Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 676
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. "Køyrety" har vel tidlegare i stor grad vore motorsyklar. Så endringa som skjer no er truleg enno større enn det som statistikken tilsynelatande viser.
  2. Spørsmålet er vel i så fall kva han kan greie å utrette når han sit i bunkeren medan Svanesjøen går i loop på russisk tv.
  3. KI-genererte videoar blir brukt i stor skala til propagandaføremål. https://www.nrk.no/urix/ki-videoer-om-ukraina-krigen-er-nesten-umulige-a-avslore-1.17862984
  4. Og her vil ein trenge ukrainsk teknologi og ekspertise.
  5. Eg får assosiasjonar til opptakten til 9. april 1940. Norge reagerte skarpt på nøytralitetskrenkingar frå Tyskland og Storbritannia, men kva hjelper det dersom ein ikkje på eitt eller anna tidspunkt er i stand til- eller villig til å setje hardt mot hardt?
  6. Så for å oppsummere kan ein seie at fleire og fleire republikanarar har "sett lyset", men at Trump framleis lever i si eiga verkelegheitsoppfatning. Problemet er vel at det er få republikanarar som vågar å trasse Donald Trump.
  7. Om ikkje den russiskvennlege forretningsmannen vil vere ved sine eigne kommentarar på facebook bør vel profilen merkast som falsk og slettast.
  8. https://www.nrk.no/ytring/norsk-atomflort-med-frankrike-1.17898621
  9. SV, Raudt og MDG er imot forsvarsavtalen. https://www.nrk.no/norge/norge-inngar-forsvarsavtale-og-atomvapensamarbeid-med-frankrike_-flere-partier-er-negative-1.17898902 Her er eg vel særleg skuffa over MDG, som saman med Venstre har vore viktige støttespelarar for Ukraina.
  10. Dette er med andre ord ein avtale som omfattar mange ting. Er det då slik å forstå at Norge inngår ein avtale, men at ein reserverer seg mot det som gjeld atomvåpenparaplyen?
  11. Russarane byrjar å bli verkeleg desperate. Det kan umogeleg vere lenge til Svanesjøen blir vist på russisk tv.
  12. Vil det ikkje vere "litt" seint å skaffe desse til rettes etter at den eventuelle krigen er i gang?
  13. Korleis skulle ein gjere det? Skulle ein støtte kuppregima som inviterte russarane inn? Så lenge det ikkje er noko utbreidd ynske om hjelp bør Vesten halde seg langt unna, med mindre islamistane angrip Vesten.
  14. Russland taper på mange frontar. Men i Afrika kan det maktpolitiske tomrommet etter Russland bli fylt med aktørar som kan utgjere nye farer. https://www.nrk.no/ytring/russisk-retrett-i-orkenen-1.17885477
  15. Nrk ser ut til å ha direkteoversett eit sitat frå tweeten ovanfor: https://www.nrk.no/urix/russland-truer-med-storangrep-mot-ukraina_-_-et-uttrykk-for-russisk-desperasjon_-sier-eide-1.17896478
  16. Dei ville nok bli stansa av russarane og brukt som kanonføde i krigen mot Ukraina. (Det finst eksempel på amerikanske MAGA-folk som har blitt utsett for dette etter at dei flytta til "paradiset" Russland). Aktivistane som prøver å komme seg til Gaza slepp heldigvis å bli brukt på tilsvarande måte mot HAMAS. Det er mykje som er ulikt i dei to krigane, men begge områda har til felles at dei er okkuperte.
  17. Dette. I tillegg har ein høgare forventningar til eit demokrati. Ein har også høgare forventningar til ein nasjon som har opplevd folkemord. Det finst mange måtar å protestere mot krig, støtte opp om menneskerettar eller ein regelbasert verdsorden. Skulle eg ha gjort noko ville eg nok heller ha valt å donere til Ukraina enn å setje liv og helse på spel ved å prøve å reise til Gaza.
  18. Ein av dei som er intervjua meiner at dette kunne ha hatt ein effekt i starten av krigen. Der er eg einig. Men etter over 4 år er det vel viktigare at både oligarkar og russarar flest får føle på konsekvensane av krigen, og at krigen kjem "heim" til Russland.
  19. https://www.dagbladet.no/nyheter/varsler-flere-hevnangrep/84668904 Ukrainarane er i det minste vant med det, sidan russarane har drive på slik i 4 år.
×
×
  • Opprett ny...