-
Innlegg
10 087 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det stemmer. Eg hugsar at det for mange år sidan var nokon som hadde ein tam rev etter å ha teke seg av den som unge. Dei gjorde ein feil då dei stilte opp i lokalavisa med det som i utgangspunktet var ei koseleg historie, slik at dette vart kjent... Når dette er sagt, så er det også gode grunnar til at ein har eit strengt regelverk som forbyr at ein har ville dyr som kjæledyr. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Eg trur ikkje at ein skal generalisere verken når det gjeld israelarar eller når det gjeld palestinarar på Vestbreidda. Du gløymer også at mange palestinarar er kristne.- 604 svar
-
- 3
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Som turist var du nok privilligert samanlikna med lokalbefolkninga. Til og med Greta Thunberg blir behandla skikkeleg av Israel.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ingen vits i å kverulere. Det han snakkar om var vel at det er ein del som ynskjer seg eit Israel som omfattar eit større område som i forhistorisk tid var befolka av jødar, eit Israel som omfattar både dei okkuperte områda og deler av nabolanda.- 604 svar
-
- 2
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er eg ueinig i. Det er ingen motsetnad mellom høg intelligens og vondskap. Det er heller ikkje nødvendigvis nokon motsetnad mellom låg intelligens og evne til å vise omsorg.- 604 svar
-
- 3
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Han får unnskylde seg med at dette er noko som han meiner som privatperson.- 604 svar
-
- 3
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Det er vel mange med meg som eigentleg er lei av Midtausten-konflikten og den plassen den opptek i norske media. Vi har ein krig gåande som er mykje nærmare oss, der eit av våre naboland opptrer som imperialistar og terroristar. Eg skulle ynskje at engasjementet rundt den krigen hadde vore mykje større enn engasjementet rundt konfliktane i Midtausten som uansett neppe blir løyst på svært lenge.- 604 svar
-
- 4
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Her er eg einig med deg. Samstundes har konflikten i Midtausten fleire sider.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Verdssamfunnet har ikkje sett foten ned og boikotta Israel trass i den brutale krigen som har vart i 2 år. Noko av årsaka er sjølvsagt utgangspunktet (terror). Noko av årsaka er at vi på mange måtar er avhengig av israelsk teknologi. Men noko av årsaka er også den kollektive skuldfølelsen på grunn av holocaust. Sjå berre på Tyskland, som er svært forsiktige i sin kritikk av Israel. Det er ikkje tilfeldig. Og noko av årsaka er sjølvsagt også at ein får gjort lite med situasjonen i Midtausten utan å ha USA med på laget.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Altså... Ein kan sikkert sjå på både jødar/israelarar og palestinarar som ufordragelege menneske. Men det er no ein gong slik at jødar flest ikkje har noko kollektivt ansvar for kva Israel gjer mot palestinarane, akkurat som at palestinarar (eller muslimar) ikkje har noko kollektivt ansvar for HAMAS sine terrorhandlingar.- 604 svar
-
- 2
-
-
Då eg hadde mobilt breiband hos Telia for nokre år sidan var det tilnærma umogeleg å laste ned ein epost dersom ein kom over grensa. Det var som om alle forsøk på å bruke internett vart blokkert. I dag har eg Chilimobil Fri data, og har så langt ikkje greidd å bruke opp dei 100 GB som ein får tildelt kvar månad.
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Du krev noko av jødar, men vil ikkje krevje noko anna av muslimar. Innlegget ditt viser at jødar og muslimar som minoritetar er i same båt. Altfor mange føreset at alle jødar støttar Israel eller at alle muslimar støttar islamisme og terror. Det er dette som er fordommar, og som lett blir rasisme, antisemittisme eller ... ein kan kalle det kva ein vil. Og det er lett å tenkje slik, fordommar er noko som vi alle har i ein eller annan samanheng.- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Men dersom det hadde vore samarbeid og eit felles arrangement ville vel det mossaiske trussamfunn som medarrangør ha hatt ein del å seie når det gjeld kven som fekk halde talar? Når ein derimot tek eit val om å setje seg sjølv på sidelinja mistar ein sjølvsagt denne mogelegheita.- 604 svar
-
- 4
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Blir det Norge som skal berge Ukraina meir eller mindre på eiga hand? -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Om han har sett slike feller på ei tomt burde det vere ganske enkelt å dokumentere dette med bilete.- 218 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
FOR er vel ikkje noko anna enn Russland sine agentar/nyttige idiotar. No må du heller ikkje gløyme den etniske rensinga som går føre seg på Vestbreidda. Den israelske regjeringa gjer kva dei kan for å hindre ei tostatsløysing. Då må verdssamfunnet krevje at det blir ei einstatsløysing der alle borgarar har like borgarrettar uavhengig av etnisitet eller religion. Og ikkje status quo, ein slags uoffisiell apartheidstat som er det den israelske regjeringa og store deler av den israelske befolkninga eigentleg ynskjer. Men denne diskusjonen er uansett langt ute på viddene i forhold til temaet, som er at ein ikkje kan greie å samlast om ei felles norsk markering av krystallnatta.- 604 svar
-
- 6
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Tullprat. Det er då fullt mogeleg å støtte Israel sin rett til eksistens utan å støtte forhistoriske krav på eit mykje større landområde.- 604 svar
-
- 2
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Er det eigentleg så mange som meiner det?- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Er det så enkelt burde denne konflikten ha vore over for lenge sidan. Det burde ikkje vere vanskeleg for antirasistisk senter å komme med ei erklæring om at dei støttar Israel sin rett til å eksistere.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Eg ser absolutt poenget. Berre så det er sagt. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Det han meinte med den eine setninga var vel at den kollektive skuldfølelsen for holocaust gjer det vanskeleg for oss i Europa å kritisere Israel. Verken meir eller mindre. Så kan ein diskutere om det er hald i den oppfatninga. Men dette er vel uansett litt på sida av temaet, som er striden som er oppstått mellom det mosaiske trussamfunn og antirasistisk senter.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Om dei seier at dei støttar Israel sin politikk må dei som alle andre tole å bli motsagt. Antisemittisme. Eller rett og slett fordommar. Dette er eit viktig poeng. Mange har også fordommar om at alle muslimar støttar islamisme og terror. Dette er interessant, og gjev vel også eit slags svar på spørsmålet mitt om kor stor støtte leiinga av desse trussamfunna har i den jødiske minoriteten når det gjeld konflikten som har oppstått.- 604 svar
-
- 3
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Skal ein då slutte å ha offisielle markeringar av krystallnatta, og overlate heile markeringa til den jødiske minoriteten? Ein viktig grunn også for ikkje-jødar for å markere krystallnatta er at dette er ei historisk hending som aldri meir må skje. Dette angår ikkje berre den jødiske minoriteten, det er noko som angår oss alle.- 604 svar
-
- 4
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Rasisme er iallefall eit ord som er mykje brukt, og blir ikkje utdatert før det store fleirtalet meiner det og sluttar å bruke ordet. Om ordet vil lide same skjebne som n-ordet vil berre framtida vise. Skal ein fyrst drive ordkløyveri er vel ordet antisemittisme eit ord som verkeleg er utdatert. Både fordi semittiske folk omfattar både jødar og arabarar, men ikkje minst fordi ordet i svært stor grad blir misbrukt for å fremje eit bestemt syn på konflikten mellom Israel og palestinarane.- 604 svar
-
- 5
-
-
