Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 091
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Når det gjeld Nord-Korea er vel årsaka samarbeidet med Russland. Russland treng hjelp frå Nord-Korea for å krige i Ukraina, og Nord-Korea får hjelp frå Russland i retur til alt frå mat, olje og til atomprogrammet. Biden såg gjennom fingrane på dette. Så akkurat dette er ikkje berre Trump sin feil. Biden var svak. Trump er enno svakare.
  2. Eg meiner at eg la inn denne artikkelen i tråden tidlegare i dag, men prøver ein gong til: https://kyivindependent.com/ukraine-captures-kenyan-fighting-for-russia/
  3. https://www.nrk.no/urix/trumps-militaere-angrep-vekker-bekymring_-_-typisk-for-autoritaere-regimer-1.17578812 Trump tøffar seg og driv politisk teater ved å bombe venezuelanske fiskebåtar eller la nasjonalgarden patruljere amerikanske storbyar. Samstundes er det lite kritikk frå vestlege leiarar som fryktar tollmurar, (enno) mindre støtte til Ukraina eller at han trekkjer USA ut av NATO. Men å stå opp mot Putin kan han ikkje. Eller... om ein skal vere litt konspiratorisk. Er Putin blitt Trumps middel for å presse Europa?
  4. Går ikkje denne oljeleidninga gjennom Ukraina, og har ikkje Ukraina stengt den for lenge sidan?
  5. Patriot-missila bør vel reserverast for Ukraina i staden for å ende opp i andre land som ikkje har bruk for dei.
  6. Er dette gammalt, eller har han gjenteke desse løgnene enno ein gong? Trump minner meg om ei gammal vinylplate med hakk i.
  7. Var det ikkje snakk om noko slikt før drone-provokasjonen mot Polen?
  8. Ukraina har mangel på luftvern. Ville det ikkje vere betre om systema vart selde til Ukraina framfor nasen på russarane?
  9. Ein skal ikkje generalisere for mykje. Du har nok ein del rett i at menn generelt kan vere tøffare (og meir uforsiktige) enn kvinner. Men det finst- og har funnest mange sterke kvinnelege leiarar. Margaret Thatcher er eitt eksempel. Eg meiner at kjønn har svært lite med saka å gjere. Det som er problemet er heller at i demokratiske land må politikarane heile tida ta omsyn til folkemeininga, noko som ein diktator slepp. Samt at Europa har hatt ei lang fredstid. Politikarane vågar ikkje å vere tøffe, fordi dei lett får folkemeininga mot seg dersom folk tykkjer at ein brukar for mykje pengar på forsvar/krig framfor velferd, eller dersom folk tykkjer at ein hissar til krig.
  10. Er det Orban og Fico du tenkjer på?
  11. Om 250 milliardar kroner likevel er rett er det vel Bjørn Johan Berger som er den som verkeleg feilinformerer.
  12. Kva ville ha skjedd dersom NATO-kampfly tok seg ein tur inn i Russland?
  13. https://www.vg.no/nyheter/i/dRyxej/trump-og-starmer-vi-har-tatt-forholdet-videre Oppsiktsvekkjande uttale frå Trump. Men vil det få nokon konsekvensar for Putin og Russland? Det trur eg ikkje før eg ser det. Og i morgon meiner han kanskje det stikk motsette av det han meinte i dag.
  14. Diverre blir aldri Moskva eller St. Petersburg ramma av naturkatastrofer. Ei større katastrofe som ramma desse byane kunne ha vore det som skulle til for at ein måtte prioritere eiga befolkning framfor å drive ein meiningslaus imperialistisk krig mot nabolandet Ukraina.
  15. Russland må ha svært mange fly og pilotar for at det skal ha nokon effekt. Ukraina er eit geografisk lite område å forsvare samanlikna med Russland.
×
×
  • Opprett ny...