Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 088
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Denys Davydov nemnte at også kinesiske selskap skyr russisk olje. Iallefall enn så lenge.
  2. Utfordringa er å skaffe eit luftvern som greier å beskytte godt nok mot alt frå droner til ballistiske missil. Det er lite hjelp i å investere i fabrikkar som berre blir øydelagde. Fabrikkane må plasserast langt under jorda eller i ukrainavennlege land som m.a. Polen. Ein bør vel satse på begge deler, og ikkje leggje alle egga i ei korg. Alternativt må Ukraina få fleire langtrekkande missil som kan slå ut våpenfabrikkar og infrastruktur djupt inne i Russland, slik at Russland mistar evna til å terrorisere Ukraina.
  3. Desse muslimane burde bli omfamna av Trump og MAGA-rørsla. Det er diverre ein liten del av verdas befolkning som lever i land som er liberale, fyrst og fremst Europa. (Her er vel kanskje Israel eit lyspunkt?) Kristenfundamentalistane i USA, islamistar, Putins styresett i Russland og autoritære krefter i store deler av verda har mykje til felles.
  4. Det er i dag ingen større politiske parti på norsk venstreside som har revolusjon som mål, tvert imot er desse partia sjølv ein del av den etablerte maktstrukturen. Islam er heldigvis ikkje "mektig" i Norge, og det får ein håpe at dei aldri blir.
  5. Ja, det var ei merkeleg sak. Ein får håpe at markeringane i Norge greier å fokusere på det som skal markerast denne dagen, uavhengig av kven som arrangerer og kva meiningar dei elles måtte ha.
  6. Det er vel eit faktum at det ofte er venstresida som har talt minoritetane si sak. Høgresida har vel i større grad vore imot mangfald og inkludering. Men dette er ikkje svart-kvitt. Problemet med venstresida er ofte at dei går altfor langt, noko som i ein del tilfelle fører til det motsette av det ein ynskjer. Samt at ein får ein reaksjon fordi mange av dei fornuftige meiningane blir fremja av høgresida.
  7. At offer og ikkje angripar (HAMAS) får sympatien er vel sjølvsagt. Akkurat det same gjeld når palestinarane er offer og Israel aggressoren. Sympatien var ikkje der i utgangspunktet, fordi det var palestinarane ved HAMAS som starta dette. Men sympatien har vokse etter kvart som ein har sett den brutale framferda til Israel, som har vart i 2 år. Dette er vel eigentleg ganske naturleg.
  8. Du har heilt sikkert rett i at Israel av og til får meir kritikk enn fortent. Men at jødar berre blir godtekne når dei er offer, men ikkje forsvarar seg er ikkje sann. Israel fekk mykje sympati i dagane etter 7/10 2023, men har på eiga hand, og heilt uavhengig av kva jødar rundt omkring i verda måtte meine, på eiga hand skjemt seg ut og gjort seg sjølv til ein pariastat. Israel, og spesielt den høgrevridde israelske regjeringa representerer ikkje verdas jødar. Som det er sagt tidlegare i tråden grensar ei slik forestilling til antisemittisme. Å dra fram hendingar som har skjedd for mange tiår sidan er vel ikkje så relevant i denne debatten? Israel har uansett snart 80 år med krig og konflikt bak seg, og palestinarar og arabarar må ta ein stor del av skulda for dette.
  9. Vel, dersom eg er heilt på jordet - greit! Men eg oppfatta iallefall det som vart sagt fleire sider tilbake i tråden, at det var noko som stod svart på kvitt i ei eller anna skrift. Ein får nesten spørje hen som starta denne metadiskusjonen om dokumentasjon.
  10. Som er kva for noko? Skulle omverda ha gått inn i Gaza for å redde gislane? Det greier Israel fint sjølv. Men Netanyahu prioriterte endelaus krig og folkemord framfor å redde gislane.
  11. Javel. Kva er det dersom du finn noko rart i bibelen eller koranen? Er det også anti-eitt-eller-anna?
  12. Det er bra. Sidan partane i konflikten ikkje greier å samarbeide vil det vel halde fram med å bli to markeringar i Oslo denne dagen. Ei lukka markering i regi av det mosaiske trussamfunn for medlemmene og for spesielt inviterte som f.eks. Ulstein og statsministeren. Og ei open offentleg markering med fakkeltog som er open for alle, men der arrangørane har ei viss politisk slagside.
  13. Det har vel vore mange kritiske israelske stemmer mot Netanyahu nettopp fordi han har prioritert krigen framfor å redde gislane.
  14. Eg kjenner ikkje til kulturen til verken sibirske eller etiopiske jødar. For alt eg veit kan dei ha meir til felles enn berre religion.
  15. No er det vel fakta at dette står i ei eller anna skrift, på same måten som at det står mykje rart i bibelen. Det er poenget mitt. Dette kunne ha vore interessant i ein debatt om religionskritikk, men blir berre antisemittisme vas å blande inn dette i ein debatt om markeringa av krystallnatta.
  16. Kjelda gjer at eg tek dette med ei klype salt. Men om dette stemmer burde folka der absolutt finne fram feiekosten og ta eit oppgjer med seg sjølv.
  17. Dette blir kanskje en stråmann? Kven meiner du skal få lov til å markere dagen då? Er ein bonde frå Vestlandet velkommen? Er sosialistar velkomne? Muslimar eller palestinarar er absolutt ikkje velkomne? Eller?
  18. ... og i mellomtida var Ulstein på eit møte i MAGA-rørsla. Ja, det er fint at det finst nokon som kan argumentere "sakleg".
  19. Å drepe journalistar, tilfeldige palestinarar som står i matkø, eller å bombe eit sjukehus eller tilfeldige palestinarar fordi det er ein antatt HAMAS-medlem i nærleiken har ingen ting med å "forsvare" seg å gjere. Heller ikkje å bruke svolt som våpen mot 4 millionar menneske. Temaet for ei minnemarkering av krystallnatta er ikkje forsvar mot HAMAS, men at det som skjedde på krystallnatta aldri må skje igjen.
  20. Er ikke bagatellisering, men nyansering så slutt å putt ord i munnen min/lage stråmann. Det som har skjedd med palestinerne kan ikke bare skyves under teppet fordi vi skal minnes Krystallnatten. Jødene/israelerne bør være tydelige på at begge hendelsene aldri skal skje igjen. Kun da vil de ha troverdighet. Akkurat nå oppfører de seg som sutrete og egoistiske drittunger. Og slutt å være så dramatisk. Han har eit poeng. Kven er det som er mest "dramatisk"?
  21. Etnisitet handlar om felles kultur, og har i utgangspunktet ikkje noko med genetikk/"rase" å gjere.
  22. Du kan kverulere deg selv til døde for min del. Endrer dog ikke konkret hva du skrev, hvordan det oppfattes, og at slikt ikke er greit. Det er og blir en antisemittisk forsøpling; synd du ikke har tæl til å se det selv. Det kunne ha vore relevant i ein debatt om religionskritikk, men er ei avsporing i forhold til debatten om markeringa av krystallnatta. Ein kan vel lese dei fleste heilage skrifter som fanden les bibelen.
  23. Dette stemmer ikkje. https://www.nrk.no/ostfold/mann-utsatt-for-vold-etter-krystallnattmarkering-i-sarpsborg-1.17646024 Ein får uansett håpe at gjerningsmennene får den straffa som dei fortener.
  24. Hadde trussamfunnet vore medarrangør slik som tidlegare ville dei også ha vore med på å bestemme både talarliste og innhald på markeringane. I staden valde dei å bryte samarbeidet og starte ein ordkrig med antirasistisk senter.
  25. Var det fokus på noko anna enn krystallnatta og holocaust under markeringa i regi av antirasistisk senter? Ja, nettopp. Og då kan ikkje ein la dette bli ein dag som ingen andre enn ortodokse jødar får lov å markere.
×
×
  • Opprett ny...