Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 222
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Årsaka må vel då vere at rumenarane har gått mann av huse og har mobilisert for den av kandidatane som er liberal og som støttar Ukraina og Europa i motsetnad til Russland.
  2. Nrk: Nettavisen: https://www.nettavisen.no/nyheter/eu-vennlig-kandidat-utropes-som-vinner-i-presidentvalget-i-romania/s/5-95-2438434 Nrk heng etter nok ein gong. VG og Aftenposten nemner ikkje ein gong det som må vere eit val som er ganske viktig for Ukraina og for Europa si framtid.
  3. https://www.nrk.no/norge/nytt-politisk-parti-nektar-a-oppgi-kven-som-betalar-for-stor-kampanje-1.17422492
  4. Hadde ein tenkt slik som deg for 80-90 år sidan hadde vi alle gått rundt og prata tysk no. 2. verdskrigen tok 6 år. Tyskarane tapte krigen. Afghanistan tok 8 år. Russland tapte krigen. Afghanistan II tok 20 år. USA tapte krigen. Syria tok 13 år. Russland tapte krigen.
  5. Sovjetunionen tapte lenge terreng mot Nazi-Tyskland. Men dei gjorde ikkje det som du vil at Ukraina skal gjere.
  6. Eg er einig når det gjeld punkt 2, men heilt ueinig når det gjeld punkt 3. Det sistnemnde punktet er innanrikspolitiske forhold. Ukraina må sjølvsagt respektere minoritetane sine rettar, men det gjev ikkje Russland nokon rett til å blande seg inn. Russland kan i staden byrje å respektere rettane til sine eigne minoritetar. Dersom ein brukar det ukrainske flagget i Russland i dag hamnar ein vel ganske raskt bak lås og slå.
  7. Uvanleg få falne soldatar. Kva skjer?
  8. Dei tyske nazistane tapte sin invasjonskrig. Det kan framleis også dei russiske nazistane gjere.
  9. Ein tur med veteranbåten Atløy på byfjorden kan vere kjekt. Om du tek turen litt utanfor Bergen vil eg anbefale å ta ekspressbåten til Krakhella i Solund, bussen til Hardbakke og så dra på øyhopping med postbåten mellom øyane i Nord-Solund, til Gåsvær og til Bulandet i Askvoll. Etter å ha kosa seg ei stund i Bulandet tek ein bussen til Værlandet og deretter ferje forbi Alden, Atløy (øya, og ikkje båten) og inn til Askvoll. Derifrå går turen med ekspressbåten tilbake til Bergen. Om ein reiser i slutten av juli får ein med seg synet av lyngen på øyane i Solund, som pleier å blomstre på denne tida.
  10. Ein føderasjon av tre etniske delrepublikkar som må vere einige for å få gjort noko er oppskrift på handlingslamming. Serbarane har absolutt sin del av skulda for at det ikkje fungerer, men hovudproblemet er organiseringa samt at folk stemmer på politiske parti etter etnisitet i staden for etter politikk.
  11. Jobbar du i Kreml? Alle veit at folkeopprøret i Ukraina i 2014 kom fordi ein korrupt russiskvennleg president nekta å skrive under på ein avtale med EU, m.a. på grunn av press frå Russland. Det har vore fleire val i Ukraina sidan 2014. Zelenskyj er dessutan russiskspråkleg, og fekk mange stemmer i dei russiskspråklege områda i Ukraina. Det hindra ikkje invasjonen i 2022.
  12. Det var Russland som invaderte Ukraina, og ikkje omvendt. Det var ingen andre enn Russland som ville ha denne krigen, og det vart gjort mange forsøk på å overtale Russland til å avstå frå å invadere Ukraina. Putin og Macron i kvar sin ende av det lange bordet vart sjølve symbolet på dei mislukka samtalane med Russland. Russland gjekk også til invasjonskrig mot Ukraina i 2014, og mot Georgia i 2008. Russland truar stadig sine naboar, og driv med påverknadsoperasjonar og hybridkrig mot europeiske land. Dei viktigaste måla er å få Russland ut av Ukraina, samt at ein bevarer ein verdsorden der stormakter respekterer landegrenser. Små land som Norge er heilt avhengige av dette. I tillegg gjev trygge og stabile grenser større økonomisk vekst og meir velstand. Mange ynskjer nok også at Russland blir varig svekka, slik at det går lenge før dei startar neste krig mot eit naboland. Om Russland blir varig svekka eller går i oppløysing er verda kvitt eit problem. Dette er ikkje målet med hjelpa til Ukraina, men ville vere ein hyggeleg biverknad. Og kom ikkje med at USA også har mange svin på skogen historisk sett. Dette rettferdiggjer ikkje at Russland driv ein brutal okkupasjonskrig mot eit uskuldig naboland.
  13. Bosnia fungerer vel ikkje så veldig godt.
  14. https://www.nrk.no/urix/detaljen-satte-fyr-pa-sosiale-medier_-sprer-feilinformasjon-om-europeiske-ledere-i-kyiv-1.17413796
  15. Det såg lenge håplaust ut også i Syria, med opprørsstyrkane på vikande front. Men etter 13 år gjekk det ikkje lenger for regimet og dei russiske støttespelarane. Sovjetunionen måtte gje opp Afghanistan etter 8 år med krig. Tyskland var lenge på frammarsj både under 1. og 2. verdskrigen. Likevel tapte Tyskland. Kven som vinn ein langvarig krig i Ukraina vil berre tida vise. Det som er viktig er at ein støttar den parten som forsvarar seg, altså Ukraina slik at landet får eit best mogeleg utgangspunkt, enten det endar med forhandlingar eller ein langvarig krig som forhåpentlegvis vil ende med ukrainsk siger.
  16. Med andre ord: Utvandringa av unge menn og kvinner med høg kompetanse svir for Russland.
  17. Nei. Dersom Ukraina blir fritt kan landet byggjast opp att, f.eks. slik Troms og Finnmark vart bygd opp igjen etter krigen.
  18. Eg tippar at denne lista ville ha sett litt annleis ut no.
  19. Det kommer an på. Noen er her nærmest som politiske asylanter. Andre er her for å drive hybrid sabotasje (som f.eks ambasaden deres). Men den store majoriteten er folk som jobbe, leve og gå under radaren. Det er et problem at vi ikke vet hvem som har skjulte intensjoner. Spørsmålet er om vi skal la norske verdier som "uskyldig inntil det motsatte er bevist" gå foran almennpreventive hensyn. Det er ikke sånn at hvis vi sender 28 000 hjem så vil det bli 28 000 flere på fronten i Ukraina. Russland har ikke problemer med å skaffe bemanning. De som er i Norge er ikke nødvendigvis soldatmateriale og mange vil vernes fordi det finnes enklere tilgang på soldater fra fattige områder. Min tilnærming er derfor at vi må holde øye med disse og forebygge både mot direkte terroranslag og angrep, men også hybride angrep som f.eks samfunnspåvirkere i russisk retning, forstyrring av norske valg, planting og spredning av løgner og propaganda, kartlegging av sårbarheter osv. Eg er einig i dette. I tillegg skal ein hugse på at Russland slit med å finne kompetent arbeidskraft både fordi dei blir sendt i krigen, men også fordi millionar har rømt landet. Dette rammar både sivilsamfunnet og krigsinnsatsen. Russland slit også med låg fødselsrate, og ein har sett at unge barnefamiliar slår seg ned f.eks. i Argentina fordi det er betre mogelegheiter i eit vestleg land enn i eit Russland utan demokrati og ytringsfridom, og der store ressursar blir brukt på ein krig dei færraste forstår vitsen med. Russisk utvandring har såleis fordeler. Men det er samstundes viktig at både etteretning og folk flest følgjer nøye med, samt at talet på russarar i eksil ikkje må bli så stort at ein mistar oversikta.
  20. Det er betre at dei er her enn at dei blir sendt til Ukraina.
×
×
  • Opprett ny...