Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 088
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det burde ha vore tre flaggstenger ved sidan av kvarandre med norsk, ukrainsk og pride-flagg. Pride representerer ikkje berre LHBTI, men vil for mange også markere støtte til eit vestleg demokratisk og liberalt samfunn i motsetnad til eit autoritært samfunn der borgarrettar blir innskrenka eller fjerna. Det blir litt på same måten som at ein flaggar med det ukrainske flagget for å markere støtte til Ukraina i krigen mot Russland, ein brukar ikkje flagget fordi heile Norge er ukrainsk eller fordi ein er tilhengar av ein bestemt ideologi.
  2. https://www.nrk.no/urix/musikkstudenten-spilte-_ulovlige_-sanger-pa-gata-_-na-er-hun-fengslet-pa-ny-1.17653583
  3. Seier du med dette at du trur det er snakk om vêrfenomen e.l.?
  4. Du får dra dit og sjekke sjølv. Eg for min del ynskjer iallefall å få eit innblikk i situasjonen på fronten slik den er framfor å lese propaganda om at alt er bra. Situasjonen i søraust ser ikkje bra ut, og russarane har allereie kryssa den viktige forsvarslinja som skulle hindre dei i å rykke vidare i retning av ope landskap og viktige ukrainske byar. Samstundes var militærleinga alt for seine med å beordre evakuering av områda rundt Pokrovsk.
  5. ... om det hadde vore ein stor fordel hadde det vel blitt mange fleire av dei.
  6. Trump virkar å styre politikken både innanriks og utanriks etter personlege forhold. Ein har tidlegare sett generalsekretæren i NATO kalle han "pappa", i håp om at han ikkje trekkjer USA frå NATO og at ein kan halde fram med å støtte Ukraina. Statsleiarar som kritiserer Trump risikerer på si side at landa deira får høge tollmurar mot USA. Eg kjenner ikkje til detaljane rundt fredsprisvinnaren, men trur at ein må sjå hyllesten av Trump i lys av dette. Ho har eit ynske om at Trump skal bidra til eit regimeskifte i Venezuela slik at ein kan bli kvitt diktaturet. Ein annan ting er at Norge ynskjer eit godt forhold til USA, både med tanke på økonomi og sikkerheitspolitikk. Når ein ikkje kan gje fredsprisen til Trump (slik ein gjorde då ein ga fredsprisen til ein viss amerikansk president som var flink til å halde talar) vil nest beste alternativ vere å gje fredsprisen til ein Trump-støttespelar. Det har vore ein del merkelege fredspristildelingar, og dersom det går alt for mykje politikk i dette set det fredsprisen i vanry.
  7. Etter å ha blitt riven med litt fann eg etter kvart ut at eg ikkje hadde så mykje meir å bidra med i denne diskusjonen. Eg er eigentleg lei av temaet, som eg føler er utdebattert. Men eg legg elles merke til at fakkeltoget i samband med markeringa av krystallnatta ikkje er det einaste som det er strid om for tida: Men fakkeltog blir det likevel, og det har komme inn ei god erstatning for dette fredsrådet: https://www.nrk.no/urix/nobelkomiteen-om-fredsprisvinner-maria-corina-machado_-_-hun-er-tydelig-pa-at-hun-kommer-1.17651631 For meg ser det ut til at "problemet" er at fredsprisvinnaren har "feil" politisk farge, og at ho set sin lit til Donald Trump. Norge har fram til no vore eit land med sterk konsensus. I mi levetid har folk på venstresida vore sterkt imot både rasisme generelt og antisemittisme spesielt, og det same gjeld for den moderate høgresida inkludert KrF. Er det ein ser no at det byrjar å bli "amerikanske" tilstandar også i Norge? For å seie det slik: Er det rart at det er krig i verda?
  8. Det er eigentleg litt merkeleg når det står at EU skal gje eit lån med sikkerheit i fryste russiske midlar i Belgia. Det burde vere omvendt: Dei russiske midlane i Belgia blir gitt/lånt ut til Ukraina mot at Norge og EU stiller med garantiar, m.a. i midlar som står i det norske oljefondet. Er det slik at Belgia har lagt sin elsk på desse skitne russiske pengane, og absolutt ikkje vil gje slepp på dei uansett kva som blir foreslått? Om det er slik støttar eg faktisk at Norge set foten ned og seier nei.
  9. Det er iallefall ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen som også vi her i denne tråden føler på, nemleg at europeiske politikarar inkludert Stoltenberg ikkje gjer alt det ein kan for Ukraina slik at ein kan få stansa russarane. Det er vel det at Norge ikkje vil garantere for dei fryste russiske midlane som er det som får begeret til å renne over. Frå å vurdere å vere med på deler av lånegarantien ser det no ut til at Stoltenberg og regjeringa har skifta standpunkt og at dei ikkje vil delta i det heile teke, noko som er skuffande: Kjelde: nrk.no Davydov påstår elles at det står i boka om Stoltenberg at Biden vakla mellom for og imot ei flyforbodssone i Ukraina, men at det var Stoltenberg som tok avgjerda om at NATO ikkje skulle beskytte luftrommet. Dette tykkjer eg er litt oppsiktsvekkjande. Er det nokon som har lese boka, eller som kan seie om dette stemmer?
  10. Ein prøver kanskje å halde ut med han den tida som er att fram til neste presidentval.
  11. Ein del sjølvpålagde reglar må brytast når dei berre fører til at ein skyt seg sjølv i foten. Eit godt eksempel på dette er forbodet mot landminer. Det er vel framleis gjort lite med grensa vår mot Russland, samstundes som alle andre set opp nye grensegjerde, minelegg, lagar vollgraver, set opp dragetenner osv. Norske politikarar har enno ikkje heilt teke alvoret inn over seg.
  12. Når det gjeld arbeidet mot korrupsjon er dette også noko som landet må ta tak i for at dei i det heile teke skal greie å halde oppe presset mot Russland. Om korrupsjonen skulle gjennomsyre landet ville motivasjonen for å sende sine eigne til fronten for å kjempe for landet sitt falle som ein stein, det ville bli internt kaos og det meste av vestleg og internasjonal støtte ville fordufte. Og det nyttar ikkje å feie korrupsjonen under teppet, før eller sidan blir det kjent uansett. Slik sett kjem det noko positivt ut av krigen, noko som vil kunne leggje grunnlaget for eit godt og tillitsbasert samfunn i framtida der ytterleggåande politikarar ikkje får noko å seie.
  13. Trass i dette har Ukraina vist at dei har ein heilt annan standard når det gjeld å følgje krigens reglar osv. Ein standard som ein knapt kan forvente. Denne krigen dreier seg ikkje berre om forsvar av landområde, men forsvar av demokrati, menneskeverd og ein regelbasert verdsorden.
  14. Nokre av desse utgjer til og med kritisk infrastruktur. https://www.nrk.no/norge/utlendingar-kontrollerer-tusenvis-av-norske-selskap_-_-vanvitig-1.17634465
  15. No blir det spennande kva desse inneheld. Her er eit eksempel:
  16. Kan Zelenskyj og partifellene ha visst om dette tidlegare, og kan dette ha vore den eigentlege årsaka til at dei ville kneble antikorrupsjonsbyråa? Eg håpar at det ikkje ramlar fleire lik ut av skåpet no. Zelenskyj vart vel vald på eit program der han m.a. skulle få slutt på den omfattande korrupsjonen. Dette er svært øydeleggjande for både motivasjon, evne til å stå imot russiske angrep og for å samle støtte til Ukraina. Og det kjem på eit tidspunkt der deler av frontlinja iallefall i følgje @JK22kan vere i ferd med å kollapse.
  17. Eg vil tru at dei hadde det best på 80-/90-talet då det var større bevisstheit om det som skjedde her heime før- og under krigen, samt at det var forholdsvis roleg i Midtausten. Dei fleste nordmenn støtta Israel.
  18. Kan det ha noko med ein viss krig å gjere? (Og at det er alt for mange som set likheitsteikn mellom jøde og israellitt?) Har dette alltid vore slik, eller skjedde det noko i tida etter 7/10 2023?
  19. Eg vil tru at den største "faren" er at folk ikkje tenkjer seg om, og vil vite kva hen meiner om Israel og konflikten i Midtausten. Men eigentleg er jo folk berre nysgjerrige på noko som ein ikkje kjenner så godt til. Men dette er berre mine spekulasjonar. Den som kan seie kvar skoen trykkjer er den som har den på.
  20. Dette er minst 80 år sidan, og det er vel skamfølelsen som er det som sit att i den norske folkesjela i dag. På same måten som skamfølelsen i Tyskland over nazismen. Men tidsvitna er stort sett vekke, og etter kvart som tida går vil skamfølelsen bleikne meir og meir.
  21. https://www.nrk.no/nordland/myrseth_-norge-far-ikke-unntak-fra-eu-toll-1.17650317 Og plutseleg er Senterpartiet blitt forsvararar av EØS-avtalen.
  22. Du får ein tommel for den. Men eg meiner at det aller meste av kritikken er som fortent.
  23. Det var eit retorisk spørsmål. Som heng saman med resten av innlegget mitt som du valde å ikkje sitere.
  24. Ville det ha vore betre om ein gjekk tilbake til 30-åra sin "monokulturalisme" i staden? Då nokon som selde noko for dyrt fekk høyre "du er meg ein god jøde, du!". Norge har sidan endra seg til eit fleirkulturelt samfunn der ein har respekt for minoritetar. Dette har både norske jødar, taterane, vår eiga urbefolkning samane og alle andre minoritetar nytt godt av. Eg er fornøgd med å leve i eit liberalt samfunn, og ynskjer ikkje at klokka skal bli stilt tilbake.
×
×
  • Opprett ny...