Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    7 088
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det bør vel eigentleg vere ei ære å stå på denne lista.
  2. Eg tenkte ikkje på hjelpearbeidarar. framandarbeidarar eller ferierande. Både USA og Storbritannia har om eg ikkje har misforstått, folk i tilknyting til forsvaret inne i Ukraina. (Dette er ikkje i NATO-regi, berre så det er sagt). Det var f.eks for ei tid sidan artiklar om amerikansk etterretning si rolle i Ukraina. Og det er heldigvis ingen ting Russland kan gjere med dette, sidan eit slikt samarbeid er fullt og heilt opp til Ukraina og USA. Eg ser forresten at @Brother Ursusforklarte dette betre enn meg.
  3. Ein får håpe at beklagelsen er oppriktig meint. Å diskutere regjeringa, NATO eller oljefondet si rolle i forhold til krigen på Gaza er både naturleg og legitimt, sjølv om Raudt er aldri så mykje på bærtur her.
  4. 22. juli. Relevansen er f.eks. at det var dåverande Raudt-leiar Moxnes som sette fram mistillitsforslaget som felte Listhaug då ho ytra noko slikt som at Ap var opptekne med rettssikkerheita for terroristane. Også då vart dette diskutert opp mot 22. juli. Det er kanskje ikkje så enkelt for oss som ikkje var der å forstå fullt og heilt korleis det var å vere midt oppe i ein så forferdeleg situasjon som det mange opplevde i regjeringskvartalet og på Utøya 22/7 2011. Ein skal ha forståing og respekt for at folk reagerer sterkt følelsesmessig når ubegrunna ytringar om "terrorisme" blir brukt i hytt og pine om eit politisk parti der mange faktisk har opplevd verkeleg terror på kroppen. Slike ytringar fører heller ikkje til nokon fornuftig debatt, dei tener berre som avsporing. For min eigen del reagerte eg meir på at utsegna til Listhaug, som ikkje var ein kva som helst slags opposisjonspolitikar, men derimot dåverande justisminister i ei regjering som skal representere heile Norge. At ho kunne komme med ei uttale som er så absurd. Alle skal ha rettssikkerheit, og ingen skal straffast før dei faktisk er dømt. Det er domstolane, og ikkje politikarane som skal dømme folk. Politikarar som utfordrar domstolane si sjølvstendige rolle i ein rettsstat er noko som ein ser i land som vi ikkje likar å samanlikne oss med.
  5. No har allereie Storbritannia og USA folk inne i Ukraina - rett nok ikkje på oppdrag for NATO. Eg meiner elles at det ikkje har så mykje å seie. NATO er allereie tungt inne med støtte i krigen, enten ein vil det eller ikkje. Om NATO sendte personell for å trene ukrainarar inne i Ukraina ville dette vere noko ein har all rett til. Kanskje er dei der allereie?
  6. Men dersom Russland skal bestemme kven som skal styre Ukraina vil jo landet bli nettopp det.
  7. Mykje kan seiast om Kaur og rød ungdom. Men her er det etter mi meining du som er klønete til å lese ein heilt vanleg norsk setning. Born vart drepne fordi dei ynskte seg ei betre verd.
  8. Ein liten ting som eg reagerte på: Om ikkje dette nettopp ville vere eit lydrike, kva legg du då i det ordet?
  9. "Nøytralt" i gåseauge med andre ord. Eller eit nytt Belarus.
  10. Det ser ut til at Utøya var stikkordet som skulle til for at ho kom seg ned att på jorda.
  11. https://www.nrk.no/norge/mimir-kristjansson-raser_-_-na-er-jeg-flau-og-sint-1.16870589 Det er oppvask i Raudt etter at leiaren i Raud ungdom har gått ut på TikTok og kalla Støre, Stoltenberg og sentralbanksjefen for "terroristar". Det er greit at krigen i Midtausten engasjerer, men skal raddisane bli tekne det minste seriøst (av andre enn PST) får dei komme seg ned på jorda, ta av seg skylappane og prøve å finne ut både kva for verd vi lever i, kva som truar Europa og kva det var for noko som utløyste krigen på Gaza.
  12. Det er vel vanskeleg å tolke svaret på nokon annan måte enn at han meiner at Ukraina vil tape på ein måte som inneber slutten på Ukraina som nasjon.
  13. Eg har Gebyrfri kredittkort og sparekonto i Santander. Også der brukar ein kid når ein overfører til sparekontoen. Det som er litt tungvint er at ein ikkje kan overføre direkte frå sparekontoen til kredittkortet, men må la overføringa gå via ein normal bankkonto i ein annan bank.
  14. Med andre ord: Den eines død, den andres brød. Nøkkelen er å ha minst to kort å velje mellom. Det kortet som gjev mest bonus når ein handlar på nærbutikken er ikkje det kortet som ein bør bruke når ein har bruk for fysiske pengar i utlandet - og omvendt.
  15. https://www.nrk.no/ostfold/foreslar-tettere-krisesamarbeid-med-sverige-1.16866035
  16. https://www.nrk.no/urix/har-putin-flyttet-blikket-til-dette-landet_-1.16868427 Utdjupande artikkel om situasjonen i Georgia.
  17. Er målet å komme ei evt. våpenkvile i Gaza i forkjøpet og bruke situasjonen som påskot for å få i gang ein større regional krig i Midtausten?
  18. Diverre er han demokrat, så dette kan gje Trump og republikanarane vatn på mølla.
  19. https://www.nrk.no/innlandet/rett-for-varonna-er-det-nesten-tomt-for-sakorn-pa-grunn-av-darlig-sommer-i-fjor-1.16863610 Då eg spøkte om "den siste sovjetstaten" i samband med store medieoppslag om norsk "eggkrise" fall det ikkje i god jord hos enkelte, så då får eg bruke eit anna og meir passande ord denne gongen. I "nisselandet" er beredskapen på topp etter pandemi, krig i Ukraina, ei farlegare og meir uroleg verd enn på lenge og ekstremvêr og naturkatastrofer verda rundt! Vidare: og
  20. Dette stemmer også godt med dei daglege oppdateringane frå Ukraina sjølv.
  21. Og i tillegg får dei betalt av butikken der ein dreg kortet.
  22. Det har vore eit problem dei seinare åra at Sbanken sender ut årsoppgåver med feil, eller at dei er ufullstendige. Dette vart ikkje akkurat betre med DnB. Eg har både aksje- og rentefond, og årets årsoppgåve inneheld kostnader og returprovisjon berre for ASK. Rentefonda er oppført med kostnader og returprovisjon i skattemeldinga, men dette manglar i årsoppgåva. Så ein må berre håpe på at det som står i skattemeldinga stemmer. DnB nektar sjølvsagt for at årsoppgåva er mangelfull. På den andre sida, så har eg byrja å jobbe med eit dødsbu. Då er det godt å ha med ein solid bank å gjere som er lett å komme i kontakt med, og der dei har løysingar for innsending av dokument som fungerer. Dette ville nok ikkje ha vore så enkelt om banken var ein app.
×
×
  • Opprett ny...