-
Innlegg
10 092 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er elles vanskeleg å gjere seg opp bastante meiningar når ein ikkje kjenner detaljane. Nrk-artikkelen formidlar ei side av saka. Korleis kan ein vite at den er rett, og at ikkje forsøket på å ta kontroll over antikorrupsjonsbyråa var på grunn av reell frykt for moldvarpar som jobbar for Russland? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Zelenskyj vart vald nettopp fordi han lova å kjempe mot korrupsjon. Som nemnt m.a. i Nrk-artikkelen som eg viste til for eit par(?) sider sidan var han truleg genuint oppteken av dette. Men etter at mange i hans nærmaste krins har blitt tekne eller fått sparken kan han ha gitt meir eller mindre opp. Kanskje var forsøket på å få kontroll over antikorrupsjonsbyråa eit utslag av dette? Dette blir uansett berre spekulasjonar. Det er uansett ikkje enkelt å styre eit land i krig når han mistar den eine nære rådgjevaren føre og den andre etter. Eg håpar berre at han har nok kompetente folk rundt seg til at ikkje dette går ut over styringa. Tillit eller ikkje: Så lenge sjefen sjølv ikkje er mistenkt for noko konkret bør han uansett halde fram i rolla, med mindre han sjølv skulle velje å gå av. Ukraina står midt i ein eksistensiell krig, og då skal det ganske gode grunnar til for å gje presidenten sparken. Det er vel heller ikkje så mange gode alternativ, og det er ikkje gitt at det er nokon god, samlande og meir ukorrupt kandidat som kan ta over. Dette vil uansett vere noko som ukrainarane må finne ut av på eiga hand, utan å bli utsett for press frå f.eks. USA (Trump). -
Eit slikt scenario ville kunne blitt artig. Listhaug elskar å snakke om kaos på raudgrøn side, men det spørst korleis ein partileiar og eit parti som trivst betre i opposisjon enn i posisjon vil takle å stå ansvarleg for eit borgarleg budsjett som er godkjent av Høgre, Krf og Senterpartiet. Det blir nok ein del kamelar å svelgje også der i garden.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tykkjer at dette er blitt ein merkeleg diskusjon. Noko lenke som seier svart på kvitt at dette var f.eks. amerikansk støtte har eg ikkje. Men er du heilt sikker på at ingen av desse pengane kjem frå vestleg budsjettstøtte til Ukraina? Er det ikkje eigentleg eitt feitt om det i staden skulle vere ukrainske skattebetalarar sine pengar som blir misbrukt, enten det fører til at behovet for vestleg støtte blir enno større eller "berre" at ukrainsk kraftforsyning blir meir sårbar for russiske angrep? Ukraina er for tida også avhengig av vestleg budsjettstøtte for at hjula skal gå rundt. Kan du forklare meg kvifor vestlege land ikkje treng å forsikre seg om at pengane går til det dei skal? Gjeld dette også dersom ein sender pengar til sjølstyresmakta på Vestbreidda eller Gaza (=HAMAS) eller u-hjelp til land i Afrika? Det er ikkje så nøye ned kvar pengane hamnar, berre føremålet er godt nok? Som sagt tykkjer eg at dette har blitt ein rar diskusjon, og eg slit med å forstå kva vi er ueinige om. Vi burde vere einige i at korrupsjon er eit problem, at Ukraina gjer mykje bra, men må gjere enno meir samt at ein må forsikre seg om at støtta går til det den skal. Eg reknar eigentleg med at Norge har god kontroll. Noko går via Verdsbanken, noko er fysisk militær støtte. Men for at landet skal gå rundt midt i ein vanskeleg krigssituasjon må også noko gå som direkte budsjettstøtte til den ukrainske administrasjonen. Då må ein kunne stole på denne, og/eller kontrollmekanismar som viser at pengane går dit dei skal. Mi meining er at ein må ha ein open diskusjon om Ukraina på godt og vondt, både om det som går bra og det som går dårleg. Om Ukraina ikkje skulle kunne ta lærdom av sine feil taper dei krigen. Å kalle einkvar kritikk for "spreiing av russiske narrativ" hjelper ikkje Ukraina. Det er tragisk at medan Ukraina har vist stor openheit om problema meiner enkelte her på forumet at desse skal feiast under teppet og ikkje diskuterast. Det følest rart, men eg føler snart at eg er meir einig med dei eg oppfattar som russiskvennlege kverulantar enn med forumdeltakarar som eg trudde delte eit felles syn om at Ukraina må vinne denne krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein kan jo nesten lure på om Ukraina vil ha ei langt høgare plassering på korrupsjonsindeksen enn USA når denne krigen er over. 2050: "Vi må vere forsiktige med å sende vestleg/ukrainsk militær støtte til USA, sidan ein risikerer at korrupte politikarar skor seg på dette". -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Og difor er det viktig at korrupsjonen blir slått ned på, slik at pengane går til å bekjempe Russland, slik at den vestlege støtta kan halde fram og slik at moralen internt ikkje blir svekka. Skulle ein ikkje lukkast må støtta likevel halde fram, men må då kanaliserast på alternative måtar slik at den ikkje hamnar i lommane på korrupte tenestemenn. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det kan kanskje vere greit å leggje til ei Google-omsetjing: https://www-svoboda-org.translate.goog/a/smena-taktiki-pochemu-ukraina-stala-teryatj-boljshe-tehniki-chem-rossiya/33607189.html?_x_tr_sl=auto&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=wapp Eg legg elles merke til at artikkelen ser ut til å vere skriven på russisk. -
Eg er einig i dette. Men dei må ha med seg Senterpartiet eller MDG for at konstellasjonen skal få fleirtal.
- 91 svar
-
- 1
-
-
Mogelege fleirtal som inkluderer budsjettpartnarane R, Ap og Sp: R+Ap+Sp + SV + Krf R+Ap+Sp + MDG + Krf R+Ap+Sp + H eller Frp Om Ap og Sp kvittar seg med Raudt kan dei likevel danne eit knapt fleirtal med Høgre. Dette er kanskje mest realistisk av desse alternative konstellasjonane, men då ville Høgre selje seg dyrt og krevje store gjennomslag. Venstre er så små at dei ikkje får noko å seie for eit fleirtal. Det mest sannsynlege er nok enten at tutti-frutti-partia må forhandle vidare og finne ei løysing, eller at regjeringa må gå. Ei evt. borgarleg regjering må ha støtte frå Senterpartiet.
- 91 svar
-
- 1
-
-
Mi meining er at ei blokkuavhengig sentrumsregjering av f.eks. Ap, Høgre og Senterpartiet ville ha vore det beste for landet. Men politiske kjepphestar gjer eit slikt samarbeid vanskeleg. Kva vil skje no, og kan det vere mogeleg for Raudt, Ap og Sp å sikre fleirtal for eit statsbudsjett saman med minst eitt av partia på høgresida? KrF er vel kanskje for opptekne med å støtte Israel, og Venstre har vel ein del av dei same kjepphestane som MDG er uaktuelle, sjå nedanfor.
- 91 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Berre så det er sagt: Eg er ikkje @Orake1et. Og eg har absolutt fått med meg at Ukraina har kjempa mot korrupsjon heile tida. Poenget mitt er at dette ikkje er ein kamp som må bagatelliserast, det er tvert imot ein kamp som er heilt avgjerande for at landet skal overleve. -
For min del kjennest det rett å delta i eit forum der ein diskuterer med folk med alle slags meiningar, framfor å bruke tid på å vere til stades på plattformer prega av algoritmer, ekkokammer, svindel og grafsing etter-/overvaking av det ein legg ut eller det ein ser på.
- 30 svar
-
- 3
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
At Ukraina er det angripne landet har ingen ting med saka å gjere. Korrupsjon er øydeleggjande både for Russland og for Ukraina. Korrupsjon skadar krigsinnsatsen for begge land, m.a. fordi pengane ikkje går til det dei skal. Men medan Russland er eit diktatur der ein kan feie det under teppet, går ikkje det i eit land med demokrati, ytringsfridom og ei fri presse, der folket må ha tillit til toppleiinga. Dette drep moralen både til soldatane ved fronten og til sivilbefolkninga som skal halde samfunnet i gang og som skal støtte opp om krigsinnsatsen. Ukraina har allereie store problem med å rekruttere soldatar og å få dei til å bli verande ved fronten. Medan Russland kan lene seg på andre diktaturstatar er Ukraina heilt avhengig av støtte frå vennlegsinna land i Europa og til ei viss grad USA, og korrupsjon er øydeleggjande for denne støtta. For at Ukraina skal overleve er det heilt avgjerande at dette blir teke tak i, og at ein får sett ein stoppar for dette. Det positive er at dersom ein lukkast vil ein ha lagt eit godt grunnlag for å byggje eit nytt Ukraina med høg tillit til systemet og til politikarane når krigen ein gong er over. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
All propaganda pleier å ha ei kjerne av sannheit. Så legg ein på ved å lyge og å overdrive kraftig det vesle som er sant. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kva vil skje dersom korrupssjonsskandalen blir så stor at Zelenskyj må gå? Vil det då vere opp til nasjonalforsamlinga å velje ny president? Kan evt. Zelenskyj peike på- eller utnemne neste president? Vil Zalusjnyj kunne vere ein aktuell- og samlande kandidat til å ta over som president og føre krigsinnsatsen vidare fram til det evt. blir våpenkvile og mogelegheit til å halde presidentval? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/hollande-mener-russland-vil-rykke-fram-helt-til-de-blir-stanset-1.17670178 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/skandalen-ryster-ukraina_-_-zelenskyj-ble-mer-interessert-i-a-holde-pa-makten-1.17659100 Ikkje bra! -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Forhandlinger? Kanskje i ditt pro-russiske hodet. Russland stilte urimelige krav med at NATO skulle trekke seg fra hele øst-Europa. Du kaller dette forhandlinger? Helt ærlig, jeg begynner å bli pisslei at du er på dette forumet også å sprer din pro-russiske agenda. Det eg hugsar er dette - samt Putin og macronen på kvar sin kant av det lange bordet. Eit sterkare symbol på mislukka forhandlingar og ein Putin som aldri var interessert i å forhandle kan ein knapt finne. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Før krigen: Tenkjer du på før 2014 eller før 2022? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Afghanistan-krigane var ikkje eksistensielle krigar verken for Vesten eller for Sovjetunionen. Det er vel diverre litt det same som gjer seg gjeldande når det gjeld krigen i Ukraina. Vesten kjem ikkje med for fullt før krigen blir eksistensiell (dvs. verdskrig). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kor bra er luftvernet der? Det vil vel vere ein fordel om kampflya kjem nærmare, slik at dei blir enklare å ta ut med ukrainske droner og missil. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Korleis gjekk det med bosniarane som kom til Norge på 90-talet? Mange av desse er vel norske statsborgarar i dag. Det er litt synd dersom ein skal gje slepp på ukrainarar som har lært seg norsk og som har blitt godt integrerte. Dilemmaet er at Ukraina er avhengig av at mange nok yngre folk reiser tilbake dersom landet skal ha ei framtid. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel naturleg at det blir fødd færre born i ein krigssituasjon. I Norge var det babyboom etter at krigen var over. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/bloomberg_-lekket-telefonsamtale-avslorer-hemmelige-fredsstrategisamtaler-mellom-usa-og-russland-1.17667771 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Afghanistan-krigen tok 8 år. Krigen i Syria tok 13 år. Putin lever ikkje evig. Han bør elles vere forsiktig slik at han ikkje tilfeldigvis ramlar og fell ut av eit vindauge.
