745
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Han har det i kjeften, det skal han ha, men det er mykje han kastar ut utan at det blir noko meir av det. Å annektere Canada er sjølvsagt ikkje aktuelt. Om den slags utsagn er bevisst for å dra fokus vekk frå Project 2025 og handlingane det faktisk blir noko av veit eg ikkje, men me har vel lært av hans tid i politikken at det kjem mykje vrøvl. Eg er einig i at dagens situasjon er meir anspent og usikker enn hans forrige periode, men igjen, ingen veit kva framtida bringer. Alt me har å basere oss på er historikken. Han har mange ja-menneske rundt seg, men samtidig støttar dei rikaste i USA han, og med for mange krumpspring mtp. økonomi, toll og amerikanske varer så kan dei byrja reagere. Eg tvilar på Bezos, Zuckerberg og co. er interessert i at mange land skal unngå amerikanske varer pga. det som pågår borti der. Dei har tross alt ein verdsomspennande marknad. Tesla gjekk nyleg ut og kritiserte Trump for det han driv med, og sa at det kan skade Tesla.
  2. Marknaden gjekk ganske greit i den første presidentperioden hans. Det er litt meir action denne gang, så ingen veit kva som vil skje, men basert på historikken er det ikkje noko garanti for at det går dårleg med Trump som president.
  3. Zeph

    Tesla - kaféen

    HUD synest eg Tesla kunne spandert på bilane sine. Det har eg blitt veldig glad i.
  4. Påstår du... Fasiten har me når det er over. Du kunne skrive mange bøker om alle ekspertar som har spådd kriser opp gjennom åra. Kriser som aldri inntraff.
  5. Det er alltid nokon som spår krakk, men kvar har du det frå at alle spår det akkurat no? Eg fann i alle fall ein person som ikkje er einig i at du bør selge: Hallgeir Kvadsheim. Det kan fortsetje ned, men det kan like fort ha nådd botn akkurat i det du har solgt. Å prøve å time kjøp og sal av indeksfond er vanskeleg og kan like gjerne slå ut negativt. Derav anbefalinga om å sitje stille i båten og vente på betre tider, med mindre du har bruk for pengane på kort sikt, men då burde dei aldri vore investert i fond eller aksjar i første omgang.
  6. Eg kjøpte ei Svane med Intelligel rundt 2010 som framleis er god å ligge på. Det siste året har den blitt gjesteseng sidan me hadde behov for fleire senger, men ingenting å utsetje på kvaliteten så langt.
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Har ikkje lyst å eige ein bil frå eit merke Musk er så involvert i. Pengane er betalt, så det er for seint, men om eg byter til eit anna merke og nokon kjøper min bil så blir det kanskje solgt ein stykk mindre Tesla.
  8. Har du fond eller aksjar så er alltid risikoen der, men med langsiktige mål går det stort sett greit. Denne grafen kan vere grei å studere litt. Der ser du kva som har skjedd bakover i tid og kva ein kan måtte vente ved å ha pengar i fond og aksjar.
  9. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg heier på alle som ikkje kjøper bil i gråtoner.
  10. Zeph

    Tesla - kaféen

    Raud er finast, men veit ikkje om eg hadde betalt 24 000,- for det.
  11. Zeph

    Tesla - kaféen

    Fleirtalet av TMY solgt i mars er den gamle modellen med rabatt iht. teslastats.no. Det tok seg opp med Juniper denne veka, men blir interessant å sjå kor mykje dei selger når tilbodslageret er tomt og alternativet er den 60-80k dyrare Juniper.
  12. Trur onkel_jon har rett. https://www.elbil24.no/nyheter/ford-henter-frem-capri/81662517
  13. Zeph

    Elbil-tråden

    At eg ikkje vil ha noko med Musk å gjere er litt av grunnen, men primært er det at eg ikkje er så begeistra over bilen.
  14. Skatteetaten svarer på det meste av denne type spørsmål. https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/aksjer-og-verdipapirer/om/aksjesparekonto-ask/
  15. Fordi dei andre prioriterer det ikkje. Tesla er ikkje aleine, men av bilane nordmenn flest kjøper er det lite frunking. https://www.businessinsider.com/best-electric-car-frunks-ranked-tesla-ford-f150-kia-rivian-2023-10#tied-for-last-hyundai-ioniq-5-kia-ev-6-kia-niro-ev-genesis-gv-60-9
  16. Det seier seg sjølv at det ikkje er noko god idé å legge varmmat oppå frossen mat. Om alt skal oppi ein pose så legg i det minste frossen nederst, kjølevarer over der, romtemperert og så varme på toppen. Det går fint å blande ulike temperaturar så lenge ein tenker seg litt om. Eventuelt ha dei i kvar sin pose. Alt kan fint ligge i frunken samtidig.
  17. Du skal ha lang kjøretur frå butikken før det blir noko som helst problem. Om så er tilfelle kan ein vurdere kjølebag eller kjøleposer.
  18. Ingen veit. Det kan vere tilbake oppe om ein månad, eit år eller ti år.
  19. Om fondet går ned ja. Det veit du aldri. Det kan like gjerne gå opp når du er ute av marknaden. Inflasjonen er derimot ganske sikker. Det er ikkje mange år den har vore null eller negativ dei siste 150 åra. Ja, du må ha minst 80% askjedel, så for rentefond ol. må du ut av ASK. Då er høgrentekonto òg eit alternativ. Du kan ta ut alt du har satt inn på ASK utan å løyse ut noko skatt. Om ein sånn handling påverkar andre skattemessige forhold som skjermingsfrådrag veit eg ikkje.
  20. Tapet av å ha dei ståande på konto med 0% rente er verditapet pga. inflasjon. Det finnes tryggare alternativ enn indeksfond som kan gje litt avkastning.
  21. Eg har ikkje endra noko som helst. Framleis 100% i global indeks. Milliardærane i USA trur eg har nok inflytelse der borte til at Trump ikkje klarer å kjøre landet i grus. I tillegg er marknaden til dei største selskapene der borte heile verda, ikkje berre USA.
  22. Moro med eit Silent Hill i Japan med originalspråk. Det er vel første gang om eg ikkje tar feil.
  23. Marknaden avgjer prisen, ikkje kostnadane til leverandøren. Om det på sikt blir fleire tilbydarar av autonome taxier så kan kanskje prisen bli pressa ned, men så lenge dei konkurrerer med ordinær taxi så er det ingen grunn for å legge prisen vesentleg lågare enn dei.
  24. Er det billegare å kjøre Waymo enn alternativene med sjåfør?
  25. Zeph

    Elbil-tråden

    El-RAV4 eller ein oppdatert bZ4X kan fort bli veldig populær. bZ4x klarar seg relativt greit på tross av større utfordringar ved lansering, men når dei får luka vekk ein del ting kan det bli veldig bra. Små El-Toyota bør dei vel òg få på marknaden etter kvart. Ein elektrisk Yaris kan selge godt. Toyota har haldt seg høgt på listene dei siste åra pga. Yaris, RAV4 og Corolla.
×
×
  • Opprett ny...