-
Innlegg
10 087 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Det har du sikkert rett i. Men denne episoden betyr ikkje at Israel "alltid" har rett.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Eg ser det ikkje slik. Den konkrete hendinga har eg ikkje sett meg inn i, men eg går ut frå at kritikken mot Israel gjekk på at dei ikkje følgde spelereglane med tanke på å respektere eit anna land sin territorielle integritet. At Israel eigentleg burde ha fått ros for handlinga er eigentleg ei anna sak. Ein kan ikkje leggje enkelthendingar til grunn for å konkludere slik som du gjer. Når Israel angrip terroristane i Jemen er det ingen som kritiserer Israel for det. Når Israel blandar seg inn i interne forhold i Syria fortener Israel kritikk. Ingen land kan finne seg i slikt, det same gjeld for USA og Russland. Israel påstår at dei blandar seg inn for å beskytte minoritetar. Det kan godt hende at det stemmer, men målet kan like snart vere projisering av makt og retorikken minner om Putin sin retorikk når det gjeld å beskytte russisktalande i Ukraina. Ein kunne sikkert ha skrive ei avhandling om israelsk utanrikspolitikk Mi meining er uansett at Israel i hovudsak får kritikk når dei fortener det.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Som sagt: Det er heilt naturleg at sympatien går til offeret og ikkje agressoren. Når Israel er offer får dei sympati. Når Israel driv ei brutal krigføring mot den palestinske befolkninga i 2 år får dei ingen sympati. Når HAMAS angrip Israel får dei ingen sympati. Når israelske busetjarar på Vestbreidda trakasserer, drep og jagar palestinske bønder frå heimane og oliventrea sine er det palestinarane som er offer og som får sympatien. Meiner du verkeleg at sympatien heller burde gå til høgrevridde israelske politikarar med blod på hendene, aggressive busetjarar og til terroristane i HAMAS?- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Denne kritikken er eg ikkje med på. Stoltenberg gjorde ein god jobb som generalsekretær i NATO. Det er medlemslanda som utgjer NATO, og når dei ikkje vil "eskalere" kan ikkje generalsekretæren gå til full krig på eiga hand. Skulda for at ikkje NATO gjorde meir er det Biden, Scholz og mange andre som må ta. Biden var ein svak president. Stoltenberg var ein sterk leiar som gjorde så godt han kunne ut frå føresetnadane. Han ba medlemslanda mange gonger om å bidra meir til Ukraina.- 86 152 svar
-
- 11
-
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om EU tek sin del av lånet kan Norge heller stille opp og gje meir støtte til Ukraina i tillegg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/stoltenberg_-vil-ikkje-at-norge-garanterer-for-hele-ukraina-lanet-1.17649874 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det er vel den som pleier å liggje att etter at katten har gjort sitt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Høgrevridd nasjonaldagsfeiring i Polen der også den polske presidenten deltok: https://www.nrk.no/urix/polens-president-ledet-nasjonalistmarsj-i-warszawa-1.17647143 -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Eigentleg burde det vel ha vore sett eit punktum for denne tråden. Det finst ein annan tråd som omhandlar krigen mellom Israel og HAMAS. Det er vel for tida våpenkvile på Gaza, og eit lite håp om at ein kan byggje noko nytt på ruinane. Eit samfunn der HAMAS ikkje skal ha noko rolle, og forhåpentlegvis eit samfunn som kan gje Israel sikkerheit og palestinarane eit godt liv. Ein historisk paralell kan vere det utbomba Tyskland, der okkupasjonen etter krigen la grunnlaget for det demokratiske Tyskland som ein har i dag. Om dei ortodokse jødane og palestinavenene her heime greier å samarbeide om noko som helst i framtida får tida vise. Verda går ikkje under av at ulike organisasjonar markerer krystallnatta uavhengig av kvarandre, så lenge ein held seg til å markere det som skal markerast. Så får ein håpe at dette fører til auka fokus på holocaust og antisemittisme i staden for på krangling om konfliktar i Midtausten mellom organisasjonar med sterk politisk slagside. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Når det gjeld 22. juli har ein hatt felles markeringar, og ikkje markeringar berre for Ap-medlemmer. 22. juli var like mykje eit angrep på Norge og det norske demokratiet som på Ap. Når det gjeld krystallnatta har ein felles markeringar fordi tankegodset framleis eksisterer, og at dette er noko som angår alle. Dersom kampen mot antisemittisme blir ein kamp berre for ortodokse jødar har ein tapt. Det mossaiske trussamfunnet kunne ha vore medarrangør og sett sitt preg på markeringa om dei ville.- 604 svar
-
- 2
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Siv Jensen var ein samlande leiar, og den beste leiaren Frp har hatt.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Når det gjeld bakgrunnen for dei to krigane har Israel og Ukraina ein ting til felles. Når det gjeld å vere etterettelege har dei lite til felles. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Palestinarane (og arabarlanda før det) har sin del av skulda for at denne gamle konflikten framleis er aktiv. Arafat kunne f.eks. ha sagt ja til ein avtale om tostatsløysing der palestinarane hadde fått gjennomslag for mange av krava. Men han sa nei.- 604 svar
-
- 3
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
At det er noko likheit mellom Ukraina og Israel på det feltet er eg heilt ueinig i, det siste du skriv er eg einig i. Det er elles to heilt ulike krigar med ein heilt ulik bakgrunn. Ukraina-krigen er i stor grad svart-kvitt. Gaza-krigen og konflikten i Midtausten er derimot ikkje svart-kvitt.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Det kan vel også tyde på at dei ikkje har noko å tene på å blande seg inn i konflikten, og at dei berre risikerer å støyte frå seg veljarar uansett kva dei sa eller gjorde. Det er jo unekteleg litt spesielt dersom desse markeringane går føre seg utan at nokon politikar frå borgarleg side finn det verdt å markere denne dagen.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Dersom ein skuldar 50% jødar for å ha gjort noko som dei ikkje har gjort, eller med eit anna motiv enn det reelle for å sverte jødar som folkegruppe vil også dette kunne komme inn under omgrepet antisemittisme. Elles einig. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Oksedrit. Her er eg einig med deg. Men det som kjem frå ukrainsk side viser seg stort sett å stemme, på same måten som det som palestinske journalistar rapporterer.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Er det nokon som kjenner til om Listhaug eller andre frå partia på borgarleg side (unntatt KrF) har uttalt seg i denne saka. Var nokon av desse i synagogen, og var nokon av desse med i fakkeltoget? -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Som det er nemnt tidlegare takka han ja til invitasjonen lenge før han fekk nokon invitasjon til trussamfunnet sitt alternative arrangement. Kommunalministeren var til stades der, og mi meining er at regjeringa handterte dette på beste måte.- 604 svar
-
- 3
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Om Israel ville kunne dei ha sleppt inn internasjonale journalistar som kunne dokumentere det som har gått føre seg. Påstandane om at journalistane var HAMAS-medlemmer har Israel, som så mykje anna ikkje greidd å dokumentere. Du trur ikkje at ikkje Israel driv med propaganda, på same måten som Russland? Det som blir rapportert frå Gaza er i stor grad sant, og er godt dokumentert både med lyd og bilete. Folk frå internasjonale hjelpeorganisasjonar er også augevitne.- 604 svar
-
- 4
-
-
-
Vulkanismen på Island 2021-2025
torbjornen svarte på Simen1 sitt emne i Klima, naturfenomen og naturvern
Litt om korleis det har gått med grindavikingane 2 år etter at vulkanutbrota der starta: https://www.nrk.no/urix/xl/to-ar-siden-grindavik-pa-island-ble-evakuert-pa-grunn-av-frykt-for-vulkanutbrudd-1.17628041- 242 svar
-
- 1
-
-
- vulkan
- vulkanutbrudd
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/video-viser-russiske-soldatar-koyre-inn-i-pokrovsk-pa-skranglete-motorsyklar-1.17648056 Motorsyklar og esel fungerer like godt som noko anna når alt av pansra køyrety blir bomba og øydelagt av droner. Denys Davydov tek for seg akkurat det same i si siste oppdatering. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Denys Davydov nemnte at også kinesiske selskap skyr russisk olje. Iallefall enn så lenge.
