-
Innlegg
10 088 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Rasisme er iallefall eit ord som er mykje brukt, og blir ikkje utdatert før det store fleirtalet meiner det og sluttar å bruke ordet. Om ordet vil lide same skjebne som n-ordet vil berre framtida vise. Skal ein fyrst drive ordkløyveri er vel ordet antisemittisme eit ord som verkeleg er utdatert. Både fordi semittiske folk omfattar både jødar og arabarar, men ikkje minst fordi ordet i svært stor grad blir misbrukt for å fremje eit bestemt syn på konflikten mellom Israel og palestinarane.- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Den høgrevridde israelske regjeringa prøver sjølvsagt å utnytte situasjonen til å svartmale den norske regjeringa, undergrave støtta til palestinarane og provosere fram auka splid internt i Norge. Russland kunne ikkje ha drive sine påverknadsoperasjonar på ein betre måte.- 604 svar
-
- 7
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Skulle desse revesaksene dukke opp så ofte som enkelte vil ha det til må det vel vere mogeleg å setje opp eit kamera og få teke syndaren/syndarane når dei kjem og skal sjå til saksa/hente eit evt. utbytte? -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette er ein avleggs jaktmetode som ikkje har vore lovleg på lenge.- 218 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Nei, men det ville iallefall ha vore interessant å vite om arrangementet til antirasistisk senter var så og seie fritt for jødar, eller om det er ei splitting også i det jødiske samfunnet.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Men akkurat det seier eigentleg ingen ting verken om kor stor del av medlemmene som støttar trussamfunnet si linje i denne saka, eller kor stor støtte dei eller antirasistisk senter har hos andre jødar.- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
https://no.wikipedia.org/wiki/Jøder_i_Norge Var dette eit svar på spørsmålet mitt? Wikipedia-artikkelen nemner ikkje konflikten mellom det mossaiske trussamfunnet og antirasistisk senter.- 604 svar
-
- 2
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det var det eg kommenterte ja. 🙂 -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det har vel også hendt at hjort eller andre ville dyr greier f.eks. å ramle utfor og/eller skade seg sjølv i naturen, utan at det i seg sjølv er noko argument for at hjorten bør utryddast. At mange også skadar seg ved å henge fast i skrot eller menneskeskapte hindringar er ei anna- og trist sak. -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Sadistar bør sjølvsagt ikkje drive jakt. Men det er fullt mogeleg å vere imot at bestanden av rovdyr skal vekse, og samstundes drive human jakt og å ha medfølelse for dyr. Det er elles naturleg at bønder, reineigarar og andre dyreeigarar gjer det ein kan for å beskytte dyra sine mot liding, noko som ein også er pliktig til. Dette skaper av og til vanskelege dilemma: https://www.nrk.no/sapmi/xl/bonder-og-reineiere-har-mistet-tilliten-til-norsk-rovviltforvaltning-1.17452780 Om ein les artikkelen ser ein at det er gode grunnar til å ikkje støtte aktivistane i NOAH eller andre dyrevernorganisasjonar. -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det er eit godt poeng. Mange av trekkfuglane våre er utryddingstrua på grunn av jakt f.eks. i sør-Europa. -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Fiskemåsen (og sikkert også andre måseartar) er vel ein trua art i sitt rette element. Dette er vanlegvis fredelege dyr, og er i tillegg nyttedyr som tek mus og rotter dersom dei kjem til med det. Dei kan vere hissige når dei får ut ungane, men dette varer berre eit par dagar til dei har fått ungane med seg ned i fjøra. For meg, som bur i landlege omgjevnader ved ein liten fjord har lyden av måsen alltid vore synonymt med lyden av sommar. Hadde det vore meg hadde eg heller jakta på kråka for å beskytte den lokale måsebestanden. Men det er vel neppe lov heller.- 218 svar
-
- 1
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Fyrst seier du at mennesket er både kjøt- og planteetarar frå naturen si side (som er rett). Deretter seier du på ein måte det motsette. -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Ein skal ikkje tru på alt som ein les i ekkokammer på Facebook eller andre sosiale medier. Når folk vel f.eks. Facebook framfor seriøse media for å oppdatere seg bidreg dette til fordumminga av samfunnet. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Er det nokon som kjenner til i kor stor grad norske jødar støttar det mossaiske trussamfunn i konflikten med antirasistisk senter og kor stor del som støttar motparten?- 604 svar
-
- 6
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er ein ganske dryg påstand. Har antirasistisk senter sagt dette? Det mosaiske trussamfunn opptrer som aktivistar og støttespelarar for den høgrevridde israelske regjeringa, og må ta sin del av skulda for konflikten som er oppstått. Begge partar bør avslutte ordkrigen og gå i dialog. Det er skuffande at ein har greidd å gjere det som burde ha vore ei samla norsk markering av krystallnatta til eit spørsmål om for eller mot folkemord på Gaza. Det mosaiske trussamfunn har valt å ha si eiga separate markering, og ein endar opp med ei markering for dei og ei anna markering for alle andre. Når dette er sagt, så er det dristig av Støre å velje markeringa til antirasistisk senter framfor markeringa til det mosaiske trussamfunn. Uansett kva Støre hadde gjort ville det ha blitt feil, og ein kan sjå for seg rabalderet som ville ha oppstått dersom ein hadde valt f.eks. å feire den samiske nasjonaldagen utan at samiske representantar var til stades. Men dersom han har takka ja til invitasjonen frå antirasistisk senter før det mosaiske trussamfunn i det heile hadde sendt ut nokon invitasjon hadde han heller ikkje noko anna val. Regjeringa burde vel kanskje ha sendt representantar til begge arrangementa. Om ein er aldri så ueinig med trussamfunnet, så er det viktig å vise støtte. Den tida vi lever i er ei vanskeleg tid for norske jødar. Dei som har følgd med litt veit vel forresten også at det ikkje er mange dagane sidan konge og statsminister var i Trondheim for å feire 100-årsjubileet til synagogen i Trondheim, ei feiring som var heilt ukontroversiell. https://www.nrk.no/trondelag/konge-og-statsminister-feirer-synagogen-i-trondheim-1.17627051 For nokre år sidan slo norske muslimar ring om norske jødar, og norske jødar svarte med å slå ring om norske muslimar. Slikt burde vere sjølvsagt, og er noko som eg ynskjer meg meir av. Begge gruppene er- og har vore utsette for rasisme, og er på mange måtar i same båt. Eg er skuffa over at det mosaiske trusssmfunn har valt å setje seg sjølv på sidelinja.- 604 svar
-
- 8
-
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det er fullt mogeleg å miste jaktlisensen også.- 218 svar
-
- 1
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
For å seie det slik: Det er mange som ikkje burde ha hatt rett til å køyre bil heller. Men ein kan ikkje forby all bruk av motorisert ferdsel av den grunn.- 218 svar
-
- 1
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
- 218 svar
-
- 2
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Og så kan ein "skyte" med kamera.- 218 svar
-
- 2
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det finst vel ein del eksempel på at folk har greidd å skyte seg sjølv i ræva også. Å vere uforsiktig i omgang med våpen er utilgjeveleg. Men uaktsomheit er ikkje det same som overlagt drap.- 218 svar
-
- 2
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Motseier du ikkje deg sjølv litt her?- 218 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er i søraust at russarane har størst framgang. Det er berre litt over eit år sidan Ukraina måtte gje opp Vuhledar. I dag går frontlinja inne i Dnipro fylke, og russarane er snart halvveges til Pavlohrad. -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Der eg bur er ikorn ein trua dyreart. Den største trusselen er firbeinte "jegerar" som seier mjau.- 218 svar
-
- 4
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Og her er det ikkje ein gong nemnt at russarane prøver å drepe alle som vil overgje seg til Ukraina.
