Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 090
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Der eg bur er ikorn ein trua dyreart. Den største trusselen er firbeinte "jegerar" som seier mjau.
  2. Og her er det ikkje ein gong nemnt at russarane prøver å drepe alle som vil overgje seg til Ukraina.
  3. Det starta under Biden og Sullivan som var prega av atomfrykt, samt den mislukka våroffensiven i 2023. Nølinga har vore der heile vegen, frå spørsmålet om Ukraina skulle få vestlege stridsvogner, til F16 og no Tomahawk. Det var også meiningslause restriksjonar på bruken av vestleg støtte, og det er fyrst no under Trump at britane kan sende missil som inneheld amerikanske komponentar utan desse merkelege restriksjonane frå USA.
  4. Det spørst om ikkje dagleg plaging av katten er verre enn risiko for at tennene byrjar å ramle ut når/dersom katten blir 15-20 år gammal. Som nemnt av fleire her vil tørrfôr/kattekjeks i stor grad hindre at dette blir eit problem.
  5. Denys Davydov er litt pessimistisk på Ukraina sine vegner på kort sikt, og meiner at det må gjennomførast reformer i den ukrainske hæren dersom ein skal kunne halde russarane tilbake. Ukraina greier å mobilisere rundt 30 000 soldatar per månad. Samstundes forlet rundt 20 000 soldatar hæren kvar månad, enten frivillig eller ved desertering. Det tyder på at motivasjonen er dårleg. Davydov meiner at alt for mange ukrainske offiserar driv krig på "russisk" måte ved å sende soldatar i kjøtkverna, og at ein liten "sovjethær" ikkje kan vinne mot den store. Også nølande vestleg støtte like frå 2022 må ta sin del av skulda for den dårlege motivasjonen. Russarane er i ferd med å nærme seg viktige forsvarslinjer i søraust, og dersom desse fell kan farten auke. Davydov fryktar for byar som Dnipro og Zaporizhjia. Midt mellom frontlinja og desse storbyane ligg Pavlohrad, og Ukraina sin einaste sprengstoffabrikk. Om russarane slår ut den blir Ukraina avhengig av import frå Vesten for å kunne halde fram med å lage Neptun-missil osv. Flamingo-missila brukar visstnok gamle sovjetiske bomber som Ukraina har rikeleg av. (Dette er teke frå hukommelsen etter å ha sett videoen ein gong. Med forbehold om feil).
  6. Er dette det helikopteret som er nemnt i statistikken over russiske tap? Det ser ut som at russarane greidde dette kunststykket på eiga hand, utan "hjelp" frå Ukraina.
  7. No var jo Russland under Jeltsin den største utbrytarrepublikken i 1991. Om eg ikkje hugsar feil var det ein avtale mellom presidentane i Russland, Ukraina og Belarus som sette Gorbatsjov sjakk matt og sette det endelege punktumet for Sovjetunionen. Skilnaden på 1991 og 2025 er at der Gorbatsjov opna opp i Sovjetunionen har Putin knebla alt av opposisjon i Russland. Det er ingen som står klar til å ta over den dagen Putin er borte.
  8. Dette er vel eigentleg ikkje noko nytt. Russarane har forlengst innsett at det ikkje er lurt å sende inn hundrevis av soldatar i samla flokk, men sender inn små grupper for å teste dei ukrainske forsvarslinjene for svake punkt. Mange av desse angrepa er reine sjølvmordsoppdrag. Det er slik russarane opererer kjøtkverna i dag. At dei kler seg ut som sivile (eller ukrainske soldatar) er neppe heller noko nytt.
  9. Skogdrift, som baserer seg på ein fornybar ressurs er det så vidt eg veit ikkje grunnrenteskatt på, derimot er det krav om "forynging", dvs. at det blir planta ny skog i eit hogstfelt når ein har felt den gamle. Det neste er vel at bonden må betale grunnrenteskatt på produksjon av korn, poteter, grønsaker, mjølk og kjøt. Eller at ein må betale grunnrenteskatt på straumen som blir produsert av solceller på taket. Om ein ynskjer eit grønt skifte bør ein leggje til rette for det, i staden for å skatte næringa i hel. Småkraft gjev dessutan mindre naturinngrep enn vindmøller. Det verste med saka er uansett at AP lova før valet å ikkje røre skattenivået på vasskraft, men gjer det stikk motsette etter valet. Dette er nok eit eksempel på at AP fører ein politikk som ikkje er føreseieleg. Mange har teke opp lån og investert i desse småkraftverka under føresetnaden at det ikkje vart lagt grunnrenteskatt på desse. Resultatet blir fort konkursar, og at eigarskapen til kraftverka forsvinn frå bygdene. Tillegg: Dette er langt utanom temaet, så eg skal begrense meg til eitt innlegg. Det må leggjast til følgjande: Når alt dette er sagt: Bekymringa til regjeringa (om at ein ikkje får utnytta småkraftverka sitt fulle potensiale) er reell. Men ein må finne ei anna løysing på dette enn ved å auke skatten på dei minste kraftverka. Kan ein ikkje f.eks. heller innføre eit skatteregime der ei viss mengde kWh er skattefritt for alle kraftverk uavhengig av storleik, og så betalar ein grunnrenteskatt på den delen av produksjonen som overstig dette?
  10. Her er det vel i utgangspunktet snakk om eit privat selskap som har lurt seg unna sanksjonane. Er det mogeleg å sanksjonere dette selskapet slik at ikkje andre kinesiske selskap prøver seg på liknande ting?
  11. EU treng Norge. Og Norge treng EU. Men Norge og Norden kan ikkje åleine syte for energisikkerheit for eit EU der politikarane driv sjølvskading slik dei gjorde då dei la ned atomkraftverka og gjorde seg avhengig av russisk gass.
  12. Eg er einig i mykje her, bortsett frå at det er hos ytre høgre at dei fornuftige meiningane er. Det er vel heller slik at når meiningane til den etablerte politiske eliten ikkje alltid er fornuftige, så stemmer folk på alternativet i protest.
  13. Ja, ting tek si tid. Om russarane invaderer eit NATO-land håpar eg at det ikkje går 3 månader før nokon reagerer.
  14. Når ein har lova ting på førehand kan ein ikkje bruke dei same sakene som brekkstang i forhandlingar. Det er elles fleire brotne lovnader som enno ikkje er ordna opp i. Eit eksempel er at ein har bestemt seg for å auke skatten på dei minste småkraftverka, trass i at ein lova det motsette før valet. Dette skjer i ei tid med høge straumprisar der ein prøver å få til eit grønt skifte. Resultatet kan bli at mange av desse minste småkraftverka går dukken. https://www.firda.no/dette-er-eit-bygderan/s/5-15-1961304 https://www.firda.no/foreininga-fekk-lovnad-fra-ap-fusk-og-fanteri/s/5-15-1961873
  15. Gitt at alle godtek at jødar, arabarar, kristne, palestinarar og/eller israelarar blir likeverdige borgarar med dei same borgarrettane, og at dei greier å leve saman i fred vil dette vere ei svært god løysing som vil tene alle partar. For at dette skal fungere må begge partar leggje historia bak seg og sjå framover. Og ikkje minst slutte å sjå på seg sjølv som "offer".
  16. Folk som er religiøse er ofte fredelege folk. Problemet er ikkje nødvendigvis religion i seg sjølv, men at religion blir brukt politisk til å drive splitt-og-hersk ved å peike på "oss" og "dei".
  17. Det er vel ikkje noko i vegen for å dele ut appelsiner, eple og bananer i staden for snop?
  18. Frølich ynskjer ikkje å bli Høgre-leiar, men vil gjerne vere nestleiar: Om ein kunne få Søreide som leiar og Frølich som nestleiar burde dette bli eit slagkraftig lag med tanke på utanrikspolitikk, forsvarspolitikk og støtte til Ukraina.
  19. Ein treng politikarar som kan ha fleire tankar i hovudet på same tid. Dialog blir viktig når krigen ein dag er over, forhåpentlegvis med "rett" utfall.
  20. eller jarnbaneutbygging på Austlandet. (Dei stadene i landet som du refererte til manglar jernbane).
×
×
  • Opprett ny...