Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 088
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/ytring/utakk-er-trumps-lonn-1.17666059
  2. Skal sikkerheitsgarantiar ha noko meining må dei vere meir verdt enn Budapestmemorandumet. Eg tvilar.
  3. https://www.nrk.no/urix/senatorer_-ukrainas-fredsplan-er-putins-_onskeliste_-_-usa-avviser-1.17664038 Trump køyrer hardt. Det skal bli interessant å sjå korleis dette endar. Skal Trump tvinge fram eit fullstendig brot med både Ukraina, Europa/NATO og kongressen? Eller blir det TACO til middag?
  4. https://www.nrk.no/urix/g20-er-over-_-usa-meldte-seg-aldri-1.17664292
  5. Fyrst ville Zelenskyj og partifellene fjerne uavhengigheita til antikorrupsjonsbyråa. Deretter kom korrupsjonsskandalen som går like inn i Zelenskys innerste krets. Spørsmålet er om Zelenskyj hadde ei aning om kva som ville komme, og kor mange fleire lik som kan ramle ut av skåpet. Samstundes slit ukrainarane på fronten. Det idiotiske fredsplanutkastet kjem på verst tenkelege tidspunkt for Ukraina.
  6. https://www.firda.no/eviny-sjef-media-skapte-unodig-frykt-etter-cyberangrepet-i-bremanger/s/5-15-1978854 Damanlegget skal ikkje ha vore ein del av kraftforsyninga. Men det er vel uansett ikkje heilt "ufarleg" å la hackarar ta kontrollen over ei demning? Iallefall ikkje dersom det bur folk på nedsida.
  7. Når det gjeld MAGA-profilar, så var iallefall Marjorie Taylor Greene enno sprøare enn Trump. Det er nesten litt trist at ho gjev seg i politikken, for ho skapte ein del underhaldning og sirkus. Men ho var absolutt ikkje nokon Ukraina-ven, så slik sett er det positivt.
  8. Eg er heilt einig. Finnane er elles eit folk som vi har svært mykje til felles med, og som generelt går godt i lag med nordmenn. Det var ein som kommenterte ein gong at når nordmenn, svenskar og finnar var på skiferie var nordmenn og finnar ofte ilag, men ikkje nordmenn og svenskar. Men no er vi ute på viddene i forhold til temaet.
  9. Det er interessant at du nemner dette. Denne ferske nrk-artikkelen kjem inn på det same: https://www.nrk.no/urix/kina-og-japan-i-konflikt-over-taiwan-1.17660252
  10. Russland pleier å politisere toppidrett. Trump ser ut til å ha lært. https://www.vg.no/sport/i/BxVRdv/fotball-vm-2026-dette-er-et-maga-vm-skriver-organisasjon
  11. Ser ein teikn til at Trump er på glid, og nok ein gong vinglar vekk frå Putin?
  12. Den belarusiske trykkokaren er framleis intakt. Også den iranske trykkokaren er intakt etter 46 år med islamistisk styre. Det tok 44 år før trykkokarane i Aust-Europa sprakk og muren fall. I Jugoslavia eksploderte trykkokaren. Så ting kan diverre ta lang tid.
  13. Men vart dette noko av? Fleirtalet i befolkninga var imot. Det var vel også på eit tidspunkt snakk om å få Russland med i NATO.
  14. Samstundes må ein hugse at russarar er individ med ulike meiningar, akkurat som oss. Det er synd at Russland sine handlingar skaper mistanke mot russarar flest, samstundes er det gode grunnar til å vere årvakne.
  15. Las du innlegget mitt i det heile teke? Russland angreip Ukraina i 2014, før dette var ikkje NATO-spørsmålet ei problemstilling sidan ukrainarane sjølv ikkje ynskte dette. Angrepet kom fordi ukrainarane ynskte å samarbeide med EU framfor Russland. Ynsket om NATO-medlemskap kom i hovudsak etter fullskalainvasjonen i 2022.
  16. Er det nokon som har høyrt noko om ukrainske angrep på russiske oljeraffineri o.l. etter at Trump kom med denne "fredsplanen"? Eller har USA allereie slutta å dele etterretning med Ukraina? Det er tragisk at Europa skal vere så avhengige av USA, og at ein ikkje kan stå på eigne bein. Eg håpar at NATO/Europa kan greie å kompensere bortfallet av USA så godt som mogeleg.
  17. Årsaka til krigsutbrotet i 2014 var at Janukovic vart kasta etter at Russland hadde pressa han til å ikkje skrive under på ein avtale med EU.
  18. Og det finst eksempel på det motsette, slik som ein opplevde 9. april 1940. Britane prøvde å "snakke" med Hitler. Politikken vart kalla "appeasement". Var det hjelp i?
  19. Det ein lærte etter 2. verdskrigen var at appeasement ikkje fungerte. Hitler måtte stansast med makt.
  20. https://www.nrk.no/urix/amerikansk-russisk-fredsplan-moter-motstand-fra-ukraina-og-eu-1.17660895 Europeiske politikarar har komme på bana. Det er eigentleg rart at ikkje amerikanarane forstår med ein gong at "fredsplanen" deira er dødfødd. Ukraina vil aldri kapitulere for Trump og Putin.
  21. Om åleineforsørgaren har jobb i turistnæringa kan bevaring av kulturlandskapet ha noko å seie for om hen har ein jobb å gå til i framtida. Om åleineforsørgaren har jobb i landbruket, meieri, kjøtindustri eller alle dei som på ein eller annan måte yter tenester til bønder vil eit levedyktig landbruk ha alt å seie. Difor vil det vere interessant å vite korleis f.eks. våre naboland har løyst utfordringane med å ha eit levedyktig landbruk og å ta vare på kulturlandskapet etter at dei kom med i EU. Har vi noko å lære, eller har EU noko å lære av oss?
  22. Vestleg elektronikk finn vegen inn i russiske våpen via Kina. https://www.nrk.no/norge/xl/de-dodelige-delene-fra-vesten-1.17620715
  23. Eller så hadde han raskt blitt styrta og sett i fengsel saman med dei andre quisling-politikarane som var i Ukraina på dette tidspunktet.
  24. Ein del av problemet er vel at naturvernarar og pressgrupper har fått for mykje makt. Dermed går prosessane i stå, og ting blir ikkje gjort før det er for seint.
×
×
  • Opprett ny...