Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 092
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ein treng politikarar som kan ha fleire tankar i hovudet på same tid. Dialog blir viktig når krigen ein dag er over, forhåpentlegvis med "rett" utfall.
  2. eller jarnbaneutbygging på Austlandet. (Dei stadene i landet som du refererte til manglar jernbane).
  3. Også julefeiringa blir kva ein sjølv gjer den til. For min del held det lenge å ta fram dei gamle adventsstakane og juletrepynten. Men så har eg heller ikkje born. Det er i det heile godt å sleppe alt stresset og pengemaset. Men eg brukar litt ekstra på god mat i jula.
  4. Sjølv om ikkje alt er rosenraudt har det vore fred i Nord-Irland i snart 30 år. Det finst mange stader der folk med ulike religionar lever i fred og sameksistens.
  5. At finansministeren har innverknad på statsbudsjettet er vel ganske naturleg. Men uansett var det morosamt då ein trøytt Stoltenberg etter valsigeren kalla seg sjølv statsminister og Støre for finansminister. https://www.vg.no/stories/341268/jens-stoltenberg-om-store-sa-jeg-noe-feil-na
  6. Det mest interessante er vel kor mange kom gjennom og nådde måla sine.
  7. Kvifor skal ikkje USA kunne teste atomvåpen når våre fiendar gjer det og i tillegg truar Vesten i eitt sett? Det er mykje eg er ueinig i når det gjeld Trumps politikk, men i dette spørsmålet er eg faktisk einig. (Og så håpar eg også at USA kan støtte Ukraina meir og leggje sterkt press på Russland også på andre område).
  8. Eg tykkjer ikkje at det russiske flagget ser ekte ut. Er dette eit bilete laga av KI?
  9. Ikkje gløym at dei same bussane også er tekne i bruk fleire stader, m.a. på Vestlandet. Så her er det i så fall mange som burde ta sin hatt og gå.
  10. https://www.nrk.no/stor-oslo/ruters-egne-tester-viser_-oslos-elbusser-kan-fjernstyres-1.17629321
  11. Same mann sa vel at meldingane om ein kommande invasjon av Ukraina i 2022 var "hysteri".
  12. Det er vel val i Ungarn om nokre få månader, og Orban ligg visstnok bak utfordraren Magyar på meiningsmålingane.
  13. https://www.nrk.no/urix/putin-testet-reaktordrevet-missil-_-skal-ha-flydd-i-15-timer-1.17628781
  14. I tillegg var han "føraren" gjennom ein verdskrig.
  15. https://www.nrk.no/urix/stalins-skygge-vokser-i-russland-1.17622271
  16. Ein etnisk føderasjon som Bosnia er ofte handlingslamma fordi kvar etnisitet sit på si eiga tue og ikkje greier å samarbeide. Då endar ein fort opp med ein mislukka stat. Organiseringa etter etniske skiljelinjer gjer også at ein har 3 ulike skulepensum med kvar si historieforteljing. Ein stat organisert etter etniske skiljelinjer kan fort leggje grunnlaget for ein ny krig på eit seinare tidspunkt. Mi meining er at enten så bør ein fjerne representasjon etter etnisitet, eller så får ein køyre løpet fullt ut og dele opp Bosnia i 3 sjølvstendige statar. Når det gjeld Israel ville ein ha den fordelen at forholdet mellom jødar og arabarar vart nokonlunde likt. Dermed er det ingen grunn til at nokon skulle føle seg meir som "offer" enn andre. Ein må vekk frå å fokusere på religion, og gå over til å fokusere på politiske saker på tvers av etniske eller religiøse skiljelinjer.
  17. https://www.nrk.no/urix/foreslar-_putin-trump-tunnel_-mellom-russland-og-usa-1.17626458 Sikkert like interessant som då Europa gjorde seg avhengig av russisk gass. Dette er vel uansett eit forsøk på å lokke Trump over på Putin/Russland si side, heller enn eit prosjekt med noko realisme. Teikninga i artikkelen er neppe frå Krutsjovs dagar, sidan det står Russland og ikkje Sovjetunionen på teikninga.
  18. Dette, samt at Vestbreidda vart innlemma i Israel og der det vart slutt på den etniske rensinga og alle innbyggjarar fekk like borgarrettar uavhengig av etnisitet. Om det vart eit 50/50-forhold mellom jødar og arabarar kunne dette ha vore positivt for det israelske demokratiet dersom veljarane la vekt på andre saker enn religiøse eller etniske skiljelinjer, slik at ytterleggåande krefter på begge sider vart marginaliserte. I motsett fall kunne ein risikere å få eit nytt Bosnia, ein mislukka stat og/eller ein ny krig.
  19. Anektering må no vel vere betre enn at verda sit og ser på at Israel driv etnisk rensing på Vestbreidda utan å løfte ein finger.
  20. Når det gjeld SV skal dei ha ros for at dei trass alt har følgd fjellvettregelen "inga skam å snu" framfor å ri kjepphestar/prinsipp. Raudt har vel valt å støtte Ukraina med bakgrunn i prinsippet om at dei er antiimperialistar. Samstundes er dei pasifistar, noko som er altfor naivt i den situasjonen verda står i no.
  21. Her har du heilt rett. Og ei tostatsløysing er det heller ingen som ynskjer. Problemet med status quo er at dette inneber eit apartheid-samfunn der palestinarar blir fordrivne frå område som dei har hatt i generasjonar. Det minste ein måtte kunne forlange er at fordrivinga og forfølgjinga av palestinarane tok slutt. Så fekk ein heller leve med apartheid ei stund til.
×
×
  • Opprett ny...